Rune Belsvik. Ho som var så søt. Roman

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Rune Belsvik. Ho som var så søt. Roman"

Transkript

1

2 Rune Belsvik Ho som var så søt Roman

3 Det meste som hender denne morgonen har hendt mange morgonar før. Likevel er det alltid annleis, med ei anna lukt i rommet, eit anna lys gjennom vindauga, eit anna vindpust over åsane og ei anna stemning i den som opnar døra og går fort mot bilen. Det meste er alt ved å bli glømt. Likevel skal nokon av oss nekta å tru det som skjer, for også denne morgonen hender det noko som slår eit liv ut av kurs. Vi vil kanskje seia at det er for uverkelig. Slikt skjer ikkje med meg. Ikkje her. Vi tenker at vi like godt kan glømma det, det passar ikkje inn, vi passar ikkje inn i det, dette som plutselig skjedde, eller det vi likevel gjorde, det vi aldri skulle gjera, men som alt no er gjort. Ja, vi tenker at vi skal berre glømma det, slik vi glømmer det meste, og så går vi glømmande vidare, prøver å rista det av oss, prøver å hugsa korleis vi sette den eine foten framfor den andre for litt sidan, før dette, ser framover, det var jo så å seia ingenting i forhold til alt det andre som skjer i verda, og no begynner det å snø. Sjå snøen fell tung og våt frå himmelen. Det er sjeldan snøen blir liggande i denne byen ved sjøen. Det klemtar og smell frå nye byggeplassar. Snøen fell tung og våt i håret på dei som ventar på bussen, dei som går over vegen, han som luftar hunden, ein ung fyr som står utfor ein bensinstasjon og hutrar og tygg i seg ei pølse i brød. Snøen går over til regn. Så frys det på, og fleire bilar

4 kjører i grøfta. Husa står stille, og mange vindauga er fulle av lys. Ytterdørene blir opna og lukka. Grå røyk stig opp frå skorsteinane. Eit fly blinkar på himmelen, og går inn for landing. Det er nesten heilt stilt om nettene. Lyden av ein moped fortaper seg ein stad i utkanten. Så fell den tørre snøen over dei glatte vegane. Butikkane fyllest opp av ekspeditørar og kundar. På skulane blir lysa slått på. Ei alt for lettkledd jente går ut av køen ved busstoppet, liksom slepper taket i noko, gir seg, går baklengs nokre steg og blir borte. Ein hund gneldrar, bussen kjem, og så hører vi smell og klynk av metall borte frå byggeplassen, og tenker at alt går over. Er det ikkje så at det einaste sikre her i livet er at alt er i forandring. Jo, tenker vi. Og så smiler vi, og ser at nokon ser dette smilet og smiler, liksom vitande, tilbake. Vi er berre menneske. Ingen av oss er fullkomne. Alle fell over ende ein gong. Ja, visst. Alt er som før. Heilt vanlig. Ingenting å bry seg om. Og ein fugl lettar frå ei grein. Greina dirrar i lufta ei ørlita stund. Ei som heiter Berit kjenner seg plutselig så naken. Ho støkk til. Det er søvnen som tar slutt. Ho blir liksom tømt ut i dagen, kastar dyna av seg, går fort ut på badet der spegelen har kvite flekkar av tannkremsprut etter mannen sin elektriske tannbørste. Ho irriterar seg over dei flekkane. Kor mange dagar har ho ikkje alt irritert seg over dei flekkane, og så glømt dei ut. I dag må ho få vaska denne spegelen. Ho snur seg mot kommoden der tablettane ligg. Ho kjenner tunga glir over den skarpe tannstubben. Kan ikkje ha den kvasse tingen i munnen. Dei får setta inn ei ny. Ja, ja, det hastar vel ikkje. Går fint å venta nokre veker til ho føler seg meir ovanpå. Det er medisinane som slit på tennene. Munnen blir

5 tørr. Men no vil ho ikkje tenka meir på tennene. Sitta der i stolen i det forferdelige lyset og gapa opp. Ho kler seg og går inn i stova. Ser ut på dei kvite haugane av snø. Små fjon svingar rundt i vinden. Plutselig blåser det opp ei mjølen sky. Vinden tar tak i snøen som alt har lagt seg, løftar han opp, jagar han rundt i det kvite og legg det ned igjen i bølgjande former. Dekker til alt så mjukt og fint og stilt. Så reint. Store dryss blir blåst ned frå taket. Susar og svevar som kvite flammar og drys ned. Framleis heng dødt lauv att på eika. Ho kunne gått ut og knust det til pulver i neven. No må ho til legen igjen på fredag. Jan har sagt han kan kjøra henne i pausen. Han har sagt han kan bli med heilt inn til legen også. Likevel er ho urolig. Plutselig kan legen finna på at ho får for mykje av dei roande tablettane. Men skal ho bli med Jan på butikken ein laurdag, eller om ho må handla seg eit plagg, eller gå på kino, så må ho ha nokre tablettar ekstra. Ho må ta ekstra pillar for å gå til legen også, men det kan ho vel ikkje seia. Nei, ho vil ikkje seia noko som helst. Vil berre ha medisinane sine. Kvar tredje veke må ho ned på kontoret og be om desse medisinane som ho ikkje kan klara seg utan. Sitta der og håpa at legen ikkje har vore på eit nytt kurs, og plutselig fått for seg at no skal ho greia seg utan pillar. Eller at han har fått ein ny instruks. Tanna er kvass. Ho kjem til å kutta opp tunga på henne. Ho hadde time hos tannlegen for nokre veker sidan, men då hadde ho vore så utafor på grunn av eitt eller anna at ho måtte avbestilla. Hadde ho hatt mareritt, eller var det noko med dottera, Liv Tone? Nei, det går jo fint med Liv Tone. Etter ho fekk den vesle jobben i butikken blei alt lettare for henne. Var det Jan? Hadde dei krangla om noko? Nei, dei kranglar så å seia aldri

6 meir. Dei siste åra har det vore fredelig mellom dei. Snøen fell tett igjen. Det er skavlar langt oppetter veggane alt. Den smale stien Jan har moka er attsnødd. Ho trekker føre gardinene og tenner fleire lampar. Sitt med ryggen mot vindauga. Men tanken på all snøen der ute gjer noko med pusten hennar. Ho puttar inhalatoren i munnen og dreg inn to dosar rett etter kvarandre. Tårene begynner å renna over ansiktet. Ho hulkar. Var det all snøen? At det plutselig kunne komma nokon inn til henne? Nokon som berre opna dørene og kom rett inn. Nei, det var vel den spisse, forferdelige tanna. Ho som hadde så fine tenner då ho var lita. Sprang rundt i den rosa kjolen. Og den gule. Smilte mot sola. Ja, i alle år har ho hatt fine tenner. Ho tørkar ansiktet med eine neven. Det er alt onsdag. Om to dagar må ho til legen. Ho må ringa og bestilla time. Berre det ikkje er det der sure kvinnfolket som sitt og tar telefonen. Ho har ei stemme som kan ta humøret frå dei fleste. Kvar gong ho tar telefonen sukkar ho, og fortel ganske tydelig at det slettes ikkje passar seg å ringa dette nummeret om det ikkje gjeld noko svært, svært viktig. Ho lurer på om ho skal venta til i morgon med å ringa. Men så får ho kanskje ikkje time før over helga, og då går ho tom for sovemedisinen. Kan ikkje komma til legen utan å ha sove. Berre han er i godt humør, og ikkje så tverr og streng og travel og ser på henne med det harde blikket. Viss Jan er med inn brukar han å vera mildare. Ho reiser seg frå stolen. Går for å rydda ut av oppvaskmaskinen. Ho vil ha kjøkenbenken rein og ryddig før ho ringer og bestiller time.

7 Men det er forferdelig som det snør. Berre Jan kjem seg fint heim. Berre han ikkje glir ut i ei grøft og kjører seg fast. Berre ikkje nokon kjører på han på dette glatte føret. Dei rekk vel ikkje å brøyta vegane slik det snør no. Mens ho står og ryddar kjem ho på at den psykiatriske sjukepleiaren kjem igjen på måndag. Ho skulle ha prøvd å ta bussen ein gong før sjukepleiaren kom tilbake. Men det har vore eit slikt uvêr, og kva skal ho ut og kjøra buss etter? Ho vil slettes ikkje ut. Har ikkje lyst å dra nokon stad. Ein gong i tida var det stas å komma seg på ein kafé. Sitta og slurpa i seg kaffi og eta eit kakestykke. Ho orkar ikkje ein gong å tenka på det. Sitta der blant framande og kvi seg til å ta bussen heim igjen? Nei, ho vil vera heime og lesa bøker. Hekla og strikka. Rydda og ordna og stella når ryggen er god nok. Ein dag får ho kanskje lyst å måla igjen òg. No fekk ho jo så god plass til målesakene då Liv Tone flytta ut. Eit heilt rom til lerreta og fargane. Ja, ja, ho går nok inn der igjen ein dag. Men korfor skulle ho ta buss? Er det ikkje utfordringar nok? Å, dei blei vel for ivrige i snakkinga sist sjukepleiaren var her. Det er alt ein månad sidan. Ja, sola skein vel inn på kjøkenet. Det hadde så vidt komme litt snø. Den første, fine snøen. Alt så lett og lyst. Ho får lyst å gå inn på soverommet igjen. Berre bli der nokre dagar. Inn til dei trygge veggane, og ikkje vera noko for nokon. Berre for seg sjølv. Legga seg godt under dyna utan at nokon kan bry henne med nokon ting. Nei. Nei, no skal ho rydda ferdig, så skal ho ta den andre tabletten, og når den verkar skal ho ringa og bestilla time, før ho lagar suppe til Jan. Ho er blitt så skral at ho ikkje er stort betre enn dei som

8 var på Heimen. Ja, han finst vel ikkje meir den Heimen no, men den gongen ho var lita fanst han. Ungane gjekk stundom der for å høra om dei kunne hjelpa til med noko. Stundom gjekk dei bort med blomster dei hadde funne langs bekken eller ute på jordet. Dei håpte å få seg nokre kroner til godteri. Eller den gongen var det vel øre. Femøringar. Dei store, brune myntane. Tidlig på sekstitalet må det ha vore. Eller i slutten av femtiåra. Å, ho kom vel springande i sola i ein av dei fine kjolane. Dei skrytte slik av kjolane. Og den lange, lyse fletta. Ho sprang på grusvegen med blomster i neven. Sprang om kapp med dei andre. Dei lo ut i lufta. Kjente den salte smaken av sveitte på leppene. Heldt hardt om blomstrane. Stakkar blomstrane, dei blei vel fillerista i dei små barnenevane. Drømte om ein tyggegummi eller ein karamell. Ver så god, sa ho vel, og så gav ho frå seg dei lilla blomstrane, eller kanskje var det dei gule som voks langs bekken. Ja, om ho ville trilla ein av dei bort til kiosken. Klart ho ville det. Det var ein mann som satt i rullestol. Klart ho kunne trilla han til kiosken. Men det var litt rart å trilla ein vaksen mann. Litt tungt opp skråninga mot hovudvegen. Ho spurte han vel om ho kunne stansa litt. Det kunne ho berre. Og så bad han henne bøya seg mot han, og dagen var lys og lett, og dei var på veg til kiosken, og så greip han om hovudet hennar, trekte det til seg og pressa munnen hennar mot sin eigen munn. Heldt fast i hovudet hennar. Pressa henne inn mot munnen sin. Grådige stønn frå halsen. Eller lo han? Ho måtte kjempa seg fri. Reiv seg ut av det. Var det ikkje sola som hang på himmelen? Var det ikkje ein kjekk dag? Sprang alt ho kunne heim til mamma. Reiv opp døra. Sto

9 snart i stova der mamma satt og sydde. Den jamne, gode duren frå symaskinen. Alt tøyet som flaut ut over bordet, og låg bada i sollyset frå vindauga. Då mora såg på henne over brilleglasa lurte ho på om ho måtte lyga. Kunne ho seia slike ekle ting, mens mamma satt og sydde fine klede? Kva er det med deg? sa mora. Har du sett spøkelse? Ho gulpa ut av seg kva som hadde skjedd. At mannen som ho skulle hjelpa hadde halde henne fast og slurpa på munnen hennar. Ja ha, sa mora. Der skal du aldri meir gå. At dei forferdelige mannfolka ikkje ein gong kan halda seg borte frå ei lita jente! Er dei forferdelige? Er det derfor dei er på Heimen? Nei og nei. Vesle, søte Berit. Nei, på Heimen, nei. Mannfolk er slik. Dei kan ikkje styra seg! Hugs det, Berit. Hugs det. Du må aldri gjera deg det minste til for dei. Aldri lokka dei. Då kjem dei og gjer med deg som dei vil! Korleis kan eg lokka dei? Korleis? Kva er det du spør om? Eg sa du aldri måtte du skal berre halda deg borte frå den Heimen. Halda deg borte frå mannfolk. Viss nokon vil gi deg godteri må du berre springa heim med ein gong. Aldri ta imot. Korfor det? Fordi mamma seier det. Kan eg ikkje gå ut meir? Jo, du kan gå ut i hagen. Berre i hagen? Nei, du treng ikkje berre vera i hagen viss du leikar med nokon. Gå fint ut no. No skal vi ikkje tenka meir på dette. Sola skin. Ta med eit eple og gå ut.

10 Ho hadde trudd det skulle vera over for ei stund med all denne tenkinga og hugsinga. Dei nye medisinane skulle hjelpa mot slikt. Det står på eska. Mot tankar. Ja, nye er dei jo ikkje lenger. Det må vera over eit år sidan ho begynte på dei. Då ho mista søvnen igjen. Då alt begynte å flyta i henne. Kanskje er det alt mange år sidan. Tida har begynt å gå så skrekkelig fort. Ho støkk til av nokre harde dunk mot veggen ute. Kva i all verda. Kjem det einkvan likevel? Det er berre Jan som sparkar snøen av seg. Berre Jan. Ho håpar han ikkje skal ut igjen. At han har tenkt å vera heime, så dei kan få prata og ha det litt rolig. Heisann, seier han, eg må ut og moka opp vegen. Vil du ikkje ha litt suppe først? Eg blir så trøtt når eg har ete. Går det greitt med deg? Ja, ja. Du såg berre så du har det berre greitt? Ja, eg har det fint eg. Har bestilt time til fredag. Kva då? Fredag? Legen. Du skulle jo vera med. Å ja. Ja, det var jo sant. Viss du vil det så. Fælt så det snør. Ja. Eg mokar litt, så kan vi eta suppe etterpå. Det er fort gjort. Dei står i gangen, og han dreg henne inntil seg, inn mot den store brystkassa. Han bøyer seg og legg kinnet inn mot hennar kinn. Dei står og klemmer kvarandre i den gode lukta av snø og kulde. Ho kjenner i heile seg at han meiner det, at han også likar å stå slik, at det er ein lun og djup varme der. Han byter sko, tar på ei varmare jakke og går ut igjen.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź marit kaldhol det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź roman Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN 978-82-521-8437-2 Om boka

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Maria Parr Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Illustrert av Bo Gaustad Det Norske Samlaget Oslo 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden 2013 ISBN 978-82-521-8583-6

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND DEL 1 1 Så lenge ingen såg meg, fekk eg vera i fred. Mamma likte ikkje at eg forstyrra når ho hadde besøk. Ho hysja og bad meg stikka av. Av og til kom det folk eg

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs Om denne boka kvar sommar reiser Ea og mora til campingplassen Frøppeldunk for å fiske, bade og ikkje minst treffe alle dei andre feriegjestane igjen. Men denne sommaren skjer det noko uventa: fargane

Detaljer

OK, seier Hilde og låser.

OK, seier Hilde og låser. 4 Tor Arne, Mie og Markus skal i symjehallen medan Hilde og eg er på kunstutstillinga. Hilde stressar med å sjå etter at dei har fått alt med seg. Eg står og ventar. Eg merkar eg er utolmodig, eg kan ikkje

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman Carl Frode Tiller Innsirkling 3 Roman OM FORFATTEREN: Carl Frode Tiller (f. 1970) er ein av dei fremste forfattarane i norsk samtidslitteratur. For dei fire romanane Skråninga (2001), Bipersonar (2003),

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Brannsår, rus eller friheit?

Brannsår, rus eller friheit? Brannsår, rus eller friheit? Eg la hendene bak ryggen og kneip meg sjølv i armen. Eg hadde førebudd meg på dette. Førebudd meg for den vonde heksa. Ho sat der, i sofaen, rusa. Alt var gitt opp, og no var

Detaljer

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE LESEKORT 1 A D Å B O V N F G I P L Y Ø U M S T Æ R E H J K a d å b o v N f g i p l y ø U m s t æ r e h J k LESEKORT 2 sa Vi ål du ør våt dyr syl klo båt lys tak Hest føle

Detaljer

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! 17. mai er annleis enn alle andre dagar. Ein stor bursdag der alle er inviterte, tenkjer Mina, medan

Detaljer

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing Jon Fosse Olavs draumar Forteljing Det Norske Samlaget 2012 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8123-4 Om denne boka Alida og Asle kom i Andvake til

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo Ein farleg klatretur Døveskolernes Materialelaboratorium, 1994 2. udgave 1. oplag Forfatter: H. P. Rismark Illustrationer: Henrik Taarnby Thomsen Tilrettelægging, layout, dtp, repro og tryk: Døveskolernes

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Vibeke Tandberg. Tempelhof. Roman FORLAGET OKTOBER 2014

Vibeke Tandberg. Tempelhof. Roman FORLAGET OKTOBER 2014 Vibeke Tandberg Tempelhof Roman FORLAGET OKTOBER 2014 Jeg ligger på ryggen i gresset. Det er sol. Jeg ligger under et tre. Jeg kjenner gresset mot armene og kinnene og jeg kjenner enkelte gresstrå mot

Detaljer

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Jon Fosse. Lilla. Skodespel Jon Fosse Lilla Skodespel Personar BASSISTEN 2 Ei uvanleg brei jerndør opnar seg og Guten kjem inn, held døra open, og Jenta kjem inn etter han, og han let døra att, det er ein lysbrytar til høgre for

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Austigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei alle sammen! Plassebakken Barnehage BA I januar har vi nytta oss av det fine veret å vøre mykje ute! Sjølv om det

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok. Å BINDE SAMAN SETNINGAR 1 Kva ordklasse høyrer dei utheva orda til? Då eg var i London, besøkte eg tanta mi. Ein hund beit Leo. Derfor er han redd hundar. Arne går på spanskkurs, for han vil lære spansk.

Detaljer

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 Då ungdomsskulebussen stoppa i Straumøykrysset kom 3. og 4. klasse veltande ut av bussen, klar til ein ny dag på Straumøy Gard. Marta, Marie og Janna var

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

Rom ved havet, rom i byen

Rom ved havet, rom i byen Frode Grytten Rom ved havet, rom i byen Noveller Oslo 2012 Det Norske Samlaget 2007 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8441-9 4. utgåva Om denne boka

Detaljer

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman Trude Teige Lene seg mot vinden Roman Om forfatteren: Trude Teige (f. 1960) har jobbet som politisk reporter, nyhetsanker og programleder i TV2. I 2002 debuterte hun med Havet syng, oppfølgeren Lene seg

Detaljer

Hva gjør du? Er det mine penger? Nei, du har tjent dem. Behold dem.

Hva gjør du? Er det mine penger? Nei, du har tjent dem. Behold dem. Int, kjøkken, morgen Vi ser et bilde av et kjøkken. Det står en kaffekopp på bordet. Ved siden av den er en tallerken med en brødskive med brunost. Vi hører en svak tikkelyd som fyller stillheten i rommet.

Detaljer

Alt det lyse og alt det mørke

Alt det lyse og alt det mørke Brynjulf Jung Tjønn Alt det lyse og alt det mørke roman Til Helle, Olav, Ingeborg og Marie Fars fingrar kunne likne krokete greiner, og dei klumpete blodårene på oversida av handa likna snirklete røter.

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

I hvilken klasse går Ole? Barnehagen 1. klasse 2. klasse Hvor gammel er Kristine? 5 år 7 år 8 år. Hvor gammel er Ole?

I hvilken klasse går Ole? Barnehagen 1. klasse 2. klasse Hvor gammel er Kristine? 5 år 7 år 8 år. Hvor gammel er Ole? Kristine og dragen. Kristine er en fem år gammel jente. Hun har en eldre bror som heter Ole. Ole er åtte år og går i andre klasse på Puseby Skole. Kristine og Ole er som regel gode venner. Men av og til

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv Opne førelesingar M44 20. Januar 2011 Christiane Weiss-Tornes Presentert av Tine Inger Solum Disposisjon: 1. Korleis blir eg utmatta? 2. Varselsymptom

Detaljer

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter. RAPPORT FRÅ STRANDEBARM SKULE TYSDAG 18/10-05 Gruppa vart delt i 3. Det me skulle gjera i dag var: gjera klar grønsaker til marknad, stell i fjøset og steike pannekaker på stormkjøkken. Poteter og gulrøter

Detaljer

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad leseserie Nynorsk m j ø s o r m e n og andre uhyre Norsk for barnetrinnet 15795_Mjosormen_M_NN.indd 1 09-11-07 13:04:28 Mjøsa er den største innsjøen i Noreg.

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

NOR Nordisk barne- og ungdomslitteratur

NOR Nordisk barne- og ungdomslitteratur UNIVERSITETET I OSLO DET HUMANISTISKE FAKULTET ------------- Eksamen i NOR1302 - Nordisk barne- og ungdomslitteratur Høst/haust 2016 Tid: Onsdag 7. desember kl. 09:00 (4 timer). Sted: Seminarrom 3, 4 og

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet: SETNINGSLEDD 1 Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet: Leo som budde på Cuba før, snakkar godt norsk. Subjekt: Leo som budde på Cuba før Verbal: snakkar

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Kvinne 30, Berit eksempler på globale skårer

Kvinne 30, Berit eksempler på globale skårer Kvinne 30, Berit eksempler på globale skårer Demonstrasjon av tre stiler i rådgivning - Målatferd er ikke definert. 1. Sykepleieren: Ja velkommen hit, fint å se at du kom. Berit: Takk. 2. Sykepleieren:

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3 Nynorsk Leite etter mat Her er tre prosjekt som handlar om kva små skapningar et, og korleis dei leiter etter mat. Først må du finne verkelege maur,

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

Lars Ove Seljestad Isberg. Roman

Lars Ove Seljestad Isberg. Roman Lars Ove Seljestad Isberg Roman 2012 H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), Oslo www.aschehoug.no Tilrettelagt for ebok av Type-it AS, Trondheim 2012 ISBN 978-82-03-35312-3 Bibliotekutgave - kun til utlån gjennom

Detaljer

I N N H O L D. Forord

I N N H O L D. Forord BOKVENNEN 2012 I N N H O L D Forord Annlaug Selstø «Aläng» Ero Karlsen «Slutten på nysgjerrighet» Kjersti Kollbotn «Rom null-trettiåtte: Trøyst» Kristian Bjørkelo «Spegelen» Siri Katinka Valdez «Alle er

Detaljer

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8777-9

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8777-9 Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslag: Stian Hole Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8777-9 Om denne boka Tidleg ein sommar flyttar Agnes og dottera Maja

Detaljer

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

oppskrifter kornartane Innhald Baketips Kornblanding Di ega Kornblanding Fine rundstykke

oppskrifter kornartane Innhald Baketips Kornblanding Di ega Kornblanding Fine rundstykke oppskrifter kornartane Innhald Baketips Kornblanding Di ega Kornblanding Fine rundstykke oppskrifter kornartane Baketips Forkortingar dl = desiliter 1 dl = 100 ml g = gram ts = teskei ms = matskei stk

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08 Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08 01.09 02.10 Røyskattene: Jakob 4 år og hausting av urter 35 rom rom Førskulegruppe Mathea 4 år David 5 år!! 36 05.09 06.09 07.09 Gruppe fotografering 08.09

Detaljer

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Månen som ville lyse som ei sol (2012) av Elin Grimstad - og bruk av læringsvenn på 1. trinn PRESENTASJON AV BOKA: Kvifor er eg ikkje meir som sola?

Detaljer

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Eidskog på studietur til Spydeberg De kan lesa meir om dokumentasjon av vandringar her: http://bibliotekarvandring.wordpress.com/2013/10/07/dokumentasjon-av-vandringa/

Detaljer

Med tre spesialitetar i kofferten

Med tre spesialitetar i kofferten Med tre spesialitetar i kofferten Av Eli Gunnvor Grønsdal Doktor Dorota Malgorzata Wojcik nøgde seg ikkje med å vere spesialist i eitt fag. Ho tok like godt tre. No brukar ho kunnskapen sin, ikkje berre

Detaljer

2016 Det Norske Samlaget

2016 Det Norske Samlaget 2016 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Trine + Kim designstudio Skrift: Questa Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Viborg A/S Isbn: 978-82-521-9388-6 Forfatta ren har mottatt støtte frå Det faglitterære

Detaljer

Ingelin Røssland. Kirsebærsnø. Roman

Ingelin Røssland. Kirsebærsnø. Roman Ingelin Røssland Kirsebærsnø Roman 2012 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8161-6 Om denne boka Under den storslagne førtiårsfesten

Detaljer

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje 1 Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje Tidleg morgon i mai. Sol over messeområdet i Örebro, Sverige. Ti Bergen CK- veteranar klare til start, pent oppstilte på to linjer, alle i oppdaterte

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

Sofies hemmelegheit.

Sofies hemmelegheit. Sofies hemmelegheit. Emma og Sofie går i 1. klasse på Soltun skule. Dei er bestevennar og er alltid saman. 2 Ein dag blir Emma med Sofie heim etter skulen. Det er ikkje så langt, berre forbi det store

Detaljer

Årets nysgjerrigper 2010

Årets nysgjerrigper 2010 Årets nysgjerrigper 2010 Prosjekttittel: Hvorfor iser tennene Klasse: 4A og 4B Skole: Emblem skule (Ålesund, Møre og Romsdal) Antall deltagere (elever): 20 Dato: 03.06.2010 Side 1 Vi er ei klasse på 20.

Detaljer

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Ved Kari Vik Stuhaug Helsepedagogikk Helse Fonna 5. Mars 2015 09.03.2015 Kari Vik Stuhaug, LMS Helse Fonna 1 Kva gjer du når du får eit problem? Og kva

Detaljer

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN Oppsummering/ evaluering av månaden Også denne månaden har me vore mykje ute. Prøver å komma oss ut to gonger i løpet av dagen om veret er nokon lunde ok. Det er mykje sykling

Detaljer

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei

Detaljer

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg 5. JANUAR 2016 Mors friluftsliv - nyttig og naturleg Friluftslivsseminar Sogndal 5. januar 2016 Inger Marie Vingdal, HIOA Livslangt liv i natur Kvinne født 1927 Gardbrukar og budeie til1994 Enke, pensjonist

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker. 1. Mos 1, 1-5 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet. 3 Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys. 4 Gud såg at lyset

Detaljer

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Styret har vore samansett slik i 2012 : Årsmelding for Volda Dykkerklubb 2012 Styret har vore samansett slik i 2012 : Formann : Roar Gjerde ( ikkje på val, 1 år att) Nestformann : Alf Henning Ervik ( på val 2013) Kasserar/IT ansvarleg : Rolf

Detaljer

Lynne og Anja. Oddvar Godø Elgvin. Telefon: 99637736/37035023 Email: oddvar@elgvin.org

Lynne og Anja. Oddvar Godø Elgvin. Telefon: 99637736/37035023 Email: oddvar@elgvin.org Lynne og Anja Av Oddvar Godø Elgvin Telefon: 99637736/37035023 Email: oddvar@elgvin.org FADE IN EXT, KIRKEGÅRD, MOREN TIL SIN BEGRAVELSE (21), med blondt hår, lite sminke, rundt ansikt og sliten - er tilskuer

Detaljer

Ordenes makt. Første kapittel

Ordenes makt. Første kapittel Første kapittel Ordenes makt De sier et ord i fjernsynet, et ord jeg ikke forstår. Det er en kvinne som sier det, langsomt og tydelig, sånn at alle skal være med. Det gjør det bare verre, for det hun sier,

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Sørigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei og hå! I månaden som er gått har vi leika oss ute i snøen, så nær som kvar dag. Vi sila i bakkane og mala på snøen

Detaljer

LØVELOVEN VI ER VENNER.

LØVELOVEN VI ER VENNER. LØVELOVEN KAN DU LØVELOVEN? JEG SKAL VÆRE MEG, MEN GI PLASS TIL ANDRE, SLIK AT DE BLIR SEG. BRY MEG OM EN ANNEN HJELPE HVIS JEG KAN. SLIK BLIR LIVET BEDRE FOR BARN I ALLE LAND. SER DU EN SOM PLAGES? DET

Detaljer