Norsk etnologisk gransking Mars 1955. Ved Kristofer Sydnes. Spørjelista om religiøse truer og tilhøve, kyrkjeleg sed og skikk. Oppbyggjing i heimen



Like dokumenter
TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Til deg som bur i fosterheim år

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Nr. 37. Høgtidsmat ved dei gamle årsfestane

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

G A M A L E N G K U L T U R

Denne spørjelista har til føremål å greia ut om våre folkelege musikkinstrument. Den er skift i 4 bolkar:

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Brødsbrytelsen - Nattverden

GIFTEFERDIG UNGDOM. 2. Korleis såg ein på gifte til grannebygda eller endå lenger bort?

Jon Fosse. For seint. Libretto

Norsk etnologisk gransking. April Emne nr. 15. G J E R D E

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Minnebok. Minnebok NYNORSK

FOLKEMEDISIN. 1. Kan De seie at innstillinga til sjukdom og synet på det å vere hardfør har skiftet i manns minne?

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

modell for vedtak om lokal grunnordning

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Vedtak om lokal grunnordning

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Norsk etnologisk gransking Bygdøy i september 1959 TURKEINNRETNINGAR FOR KORN OG MALT

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

/

Norsk etnologisk gransking Bygdøy, august 1963 HEIMANFYLGJE OG BRYLLAUPSGÅVER

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Brannsår, rus eller friheit?

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Stemnehandboka for NKSF

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

FANTASTISK FORTELJING

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Korleis bruke pilegrimsvandring i trusopplæringa pa Skaparverkets dag

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A


Møteprotokoll for møte i

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)


LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

ORDNING FOR KONFIRMASJON

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

«Ny Giv» med gjetarhund

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Til framstellinga kan ein knyta lystenning eller andre enkle symbolhandlingar.

Setring ved Håbakkselet Hareid

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Da psbrosjyre ver nov :03:33

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Praktisk tilrettelegging

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Med god informasjon i bagasjen

Norsk etnologisk gransking Bygdøy i november 1961

Norsk etnologisk gransking Bygdøy i mars 1962 KRISTELEG MØTEVERKSEMD OG MØTEFORM

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Transkript:

Norsk etnologisk gransking Mars 1955 Emne nr. 49 KYRKJELEG FOLKELIVSGRANSKING Ved Kristofer Sydnes Spørjelista om religiøse truer og tilhøve, kyrkjeleg sed og skikk Oppbyggjing i heimen 1. Kva namn bruka dei for husandakt i Dykkar bygd? (Halda kor, halda kveld e. l.?) 2. Var det husfaren som vanleg stod for andakten? 3. Kva bøker las dei or i far og bestefar si tid? Bibel, husandaktsbøker eller katekisma? 4. Var det nytta fri bøn eller vikebønene i salmeboki eller var det bønebøker? (Nemn namni på husandakts- og bønebøker som vart mest nytta.) 5. Bruka dei vanleg bygdemålet under fri bøn? 6. Enda dei bøni med Fader vår eller Herrens velsigning? 7. Var det faste ståande salmar eller vers dei nytta? (Døme på desse?) Kva songbok var i bruk utanom salmeboki? 8. Var det sume stader dei berre heldt kor om morgonen? Eller berre om kvelden? 9. Heldt dei kor kvar dag i vika, eller berre laurdagen, eller berre helgedagane? (Greid nøgje ut om dette.) 10. Nytta dei faste skikkar når dei heldt kor? T. d.: Alle sat med nesta hender og hovudet bøygt framover? 11. Var det brukt å bøygja kne ved bordet? 12. Dei sundagane det ikkje var preik i kyrkja, las dei tekst heime då? (Nemn dei huspostillar og oppbyggjingsbøker som vanleg var nytta.) 13. Las dei som ikkje fekk høve til å gå til kyrkja preikesundagen, tekst heime? 1

14. Heldt dei seg alltid til salmar or kyrkjeboki ved tekstlesingi? Eller kva salme- og songbøker nytta dei attåt? 15. Var det brukt bordbøn ved kvart måltid? Og var det husfaren, husmori eller einkvan av borni som les for maten? 16. Kva sa dei når dei bad borni lesa for maten? (Nemn den mest bruke bordlester.) 17. Song dei til bords eller frå bordet i vyrka? Eller berre helgedagen? (Nemn vers. Fortel nøgje om bordskikken.) 18. Var det sunge visse salmevers i heimen jolaftan, nyårsaftan og andre høgtidsdagar eller kveldar? (Nemn døme.) 19. Las dei joleevangeliet jolaftan eller las dei bøn på jolaftan or salmeboki? 20.Takka dei einannan i handi for maten medan dei sat til bords? Eller med same dei gjekk frå bordet? 21. Var dei redd krosslagde hender? (Kva tydde det?) 22. Nytta dei instrument, når dei heldt kor om kvelden? Og kva slag? 23. Var det høgtida andre helgedagar enn dei lovfeste? Trettandedagen (gamle juldag), kyndelsmesse o.s.b. Fortel om korleis dei gamle heldt helg då! 24. Var skjertorsdag mindre vyrd som helgedag enn t.d. langfredag? Korleis synte dei gamle det? 25. Vart det sunge til bords og frå bordet i jolegjestebod og grannelag? Kva songar var i bruk? 26. Enn i gravferd? Kva bøker song dei or då? (Nemn dei.) 27. Hadde dei same bordskikk i brudlaupslag? (Nemn vers og døme på bordlester.) 28. Las dei høgt or Bibelen om kveldane når alle var samla inne? Og kva las dei serleg profetbøkene eller? 29. Vart Openberringsboki mykje brukt til oppbyggjing eller tyding av tidarteikn? 30. Vart apokrybføkene ålment lesne? I kyrkjeferd 31. Var det sers førebuing i heimen laurdagen før preikesundag? (Matreidsla, klevøling, skopuss m. v.) Fortel nøgje om dette. 2

32. Var det husbonden som ferda til kyrkjeskyssen? Kyrkjebåten eller køyregreida? 33. Fekk husmennene vera med på kyrkjebåten utan vederlag? Ein arbeidsdag i ei av onnene har vore brukt. 34. Kva sa dei som var att heime til kyrkjefolket med same dei for? (Lukka på reiso eller?) 35. Gjekk mann og kona jamnsies på kyrkjeveg, eller gjekk mannen føre og kona etter? 36. Hadde far guteborni og mor gjenteborni med seg? 37. Tok far til hatten med same han høyrde første slag frå kyrkjeklokka? Og mor nei? Eller? 38. Venta kyrkjefolket utanfor kyrkjegardsmuren eller inne på kyrkjegarden til det samringde? Eller gjekk dei inn etterkvart dei kom? 39. Gjekk dei og såg om dei avlidne sine graver før eller etter tenesta i kyrkja? 40. Vart det ringt to eller tre gonger før gudstenesta? 41. Kva vart dei to eller tre ringingane kalla? 42. Bad dei noko bøn medan klokkone ringde? 43. Kva kalla dei gudstenesta til vanleg? (Preik, messa?) Og gudstenestesundagen? Preikesundag eller? 44. Kva kalla dei messefall?) Møssepreik eller?) 45. Søkte kvar huslyd å halda lag innover kyrkjegolvet til si stolrekkje? 46. Hadde folket faste plassar i kyrkja? Var det nr. på kyrkjestolane? 47. Var det skilje millom manns- og kvinnesida? 49. Kor lenge heldt dei ved med faste plassar i kyrkja? 49. Var plassane fastsettte gard etter gard? Eller etter skattemanntalet? Eller korleis? 50. Var alle sosiale lag i folket (embetsfolk, bønder, husmannsfolk og tenarar) jamnstelte med omsyn til plass i kyrkja? Eller korleis var det? 51. Var det noko sers som gjorde at skikken vart avskipa? 52. Bøygde dei gamle kne når dei gjekk inn i kyrkjestolen? Eller når dei var komne til sin plass i stolen? 53. Fylgde alle menn skikken å lesa i hatten med same dei 3

hadde sett seg? Og handhelsa på dei hine i stolen etterpå.? 54. Hadde kvinnene tilsvarande skikk? 55. Var borni med foreldri i kyrkjestolane? Og ungdomen på galleriet? 56. Var det skikk å krossa seg i gudstenesta? Og når? 57. Var det visse skikkar dei knytte til visse tider i kyrkjeåret? T.d. fastetidi, langfredag? 58. Var det visse kledeskikkar til visse tider i kyrkjeåret eller til visse høgtidsdagar eller ved altergonga? 59. Kva meining la dei gamle i skikken med inngongskonor? (Reinsing, takkseiing eller berre ein tom skikk?) 60. Var det mothug mot skikken? Og kvifor? 61. Kva kalla dei den skikken? 62. Kva kalla dei kona som gjekk i kyrkje? 63. Kvar gjekk innleidingi for seg? (Frå våpenhuset, innanfor kyrkjedøri eller annan stad?) 64. Hadde inngongskona fylgjekonor med seg? Kor mange? Og kva vart dei kalla? 65. Kor mykje ofra inngongskona og fylgjekonone? Kven greidde ut pengane? 66. Var det vanleg at brudevigsla vart halden i eller i samband med gudstenesta, eller vart ho helst halden andre dagar i vika t. d. laurdag? 67. Var brudlaupsfolket i tilfelle med i gudstenesta føre og etter vigsla? 68. Gjekk brudeparet til altars på brudlaupsdagen eller i gudstenesta neste gong? 69. Var det nokon fast skikk for kor ofte folk skulle gå til altars? Var det rekna for sosial æremink om nokon ikkje gjekk? Var det halde for noko underleg at folk gjekk oftare enn skikken baud? 70. Fasta dei føre gudstenesta den dagen dei skulle gå til altars? 71. Nytta nattvergjestene noko serskild helsing seg imillom etter nattverden? 72. Korleis lydde den helsing kyrkjefolket vart møtte med når dei kom heimatt? (Velkomen frå kyrkja, eller?) 4

73. Bytte kyrkjefolket klede før dei gjekk til bords? 74. Kva matrett fekk dei kyrkjesvoltne som oftast? 75. Kva spørsmål vart dei møtte med ved bordet? (Kva nytt med kyrkja? Var det bede for nokon? Fall nokon frå stolen? [d.v.s. brkudlaupslysing]. Eller tvangsauksjonar?) Fortel nøgje om dette. 76. Var det vanleg at dei laut gje preiko att til dei som hadde vore heime? (Gamle bestemor eller?) 77. Var det skikk sumarsdag å fara i store kyrkjelag til andre kyrkjer? Ridande, køyrande eller storbåtlag? 78. Kva kalla dei det? Kyrkjepløs eller? I gravferd 79. Vart det ringt med kyrkjeklokkone når nokon i sokni var slokna snarast mogeleg, eller når? Var det noko namn på den ringingi? 80. Var det nokon skilnad på ringingi for menn, kvinnor og born? 81. Var det vanleg at presten var med og tala i heimen ved jordeferd? 82. Når presten ikkje var med, kor bar dei seg då åt, når den avlidne vart førd or heimen? 83. Var det skikk at dei som bar kista ut or heimen, gjorde velfarsteikn? Og korleis? 84. Var det mennene i likfylgje som kasta opp gravi eller? 85. Og var det dei same som jamna over? 86. Når det var jordfesting med same, kasta mennene ein spade jord på kista etter jordfestingi? 87. Sette dei ein staur eller anna merke til jordfestingsdagen kom? 88. Kva meining la dei i jordfestingi? (Hindra den avlidne frå å gå att, vigsla gravi eller berre skikken?) 89. Kva namn nytta dei på gravferder? (Jordeferd, gravøl, sælaba eller?) Fortel nøgje korleis ei gravferd var skipa til. 91. Var det skikk å samla inn pengar i gravferdslaget, t.d. til misjonen? Eller andre føremål? 5

Barnedåp 92. Vart eit barn nemnt med namn før det var døypt? 93. Var dei redde for å gå ut med eit udøypt barn føre kyrkjeferdi? Eller var dei redd å ha eit udøypt barn med på sjøen? 94. Var det noko fast meining om kor snart dei skulle få eit barn døypt? Hende det at dei drog til grannekyrkjor for å få barnet tidleg døypt? 95. Vart det lagt stål eller salmebok, bibel eller bøker elles i vogga under eit udøypt barn? Og kvifor? Fortel om heimedåp. Og om fadralag. Ymse andre spørsmål 96. Når vart nynorsk fyrste gong nytta i Dykkar kyrkja? Kven var prest der då? Nytta han alltid nynorsk, eller berre ved serlege høve? 97. Vakte det mothug open motstand at nynorsk vart nytta i kyrkja? Kva vart mothugen grunngjeven med? Religiøse omsyn? Eller omsynet til det sømelege? 98. Har det gått vekkjingsrørsler gjennom bygdi? Når? Kven var leidaren eller leidarane? 99. I tilfelle fri nattverd har vore nytta i bygdi. Når tok det til? Var det serskilde tilhøve i bygdi som gjorde at det kom i bruk? Vart det skipa nattverdforening? Finst det truer eller skikkar i bygdi i dei kyrkjelege tilhøve som ikkje er spurt om her, så gjer vel og grei ut om det. 6