Nytt symjeanlegg på Voss. Forslag frå Symjegruppa i Voss Idrottslag

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Nytt symjeanlegg på Voss. Forslag frå Symjegruppa i Voss Idrottslag"

Transkript

1 Nytt symjeanlegg på Voss Forslag frå Symjegruppa i Voss Idrottslag Voss 21 oktober 2008

2 Bakgrunn/Historikk I september 2006 vart det sett ned ei arbeidsgruppe i kommunal regi som skulle greia ut spørsmålet om eit nytt badeanlegg på Voss. Utvalet leverte si innstilling Juni 2007 og kom med to tilrådingar. 1.) Behovet for eit nytt bad på Voss er stort og 2) Arbeidsgruppa meinar at den beste lokaliseringa vil vera ved det eksisterande badeanlegg ved sentralidrettsanlegget. På bakgrunn av dette vart det i kommunestyret i november 2007 satt ned ei ny arbeidsgruppe som skulle gå vidare med dette arbeidet for å vurdera finansieringsmodellar, samt tomtealternativ. Då me no skjønnar det slik, frå leiaren i arbeidsgruppa si uttale i avisa, at gruppa sit og ventar på utspel frå utanforståande, tillet Symjegruppa i Voss Idrottslag seg å koma med eit forslag. På 60-tallet var symjegruppa sentrale pådrivarar for å få på plass eksisterande anlegg, anlegg som har vore heilt avgjerande for symjeopplæringa i bygda. Alt på 70 talet såg ein at innandørsbassenget frå 1963, ikkje var tilstrekkeleg til å møta alle behova eit slikt anlegg skal tilfredsstilla. Ikkje minst gjaldt dette på kapasitet. Sidan den gong har det vore ein rekke initiativ og utval som har prøvd å sjå om ein kunne få på plass eit nytt basseng, utan å lykkast. Blant anna ba Voss Idrottslag i 2004 kommunen om å ta omsyn til eit nytt symjeanlegg i tilknyting til planlegging av eit nytt kulturhus. Voss Idrottslag har lenge hatt den klare meining om at plassering av eit nytt symjeanlegg må liggja i sentrumskjernen og i tilknyting til eksisterande sentralidrettsanlegg, i tråd med tilrådinga til det førre utvalet og i samsvar med Norges Svømmeforbund(NSF) sine retningslinjer. Dette er utvilsamt det beste for symjeopplæringa i bygda, også sett i eit helsefremmande totalperspektiv for innbyggarane i bygda. Samtidig er dette det mest miljøvennlege alternativet i forhold til minska bilbruk. Sambruk med dei andre idrettsanlegga som ligg i området, har store føremoner, både ved dagleg bruk og ved større arrangement. Det som har vore spørsmålet, har vore korleis skal ein kunne finansiera eit slik anlegg på ein god måte.

3 Forslaget Forslaget må sjåast på som eit utkast til løysing der mange instansar/brukargrupper vil måtte trekkast med før ei endeleg løysing ligg på bordet. Det ligg to sentral føresetnadar til grunn for løysinga som er avgjerande for Voss Idrottslag: 1) Anlegget må liggja sentrumsnært. Med sentrumsnært meinast i kort gåavstand frå Vangen. 2) Anlegget må tilfredstilla behova for symjeanlegg for innbyggarane i bygda, for skulane, samt til symjeidretten. Anlegget Slik det er lagt opp i forslaget(sjå vedlegg), er det teke utgangspunkt i areala som gymnastikksalen og innebassenget ved Voss Ungdomskule nyttar i dag, samt noko utviding der det er parkering (sida mot utebassenget) og utviding i vest. Eksisterande bygningsmasse her er i dårleg forfatning og må uansett renoverast/rehabiliterast innan nokre år. Frå kommunens side er rehabiliteringa av denne delen av skulen planlagt som byggetrinn IV, der to av byggetrinna er no ferdigstilt. Vidare utnyttar forslaget ein samdrift mot dagens utebasseng. Det er allereie i dag ei teknisk samdrift av desse to anlegga. Forslaget bygger vidare på dette, men i tillegg utviklar ein felles garderobar mellom desse to anlegga. Dermed får ein også rehabilitert/nye garderobar for utebassenget, noko kommunen elles måtte ta fatt på i løpet av nokre år. Forslaget er mellomting av mellom nøkternt symjeanlegg og eit badeland. Arealet som er nytta her er omlag 3000 m2 på to plan, der gymnastikk- og symjehallen er på plan 1, mens ein i underetasjen har garderobar, tekniske rom, wc, tilkomst til kulvert som går til utebassenget mm. Symjehallen flytta ut mot Vangsvatnet med flott utsikt til Vangsvatnet og Gråsida med eit basseng på 25 m., eit opplæringsbasseng og eit barnebasseng. Det er lagt inn stupetårn som gir høve til ein klatrevegg i bakkant, samt ei badesklie for å gje ein viss attraksjon utover sjølve badeaktiviteten. Utbyggar Opp møt 90 % av symjeanlegga i Noreg er kommunalt bygd og drevet. Utbygging av symjeanlegg er eit delt ansvar mellom Staten og kommunane, i nokre tilfeller er fylkeskommunen involvert. I fylgje læreplanen for skulane skal alle elvane læra å symja. Det pålegg kommunen eit spesielt ansvar for å legga forholda til rette dette skal vera mogeleg. I tillegg er symjebassenget ein av dei viktigaste møteplassane for meistringsutvikling og til førebyggande og helsebringande aktivitet. Generelt vert det i samfunnet brukt 100 gonger meir midlar til å betala for sjukdom enn å førebygga. Kommunalt

4 investerte pengar i symjeanlegg vil gje gode framtidige helsemessige vinstar i form av reduserte utgifter til pleie og behandling. Ein privat utbyggar vil sannsynlegvis ikkje ha dei same motiva for bygga ut og driva eit symjeanlegg. Voss kommune bør såleis, både i forhold til sitt ansvar for symjeopplæring og investering i innbyggarane si helse, stå som utbyggar eit nytt symjeanlegg. Vonleg vil det også finnast private bidragsytarar til eit slik godt føremål. Økonomi Utbyggingskostnad Voss Kommune har ein stram økonomi og har påtatt seg store kostnader gjennom bygging av eit nytt kulturhus, samt utbygging av tinghuset. Eit nytt symjeanlegg vil kosta ein heil del pengar. Staten vil kunne bidra med deler av dette gjennom rentefrie lån og tippemidlar. I tillegg får kommunen momskompensasjon. Det gjenståande må kommunen ta opp lån på. Kor stort lån som er naudsynt, vert avhengig av totalkostnad og bidrag frå stat. Uansett vil kommunen få kostnader i tilknyting til nødvendig rehabilitering på den aktuelle bygningsmassen i løpet av få år. Spørsmålet er då om ikkje kommunen bør utnytta den situasjonen som er no, til å starta planlegginga av eit nytt anlegg som symjegruppa foreslår og skaffa seg ei finansiering som er gunstig. Slik staten legg til rette for. I tillegg vil det sannsynlegvis verta ei nedgang i bygg og anlegg dei næraste åra ut i frå den finanskrisa ein har hatt. Skulle det slå til, er dette gunstig ut ifrå totalpris på anlegget, samt at auka byggeaktivitet vil gje skattepengar tilbake til kommunen. At det kjem fleire gunstige stimuleringstiltak frå regjeringa, og at det i tillegg er stortingsval neste år, gjer at tida kanskje er inne for å smi eit nytt symjeanlegg. Driftskostnad Kommunen har allereie drifts- og vedlikehaldsutgifter på eksisterande anlegg. Dersom ein skal halda desse i nokolunde brukbar stand, vil utgiftene måtte auka på vedlikehaldssida. Ved å ta grep og bygga eit nytt anlegg som me foreslår, vil ein kunne sleppa å lappa på ein bygningsmasse som likevel snart må skiftast ut. For eit nytt anlegg vil ein for eksempel kunne utnytta moderne varmeutvinningsteknologi ved å henta varmen frå Vangsvatnet til det nye anlegget. Det foreslåtte anlegget vil kunne gje ein langt større utnyttingsgrad enn det ein har i dag. Fleire grupper vil kunne nytta anlegget samstundes. På den Vidaregåande skulen på skulehaugen kjem det etter kvart 800 elevar. Desse vil kunne vera brukarar av anlegget, slik at ein også kan få fylkeskommunen til å vera med å dekke noko av driftsutgiftene. I tillegg bør anlegget vera tilgjengeleg for offentleg bading i helgar og feriar utanom sumarsesongen. Dette vil kunne gje billettinntekter frå tilreisande og innbyggarane på Voss som bidrag til driftsinntektene til anlegget. Samdrifta med utebassenget vil også kunne væra med å redusera den totale driftskostnaden på dei to anlegga.

5 Forslag til framdrift og eit tilbod frå symjegruppa Kommunen bør i budsjetter for 2009 setta av midlar til prosjektering og ressursbruk for å få på plass finansiering for eit nytt symjeanlegg i tilknyting eksisterande anlegg. Lokaliseringsdebatten bør leggast død og fokus må rettast på å få prosjektert og finansiert eit nytt anlegg. Innan dei rammer som her er foreslege, stiller symjegruppa inntil kr til disposisjon for arbeidet i 2009, med føresetnad om at kommunen løyver resten av pengane som skal til for planleggingsarbeidet, minimum tilsvarande sum. Som ein del av dette arbeidet, skal det lagast ein plan for når oppstarten av nytt anlegg kan settast i gang ut ifrå kommunens andre byggeaktivitetar, aktuell finansieringsmodell for nytt anlegg, samt kommunen framtidige utgiftsprofil. Eit mål må vera at ein har eit nytt symjeanlegg til skulestart 2011, seinast Symjegruppa set sit lit til at kommunen sine politikarar ser det store behovet Voss har for eit nytt symjeanlegg og dei kvalitets- og helsemessige gevinstane dette vil gje for innbyggarane på Voss, og vil setta fokus på dette i tida framover. Ved å rehabilitera/erstatta eksisterande bygningsmasse, samt å gripa tida, bør dette la seg gjera. Frå Styret i symjegruppa i Voss Idrottslag Vedlegg skisser av anlegget utarbeida av arkitekt Bård Mossige

6 Vedlegg til nytt symjeanlegg på Voss Skisser utarbeida av arkitekt Bård Mossige

7

8

9 Ei tidleg perspektivskisse - sett frå vangsvatnet

Rapport frå AG Kunnskap

Rapport frå AG Kunnskap Rapport frå AG Kunnskap 07.01.09 Rapport frå AG Kunnskap Hallingmoprosjektet side 1 av 12 08.10.2013 Rapport frå AG Kunnskap Hallingmoprosjektet side 2 av 12 08.10.2013 1. INNLEIING Arbeidsgruppa Kunnskap

Detaljer

STORD KOMMUNE. Rapport. Prosjekt " Modell for bustadbygging" Stord oktober 2009. "Der alle skulle tru at nokon kunne bu

STORD KOMMUNE. Rapport. Prosjekt  Modell for bustadbygging Stord oktober 2009. Der alle skulle tru at nokon kunne bu STORD KOMMUNE Rapport Prosjekt " Modell for bustadbygging" Stord oktober 2009 "Der alle skulle tru at nokon kunne bu I 7 Bakgrunn Stord kommune søkte 10.10.08 om kompetansemidlar frå Husbanken Region Vest

Detaljer

Fjell kommune. Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV. Frå helseområdet på Straume

Fjell kommune. Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV. Frå helseområdet på Straume Fjell kommune Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV Frå helseområdet på Straume Rapport desember 2012 I eit samarbeid med Husbanken Region Vest har rådmannen i Fjell laga denne rapporten.

Detaljer

FORHOLDET MELLOM DRIFTSSTYRE OG LOKALT EIGARSKAP

FORHOLDET MELLOM DRIFTSSTYRE OG LOKALT EIGARSKAP FORHOLDET MELLOM DRIFTSSTYRE OG LOKALT EIGARSKAP Dette er eit viktig spørsmål for mange av dei konsoliderte musea, og det er bra det blir sett på dagsorden. Det er ei problemstilling som i all hovudsak

Detaljer

KORTVERSJON KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR VOLDA KOMMUNE 2012-2015

KORTVERSJON KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR VOLDA KOMMUNE 2012-2015 KORTVERSJON KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR VOLDA KOMMUNE 2012-2015 Kommunal planstrategi 2012 2015 er ei prioritering av Volda kommune sitt planarbeid dei næraste åra. Kortversjon kommunal planstrategi for

Detaljer

Årsmelding 2013. Lom kommune. Gjestfri og nyskapande. Årsmelding 2013. Innhaldet i årsmelding 2013:

Årsmelding 2013. Lom kommune. Gjestfri og nyskapande. Årsmelding 2013. Innhaldet i årsmelding 2013: Årsmelding Gjestfri og nyskapande Innhaldet i årsmelding : Innleiing 3 Ordføraren sine kommentarar 6 Administrasjonssjefen si vurdering 7 Politisk organisering og saker 8 Personal og organisasjon 9 Økonomisk

Detaljer

Sogn LMS Etablering av eit lokalmedisinsk senter i Lærdal

Sogn LMS Etablering av eit lokalmedisinsk senter i Lærdal Sogn LMS Etablering av eit lokalmedisinsk senter i Lærdal Dette er sluttrapport etter forstudien i prosjektet Sogn LMS. Prosjektet har som føremål å greie ut, planlegge og utvikle eit lokalmedisinsk senter

Detaljer

Ide Camp 2011. Rapport nr: Dato: 21. mars 2011 Utarbeida av: Cecilie Ukvitne, Egil Selvåg og Yngve Tranøy

Ide Camp 2011. Rapport nr: Dato: 21. mars 2011 Utarbeida av: Cecilie Ukvitne, Egil Selvåg og Yngve Tranøy Ide Camp 2011 Rapport nr: Dato: 21. mars 2011 Utarbeida av: Cecilie Ukvitne, Egil Selvåg og Yngve Tranøy Utkast 1: Resultat frå Ide Camp 2011 Side i INNHOLDSFORTEGNELSE 1. INNLEIING 1 1.1 Bakgrunn 1 1.2

Detaljer

Nasjonalt utviklingsprogram. Landbruksbygg og kulturlandskap Sluttrapport

Nasjonalt utviklingsprogram. Landbruksbygg og kulturlandskap Sluttrapport Nasjonalt utviklingsprogram Landbruksbygg og kulturlandskap Sluttrapport Februar 2013 1 Samandrag Denne sluttrapporten tek sikte på å samanfatte informasjon og lærdom frå utviklingsprogrammet Landbruksbygg

Detaljer

Møtebok for Kommunestyret i Radøy

Møtebok for Kommunestyret i Radøy Radøy kommune Møtedato: 12.06.2014 Møtested: Kommunestyresalen Møtetid: 18:00 Møtebok for Kommunestyret i Radøy Møtedeltakarar Parti Rolle Jon Askeland SP Ordførar Morgan Taule AP Medlem Kirsti Gjetle

Detaljer

Ny bruk av ledige landbruksbygg Ei handbok for deg med planar om gjenbruk av garden sine bygningsressursar

Ny bruk av ledige landbruksbygg Ei handbok for deg med planar om gjenbruk av garden sine bygningsressursar Ny bruk av ledige landbruksbygg Ei handbok for deg med planar om gjenbruk av garden sine bygningsressursar Eksisterande bygning Nybygg Eksisterande bygning Purkeskinnet i Gausdal, Oppland. Stabbur og våningshus

Detaljer

Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland

Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland Mer kan Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland Kjetil Lie og Audun Thorstensen (Telemarksforsking), Sven Haugberg (Asplan Viak) og Tor Erik Baksås (Ernst & Young) TF-notat nr. 18/2013

Detaljer

For å nå dette må tiltak, verkemedel og tenester organiserast slik at dei fremmer dette og motverkar segregering og stigmatisering.

For å nå dette må tiltak, verkemedel og tenester organiserast slik at dei fremmer dette og motverkar segregering og stigmatisering. 8.9.10 Uttalelse om Fridom og likeverd frå ord til handling. Forslag 2 Forslagsstiller: Geir Johannessen Kongressen vedtar uttalelsen: Fridom og likeverd frå ord til handling. Fridom og likeverd frå ord

Detaljer

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015 BREV MED NYHENDE 06/02/2015 Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015 Av advokat Anders Elling Petersen Johansen Bakgrunn Regjeringa har, etter eiga utsegn, ei målsetjing om å gjere

Detaljer

Oversikt over interkommunalt samarbeid

Oversikt over interkommunalt samarbeid Oversikt over interkommunalt samarbeid Hjartdal kommune Forvaltningsrevisjonsrapport nr: 727 004 2007 Innhald Samandrag...iii 1 Innleiing...1 1.1 Bakgrunn...1 1.2 Problemstillingar...1 1.3 Avgrensing...1

Detaljer

Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar.

Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar. Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar. Kva for utfordringar opplever rektor når foreldre ønskjer å gjennomføre prosjekt utanfor skulen si økonomiske ramme? Asbjørn

Detaljer

NOTAT. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: 16.02.2015 FRÅ:

NOTAT. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: 16.02.2015 FRÅ: NOTAT GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 16.02.2015 FRÅ: Administrerande direktør SAKSHANDSAMAR: Tove Hagland SAKA GJELD: Resultatnotat ARKIVSAK: 2015/1420/ STYRESAK: 020/15 STYREMØTE:

Detaljer

Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle -

Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - 2014 2025 Utgivar: Tittel: Hordaland fylkeskommune, Regionalavdelinga Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - Dato: 7.

Detaljer

«Hjartetrimmen» Frå spesialisthelseteneste til kommune Helsetorgmodellen-rapport (2013/3)

«Hjartetrimmen» Frå spesialisthelseteneste til kommune Helsetorgmodellen-rapport (2013/3) Kvinge, L. M. Ek, C.E., Olsen Bøe, T., Kolnes, M., Hundseid, E. & Vikse, I. «Hjartetrimmen» Frå spesialisthelseteneste til kommune Helsetorgmodellen-rapport (2013/3) 1 Helsetorgmodellen rapport (2013/3)

Detaljer

Strategisk arbeid med omstilling HMR 2016-2021

Strategisk arbeid med omstilling HMR 2016-2021 Saksframlegg Strategisk arbeid med omstilling HMR 2016-2021 Saksnr Utvalsnamn Møtedato Sak 2015/26 Styret for Helse Møre og Romsdal HF 06. mai 2015 Saksbehandlar: Dag Hårstad/ Espen Remme Arkivreferanse:

Detaljer

Nye driftstiltak positive tiltak. Framlegg frå avdelingane

Nye driftstiltak positive tiltak. Framlegg frå avdelingane Nye driftstiltak positive tiltak Framlegg frå avdelingane Tiltaknr.: STAB-D-001-1000 Politisk ansvar ipad Prioritetsnr. Tiltak(beskriving ipad til politikarane 150.000 Folkevalde for perioden 2011 2015

Detaljer

God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015

God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015 God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015 God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015 Side 1 1. INNLEIING

Detaljer

Nye kapitalkrav for bankane

Nye kapitalkrav for bankane Nye kapitalkrav for bankane I. Innleiing Takk for innbyding og høve til å koma til Bergen for å innleia om kapitalkrav og bankar. Eg har forstått det slik at eg i fyrste rekkje skal avgrensa meg til små

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Møtedato Saksnr. Saksbeh. Naturutvalet 26.11.2014 069/14 RLØ Kommunestyret 17.12.

SAKSFRAMLEGG. SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Møtedato Saksnr. Saksbeh. Naturutvalet 26.11.2014 069/14 RLØ Kommunestyret 17.12. SAMNANGER KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Ragnhild Lønningdal Arkivkode: FA-M16 Arkivsaksnr: 11/149 Løpenr: 14/6899 Sakstype: Politisk sak SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Møtedato Saksnr. Saksbeh.

Detaljer

Ny tid for Hardanger?

Ny tid for Hardanger? Ny tid for Hardanger? Flytting mellom 27 og 21 i lys av tidlegare år Desember 211 AUD-rapport nr. 14.2-11 Utgivar: Hordaland fylkeskommune, Regionalavdelinga, Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD)

Detaljer

Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole. Opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Hordaland

Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole. Opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Hordaland Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole Opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Hordaland 2 Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole Innholdsfortegnelse Innleiing... 3 KAPITTEL

Detaljer

trategisk plan for pedagogisk bruk av IKT 2010-2012 26.mars 2010 Høyringsdokument www.sfj.no

trategisk plan for pedagogisk bruk av IKT 2010-2012 26.mars 2010 Høyringsdokument www.sfj.no trategisk plan for edagogisk Strategisk plan bruk for av IKT pedagogisk bruk av IKT 2010-2012 2010 2012 26.mars 2010 Høyringsdokument www.sfj.no Innhaldsliste Strategisk plan for pedagogisk bruk av IKT

Detaljer

Evaluering av Reform 97

Evaluering av Reform 97 Evaluering av Reform 97 Sluttrapport frå styret for Program for evaluering av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug Forskingsleiar 2003 1 Norges forskningsråd 2003 Norges forskningsråd Postboks 2700 St. Hanshaugen

Detaljer

Vegsamband over Ytre Steinsund. Oppgradert kostnadsoverslag

Vegsamband over Ytre Steinsund. Oppgradert kostnadsoverslag Vegsamband over Ytre Steinsund Oppgradert kostnadsoverslag Region vest Leikanger, R.vegktr Utgreiingsseksjonen Dato: 22.02.2012 Innhald 1. Innleiing 2 2. Tidlegare utgreiingar 3 3. Endring i føresetnader

Detaljer