«Hjartetrimmen» Frå spesialisthelseteneste til kommune Helsetorgmodellen-rapport (2013/3)

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "«Hjartetrimmen» Frå spesialisthelseteneste til kommune Helsetorgmodellen-rapport (2013/3)"

Transkript

1 Kvinge, L. M. Ek, C.E., Olsen Bøe, T., Kolnes, M., Hundseid, E. & Vikse, I. «Hjartetrimmen» Frå spesialisthelseteneste til kommune Helsetorgmodellen-rapport (2013/3) 1

2 Helsetorgmodellen rapport (2013/3) Omslagslayout: Eirik Dankel, Helse fonna Publisert av Helsetorgmodellen Bjørnsons Gate Haugesund Kopirett (Lars M. Kvinge) Det må ikke kopieres fra rapporten i strid med Åndsverkloven og Fotografiloven eller i strid med avtaler om kopiering inngått med KOPINOR, interesseorgan for rettighetshavere til åndsverk. 2

3 3

4 Innhald Innhald... 4 Samandrag... 5 Bakgrunn... 6 Målsetjingar for prosjektet... 7 Hovudmål... 7 Gjennomføring av Hjartetrimmen... 8 Hjarterehabilitering og treningsprogrammet «Ullevålsmodellen»... 9 Tilbod til pårørande Rullerande opptak Tryggleikstiltak Deltakarar Inklusjonskriterier Samhandling og kompetanseoverføring Brukarmedverknad Prosjektgruppa Metode for evaluering Fokusgruppeintervju Brukarundersøking Resultat Utvalet i brukarundersøkinga Tilfredsheit med tilbodet Tilfredsheit med Lokalitetane Innhald i trenings- og undervisningsprogram Auka meistringskjensle og betring av fysisk form Tryggleik Kompetanseoverføring Samhandling Kompetanse og ressursbruk Litteratur

5 Samandrag Prosjektperioden har vist at eit tilbod som Hjartetrimmen kan drivast som ei kommunal teneste i samarbeid med privat aktør. Evalueringa har vist at ein klarar å gje eit tilbod som deltakarane er nøgde med både når det gjeld lokalitetar, treningsopplegg og teoriundervisning. Deltakarane gjev uttrykk for auka meistringskjensle og betring av fysisk form, og at tilbodet dyktiggjer deltakarane til å ta vare på helsa si gjennom tileigning av kunnskap og motivasjon for vidare trening. Det er eit behov for å ha utarbeida tryggleiksrutinar kvalitetsikra av spesialisthelsetenesta og at desse vert gjort godt kjend blant brukarane. Dette for å imøtekoma utryggleiken enkelte brukarar kjenner rundt eigen helsesituasjon i samband med fysisk aktivitet. Tilbodet ser ut til å rekruttere deltakarar som har relativ kort reisetid og at det går ei grense ved ca. ein time. Dette er naudsynt å ta omsyn til ved oppstart andre plasser då dette vil sette føringar for rekrutteringsgrunnlaget. Eit likande tilbod vert vurdert som mogleg å gjennomføre for andre store diagnosegrupper, enten ved å slå saman pasientar frå dei ulike gruppene til eit felles tilbod, men med differensiert treningsopplegg for hjartepasientar og KOLS pasientar, eller ved å tilby spesielle trenings- og undervisningsprogram for kvar einskild gruppe. 5

6 Bakgrunn Samhandlingsreforma har som mål at ein større del av helsetenestene skal ytast i kommunane og at ein skal satse på helsefremjande og førebyggjande arbeid. Gjennom dette ynskjer ein å bidra til økt livskvalitet for brukarane og eit redusert press på helsetenestene. Heilskaplege og koordinerte tenester gjennom forpliktande samarbeidsavtalar og avtalte pasientforløp, er og ei målsetjing som står sentralt (St.meld. nr. 47 ( ) (2009)). Skal en lukkast med desse målsetjingane, vil kommunane måtte ta eit større ansvar for bl.a. læring og meistring av sjukdom hjå den enkelte. Dette kjem også tydeleg fram i dei tenesteavtalene som er inngått mellom kommunane og Helse Fonna. Jf. tenesteavtale 2, som bl.a. omhandlar korleis ein skal sikra samhandling og trinnvis endring av oppgåve- og ansvarsfordeling mellom helseføretak og kommune frå 2012 til Avtalen plasserer ansvar og regulerer oppgåver og tiltak som kommunen og helseføretaket skal ha ansvar for, samt område ein kan samarbeida om for å sikra heilskaplege og samanhengande tilbod til pasientar med behov for koordinerte tenester innan området læring og meistring. Lærings og meistringstilbod i kommunane har til føremål å sikra ein tidlegare intervensjon mot sjukdomsutvikling, ha ei breiare tilnærming til meistring av sjukdom eller funksjonssvikt, og sikra at brukarar over tid og gjennom tettare oppfølging i sitt nærmiljø får høve til å tileigna seg verktøy for å handtere kvardagen på en betre måte (St.meld. nr. 47, 2009). Lærings og meistringssentra i spesialisthelsetenesta har i mange år vist seg å vere eit naudsynt supplement til medisinsk behandling ved å drive pedagogisk aktivitet knytta til læring og meistring. Føremålet er at pasientar, deira familiar og vener skal få utvida innsikt om eigen situasjon og bli styrkja i sin meistring av kvardagen. Viktige element i dette arbeidet er ei sidestilling av erfaringskompetanse og fagkompetanse. At ein har brukarmedverknad i førebuing, gjennomføring og evaluering av gruppebaserte lærings og meistringstilbod har og vore grunnleggjande for dette tilbodet. På bakgrunn av dei utfordringane som samhandlingsreforma gjev, har ein i regi av Helsetorgmodellen starta eit samhandlingsprosjekt knytt til personar med hjartesjukdom. Hjartetrimmen har til no vore eit treningstilbod hjå Haugesund sjukehus. Dette tilbodet starta opp i 1988, og er eit tilpassa tilbod til personar som enten har hatt eit hjerteinfarkt, har blokka ei koronar åre eller er hjarteoperert. 6

7 Ein har ynskja gjennom prosjektet «Hjartetrimmen. LMS-Sveio» å flytte hjartetrimmen frå spesialisthelseteneste til primærhelseteneste. Trening og undervisning er flytta til lokalitetar i Sveio kommune, prosjektet har den same målgruppa som då tilbodet låg under spesialisthelsetenesta, og skal kunne nyttast av personar frå heile Helse Fonna regionen. Treningsopplegget i Hjartetrimmen, er basert på Ullevålsmodellen. Oslo universitetssjukehus har gjennom eiga forsking utvikla dette treningsprogrammet. Programmet tar sikte på tilpassa intervalltrening to gonger per uke. Dette er treningsøkter på minutt med 3 puls-toppar og god tid til oppvarming og nedtrapping. Treninga vert gjennomført som gruppetrening i sal. Treningstilbodet inneber 24 treningsøktar à 45 min over ein tre månaders periode. Dette programmet har vist seg å ha en svært positiv effekt på hjertesvikt pasientar (Nilsson, et al. 2008), og andre sjukehus og behandlingsinstitusjonar har etterkvart adoptert Ullevål-modellen. Målsetjingar for prosjektet Hovudhensikta med å ha Hjartetrimmen i Sveio kommune i prosjektperioden, var å gjera seg erfaringar og å få kunnskap om samhandling om lærings- og meistringstilbod ute i kommunane. Erfaringar og kunnskap som kan koma til nytte når kommunane skal etablera og utvikla eigne tiltak på bakgrunn av det meiransvaret som samhandlingsreforma gjev, og dei utfordringar som kommunane i så måte vil møta på. Når ein i prosjektet vel å sjå på desse utfordringane i eit samhandlingsperspektiv, er det ut i frå ein erkjenning om at ein lyt møta dei framtidige utfordringane i helsevesenet med ein samla samfunnsinnsats, kor også aktørar utanfor det offentlege må ha ei viktig rolle. Difor er det positivt at private aktørar har takka ja til å delta aktivt i dette prosjektet. I tillegg til den konkrete nytteverdien ein ser at erfaringane frå prosjektet vil ha for Sveio kommune sin del, kan erfaringane frå prosjektet ha overføringsverdi til andre kommunar i Helse Fonna regionen gjennom nettverket som ligg i Helsetorgmodellen. Hovudmål Hovudmåla for prosjektet har vore: 1) Å overføra lærings- og meistringstilbodet Hjartetrimmen frå spesialisthelsetenesta til kommunehelsetenesta/privat aktør, samtidig som kvaliteten på tilbodet vert oppretthalde. 7

8 2) Styrka samhandling mellom kommune, helseføretak og private aktørar (både ideelle og kommersielle) innanfor tenester om lærings- og meistring. Delmål for prosjektet har vore: 1) Å få til ei kompetanseoverføring frå spesialisthelsetenesta til kommunehelsetenesta/privat aktør gjennom å flytte hjartetrimmen ut i kommunen. 2) Kartlegga behova for kompetanse, personalressursar og økonomiske ressursar frå dei involverte samhandlingspartane ved framtidig implementering av prosjektet i den kommunale drifta. 3) Tilby eit treningsopplegg/undervisningsopplegg som held tilsvarande eller betre kvalitet enn eksisterande tilbod. 4) Å avdekkje faktorar som er viktige for å lukkast med overføringa av tilbod frå spesialisthelseteneste til kommunehelseteneste/private aktørar i høve innhald, omfang og geografiske omsyn. 5) Skapa erfaringsgrunnlag for etablering og utvikling av lærings- og meistringstilbod ute i kommunen. 6) Sjå på moglegheiter for utviding av eit førebyggjande trenings- og aktivitetstilbod i kommunen til å gjelda andre diagnosegrupper utover hjartepasientar (t.d. KOLS og diabetes). Gjennomføring av Hjartetrimmen Sveio kommune har i prosjektperioden samarbeida med Albatross Spa og treningssenter, som er en privat aktør med lokale i Sveio sentrum. Albatross Spa og treningssenter er eit godt etablert senter med nye treningslokale med tilrettelagde turløyper rett utanfor døra. Treningsinstruktørane har høg kompetanse innan sitt felt. Bakgrunnen for dette samarbeidet har dels vore av praktiske årsaker, og dels ut i frå ei utvida forståing av samhandling, der samhandling også omfattar samarbeid med private tenesteleverandørar. 8

9 Hjarterehabilitering og treningsprogrammet «Ullevålsmodellen» Hjarterehabilitering er delt inn i ulike fasar (Nilsson & Peersen, 2008). Hjartetrimmen er ein del av dette og inngår i fase 2b. Fase 1: Rehabilitering på sjukehus av innlagte pasientar. Mobilisering og informasjon om risikofaktorar og verdien av fysisk aktivitet. Til opererte hjartepasientar i form av preoperativ informasjon og postoperativ lungefysioterapi og mobilisering. Fase 2a: Tidlig rehabilitering med «hjarteskule» som bør inkludera strukturert trening på lav/middels intensitet (Borg skala 11-13). Fase 2b: Rehabilitering som bør inkludere trening med høgare intensitet (Borg skala 15-17). Det vert anbefalt arbeidsbelastningstest (Sykkeltest) med EKG før oppstart av trening i denne fasen både for å vurdere risiko og for å gje best mogleg grunnlag for å tilpasse riktig treningsintensitet. Fase 3: Vedlikehaldstrening / «frisktrening» i privat regi, idrettslag eller som eigentrening. Innhaldet i programmet «Ullevålsmodellen» er tilpassa intervalltrening to gonger per veke. Dette er treningsøkter på minutt med 3 puls-toppar og god tid til oppvarming og nedtrapping. Treninga vert gjennomført som gruppetrening i sal. Treningstilbodet inneber 24 treningsøktar à 45 min over ein tre månaders periode. Undervisning er ein viktig del av tilbodet, og er lagt til etter treningsøktene. Totalt er det 6 undervisningsbolkar: 1. Om Ullevål modellen og treningsprinsipp. 2. Hjertet og trening, samt symptom ved hjerte og kar sjukdom (HF). 3. Mat for hjartet. Trening, vekt og trivsel. 4. Motivasjon til livslang trening. 5. Korleis bearbeida kjenslemessige reaksjonar. Pust og påkjenningar (HF) 6. Akutt og langvarig effekt av trening, samt vidare trening. 9

10 I prosjektperioden har Helse Fonna bidrege med kompetanse fire gonger i løpet av dei 3 månadane. Dei resterande gongane vil treningsinstruktørar ved Albatross Spa og treningssenter og ein fysioterapeut frå Sveio kommune halde undervisninga. Etter fullført kurs får deltakarane utstetta ein attest som stadfestar deltaking. Tilbod til pårørande I prosjektperioden er treningstilbodet til ein viss grad utvida. Det er blitt tilbydd utetrening og/ eller spinning i tillegg til intervalltreninga i sal. Dette har ein gjort fordi en ynskja at flest mogleg skal få høve til å finna si form for trening, og på den måten gjere det lettare for eigentrening etter avslutta hjertetrim. Ein ynskja også at pårørande skulle få høve til å vera med på treningane. Dette fordi ein håpa dette kunne bidra til at fleire meldte seg på, og at det ville gjere det lettare å held fram med å trene etter at Hjartetrimmen er avslutta. Rullerande opptak I prosjektperioden har det vore kontinuerlig rekruttering av deltakarar. Dvs. at nye pasientar har kome til fortløpande, og ein har ikkje samla opp pasientgrupper for felles start/slutt. Dette valet vart gjort ut i frå erfaring om at nye og gamle pasientar kan ha gjensidig nytte av kvarandre. Nye pasientar vil kunne sjå forbetringspotensialet dei sjølve har gjennom dei som allereie har gått ei stund, og dei som har trena ei stund vil kunne sjå utviklinga dei har vore gjennom når nye kjem til. For nye pasientar kan det og virke motiverande og følast trygt å trene med andre som har trena ei stund. Tryggleikstiltak Hjartestartar har vore lånt inn av Sveio kommune og har vore tilgjengelig på treningssenteret. Dei som har hatt ansvaret for treninga og undervisninga har fått kurs i bruk av denne. Det vart og utarbeida retningsliner og tryggleiktiltak dersom akuttsituasjonar skulle oppstå. Desse vart drøfta med kardiologar ved Haugesund Sjukehus. Føresetnader som vart satt før hjartetrimmen kunne starte opp var: Hjartestartar skulle vera plassert i treningslokalet til ei kvar tid. Ansvarlig instruktør sikra at Hjartetrim -skiltet var hengt opp i resepsjonen slik at resepsjonisten vart oppmerksam på treninga. Dermed sikra ein ar det alltid var minimum to personar tilstade. Instruktør sikra at mobiltelefon var plassert ved hjartestartaren. 10

11 Instruktør undersøkte om lege Wirkola var på jobb. Desse rutinane vart utarbeida og skulle nyttast dersom nokon fekk hjartestans under treningane: Handling: Utført av: Varsle resepsjonist Instruktør Starte standard HLR Instruktør Hente lege Resepsjonist Ringe 113 Resepsjonist Kople til hjartestartar Instruktør/lege Dersom ein deltakar vert uvel eller får eit illebefinnande skal instruktør varsle resepsjonist som hentar lege. Annakvar månad vil det lokalt bli gjennomført ein gjennomgang av HLR. Deltakarar Rekruttering av deltakarar til Hjartetrimmen har føregått ved henvising frå lege etter gjennomført sykkeltest ved Haugesund sjukehus, Stord sjukehus og hjå private kardiologar. Sykkeltesten gjev informasjon om hjartefunksjonen under belastning og for å vurdere fysisk kapasitet. I prosjektperioden har aktuelle trimdeltakarar vorte henvist til terapiavdelinga for registrering. Deltakarane ringer sjølv til terapiavdelinga og melder seg på Hjartetrimmen. Ein har valt å ha dei same henvisingsrutinane som då tilbodet var underlagt Haugesund Sjukehus, slik at ein har sikra eit samanlikningsgrunnlag for vurdering omkring oppslutnad. Refusjon av reiseutgifter har vorte dekka av NAV. Inklusjonskriterier Deltakarane må ha gjennomgått hjerteinfarkt, vært blokket eller blitt hjerteoperert. Dei må deretter ha klart å gjennomføra sykkeltesten. Samhandling og kompetanseoverføring I Tenesteavtale 7 Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid mellom Sveio kommune og Helse Fonna heiter det at Samarbeidsavtalen skal leggje til rette for at det blir utvikla felles tiltak for å styrkje kunnskap og kompetanseoppbygging hos helse- og omsorgspersonell, og forsking og innovasjon som støttar under intensjonane i 11

12 samhandlingsreforma. (s.3). Nokre av intensjonane i samhandlingsreforma er å arbeide helsefremjande og førebyggjande, og overføre kunnskap frå spesialisthelsetenesta ut i kommunane. Kompetanseheving og kompetanseoverføring har vorte ivareteke gjennom hospitering og gjennom at Helse Fonna har bidrege med kompetanse gjennom heile prosjektperioden. Dette har føregått ved at treningsinstruktørane ved Albatross og Fysioterapeut frå Sveio kommune har gjennomført to dagar med opplæring i Ullevålsmodellen med fysioterapeutar frå spesialisthelsetenesta. I tillegg har dei hospitert på hjertekurs, som er eit to dagars opplæringstilbod til pasientar som har hatt ei hjartehending og deira pårørande. Når det gjeld undervisinga som har vorte gitt i etterkant av treningane, har fysioterapeut frå Helse Fonna bidrege på nokre av desse undervisingsbolkane. Brukarmedverknad Brukarperspektivet har vorte ivareteke gjennom å ha ein representant frå Haugaland hjertelag med i prosjektgruppa. Prosjektgruppa Prosjektgruppa har vore sett saman av desse: Christense Eileraas Ek, Helse Fonna Tore Olsen Bøe, Sveio kommune Margrete Kolnes, Helse Fonna Elin Hundseid, Sveio kommune Ingunn Vikse, Albatross spa- og behandlingssenter I tillegg har Lars M. Kvinge frå Helsetorgmodellen si FoU-eining bidrege i arbeidet med prosjektplan og evaluering. 12

13 Metode for evaluering Fokusgruppeintervju Eit fokusgruppeintervju vart gjennomført i august Fokusgruppa var sett saman av prosjektleiar, leiar for koordinerande eining for rehabilitering og habilitering i Sveio kommune, treningsinstruktørane ved Albatross/Frisklivsentral og fysioterapeut frå Helse Fonna. Fokusgruppeintervjuet vart leia av FoU-medarbeidar i Helsetorgmodellen. Fokusgruppeintervjuet varte ca 1 ½ time, og vart tatt opp på diktafon og transkribert for å letta analysearbeidet. Brukarundersøking Ved den avsluttande treninga fekk kvar deltakar utdelt eit spørjeskjema som hadde til hensikt å måle tilfredsheit med tilbodet. Spørjeskjemaet var frivillig å fylle ut. Ingen personopplysningar vart samla inn, og datainnsamlinga krev difor ikkje godkjenning frå NSD. Prosjektet er å betrakte som eit kvalitetsforbetringstiltak og det vart difor ikkje lagt fram for regional etisk komité. Resultat Denne resultatpresentasjonen byggjer på fokusgruppeintervjuet og på dei spørjeskjema som vart returnerte innan den 1. august 2013, totalt 17 spørjeskjema. Svarprosenten er 70 prosent. Prosjektperioden for Hjartetrimmen er utvida til januar Svara frå desse deltakarane er ikkje lagt til grunn i evalueringa. Då utvalet er såpass lite må ein ta høgde for stor usikkerheit knytta til dei enkelte funna. Ein må vere varsam med å trekkje konklusjonar ut i frå talmaterialet. Utvalet i brukarundersøkinga. Blant deltakarane var 88 prosent menn og 12 prosent kvinner. 29 prosent var i aldersgruppa år, 53 prosent i gruppa år og 18 prosent i gruppa 70 år eller meir. 29 prosent svara at dei var bypass-operert, 53 prosent hadde vore gjennom utblokking, 12 prosent hadde hatt angina og 59 prosent hadde vore gjennom eit hjerteinfarkt. 13

14 Målgruppa for Hjartetrimmen er i prinsippet heile Helse Fonna området. Figuren under viser ei oversikt over kva kommune deltakarane kom frå. Utvalet er her 33 personar. Dette skuldast at figuren inkluderer dei som enda ikkje hadde avslutta treningsopplegget, og dei som stod på venteliste då datainnsamlinga vart avslutta. Dette for å gje eit meir presist bilete av kva kommune ein rekrutterte deltakarar frå. Kva kommune kjem du frå? (n = 33) (42%) (27%) (12%) 3 (9%) 3 (9%) 0 Haugesund Karmøy Sveio Vindafjord Tysvær Figuren over viser at flest deltakarar kom frå Haugesund og Karmøy kommune. Sveio, Vindafjord og Tysvær er representerte med 3-4 deltakarar kvar. Gjennomsnitt reisetid var ca. 30 min. (min. 10 min. og maks. 60 min.). Tilbodet ser difor ut til å rekruttere deltakarar som har relativ kort reisetid og at det går ei grense ved ca. ein time. Tilfredsheit med tilbodet Eit av måla med prosjektet var å tilby eit treningsopplegg/undervisningsopplegg som held tilsvarande eller betre kvalitet enn eksisterande tilbod. Ein har ikkje tilgang på komparative data frå brukarundersøkingar gjort då tilbodet var ved Haugesund sjukehus. Vurderinga av kvalitet på tilbodet vert difor basert på tilbakemelding gitt gjennom brukarundersøkinga. Tema i brukarundersøkinga var korleis ein erfarte sjølve innhaldet i treningane og undervisninga, tilfredsheit med lokalitetane, ivaretaking av tryggleik, motivasjon for vidare trening og om deltaking har ført til betre opplevd psykisk og fysisk helse. 14

15 Tilfredsheit med Lokalitetane Albatross Spa- og behandlingssenter held til i eit relativt nytt lokale litt utanfor Sveio sentrum. Treningssenteret har ein foajé med sittegrupper og sal av diverse drikke og treningsutstyr, av treningsfasilitetar er det eigen sal og rom med treningsapparat. Då Hjartetrimmen vart gjennomført på sjukehuset var det gymsalen som vart nytta. Få deltakarar som har svara på brukarundersøkinga hadde eit samanlikningsgrunnlag. Spørsmålet som vart stilt var i kva grad dei tykte lokalet var godt eigna til Hjartetrimmen. Om lag alle (94 %) var enten «einig» eller «heilt einig» i at lokalet var godt eigna. I fokusgruppeintervjuet kom det fram at etter kvart som treningsprogrammet skrei fram, danna det seg venskap mellom deltakarane, og foajeen flittig vart brukt som sosialt samlingspunkt både før og etter treningane. Ut i frå dette kan vi slutte at lokalitetane var tilfredstillande med tanke på å gjennomføre treninga, og at interiøret og arkitekturen skapte rom for sosialt samkvem før og etter trening. Innhald i trenings og undervisningsprogram. Tilbakemeldingar frå brukarundersøkinga viser at alle deltakarane blei møtt på ein slik måte at dei følte seg velkommen og godt ivareteke under treningane. «Særdeles dyktige og imøtekommende instruktører!» og «God stemning. Flinke instruktører Følte eg hadde fine trimdager på Albatross» var to av tilbakemeldingane i kommentarfeltet i undersøkinga. Nærmast alle som svara på brukarundersøkinga tykte øvingane var varierte, var lette å følgje, og ikkje var for «tunge». Alle tykte det var nok med instruktørar tilstade under treninga. 60 prosent svara at dei hadde stor grad av utbytte frå teoriundervisninga. Instruktørane formidla i fokusgruppeintervjuet at dei oppfatta det slik at det først og fremst var treninga som var motivasjonen for å delta, men at teoriundervisninga vart sett på som ein bonus som dei «fekk med på kjøpet». Kommunikasjonen mellom deltakarane og instruktørane vart sett på som god, der dei fleste gav tilbakemelding om at det var satt av nok tid til å stille spørsmål. Då Hjartetrimmen starta opp i Sveio fekk deltakarane tilbod om å invitere med ektefelle/sambuar. Dette måtte ein etter kvart avgrense då det ville gå ut over andre Hjartepasientar sin tilgang på trening. På eit tidspunkt oppstod det ventelister, og prosjektgruppa avgjorde difor å ta vekk tilbodet til ektefelle/sambuar for å redusere køen. Den tida tilbodet var opent var det berre eit tilfelle der ektefelle var med. Ein har difor for tynt grunnlag til å seie noko om dette tilbodet er hensiktsmessig som ein del av Hjartetrimmen. 15

16 Auka meistringskjensle og betring av fysisk form Vi ynskte å vite om deltaking i Hjartetrimmen ville ha innverknad på korleis ein meistrar sjukdommen og på den generelle helsa. Deltakarane vart difor bedne om å ta stilling til nokre påstandar og rangere svara frå heilt ueinig til heilt einig. Figuren under viser svarfordelinga frå «Heilt ueinig» til «heilt einig» for påstanden «Hjartetrimmen har gjort meg tryggare i forhold til hjartesjukdommen». "Hjartetrimmen har gjort meg tryggare i forhold til hjartesjukdommen" (n = 17) 60% 53 % 50% 47 % 40% 30% 20% 10% 0% 0 % 0 % Heil ueinig Ueinig Einig Heilt einig Veit ikkje 0 % Figuren viser at alle er einig i at dei opplever seg tryggare i forhold til hjartesjukdommen som følgje av deltaking på Hjartetrimmen. Ein anna påstand som reflekterer noko av det same er «Eg føler meg tryggare på kva eg kan gjennomføre av fysisk aktivitet». Svarfordelinga er presentert i figuren under. 16

17 "Eg føler meg tryggare på kva eg kan gjennomføre av fysisk aktivitet" (n = 17) 100% 90% 80% 70% 60% 50% 40% 30% 20% 53 % 47% 10% 0% 0 % 0 % Heil ueinig Ueinig Einig Heilt einig Veit ikkje 0 % Figuren viser at alle deltakarane opplever auka tryggleik i forhold til kva fysiske aktivitetar dei kan gjennomføre. Som ein deltakar uttrykte det i brukarundersøkinga: «Dette er et meget positivt tiltak som viser at «kroppen» tåler belastning etter et infarkt, og hjelper deg å komme i gang med trening». Alle deltakarane svarer samtykkjande til påstanden «Hjartetrimmen har gjort at eg føler meg i betre form». For å finne ut om deltaking også har fremja motivasjon for eigentrening vart deltakarane bedne om ta stilling til påstanden: «Eg har lyst å trena på eiga hand etter at Hjartetrimmen er ferdig». Også her svara 100 prosent av dei var «einig» eller «Heilt eining». Eit av måla med Hjartetrimmen er at deltakarane skal få motivasjon og kompetanse til å drive eigentrening etter at tilbodet er avslutta. Brukarundersøkinga viste at nesten 9 av 10 opplevde at dei no veit korleis dei skal trena på eiga hand for å halde seg i god form. 8 av 10 rapporterte at dei har vorte meir fysisk aktive etter at dei byrja på Hjartetrimmen. I det opne kommentarfeltet i brukarundersøkinga meddelte ein deltakar seg på dette viset: «Fantastisk opplegg som alle burde gjennomgått og fått tilbud om. Fantastisk å bruke dette til å få stilt spørsmål og komme seg videre med trening sjølv». For denne deltakaren har Hjartetrimmen fungert som ein motivasjon for å fortsette med treninga. 17

18 Resultat frå brukarundersøkinga tyder på at deltakarane er tilfredse med tilbodet både med tanke på lokalitet, treningsopplegget og teoriundervisninga. Deltakarane gjev uttrykk for auka meistringskjensle og betring av fysisk form som følgje av Hjartetrimmen. Det kjem og fram at tilbodet dyktiggjer deltakarane til å ta vare på helsa si gjennom tileigning av kunnskap og motivasjon for vidare trening. Tryggleik Eit tema som vart grundig diskutert i planlegginga av prosjektet var ivaretaking av tryggleiken til deltakarane. Det kom signal frå brukarorganisasjonen at det å flytte tiltaket til Sveio ville opplevast som ein reduksjon av tryggleiken for hjartepasientane då ein ikkje ville klare å oppretthalde det same tryggleiksnivået som på sjukehuset, spesielt ved akuttsituasjonar. Prosjektgruppa la difor mykje arbeid ned i å utarbeidet tryggleiksrutinar ved akuttsituasjonar. Albatross Spa- og behandlingssenter vart utstyrt med hjartestartar og treningsinstruktørane fekk opplæring i bruk av denne. Vidare vart det utarbeida tryggleiksrutinar som vart godkjend av kardiologar ved Haugesund sjukehus. Det var planlagd at deltakarane skulle informerast om tryggleiksrutinane ved oppstart. Brukarundersøkinga viste at om lag 70 prosent var einig i at treningssenteret hadde gode tryggleiksrutinar, seks prosent rapporterte at dei opplevde at treningssenteret ikkje hadde gode nok rutinar. 25 prosent gav uttrykk for at dei ikkje hadde kjennskap til desse. Dette kan tyde på at ein kunne vore flinkare til å informere brukarane. Dette vert og framheva av ein brukar som i evalueringa gav denne tilbakemeldinga: «Det kom litt seint fram at det både var hjartestartar og lege. Vi var da nesten ferdig med trimmen». Det at det truleg ikkje har vore godt nok informert om tryggleiksrutinane er også noko instruktørane kan stadfeste gjennom dei spørsmåla og samtalane dei har hatt med deltakarane undervegs. Ein ser i etterkant at ein kunne hatt betre rutinar ved å informere kvar enkelt deltakarar ved oppstart og ikkje hatt gjennomgang i plenum visse tider, sidan det har vore praktisert rullerande opptak for deltaking, noko som truleg er årsaka til at ikkje alle hadde fått det med seg. Figuren under viser svarfordelinga for påstanden: Treningssenteret hadde gode sikkerheitsrutinar dersom noko skulle skje». 18

19 "Treningssenteret hadde gode sikkerheitsrutinar dersom noko skulle skje" (n = 17) 50% 45% 44 % 40% 35% 30% 25% 25 % 25 % 20% 15% 10% 5% 0% 0 % 6 % Heil ueinig Ueinig Einig Heilt einig Veit ikkje Tryggleikstiltaka vart eit tema under fokusgruppeintervjuet. Ein etterlyste her ei betre avklåring ved oppstart kva sikkerhetsnivå ein skulle leggje seg på. Helst hadde ein ynskt at spesialistar frå Helse Fonna gav skriftleg godkjenning av dei utarbeida rutinane. Men samtidig står ein overfor eit dilemma. Som det vart løfta fram i fokusgruppeintervjuet kan på den eine sida hevde at tryggleiksrutinar ikkje i utgangspunktet skulle vere naudsynt i og med at deltakarane er «friskmeld» til å kunne drive aktivitet gjennom bestått sykkeltest, på den andre sida er det snakk om å imøtekoma eit behov hjå deltakarane om å ha tryggleiksrutinar dersom noko skulle skje. Dette behovet reflekterer kanskje ei usikkerhet deltakarane har rundt eiga helse, og eit behov for meir trygging rundt kva kroppen toler, enn kva ein bestått sykkeltest gjev. Det har difor vore ei avveging kor stort fokus ein skulle ha på dette med tryggleiksrutinar overfor deltakrane. Ein har frykta at eit for stort fokus på tryggleikstiltak kunne sådd ei tvil om at det er trygt å delta, at ein ville gje eit inntrykk av at ein tar ein risiko. Det å ha bestått «sykkeltesten» er i utgangspunktet ei stadfesting på at kroppen kan tole den belastninga ein vert utsett for under «Hjartetrimmen», og ein har ikkje ynskt å så tvil om dette. Denne tvilen rundt eiga helse og belastning ved trening har og vore eit tema blant nokre av deltakarane. Dei har i samtale med instruktørane ytra at det har vore positivt å koma i gang med trening under dei rammene Albatross Spa- og behandlingssenter har gjeve, og ikkje på eigahand heime, då dette har gitt ei kjensle av å vere i trygge hender. 19

20 Som eit av tryggleikstiltaka vart det inngått ein avtale om at ein kunne ta kontakt med lege som hadde kontor i det same bygget dersom det skulle oppstå situasjonar. Dette var ein uformell avtale, og denne vert i ettertid vurdert som lite naudsynt. Årsakene til det var at ein hadde ingen garanti om at legen ville vere tilstades på kontoret dersom noko skulle skje, og det kunne representere ein «falsk tryggleik», og at ved akuttsituasjonar var ein einig i at ein skulle ringe 113 uavhengig av om legen var tilstade eller ikkje. Det som vert framheva som viktig er at ein har tenkt igjennom og utarbeida ein plan dersom noko skulle skje. At alle er klar over kven som har ansvar for kva. Desse rutinane og ansvarsfordelinga har ein opplevd har vore på plass under prosjektet, men det er ikkje blitt prøv ut i praksis då det ikkje har vore noko akutte situasjonar. Slike rutinar vert og framheva som viktig å ha utarbeida dersom det skulle koma førespurnader frå t.d. media, men og til deltakarane med tanke på å tryggja dei. Det er og eit behov for å ha gjennomgang av rutinane med jamne mellomrom slik at ein har medvit om ansvarsområde og kva ein skal gjere i ein eventuell situasjon. Ein ROS- analyse av tryggleiksrutinane er ikkje gjennomført som ein del av prosjektet, men kan gje ein visshet om at dei rutinane som er utarbeida er tilstrekkelege. Kompetanseoverføring Initiativet med å flytte Hjartetrimmen ut av sjukehuset kom frå Helse Fonna. Eit felles brev vart sendt ut til alle kommunane i Helse Fonna regionen der det vart invitert til eit samarbeid rundt flytting av Hjartetrimmen. Sveio kommune svara positivt og tok initiativet til å starte opp. Flyttinga av Hjartetrimmen frå sjukehus til kommune vart definert som eit utviklingsprosjekt i regi av Helsetorgmodellen, og gjekk inn under eit av Helsetorgmodellen sine delmål; å bygge opp Lærings- og meistringstilbod ute i kommunane. Våren 2012 vart ei arbeidsgruppe etablert med representantar frå Sveio kommune, Helse Fonna og Albatross spa- og behandlingssenter. Det vart ikkje utforma noko mandat frå Helsetorgmodellen si styringsgruppe. Arbeidsgruppa starta difor ein prosess med utvikling av mål for prosjektet og korleis det skulle gjennomførast. Dette skulle samanfattast i ein prosjektplan som skulle godkjennast av FoU-eininga i Helsetorgmodellen. FoU-eininga vart på dette tidspunktet involvert i prosjektet og bidrog kring arbeidet med prosjektplanen og utarbeiding av evalueringsverktøy. FoU-eininga har og hatt ein støttefunksjon for prosjektgruppa gjennom prosjektperioden, og har gjennomført evalueringa av prosjektet. 20

Sogn LMS Etablering av eit lokalmedisinsk senter i Lærdal

Sogn LMS Etablering av eit lokalmedisinsk senter i Lærdal Sogn LMS Etablering av eit lokalmedisinsk senter i Lærdal Dette er sluttrapport etter forstudien i prosjektet Sogn LMS. Prosjektet har som føremål å greie ut, planlegge og utvikle eit lokalmedisinsk senter

Detaljer

Strategisk arbeid med omstilling HMR 2016-2021

Strategisk arbeid med omstilling HMR 2016-2021 Saksframlegg Strategisk arbeid med omstilling HMR 2016-2021 Saksnr Utvalsnamn Møtedato Sak 2015/26 Styret for Helse Møre og Romsdal HF 06. mai 2015 Saksbehandlar: Dag Hårstad/ Espen Remme Arkivreferanse:

Detaljer

IMPLEMENTERING AV SKULEOMFATTANDE ARBEID

IMPLEMENTERING AV SKULEOMFATTANDE ARBEID IMPLEMENTERING AV SKULEOMFATTANDE ARBEID Av Sigrun K. Ertesvåg & Svein Størksen Om Respekt Dette heftet er produsert som en del av arbeidet under Respekt programmet, som består av kurs, veiledning og

Detaljer

Når starten er god. En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring

Når starten er god. En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring Når starten er god En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring Copyright C 2007 Utdanningsdirektoratet Layout: Wallace Design Ill.: Brian

Detaljer

Evaluering av Senter for yrkesrettleiing

Evaluering av Senter for yrkesrettleiing Evaluering av Senter for yrkesrettleiing Nr. 12-12 AUD-rappor t Utgivar: Hordaland fylkeskommune, Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) http://www.hordaland.no/aud Tittel: «Evaluering av Senter for

Detaljer

NOTAT. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: 16.02.2015 FRÅ:

NOTAT. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: 16.02.2015 FRÅ: NOTAT GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 16.02.2015 FRÅ: Administrerande direktør SAKSHANDSAMAR: Tove Hagland SAKA GJELD: Resultatnotat ARKIVSAK: 2015/1420/ STYRESAK: 020/15 STYREMØTE:

Detaljer

Fjell kommune. Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV. Frå helseområdet på Straume

Fjell kommune. Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV. Frå helseområdet på Straume Fjell kommune Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV Frå helseområdet på Straume Rapport desember 2012 I eit samarbeid med Husbanken Region Vest har rådmannen i Fjell laga denne rapporten.

Detaljer

Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle -

Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - 2014 2025 Utgivar: Tittel: Hordaland fylkeskommune, Regionalavdelinga Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - Dato: 7.

Detaljer

Møring. Stor entusiasme for nytt samhandlingsutval. Nr. 6-2010. Ny avdelingssjef på vaksenpsykiatrisk. Lokal forankring sentralt

Møring. Stor entusiasme for nytt samhandlingsutval. Nr. 6-2010. Ny avdelingssjef på vaksenpsykiatrisk. Lokal forankring sentralt Sunn Møring Nr. 6-2010 Stor entusiasme for nytt samhandlingsutval sjå side 10 Ny avdelingssjef på vaksenpsykiatrisk avdeling s. 3 Lokal forankring sentralt s. 4 Felles satsing i nødetatane s. 6 LEIAR Helse

Detaljer

God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015

God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015 God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015 God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015 Side 1 1. INNLEIING

Detaljer

Resultat frå evalueringa av Reform 97. Utarbeidd av Peder Haug

Resultat frå evalueringa av Reform 97. Utarbeidd av Peder Haug Resultat frå evalueringa av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug Resultat frå evalueringa av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug, forskingsleiar for evalueringa 1 2 Forord Noregs forskningsråd har på oppdrag

Detaljer

Bruk av tvang i psykisk helsevern

Bruk av tvang i psykisk helsevern Internrevisjonen Bruk av tvang i psykisk helsevern Helse Vest RHF, september 2014 INNHALD Målgruppene for denne rapporten er styret og revisjonsutvalet på regionalt nivå, styra i helseføretaka, formelt

Detaljer

Kompetanse for tilpasset opplæring. Artikkelsamling

Kompetanse for tilpasset opplæring. Artikkelsamling Kompetanse for tilpasset opplæring Artikkelsamling Redaktører: Grete Dalhaug Berg, Høgskolen i Volda og Kari Nes, Høgskolen i Hedmark Copyright Layout: Wallace Design C 2007 Utdanningsdirektoratet 2 Utdanningsdirektoratet

Detaljer

Strategi for det førebyggjande og helsefremjande arbeid ved Haukeland universitetssjukehus

Strategi for det førebyggjande og helsefremjande arbeid ved Haukeland universitetssjukehus Strategi for det førebyggjande og helsefremjande arbeid ved Haukeland universitetssjukehus Nynorskversjon Innhaldsliste 1 Innleiing... 3 1.1 Helse... 3 1.2 Folkehelse, førebyggjande og helsefremjande arbeid...

Detaljer

Evaluering av Reform 97

Evaluering av Reform 97 Evaluering av Reform 97 Sluttrapport frå styret for Program for evaluering av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug Forskingsleiar 2003 1 Norges forskningsråd 2003 Norges forskningsråd Postboks 2700 St. Hanshaugen

Detaljer

Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke Frå forvaltning til utvikling?

Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke Frå forvaltning til utvikling? Notat nr. 9/2007 Jørgen Amdam, Johan Barstad, Finn Ove Båtevik og Geir Tangen Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke Frå forvaltning til utvikling? 2007 VOLDA Prosjekttittel Prosjektansvarleg Prosjektleiar

Detaljer

Informasjonsforvaltning i offentleg sektor. Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583

Informasjonsforvaltning i offentleg sektor. Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583 Informasjonsforvaltning i offentleg sektor Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583 Forord Det har lenge vore klart at offentleg sektor må nytte informasjonen sin på ein betre måte for å bli meir effektiv, gi betre

Detaljer

Trygge nok tenester til skrøpelege eldre? Funn frå planlagde tilsyn 2010 2012

Trygge nok tenester til skrøpelege eldre? Funn frå planlagde tilsyn 2010 2012 ARTIKKEL 2 Trygge nok tenester til skrøpelege eldre? Funn frå planlagde tilsyn 2010 2012 Tilsyn er risikoinformerte. Tilsynsorganet leitar der det er mest sannsynleg at det finst svikt som får alvorlege

Detaljer

Jo fleire kokkar, jo betre søl. medverknad i arkiv, bibliotek og museum #62. Åshild Andrea Brekke. Pantone. Pantone. c72 m64 y62 k59.

Jo fleire kokkar, jo betre søl. medverknad i arkiv, bibliotek og museum #62. Åshild Andrea Brekke. Pantone. Pantone. c72 m64 y62 k59. Jo fleire kokkar, jo betre søl Pantone Pantone Pantone medverknad i arkiv, bibliotek og museum 459 151 484 c6 m7 y55 k0 c0 m43 y87 k0 c0 m87 y83 k30 r242 g255 b140 r249 g161 b58 r179 g52 b40 Åshild Andrea

Detaljer

Heimesjukepleiarens perspektiv på forhold som fremjar palliasjon i heimen

Heimesjukepleiarens perspektiv på forhold som fremjar palliasjon i heimen 64 Klinisk Sygepleje 27. årgang nr. 1 2013 Originalartikel Heimesjukepleiarens perspektiv på forhold som fremjar palliasjon i heimen Home care nurses perspectives of factors of importance for their ability

Detaljer

Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland

Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland Mer kan Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland Kjetil Lie og Audun Thorstensen (Telemarksforsking), Sven Haugberg (Asplan Viak) og Tor Erik Baksås (Ernst & Young) TF-notat nr. 18/2013

Detaljer

Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar.

Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar. Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar. Kva for utfordringar opplever rektor når foreldre ønskjer å gjennomføre prosjekt utanfor skulen si økonomiske ramme? Asbjørn

Detaljer

Innovasjon i Sogn og Fjordane vilkår og barrierar

Innovasjon i Sogn og Fjordane vilkår og barrierar Vestlandsforsking notat nr. 10/2014 Innovasjon i Sogn og Fjordane vilkår og barrierar Funksjonell analyse av Bedriftsnettverket i Jostedalen Kristin Løseth, Ingjerd Skogseid, Jon Gunnar Nesse (red) Vestlandsforsking,

Detaljer

Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar

Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar Marte Fanneløb Giskeødegård og Gro Marit Grimsrud Rapport nr. 52 Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar 2 Møreforsking Volda Postboks 325, NO-6101 Volda Tlf. 70 07 52 00 NO 991 436 502 Tittel

Detaljer

trategisk plan for pedagogisk bruk av IKT 2010-2012 26.mars 2010 Høyringsdokument www.sfj.no

trategisk plan for pedagogisk bruk av IKT 2010-2012 26.mars 2010 Høyringsdokument www.sfj.no trategisk plan for edagogisk Strategisk plan bruk for av IKT pedagogisk bruk av IKT 2010-2012 2010 2012 26.mars 2010 Høyringsdokument www.sfj.no Innhaldsliste Strategisk plan for pedagogisk bruk av IKT

Detaljer

Statlege verksemder som vurderer å etablere ein internrevisjonsfunksjon

Statlege verksemder som vurderer å etablere ein internrevisjonsfunksjon Rettleiar Veileder Statlege verksemder som vurderer å etablere ein internrevisjonsfunksjon DFØ 12/2011, 1. opplag Forord Å ta stilling til om verksemda skal etablere ein internrevisjonsfunksjon, er ei

Detaljer

Prosjekt HjemRehabilitering 1

Prosjekt HjemRehabilitering 1 1 Forord Dette utviklingsprosjektet som beskrives i rapporten ble gjennomført i Sandvika område i Bærum kommune i tidsrommet mars 2000 desember 2002. Prosjektet er fullfinansiert av Bærum kommune. Siktemålet

Detaljer

Nasjonalt utviklingsprogram. Landbruksbygg og kulturlandskap Sluttrapport

Nasjonalt utviklingsprogram. Landbruksbygg og kulturlandskap Sluttrapport Nasjonalt utviklingsprogram Landbruksbygg og kulturlandskap Sluttrapport Februar 2013 1 Samandrag Denne sluttrapporten tek sikte på å samanfatte informasjon og lærdom frå utviklingsprogrammet Landbruksbygg

Detaljer

Kjem du levande inn, kjem du levande ut men kva skjer så?

Kjem du levande inn, kjem du levande ut men kva skjer så? OPPFØLGINGSTILBODET ETTER EI ALKOHOLFORGIFTING Kjem du levande inn, kjem du levande ut men kva skjer så? tilsyn med sosial og helse RAPPORT FRA HELSETILSYNET 2/2007 MARS 2007 Rapport fra Helsetilsynet

Detaljer