KLAGE PÅ NVE SITT VEDTAK OM IKKJE Å GJE KONSESJON TIL BREMANGERLANDET VINDKRAFTVERK MED TILHØYRANDE 132 kv NETTILKNYTING

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "KLAGE PÅ NVE SITT VEDTAK OM IKKJE Å GJE KONSESJON TIL BREMANGERLANDET VINDKRAFTVERK MED TILHØYRANDE 132 kv NETTILKNYTING"

Transkript

1 Olje og energidepartementet Postboks 8148 Dep 0033 Oslo E post: nve@nve.no Sandane, 17. desember 2015 KLAGE PÅ NVE SITT VEDTAK OM IKKJE Å GJE KONSESJON TIL BREMANGERLANDET VINDKRAFTVERK MED TILHØYRANDE 132 kv NETTILKNYTING Kort om prosjekt og tiltakshavar (BVAS) søkte den om konsesjon for å bygge og drive Bremangerlandet vindkraftverk (BV) med inntil 80 MW installert effekt. BV er lokalisert i Bremanger kommune, Sogn og Fjordane fylke. På bakgrunn av eit omfattande vindmålingsprogram er gjennomsnittlig vindhastighet berekna til 9,1 m/s i 80 meters høgde, med forventa produksjon på ca 280 GWh (3500 fullasttimar). Vindkraftverket er planlagt tilknytt den konsesjonsgjevne 132 kv lina Ålfoten Deknepollen, via ein om lag 10 km lang 132 kv radial frå Rugsundøy og fram til Bremangerlandet (konsesjonssøkt av SFE Nett). I Ålfoten møter regionalnettet det nye 420 kv sentralnettet, som er planlagt ferdigstilt i Tiltakshavar for det aktuelle vindkraftverket er BVAS, eit prosjektselskap som er heileigd av Vestavind Kraft AS. Vestavind Kraft AS er eigd av Svelgen Kraft Holding AS, som igjen er eigd av SFE Produksjon AS, Tafjord Kraftproduksjon AS og Sognekraft AS. I bakgrunnen er selskapa eigd av kommunar og fylkeskommunar på Vestlandet. NVEs vedtak / avslag Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) avslår herved konsesjonssøknad av fra Bremangerlandet vindpark AS om å bygge og drive Bremangerlandet vindkraftverk i Bremanger kommune, Sogn og Fjordane. Som følge av avslaget, avslås også konsesjonssøknad av fra SFE Nett om å bygge og drive 132 kv produksjonsradial fra vindkraftverket til omsøkt koblingsstasjon på Rugsundøy. Vedtakene er fattet i medhold av energiloven av nr. 50 og delegering av myndighet fra Olje og energidepartementet i brev av

2 NVE har gjort en helhetlig avveining av fordeler og ulemper ved vindkraftverket. Bremangerlandet vindkraftverk er etter NVEs vurdering et svært godt vindkraftprosjekt når det gjelder forventet produksjon og tekniske forhold. De viktigste negative virkningene av tiltaket er knyttet til landskap og friluftsliv. Det er også usikkerhet rundt virkninger for Norkrings hovedsender i planområdet. Virkningene av Bremangerlandet vindkraftverk alene er likevel ikke så store at de er tillagt avgjørende vekt i konsesjonsspørsmålet. Det har vært tungtveiende at det foreligger flere konsesjoner for vindkraftutbygging i regionen. Dersom samtlige prosjekter med konsesjon i regionen blir realisert, vil de samlede visuelle virkningene bli store. Etter NVEs vurdering vil Bremangerlandet vindkraftverk bidra til å forsterke de samlede visuelle virkningene i regionen ytterligere. NVE konstaterer at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har fremmet innsigelse til søknaden på grunn av virkninger for fugletrekk, hekkelokaliteter for rovfugl, landskap med store naturverdier og reduksjon av sammenhengende INON fra fjord til fjell. Bremanger kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune er positive til tiltaket BVAS si grunngjeving av klagen Også BVAS meiner BV er eit særs godt vindkraftprosjekt, og vi har stor tru på at prosjektet kan realiserast innan den norsk svenske elsertifikatmarknaden. NVE understrekar i sitt vedtak at verknadane av BV åleine ikkje er så store at dette er tillagt avgjerande vekt i konsesjonsspørsmålet. NVE har ved avslaget lagt avgjerande vekt på dei samla visuelle verknadane dersom alle konsesjonsgjevne prosjekta i regionen vert realisert. Den regionen som vert rørt av dei visuelle verknadane er deler av ytre Nordfjord og deler av ytre Sunnfjord. Når det gjeld folk sin oppleving av visuelle verknader for landskapet er det i fyrste rekkje nær verknaden som vert opplevd som konfliktfylt. Topografien i regionen vil kamuflere vindkraftverka i ein slik grad at det kan stillast spørsmål ved realinnhaldet i omgrepet «visuell sumverknad». Omsynet til visuelle sumverknader står i mange tilfelle i motsetning til samfunnet sin interesse av å samle energianlegg til avgrensa områder. Samling av anlegg i «klynger» vil gje vinstar med omsyn til samordna bygging av infrastruktur og effektiv drift av anlegga. Aktive næringsklynger er ofte også arena for ny næringsutvikling. BVAS si oppfatning er at energistyresmaktene tidlegare har lagt vekt på samling av vindkraft i klynger, t.d. Fosen og Bjerkreim. I motsetnad til desse klyngene, der kommersielle avgjerder er avhengige av mange aktørar, vil den aktuelle klynga i ytre Nordfjord vere tufta på uavhengige kommersielle prosjektavgjerder. Kartutsnittet nedanfor viser dei konsesjonsgjevne og driftssette vindkraftprosjekta i Sør og Midt Norge. Som det går fram av kartet er det grunn til å påpeike at det er betydeleg større vindkraft tettheit og landskapsmessig sumverknad i andre regionar enn i ytre Nordfjord/ Sunnfjord (for eksempel Bjerkreim / Sør Rogaland og Fosen). Det er dessutan langt mellom vindkraftprosjekta langs kysten både nord og sør for Bremangerlandet. 2

3 Kart: Oversikt over utbygde og konsesjonsgjevne vindkraftverk (kjelde: NVE ) Vestavind Kraft (VK), eigaren bak BVAS, har dei siste 10 åra drive vindkraft prosjektutvikling langs Vestlandskysten. VK har gjennom lokalt og regionalt eigarskap hatt ein strategi om å opptre reieleg og ansvarleg. Ei rekke planar som er blitt vurdert krevjande å realisere er i tidleg fase blitt trekte; Fedje, Eide på Sotra, Radøy, Ytre Sula, Folkestad, Staveneset og Sandvikhornet. Nokre få gode prosjekt er blitt utvikla vidare fram til konsesjonsstadiet. Til dømes fekk VK i 2014 konsesjon frå NVE for Hennøy vindkraftverk i Bremanger kommune (35 MW), eit prosjekt der verken vindkraftverk eller nettilknyting vart påklaga til OED. 3

4 VK har investert betydelege ressursar på å få vidareutvikle BV fram mot konsesjon og realisering. Det er mellom anna utført eit måleprogram dei seinare åra der tre målemaster har målt vind på sju ulike punkt i det omsøkte planområdet. Som NVE skriv i sitt vedtak: Vi legger til grunn at tiltakshaver har gjennomført et omfattende vindmåleprogram, og at det foreligger god informasjon om vindforholdene. Produksjonsberegningene er derfor sikre sammenliknet med mange vindkraftprosjekter NVE har hatt til behandling. Utforminga av BV har teke lang tid, med førehandsmelding i 2006 og konsesjonssøknad i BVAS har nytta tida godt til å forme eit prosjekt med fornuftige tekniske løysingar, i samråd med grunneigarane, vertskommunen, SFE Nett og NVE. Mellom anna vil ei realisering av BV føre til opprusting av eksisterande vegar i ytre Bremanger, som er eit viktig samfunnsøkonomisk bidrag for kommune, lokalbefolkning og næringsinteressene i området. Inntekter og arbeidsplassar både i anleggsfasen og driftsfasen er også verdsette bidrag til kystkommunen. Når det gjeld BV konstaterer BVAS at NVE har handsama dei ulike prosjekta i regionen med ulik prioritet langs tidsaksen. NVE sette frist for aktørane å levere konsesjonssøknader innan august 2011, og i den runden søkte tiltakshavarane bak følgjande prosjekt om konsesjon: Guleslettene (160 MW), Hennøy (35 MW), Vågsvåg (24 MW) og Bremangerlandet. Vågsvåg fekk konsesjon frå NVE etter 2 år og 10 mnd, Guleslettene og Hennøy etter 3 år og 2 mnd, medan Bremangerlandet sist fekk sitt vedtak 4 år og 4 mnd etter at søknad vart innsendt. Innan BV fekk sitt vedtak var NVE si akseptgrense for visuell landskapspåverknad nådd, slik at dette prosjektet fekk avslag. For BVAS verker det urimelig at denne u proporsjonale sakshandsamingstida har ført til at dei øvrige vindkraftprosjekta, i motsetning til BV, synes å ha unngått eit hinder med omsyn til «visuelle sumverknader». Etter BVAS si meining vert det overordna nasjonale målet om ny fornybar energi i dette tilfelle obstruert av subjektive storleikar som «visuelle sumverknader». BVAS stiller seg spørjande til korleis visuelle sumverknader vert handsama på transparent og fagleg fundert måte. BVAS har levert søknad og utgreiingar i tråd med NVE sine til kvar tid gjeldande krav til konsekvensutgreiing, og vi har frå vår side lagt til rette for rask og effektiv sakshandsaming. Vi opplever at den lange sakshandsamingstida hjå NVE for dette prosjektet, der vi føler oss skuldlause, har bidrege til at det gode BV prosjektet har missa sin posisjon i køen mot landskapsmessige sumverknader. I tillegg er det i regionen gjeve endeleg konsesjon til dei mindre prosjekta Mehuken (25 MW), Okla (21 MW) og Testområde Stadt (10 MW). Testområde Stadt (flytande vindturbin), eit ambulerande prosjekt med tre testposisjonar, er ein del av NVE sitt vurderingsgrunnlag når det gjeld sumverknader. Testområdet vert i dag nytta til uttesting av bølgjekraft, som er visuelt lite synleg (den ombygde fiskebåten Havkraft). Etter BVAS si meining er det urimelig at NVE adderer dette testprosjektet til dei visuelle sumverknadene knytt til BV. Korvidt dei andre prosjekta i regionen som har fått konsesjon frå NVE vil la seg realisere er eit ope spørsmål. Men få eller ingen av prosjekta har fått tilsvarande skussmål frå NVE som BV: 4

5 NVEs beregninger viser at prosjektøkonomien er blant de aller beste av vindkraftprosjekter som er gitt konsesjon de siste årene. Fylkesmannen har levert motsegn til at BV skal få konsesjon. Vår oppfatning er at NVE i bakgrunn for vedtak ikkje vurderer dei tema som Fylkesmannen reiser som særskilt problematiske, med unntak av dei landskapsmessige negative effektane ved prosjektet. BV meiner at dersom OED vel å legge avgjerande vekt på omsynet til landskapsmessig sumverknad i endeleg avgjerd for sakene som no ligg til handsaming i ytre Nordfjord/ Sunnfjord, så må OED samanlikne samfunnsøkonomien for det enkelte prosjekt og gje konsesjon til dei beste prosjekta som har realistiske føresetnader for å verte bygde innan I den samanheng er BV ein sterk kandidat med konkurransedyktig prosjektøkonomi og avklara nettløysing som ikkje vil føre til auke i regionalnettstariffen. BV har dessutan høg grad av arealutnytting ved å gje relativt stor energiproduksjon per arealeining. Dette er eit argument dersom styresmaktene er opptekne av at energien må produserast der ressursen er best og der minst mogeleg areal vert beslaglagt. Når det gjeld sumverknader nemner vi at vedteken fylkesdelplan for vindkraft i Sogn og Fjordane har eit mål om 1000 MW vindkraft innan Prosjekta med konsesjon frå NVE summerer seg til 475 MW, der 334 MW er til klagehandsaming i OED. NVE har ikkje fleire realistiske prosjekt til handsaming i Sogn og Fjordane. Med vår kunnskap om lokale og regionale vindtilhøve, med utfordrande topografi, manglande infrastruktur og dagens rammevilkår, er vår påstand at Sogn og Fjordane fylkeskommune ikkje eingong vil nå 50 % av vindkraftmålet sitt dersom kriteriumet «visuell sumverknad» skal ha oppsettande verknad. Vi vil avslutningsvis legge til at Statnett no investerer milliardbeløp på nytt sentralnett mellom Ørskog og Sogndal, med tilkoplingspunkt i Ålfoten/Bremanger. Ambisiøse føresetnader knytt til ny produksjon av vind og vasskraft ligg til grunn for samfunnsøkonomien i nettprosjektet. Nettet har kapasitet på ca 1500 MW, og det synes samfunnsøkonomisk rett å nytte denne kapasiteten for nye konkurransedyktige vindkraftprosjekt som BV. Konklusjon Med bakgrunn i at NVE har lagt avgjerande vekt på potensielle visuelle sumverknader dersom dei konsesjonsgjevne prosjekta vert realisert, vil BVAS med dette klage på NVE sitt avslag på søknad om løyve for BV. Samanlikna med andre vindkraftklynger i Norge stiller BVAS spørsmål ved kriteria som ligg til grunn for å avgjere at det nettopp i ytre Nordfjord/Sunnfjord i sum kan verte for mykje vindkraft. BVAS meiner vidare at dersom OED skulle meine at sumverknad er eit vektig argument, så må endeleg vedtak frå OED vere tufta på ei samla oppdatert vurdering av samfunnsøkonomien for dei tre vindkraftprosjekta i Nordfjord og Sunnfjord som no ligg til klagehandsaming. 5

6 BVAS hevdar at det er tvillaust at BV vil ha større fordelar enn ulemper, og slik sett trygt kan gjevast løyve til å byggje og drive det omsøkte vindkraftanlegget i Bremanger kommune. BV vil med dette også klage på NVE sitt vedtak om å avslå konsesjonssøknaden frå SFE Nett om å bygge og drive 132 kv produksjonsradial frå Bremangerlandet vindkraftverk til omsøkt koblingsstasjon på Rugsundøy. Sandane 17. desember 2015 Stig M. Svalheim Styreleiar Monica L. Mundal Dagleg leiar 6

Bakgrunn for saken. Olje- og energidepartementet Postboks 8148 Dep 0033 OSLO. Vår dato: Vår ref.: Deres ref.

Bakgrunn for saken. Olje- og energidepartementet Postboks 8148 Dep 0033 OSLO. Vår dato: Vår ref.: Deres ref. Olje- og energidepartementet Postboks 8148 Dep 0033 OSLO Vår dato: 03.02.2016 Vår ref.: 200708328-140 Arkiv: 511 Deres dato: Deres ref.: Saksbehandler: Sissel Belgen Jakobsen Oversendelse av klager på

Detaljer

NOTAT. Arkiv nr. /Ref. no # 58087/2. Sider 6 Vedlegg. Dato Kopi til

NOTAT. Arkiv nr. /Ref. no # 58087/2. Sider 6 Vedlegg. Dato Kopi til NOTAT Tittel Ny produksjon i Sogn og Fjordane, planar og nettkapasitet Arkiv nr. /Ref. no # 58087/2 Sider 6 Vedlegg Utarbeidd av Kristen Skrivarvik Mottakar Sogn og Fjordane Fylkeskommune Dato 01.06.11

Detaljer

SOGN OG FJORDANE ENERGI

SOGN OG FJORDANE ENERGI SOGN OG FJORDANE ENERGI Johannes Rauboti, konsernsjef Fylkestinget, Loen, 13. juni 2017 Denne presentasjonen Om SFE og resultatet 2016 Investeringsplanar og emisjon i SFE Utgreiingar med andre selskap

Detaljer

Asgeir Aase Nettdirektør, SFE Nett AS

Asgeir Aase Nettdirektør, SFE Nett AS 1 Temadag EBL 20. august 2008 - Framtidsretta nettpolitikk - Situasjon i SFE/Sogn og Fjordane Asgeir Aase Nettdirektør, SFE Nett AS #62370/2 2 Hovudområde 210 tilsette Produksjon 1.4TWh Nett 4000km (S-R-D-nett)

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret SAKLISTE: Møtestad: Tingsalen Møtedato: 17.02.2015 Tid: 15:00. Tittel

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret SAKLISTE: Møtestad: Tingsalen Møtedato: 17.02.2015 Tid: 15:00. Tittel Møtestad: Tingsalen Møtedato: 17.02.2015 Tid: 15:00 MØTEPROTOKOLL Kommunestyret SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/15 11/803 NVE si innstilling for bygging av Leikanger kraftverk - merknader frå Leikanger

Detaljer

Vindkraft til havs: Sogn og Fjordane som spydspiss? Loen, 23. mars 2009

Vindkraft til havs: Sogn og Fjordane som spydspiss? Loen, 23. mars 2009 BEDRIFTER NYE MULEGHEITER LOKALSAMFUNNET Vindkraft til havs: Sogn og Fjordane som spydspiss? Loen, 23. mars 2009 1. Vindkraft er her for fullt og kjem endå sterkare 2. Vindkraft er på veg til havs

Detaljer

DET KOGELIGE OLIE- OG ENERGIDEPARTEMENT í- è

DET KOGELIGE OLIE- OG ENERGIDEPARTEMENT í- è l DET KOGELIGE OLIE- OG ENERGIDEPARTEMENT í- è Ifølge liste Deres ref Vår ref Dato 200703860 09/709 1 L MAR2011, Nord-Norsk Vindkraft AS - Sleneset vindkraftverk i Lurøy kommune - klage Innledning Norges

Detaljer

Bremangerlandet vindkraftverk

Bremangerlandet vindkraftverk 1 Bremangerlandet vindkraftverk Bremangerlandet Vindpark AS 2 Bremangerlandet Vindpark AS Bremangerlandet Vindpark AS er eit prosjektselskap eigd av Vestavind Kraft AS og SFE Produksjon AS. Bremangerlandet

Detaljer

Støtte til NVE si avgjerd om avslag til Bremangerlandet vindkraftverk.

Støtte til NVE si avgjerd om avslag til Bremangerlandet vindkraftverk. forum for natur og friluftsliv i Sogn og Fjordane OED postmottak@oed.dep.no Leikanger 10.02.2016 Brev til energi- og miljøkomiteen/oed Støtte til NVE si avgjerd om avslag til Bremangerlandet vindkraftverk.

Detaljer

Nasjonal ramme for vindkraft. Kva rolle vil denne spela for. kommunane? Steinar Eldøy, Rogaland fylkeskommune

Nasjonal ramme for vindkraft. Kva rolle vil denne spela for. kommunane? Steinar Eldøy, Rogaland fylkeskommune Nasjonal ramme for vindkraft Kva rolle vil denne spela for kommunane? Steinar Eldøy, Rogaland fylkeskommune Foto: Elisabeth Tønnesen Produksjonsforhold Nettkapasitet Nettmessig egnethet Områdenummer

Detaljer

Underlag for Fylkeskommunen si utarbeiding av høyringsfråsegner for vindkraftkonsesjonar

Underlag for Fylkeskommunen si utarbeiding av høyringsfråsegner for vindkraftkonsesjonar Sogn og Fjordane Fylkeskommune v/fylkesdirektør Svein Arne Hoff Askedalen 2 6823 Leikanger Dykkar ref. Vår ref. Dato 27.02.2012 Underlag for Fylkeskommunen si utarbeiding av høyringsfråsegner for vindkraftkonsesjonar

Detaljer

INFORMASJONSBROSJYRE

INFORMASJONSBROSJYRE Øvre Bredvatnet, foto: Gunnar Bjørlykke INFORMASJONSBROSJYRE 66 kv Tomasgard - Tryggestad SFE Nett AS 02 SFE Nett ønskjer å orientere om planane for bygging av 66 (132) kv leidning frå Tomasgard til Tryggestad,

Detaljer

Vindkraft. Utredningsprosjekt om lokale og regionale ringvirkninger av vindkraft 2009-2010

Vindkraft. Utredningsprosjekt om lokale og regionale ringvirkninger av vindkraft 2009-2010 Vindkraft Utredningsprosjekt om lokale og regionale ringvirkninger av vindkraft 2009-2010 Kunde: SAE Vind, Zephyr as Oppdraget: Gjennomgang av erfaringer fra etablerte vindkraftverk. Intervjuer med vertskommuner.

Detaljer

Sign.: Statoilllydro ASA, Tussa Energi AS, Sande kommune

Sign.: Statoilllydro ASA, Tussa Energi AS, Sande kommune t? Norges vassdrags- og energidirektorat N V E KTE-notat 47/2008 Til: Fra: Ansvarlig: Dato: Vår ref.: Arkiv: 511 Kopi: e- og ener id artementet 1na Ro erud Arne Olsen 12.09.2008 NVE 200704252-60 Sign.:

Detaljer

Sign.: Sign.: NVE ke/many KE 42/2013 Olje- og energidepartementet, Solvind Prosjekt AS, Karmøy kommune,fnfrogalandog Haugesundkommune

Sign.: Sign.: NVE ke/many KE 42/2013 Olje- og energidepartementet, Solvind Prosjekt AS, Karmøy kommune,fnfrogalandog Haugesundkommune Norges vassdrags-og energidirektorat NVE KE-notat Søker/sak: Solvind Prosjekt AS/ Storøy vindkraftverk Fylke/kommune: Rogaland/Karmøy Ansvarlig: Arne Olsen Saksbehandler: MarteNyheim Dato: Vår ref.: Sendes

Detaljer

Vindkraft nasjonale interesser regionale planer

Vindkraft nasjonale interesser regionale planer Vindkraft nasjonale interesser regionale planer Gardermoen 26. oktober 2009 Harald Noreik Seniorrådgiver Avd. for regional planlegging, Miljøverndepartementet Disposisjon Mål og status for vindkraftutbyggingen

Detaljer

Søknad om auka slukeevne ved Grøvla kraftverk

Søknad om auka slukeevne ved Grøvla kraftverk NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 Oslo 26.06.2019 Søknad om auka slukeevne ved Grøvla kraftverk Grøvla Kraft AS ønskjer å auke slukeevna ved eksisterande anlegg elva Grøvla i Førde kommune

Detaljer

Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging

Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging 4. kvartal 2014 Dette er en oversikt over Olje- og energidepartementets (OED), fylkeskommunenes og Norges vassdrags- og energidirektorats (NVE) vedtak om konsesjon

Detaljer

Selskaps- og prosjektpresentasjon. Grunneiere Grimstad og Lillesand kommune 15 og 16. juni 2011

Selskaps- og prosjektpresentasjon. Grunneiere Grimstad og Lillesand kommune 15 og 16. juni 2011 Selskaps- og prosjektpresentasjon Grunneiere Grimstad og Lillesand kommune 15 og 16. juni 2011 1 Hvem er vi? Mange års erfaring fra vindkraftutvikling. 5 partnere med mer enn 40 års samlet erfaring fra

Detaljer

Klage på vedtak om konsesjon til etablering av Gilja vindkraftverk, Gjesdal

Klage på vedtak om konsesjon til etablering av Gilja vindkraftverk, Gjesdal Dykkar ref.: Vår dato: 12.08.2013 Vår ref.: 2013/4991 Arkivnr.: 562 Norges vassdrags- og energidirektorat Postboks 5091 Majorstuen 0301 Oslo Postadresse: Postboks 59 Sentrum, 4001 Stavanger Besøksadresse:

Detaljer

SAKSGANG. Mehuken 3 vindkraftverk i Vågsøy kommune - Høyring av søknad om utskifting av turbinar

SAKSGANG. Mehuken 3 vindkraftverk i Vågsøy kommune - Høyring av søknad om utskifting av turbinar Vågsøy kommune Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Planutvalg Kommunestyre Endeleg vedtak i: Kommunestyre Møtedato 05.09.2013 26.09.2013 Arkivsaknr.: 13/1232 Saksnummer 055/13 Saksansvarleg: Janne

Detaljer

Bremangerlandet vindkraftverk

Bremangerlandet vindkraftverk Bakgrunn for vedtak Bremangerlandet vindkraftverk Bremanger kommune i Sogn og Fjordane fylke Tiltakshaver Bremangerlandet Vindpark AS Referanse 200708328-132 Dato 01.12.2015 Notatnummer KE-notat 8/15 Ansvarlig

Detaljer

Konsesjonsbehandling hva kan bli klargjort før Rune Flatby

Konsesjonsbehandling hva kan bli klargjort før Rune Flatby Konsesjonsbehandling hva kan bli klargjort før 2020 Rune Flatby Ny utbygging viktige drivere Lite nettinvesteringer siden 1990 Flere regioner med svak kraftbalanse Forventet økt uttak i petroleumssektoren

Detaljer

Framlagt på møte 20.-21.juni 2012 Styresak 35/2012 Saksnr. 12/00732 Arknr. 611.3

Framlagt på møte 20.-21.juni 2012 Styresak 35/2012 Saksnr. 12/00732 Arknr. 611.3 STYRESAK REGIONAL VINDKRAFTPLAN FOR FINNMARK 1. Innledning Finnmark fylkeskommune har utarbeidet utkast til regional vindkraftplan for Finnmark. Planen er nå på høring med høringsfrist 6. august 2012.

Detaljer

DET KONGELIGE OLJE- OG ENERGIDEPARTEMENT

DET KONGELIGE OLJE- OG ENERGIDEPARTEMENT DET KONGELIGE OLJE- OG ENERGIDEPARTEMENT Lærdal Energi AS Postboks 94 6886 Lærdal Deres ref Vår ref 07/00534 07/01821-3 Dato 19 MAI 2008 Klage på NVEs vedtak om tariffering i Borgund Det synast til klage

Detaljer

NATURVERNFORBUNDET I SOGN OG FJORDANE

NATURVERNFORBUNDET I SOGN OG FJORDANE NVE, Postboks 5091 Majorstuen 0301 Oslo Dykkar dato: 12.01.2015. Vår dato: 18/4.2015 FLEIRE SØKJARAR- SØKNADER OM LØYVE TIL Å BYGGJE 7 SMÅKRAFTVERK I AURLAND,VIK, HØYANGER OG BALESTRAND KOMMUNAR Merknad

Detaljer

Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging

Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging Tredje kvartal 2018 Dette er en oversikt over Olje- og energidepartementets (OED), kommunenes og Norges vassdragsog energidirektorats (NVE) vedtak om konsesjon

Detaljer

KONSESJONSBEHANDLING OG NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT

KONSESJONSBEHANDLING OG NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT KONSESJONSBEHANDLING OG NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT Jon Krogvold og Anne Maren Aabøe Seksjon for energikonsesjon jokr@nve.no/amaa@nve.no DEL 1 Konsesjonsbehandling av vindkraft v/ Anne Maren Aabøe DEL

Detaljer

Oppgradering av Refsdal transformatorstasjon. Oversendelse av tillatelser

Oppgradering av Refsdal transformatorstasjon. Oversendelse av tillatelser Statnett SF Postboks 4904 Nydalen 0423 OSLO Vår dato: 29.06.2015 Vår ref.: 201405378-13 Arkiv: 611 Deres dato: Deres ref.: Saksbehandler: Katrine Stenshorne Berg 22959327/kast@nve.no Oppgradering av Refsdal

Detaljer

Næringsmoglegheiter for bønder innan småkraft og vindkraft. AgroNordvest Loen 10.11.2012

Næringsmoglegheiter for bønder innan småkraft og vindkraft. AgroNordvest Loen 10.11.2012 Næringsmoglegheiter for bønder innan småkraft og vindkraft AgroNordvest Loen 10.11.2012 Fornybar elproduksjon i landbruket 2-årig prosjekt frå 01.10.11 med prosjekt-leiar Terje Engvik omfattar vindkraft

Detaljer

REGIONAL PLAN OM VINDKRAFT I NORDLAND HANDLINGSPROGRAM 2014

REGIONAL PLAN OM VINDKRAFT I NORDLAND HANDLINGSPROGRAM 2014 REGIONAL PLAN OM VINDKRAFT I NORDLAND 2009-2021 HANDLINGSPROGRAM 2014 Beskrivelse av planen Regional plan om vindkraft i Nordland- arealmessige vurderinger ble vedtatt av fylkestinget i 2009 (FT-sak 155/09).

Detaljer

-0 DET KONGELIGE OLJE- OG ENERGIDEPARTEMENT. Deres ref vår ref Dato 00/ Nord -Trøndelag Elektrisitetsverk - Ytre Vikna vindmollepark

-0 DET KONGELIGE OLJE- OG ENERGIDEPARTEMENT. Deres ref vår ref Dato 00/ Nord -Trøndelag Elektrisitetsverk - Ytre Vikna vindmollepark -r -0 DET KONGELIGE OLJE- OG ENERGIDEPARTEMENT Adressater i henhold til vedlagte liste NVE.-'å OC2o5?- /5`3 S.beh.: / /-- 1 4 JUN 2006 Arkivkode: - Sek.kode: TE dato/ sign,: Deres ref vår ref Dato 00/00465-18

Detaljer

Sandnes vindkraftverk - Vurdering av klage på vedtak om avslag

Sandnes vindkraftverk - Vurdering av klage på vedtak om avslag Olje- og energidepartementet Postboks 8148 Dep 0033 OSLO Vår dato: 01.02.2016 Vår ref.: 200906346-90 Arkiv: 511 Deres dato: Deres ref.: Saksbehandler: Ane Næsset Ramtvedt Sandnes vindkraftverk - Vurdering

Detaljer

Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging

Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging Fjerde kvartal 2018 Dette er en oversikt over Olje- og energidepartementets (OED), kommunenes og Norges vassdragsog energidirektorats (NVE) vedtak om konsesjon

Detaljer

Siste årets erfaringer med forhandlinger mellom vertskommuner og utbyggere. LNVKs landskonferanse 6. mai 2014 Tine Larsen Advokat tl@lundogco.

Siste årets erfaringer med forhandlinger mellom vertskommuner og utbyggere. LNVKs landskonferanse 6. mai 2014 Tine Larsen Advokat tl@lundogco. Siste årets erfaringer med forhandlinger mellom vertskommuner og utbyggere LNVKs landskonferanse 6. mai 2014 Tine Larsen Advokat tl@lundogco.no Kostnadsdekning juridisk bistand og kommunens saksbehandling

Detaljer

Fylkesdelplan for vindkraft i Sogn og Fjordane

Fylkesdelplan for vindkraft i Sogn og Fjordane Vindkraftplanlegging ein prosess med lause endar og eksterne organ som gjer endeleg vedtak Fylkesdelplan for vindkraft i Sogn og Fjordane V/Joar Helgheim, Sogn og Fjordane fylkeskommune Disposisjon: Bakgrunn

Detaljer

BREMANGER KOMMUNE Sakspapir

BREMANGER KOMMUNE Sakspapir BREMANGER KOMMUNE Sakspapir Styre, råd, utval Behandlingsdato Saksnr. Sakshands. Formannskapet 27.08.2015 069/15 IH Avgjerd av: Saksansv.: Inger Hilde Arkiv: K2-S11, K3-&13 Arkivsaknr.: 15/1236 Sigdestad

Detaljer

Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging

Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging Første kvartal 2019 Dette er en oversikt over Olje- og energidepartementets (OED), kommunenes og Norges vassdragsog energidirektorats (NVE) vedtak om konsesjon

Detaljer

Oversendelse av innsigelse og klager på NVEs vedtak om konsesjon til Vågsvåg vindkraftverk

Oversendelse av innsigelse og klager på NVEs vedtak om konsesjon til Vågsvåg vindkraftverk Olje- og energidepartementet Postboks 8148 Dep 0033 OSLO Vår dato: 19.12.2014 Vår ref.: 200904688-78 Arkiv: 511 Deres dato: Deres ref.: Saksbehandler: Hilde Aass Oversendelse av innsigelse og klager på

Detaljer

Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging

Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging 4. kvartal 2015 Dette er en oversikt over Olje- og energidepartementets (OED), fylkeskommunenes og Norges vassdrags- og energidirektorats (NVE) vedtak om konsesjon

Detaljer

Søknad om endring av installert effekt i vindkraftverk på Fosen

Søknad om endring av installert effekt i vindkraftverk på Fosen Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) Postboks 5091 Majorstuen 0301 Oslo Att: Arne Olsen YOUR REF./DATE: OUR REF.: PLACE/DATE: Oslo, 30. november 2015 Søknad om endring av installert effekt i vindkraftverk

Detaljer

Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging

Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging 2. kvartal 2016 Dette er en oversikt over Olje- og energidepartementets (OED), fylkeskommunenes og Norges vassdrags- og energidirektorats (NVE) vedtak om konsesjon

Detaljer

Prosjekttilgang i Norge. Leif I. Husabø Svensk- norsk elsertifikatseminar 2015, Arlanda, 24. april

Prosjekttilgang i Norge. Leif I. Husabø Svensk- norsk elsertifikatseminar 2015, Arlanda, 24. april Prosjekttilgang i Norge Leif I. Husabø Svensk- norsk elsertifikatseminar 2015, Arlanda, 24. april Innhold Status for utbygging i Norge og Sverige Prosjekttilgang i Norge mot 2020 Vindkraft i Norge På vei

Detaljer

Sognekraft AS Oversendelse av fornyet områdekonsesjon

Sognekraft AS Oversendelse av fornyet områdekonsesjon Sognekraft AS Røysavegen 1 6893 VIK I SOGN Vår dato: 05.08.2015 Vår ref.: 201503912-3 Arkiv: 611 Deres dato: 15.06.2015 Deres ref.: Harald Stadheim Saksbehandler: Grete Johnsen 22959160/gaj@nve.no Sognekraft

Detaljer

Tellenes Vind ark DA/Tellenes vindkraftverk Ro aland/sokndal o Lund

Tellenes Vind ark DA/Tellenes vindkraftverk Ro aland/sokndal o Lund Norges vassdrags- og energidirektorat NVE KE-notat 6/2013 Søker/sak: Fylke/kommune: Ansvarlig: Saksbehandler: Dato: Vår ref.: Sendes til: Tellenes Vind ark DA/Tellenes vindkraftverk Ro aland/sokndal o

Detaljer

Møteprotokoll. Stølsheimen verneområdestyre

Møteprotokoll. Stølsheimen verneområdestyre Møteprotokoll Stølsheimen verneområdestyre Utval: Møtestad: Kulturhuset, Voss Dato: 17.09.2013 Tidspunkt: 11:00 13:00 Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer Hans Erik Ringkjøb Nestleder

Detaljer

Velkommen til møte om Setten Vindkraftverk

Velkommen til møte om Setten Vindkraftverk Velkommen til møte om Setten Vindkraftverk Melding - et tidlig varsel om et mulig vindkraftverk Hva skal konsekvensutredes? 30.oktober 2018 Møteplan Innledning v/arne Olsen NVEs saksbehandling v/ Jørgen

Detaljer

Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging

Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging Andre kvartal 2019 Dette er en oversikt over Olje- og energidepartementets (OED), kommunenes og Norges vassdragsog energidirektorats (NVE) vedtak om konsesjon

Detaljer

Handlingsprogram for Regional plan om vindkraft i Nordland

Handlingsprogram for Regional plan om vindkraft i Nordland Handlingsprogram for Regional plan om vindkraft i Nordland 014 Aktivitet Hovedansvar Medvirkende 014 015 016 1 Rapportere i forhold til regionalt mål om økt produksjon av fornybar energi. Det skal innhentes

Detaljer

Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging

Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging 3. kvartal 2016 Dette er en oversikt over Olje- og energidepartementets (OED), fylkeskommunenes og Norges vassdrags- og energidirektorats (NVE) vedtak om konsesjon

Detaljer

Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging

Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging 4. kvartal 2013 Dette er en oversikt over Olje- og energidepartementets (OED), fylkekommunenes og Norges vassdrags- og energidirektorats (NVE) vedtak om konsesjon

Detaljer

onsdag, 14. februar 2007 420 kv linje gjennom Setesdal

onsdag, 14. februar 2007 420 kv linje gjennom Setesdal onsdag, 14. februar 2007 420 kv linje gjennom Setesdal Luftspenn eller kabel Øystese 6.-7. feb.07 Skåreheia (Evjeområde) Holen i Bykle 102km 420 kv linje Klagesak onsdag, 14. februar 2007 - Side 2 420

Detaljer

Olje- og energidepartementet Postboks 8148 Dep 0033 OSLO. Vår dato: 15.01.2016 Vår ref.: 200701062-207, 200700502, 200801169, 201104677.

Olje- og energidepartementet Postboks 8148 Dep 0033 OSLO. Vår dato: 15.01.2016 Vår ref.: 200701062-207, 200700502, 200801169, 201104677. Olje- og energidepartementet Postboks 8148 Dep 0033 OSLO Vår dato: 15.01.2016 Vår ref.: 200701062-207, 200700502, 200801169, 201104677 Arkiv: 511 Deres dato: Deres ref.: Saksbehandler: Arne Olsen 22959227/aro@nve.no

Detaljer

Kvaliteten på miljøundersøkingar ved konsekvensutgreiing av vindkraftsaker

Kvaliteten på miljøundersøkingar ved konsekvensutgreiing av vindkraftsaker Kvaliteten på miljøundersøkingar ved konsekvensutgreiing av vindkraftsaker Tore Larsen Miljøvernavdelinga 17.10.2019 Sogn og Fjordane: 1 vindkraftverk bygd, 2 under bygging, 3 enno ikkje påbegynt. 2 vindkraftverk

Detaljer

Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging

Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging 2. kvartal 2015 Dette er en oversikt over Olje- og energidepartementets (OED), fylkeskommunenes og Norges vassdrags- og energidirektorats (NVE) vedtak om konsesjon

Detaljer

PF Norsk Energiforening Foredrag møte 10/10 2012. Med nett og ny produksjon skal landet bygges. rsk Energiforening F d t 10/10 2012

PF Norsk Energiforening Foredrag møte 10/10 2012. Med nett og ny produksjon skal landet bygges. rsk Energiforening F d t 10/10 2012 rsk Energiforening F d t 10/10 2012 PF Norsk Energiforening Foredrag møte 10/10 2012 Med nett og ny produksjon skal landet bygges Torodd Jensen, NVE tje@nve.no Innhold Bakgrunn Status i konsesjonsbehandlingen

Detaljer

Sognekraft AS Tillatelse til å flytte Nyasetdalen kraftstasjon NVEs vedtak

Sognekraft AS Tillatelse til å flytte Nyasetdalen kraftstasjon NVEs vedtak Sognekraft AS Røysavegen 1 6893 VIK I SOGN Vår dato: 19.12.2017 Vår ref.: 200803245-34 Arkiv: 312 / 071.1Z Deres dato: 15.07.2016 Deres ref.: Saksbehandler: Laila Høivik lph@nve.no Sognekraft AS Tillatelse

Detaljer

Møte med kommunestyret i Evje og Hornnes kommune Prosjekt Honna vindkraftverk 28. februar 2019

Møte med kommunestyret i Evje og Hornnes kommune Prosjekt Honna vindkraftverk 28. februar 2019 ligheter for vindkraft i Åseral og Evje og Hornnes kommuner NORSK VIND ENERGI AS Møte med kommunestyret i Evje og Hornnes kommune Prosjekt Honna vindkraftverk 28. februar 2019 Agenda Kort presentasjon

Detaljer

Radøy kommune Saksframlegg

Radøy kommune Saksframlegg Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 092/2016 Hovudutval for plan, landbruk og teknisk PS 13.12.2016 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Rolf Raknes 16/2118 16/15221 Plansak 12602016000800

Detaljer

Anleggskonsesjon. Solvind Prosjekt AS. I medhold av energiloven - lov av 29. juni 1990 nr. 50. Meddelt: Varighet: 1.5.2041. Ref: NVE 200703569-17

Anleggskonsesjon. Solvind Prosjekt AS. I medhold av energiloven - lov av 29. juni 1990 nr. 50. Meddelt: Varighet: 1.5.2041. Ref: NVE 200703569-17 Norges vassd rags- og energidirektorat N V E Anleggskonsesjon I medhold av energiloven - lov av 29. juni 1990 nr. 50 Meddelt: Solvind Prosjekt AS Organisasjonsnummer: 990 898 847 Dato: 1 i MAI 2010 Varighet:

Detaljer

Daleelva kraftverk i Gloppen kommune, Sogn og Fjordane fylke - søknad om løyve til utbygging - offentleg høyring

Daleelva kraftverk i Gloppen kommune, Sogn og Fjordane fylke - søknad om løyve til utbygging - offentleg høyring Noregs vassdrags- og energidirektorat N V E Adresseliste Region Vest Naustdalsvegen 1 B Postboks 53 6801 FØRDE 25 APR. 2008 Vår dato: Vår ref.: NVE 200802355-2 kti/oegr Arkiv: 312 /087 Dykkar dato: Dykkar

Detaljer

Vindkraftforum Sogn og Fjordane. Konstituerande møte 1. oktober 2009

Vindkraftforum Sogn og Fjordane. Konstituerande møte 1. oktober 2009 Vindkraftforum Sogn og Fjordane Konstituerande møte 1. oktober 2009 Vedtak i Fylkesutvalet 1. juli 2009 1. Fylkesutvalet ønskjer at Vindkraftforum Sogn og Fjordane vert stifta med dei mål som går fram

Detaljer

Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging

Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging 1. kvartal 2018 Dette er en oversikt over Olje- og energidepartementets (OED), kommunenes og Norges vassdragsog energidirektorats (NVE) vedtak om konsesjon og

Detaljer

vestavindkraft.no INFORMASJON Okla Vindpark Mellom Kyrnosa og Kjødnosa på Stadlandet Sogn og Fjordane

vestavindkraft.no INFORMASJON Okla Vindpark Mellom Kyrnosa og Kjødnosa på Stadlandet Sogn og Fjordane INFORMASJON vestavindkraft.no Okla Vindpark Mellom Kyrnosa og Kjødnosa på Stadlandet Sogn og Fjordane 1 2 Visualisering av Okla vindpark sett frå vegen opp til fjellet Kjerringa. kvifor vind Dei globale

Detaljer

Spørsmål kan rettes til Seksjon for ressurs og kraftproduksjon i NVE, v/fredrik Arnesen (tlf ) eller Seming Skau (tlf ).

Spørsmål kan rettes til Seksjon for ressurs og kraftproduksjon i NVE, v/fredrik Arnesen (tlf ) eller Seming Skau (tlf ). Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging 4. kvartal 2016 Dette er en oversikt over Olje- og energidepartementets (OED), fylkeskommunenes og Norges vassdrags- og energidirektorats (NVE) vedtak om konsesjon

Detaljer

REGIONAL VINDKRAFTPLANLEGGING I ROGALAND

REGIONAL VINDKRAFTPLANLEGGING I ROGALAND REGIONAL VINDKRAFTPLANLEGGING I ROGALAND http://vindenergi.no Kristin Uleberg, rådgiver, Rogaland fylkeskommune Bakgrunn: Fylkesplan for Rogaland 2006-2009: Lokalisere vind- og bølgekraftanlegg basert

Detaljer

Vedlegg 1. Regionalt kart hvor prosjektet er avmerket

Vedlegg 1. Regionalt kart hvor prosjektet er avmerket Vedlegg 1 Regionalt kart hvor prosjektet er avmerket Vedlegg 2 Oversiktskart (1:50 000) hvor omsøkte prosjekt er inntegnet. Nedbørfelt er vist på egen tegning. VEDLEGG 2 NEDBØRFELT OG RESTFELT Vedlegg

Detaljer

VÅGSVÅG VINDKRAFTVERK

VÅGSVÅG VINDKRAFTVERK Kvalheim Kraft DA VÅGSVÅG VINDKRAFTVERK Kvalheim Kraft DA SFE Nett as Vågsvåg vindkraftverk sett fra Kannesteinen. Avstand til nærmeste turbin er 2,4km. På forsiden: Vågsvåg vindkraftverk sett fra Ytre

Detaljer

Naturmangfaldlova i energisaker. Tore Larsen, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Naturmangfaldlova i energisaker. Tore Larsen, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Naturmangfaldlova i energisaker Tore Larsen, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Naturmangfaldlova Vedtatt 19. juni 2009 Formål: At naturen med dens biologiske, landskapsmessige og geologiske mangfold og økologiske

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Haakon Stauri Begby Arkiv: MTR 149/71 Arkivsaksnr.: 16/325

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Haakon Stauri Begby Arkiv: MTR 149/71 Arkivsaksnr.: 16/325 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Haakon Stauri Begby Arkiv: MTR 149/71 Arkivsaksnr.: 16/325 Klage på vilkår i byggeløyve - oppføring av bustadhus med sokkelhusvære og garasje - Hafslo - gbnr. 149/71 og 72 Rådmannen

Detaljer

Oppgradering av 300 kv-kraftledning Mauranger Samnanger

Oppgradering av 300 kv-kraftledning Mauranger Samnanger Oppgradering av 300 kv-kraftledning Mauranger Samnanger 1 Mauranger Samnanger Dette er ein kortversjon av Statnett si melding til styresmaktene om planane for fornying av den eksisterande kraftleidningen

Detaljer

Konsesjonsbehandling og nasjonal ramme for. vindkraft. Anne Maren Aabøe/Jørgen Kocbach Bølling. 14. august 2019

Konsesjonsbehandling og nasjonal ramme for. vindkraft. Anne Maren Aabøe/Jørgen Kocbach Bølling. 14. august 2019 Konsesjonsbehandling og nasjonal ramme for vindkraft Anne Maren Aabøe/Jørgen Kocbach Bølling 14. august 2019 NVE er underlagt Olje- og energidepartementet Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) NVE

Detaljer

Zephyr AS Vågsvåg vindkraftverk i Vågsøy kommune vedtak

Zephyr AS Vågsvåg vindkraftverk i Vågsøy kommune vedtak Ifølge liste Deres ref Vår ref Dato 16/412-6.6.2017 Zephyr AS Vågsvåg vindkraftverk i Vågsøy kommune vedtak 1. Bakgrunn Zephyr AS (Zephyr) søkte 21. november 2011 om løyve til bygging og drift av Vågsvåg

Detaljer

Svåheia vindkraftanlegg

Svåheia vindkraftanlegg Svåheia vindkraftanlegg Svåheia vindpark Innledning Dalane Vind AS ble etablert våren 2005 og eies av Agder Energi AS og Dalane energi IKS. Agder Energi eies av Statkraft Regional Holding AS og de 30 kommunene

Detaljer

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015 BREV MED NYHENDE 06/02/2015 Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015 Av advokat Anders Elling Petersen Johansen Bakgrunn Regjeringa har, etter eiga utsegn, ei målsetjing om å gjere

Detaljer

BARRIERER FOR STORSKALA VINDKRAFTUTBYGGING I NORGE

BARRIERER FOR STORSKALA VINDKRAFTUTBYGGING I NORGE BARRIERER FOR STORSKALA VINDKRAFTUTBYGGING I NORGE PTK - 5. mars 2012 Olav Rommetveit Foto: R. Myre Innhold Status for vindkraft i Norge i dag. Hva kan bygges nå? Barriere 1: Barriere 2: Konsesjonsbehandlingen

Detaljer

Presentasjon av vindkraftmuligheter i Engerdal. 1. desember 2010

Presentasjon av vindkraftmuligheter i Engerdal. 1. desember 2010 Presentasjon av vindkraftmuligheter i Engerdal 1. desember 2010 1. Kort om bakgrunn og Austri Vind 2. Hva er vindkraft? Agenda for møtet 3. Kvitvola/Gråhøgda vindkraftprosjekt i Engerdal Visualiseringer

Detaljer

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. KLAGE - behandling deling - gnr bnr 149/2 -- Sunde - Jenny Grønstøl

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. KLAGE - behandling deling - gnr bnr 149/2 -- Sunde - Jenny Grønstøl Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2009/1692-9 Terje Natland Saksgang Saksnr Utval Møtedato Forvaltningskomiteen KLAGE - behandling deling - gnr bnr 149/2 -- Sunde - Jenny Grønstøl Kvinnherad forvaltningskomite

Detaljer

St.meld. nr. 9 ( )

St.meld. nr. 9 ( ) St.meld. nr. 9 (2000-2001) Kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark Tilråding frå Olje- og energidepartementet av 27. oktober 2000, godkjend i statsråd same dagen Kapittel 1 St.meld. nr. 9 2 1 Bakgrunn

Detaljer

VINDKRAFTSATSING I MIDT-NORGE. - Fokus på Fosen - Statkraft som operatør for «NewCo»

VINDKRAFTSATSING I MIDT-NORGE. - Fokus på Fosen - Statkraft som operatør for «NewCo» VINDKRAFTSATSING I MIDT-NORGE - Fokus på Fosen - Statkraft som operatør for «NewCo» Knut A. Mollestad, Statkraft WLN Windcluster Norway 15. mai 2014 Vindkraftsatsingen i Midt-Norge Krever omfattende nettutbygging

Detaljer

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND Plan- og næringsavdelinga Norges vassdrags- og energidirektorat Postboks 5091 Majorstuen 0301 OSLO Dykkar ref.:201801666-33 Vår ref.: 2018000824-10/2018016181 Arkiv: N - 658 Dato: 07.11.2018 INNSPEL OM

Detaljer

Offshore vind. Konserndirektør Energi Wenche Teigland BKK AS. Energirikekonferansen Tirsdag 11. august 2009

Offshore vind. Konserndirektør Energi Wenche Teigland BKK AS. Energirikekonferansen Tirsdag 11. august 2009 Offshore vind Konserndirektør Energi Wenche Teigland BKK AS Energirikekonferansen Tirsdag 11. august 2009 Klimaforpliktelsene en sterk pådriver i Europa og i Norge EUs fornybardirektiv og Klimaforlik i

Detaljer

Velkommen til NVEs møte om

Velkommen til NVEs møte om Velkommen til NVEs møte om Kvitvola/Gråhøgda vindkraftverk 5. oktober 2011 Møteplan Innledning v/ Arne Olsen NVEs saksbehandling v/ Erlend Bjerkestrand Orientering om forslag til utredning fra tiltakshaver

Detaljer

Vestavind Kraft AS og Bremanger kommune Dokumentet sendes uten underskrift. Det er godkjent i henhold til interne rutiner.

Vestavind Kraft AS og Bremanger kommune Dokumentet sendes uten underskrift. Det er godkjent i henhold til interne rutiner. Bakgrunn for vedtak Søker/sak: Vestavind Kraft AS/Hennøy vindkraftverk / Fylke/kommune: Sogn og Fjordane/Bremanger Ansvarlig: Arne Olsen Saksbehandler: Sissel Belgen Jakobsen.: Dato: 08.10.2014 Vår ref.:

Detaljer

Oversending av løyve til e lektriske anlegg i Svelgen 1 kraftverk.

Oversending av løyve til e lektriske anlegg i Svelgen 1 kraftverk. SFE Produksjon AS Bukta 6823 SANDANE Vår dato: 12.04.2016 Vår ref.: 201507358-2 Arkiv: 611 Dykkar dato: Dykkar ref.: Sakshandsamar: Anine Mølmen Andresen 22 95 98 46/ aman@nve.no Oversending av løyve til

Detaljer

Anleggskonsesjon. Statnett SF. Meddelt: Organisasjonsnummer: Dato: Varighet: Ref:

Anleggskonsesjon. Statnett SF. Meddelt: Organisasjonsnummer: Dato: Varighet: Ref: Anleggskonsesjon Meddelt: Statnett SF Organisasjonsnummer: 962 986 633 Dato: 17.11.2014 Varighet: 13.11.2044 Ref: 201405376-4 Kommune: Lærdal Fylke: Sogn og Fjordane Side 2 I medhold av lov av 29. juni

Detaljer

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal Statsråden Ifølgje liste Dykkar ref Vår ref 17/1212-172 Dato 2. juli 2018 Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal Eg viser til brev av 23. mars frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Erland Fagermoen Britt Grimelid Menes Anders I. Balevik Leif Grinde Hanne Sæbø

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Erland Fagermoen Britt Grimelid Menes Anders I. Balevik Leif Grinde Hanne Sæbø MØTEPROTOKOLL Formannskapet Møtestad: rådhuset Møtedato: 06.06.2007 Kl: 10.30 13.00 Medlemmer: Forfall: Varamedlemmer: Frå adm. (evt. andre): Erland Fagermoen Britt Grimelid Menes Anders I. Balevik Leif

Detaljer

Nord-Europas største vindklynge har fått rettskraftige konsesjoner her i Dalane, hvilke ringvirkninger kan vi forvente?

Nord-Europas største vindklynge har fått rettskraftige konsesjoner her i Dalane, hvilke ringvirkninger kan vi forvente? Nord-Europas største vindklynge har fått rettskraftige konsesjoner her i Dalane, hvilke ringvirkninger kan vi forvente? Mette Kristine Kanestrøm Avdelingsleder Lyse Produksjon Frank Emil Moen Avd.leder

Detaljer

Strukturutvikling i norsk vindkraftsektor hva skjer fremover?

Strukturutvikling i norsk vindkraftsektor hva skjer fremover? Kluge / Norwea seminar Kjøp og salg av vindkraftprosjekter Oslo 14.februar 2012 Anders Gaudestad Adm. direktør, Statkraft Agder Energi Vind DA Strukturutvikling i norsk vindkraftsektor hva skjer fremover?

Detaljer

Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging

Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging Ny kraft: Endelige tillatelser og utbygging 2. kvartal 2017 Dette er en oversikt over Olje- og energidepartementets (OED), fylkeskommunenes og Norges vassdrags- og energidirektorats (NVE) vedtak om konsesjon

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 097/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr.

Saksnr. Utval Møtedato 097/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr. Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 097/15 Formannskapet 09.06.2015 044/15 Kommunestyret 18.06.2015 Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr. 14/709-14 Reguleringsplan masseuttak Torvmo

Detaljer

Stiftingar Utjamning av nettariffar Elkem Bremanger. Jenny Følling Stortingsbenken 22.02.2013

Stiftingar Utjamning av nettariffar Elkem Bremanger. Jenny Følling Stortingsbenken 22.02.2013 Stiftingar Utjamning av nettariffar Elkem Bremanger Jenny Følling Stortingsbenken 22.02.2013 Stiftingar Høyanger kommune - bustadstifting Kommunane har mange stiftingar Sjølveigande rettssubjekt ingen

Detaljer

Bremangerlandet Vindpark AS - Bremangerlandet vindkraftverk i Bremanger kommune - klagesak

Bremangerlandet Vindpark AS - Bremangerlandet vindkraftverk i Bremanger kommune - klagesak Ifølge liste Deres ref Vår ref Dato 16/1408-6.6.2017 Bremangerlandet Vindpark AS - Bremangerlandet vindkraftverk i Bremanger kommune - klagesak 1. INNLEDNING Bremangerlandet Vindpark AS (BVAS) søkte 15.

Detaljer

Omgjøring av vedtak 132 kv Hennøy-Svelgen. Oversendelse av tillatelser

Omgjøring av vedtak 132 kv Hennøy-Svelgen. Oversendelse av tillatelser SFE Nett AS Bukta 6823 SANDANE Vår dato: 06.01.2015 Vår ref.: 201104378-245 Arkiv: 611 Deres dato: Deres ref.: Saksbehandler: Matilde Anker 22959890/man@nve.no Omgjøring av vedtak 132 kv Hennøy-Svelgen.

Detaljer

Reipkrokelva kraftverk i Tromsø kommune i Troms - klage- og innsigelsessak

Reipkrokelva kraftverk i Tromsø kommune i Troms - klage- og innsigelsessak Ifølge liste Deres ref Vår ref 18/597- Dato 8. november 2018 Reipkrokelva kraftverk i Tromsø kommune i Troms - klage- og innsigelsessak Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har den 19.12.2017 gitt

Detaljer

Velkommen til NVEs møte om. Haugrossåsen vindkraftverk i Steinkjer og Namsos kommune. 12. og 13. september 2012

Velkommen til NVEs møte om. Haugrossåsen vindkraftverk i Steinkjer og Namsos kommune. 12. og 13. september 2012 Velkommen til NVEs møte om Haugrossåsen vindkraftverk i Steinkjer og Namsos kommune 12. og 13. september 2012 Møteplan Innledning v/ Arne Olsen, NVE NVEs saksbehandling v/ Hilde Aass, NVE Orientering om

Detaljer

Oversendelse av klage på vedtak om avslag på søknad om Rørvika kraftverk i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane

Oversendelse av klage på vedtak om avslag på søknad om Rørvika kraftverk i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane Olje- og energidepartementet Postboks 8148 Dep 0033 OSLO Vår dato: 19.10.2017 Vår ref.: 201206714-31 Arkiv: 312 Deres dato: Deres ref.: Saksbehandler: Erlend Støle Hansen 22959826/esha@nve.no Oversendelse

Detaljer

Fylkesdelplanar for vind- og vasskraft,

Fylkesdelplanar for vind- og vasskraft, Fylkesdelplanar for vind- og vasskraft, -status i planarbeidet- Fylkestinget 23.03.09. Ved Joar Helgheim (prosjektleiar) joar.helgheim@sfj.no tlf. 5782 5008 Bakgrunn Organisering Mål Innhald Medverknad

Detaljer

ÅLFOTBREEN VERNEOMRÅDESTYRE

ÅLFOTBREEN VERNEOMRÅDESTYRE ÅLFOTBREEN VERNEOMRÅDESTYRE Sogn og Fjordane Energi AS Bukta 6823 Sandane SAKSBEHANDLAR: ALF ERIK RØYRVIK ARKIVKODE: 2015/817-432.2 DATO: 24.04.2015 ÅLFOTBREEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE LØYVE TIL LANDING - SNØSCOOTER

Detaljer