(i) Kari sykla ein tur til butikken i går. (ii) På vegen køyrde Kari på ein hund. (iii) Hunden blei skadd. (iv) Eigaren bar hunden heim.



Like dokumenter
Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Til deg som bur i fosterheim år

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Jon Fosse. For seint. Libretto

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Brukarrettleiing E-post lesar

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling Spørjesetningar Imperativsetningar Det-setningar...

Brukarrettleiing. epolitiker

Kva er økologisk matproduksjon?

FANTASTISK FORTELJING

Månadsbrev for Rosa september 2014

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Vi lærer om respekt og likestilling

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014


Brødsbrytelsen - Nattverden

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Valdres vidaregåande skule

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Frå novelle til teikneserie

Morfologioppgåva om Kongo-swahili


Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

NYNORSK GRAMMATIKK FOR MINORITETSSPRÅKLEGE Forklaring med arbeidsoppgåver. Birgitte Fondevik Grimstad og Hilde Osdal Høgskulen i Volda 2007

Lønnsundersøkinga for 2014

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

6. trinn. Veke 24 Navn:

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Psykologisk førstehjelp i skulen

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Psykologisk førstehjelp i skulen

Informasjon til elevane

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

OK, seier Hilde og låser.

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Oppgåver til kapittel 3

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Samansette tekster og Sjanger og stil

Halvårsplan i norsk 2. trinn HAUST Nynorsk

Kom skal vi klippe sauen

Hei alle sjøstjerneforeldre

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

mmm...med SMAK på timeplanen

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Transkript:

2 Semantikk Fasit Oppgåver til s. 87 Ein mental representasjon er førestellingar me har i hovudet, og tydingar til særskilde språklege einingar morfem, ord, frasar, setningar er mental representasjonar. B Når me fortel ei historie, presenterer me ei rekkjefølgje av situasjonar, som er dei ulike stadia i historia. Historia i oppgåva kan analyserast i fire situasjonar: (i) Kari sykla ein tur til butikken i går. (ii) På vegen køyrde Kari på ein hund. (iii) Hunden blei skadd. (iv) Eigaren bar hunden heim. Med ein folkekategori meiner me den daglegdagse tydinga til eit ord, medan ein ekspertkategori er den tydinga det same ordet har i ein særskilt vitskap eller eit særskilt fagfelt. Folkekategorien er som regel den eldste tydinga, og ekspertkategorien er ei ekstra tyding som eit ord får det blir teke i bruk på eit særskilt fagområde. Substantivet stjerne er eit godt døme på dette. Opphavleg var ikkje ei stjerne kjend som noka anna en en lille lysende eller evt. blinkende plet på nattehimlen og dette er folkekategorien men etter mangfaldige tusen år fann astronomane ut at ei stjerne er ein kugleformet, lysende himmellegeme bestående af brændende gasser, især brint og helium og dette er ein ekspertkategori som er eit resultat av lang forsking. Men framleis kan ein godt bruka ordet stjerne riktig i dagleglivet på grunnlag av folkekategorien. Folkekategorien stjerne overlappar ikkje heilt med eksperkategorien, for i daglegspråket omfattar kategorien stjerne også planetar. Eit døme er planeten Venus, som me kallar kveldsstjerna og morgonstjerna, og som lyser av di han reflekterer sollyset. Han er ikkje ein himmelkropp av brennande gassar. D Eit semantisk domene er eit kunnskapsområde som blir nytta for å definera tydinga til eit ord. Når me skal definera tydinga til substantivet mjøl, nemner Norsk ordbok fyrst konsistens (pulverliknande masse, oftast finknust el malen) og held fram med botanikk (av korn el

andre planteemne), som fortel om opphavet, og avsluttar med funksjon (nytta i baking og anna matlaging). E Ein prototypisk kategori er ein kategori som ikkje har klåre grenser og der nokre medlemer av kategorien er betre representantar for kategorien enn andre medlemer. Ein klassisk kategori er derimot ein kategori med klåre grenser og der alle medlemene er like gode representantar for kategorien. Dei fleste kategoriane i språket er prototypiske, medan klassiske kategoriar stort sett har oppstått når eit ord har blitt teke i bruk på eit særskilt fagfelt. Med andre ord er folkekategoriar oftast prototypiske og ekspertkategoriar oftast klassiske. Faktisk nemner Bokmålsordboka fyrst og fremst den prototypiske kategorien by. Når me definerer ein by som eit tettbygd og tett befolket område som er sentrum for handel, industri, administrasjon, kommunikasjon, kultur og lignende i et større eller mindre omland, er det ein gradvis overgang mellom ein by og ein tettstad. Det finst ingen kriterium for å avgjera kor stor ein tettstad må bli for i staden kunne kallast ein by. Men slik Nynorskordboka definerer byen, ligg det ein kongeleg resolusjon eller eit stortingsvedtak bak statusen som by, og i dette perspektivet er by ein klassisk kategori: nten ligg det føre ein kongeleg resolusjon eller eit stortingsvedtak bak eller så gjer det ikkje det. Oppgåver til s. 102 Når ein unge skal læra seg kva eit særskilt ord i språket tyder, må det høyra ordet i mange ulike samanhengar, for å kunna finna fram til det som går att i bruken av ordet i ulike samanhengar og det som berre er tilfeldige drag knytte til særskilde kontekstar. Dersom ungen høyrde ordet hale berre i samband med hestar, kunne det godt tenkjast at ungen slutta seg til at ordet tydde vedheng i bakenden av kroppen på ein hest, slik guten Ola som er omtala på botnen av s. 88 i læreboka lenge trudde at ordet sko tydde fottøy som er mamma sitt, fordi han berre hadde høyrt ordet nytta om fottøyet til mora. B Polysemi er det fenomenet at eit ord har fleire tydingar som er i slekt med kvarandre, medan homonymi er at to eller fleire ord har same uttrykket men heilt ulike tydingar. Både Nynorskordboka og Bokmålsordboka oppgjev fleire tydingar under oppslaget hus, og desse tydingane er heilt klårt i slekt med kvarandre. Dette er eit klårt døme på polysemi. Tyding 1 er bygning (med tak og vegger) og Nynorskordboka presiserer brukt til bustad (verestad) for menneske.

Ordbøkene er samde om at tyding 2 er bustad, heim / bosted, hjem, ei tyding som står nært den fyrste tydinga. Tyding 1 gjeld den fysiske strukturen til hus, tyding 2 er ein sentral, prototypisk funksjon ved denne strukturen. Tyding 3 er personar som bur i eit hus / personer som bor i et hus, og for å nytta ein term litt lenger ute i kapittelet (sjå definisjonen av metonymi nedst på s. 94), kan me seia at det er ein metonymisk relasjon mellom tyding 2 og 3. Det er eit vanleg fenomen at eit ord kan nyttast både om ein behaldar og om innhaldet i behaldaren. Slå opp skule / skole i Nynorskordboka / Bokmålsordboka, så finn du eit parallelt døme ved tyding 2 og 3. Tyding 4 ved hus er større forretningstiltak, og her har me ein metonymisk relasjon mellom tyding 1 og 4. Det er tale om ein institusjon som held til i eit hus. Det er ein parallell mellom handelshus og kongehus. Tyding 5 er del av parlament, og atter har me ein metonymisk relasjon, mellom tyding 1 og tyding 5. Mellom tyding 1 og tyding 6 behaldar, hylster / beholder, hylster er det ein metaforisk relasjon; sjå definisjonen av metafor øvst på s. 96. Eit blekkhus, eit brillehus eller eit kremmarhus er hus berre i ein metaforisk forstand brillehuset, til dømes, er bustaden eller verestaden til brillene. Tyding 7 høyrer heime i poker og visse terningspel, der det å få fullt hus er å få tre like og eit par av kort eller terningar, til dømes 3 3 3 6 6. På engelsk heiter dette både full house eller full boat, og det kan tenkjast at eit fullt hus i poker er ein metaforisk bruk av uttrykket fullt hus nytta om til dømes ein kino eller eit teater der alle seta er opptekne. Tilhøvet mellom I bank, II bank og III bank er eit greitt døme på homonymi. I bank er det same som ein banke større grunt område i sjøen med djupare vatn kring; fiskegrunn, og denne tydinga har ingen slektskap med tydingane til II bank, til saman fire, som derimot står i eit klårt polysemisk tilhøve til kvarandre. Den fyrste tydinga er institusjon som tek mot innskot, gjev lån, driv handel med verdipapir og yter ymse tenester når det gjeld veksling og overføring av pengar og valuta. Tydingane til I bank og II bank er heller ikkje i slekt med dei to tydingane til III bank, 1. slag, dunk, 2. juling. I Nynorskordboka har hovud fem tydingar, mens hode i Bokmålsordboka har fire. Dette tyder ikkje at hovud og hode faktisk er forskjellige semantisk, berre at redaktørane for dei to ordbøkene har arbeidd uavhengig av kvarandre og ikkje har kome fram til nøyaktige same resultat. NYNORSKORDBOK 1. kroppsdel over eller framfor halsen på menneske og dyr med hjerne, sanseorgan, munn og opning for luftvegane BOKMÅLSORDBOK 1. øverste del av kroppen hos mennesker, øverste eller fremste del av kroppen hos dyr med hjerne, høyere sanseorganer, munn og åpning til luftveiene

2. person, individ 2. person, individ 3. (a) åndsevne, forstand; tankar; hug (I); 3. hode (1) som sete for åndsevner, (b) person med gode åndsevner forstand 4. (a) øvre (hovudliknande) del av noko; 4. (a) noe som ligner (mer eller mindre) på (b) øvre delen av trykt brevpapir eller et hode (1); (b) den øvre, utvidede delen framside av avis av noe 5. leiar, styrar Tyding 1 er ei blanding av ein folkekategori og ein ekspertkategori, men dei to ordbøkene skildrar den same tingen. Mellom tyding 1 og 2 er det ein metonymisk relasjon. Me nyttar namnet på ein del for å omtala ein heilskap. Mellom tyding 1 og 3 (a) er det òg ein metonymisk relasjon. Me nyttar ordet for behaldaren for innhaldet i han. Relasjonen mellom tyding 3 (a) og 3 (b) liknar relasjonen mellom tyding 1 og 2. Det er ein metaforisk relasjon mellom tyding 1 og 4 er metaforisk. Relasjonen byggjer på ei samanlikning. Her finn me både kålhovud, spikarhovud og avishovud. Tyding 5, som også er vanleg på bokmål, står også i ein metaforisk relasjon til tyding 1. Leiaren er overhovudet, den øvste. Som du sikkert veit, er ordet høvding / hovding avleitt av hovud. Det franske ordet chef tyder leiar, styrar og kjem av det latinske ordet caput hovud. D Ein ting kan omtalast med mange ulike ord. Gordonsetteren Stella kan mellom ein god del anna omtalast som ein gordonsetter, ein ståande fuglehund (eller setter), ein fuglehund, ein jakthund, ein brukshund, ein tamhund, ein hund, ein canid, eit rovpattedyr, eit pattedyr og eit dyr. Dersom eg viser deg eit bilete av Stella, tyr du lettare til visse nemningar enn andre, og den nemninga du lettast tyr til, representerer grunn- nivået i dette hierarkiet av nemningar. Det varierer litt kva som er grunn- nivået, etter kor mykje du veit om hundar, men hund peikar seg ofte ut i dette tilfellet. Oppgåver til s. 111 Det er som regel vanskeleg eller umogeleg å definere ein ordklasse på grunnlag av semantikken aleine, for semantisk glid ordklassane ofte over kvarandre. Difor treng me syntaktiske og morfologiske kriterium. Dei gjev oss som regel relativt presise ordklassedefinisjonar. Men når me har definert ein ordklasse syntaktisk og morfologisk, ser me at orda i denne klassen i stor grad har ein viss semantisk likskap med kvarandre, og det er på dette grunnlaget me gjev ordklassane namn. Då kan me til dømes trygt seia at den ordklassen som inneheld ord for menneske, dyr og ting, kan kallast substantiv. Men ikkje alle ord i denne ordklassen er ord for menneske, dyr og ting, og kva for andre ord som er med i klassen, må avgjerast på ein syntaktisk og morfologisk grunnlag.

B Teljelege substantiv har på norsk både eintals- og fleirtalsformer, som gris og griser, og me kan setje talord føre dei: éin gris, to griser. Uteljelege substantiv har ikkje talbøying, til dømes flesk, og dei kan ikkje ha talord føre seg. Me kan ikkje seie éitt flesk eller to flesk, bortsett frå når me gjer dette substantivet teljeleg ved å nytta det om typar av flesk. Ein kan seie mange griser og mykje flesk, men normalt ikkje mykje gris og mange flesk. Skiljet mellom animate og inanimate substantiv spelar ei rolle i mange språk. Det finst smange språk som har eit genus- system basert på dette skiljet jamfør cree på s. 107. Skiljet mellom menneske og dyr blir rekna som ei vidare oppdeling av den animate delen av animatheitshierarkiet, og dette skiljet spelar ei rolle i grammatikken til mange språk. Jamfør pronomena i 3. person eintal på bokmål, der han og hun prototypisk blir nytta om menneske, medan den og det blir nytta om dyr og inanimate fenomen. Ein dynamisk prosess endrar seg gjennom tid, medan ein statisk prosess ikkje gjer det. Dei prosessane som er uttrykte med verba sykla og datt, er dynamiske. Ein kan lett sjå føre seg dei ulike stadia i prosessane, der Maria trør på pedalane som sykkelen fer framover eller der Josef misser balansen og hamnar i vatnet. Prosessane som er uttrykte med verba elskar og veit er derimot statiske. Det handlar om mentale tilstandar som er dei same på ulike tidspunkt gjennom ein viss periode. D Eit graderbart adjektiv viser til eigenskapar som kan vera til stades i ulike gradar. Me kan til dømes seie at Hans er dum, men Espen kan vera endå dummare. Eit ikkje- graderbart adjektiv viser derimot til eigenskapar som noko anten har eller ikkje har. nten er Grete gift eller så er ho det ikkje. Når me snakkar om god, skotsk whisky, har me det graderbare adjektivet god og det ikkje- graderbare adjektivet skotsk. Når Hans og Grete var tørste, er me atter inne på noko graderbart ein kan vera litt tørst eller veldig tørst, det er ikkje noko anten- eller. Når derimot flaska er tom, så er det ikkje- graderbert. Og endeleg, når me seier at Hans og Grete er fulle, altså drukne eller rusa, veit me inderleg godt at me er inne på noko graderbart att. Hadde det derimot vore flaska som var full, altså hadde maksimalt innhald, ville det ha vore tale om noko ikkje- graderbart. Oppgåver til s. 118 Dei syntaktiske funksjonskategoriane eller setningsledda subjekt og objekt definerer me syntaktisk og morfologisk. Dei står til dømes i særskilde posisjonar i høve til det finitte verbet. I mange språk blir verbet samsvarsbøygt med subjektet, og i nokre språk også

med objektet. Det er også vanleg at subjektet og objektet er bøygde i ulike kasus. Dei semantiske rollene definerer me, som namnet tilseier, på eit reint semantisk grunnlag. I setning (i) er Smørbukk subjekt og flaska objekt. Vidare er Smørbukk agens, den som medvite tok initiativet til å knuse flaska, men flaska er patiens, den passive deltakaren som blir utsett for ein prosess. I setning (ii) er raketten subjekt, men i dette tilfellet også patiens. Det er dr. Panga som er agens. Preposisjonsfrasen av dr. Panga er eit adverbial. I setning (iii) er Stomperud subjekt og agens, pølsene er objekt og patiens, mens preposisjonsfrasen med kniv og gaffel er adverbial og instrument. B Som det står på s. 114 i læreboka, blir alt sagt i ein særskild situasjon, og mykje er uforståeleg utan at me kjenner denne situasjonen, den konkrete talehandlinga, som blir utført på ein særskild stad, ytringsstaden (her), og eit særskilt tidspunkt, ytringsaugneblinken (her). Talaren kallar seg sjølv eg og adressaten du eller de, om det er fleire adressatar. Vismennene frå usterland kom til Jerusalem og sa noko til folk dei møtte. Når dei sa «Kvar er den jødekongen som no er fødd?», tok både er og no utgangspunkt i talesituasjonen: er er ei verbform i presens, og presens er eit tidspunkt som overlappar med ytringsaugneblinken. På same vis er no eit tidspunkt eller eit tidsrom som overlappar med eller fell saman med ytringsaugneblinken. Så held vismennene fram slik: «Vi såg stjerna hans gå opp.» Me kan vel rekna med at det var éin vismann om gongen som tala, sidan spontane talekor er noko uvanlege. Pronomenet vi viser til ei gruppe menneske som talaren sjølv er medlem av, og når han sa såg, viste han til noko som hende før ytringsaugneblinken. Så sa dei: «og no er vi komne og vil hylla han.» Å koma til ein stad er å nå fram til ein stad, og denne staden overlappar som ein hovudregel med ytringsstaden. Ordet han kan her berre forståast på bakgrunn av talehandlinga. Litt tidlegare snakka dei om «den jødekongen som no er fødd», og pronomenet han må vise til den same jødekongen. Med komposisjonalitet meiner me det fenomenet at ein språkleg heilskap som ein frase eller ei setning er kan forståast på grunnlag av dei delane som heilskapen er oppbygd av. Nominalfrasen raude kinn er komposisjonell: Han har ei tyding som me kan resonnere oss fram til på grunnlag av norsk grammatikk og orda raude og kinn. Det er snakk om kinn av ein særskild farge som adjektivet presiserer. djektivet raude er eit underledd i nominalfrasen og kinn er overledd i den same frasen, og ifølgje grammatiske reglar som gjeld for norsk, kan me då slutte oss til at adjektivet fortel noko nettopp om desse kinna.

Nominalfrasen raude hundar er derimot ikkje komposisjonell. Dette er også ein nominalfrase der adjektivet raude er underledd, men setning (ii) fortel ikkje at Ruben ligg på sjukehuset i lag med nokre hundar med raud farge. Raude hundar er namnet på ein sjukdom, og det er ikkje mogeleg å slutte seg fram til kva sjukdom det gjeld berre ved å kunne norsk grammatikk og orda raude og hundar. Me må vita særskilt at nominalfrasen viser til den barnesjukdomen som medisinarane kallar rubella.