Rapport nr. 53 Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar Kor attraktive er «motorane» for folk med høg utdanning?

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Rapport nr. 53 Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar Kor attraktive er «motorane» for folk med høg utdanning?"

Transkript

1 Gro Marit Grimsrud Finn Ove Båtevik Marte Fanneløb Giskeødegård Rapport nr. 53 Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar Kor attraktive er «motorane» for folk med høg utdanning?

2 2

3 Møreforsking Volda Postboks 325, NO-6101 Volda Tlf NO Tittel Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar. Kor attraktive er «motorane» for folk med høg utdanning? Prosjektleiar og forfattar Gro Marit Grimsrud Medforfattarar Finn Ove Båtevik, Marte Fanneløb Giskeødegård Sider 42 Årstal 2014 Rapport nr. 53 Prosjektnummer Prosjekttittel Bysatsinga Oppdragsgivar Møre og Romsdal fylkeskommune. Fylkeshuset, Julsundvegen 9, 6404 Molde Referanse oppdragsgivar Ansvarleg utgivar Eivind Vartdal Ryste Møreforsking ISBN ISSN Distribusjon Nøkkelord Attraktivitet, Kompetansebehov, småbyar, Ålesund, Molde, Kristiansund Samandrag Rapporten er skriven på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Dei ønskte kunnskap om kva som skal til for at fleire med høg utdanning skal busette seg i Ålesund, Kristiansund og Molde. Møreforsking finn at dei tre bykommunane ikkje skårar spesielt høgt på statistiske indikatorar for attraktivitet overfor denne gruppa, korkje samanlikna med andre kommunar i fylket eller med landet som heilskap. Om ein trekkjer inn omlandskommunane blir bilete betre. Frå- og tilflyttarar med høg utdanning er først og fremst opptekne av å få gode jobbar og eit utviklande fagmiljø. På bakgrunn av samtaler med målgruppa konkluderer vi med at det er langt igjen til byane blir oppfatta som kunnskapsbyar som i kraft av seg sjølv verker tiltrekkjande på folk med høg utdanning. I staden blir byane oppfatta som utdanningsfiendtlege, og arbeidsmarknaden og fagmiljøa blir opplevd som snevre. Kompetansepersoner er redde for fagleg stagnasjon om dei vel å busette seg der. Møreforsking tilrår derfor at ei eventuell ekstraordinær bysatsing støttar opp under initiativ som kan styrke faglege nettverk i byregionane. Forfattar/Møreforsking Volda Føresegnene i åndsverkslova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Materialet er publisert for at du skal kunne lese det på skjermen eller framstille eksemplar til privat bruk. Utan særskild avtale med forfattar/møreforsking Volda er all anna eksemplarframstilling og tilgjengelegjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. 3

4 4

5 Forord Dette notatet er skrive på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune som del av rammeavtalen mellom fylkeskommunen og Møreforsking. Hensikta med notatet er å gje fylkeskommunen eit kunnskapsgrunnlag for ei eventuell ekstraordinær satsing på dei tre byane Ålesund, Kristiansund og Molde. Notatet baserer seg på tilgjengeleg statistikk, informantintervju med nokre utviklingsaktørar og samtalar med tilflyttarar og fråflyttarar. Møreforsking vil takke alle som har delteke i intervjua og delt sin kunnskap med oss. Vi vil også takke fylkeskommunen og vår kontaktperson Eivind Vartdal Ryste for godt samarbeid. Arbeidet ble gjennomført av Marte Fanneløb Giskeødegård, Finn Ove Båtevik og Gro Marit Grimsrud i løpet av mai og juni Volda, juni 2014 Gro Marit Grimsrud, prosjektleiar 5

6 6

7 Innhald Forord Innleiing Kva seier statistikken om bustadattraktivteten til byane? Attraksjon - eit spørsmål om storleik? Byane er ikkje lenger aleine om å ha netto tilflytting av unge vaksne Fylket er meir attraktivt for «dei litt eldre» Byane mest attraktive for menn? Innvandring er ikkje noko byfenomen Innvandringa bidreg til store kjønnskeivheiter Møre og Romsdal toppar «toleransestatistikken»! Lågt utdanningsnivå særleg blant menn Sterk vekst i studentrekrutteringa i Molde og Ålesund Dei kunnskapsintensive yrkene finn vi i byane og i Volda og i Ulstein Oppsummering kapittel Kva seier flyttarane om attraktiviteten til byane? Jobb er det viktigaste for val av bustad Lite breidde og djupne i arbeidsmarknaden Fagmiljøa er for små og kunnskapskulturen er for snever Heller natur enn kultur Småbykvalitetar framfor urbanisme og forstadsisme Oppsummering: Eit konserverande flyttemønster? Oppsummering og anbefalingar Byar og byregionar Kven skal vere målgruppe for bysatsinga? Om å ønske seg ein plass i kunnskapssamfunnet Styrk den femte t en: tilkoplingsmoglegheitene! Referansar

8 8

9 1 Innleiing Det overordna temaet i dette notatet er kva rolle Kristiansund, Molde og Ålesund speler, og kan spele, som «regionale motorar». I dette ligg ein tanke om at sterke byar vil ha ein positiv verknad på omlandet og fylket som heilskap. Vår oppgåve har vore å undersøkje kva evne byane har til å tiltrekkje seg nye innbyggjarar, spesielt dei unge med høg utdanning. Vi har teke utgangspunkt i oppdragsgjevar sin hypotese om at byane i fylket manglar urbanitet og at ei styrking av urbane kvalitetar vil gjere byane og områda rundt meir attraktive for målgruppa. Vi har hatt særskilt fokus på betydinga av kulturtilbod og kompetansemiljø i denne samanhengen. Som ein leietråd 1 i analysen har vi tatt utgangspunkt i ideane til Richard Florida (2002, 2012) om at nøkkelen til regional utvikling ligg i å tiltrekkje seg «den kreative klassen», eller «talentfulle menneske». Desse blir tiltrekte av stader som har den rette miksen av dei fire t ane (jf. Figur 1): 1. Talent: Det må vere mange med høg utdanning og som jobbar i kreative yrke 2. Teknologi: Næringsstrukturen må ha eit innslag av kunnskapsintensitet, 3. Toleranse: Det må være lett å vere nykommar til staden 4. Territorielle kvalitetar: Stadsspesifikke tilhøve som kultur- og tenestetilbod, naturlige og bygde omgjevnader. Figur 1. 4T-modellen. Etter Kevin Stolarick Kjernen i teorien er at det er viktigare å skape bulyst for den kreative klassen enn å drive tradisjonell næringspolitikk med vekt på areal, transportforhold, tilskot og subsidiar til innovasjonsfremjande tiltak viss målet er å skape vekst. Mangfald er eit stikkord som er sentralt i teorien. 1 Vi følgjer ikkje teorien slavisk. Modellen kjem med eit batteri av ulike statistiske mål som vi ikkje har hatt høve til å analysere innafor ramma av dette prosjektet. Vi er også kjent med kritikken av modellen og den avgrensa overføringsverdien den har til norske forhold (t.d. Andersen mfl. 2010, Hansen og Niedomysl 2009). Dette gjer at vi tolkar dei opphavlege ideane lausleg og tilpassar dei til dette prosjektet. 2 Presentasjon på nettet: Benchmarking-the-Creative-Economy-in-Rural-Ontario-Midland-Report.pdf 9

10 Florida hevdar at den «gamle» modellen for regional utvikling der ein såg byane berre som ein marknad for produkt produsert i regionen er avleggs. Han brukar mellom anna Jane Jacob (1961) sine idear om byen som innovasjonsmotor til å argumentere for at byane ikkje berre er arenaer for verdiskaping men også sjølve årsaken til akselererande verdiskaping. Grunnen er at det er i byane ein finn flest kompetente og talentfulle menneske samtidig som byane representerer tetthet, nærleik og har mange møtestader der forskjellige typar kompetanse kan møtast. På denne måten kan kunnskapsoverføring finne stad og nye idear vil kunne oppstå. Slike dynamiske miljø vil trekkje til seg fleire talent og så vil veksten bli sjølvforsterkande, og kunne spreiast til områda rundt. Med dette som utgangspunkt har vi analysert tilgjengeleg statistikk og innhenta informasjon frå ein del nøkkelinformantar i byane. I tillegg har vi hatt intervju med unge høgt utdanna som har flytt til dei tre byane, og med unge høgt utdanna frå dei dei tre byane som har flytt til Trondheim eller Bergen. Resultata blir presenterte i tre bolkar. Først statistiske analyser, så kjem inntrykk basert på intervjua. Til slutt kjem tilrådingar til innsatsområde. 10

11 2 Kva seier statistikken om bustadattraktivteten til byane? 2.1 Attraksjon - eit spørsmål om storleik? I følgje klassisk flytteteori vil byane vere meir attraktive jo større dei er, og jo lenger avstand det er til konkurrerande byar. Det er gravitasjonsmodellen som ligg til grunn for dette. Modellen tek omsyn til storleik og avstand mellom to byar (eller stader) og postulerer at tiltrekkingskrafta er proporsjonal med folketalet i den eine multiplisert med folketalet i den andre og inverst proporsjonalt med avstanden mellom dei (jf. gravitasjonslova til Newton). Det er ein modell som i hovudsak seier at den som er stor vil blir større og det utan nokon form for innsats (det er jo ein «naturlov»). Det speler altså ikkje nokon særleg rolle kva fylkeskommunen gjer; byane har ei eigenvekt som styrer tiltrekkinga og som verkar sjølvforsterkande. Ut frå modellen kan vi vente å finne at Ålesund tiltrekkjer seg fleire tilflyttarar enn dei to andre byane. Vi kan og vente at Volda, Ørsta og Ulstein til saman har større tiltrekkingskraft enn folketalet i kvar av dei skulle tilseie fordi avstanden mellom dei er kort. Tiltrekkingskrafta til Molde og Kristiansund skulle vere omtrent like stor, men avstanden til alternative befolkningskonsentrasjonar (for eksempel omlandet) vil gjere ein forskjell. Men kva skal ein rekne som by i denne samanheng? Dei fleste vi har snakka med meiner t.d. at byen Ålesund er det samanhengande tettbygde området som omgir sentrumskjernen (og som inkluderer litt av Sula kommune); og tilsvarande for Molde og Kristiansund sjølv om vi for desse to byane også fekk høyre at dei eigentleg ikkje er byar, men heller litt store bygder. For oss er det derimot lettast å bruke kommunegrensene og seie at Ålesund er lik Ålesund kommune, og tilsvarande for Molde og Kristiansund. Når det er snakk om kommunale planar og satsingar, er det også eit relevant nivå. Det er praktisk å bruke kommunenivået fordi statistikken som regel er avgrensa på denne måten. Alle tre byane har relativt snevre kommunegrenser, slik at å definere byen ved hjelp av kommunegrenser blir ikkje veldig galt. I litteraturen om vekstkraftige byar er det ofte funksjonelle byregionar det er snakk om og det omfattar i praksis bykjerne og pendlingsomlandet. Det er denne inndelinga som er det eigentlege eller ideelle fokus for dette notatet, men ho er vanskeleg å nytte sidan det ikkje er statistikk på dette nivået. Vi må derfor jukse litt og la regionen bestå av bykommunen og kommunar med grenser til ein av desse. Vi bruker også nemninga næromland for desse omlandskommunane. Inklusive næromland har Ålesund innbyggarar, Molde og Kristiansund prosent av befolkninga i «Molde» bur i næromlandet, 39 prosent i «Ålesund» og berre 26 prosent i 11

12 «Kristiansund». Den miste byen har og det minste omlandet. Det gjer at føresetnadene for vekst gjennom tilflytting og innpendling frå næromlandet ikkje er det same i Kristiansund som for den berre litt større byen Molde Bykommune Næromland Ålesund Molde Kristiansund Figur 2.1. Tal innbyggarar i bykommune og næromland pr (SSB). Næromlandet er kommunar med grenser til ein av bykommunane, unnateke kommunar der det er ei ferjestrekning mellom (Aukra er med i og med at delar kommunen ligg på fastlandet). 2.2 Byane er ikkje lenger aleine om å ha netto tilflytting av unge vaksne Det er vanleg å tenkje at det først og fremst er byane som trekk til seg unge tilflyttarar. Slik har det også vore det også i Møre og Romsdal. Av alle kommunane i fylket var det for ti år sida berre Ålesund som hadde netto tilflytting av unge vaksne i alderen år, medan fylket som heilskap hadde ei netto fråflytting på 15%. No er dette bilete endra. Takka vere innvandring går fylket i balanse, og vi finn netto tilflytting ikkje berre i Ålesund, men også i Skodje, Giske, Sula og Ørskog, samt i Molde og Fræna, Kristiansund, Ulstein og Hareid (tabell 2.1). Vi ser at byane og deira omland er attraktive, men må leggje til at også Ulstein og Hareid i den byfrie Eikesundregionen har tiltrekt seg fleire frå desse fødselskulla enn dei har «produsert» sjølv. Vi kan også leggje til at flyttetapet i dei fleste andre kommunane i fylket har blitt mindre. Det går med andre ord rette vegen sjølv om det ikkje er netto flyttevinst. Det er likevel grunn til å påpeike at det berre er Ålesund og Skodje som har vekst som overstig veksten på landsbasis for denne kohorten. 12

13 A B C år år år f f f Kommune Ålesund Skodje Sula Giske Haram Ørskog Norddal Stranda Stordal Sykkylven Sandøy Molde Nesset Aukra Fræna Gjemnes Vestnes Rauma Midsund Eide Tabell 2.1. Flyttebalanse. Kolonne A og B samanliknar flyttebalanse for ti årskull unge vaksne i 2004 og Vekst i talet personer fødde frå 1994 til 2004 (dei var år i 2004), samanlikna med vekst i talet personar fødde frå 2004 til 2014 (dei var år i 2014). Kolonne A og C viser utviklinga i kohorten fødd i frå dei var år i 2004 til dei var år i Flyttebalanse = 100. Tal mindre enn 100 betyr netto fråflytting, og over 100 betyr netto tilflytting. Kristiansund Averøy Tingvoll Sunndal Surnadal Rindal Halsa Smøla Aure Eikesundsregionen 1511 Vanylven Sande Herøy Ulstein Hareid Volda Ørsta Møre og Romsdal Noreg

14 2.2 Fylket er meir attraktivt for «dei litt eldre» Om vi følgjer dei som var år for ti år sidan (tabell 2.1, kolonne A) og ser kor dei bur i dag som åringar (kolonne C), så ser vi at mange av dei no har funne vegen til fylket. Sjølv om dei ikkje har vore mange nok til å ta igjen heile flyttetapet, ser vi at så godt som alle kommunane har opplevd vekst i denne kohorten som no er år. Veksten har vore størst i Ålesund, Sula, Skodje og Ulstein som no har 20-25% fleire enn dei «produserte» sjølv, men også Molde, Ørskog og Giske har hatt netto tilflytting for aldersgruppa år. Det er eit vanleg mønster at folk i 20-åra og i starten av 30-åra vel å bu i dei store byane. Når dei blir litt eldre, og særleg når dei har skulebarn, er det mange som føretrekk å bu utanfor dei store byane der dei kan få einebustad og trygge omgjevnader for borna. Mykje av veksten i Møre og Romsdal kan forklarast med tilbakeflytting, men på langt nær alt. Også i denne aldersgruppa er innvandringa ei viktig årsak til veksten. Tilbakeflyttinga er i regelen meir spreidd geografisk enn nytilflyttinga. Framtida vil vise korleis busetnadsmønsteret blir 10 år fram i tid for dei som no er år. Dei er allereie relativt fleire og meir spreidd busett enn denne aldersgruppa har vore på fleire tiår. Om ein føreset same tilveksten som vist for kohorten fødd i tabell 2.1, vil det tilseie sterk vekst for store deler av fylket. Jokeren her er korleis flyttemønsteret til arbeidsinnvandrarane vil bli framover. 2.3 Byane mest attraktive for menn? Byar i Noreg har tradisjonelt tiltrekt seg fleire unge kvinner enn menn. Slik er det ikkje i Møre og Romsdal. I tabell 2.2. ser vi at Ålesund har tiltrekt seg heile 20 prosentpoeng fleire menn enn kvinner i aldersgruppa år. Også Kristiansund har tiltrekt seg fleire unge menn enn unge kvinner, mens det er balanse i Molde. Det er først og fremst arbeidsinnvandringa som skapar desse forskjellane. Vi ser at mannsoverskotet i netto tilflytting også er oppsiktsvekkande stort i Ulstein, Sande og Skodje som er kommunar meg høg arbeidsinnvandring til ein mannsdominert industri. Andre kommunar kan synast mindre attraktive for unge menn enn for unge kvinner i den forstand at dei har tapt relativt fleire menn enn kvinner: Nordal, Stordal, Midsund, Averøy, Rindal og Halsa. Sjølv om ein må ha i mente at dette er små kommunar der få personar kan gje stort utslag i prosent, så er det også på landsbasis rapportert at dei minste kommunane tapar relativt færre kvinner enn før medan vi ikkje har sett den same utviklinga for menn (Grimsrud 1999, 2011). Totalt sett går Møre og Romsdal så vidt i pluss når de gjeld å rekruttere unge menn, og litt i minus når det gjeld rekruttering av unge kvinner. Men at byane er meir attraktive for kvinner enn for menn og landsbygda meir attraktiv for menn enn for kvinner det er det vanskeleg å finne statistisk stønad for. 14

15 Tabell 2.2 Flyttebalansen etter kjønn. Flyttebalanse = 100. Tabellen gjeld kohorten f som var år i Menn Kvinner Differanse (K-M) 1502 Molde Ålesund Kristiansund Vanylven Sande (M. og R.) Herøy (M. og R.) Ulstein Hareid Volda Ørsta Ørskog Norddal Stranda Stordal Sykkylven Skodje Sula Giske Haram Vestnes Rauma Nesset Midsund Sandøy Aukra Fræna Eide Averøy Gjemnes Tingvoll Sunndal Surnadal Rindal Halsa Smøla Aure Møre og Romsdal Vi ønskjer å vise kjønnsforskjellar på denne måten framfor statistikk over tal kvinner pr. 100 menn. Kjønnsskilnadene kan vere store allereie før flytting, derfor seier ikkje kvinner pr. 100 menn noko om ubalansen kjem av flytting eller ikkje. 2.4 Innvandring er ikkje noko byfenomen Florida hevdar at delen innvandrar i ein by seier noko om kor ope miljøet er for nye impulsar. Det er ein indikasjon på toleranse og kulturelt mangfald, som Florida hevdar må vere til stades for å tiltrekkje den kreative klasse og oppnå økonomisk vekst gjennom innovasjonar. 15

16 Vanlegvis er det slik at byane har relativt fleire innvandrar enn områda utanfor, men i Møre og Romsdal har ikkje bykommunane fleire innvandrar enn andre kommunar i fylket. På landsbasis utgjer innvandrarane 12 % av folketalet. Ingen av dei tre bykommunane er på line med landsgjennomsnittet. Derimot har åtte mindre kommunar relativt fleire innvandrarar enn landsgjennomsnittet: Sande, Ulstein, Herøy, Ørskog, Stranda, Stordal, Haram og Sandøy. Om vi brukar Florida sin ide her, så kan vi seie at det er lite som tyder på at toleransen er høgre i byane enn i dei andre kommunane. Samtidig er det lettare å oppnå høge prosentar i små kommunar. Vi har derfor samanlikna kor stor del av innvandrarane i fylket som bur i ein kommune med kor stor del av folketalet kommunen har. Då er det berre er Ålesund som har vesentleg fleire enn folketalet skulle tilseie. I tillegg til Ålesund er innvandrarane meir enn eitt prosentpoeng overrepresentert i Ulstein, Hareid og Haram. Med unntak av Ålesund, er det lite som tyder på at byane har ein større trekkraft på innvandrarar enn andre kommunetypar i fylket. Inntrykket er at delen innvandrarar står i høve til folketalet det største avviket har Ålesund og Ulstein med høvesvis tre og to prosentpoeng fleire innvandrarar enn folketal. Går ein nærare inn i bestemte aldersgrupper (noko vi ikkje har hatt høve til her), vil ein sjå at innvandrarane er meir overrepresenterte i dei yngre aldersgruppene. Dei bidreg med andre ord sterkt til å forynge fylket. Innvandringa bidreg til store kjønnskeivheiter Det er fleire menn (54 %) enn kvinner (46 %) blant innvandrarane, men det er stor forskjell etter kor dei kjem frå. Mens innvandrarar frå Asia har ein overvekt av kvinner (62%), er innvandrar frå Europa oftare menn (60%). I Ålesund er delen kvinner lågare enn fylkesgjennomsnittet, mens Molde og Kristiansund ligg på gjennomsnittet. To kommunar utmerkar seg med særleg få kvinnelege innvandrarar og det er Sande og Ulstein. I andre enden av skalaen har Vanylven, Nesset, Midsund, Rindal, Halsa, Surnadal og Norddal fleire kvinnelege innvandrar enn mannlege. Dei to sistnemnde har også til felles at dei har høvesvis mange kvinner frå Europa. Truleg er dette resultat av busetting gjennom Placementprosjekt 3. Innvandrarar som kjem via Placement er ikkje typiske arbeidsinnvandrarar; dei kjem primært fordi dei ønskjer ein landleg livsstil. Som regel er det småbarnsfamiliar det er snakk om (Grimsrud og Aure 2013). Det er med andre ord inga grunn til å tru at denne gruppa ville ha busett seg i dei tre byane. I dei tre byane ser det slik ut i 2013 Del av folketal i kommune Prosent av folketalet i fylket Prosent av innvandrarar i fylket Del kvinner blant innvandrarane Molde 8,8 10 9,9 44,9 Ålesund 9,9 17,4 19,4 44,6 Kristiansund 9,3 9,3 9,8 45,3 Fylket 8, ,7 3 Placement AS driv med innflyttarprosjekt i heile Noreg på oppdrag frå kommunar, småsamfunn og regionar. Prosjekta går ut på å skaffe livsstilstilflyttarar frå Nederland, Belgia og Tyskland. 16

17 Møre og Romsdal toppar «toleransestatistikken»! Innvandrarar frå Europa utgjer 68 % av innvandrarane i fylket. I byane, særleg i Kristiansund og Molde, er andelen lågare men ikkje så låg som han er i Volda og Sunndal. Låg del europearar betyr at det er relativt fleire frå andre delar av verda og dermed, i teorien, større kulturelt mangfald. Mangfald er i følgje Florida eitt godt teikn med omsyn til nyskaping og vekst. Hansen (2014) kritiserer Florida sitt mål på tolereranse og viser til at det ofte er feil at ein stor del innvandrarar tydar på openheit. Han meiner at ein heller bør måle kor godt innvandrarane er integrerte i arbeidsmarknaden dersom ein vil seie noko om toleranse. I den nyaste statistikken frå SSB, kan vi lese at Møre og Romsdal i så måte ligg på topp i Noreg. Det er heile 14 prosent fleire innvandrarar sysselsette i bedriftene enn kva innvandrardelen i befolkninga skulle tilseie (sjå tabell 2.3). Det er eit teikn på at det er lett å vere nykommar til arbeidsmarknaden i fylket i alle fall om du er innvandrar frå EU-land. Dessverre seier ikkje statistikken noko om byane kjem annleis ut enn andre kommunar. Det kan tenkast at det er lettare å komme inn i jobb utanfor byane. Tabell 2.3. Indikatorar for bruk av innvandrarar i verksemder etter fylke Verksemder med minst 10 tilsette (15-74 år). Indikator=100 når del innvandrarar i verksemdene er lik del innvandrarar i fylket. Kjelde: SSB, statistikkbanken. I alt Frå EU/EØS, USA, mm Frå Asia, Afrika, mm 01 Østfold Akershus Oslo Hedmark Oppland Buskerud Vestfold Telemark Aust-Agder Vest-Agder Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal Sør-Trøndelag Nord-Trøndelag Nordland Troms Romsa Finnmark Finnmárku

18 2.5 Lågt utdanningsnivå særleg blant menn Er det sant som Florida seier at det er byane som har flest talentfulle menneske? Om ein tar utdanningsnivå i befolkninga som eit uttrykk for talent 4, så kan ein svare at jo dei er inne blant dei 10 beste, men det er Volda som skårar høgast (sjå figur 2.2). Ulstein og Ørsta i same region ligg også høgt. Ålesund og omlandskommunane Ørskog, Giske, Sula og Skodje er også inne på topp 10 lista. Det er Kristiansund også. Molde utmerker seg med å vere den kommunen som har flest med lang universitetsutdanning. Ein kan elles leggje merke til at det berre er Molde og Volda som har eit utdanningsnivå som ligg over landsgjennomsnittet > 4 år (lang) < 4 år (kort) Figur 2.2. Dei ti kommunane i Møre og Romsdal med størst del personar med utdanning på høgskule- /universitetsnivå etter lengda på utdanninga Personar over 16 år samanlikna med landsgjennomsnittet. Prosent. Kjelde: SSB, statistikkbanken Som for landet som heilskap er kvinner i fleirtal blant dei som har kort høgare utdanning, medan menn er i fleirtal blant dei med lang høgare utdanning. Samanlagt har likevel alle kommunar i fylket fleire kvinner enn menn med utdanning på høgskulenivå. Tabell 2.4 viser at Møre og Romsdal har ein større del unge kvinner med kort høgare utdanning enn landsgjennomsnittet. Når det gjeld unge menn ligg dei derimot under landsgjennomsnittet. Forskjellen er ikkje så stor, men sidan det har vore mykje snakk om at fylket har problem med å rekruttere unge kvinner med høg utdanning, så er det eit poeng å få fram at «underskotet» av unge menn med høg utdanning er større. 4 Florida brukar ikkje utdanningsnivå. Han meiner det er meir relevant å måle kor mange som jobbar innanfor dei såkalla kreative næringane. Ein taxisjåfør kan jo ha doktorgrad, men får neppe utnytta kunnskapen i jobben. 18

19 På det høgaste universitetsnivået er begge kjønn underrepresentert i forhold til landet men menn meir enn kvinner. Molde er eitt unnatak, og ein kan merke seg at det er menn som gjer at kommunen er ligg over landsgjennomsnittet for lang høg utdanning. Tabell 2.4. Utdanningsnivå i unge aldersgrupper i Møre og Romsdal samanlikna med landsgjennomsnittet Prosent. Kjelde: SSB, statistikkbanken Kort høg utdanning Lang høg utdanning Noreg M & R Differanse Noreg M & R Differanse Menn år 12,4 12,2-0,2 0,4 0,3-0, år 24,3 21,4-2,9 9,9 5,6-4, år 24,1 20,4-3,7 13,8 8-5,8 Kvinner år 24 24,5 0,5 0,7 0,6-0, år 40,1 41,9 1,8 12,2 8,3-3, år 39,5 41,6 2,1 14,7 9,2-5,5 2.6 Sterk vekst i studentrekrutteringa i Molde og Ålesund Høgskulane i fylket speler ei stor rolle når det gjeld rekruttering av kompetanse til fylket. Rekrutteringa til høgskulane er i stor grad lokal og dei aller fleste får jobbar i regionen etter utdanning (Grythfeldt og Heggen 2012). Stambøl (2013) viser i sin studie at av studiestadane på Vestlandet, har den lokale rekruttering (frå eige region/fylke) størst betyding i Kristiansund, Ålesund, Førde og Molde. Som vist i figurane nedanfor har både Ålesund og Molde vakse som studentbyar i dei siste 15 åra. Ålesund har likevel hatt den klart sterkaste veksten, ein vekst som ligg langt over gjennomsnittet for dei statlege høgskulane samla i perioden. I tal studentar er Molde og Ålesund like store studentbyar i Ålesund var klart mindre enn Molde i 1998 med 565 mot 987 studentar. I 2013 hadde dei to studiestadane knapt studentar kvar. I forhold til folketalet i dei to byane, er likevel innslaget av studentar relativt høgare i Molde enn i Ålesund. Det er sterke veksten av studentar er interessant, og ikkje minst er det interessant at kvinneandelen er veksande. Kvinneandelen veks også i Ålesund - ein høgskule med mange fag med tradisjonelt høg rekruttering av menn. 5 5 Sjukepleiarutdanninga er etter alt å døme viktig for rekrutteringa av kvinner til studia i Ålesund. Denne aukande kvinneandelen blant studentane i byen tyder likevel på at kvinner også inntek andre studium. Vi manglar tal som dokumenterer utviklinga av kvinneandelen på dei ulike studia. 19

20 Høgskolen i Ålesund (565 studentar 1998) Statlege høgskular ( studentar 1998) Figur 2.3.Opptak av studentar ved Høgskulen i Ålesund = Høgskolen i Molde (987 studentar 1998) Vitskaplege høgskular (2950 studentar i 1998) Figur 2.4. Opptak av studentar ved Høgskulen i Molde =100. Kvinner per 100 menn Årstal Høgskolen i Ålesund (259 kvinner 1998) Høgskolen i Molde (518 kvinner 1998) Figur 2.5. Tal kvinnelege studentar pr. 100 mannlege studentar. 20

21 2.7 Dei kunnskapsintensive yrkene finn vi i byane og i Volda og i Ulstein Som eit mål på kor stor del kunnskapsintensive arbeidsplassar som finst i kommunane, har vi lagt saman talet arbeidstakarar (etter arbeidsstad) i leiaryrke, akademiske yrke og høgskuleyrke. Då finn vi at Volda ligg på topp med 45% (Figur 2.6). Akademikaryrke utgjer heile 18 prosentpoeng av desse, og gjer Volda til den mest akademikartette arbeidsmarknaden i fylket. Høg del akademikarar er elles ein typisk byeigenskap; vi ser det er berre byane (utanom Volda ) som har meir enn 10 prosent av yrka innafor denne kategorien. Leiaryrke og høgskuleyrke er litt jamnare spreidd mellom by og land. Ulstein som også har ein høg del kunnskapsintensive yrker, har låg del akademikarar men desto fleire innanfor høgskuleyrka. Denne statistikken er ikkje ulik statistikken over utdanningsnivå, men her ser ein kor arbeidsplassane til dei høgt utdanna er lokalisert. Det er betydeleg netto innpendling til desse yrka i Ålesund, Molde og Ulstein. Frå Kristiansund og Volda er det netto utpendling av folk som har desse yrka Sum leiaryrke akademiske yrke høgskuleyrke 1519 Volda 1502 Molde 1504 Ålesund 1516 Ulstein 1505 Kristiansund 1547 Aukra FYLKET Figur 2.6. Del kunnskapsintensive yrker fordelt på leiaryrke, akademiske yrke og høgskuleyrke. Sysselsette etter arbeidskommune 2010 (Nyaste tal). Kjelde: yrkesstatistikk, SSB Kreative næringar: Få kunstarar og kulturarbeidarar i fylket! Florida vel å bruke tilsette i kreative næringar som eit mål på talentbasen i staden for kunnskapsintensive yrker. Menon (2012) har studert dei kreative næringane 6 i Møre og Romsdal for 2010 og fant at dei står for om lag 3 % av sysselslettinga i fylket, kor mesteparten er på Sunnmøre. Når det gjeld verdiskapinga kjem fylket på ein sjetteplass i landet. Lønnsemda i dei kreative næringane var likevel betre enn landsgjennomsnittet. 6 Musikk, film, foto og spill, tv og radio, design, trykte media, annonse og reklame, kulturarv og kunstnarleg verksemd. 21

Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar

Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar Marte Fanneløb Giskeødegård og Gro Marit Grimsrud Rapport nr. 52 Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar 2 Møreforsking Volda Postboks 325, NO-6101 Volda Tlf. 70 07 52 00 NO 991 436 502 Tittel

Detaljer

Ung i utkant tankar om framtida blant ungdom frå utkantkommunar

Ung i utkant tankar om framtida blant ungdom frå utkantkommunar Ung i utkant tankar om framtida blant ungdom frå utkantkommunar Finn Ove Båtevik Artikkelen byggjer på ei undersøking blant ungdom i utkantkommunar. Undersøkinga viser store variasjonar i kva grad ungdom

Detaljer

Handlingsplan. Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner

Handlingsplan. Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner Handlingsplan Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner Innhaldsliste 1 INNLEIING OG SAMANDRAG 5 1.1 SORIA MORIA-ERKLÆRINGA, MÅLSETJING, FØRESETNADER OG TILTAK 5 1.2 DEFINISJON AV ENTREPRENØRSKAP

Detaljer

Resultat frå evalueringa av Reform 97. Utarbeidd av Peder Haug

Resultat frå evalueringa av Reform 97. Utarbeidd av Peder Haug Resultat frå evalueringa av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug Resultat frå evalueringa av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug, forskingsleiar for evalueringa 1 2 Forord Noregs forskningsråd har på oppdrag

Detaljer

Evaluering av Reform 97

Evaluering av Reform 97 Evaluering av Reform 97 Sluttrapport frå styret for Program for evaluering av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug Forskingsleiar 2003 1 Norges forskningsråd 2003 Norges forskningsråd Postboks 2700 St. Hanshaugen

Detaljer

MANGE VIL HA, MEN FÅ VIL SELJE!

MANGE VIL HA, MEN FÅ VIL SELJE! MANGE VIL HA, MEN FÅ VIL SELJE! Småbruk som ressurs for busetting Av Henry Mæland Rapport nr 222 2005 TELEMARKSFORSKING-BØ Telemarksforsking-Bø 2005 Rapport nr. 222 ISBN 82 741 243 7 ISSN 1501 9918 Pris:

Detaljer

Ny tid for Hardanger?

Ny tid for Hardanger? Ny tid for Hardanger? Flytting mellom 27 og 21 i lys av tidlegare år Desember 211 AUD-rapport nr. 14.2-11 Utgivar: Hordaland fylkeskommune, Regionalavdelinga, Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD)

Detaljer

Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle -

Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - 2014 2025 Utgivar: Tittel: Hordaland fylkeskommune, Regionalavdelinga Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - Dato: 7.

Detaljer

Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland

Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland Mer kan Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland Kjetil Lie og Audun Thorstensen (Telemarksforsking), Sven Haugberg (Asplan Viak) og Tor Erik Baksås (Ernst & Young) TF-notat nr. 18/2013

Detaljer

Kompetanse for tilpasset opplæring. Artikkelsamling

Kompetanse for tilpasset opplæring. Artikkelsamling Kompetanse for tilpasset opplæring Artikkelsamling Redaktører: Grete Dalhaug Berg, Høgskolen i Volda og Kari Nes, Høgskolen i Hedmark Copyright Layout: Wallace Design C 2007 Utdanningsdirektoratet 2 Utdanningsdirektoratet

Detaljer

Rapport om kommunereforma frå Askvoll til Åseral

Rapport om kommunereforma frå Askvoll til Åseral Kåre Lilleholt og Jens Kihl Rapport om reforma frå Askvoll til Åseral Innhald Innleiing 5 Kva er reforma? 7 Språkspørsmål i reforma 8 Framdrift 9 Reformstøtte 10 Det regionale nivået 10 Førre reform 11

Detaljer

Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder. Et forslag til strategi

Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder. Et forslag til strategi Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder Et forslag til strategi Språkrådet 2005 Innhald 1 Samandrag... 3 2 Innledning... 10 3 Språk på spel i 2005... 18 4 Språk en demokratisk

Detaljer

LINDA LIEN. Kunsthøgskolen i Bergen, Avd. design, fagområde for visuell kommunikasjon. www.visuellidentitet.no

LINDA LIEN. Kunsthøgskolen i Bergen, Avd. design, fagområde for visuell kommunikasjon. www.visuellidentitet.no Identitetsdesign for geografisk avgrensa område: den kollektive stadsidentiteten i den personlege merkevarebygginga si tid LINDA LIEN Kunsthøgskolen i Bergen, Avd. design, fagområde for visuell kommunikasjon.

Detaljer

Fleire orienterer seg mot nye marknader

Fleire orienterer seg mot nye marknader Mai 2009 Tøft for industri og bygg og anlegg Framtidsutsiktene for industrien og bygg- og anleggsnæringa er blitt ytterlegare forverra sidan nyttår. Fleire orienterer seg mot nye marknader 40 prosent av

Detaljer

Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar.

Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar. Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar. Kva for utfordringar opplever rektor når foreldre ønskjer å gjennomføre prosjekt utanfor skulen si økonomiske ramme? Asbjørn

Detaljer

Forsiktig, men sårbar vekst

Forsiktig, men sårbar vekst Mai 21 Forsiktig, men sårbar vekst Næringsbarometeret er utarbeidd i samarbeid mellom Asplan Viak og partnarane bak barometeret: 2 LEIAR 3 Næringsbarometeret tek pulsen på næringslivet Næringsbarometeret

Detaljer

God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015

God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015 God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015 God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015 Side 1 1. INNLEIING

Detaljer

Når starten er god. En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring

Når starten er god. En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring Når starten er god En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring Copyright C 2007 Utdanningsdirektoratet Layout: Wallace Design Ill.: Brian

Detaljer

Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke Frå forvaltning til utvikling?

Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke Frå forvaltning til utvikling? Notat nr. 9/2007 Jørgen Amdam, Johan Barstad, Finn Ove Båtevik og Geir Tangen Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke Frå forvaltning til utvikling? 2007 VOLDA Prosjekttittel Prosjektansvarleg Prosjektleiar

Detaljer

Jo fleire kokkar, jo betre søl. medverknad i arkiv, bibliotek og museum #62. Åshild Andrea Brekke. Pantone. Pantone. c72 m64 y62 k59.

Jo fleire kokkar, jo betre søl. medverknad i arkiv, bibliotek og museum #62. Åshild Andrea Brekke. Pantone. Pantone. c72 m64 y62 k59. Jo fleire kokkar, jo betre søl Pantone Pantone Pantone medverknad i arkiv, bibliotek og museum 459 151 484 c6 m7 y55 k0 c0 m43 y87 k0 c0 m87 y83 k30 r242 g255 b140 r249 g161 b58 r179 g52 b40 Åshild Andrea

Detaljer

LOKALSAMFUNNET SOM KREATIV ALLMENNING? Ein rettleiar av Dag Jørund Lønning

LOKALSAMFUNNET SOM KREATIV ALLMENNING? Ein rettleiar av Dag Jørund Lønning LOKALSAMFUNNET SOM KREATIV ALLMENNING? Ein rettleiar av Dag Jørund Lønning 1 INNLEIING OG BAKGRUNN Denne rettleiaren byggjer på eiga erfaring gjennom snart 20 år med forsking og utviklingsarbeid for å

Detaljer

Mellom Nar og New York

Mellom Nar og New York Mellom Nar og New York Ein studie av innverknaden migrasjonen har på indiansk identitet og bruk av kichwa hjå ungdom i Cañar, Ecuador. Hildegunn Stokke Juni 2011 Abstract This work explores the effects

Detaljer

Liv Jorunn Stokke UFØREPENSJONIST AR. FAFO-rapport 153 -- -- - -

Liv Jorunn Stokke UFØREPENSJONIST AR. FAFO-rapport 153 -- -- - - Liv Jorunn Stokke UFØREPENSJONIST AR loffentleg SEKTOR FAFO-rapport 153 -- -- - - FAFO 1993 ISBN 82-7422-107-9 Omslagsfoto: Lars Bahl 2. maj - Samfoto Trykk: C Falch Hurtigtrykk. Oslo Innhald 1 Innleiing............................

Detaljer

Informasjonsforvaltning i offentleg sektor. Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583

Informasjonsforvaltning i offentleg sektor. Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583 Informasjonsforvaltning i offentleg sektor Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583 Forord Det har lenge vore klart at offentleg sektor må nytte informasjonen sin på ein betre måte for å bli meir effektiv, gi betre

Detaljer

Evaluering av Senter for yrkesrettleiing

Evaluering av Senter for yrkesrettleiing Evaluering av Senter for yrkesrettleiing Nr. 12-12 AUD-rappor t Utgivar: Hordaland fylkeskommune, Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) http://www.hordaland.no/aud Tittel: «Evaluering av Senter for

Detaljer

Bruk av tvang i psykisk helsevern

Bruk av tvang i psykisk helsevern Internrevisjonen Bruk av tvang i psykisk helsevern Helse Vest RHF, september 2014 INNHALD Målgruppene for denne rapporten er styret og revisjonsutvalet på regionalt nivå, styra i helseføretaka, formelt

Detaljer

Fjell kommune. Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV. Frå helseområdet på Straume

Fjell kommune. Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV. Frå helseområdet på Straume Fjell kommune Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV Frå helseområdet på Straume Rapport desember 2012 I eit samarbeid med Husbanken Region Vest har rådmannen i Fjell laga denne rapporten.

Detaljer

Møring. Stor entusiasme for nytt samhandlingsutval. Nr. 6-2010. Ny avdelingssjef på vaksenpsykiatrisk. Lokal forankring sentralt

Møring. Stor entusiasme for nytt samhandlingsutval. Nr. 6-2010. Ny avdelingssjef på vaksenpsykiatrisk. Lokal forankring sentralt Sunn Møring Nr. 6-2010 Stor entusiasme for nytt samhandlingsutval sjå side 10 Ny avdelingssjef på vaksenpsykiatrisk avdeling s. 3 Lokal forankring sentralt s. 4 Felles satsing i nødetatane s. 6 LEIAR Helse

Detaljer

FRÅ FØRSKULELÆRAR TIL BARNEHAGELÆRAR

FRÅ FØRSKULELÆRAR TIL BARNEHAGELÆRAR FRÅ FØRSKULELÆRAR TIL BARNEHAGELÆRAR Den nye barnehagelærarutdanninga Mulegheiter og utfordringar Rapport frå Følgjegruppa til Kunnskapsdepartementet RAPPORT NR.1 2014 0 Forord Denne rapporten er den første

Detaljer

RAPPORT MEIR ENN FINE ORD. - seks forslag til ein utviklingspolitikk som tek barn og unge på alvor

RAPPORT MEIR ENN FINE ORD. - seks forslag til ein utviklingspolitikk som tek barn og unge på alvor RAPPORT MEIR ENN FINE ORD - seks forslag til ein utviklingspolitikk som tek barn og unge på alvor Rapporten er skrive av Kathrine Sund- Henriksen på oppdrag for LNU. Medforfattar er Idunn Myklebust. Design:

Detaljer