Litt om ljå, orv og blad

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Litt om ljå, orv og blad"

Transkript

1 Litt om ljå, orv og blad

2 Kunstar og knep knytt til ljåen Kunsten å smi ljåblad er teke vare på i somme fåe område og tradisjonsliner, mellom anna Tessungdalen i Tinn. Kunnskapen om tilverking av orv (skaft), er i praksis ikkje særleg godt teke vare på så mange stader, heller ikkje i Telemark. Ved hjelp av midlar frå Direktoratet for naturforvaltning (no Miljødirektoratet) fekk Kulturlandskapssenteret i perioden høve til å engasjere Gaute Midtbøen i Tessungdalen til å smi eit større opplag med ljåblad, og Torbjørn Haugen i Hjartdal til å lage orv etter eldre modellar frå Hjartdal. I samband med desse oppdraga blei det skipa til eit møte der handverkarane kunne få utveksle kunnskapar om desse emna med eldre i nærområdet. Det blei også samla inn nokre opplysingar under utstilling av ljeane på Slåttefestivalen i 2012 og Det me har fanga opp av kunnskapar, «kunstar og knep» knytt til ljåen er kort oppsummert i denne faldaren. For dei som er særleg interesserte i desse tema vil me elles tilrå nettsida ved Hans Petter Evensen på Torpo i Hallingdal. Denne nettstaden har også vore ei nyttig kjelde for oss. Hjartdal, juni 2014 Ingvill Marit Buen Garnås

3 Tre steg i ljåbladets utvikling Tynsleljå Utanfor Norden har ein enno berre tynsleljear; På ein tynsleljå blir bladet «tynsla» kvasst, dvs. hamra mot ein liten ambolt. Slipeljå, gamal type (smidd) Slipeljåen kom ikkje før på slutten av 1700-talet, med nye teknikkar innan herding og såkalla essesveising: Veldig enkelt fortalt la smedane herdbart stål i kjerna av bladet, og blautare stål («jarn»/«jønn») i kring. Dette kallast laminering. Ved sliping kjem så eggen av herdbart stål fram. Det var, i motsetnad til med tynsleljeane, ikkje for einkvar gardbrukar å smi slike ljåblad. Såleis fekk ein på denne tida vidan kjende «ljåsmibygder», fyrst Tinn i Telemark, seinare Hol i Hallingdal, m.fl. Sliping kan vel reknast som ein noko enklare vedlikehaldsmetode enn tynsling. Likevel er slipeljeane blitt ein særnordisk tradisjon. «Fabrikkljå» / «Stål-ljå» Frå 1960-talet overtok etter kvart fabrikkproduserte slipeljåblad marknaden i dei nordiske landa. «Fabrikkblada» er stansa ut av plater med herdbart stål. Dei er dermed mykje stivare enn smidde. Ein kan ikkje nytte fullt så hardt stål som det ein legg i kjerna av dei smidde, dermed blir dei heller ikkje fullt så kvasse. 1

4 Nemningar på dei ulike delane av ljåbladet: Odden, ryggen, eggen, helen, tangen og tappen. På eit smidd slipeljåblad kan ein bøyge noko på tangen, og lettare vri til bladet (jordlegge ljåen). Bladet er smidd av Gaute Midtbøen, Tinn. 2

5 Smidde blad, form og eigenskapar Med eit smidd slipeljåblad er det lett å jordlegge ljåen, dvs. at ein etter at bladet er montert, vrir det litt til slik at bladet får riktig vinkel mot bakken (sjå s. 12). Det er elles ingen «opplesen og vedteken» mal for handsmidde blad. Frå gamalt av har folk hatt ulike preferansar, men noko står fast: Bladet skal skjera, ikkje «hogge»: - Det er difor svakt bogeforma. - Det har difor også ei langsgåande krumming ned mot bakken, slik at ryggen av bladet ligg nedpå (elles vil det «hæle»). Dei gamle smidde ljåblada er lette og mjuke, og skøyre. Dei er utvikla for, og eignar seg best på, tradisjonelle slåtteenger, dvs. ugjødsla og seint slegne «naturenger». I «moderne enger» med grovare gras er dei meir utfordrande i bruk, i alle fall for urøynde. Eit moderne fabrikklaga stålblad kan du i motsetnad, i fylgje smeden - og nok litt sett på spissen, «grava poteter med» Godt bruka og slitne blad var rekna som best! Men desse var rekna som luksus og «dyre kjøp», sidan dei ikkje kunne nyttast så lenge. I gamle dagar kunne folk handtere tynne blad. No blir dei av omsyn til meir urøynde brukarar gjerne laga noko tjukkare. 3

6 Stuttorv Det mest utbreidde er «tohending», som ein held med båe hendar, men det finst også mindre «einhendingar», dvs. stuttare og meir sigdaktige ljear. Ved bruk av «einhending» hadde ein gjerne samstundes ein liten kost i andre handa til å børste fram gras rundt steinar og liknande. Det gjaldt å ta med seg! I det fylgjande er det «tohendingen» som blir omtala; Stuttorva varierer mykje i storleik og form, sikkert fordi dei har vore i bruk både av menn og kvinner, born og ungdomar. Øvre del er gjerne forma for eit godt grep, det bør vera godt å halde i over tid. Det må elles ikkje vera for grant (tynt) til den som skal ha det. Da blir ein sliten i nevane etter kvart. Stuttorva her i kring har ofte ein karakteristisk sving på nedste halvdel. Den er fin reint estetisk sett, men hjelper også til at bladet legg seg riktig mot bakken, dvs. får god jordvending (sjå s. 12). Treslag til stuttorv Til stuttorv blei det mest bruka gråor. Det er lett og godt å slå med, men ikkje så sterkt. Ein nybyrjar fekk kanskje heller orv av silju. Det er noko sterkare, og godt å halde i. Elles er det bruka både bjørk, løn og andre treslag også. 4

7 Stuttljå slik ein oftast ser dei i Hjartdal og omeign. Legg merke til den karakteristiske svingen nedst på orvet. Orvet er laga av Torbjørn Haugen, Hjartdal. Bladet av Gaute Midtbøen, Tinn. 5

8 Langorv Det er mange variantar av langorv her i landet. I Telemark har me «overarmsljå», dvs. at det øvre handtaket, kaggen, blir halde over venstrearmen (i venstre armkrok). I andre dalføre (m.a. i delar av Buskerud) har dei «underarmsljå», dvs. at dei held i to handtak frå oversida av orvet. Desse er ledige å bruke, mest på linje med stuttorv i steinete mark. I nord finst det også døme på at ein berre har handtak heilt i enden av orvet i tillegg til ljåpinnen på midten. Det finst i tillegg fleire variantar. I det fylgjande er det «overarmsljåen» som blir omtala; Ulike mål Generelt må ein ta til takke med det ein har, finne eit orv som passar slik nokolunde, - eller få laga seg eit etter mål: Eit vanleg mål er at kaggen skal nå oppunder armhola, og at ein da skal kunne gripe kring pinnen. I praksis er ofte denne avstanden noko kortare. Avstanden mellom kaggane avgjer «makta» over ljåen. Om ein blei sliten kunne ein gjerne ta tak under veslekaggen. Makta over ljåen er også avhengig av korleis bladet er stilt i forhold til orvet (horisontalt). Les om vinkelen mellom kaggen og bladet på s. 9. Langorvet bør elles ikkje vera for kort, ein må kunne gå ganske rett og unngå knekk i ryggen. I dag er folk blitt lengre, og gamle orv er gjerne litt for korte. 6

9 LANGORV Kaggen Pinnen Orv laga av Torbjørn Haugen, Hjartdal. Blad laga av Gaute Midtbøen, Tinn. STUTTORV 7

10 Slått med langorv. «Overarmsljå» øvst og «underarmsljå» nedst. Frå praksisdel av «Ut i mark og eng Kulturlandskap i skulen», eit samarbeid mellom Slåttefestivalen og Kulturlandskapssenteret. 8

11 Vinkelen på kaggen Kaggen skrår på mange orv her i kring (som elles) litt nedover, og av og til også noko fram. Slike «ligg godt i armkroken». På nokre orv står kaggen derimot vinkelrett ut frå orvet. Desse blir gjerne haldne litt annleis, meir «på sida», med båe armane rett ned. Enden av orvet blir da liggande mot overarmen, og kan gnage i lengda. Vinkelen mellom kaggen og bladet Bladet må vera montert slik at ljåen er «slagvinn» for den som skal bruke den, dette er litt avhengig av korleis ein held ljåen. På ljear med skrå kagg, er bladet oftast montert slik at det ligg i vinkel om lag midt i mellom kaggen og pinnen. På ljear med rett kagg er bladet ofte montert omtrent i flukt med pinnen. Dette har med den andre haldemåten å gjera (armane ned). Det ser elles ut til å vera litt ulike vanar, «smak og behag» ute og går! Tre vinklar å halde styr på I tillegg til vinkel mellom kagg og blad, kjem den vertikale vinkelen mellom blad og orv (stilling av ljåen), og mellom bladet og bakken (jordlegging av ljåen), sjå eigne avsnitt om dette på s. 12. Treslag til langorv Til langorv er det bruka mest gran. Det er både sterkt og lett. Ein fann gjerne gode emne med grein i riktig vinkel til å bli storkagg, Ein reiste nok ikkje «eins ærend», men la merke på dei elles. Det var elles vanleg med tappa kaggar frå gamalt av også. 9

12 Fire langorv frå Hjartdal. Dei to til høgre har skrå kagg, og bladet er montert med vinkel ein stad mellom ljåpinnen og kaggen. Dette er det vanlegaste, men vinkelen vil variere noko avhengig av korleis ljåen blir halde. Dei to til venstre har rett kagg, og blada er montert om lag i flukt med ljåpinnen. 10

13 Festing av blad til orv Det gamle var lærreim og spitu (kile), både på langorv og stuttorv. Lærreima surrast rundt og festast, og så slåast spitua i. Lærreima skulle helst vera av svin (fleskereim). Det var elles også bruka reim av dei fine røtene til bjørk eller «viu», desse blei lagt i vatn så dei skulle halde seg mjuke. Somme føretrakk dette, men det var vel også lettvint og tilgjengeleg. Ein ser frå gamalt av også surring med hesjetråd og diverse... Spitua var helst av hassel. Den er hard og slett, og eignar seg best. Seinare byrja ein med smidde metallringar/holkar, framleis med kile. På fabrikkutgåvene av stuttorv er blada skruva direkte på orvet. I dag er det på langorv mest bruka fabrikkerte metallringar/holkar, med skruvar for firkantnykkjel. Reim tyngjer ikkje ljåen, og er å føretrekke om ein kan handtere det. Festemåte må elles sjåast i samanheng med kva ein rår greitt med. Med «gamlemåten» må ein kan hende feste opp att og stramme noko oftare. Det er også greitt å kunne ta av bladet når det skal slipast. Tre vinklar å halde styr på Når bladet skal monterast må ein syte for 1) riktig vinkel mellom bladet og kaggen (få ljåen slagvinn), sjå s. 9 2) riktig vinkel mellom bladet og orvet (stille ljåen), sjå s. 12 3) riktig vinkel mellom bladet og bakken (jordlegge ljåen), sjå s

14 Å stille ljåen Set ljåen opp mot ein vegg, og hald fingeren i vinkelen mellom orv og blad. Når du vippar ljåen sidelengs (eller ut frå veggen), skal odden treffe dette punktet. Eller om du føretrekk det - litt over eller under; Over 90 grader = «gag» (overstilt) Under 90 grader = «gruv» (understilt) Det kan vera greitt at ljåen er litt «gruv» i tjukk eng, dvs. at den ikkje tek for mykje i slengen. Det kan like eins vera greitt at ljåen er litt «gag» i tynn eng, vel og merke om slåttekaren er god Vanlegvis veljast varianten midt i mellom, korkje «gag» eller «gruv». Å jordlegge ljåen Bladet skal ligge nedpå bakken, både i det ein slår og i rørsla attende. Men eggen må peike litt opp, noko under 1 cm opp frå bakken. Dette kallast riktig jordlegging eller god jordvending på bladet. Poenget er å få ei god rørsle og samstundes spare eggen for slitasje. På gode gamaldagse laminerte slipeljåblad er det lett å bøyge tangen. Ein set gjerne bladet mellom to stokkendar i eit husnov, og vrid til. På moderne ljåblad i utstansa herdbart stål må tangen varmast opp. Orvet kan ev. også skjerast noko til, men dette kan gå ut over festet. Ljear med orv som har ein liten «sving» på nedste del får gjerne automatisk ei god jordvending. Dette gjeld både lang- og stuttorv. 12

15 Til slutt litt om kvessing av ljå, sliping og bryning Å slipe og bryne ljå er ein eigen kunst, og kan (akkurat som det å slå) neppe lærast ved å lesa... Likevel, heilt kort om emnet: Slipeband kan nyttast til grovsliping, men stein er å føretrekke. Tilhogd naturstein er å tilrå framfor støypte. Det er i dag vanskeleg å få tak i gode slipesteinar til ljå. Gotlandsstein var rekna som bra i Telemark. Det finst mange ulike slipesteinanretningar, med sveiv, trøer, vassdrivne og heimelaga elektriske oppfinningar Slipinga er i hamn når eggen har fått ein tynn brett ytst som kallast ru. Det same må så gjerast frå andre sida. Så brynast rua bort. Både tynsleljear, smidde slipeljear og fabrikkljear blei, og blir, brynte. Brynesteinproduksjonen i Eidsborg starta alt på 700-talet. Det er funne Eidsborgsbryne i arkeologiske utgravingar i store delar av Nord-Europa. Bryne og bryneholk høyrde naturleg med til slåtteutstyret. Nokre hadde også etui i tre til å oppbevare fleire ferdig slipa blad i. 13

16 Kjøpe/tinge ljåblad, ljåorv eller ein komplett ljå? Smidde ljåblad laga av Gaute Midtbøen, Tessungdalen Handlaga orv laga av Torbjørn Haugen, Hjartdal Prisar Berre blad til stuttorv: inkl. mva. Berre blad til langorv: kr inkl. mva. Berre stuttorv: kr inkl. mva Berre langorv: kr inkl. mva. Komplett stuttljå m. orv og blad: kr inkl. mva Komplett langorv m. orv og blad: kr inkl. mva. Kontaktinfo Kulturlandskapssenteret tek opp tingingar og vidareformidlar til Gaute Midtbøen og Torbjørn Haugen: Kulturlandskapssenteret i Telemark Bygdesentralen, 3690 Hjartdal Tlf.: E-post: post@kulturlandskapssenteret.no NB: Sei gjerne i frå om ynskt lengde på ljåbladet. Tingingar for sommaren 2015 bør vera inne innan 1. oktober 2014.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att. Pingviner på tur Skrevet av: Geir Arne Hjelle Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Scratch Tema: Blokkbasert, Spill Fag: Programmering Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse Introduksjon

Detaljer

Kapittel 2: Ljå, ljåbladet og kort om sigd

Kapittel 2: Ljå, ljåbladet og kort om sigd Kapittel 2: Ljå, ljåbladet og kort om sigd Overgang fra ljå til slåmaskin, og tilbake til ljå? I vår del av verden skjedde det en revolusjon innen landbruket, når slåmaskinen kom i bruk i siste halvdel

Detaljer

OK, seier Hilde og låser.

OK, seier Hilde og låser. 4 Tor Arne, Mie og Markus skal i symjehallen medan Hilde og eg er på kunstutstillinga. Hilde stressar med å sjå etter at dei har fått alt med seg. Eg står og ventar. Eg merkar eg er utolmodig, eg kan ikkje

Detaljer

Kapittel 3: Orv og samspillet ljå, orv og menneske. Praktisk slåttearbeid

Kapittel 3: Orv og samspillet ljå, orv og menneske. Praktisk slåttearbeid Kapittel 3: Orv og samspillet ljå, orv og menneske. Praktisk slåttearbeid Dette kapitlet består av følgende hoveddeler: Ulike typer orv Bruk av orv og ljå i praksis. Praktisk slåttearbeid Hvordan skaffe

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen

Detaljer

Biletbruk på nettet 1 2

Biletbruk på nettet 1 2 Innleiing Denne vesle rettleiinga vil syne deg ein arbeidsflyt for å tilretteleggje bilete for publikasjon på internett. Desse operasjonane fordrar bruk av eit bilethandsamingsprogram. Slike er det mange

Detaljer

BLI KJENT MED ALUMINIUM

BLI KJENT MED ALUMINIUM 1 av 7 sider Oppgåve BLI KJENT MED ALUMINIUM 3. 4. trinn 90 min. SENTRALE OMGREP: Metall, aluminium, kjeldesortering ANBEFALT FØREHANDSKUNNSKAP: Ingen. AKSJON ALUMINIUM: Bli kjent med aluminium og få meir

Detaljer

www.hordaland.no Nytt HFK Intranett

www.hordaland.no Nytt HFK Intranett Nytt HFK Intranett Vår digitale kvardag Gode medarbeidar! Fylkesrådmann Paul M. Nilsen Både på jobb og privat brukar dei fleste av oss PC til ei lang rekkje oppgåver. Å meistra bruk av digitale verktøy

Detaljer

BLI KJENT MED ALUMINIUM

BLI KJENT MED ALUMINIUM 1 av 7 sider Oppgåve BLI KJENT MED ALUMINIUM 5. 7. trinn 90 min. SENTRALE OMGREP: Metall, aluminium, kjeldesortering ANBEFALT FØREHANDSKJENNSKAP: Ingen AKSJON ALUMINIUM: Bli kjent med aluminium og få meir

Detaljer

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN? TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN? Du kan no få oversyn over kva for ressursar og verdiar du har i skogen din. Okt-13 Kva er ein skogbruksplan? Ein skogbruksplan inneheld areal-, miljø- og ressursoversikt

Detaljer

Til ære for ljåen. I Valle svinger de fremdeles ljåen og holder liv i kunnskapen om hvordan nordmenn før oss skaffet mat til folk og fe.

Til ære for ljåen. I Valle svinger de fremdeles ljåen og holder liv i kunnskapen om hvordan nordmenn før oss skaffet mat til folk og fe. Til ære for ljåen I Valle svinger de fremdeles ljåen og holder liv i kunnskapen om hvordan nordmenn før oss skaffet mat til folk og fe. 18 Slåttedag på Rygnestad: At det fortsatt er stor interesse på bygdene

Detaljer

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF 1 INNHOLD OM RETTLEIAREN... 3 FUNKSJONANE PÅ «MIN SIDE»... 3 MINE SAKER...

Detaljer

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den. PXT: Stein, saks, papir Skrevet av: Bjørn Hamre Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Microbit Introduksjon Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning. Årgang 5 * Nr 1 * Mai 2007 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitskap

Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning. Årgang 5 * Nr 1 * Mai 2007 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitskap Faktaark Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning Årgang 5 * Nr 1 * Mai 7 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitskap lder og vekst for aure frå Ullensvang statsallmenning

Detaljer

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna. I november har me hatt fokus på språk og språkleik. Mykje av barna si språklæring går føre seg i dei kvardagslege samtalane våre, men ved å nytta nokre konkrete leikar, samt bilde og objekt å undre seg

Detaljer

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet. - 1 -

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet. - 1 - Taubruer Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet. - 1 - Forord Dette kompendiet vart skrive då Friluftsrådet for Ålesund og omland vart

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen» Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen» - Og skisser til mogeleg opprusting Status Bygget er eit eldre bygg bygd midt på 1960-talet. Bygget framstår i hovudtrekk slik det var bygd. Det er gjort nokre endringar

Detaljer

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim DETTE LURER VI PÅ I år begynte vi nysgjerrigper-prosjektet heilt utan å vita kva vi ville forske på. Vi begynte med og gå rundt i skulegarden og i klasserommet

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3 Nynorsk Leite etter mat Her er tre prosjekt som handlar om kva små skapningar et, og korleis dei leiter etter mat. Først må du finne verkelege maur,

Detaljer

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING Tingvoll, 29. april 2016 Møre og Romsdal fylke RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING Naturvernforbundet har blitt merksame på at det

Detaljer

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Tilgangskontroll i arbeidslivet - Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018 Rapport om målbruk i offentleg teneste 18 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over

Detaljer

2013/3219 25. Rapport fra kurs i. høvelmaking

2013/3219 25. Rapport fra kurs i. høvelmaking 2013/3219 25 Rapport fra kurs i høvelmaking på Buskerud bygningsvernsenter 7. 9. mars 2014 Mål for kurset: Kurs 7. 9. mars 2014 Målet med kurset er å gi en forståelse av kvaliteten og egenskapene til en

Detaljer

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring. Vurdering av Hedalen mølle I Sør Aurdal Tilstand og forslag til utbedring. Rapporten er utarbeida av bygningsvernrådgjevar ved Valdresmusea Odd Arne Rudi 1 Bakgrunn Det er stiftinga Bautahaugen Samlingar

Detaljer

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2 Tingvoll, 21.7.2016 Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1 Viser til brev av 4.7.2016, sak 2016/19-2 Vi merker oss at kommunen i alle fall har undersøkt Artskart og Naturbase for å gjere

Detaljer

Overføre/kopiere bilde(filer) frå kamera/mobil til PC

Overføre/kopiere bilde(filer) frå kamera/mobil til PC Overføre/kopiere bilde(filer) frå kamera/mobil til PC Det finst mange bildeprogram som kan overføre bilde frå kamera nærmast automatisk. Også Windows har eit slikt alternativ. Men vi skal bruke ein metode

Detaljer

Arbeidskrav 2 del 3, eplejuice

Arbeidskrav 2 del 3, eplejuice Arbeidskrav 2 del 3, eplejuice Her er mine tre første skisser eg laga, etter vi fekk oppgåva: «I heimeoppgåve til neste gong får de velje mellom tre produkt. Alle tre produkta slit med å appellere til

Detaljer

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Målet med reportasjen er å setje fokus på praktiske løysingar for oppstalling av frisk kalv, god avdrått og avkastning med mjølkeproduksjon

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman. Introduksjon av økta Bilda: er dei vener, kva er bra og korleis er det forskjellar? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Kan alkohol styrkja og svekkja venskap? Gruppe: Kva gjer me for at det skal halda

Detaljer

Å løyse kvadratiske likningar

Å løyse kvadratiske likningar Å løyse kvadratiske likningar Me vil no sjå på korleis me kan løyse kvadratiske likningar, og me tek utgangspunkt i ei geometrisk tolking der det kvadrerte leddet i likninga blir tolka geometrisk som eit

Detaljer

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing Jon Fosse Olavs draumar Forteljing Det Norske Samlaget 2012 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8123-4 Om denne boka Alida og Asle kom i Andvake til

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

MINNELUND NORD ETNEDAL - FLEIRE FORSLAG - UTDJUPING

MINNELUND NORD ETNEDAL - FLEIRE FORSLAG - UTDJUPING Oppdragsgiver: Oppdrag: 601523-01 Nord - Etnedal kyrkjegard - utviding Detaljprosjekt Dato: 10.02.2017 Skrevet av: Marianne Laa Kvalitetskontroll: ek MINNELUND NORD ETNEDAL - FLEIRE FORSLAG - UTDJUPING

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til beste for barnet BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet

Detaljer

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING Tingvoll, 16. mai 2012 Tingvoll kommune NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING Naturvernforbundet i Tingvoll blei tilfeldig klar over for ei tid sidan at det 24.10.2008

Detaljer

Eksamen MAT 1011 Matematikk 1P Våren 2013

Eksamen MAT 1011 Matematikk 1P Våren 2013 Eksamen MAT 1011 Matematikk 1P Våren 01 Oppgåve 1 ( poeng) Hilde skal kjøpe L mjølk,5 kg poteter 0,5 kg ost 00 g kokt skinke Gjer eit overslag og finn ut omtrent kor mykje ho må betale L mjølk:14,95 kr

Detaljer

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS Sakspapir Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Alf Magnar Strand FA - B09, TI - &35 18/410 Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS 11.06.2018 034/2018 Kommunestyret PS 18.06.2018 Samanslåing av ungdomsskular

Detaljer

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017 Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017 1. Kommunikasjon, språk, tekst: Gjennom arbeid med dette fagområdet skal barnehagen bidra til at barnet blir kjent med bøker, sanger, bilder m.m. (Rammeplanen).

Detaljer

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 Jon Todal, professor dr.art., Sámi allaskuvla / Samisk høgskole, Guovdageaidnu Samandrag I Samiske tall forteller 4 gjekk vi nøye inn på dei ymse tala for språkval

Detaljer

Vel nynorsk for barnet ditt!

Vel nynorsk for barnet ditt! Vel nynorsk for barnet ditt! 10 elevar er nok til å få ein eigen nynorskklasse på skulen til barnet ditt. Alle elevar skal lære bokmål og nynorsk. Lat barnet ditt få gjere det på den lettaste måten. Kva

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

UNIVERSITETET I OSLO

UNIVERSITETET I OSLO UNIVERSITETET I OSLO Side 1 Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet Eksamen i: INF1010 Objektorientert programmering Eksamensdag: Tysdag 12. juni 2012 Tid for eksamen: 9:00 15:00 Oppgåvesettet er på

Detaljer

VOLLASETRA I SUNNDAL

VOLLASETRA I SUNNDAL VOLLASETRA I SUNNDAL Side 1 Skjøtsel 2012 Denne rapporten er ein oppfølgjer av ein liknande rapport frå 2011 og bygger direkte på denne. Rapporten er skriven av Øystein Folden. Side 2 Slått blei i 2012

Detaljer

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen. Ung i Kor - Rettleiing til medlemsregister og innsending av årsrapport. Oppdatert 28. januar 2019 Steg 1 - Innlogging Medlemsregisteret til Ung i Kor finn du på nobu.ensembler.no. Ein loggar inn på medlemsregisteret

Detaljer

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning Faktaark Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning Årgang 3 * nr. 3 * Desember 2005 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB) Tynningsfiske i vatn i Ullensvang statsallmenning

Detaljer

Opprydding i mapper og filer

Opprydding i mapper og filer Opprydding i mapper og filer Office 2013/2016 1. Filer og mapper Ei fil inneheld informasjon, for eksempel tekst, bilde eller musikk. På datamaskina kan du vise filene som ikon, og kjenne att ei filtype

Detaljer

Refleksjon og skriving

Refleksjon og skriving Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere

Detaljer

1. Oppretting og vedlikehald av utvekslingsavtalar i FS

1. Oppretting og vedlikehald av utvekslingsavtalar i FS 1. Oppretting og vedlikehald av utvekslingsavtalar i FS Det er Studieadministrativ avdeling som tek seg av det tekniske kring sjølve opprettinga og avsluttinga av utvekslingsavtalar i FS, også lokale,

Detaljer

REIP OG TAU. 2. Kva kalla ein slike tau, og nytta ein dette namnet same kva slag tre ein hadde tatt bast frå?

REIP OG TAU. 2. Kva kalla ein slike tau, og nytta ein dette namnet same kva slag tre ein hadde tatt bast frå? Norsk etnologisk gransking Desember 1953 Emne nr. 42 REIP OG TAU TAU 1. Har det i Dykkar bygd vore vanleg å laga tau av bast, og kva tre var det i tilfelle ein tok bast frå (lind, alm, barlind, furu e.a.)?

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS) Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2012/1597-12483/2013 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: 04.06.2013 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 30/13 Ungdommens kommunestyre 11.06.2013 72/13 Kommunestyret 20.06.2013

Detaljer

Bilete og figurar i Word

Bilete og figurar i Word Bilete og figurar i Word av Kjell Skjeldestad Ofte har me behov for å setje inn ulike illustrasjonar i teksten vår. Det kan vere bilete, teikningar, diagram osv. Me skal sjå på nokre av dei mulegheitene

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % - Framandspråk i ungdomsskulen: Er fransk i fare? Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa Notat 1/2014 1 Utdanningsdirektoratet har publisert elevtal frå ungdomsskulen for skuleåret 2013 2014, sjå

Detaljer

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO Samling, Atheno, Stord, 22. mai 2019 Petter Steen jr., rådgjevar Sveio kommune 1 Bakgrunnen for at vi har SFO Skulefritidsordninga (SFO) blei gradvis etablert i norske

Detaljer

Vintervèr i Eksingedalen

Vintervèr i Eksingedalen Vintervèr i Eksingedalen Innlevert av 4. og 7. ved Eksingedalen skule (Eidslandet, Hordaland) Årets Nysgjerrigper 2016 Ansvarlig veileder: Frøydis Gullbrå Antall deltagere (elever): 3 Innlevert dato: 08.03.2016

Detaljer

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling

Detaljer

Journalføring av epostrekkjer

Journalføring av epostrekkjer Journalføring av epostrekkjer Fungerande lovrådgjevar Ole Knut Løstegaard Oslo, 23. Oktober 2013 Journalføring utgangspunkt Journalføringsplikt etter arkivforskrifta 2-6 fyrste ledd andre punktum for inngåande

Detaljer

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Ditt val! Vidaregåande opplæring 2007 2008 Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Bygg- og anleggsteknikk Design og handverk Elektrofag Helse- og sosialfag Medium og kommunikasjon Naturbruk

Detaljer

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG Høyringsnotat Lovavdelinga Juni 2014 Snr. 14/3811 OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet Justis- og beredskapsdepartementet sender med dette på høyring eit utkast til

Detaljer

Partifinansiering 2016, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Partifinansiering 2016, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk SSB, Partifinansiering rapport for 2016, 27.03.2017, s. 1 Partifinansiering 2016, RA-0604. Rettleiing: Web-skjema Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk Innhald

Detaljer

VOLLASETRA OG LANGBAKKSETRA I SUNNDAL

VOLLASETRA OG LANGBAKKSETRA I SUNNDAL VOLLASETRA OG LANGBAKKSETRA I SUNNDAL Skjøtsel 2017 Side 2 Føreord Slåtten på Vollasetra og Langbakksetra har som føremål å ta vare på kulturmarka i seterlandskapet kring Vollasetra. Denne rapporten er

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017 Rapport om målbruk i offentleg teneste 17 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over

Detaljer

Månadsbrev for Blå, april 2016

Månadsbrev for Blå, april 2016 Månadsbrev for Blå, april 2016 Oppsummering/ evaluering av april Me har i april hatt fokus på friluftsliv. Før me starta på denne månaden var det få av oss som visste kva ei grandekule er, no er det begrepet

Detaljer

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2019/2185-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 12.03.2019 Uttale - Høyring forslag til endring i

Detaljer

Notat om historie og kulturlandskap

Notat om historie og kulturlandskap Notat om historie og kulturlandskap på del av g.nr. 40, br.nr. 1 og 13 Hauge i Kvinnherad planlagt regulert til bustadføremål. Tunet 2012 Hatlestrand november 2012 Karin Rabben Vangdal og Svein-Åge Vangdal

Detaljer

Praktisk oppgave. Les gjennom hele teksten slik at alle i patruljen har forstått oppgaven før dere begynner.

Praktisk oppgave. Les gjennom hele teksten slik at alle i patruljen har forstått oppgaven før dere begynner. Praktisk oppgave Les gjennom hele teksten slik at alle i patruljen har forstått oppgaven før dere begynner. Oppgaven går ut på å lage ei rive i tre ved hjelp av utleverte materialer og tillatte hjelpemidler.

Detaljer

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar. Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar. Trude Bukve Institutt for lingvistikk, litteratur og estetiske fag Kort om masteroppgåva.. Ei undersøking av finansterminologi

Detaljer

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre JONE Avgjerd av: Saksh.: Jon Nedkvitne Arkiv: Objekt: N-101.1 Arkivsaknr 2004002075 Fylkesplanen for

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå. 13. POLYGONDRAG Nemninga polygondrag kjem frå ein tidlegare nytta metode der ein laga ein lukka polygon ved å måle sidene og vinklane i polygonen. I dag er denne typen lukka polygon lite, om i det heile

Detaljer

Partifinansiering 2017, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Partifinansiering 2017, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk SSB, Partifinansiering rapport for 2017, 10.04.2018, s. 1 Partifinansiering 2017, RA-0604. Rettleiing: Web-skjema Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk Innhald

Detaljer

Design som trøystar. Utsnitt av dekor til Lumina. Design av Scandinavian Surface.

Design som trøystar. Utsnitt av dekor til Lumina. Design av Scandinavian Surface. Design som trøystar Svale kan bety å gjere mildare, lindre, trøyste. Som ein svalande vind på ein varm sommardag, ei mjuk lindring i lengt og sakn, slik vil vi at våre monument skal vere varige, vakre,

Detaljer

RAPPORT FRÅ 8. KLASSE GIMLE SKULE MAI 2017

RAPPORT FRÅ 8. KLASSE GIMLE SKULE MAI 2017 RAPPORT FRÅ 8. KLASSE GIMLE SKULE MAI 2017 OPPDRAGET Vi vil takke Faun AS v/ Tor Gunnar Austjord for oppdraget. Oppdraget var å gjennomføre beitetaksering av eit område på Momrak/Stavdalen på 5 dekar (daa).

Detaljer

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål Namnet til Båtlaget er: Kinsarvik Båtlag Kinsarvik Båtlag sitt føremål er å samla båtinteresserte

Detaljer

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE. REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE. 1. GENERELT 1.1 Føremål Møre og Romsdal fylke har som mål å yte god service og vere tilgjengeleg for innbyggarane i fylke og for

Detaljer

Edvin Kile, slåttekar og læremester i psykologi for naturbrukslærere

Edvin Kile, slåttekar og læremester i psykologi for naturbrukslærere Edvin Kile, slåttekar og læremester i psykologi for naturbrukslærere Av Hans Petter Evensen Dette har jeg sett fram til lenge, jeg ringer på hos Edvin og Eldbjørg Kile i Asker en høstdag i 1997. Har avtale

Detaljer

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Stråling frå elektronisk kommunikasjon Stråling frå elektronisk kommunikasjon Ei orientering frå Statens strålevern og Post- og teletilsynet Kva er stråling? I kvardagen omgjev vi oss med ulike typar stråling, frå både naturlege og menneskeskapte

Detaljer

SERVIETTBRETTING Visste du at serviettbretting har eksistert i over 500 år? Det finst over 50 forskjellige bretteteknikkar. Du må kunne minst tre av d

SERVIETTBRETTING Visste du at serviettbretting har eksistert i over 500 år? Det finst over 50 forskjellige bretteteknikkar. Du må kunne minst tre av d SERVIETTBRETTING Visste du at serviettbretting har eksistert i over 500 år? Det finst over 50 forskjellige bretteteknikkar. Du må kunne minst tre av dei. SEGLET Brett servietten ut ein gong slik at han

Detaljer

Korrigering til tidlegare utsendt informasjon, «prøvar som pasienten tek sjølv»

Korrigering til tidlegare utsendt informasjon, «prøvar som pasienten tek sjølv» Hei! Vi vil takke for samarbeidet i samband med oppstart av IHR ved legekontora. IHR er no breidda til 21 legekontor i Møre og Romsdal. Vi er takksame for at de har vore positive til å komme i gang med

Detaljer

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS Fylkestinget Side 1 av 5 Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget

Detaljer

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN Kva er PC-ordninga? PC-ordninga kjem frå at alle elevar ved dei vidaregåande skulane skal ha kvar sin berbare PC, til bruk i undervisninga. PC-ordninga går ut på at

Detaljer

Eksamen 01.06.2010. REA3015 Informasjonsteknologi 2. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 01.06.2010. REA3015 Informasjonsteknologi 2. Nynorsk/Bokmål Eksamen 01.06.2010 REA3015 Informasjonsteknologi 2 Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel: Bruk av kjelder: 5 timar Alle hjelpemiddel er tillatne. Unnatak er Internett og

Detaljer

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA Gjennomsnittleg årsfangst av sjøaure 1993-2014 var 201 (snittvekt 0,9 kg). Det har vore ein avtakande tendens sidan årtusenskiftet, med unntak av bra fangstar i 2010

Detaljer

Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning

Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning Faktaark Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning Årgang 5 * Nr. * Desember * 7 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitenskap Aurebestandane i Litlosvatn, Kollsvatn, Nedra

Detaljer

Store dokument i Word

Store dokument i Word Store dokument i Word versjon 2007 av Kjell Skjeldestad Hjelp til betre organisering av skrivearbeidet august 2009 Ved skriving av store dokument er det viktig å få god oversikt over dei ulike delane av

Detaljer

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar Dato: 29.02.2012 Ansvarlig: TSH Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar Unge funksjonshemmede takkar for høvet til å kommentera departementet sitt framlegg

Detaljer

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018. Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen 2018-2019 Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018 Samanfatning Tala for val av framandspråk blei publiserte av Utdanningsdirektoratet

Detaljer

Eksamen S1, Hausten 2013

Eksamen S1, Hausten 2013 Eksamen S1, Hausten 013 Tid: timar Hjelpemiddel: Vanlege skrivesaker, passar, linjal med centimetermål og vinkelmålar er tillatne. Oppgåve 1 ( poeng) Funksjonen f er gjeve ved Bestem f. f x 3x 3x 1, Df

Detaljer

SAKSUTGREIING. Sak: Felles sokneråd for Leveld, Torpo og Ål sokn. Sokneråda i Ål kallar inn til kyrkjelydsmøte etter gudstenesta:

SAKSUTGREIING. Sak: Felles sokneråd for Leveld, Torpo og Ål sokn. Sokneråda i Ål kallar inn til kyrkjelydsmøte etter gudstenesta: SAKSUTGREIING Sak: Felles sokneråd for Leveld, Torpo og Ål sokn Sokneråda i Ål kallar inn til kyrkjelydsmøte etter gudstenesta: Torpo kyrkje sundag 28. sept. kl. 11.00 Ål kyrkje sundag 5. okt. kl. 11.00

Detaljer

Innhald. Oppbygning på heisen. Styreskap Tryggingssystem VIGI-2000 Styreskap avstigingsmast Brytarar og brytestiftar (i vinkel og vendehjul)

Innhald. Oppbygning på heisen. Styreskap Tryggingssystem VIGI-2000 Styreskap avstigingsmast Brytarar og brytestiftar (i vinkel og vendehjul) Sunnfjord Skisenter AS Kjell Johnny Kvamme Jan 2004 Innhald Oppbygning på heisen Styreskap Tryggingssystem VIGI-2000 Styreskap avstigingsmast Brytarar og brytestiftar (i vinkel og vendehjul) Feilsøking

Detaljer

Eksamen MAT 1011 Matematikk 1P Hausten 2014

Eksamen MAT 1011 Matematikk 1P Hausten 2014 Eksamen MAT 1011 Matematikk 1P Hausten 2014 Oppgåve 1 (2 poeng) Diagrammet ovanfor viser kor mange bøker ein forfattar har selt kvart år dei fire siste åra. Når var den prosentvise auken i salet frå eit

Detaljer

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg FORELDREHEFTE 6-åringar på skuleveg G J W Sjå til begge sider - og framover! Før vi kryssar vegen skal vi sjå til begge sider. Det veit både born og foreldre. Trafikkopplæring handlar likevel om meir enn

Detaljer

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet DEN NORSKE KYRKJA KM 5.1/06 Kyrkjemøtet Saksorientering Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet Samandrag Mandatet og retningslinjene for protokollkomiteen vart vedtekne av høvesvis

Detaljer

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Framtidas bustadbehov blir i hovudsak påverka av størrelsen på folketalet og alderssamansettinga i befolkninga. Aldersforskyvingar i befolkninga forårsakar

Detaljer