Arbeidsprogram 2007-2011
Grunnsynet til Senterpartiet Senterpartiet vil byggja framtida på dei kristne grunnverdiane og humanistiske verdiar i pakt med desse. Målet for Senterpartiet sin politikk er å skapa eit solidarisk fellesskap av frie, sjølvstendige menneske, der rettferd, tryggleik og likeverd er berande prinsipp. Senterpartiet sin lokale visjon byggjer på Ein politikk for lokalt mangfald Det offentlege tenestetilbodet må utviklast slik at det kan takast omsyn til variasjonar i lokale tilhøve og lokale behov. Ei god samhandling mellom det offentlege og frivillige organisasjonar er viktig og verdfullt for å byggja eit godt samfunn. I rommet mellom marknadskrefter og offentleg byråkrati finn me mykje god dugnadsånd, som bør stimulerast slik at oppgåver kan løysast i fellesskap. Samstundes må me syta for ei forvaltning som sikrar at innbyggjarane sine interesser vert ivaretekne på ein forsvarleg måte.
Ein politikk for å engasjera innbyggjarane Å styra er noko positivt! Styring er å ta ansvar for fellesskapet, og bør skje på ein måte som set innsikt, nærleik og den enkelte sitt engasjement i høgsetet. For Sp er det viktig å auka innbyggjarane si deltaking i utviklinga av kommunen. Ein politikk også for framtidige generasjonar Våre prioriteringar kan ikkje berre omfatta oss som lever i dag. Me som lever på og brukar jorda i dag, forvaltar henne på vegner av dei som kjem etter oss. Å forvalta er å ta vare på og ha omsorg for ressursar og omgjevnader. Heilskapleg tenking og planlegging er viktig for at me skal ha: Meland eit samfunn for alle
Helse Velferd Politikarar og tilsette i Meland kommune har saman våga å satsa på utradisjonelle løysingar på ulike område innan helse og velferd. Skule Barnehage Skulane og barnehagane bør ligga ute i kommunen, og vera ein lokal samlingsstad i krinsen. Kultur- idrett Me vil styrka kulturpolitikken fordi denne er grunnleggjande i arbeidet for betre livskvalitet og trivnad.
Næring Me satsar på å oppretthalda og vidareutvikla arbeidsplassar i kommunen, samstundes som det vert tilrettelagt for nye etableringar. Samferdsel Eit godt vegnett er avgjerande for busetnad og næringsliv i kommunen og det må vedlikehaldast både sumar og vinter. Det må satsast på eit godt og brukarvenleg kollektivtilbod. Miljø Eit godt renovasjonstilbod, gode utbyggingsplanar for vass og kloakknett, satsing på nyetablerarar, er med på å gjera Meland til en god stad å bu.
Helse Velferd Politikarar og tilsette i Meland kommune har saman våga å satsa på utradisjonelle løysingar på ulike område innan helse og velferd. Dette har gitt gode løysingar både for brukarane og kommuneøkonomien. Senterpartiet vil vera med på å utvikla nye, gode løysingar for oppgåver som ligg framfor oss. I samband med den store NAV reforma, ny arbeids og velferdsordning,er det viktig at det nye NAV-kontoret vert samlokalisert med eksisterande kontor innanfor sosialsektoren, slik at brukarane kan få eit best mogeleg tenestetilbod. Ved samarbeid på tvers av dei ulike tenesteområda kan ein oppnå gode løysingar og samstundes nytta ressursane optimalt. Meland Senterparti vil: at det vert gjeve ressursar til heimetenestene slik at eldre og personar med nedsett funksjonsevne får den hjelpa dei treng arbeida for oppretting av nye heildøgnsplassar, sikra avlastingstilbod og styrka rehabiliteringstilbodet arbeida for at det vert oppretta eit dagtilbod for eldre på Rossland vidareutvikla ordninga med omsorgslønn oppretta NAV-kontor i rådhuset at førebyggjande barnevernteneste skal prioriterast styrkja psykiatritenesta styrkja arbeidet mot misbruk av rusmidlar styrkja helsesøstertenestene generelt og på skulane spesielt
Skule barnehage Senterpartiet er glad for at me har eit desentralisert skulemønster i Meland. Me vil at skulane våre skal vera ein god stad å vera og læra. Samstundes skal skulen vera ein samlingsstad i krinsen, i tett samarbeid mellom skule heim frivillige organisasjonar. Meland Senterparti vil: oppretthalda noverande skular / skulekrinsar sikra ressursar til skulen byggja ut skular og barnehagar etter behov betra arbeidsmiljøet for elevar og lærarar rusta opp leikeareala ved skulane oppretthalda skulefritidsordning i alle krinsar styrkja rådgjevartenesta i ungdomsskulen styrkja samarbeidet mellom skule / barnehage / helsestasjon / barnevern, slik at dei som treng oppfylging vert fanga opp leggja til rette for at born skal ha sunn og god skulemat oppretthalda / auka tal lærlingplassar i kommunen
Kultur- idrett Me ser klårt at den store utbygginga i kommunen kan gje oss utfordringar. Ein lekk i arbeidet med å koma problema i forkant er auka støtte til lag og organisasjonar som gjev fritidstilbod til barn og unge. Me vil at alle skulekrinsane skal ha breidde i tilboda sine slik at born og unge får forankring i nærmiljøet sitt. Store institusjonar som kyrkja, Meland Aktiv, Nordhordland Folkehøgskule og Meland Golf- og Naturpark er saman med dei mange lagshusa og skulane rundt om i kommunen viktige basar for eit allsidig kulturliv. Meland Senterparti vil: at frivillige organisasjonar innan kunst, kultur og idrett skal vera viktige innslag i kulturlivet at kulturskulen for born skal vera ein grunnleggjande del av kulturtilbodet, og alle som ynskjer plass, skal få det styrkja løyvingane til frivillige organisasjonar som driv barne og ungdomsarbeid at skulane skal vera ressursbygg for kulturlivet i lokalsamfunnet at heilskapstenkinga i kulturarbeidet skal styrkjast med samarbeid på tvers av sektorar. Dette er avgjerande for at gode kulturopplevingar skal koma flest mogeleg til del at språket skal vera ein viktig redskap for formidling av kunnskap og oppleving. Gjennom haldningsskapande arbeid skal me oppmoda om å ta vare på og fremja bruken av dialektar at arbeidet med lokalhistorie og museumsverksemd skal gjevast høg prioritet ta vare på kyrkja som kulturberar og kulturinstitusjon og støtta arbeidet for å byggja ei arbeidskyrkje
Næring Senterpartiet er glad for at me har solide verksemder som satsar på å oppretthalda og vidareutvikla arbeidsplassar i kommunen. Desse må takast vare på, samstundes som det vert lagt tilrette for nye etableringar. Me må også syta for at det flotte kulturlandskapet vårt vert halde i hevd. Det kan berre skje ved at det framleis vert drive med husdyrhald rundt om i bygdene. Landbruket er såleis også ei viktig næring, og melandsbonden må stimulerast til å halda fram med drifta Meland Senterparti vil: vidareutvikla og leggja til rette for næringsområde i alle delar av kommunen at kommunen skal leggja til rette for bedrifter og einskildpersonar som vil etablera seg sjå positivt på utbygging av utleigehytter og serviceanlegg for reisande verna om dyrka jord arbeida for at landbruksvikar- og veterinærtenesta skal halda fram stimulera til tiltak som kan føra til breiare næringsgrunnlag for bøndene støtta opp om senterfunksjonane på Frekhaug og Rossland at Meland Arbeidssenter skal vidareutviklast som ein viktig samarbeidspartnar i kommunen
Samferdsel Eit godt vegnett er avgjerande for busetnad og næringsliv i kommunen og det må vedlikehaldast både sumar og vinter. Det må satsast på eit godt og brukarvenleg kollektivtilbod. Meland Senterparti vil: arbeida for å betra kollektivtilbodet innan kommunen og mot Bergen støtta arbeidet for å få eit felles takstsystem i Bergensregionen gå inn for auka løyvingar til vedlikehald og utbetring av kommunale vegar leggja press på bevilgande myndigheiter for å utbedra dårlege vegparti med utgangspunkt i trafikksikringsplanen få bygd gang og sykkelstider det er størst ferdsel inkl. sikring av vegkrysset Fossesjøen og Holme arbeida for at det snarast vert bygd to felts veg Mjåtveit - Sandskaret, Fløksand - Skjellanger og Fossesjøen - Moldekleiv at Meland kommune skal arbeida for at Nyborgstunnelen vert bygd snarast halda fram med utbygging av veglys at alle skal få tilgang til breiband støtta arbeidet med å få bygd ytre ringveg mellom Bergen - Askøy - Meland - Radøy få ringvegen Odland - Landsvik inn i aktuelle planar sjå positivt på at bybana kan forlengjast til Nordhordland
Miljø Me må alle både som einskildpersonar og som fellesskap - ta ansvar og verna om miljøet, både i det nære og i den store samanhengen. Meland Senterparti vil: ha ein tidhøveleg og lett tilgjengeleg gjenbruksstasjon i søre del av regionen at kommunen skal tilstreva at den kommunale bygningsmassen ved rehabilitering eller nybygg vert tilpassa for lavast mogeleg energibruk at kommunen skal vera ei drivkraft til å få private til å bruka alternative energikjelder oppmoda utbyggjarar, herunder Meland utbyggingsselskap, om også å byggja bustader som er tilpassa ungdom i etableringsfasen ha full vassverksutbygging halda fram arbeidet med kloakksanering prøva å få ein vinn - vinn situasjon der ein i samband med vatn / kloakk - utbygging kan få laga gang- og sykkelvegar sikra at det framleis vert mogeleg for alle å nytta områda ved sjø og vatn i samarbeid med Bergen og Omland Friluftsråd sikra at det vert lagt til rette for at alle kan få høve til friluftsliv og rekreasjon i den vakre naturen me har rundt oss