Alle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Alle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole"

Transkript

1 BERGEN KOMMUNE Byrådsavdeling for barnehage og skole Notat Saksnr.: Saksbehandlar: OLHG Emnekode: SARK-2000 Til: Frå: Alle grunnskular Fagavdeling barnehage og skole Dato: 17. august 2010 Foreldresamarbeid - meir detaljerte krav etter endring i forskrift til opplæringslova frå 1. august 2010 Opplæringslova 1-1 (formålsparagrafen) gir føringar om at opplæringa i skulen skal vera i samarbeid og forståing med heimen. I 13-3d er det gitt pålegg om foreldresamarbeid, og i same paragraf er departementet gitt heimel til å gi nærmare forskrifter om slikt samarbeid. Frå 1. august 2010 har departementet gjort endringar i forskrift til opplæringslova. Alt om foreldresamarbeid er no samla i kapittel 20. Det som tidlegare stod i 3-9 om kontakt med heimen, er flytta dit, men retningslinene er samtidig gjort meir detaljerte omtalar formålet med foreldresamarbeidet, 20-2 gir mandat for det nasjonale foreldreutvalet for grunnopplæringa, 20-3 gjeld foreldresamarbeid i grunnskulen og 20-4 i den vidaregåande skulen. Nedanfor følgjer forskriftsordlyden til 20-1 og 20-3 og eit redigert utdrag av Utdanningsdirektoratet sitt høyringsbrev frå der det er gitt generelle merknader om foreldremedverknad og -samarbeid, og spesifikke merknader til dei to nemnde paragrafane. 1. Forskrift til opplæringslova - ny 20-1 og Formålet med foreldresamarbeid Skolen skal sørgje for samarbeid med heimen, jf. opplæringslova 1-1 og 13-3d. Foreldresamarbeid skal ha eleven i fokus og bidra til eleven sin faglege og sosiale utvikling. Eit godt foreldresamarbeid er ein viktig ressurs for skolen for å styrkje utviklinga av gode læringsmiljø og skape læringsresultat som mellom anna fører til at fleire fullfører vidaregåande opplæring.

2 20-3. Foreldresamarbeid i grunnskolen Skolen skal halde kontakt med foreldra gjennom opplæringsåret. Skolen skal i starten av kvart opplæringsår halde eit foreldremøte der foreldra informerast om skolen, innhaldet i opplæringa, medverkinga til foreldra, rutinar og anna som er relevant for foreldra. Foreldra har minst to gonger i året rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg, og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om utviklinga til eleven i lys av opplæringslova 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven kan vere med i samtalen med foreldra. Når eleven har fylt 12 år, har han eller ho rett til å vere med i samtalen. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter 3-11 tredje ledd og halvårsvurdering i fag etter Foreldra skal få munnleg eller skriftleg: a) varsling om eleven sitt fråvær b) varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag, orden og oppførsel eller fare for at eleven kan få karakteren nokså godt eller lite godt i orden eller oppførsel, jf. 3-7 c) informasjon om eleven og foreldra sine rettar og pliktar etter opplæringslova og forskrifta d) anna viktig informasjon om eleven, med mindre denne er underlagt teieplikt etter anna lovgiving. 2. Generelt om foreldremedverknad og foreldresamarbeid Det er foreldra som har hovudansvaret for å oppdra barna sine, mens skulen har ansvaret for opplæringa når det gjeld fagleg innhald, val av arbeidsmåtar og organisering og at eleven får tilfredsstillande utbyte. Skulen skal samarbeida med foreldra for å skapa forståing for skulearbeidet og for å sikra nødvendig oppfølging. At samarbeid heim skule er omtalt i formålsparagrafen, understrekar kor viktig og sentralt dette er i heile den 13-årige grunnopplæringa. Det må skiljast mellom foreldremedverknad i dei lovbestemte rådsorgana ved skulen og samarbeidet med foreldra til kvar elev. Retningsliner for rådsorgana er gitt i opplæringslova kapittel 11. Foreldra skal ha sitt eige foreldreråd som mellom skal anna arbeida for å skapa eit godt samhald mellom heim og skule, og ivareta fellesinteressene til foreldra. Alle foreldra er automatisk medlemmer gjennom å ha barn ved skulen. Foreldrerådet skal velja eit arbeidsutval (FAU). I tillegg skal eit visst tal foreldre veljast som medlemmer i skulemiljøutvalet og i samarbeidsutvalet. I skulemiljøutvalet skal foreldrerepresentantane og elevrepresentantane til saman utgjera fleirtalet av medlemmene. Foreldra sine rettar til samarbeid med skulen er regulert fleire stader i opplæringslova og forskrifta. Paragraf 13-3d i opplæringslova gir eit generelt pålegg om å sørgja for samarbeid 2 av 5

3 mellom heim og skule. Samarbeidet skal tilpassast lokale tilhøve. Det er skulen si plikt å etablera samarbeid - ikkje foreldra. Men skal samarbeidet fungera etter formålet, må foreldra delta aktivt - jf. merknad gitt til 13-3d i Ot.prp. nr. 55 ( ), kap. 13. Skulen må utøva ansvaret sitt i samsvar med annan lovgiving, mellom anna barnelova. Innhaldet i foreldreansvaret er regulert i barnelova 30 flg. Å ha foreldreansvar inneber både omsorgsplikt for barnet og rett til å ta avgjerder på vegne av barnet. Etter fylte 7 år har barnet rett til å få seia meininga si før foreldra tek avgjerd, etter fylte 12 år skal det leggjast stor vekt på kva barnet meiner, og etter fylte 15 år kan barnet sjølv avgjera spørsmål om val av utdanning. Foreldra kan derfor ikkje motsetja seg at barnet ikkje vil nytta retten sin til plass i den vidaregåande skulen, eller overprøva kva utdanningsprogram barnet skal søkja plass på. Elevar over 15 år kan sjølv melda skriftleg krav om fritak frå aktivitet etter opplæringslova 2-3a. Det er likevel ikkje slik at 15 år er ein generell skulerettsleg myndighetsalder som fritar skulen frå plikta til foreldresamarbeid. Kor stor innverknad foreldra har på skulen og læraren sitt arbeid varierer. Den mest omfattande forma for samarbeid er foreldrerepresentasjon i skulen sine brukarorgan. Den neste forma er dialog med skulen. For grunnskulen gjeld dette mellom anna foreldresamtalane. Den minst omfattande forma for samarbeid er informasjon frå skulen til heimen. Etter 11 i forvaltningslova har alle forvaltningsorgan rettleiingsplikt. Å gi informasjon er ein del av denne plikta. I tillegg er det no særskilt regulert kva slags varsel og informasjon skulen har plikt til å gi foreldra - jf. siste ledd i den nye 20-3 i forskrifta. Det såkalla Tidsbrukutvalet peikte på at samarbeid mellom heim og skule tar meir tid enn tidlegare, og viste til undersøkingar om dette. Det skuldast mellom anna nye kommunikasjonsformer som gjer lærarane lettare tilgjengelege. Utdanningsdirektoratet har sagt seg einig i dette. På foreldremøte bør derfor skulane klargjera rammer og rutinar for informasjon og dialog med foreldra. Dette kan for eksempel vera ei oppmoding til foreldra om ikkje å bruka lærarane sine private telefonar og e-post-adresser, ei forventningsavklaring av kor ofte lærarane skal sjekka sine arbeids-e-post-adresser og e-post-boksen i It's learning, informasjon om kva som er skulen si offisielle e-post-adresse og telefonnummer slik at foreldre i størst mogleg grad kan bruka desse, og tidspunkt for kor tid kontaktlærar kan treffast på telefon. 3. Merknader til er ny og er ei utdjuping av opplæringslova 1-1 og 13-3d. Paragrafen presiserer at foreldresamarbeid skal føra til god oppfølging av eleven si faglege og sosiale utvikling. Begge elementa er viktige for eleven sin motivasjon og trivsel, som igjen er viktig for at eleven skal fullføra den 13-årige grunnopplæringa. I siste punktum er det også understreka at eit godt foreldresamarbeid er viktig for skulen sitt arbeid med læringsmiljøet, og for å skapa læringsresultat som gjer at elevane fullfører vidaregåande opplæring. 4. Merknader til er delvis ei vidareføring av forskrift til opplæringslova 3-9, men inneheld også nye element i kontakten med heimen. Overskrifta er endra frå Kontakt med heimen i grunnskolen til Foreldresamarbeid i grunnskolen. 3 av 5

4 Første ledd er ei vidareføring av 3-9 første ledd. Her er det understreka at skulen skal ha kontakt med heimen gjennom opplæringsåret. Andre ledd er nytt. Her er det no forskriftsfesta at det skal haldast eit foreldremøte i oppstarten av kvart skuleår. Dette er praksis ved dei fleste skular allereie, og er derfor berre ei forskriftsfesting av noko dei fleste skulane allereie gjer. Det er ikkje sagt noko om organiseringa av møtet. Dette er opp til skulane, men foreldremøtet bør brukast til å gi informasjon om skulen, Læreplanverket for Kunnskapsløftet, foreldre sin rett til medverknad, rutinar og anna som er relevant for foreldra. Informasjonen om skulen må tilpassast foreldregruppa, og det vil truleg vera trong for meir grunnleggjande informasjon til foreldre med barn i 1. klasse og i 8. klasse. Tredje ledd er ei vidareføring av det som tidlegare stod i 3-9 andre ledd om foreldremøte minst to gonger i året. Det er ingen materielle endringar når det gjeld dette. Det fjerde leddet er nytt. Her er det forskriftsfesta kva foreldra har rett til å bli informert om. Skulen kan sjølv avgjera om det er mest tenleg å gi skriftleg eller munnleg informasjon. Sjå likevel det som står om bokstav b nedanfor. I bokstav a er det fastslått at foreldra skal varslast om eleven sitt fråvær. Skulen skal varsla foreldra snarast mogleg om fråvær som foreldra ikkje har meldt frå om. Barn i grunnskulealder har opplæringsplikt etter opplæringslova 2-1, og det ligg til foreldreansvaret å sjå til at eleven oppfyller denne plikta. For at foreldra skal kunna ivareta sitt ansvar, er det viktig at dei får informasjon dersom skolen har grunn til å tru at dei ikkje veit at eleven er borte frå skulen. I bokstav b er det presisert at foreldra skal varslast dersom det er fare for at læraren ikkje har grunnlag for vurdering av eleven i fag, eller at eleven står i fare for å få karakteren nokså godt eller lite godt i orden eller i åtferd. Dette er ei plikt skulen allereie har etter forskrifta 3-7. Plikta er gjentatt i 20-3 av pedagogiske grunnar. Det går fram av 3-7 at slikt varsel skal vera skriftleg, og at både eleven og foreldra skal varslast. Bokstav c seier at skulen skal informera foreldra om deira rettar og plikter etter opplæringslova og forskrifta. Det gjeld mellom anna foreldra si plikt til å sørgja for at eleven møter på skulen til rett tid, og foreldra sin rett til å krevja fritak frå aktivitetar etter opplæringslov 2-3a, rett til å krevja at skulen undersøkjer om eleven har behov for spesialundervisning - jf. opplæringslova 5-4, og rett til å be om tiltak som gjeld skulemiljøet etter 9a-2 og 9a-3. Informasjonen om dette kan for eksempel bli gitt på skuleårets fyrste foreldremøte. Bokstav d er generell og fastslår at foreldra også skal ha annan viktig informasjon om eleven. Dette kan for eksempel vera informasjon om at eleven har problem med å finna seg til rette i klassen, eller om at eleven oppfører seg på ein måte som fører til eit dårleg skulemiljø for dei andre elevane. Foreldra sin rett til informasjon må likevel vegast opp mot kravet til teieplikt gitt i forvaltningslova 13. Eleven kan med stigande alder ha rett til å halda opplysningar om personlege forhold skjult for foreldra. Etter opplæringslova 22-2 har den enkelte elev rett til rådgiving om sosiale spørsmål og til å bli møtt med respekt omkring slike problemstillingar. Truleg vil fleire elevar lata vera å be om slik rådgiving utan forsikring om at den tilsette har teieplikt. På den andre sida har den tilsette etter same paragraf plikt til å ha tett kontakt og samarbeid med både hjelpeinstansar utanfor skulen og heimen, og i nokre tilfelle kan rådgivar, kontaktlærar eller andre tilsette få opplysningar av slik art at det er uforsvarleg ikkje 4 av 5

5 å varsla foreldra. Klare grenser mellom foreldra sin rett til informasjon og eleven sin rett til teieplikt kan derfor ikkje setjast, men det vil vera ein naturleg del av rådgivinga å drøfta med eleven om foreldra bør informerast. Fagavdeling barnehage og skole Odd Harald Hundvin -fagdirektør- Brita R. Instebø -seksjonsleiar skole- 5 av 5

FORELDRESAMARBEID I GRUNNSKOLEN

FORELDRESAMARBEID I GRUNNSKOLEN FORELDRESAMARBEID I GRUNNSKOLEN Forskrift til opplæringsloven, Kapittel 20 Retningslinjer for skolene i Nedre Eiker Revidert 2017 Nedre Eiker kommune OPPVEKST & KULTUR Retningslinjer for skolene i Nedre

Detaljer

Foreldresamarbeid i grunnskolen og videregående opplæring Udir

Foreldresamarbeid i grunnskolen og videregående opplæring Udir Foreldresamarbeid i grunnskolen og videregående opplæring Udir-7-2010 Informasjon om endringer i forskrift til opplæringsloven kapittel 20 og forskrift til privatskoleloven kapittel 4 - Foreldresamarbeid

Detaljer

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven gjøres følgende endringer:

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven gjøres følgende endringer: Forskrift om endringer i forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven og forskrift om endringer i forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskoleloven I I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven

Detaljer

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg grunnskoleopplæring har rett til vurdering etter reglane i

Detaljer

c) informasjon om eleven og foreldra sine rettar og pliktar etter opplæringslova og forskrifta

c) informasjon om eleven og foreldra sine rettar og pliktar etter opplæringslova og forskrifta KONTAKT MED HJEMMET - En planlagt og strukturert samtale mellom kontaktlærer og foresatte Elevens navn: Skoleår: Kontaktlærer: Dato og tid for samtalen: Dag og dato: Klokkeslett: Foreldresamarbeid i grunnskolen

Detaljer

Lov- og avtalesystemet

Lov- og avtalesystemet Opplæringslova Lov- og avtalesystemet Stortinget Lover Partar Tariffavtalar Del A Forhandlingsordningar Hovudavtalen Del B Medråderett, rettar og plikter m.m. Barnehagelova Opplæringslova Arbeidsmiljølova

Detaljer

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724. Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.html#map004 I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen

Detaljer

Høringsnotat om forslag til endringer i forskrift til opplæringsloven kapittel 20 og forskrift til privatskoleloven kapittel 4 - Foreldresamarbeid

Høringsnotat om forslag til endringer i forskrift til opplæringsloven kapittel 20 og forskrift til privatskoleloven kapittel 4 - Foreldresamarbeid Vår saksbehandler: Kjersti Botnan Larsen Direkte tlf: 23 30 27 67 E-post: kjersti.botnan.larsen@utdanningsdirektoratet.no Vår dato: 23.02.2010 Deres dato: Vår referanse: 2009/ 392 Deres referanse: Vedlegg

Detaljer

SAMARBEID HEIM OG SKULE

SAMARBEID HEIM OG SKULE SAMARBEID HEIM OG SKULE SLIK GJER ME DET PÅ VÅGEN SKULE Gjeld frå 30.08.2010 1 SAMARBEID HEIM- SKULE For å få skuletilbodet best mogeleg for elevane, ynskjer me å ha eit godt samarbeid mellom heim og skule.

Detaljer

Lov- og avtalesystemet

Lov- og avtalesystemet Opplæringslova Lov- og avtalesystemet Stortinget Lover Partar Tariffavtalar Del A Forhandlingsordningar Hovudavtalen Del B Medråderett, rettar og plikter m.m. Barnehagelova Opplæringslova Arbeidsmiljølova

Detaljer

LOVER OG OFFENTLIGE DOKUMENTER SOM VISER FORELDRENES ANSVAR OG RETTIGHETER I NORSK SKOLE

LOVER OG OFFENTLIGE DOKUMENTER SOM VISER FORELDRENES ANSVAR OG RETTIGHETER I NORSK SKOLE LOVER OG OFFENTLIGE DOKUMENTER SOM VISER FORELDRENES ANSVAR OG RETTIGHETER I NORSK SKOLE FNs MENNESKERETTIGHETSERKLÆRING Artikkel 26 Foreldre har fortrinnsrett til å bestemme hva slags undervisning deres

Detaljer

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST NOEN ENDRINGER/PRESISERINGER I LOVEN 8-2. Organisering av elevane i klassar eller basisgrupper I

Detaljer

Fravær fra pliktig grunnskoleopplæring - rutiner for registrering og dokumentering

Fravær fra pliktig grunnskoleopplæring - rutiner for registrering og dokumentering BERGEN KOMMUNE Byrådsavdeling for barnehage og skole Rundskriv Rundskriv nr.: 37/2010 Dato: 17. august 2010 Saksnr.: 201000011-37 Saksbehandler: OLHG Emnekode: SARK-20 Til skoler med ungdomstrinnselever

Detaljer

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017 RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017 INNHALD Innleiing...1 Lovgrunnlag... 2 Opplæringslova... 2 Forvaltningslova... 2 Kommunehelsetenestelova... 2 Ordensreglement for grunnskulen i Lindås...

Detaljer

STANDPUNKTKARAKTER 2015

STANDPUNKTKARAKTER 2015 Fylkesmannen i Rogaland STANDPUNKTKARAKTER 2015 Rettleiing ved behandling av klage i grunnskolen 1 1 Innhald 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen... 2 Skjema...

Detaljer

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET Forsand skule der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET Me er heldige som får bli kjent med, ta vare på og undervisa nettopp ditt barn! Derfor er dette er viktig for oss: å

Detaljer

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET Forsand skule der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET Me er heldige som får bli kjent med, ta vare på og undervisa nettopp ditt barn! Derfor er dette viktig for oss: å arbeida

Detaljer

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring No gjeld det No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande

Detaljer

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Vurdering på barnesteget. No gjeld det Vurdering på barnesteget No gjeld det 2 No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Denne brosjyren gjev

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM. FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG 12.03.13 VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM. Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive

Detaljer

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring

Detaljer

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås «VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering

Detaljer

Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette

Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette Innleiing Skolane bruker i dag ulike namn på samtale med elevane: fagsamtale, elevsamtale, utviklingssamtale

Detaljer

Plan for samarbeid mellom hjem og skole

Plan for samarbeid mellom hjem og skole Tynset ungdomsskole Plan for samarbeid mellom hjem og skole Det er viktig for skolen at vi har et godt samarbeid mellom hjem og skole. Denne planen har til hensikt å tydeliggjøre ansvaret for ulike samarbeidsområder,

Detaljer

Høringsuttalelse om foreldresamarbeid i grunnskolen og videregående opplæring

Høringsuttalelse om foreldresamarbeid i grunnskolen og videregående opplæring Dato: 14. april 2010 Byrådssak 1152/10 Byrådet Høringsuttalelse om foreldresamarbeid i grunnskolen og videregående opplæring ASKI SARK-03-201001730-2 Hva saken gjelder: Det foreligger brev fra Utdanningsdirektoratet

Detaljer

Standpunktkarakterar 2016

Standpunktkarakterar 2016 Standpunktkarakterar 2016 Rettleiing ved behandling av klage på standpunktkarakterar i vidaregåande opplæring Innhald 1. Innleiing... 3 Klagefrist... 3 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen...

Detaljer

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder Det psykososiale skolemiljøet til elevane Til deg som er forelder Brosjyren gir ei oversikt over dei reglane som gjeld for det psykososiale skolemiljøet til elevane. Vi gir deg hjelp til korleis du bør

Detaljer

STANDPUNKTKARAKTER 2011

STANDPUNKTKARAKTER 2011 Fylkesmannen i Møre og Romsdal STANDPUNKTKARAKTER 2011 Rettleiing ved behandling av klage i grunnskolen Innhald 1 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen... 2 Skjema...

Detaljer

Kommunale retningsliner for organ for brukarmedverknad i skule og barnehage. Samarbeidsutval Skulemiljøutval Elevråd Foreldreråd/FAU

Kommunale retningsliner for organ for brukarmedverknad i skule og barnehage. Samarbeidsutval Skulemiljøutval Elevråd Foreldreråd/FAU Kommunale retningsliner for organ for brukarmedverknad i skule og barnehage Skule: Samarbeidsutval Skulemiljøutval Elevråd Foreldreråd/FAU Barnehage: Samarbeidsutval Foreldreråd/FAU Innhold 1. Skule...

Detaljer

STANDPUNKTKARAKTER 2016

STANDPUNKTKARAKTER 2016 Fylkesmannen i Rogaland STANDPUNKTKARAKTER 2016 Rettleiing ved behandling av klage i grunnskolen 1 1 Innhald 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen... 2 Skjema...

Detaljer

Kunngjort 9. juni 2017 kl PDF-versjon 9. juni Lov om endringer i opplæringslova og friskolelova (skolemiljø)

Kunngjort 9. juni 2017 kl PDF-versjon 9. juni Lov om endringer i opplæringslova og friskolelova (skolemiljø) NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53. Kunngjort 9. juni 2017 kl. 14.15 PDF-versjon 9. juni 2017 09.06.2017 nr. 38 Lov om endringer i opplæringslova

Detaljer

TILSYNSRAPPORT. Retten til å høyre til eiga elevgruppe etter målform. Klepp kommune

TILSYNSRAPPORT. Retten til å høyre til eiga elevgruppe etter målform. Klepp kommune TILSYNSRAPPORT Retten til å høyre til eiga elevgruppe etter målform Klepp kommune 2014 1. Tema for tilsynet Når minst 10 elevar på årstrinna 1-7 ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det

Detaljer

Oksvik skoles plan for skoleheimsamarbeidet.

Oksvik skoles plan for skoleheimsamarbeidet. OKSVIK SKOLE Lyngen kommune sept 2011 Oksvik 9060 LYNGSEIDET Oksvik skoles plan for skoleheimsamarbeidet. I. Mål: - foreldresamarbeidet skal gi foreldre og foresatte nødvendig informasjon og innflytelse

Detaljer

Retningslinjer for skole hjem samarbeidet i grunnskolen i Molde kommune

Retningslinjer for skole hjem samarbeidet i grunnskolen i Molde kommune Retningslinjer for skole hjem samarbeidet i grunnskolen i Molde kommune våren 2008 1. Innledning... 3 2. Rammer for samarbeid skole- hjem... 4 2.1 Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa 1-2,

Detaljer

KLASSEKONTAKT. Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar.

KLASSEKONTAKT. Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar. KLASSEKONTAKT Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar. FUG (Foreldreutvalget for grunnskuleopplæring): http://www.fug.no/ 1 2

Detaljer

Heilt einig. Litt einig

Heilt einig. Litt einig Trivsel Korkje eller u u u Barnet mitt trivst på skolen Barnet mitt har medelevar å være saman med i friminutta https://elfu.udir.no/administrasjon/order/preview.aspx?acid=1003&sid=364&bid=124660&did=1933&roleid=57&ugid=861002&qid=0&aid=0&lid=1&demo

Detaljer

L nr. 61 Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

L nr. 61 Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). L17.07.1998 nr. 61 Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Innholdsfortegnelse Kapittel 9a. Elevane sitt skolemiljø (206)...2 9A-1. Verkeområde for kapitlet...2 9A-2. Retten

Detaljer

STANDPUNKTKARAKTER 2015

STANDPUNKTKARAKTER 2015 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane STANDPUNKTKARAKTER 2015 Rettleiing ved handsaming av klage i grunnskulen Innhald 1 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skulen... 2 Skjema...

Detaljer

STANDPUNKTKARAKTER 2015

STANDPUNKTKARAKTER 2015 Fylkesmannen i Aust Agder STANDPUNKTKARAKTER 2015 Rettleiing ved behandling av klage i grunnskolen Innhald 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen... 2 Skjema...

Detaljer

Barnerettane i SKULEN

Barnerettane i SKULEN Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i SKULEN Aktivitetsark med oppgåveidéar og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel

Detaljer

Felles nasjonalt tilsyn

Felles nasjonalt tilsyn Felles nasjonalt tilsyn 2014-2017 skolens arbeid med elevenes utbytte av opplæringen Skolens arbeid med opplæringen i fag Underveisvurdering for å øke elevenes læringsutbytte Underveisvurdering som grunnlag

Detaljer

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRING I OPPLÆRINGSLOVA OG PRIVATSKOLELOVA

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRING I OPPLÆRINGSLOVA OG PRIVATSKOLELOVA HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200707857-16 Arkivnr. 500.T00 Saksh. Gilberg, Einar Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 02.12.2008 04.12.2008 HØYRING - FORSLAG

Detaljer

FORELDREMØTE STORETVEIT SKOLE KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

FORELDREMØTE STORETVEIT SKOLE KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT FORELDREMØTE STORETVEIT SKOLE 27.08.2017 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT Rektor, Eli Handeland Avdelingsleder, Monika Solvig Rådgiver Per Erling om vgs etter møtet med kontaktlærerne Alle elevene

Detaljer

Kommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune.

Kommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune. Kommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune. Forskriftene regulerer: 1. Omfanget av grunnskuleopplæringa. 2. Målformer i grunnskulen. 3. Ordensreglement. 4. Skulen (krinsgrenser). 1 Punkt

Detaljer

Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø

Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø Alle elevar har rett til å ha eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Det er elevane si eiga

Detaljer

Å fremje felles interesser til beste for barnet

Å fremje felles interesser til beste for barnet FORELDRERÅD OG SAMARBEIDSUTVAL I BARNEHAGEN Foreldra skal bli høyrde i barnehagesaker Ein brosjyre om korleis styraren kan leggje til rette og foreldra kan vere aktive og engasjerte i barnehagesaker. Å

Detaljer

Fylkesmannen i Hordaland

Fylkesmannen i Hordaland Fylkesmannen i Hordaland Innhald 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen... 2 Skjema... 3 Om sluttvurderinga... 3 Ikkje grunnlag for å setje karakter Krav om varsling...

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

I dette rundskrivet finn du informasjon om innføring av valfag på ungdomstrinnet.

I dette rundskrivet finn du informasjon om innføring av valfag på ungdomstrinnet. Valfag på ungdomstrinnet Udir-7-2012 I dette rundskrivet finn du informasjon om innføring av valfag på ungdomstrinnet. RUNDSKRIV SIST ENDRET: 14.08.2012 Innhold 1. Innleiing 2. Bakgrunn for endringane

Detaljer

Oppsummeringen fra 2013 ble publisert denne uka på vår nettside. Vi hadde i 2013 noen flere saker enn året år, og noen av sakene var tidkrevende.

Oppsummeringen fra 2013 ble publisert denne uka på vår nettside. Vi hadde i 2013 noen flere saker enn året år, og noen av sakene var tidkrevende. 1 Oppsummeringen fra 2013 ble publisert denne uka på vår nettside. Vi hadde i 2013 noen flere saker enn året år, og noen av sakene var tidkrevende. 2 Elevene skal få informasjon om klageretten og hvordan

Detaljer

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( ) Nytt kap 9A opplæringslova Prop 57 L (2016-2017) Nye reglar om skulemiljø Bakgrunn: Djupedalutvalget (NOU 2015:2) Høyring av nytt kapittel 9 A i april 2016 Proposisjon lagt fram for Stortinget 17. feb.

Detaljer

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing. 2014 Manifest mot mobbing 2014-2018 Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing. Barnehage, skule og kultur i Bjerkreim kommune Rune Andersen

Detaljer

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg grunnskoleopplæring og elevar, lærlingar og lærekandidatar

Detaljer

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den.. + Handlingsplan Elevane sitt skulemiljø ved Åheim skule Godkjent i SU den.. Kapittel 9 A. Elevane sitt skulemiljø 9 A-1.Verkeområde for kapittelet Kapittelet her gjeld for elevar i grunnskolen og den vidaregåande

Detaljer

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Retningslinjer og Rutineskildring Oktober 2015 INNHALD Innleiing... 2 Lovgrunnlag... 3 Opplæringslova... 3 Elevane sitt fysiske skulemiljø...

Detaljer

I kapittel 2 skal hjemmelshenvisningen endres til friskolelova 7-2 tredje ledd.

I kapittel 2 skal hjemmelshenvisningen endres til friskolelova 7-2 tredje ledd. Endringer i forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskolelova Nytt navn på forskriften skal være: Forskrift til friskolelova I 1-1 skal lyde: Denne forskrifta gjeld skolar som driv verksemd etter friskolelova.

Detaljer

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule 1 Innhold 1. Innleiing... 3 2. Rettsleg grunnlag for tilsynet... 3 3. Tema for

Detaljer

Vedteken av kommunestyret i Samnanger i sak 54/13 den Forskrift om ordensreglement for skulane i Samnanger

Vedteken av kommunestyret i Samnanger i sak 54/13 den Forskrift om ordensreglement for skulane i Samnanger Vedteken av kommunestyret i Samnanger i sak 54/13 den 06.11. 2013 Forskrift om ordensreglement for skulane i Samnanger Gjeldande frå 01.12.2013 I Innleiing 1 Heimel Opplæringslova 2-9: Ordensreglement

Detaljer

Samarbeid heim skule i Skodje kommune

Samarbeid heim skule i Skodje kommune SKODJE KOMMUNE Samarbeid heim skule i Skodje kommune Eit dokument som er retningsgivande for alle skulane i kommunen, og som seier noko om kva heim og skule skal bidra med og forvente av kvarandre. Stette

Detaljer

FORELDREMØTE STORETVEIT SKOLE KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

FORELDREMØTE STORETVEIT SKOLE KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT FORELDREMØTE STORETVEIT SKOLE 27.08.2017 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT Rektor, Eli Handeland Avdelingsleder, Lars Skalle Fagopplæring, Knut Bjørkheim Alle elevene på Storetveit skal få oppleve

Detaljer

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa». Opplæringslova: http://www.lovdata.no/ all/nl-19980717-061.html Opplæringslova kapittel 9a. Elevane sitt

Detaljer

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09) Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09) 1. Val og samansetjing (kommunelova 77 nr. 1,2 og 3) Medlemane i kontrollutvalet i Selje kommune

Detaljer

PLAN FOR SAMARBEIDET MELLOM HEIMANE OG ÅMÅS FRISKULE

PLAN FOR SAMARBEIDET MELLOM HEIMANE OG ÅMÅS FRISKULE PLAN FOR SAMARBEIDET MELLOM HEIMANE OG ÅMÅS FRISKULE OVERORDNA MÅL FOR SAMARBEIDET: Samarbeidet er eit gjensidig ansvar, og det skal vere prega av dialog og respekt for eleven. (K-06) - 1 - OBS! To ganske

Detaljer

Til Kunnskapsdepartementet

Til Kunnskapsdepartementet Fra: fmrohbo@fylkesmannen.no Sendt: 2. januar 2015 13:31 Til: Postmottak KD Emne: E-post: Høring Forslag til endringer i opplæringsloven og privatskoleloven - Kompetansekrav for å undervise i fag - Barneverntjenestens

Detaljer

Når foreldre ikkje bur saman. Retningsliner for å sikre samarbeid mellom barnehagane og foreldre som ikkje bur saman.

Når foreldre ikkje bur saman. Retningsliner for å sikre samarbeid mellom barnehagane og foreldre som ikkje bur saman. Når foreldre ikkje bur saman. Retningsliner for å sikre samarbeid mellom barnehagane og foreldre som ikkje bur saman. Administrativt vedtatt 5.5.2013. 1 Formålet til barnehagen er mellom anna å ta vare

Detaljer

Informasjon om fritak fra vurdering med karakter

Informasjon om fritak fra vurdering med karakter Oppdatert desember 2013 Informasjon om fritak fra vurdering med karakter Noen elever i grunnskolen har rett til fritak fra vurdering med karakter. Fritak fra vurdering med karakter betyr ikke fritak fra

Detaljer

Høyring Ny forskrift om ansvar for utgifter til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder

Høyring Ny forskrift om ansvar for utgifter til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder Vår dato Dykkar dato Vår referanse Vår sakshandsamar 15.03.2017 03.02.2017 17/00388-2 Einar Ove Standal Avdeling Dykkar referanse Arkivkode Direkte telefon Seksjon for utdanning og 62 24142220 forskning

Detaljer

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A Ostereidet barneskule 1 INNHALD Plan for psykososialt arbeid for elevar og tilsette på Ostereidet barneskule s.3 Samanheng med Lindås kommune sin

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Plan for vurdering ved Gimle skule 1 Målsetting med planen Alle elever har både pliktar og rettar i opplæringsløpet. Pliktane fastset at elevane skal møte

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10. Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10. Elevvurdering, eksamen og klagebehandling FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10 Elevvurdering, eksamen og klagebehandling Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis

Detaljer

Lov- og avtalesystemet

Lov- og avtalesystemet Opplæringslova Lov- og avtalesystemet Stortinget Lover Partar Tariffavtalar Del A Forhandlingsordningar Hovudavtalen Del B Medråderett, rettar og plikter m.m. Barnehagelova Opplæringslova Arbeidsmiljølova

Detaljer

Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova: Kapittel 5. Klage på vurdering

Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova: Kapittel 5. Klage på vurdering Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova: Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd) 5-1. Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar,

Detaljer

STANDPUNKTKARAKTER 2017

STANDPUNKTKARAKTER 2017 Fylkesmannen i Rogaland STANDPUNKTKARAKTER 2017 Rettleiing ved behandling av klage i grunnskolen 1 1 Innhald 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen... 2 Skjema...

Detaljer

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Fra Forskrift til Opplæringslova: Fra Forskrift til Opplæringslova: 5-1. Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- /sveineprøver og kompetanseprøve, og realkompetansevurdering.

Detaljer

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) 08.12.2015 Elevundersøkinga Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Trivsel Trivst

Detaljer

Endeleg TILSYNSRAPPORT

Endeleg TILSYNSRAPPORT Fylkesmannen i Telemark Hjartdal kommune Endeleg TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Hjartdal kommune September 2017 1 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med

Detaljer

Du må tru det for å sjå det

Du må tru det for å sjå det Du må tru det for å sjå det Opplysnings- og meldeplikta Assistent Barnehageeiga til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Familie Pedagogisk leiar Fylkesmannen Barnekonvensjonen Diskrimineringsforbodet,

Detaljer

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla. Spørsmål frå Elevundersøkinga 5.-7. trinn Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivjast på skolen. Det er

Detaljer

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd Oktober 2015 LOVGRUNNLAG Opplæringslova 9a 3 andre ledd plikta til å undersøkje, varsle

Detaljer

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss VURDERING fordi vi stiller krav og vi bryr oss 3 Helsing frå rektor INNHALD Helsing frå rektor Side 3 Skulen sin visjon Side 4 Kva handler vurdering om Side 5 Dette har du som elev plikt til Side 6 Dette

Detaljer

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR Spørsmåla handlar om forhold som er viktige for læringa di. Det er ingen rette eller feile svar, vi vil berre vite korleis du opplever situasjonen på skulen din. Det er frivillig

Detaljer

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar Rettleiar Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar Til elevar og lærarar Føremålet med rettleiaren er å medverke til at elevane og læraren saman kan vurdere og forbetre opplæringa i fag.

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA

TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA Barn i to heimar Rettleiar BARN I TO HEIMAR Det kan innimellom vera vanskeleg for tilsette å vita korleis ein skal forhalda seg til foreldre som ikkje bur saman. Me

Detaljer

Høyring - Framlegg til endringar i forskrift til opplæringslova - om skulen sitt høve til å regulere sykling på skulevegen m.m.

Høyring - Framlegg til endringar i forskrift til opplæringslova - om skulen sitt høve til å regulere sykling på skulevegen m.m. Vår dato Dykkar dato Vår referanse Vår sakshandsamar 17.06.2015 06.05.2015 15/00907-2 Einar Ove Standal Avdeling Dykkar referanse Arkivkode Direkte telefon Seksjon for utdanning og 2015/2942 62 24142220

Detaljer

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø.

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø. Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø. «Voksne som jobber i skolen har et særskilt ansvar for å sørge for at elever har et trygt skolemiljø» Fra innst.302 L(2016-2017) Målet med planen er å ivareta

Detaljer

STANDPUNKTKARAKTER Rettleiing ved handsaming av klage i grunnskulen

STANDPUNKTKARAKTER Rettleiing ved handsaming av klage i grunnskulen STANDPUNKTKARAKTER 2017 Rettleiing ved handsaming av klage i grunnskulen 2 Innhald 1. INNLEIING... 3 Klagefrist... 3 Informasjons- og rettleiingsplikta til skulen... 3 Skjema... 4 Om sluttvurderinga fastsetjing

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule Utviklingsplan skuleåret 2015-2016 Varhaug skule Innhald 1 Innleiing 2 Heilskapleg status, læringsresultat og læringsmiljø ved Varhaug skule 2.1 Trendutvikling læringsresultat 2.2 Trendutvikling læringsmiljø

Detaljer

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra Fotlandsvåg skule 5283 Fotlandsvåg TLF.56 19 23 30 Faks. 56 19 23 31 Rektor: Kjell Haugland 56 19 23 55 Personalrom 56 19 23 50 fotlandsvag.skule@osteroy.kommune.no Ein trygg stad å vera ein god stad å

Detaljer

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande: Elevanes val av framandspråk i vidaregåande skule Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 6/216 Utdanningsdirektoratet har publisert fagvala til elevar i vidaregåande skule for skuleåret

Detaljer

Vedtatt i Skulemiljøutvalet

Vedtatt i Skulemiljøutvalet Vedtatt i Skulemiljøutvalet 17.11.2010 FELLES ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD 1. Lovheimel Ordensreglementet er heimla i 1. Opplæringslova, 2-9: Kommunen skal gi forskrifter om ordensreglement

Detaljer

Hjem-skolesamarbeid og lovverket

Hjem-skolesamarbeid og lovverket Hjem-skolesamarbeid og lovverket Det formelle grunnlaget for hjem-skolesamarbeidet finner vi hovedsakelig i følgende dokumenter: FNs menneskerettighetserklæring Barneloven Opplæringsloven m/tilhørende

Detaljer

SPESIALUNDERVISNING. Presisering av opplæringslova 5-1 til 5-6 og 4A-2, gjeldande rutinar og ansvarsforhold i Volda kommune.

SPESIALUNDERVISNING. Presisering av opplæringslova 5-1 til 5-6 og 4A-2, gjeldande rutinar og ansvarsforhold i Volda kommune. VOLDA KOMMUNE Skuleavdelinga SPESIALUNDERVISNING Presisering av opplæringslova 5-1 til 5-6 og 4A-2, gjeldande rutinar og ansvarsforhold i Volda kommune. Ein viser også til heftet Spesialundervisning. Veileder

Detaljer

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule Rubbestadneset skule 1. HMS PLAN Det er utarbeida ein eigen plan for helse, miljø og tryggleik som skal vere med å sikre alle

Detaljer

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): VEDLEGG 1 I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): 2-12 tredje ledd skal lyde: For private grunnskolar

Detaljer

Forskrift til opplæringslova

Forskrift til opplæringslova Forskrift til opplæringslova Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring V. Eksamen 3-25.Generelle føresegner Eksamen skal vere i samsvar med læreplanverket. Læreplanen

Detaljer

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Nye kommunar i Møre og Romsdal Nye kommunar i Møre og Romsdal INFO-skriv nr. 2/2017 Innhald 1. Krav til felles kommunestyremøte 2. Unntak frå krav om felles kommunestyremøte 3. Saksbehandling fram til kongeleg resolusjon 4. Nærare om

Detaljer