Til alle einingar som er under sertifisering eller er sertifisert som Miljøfyrtårn Miljørapport for 2010 skal være levert til stiftinga Miljøfyrtårn innan 1. april 2011. Rekneark med sentralt innsamla datagrunnlag for miljørapporten Du skal ha motteke ein e-post med ei Excel arbeidsbok (rekneark): MILJØRAPPORT 2010 - Per eining og totalt 26-2-2011 Ta fyrst ein kopi av reknearket, slik at du har ein original i reserve. Slik finn du fram i reknearket Arbeidsboka er organisert i form av fleire rekneark. Når du opnar arbeidsboka kjem du til reknearket med totaloversikt for heile fylkeskommunen. Via mappene nedst på sida vel du den kategorien eininga di høyrar til; skule eller tannklinikk. - I mappene med miljøtema lengst til høgre finn du datagrunnlaget som er nytta, om du ynskjer å sjå kor tala kjem frå. - I mappa Veiledning lengst til venstre finn du kopi av denne rettleiinga. Når du opnar mappa med t.d. skular, er reknearket organisert slik: I den grøne kolonna finn du alle dei ulike variablane som skal rapporterast til Miljøfyrtårn ( + nokre få til), i same rekkefølgje som i miljørapporten i miljøfyrtårnportalen. Det er berre å bla nedover i reknearket for å sjå alle. I den gule raden øvst i reknearket er det ei kolonne for kvar skule og kvart tannhelseområde. Det er berre å bla bortover i reknearket for å finne tala for di eining. Side 1 av 5
Tala i reknearket må supplerast med tal frå lokale tilhøve Sentralt innsamla tal Reknearket innehelt alle dei tala det har vore mogleg å samle inn sentralt. Om ei celle er tom, tydar det at vi ikkje har lukkast med å få tak i dette talet for di eining. Om eit tal er rødt tydar det på at du ikkje kan stole heilt på talet. Du må vurdere om det kan vere rett. Dette gjeld t.d. avfallsabonnement utan veging av avfallet. Tal for kategorien Innkjøp vert ettersendt om lag 20.3. Du vil få ei liste over miljøsertifiserte leverandørar og miljømerka produkt. Ved hjelp av desse listene kan du i samarbeid med innkjøpar telje opp kor mange av desse leverandørane og produkta di eining har nytta i 2010, og legge inn tala i miljørapporten. Vonleg vil vi også kunne gi deg ei oversikt over kg papirforbruk per eining. Justering av tala for lokale tilhøve Du vil måtte justere og supplere dei sentrale tala ut frå lokale tilhøve: I reknearket er det kommentarfelt. Her finn du informasjon for kva du må ta omsyn til for kvar kategori (Innkjøp, Energi, osb.). Og du finn tal du kan nytte i utrekningar, t.d. gjennomsnittleg drivstofforbruk per km. Her er ytterlegare hjelp og rettleiing. Oversikt over datagrunnlaget du må samle inn lokalt: - Tilsette og årsverk: Skular legg til driftsleiarar (tilsette og årsverk) - Sjukefråver: For tannklinikkar er dette oppgitt per tannhelsedistrikt, noko som gir jamnare utvikling år for år. Er det ynskjeleg med tal per klinikkområde, kan koordinator for miljøsertifisering vonaleg skaffe dette. - Innkjøp: Tal for miljøsertifiserte leverandørar, miljømerka produkt og kg papirforbruk vert ettersendt om lag 20.3. Eininga må sjølv telje opp kor mange av dei miljøsertifiserte leverandørane og miljømerka produkta ein har nytta. - Energi: Har eininga leverandørar av elektrisitet utanom Statoil, må straum frå desse leggast til. Spør innkjøpar/øk.ansvarleg ved eininga. Dei fleste klinikkområda har leigeavtalar og samlokalisering med andre, og må skaffe desse tala sjølv frå huseigarar, ev gjere ei fordeling av totalen ut frå leigeareal. - Oppvarma areal: Skular og tannklinikkar må sjølv gjere eit anslag på oppvarma areal som energiforbruket er knytt til. Oppdaterte tal frå eigedomsseksjonen for alle skular kjem ikkje før neste års miljørapport. - Energimerking: Vert gjort i løpet av 2011 og 2012 for skular. La stå open. - Talet på køyretøy: Skular må fyll inn kor mange køyretøy dei eig eller leaser. - Køyrte km: Talet som er oppgitt er reiserefusjon for køyring med privatbil. Skular må legge til køyring med eigne køyretøy. Be dei ansvarlege om å levere ein slik tabell: Køyretøy Personbil Minibuss Osb. Type drivstoff Km køyrt 2010 Gj.sn. drivstoffforbruk per km Berekna eller notert drivstofforbruk Side 2 av 5
- Flyreiser: Send ein e-post til alle tilsette ved eininga og spør etter: Type flyreise: Norden Europa Interkontinental Reiser bestilt hos reisebyrået HRG og betalt sjølv med ditt eiga HFK kredittkort i DNB-Nor. Ca. km med fly i 2010 (Dette gjeld 6 reiser for tannhelse og 102 reiser for alle skular) Reiser bestilt sjølv utanom reisebyrået HRG, uansett om einiga eller du sjølv betalte. Ca. km med fly i 2010 Dette er eit heilt ukjent tal som vi treng di hjelp til å få oversikt over. NB! Reiser bestilt gjennom HRG og betalt av skulen/ tannklinikken skal du ikke ta med. Her har vi allereie tala til miljørapporten. - Flyreiser: Utrekning av flytimar og CO2-utslepp: Type flyreise: 1) Km 2) CO2-utslepp per passasjerkm, kg 3) Berekna CO2- utslepp, kg 1) * 2) = 3) 4) Gj.sn. flyfart km/t Norden 0,171 777 Europa 0,119 777 Interkontinental 0,093 777 tonn CO2 til miljørapporten 5) Berekna flytimar 1) : 4) = 5) - Avfall: Dei oppgitte tala er frå renovasjonsselskapa. Raude tal er usikre pga. at eininga har fast abonnement og ikkje betalar ut frå henta vekt. o Tannklinikkar: Dei fleste har avfall saman med andre. Eininga må vege avfallet i ei veke eller to, eller få tak i talet på anna måte. o Skular: Eininga må vurdere om dei raude tala er rimelege. Så må ein leggje til avfall eininga sjølv har levert til avfallsmottak. Be driftsleiar og avdelingsleiarar ved yrkesfag om levert vekt eller volum frå kvitteringar eller som eit anslag for aktuelle fraksjonar. Be om at dette vert notert i 2011, slik at ein har tala til miljørapporten neste år. - Vatnforbruk: Skular ber om dette talet frå driftsleiar. Tannklinikkar let dette vere blankt om dei ikkje har vatnmålar. - Gjennomførte tiltak: Skriv kort om kva som er gjort i 2010 på kvart miljøtema. Du kan ev skrive det rett inn i Miljøfyrtårnportalen, ikkje i reknearket. - Handlingsplan 2011: Handlingsplanen skal verte handsama og vedteken av leiinga ved eininga. Ved nokre skular er det kanskje ikkje mogleg å rekke dette i 2011. I så fall skriv du som miljøansvarleg kva du vil leggje fram som forslag for leiinga på kvart miljøtema. Når du har fått samla inn alle tala, legger du dei lokale tala til dei sentralt oppgitte tala i reknearket. Til slutt lagrar du reknearket med eit nytt namn. Slik veit du at dette er reknearket med ferdig miljørapport for eininga di. Det neste du skal gjere er å legge desse tala inn i Miljøfyrtårnportalen på internett. Side 3 av 5
Slik leverer du miljørapporten til Miljøfyrtårn Frist for levering av miljørapport til Miljøfyrtårn: 1. april 2011. Gå inn på Miljøfyrårn sin heimeside www.miljofyrtarn.no. Vel Min side. Eller klikk på denne lenkja for å kome til Miljøfyrtårnportalen: https://rapportering.miljofyrtarn.no/ Logg inn i Miljøfyrtårnportalen. Frå miljøfyrtårnkonsulenten frå Asplan Viak As skal du ha fått tilsendt brukarnamn og passord. Saknar du det, ta kontakt med miljøfyrtårnkonsulenten. Det fyrste du møter er brukarrettleiingar. Dei kan vere nyttige å lese. Elles er ei kort rettleiing her: Vel Miljørapportering i menyen på venstre side. Klikk på 2010 for å opne skjema for miljørapport 2010. Skjema for å fylle inn miljørapport ser slik ut. Opne reknearket MILJØRAPPORT 2010 xxx som du har lagra som endeleg versjon. Dvs. reknearket du har supplert med tal frå lokale tilhøve. - No kan du overføre tala frå reknearket MILJØRAPPORT 2010 til Miljørapporten i Miljøfyrtårnportalen. Dette er lett, fordi oppsettet og rekkefølgja på tala er den same både stader. Nedst i Miljørapporten på internett klikkar du på Lagre før du avsluttar. Du kan ev fylle inn nokre tal, lagre, og fortsette vidare ein annan dag. Før du leverer miljørapporten må du også fylle inn tekst for kvart tema i Gjennomførte tiltak. Og du må fylle inn tekst og måltal for Handlingsplan for neste år. - Gjennomførte tiltak: Skriv kort om kva som er gjort i 2010 på kvart miljøtema. - Handlingsplan 2011: Handlingsplanen skal vere handsama og vedteken av leiinga ved eininga. Ved nokre skular er det kanskje ikkje mogleg å rekke dette i 2011. I så fall skriv du som miljøansvarleg kva du vil leggje fram som forslag for leiinga på kvart miljøtema. Når du har den endelege versjonen av miljørapporten klikkar du på Levere. - Det er mogleg å levere rapporten sjølv om nokre tal manglar. - Når du har levert, kan du ikkje lenger endre på rapporten Side 4 av 5
Miljøstyring Å bruke tala til noko nyttig 2010 Ein milepæl i miljøarbeidet i Hordaland fylkeskommune Dette er fyrste året det vert utarbeid miljørekneskap for alle einingar i fylkeskommunen. Året 2010 er eit prøveår, fyrste gongen vi gjer dette. Alle einingar så nær som seks, er no i gang med miljøsertifisering eller er sertifisert, anten som Miljøfyrtårn eller Grønt Flagg. I åra framover kan du rekne med at det vil bli lagt auka vekt på miljøstyring: Det vil bli arbeidd for å gjere systemet for miljørapportering betre, lettare å handsame og meir automatisk. Det vil også bli arbeidd for å få betre rapportar ut av data de har levert inn, som kan nyttast til miljøstyring og miljøforståing ved einingane. Det kan bli auka sentral oppfølging av einingar for å hjelpe dei til å bli betre på miljø og ev å få gjort naudsynte investeringar, både av omsyn til miljø og økonomi. Kjør ut miljørapport frå Miljøfyrtårnportalen og publiser han. Gå inn på Miljøfyrtårn sin heimeside www.miljofyrtarn.no. Vel Min side. Eller klikk på denne lenkja for å kome til Miljøfyrtårnportalen: https://rapportering.miljofyrtarn.no/ I menyen på venstre side vel du Rapporter. Her kan du få ut miljørapporten som pdffil, Excel rekneark eller Word dokument. I miljørapporten finn du grafar og nye tal som er rekna ut frå datagrunnlaget du har lagt inn, t.d. klimarekneskap for eininga. Eit av miljøfyrtårnkrava er at denne rapporten skal leggast fram for leiinga, styrande organ og publiserast for tilsette og elevar. Miljøanalyse Samanlikning med andre einingar I reknearket MILJØRAPPORT 2010 xxx har du oversikt over alle skular og tannhelseområde. I originalversjonen er tala samanliknbare, dvs. utan justering for lokale tilhøve. Her kan du sjå korleis di eining ligg an i forhold til andre einingar som er likearta. Eventuelt kan du rekne ut forholdstal for å få dei samanliknbare. Døme på tal er: - Kjeldesorteringsgrad - Kg restavfall dividert på talet på tilsette (og elevar) - Energiforbruk dividert på talet på tilsette (og elevar) Hordaland fylkeskommune er oppretta som konsern i Miljøfyrtårnportalen. Kanskje det allereie i år vil vere mogleg for HFK sentralt å levere forholdstal som gjer det lettare å samanlikne di eining med andre einingar. Miljøanalyse Samanlikning med tidlegare år Neste år vil du ha året 2010 å samanlikne med. Då ser du om det går rett veg eller ei. Då kan miljøstyringa for alvor ta til. Du kan analysere orsakar til at tal har auka eller gått ned og eventuelt setje inn tiltak. Dette er akkurat som ved økonomistyringa. Det nye kvalitetsverktyet QM+ Eit nytt verkty for kvalitetsleiing er under innføring. Miljøstyringa vert ein del av dette. Då kjem det formelle styringsdokument for miljøstyringa. Du får automatisk e-post med varsel om kva du skal gjere når, og lenkjer til dokument du treng. Samstundes vert det berre eitt system å halde seg til. Vonleg får du dei sentrale tala til miljørapporten ferdig fylt inn i eit skjema. Og dette skjemaet er det same skjemaet som du gjer ferdig med lokale tal. Så klikkar på ein knapp som gjer at tala automatisk vert levert til Miljøfyrtårnportalen. Dette er målet ein arbeider mot på sentralt hald. Les meir om miljøstyring i fylkeskommunen: Klikk her. På intranett på sida for Miljøsertifisering finn du nyhende med oppdatert informasjon og dokument om miljørapport 2010. Klikk her. Side 5 av 5