Gi meg alternativ, så sluttar eg med koka! Kokabonden Jairo: UTSYN



Like dokumenter
2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Til deg som bur i fosterheim år

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA


Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A


Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Kva er økologisk matproduksjon?

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Informasjon til elevane

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Jon Fosse. For seint. Libretto

mmm...med SMAK på timeplanen

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

«Ny Giv» med gjetarhund

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

IKT-kompetanse for øvingsskular

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Brukarrettleiing E-post lesar

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim


Med god informasjon i bagasjen

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Ute mat Korleis laga god mat UTE

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

La meg få ein sjanse til...

Brødsbrytelsen - Nattverden

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

FANTASTISK FORTELJING

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

6. trinn. Veke 24 Navn:

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

ehandel og lokalt næringsliv

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

nynorsk fakta om hepatitt A, B og C

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Valdres vidaregåande skule

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Kommentar frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik

Med tre spesialitetar i kofferten

Kom skal vi klippe sauen

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Plassebakken Barnehage

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Transkript:

Kokabonden Jairo: Colombia Befolkning: 36,4 millioner (1996) Areal: 1,138 000 km 2 BNP: 2 140 U$ per capita (Norge 34 510 U$ per capita) Barnedødelighet: 26/100 000 (Norge 5/100 000) Gi meg alternativ, så sluttar eg med koka! Soldatane banka på døra: «No brenner vi avlinga di!». Dei velta tønnene med bensin og kokablader og tende på. Snart hadde flammene slukt to hektar med innhaustingsklare kokabusker. Neste dag, etter at soldatane var borte, starta Jairo på nytt att. I Colombia: INGEBJØRG JENSEN Kokabonden Jairo sjekkar avlinga. I den frodige jorda gror kokabuskene godt, og Jairo hausar seks gongar i året. To hektar gir til saman seks kilo kokapasta i året. 41 rus & avhengighet nr 6 2000

Fram til 1995 heldt kokabonden Jairo (25) og faren José seg til lovlege planter: Bananar, yucca og mais. Men Jairo, kona Cristina ( 26) og dei to barna på sju år og ti måneder meiner at i dag er det berre kokadyrking som kan sikre dei eit anstendig liv. Dei er ikkje dei einaste: Det har vorte mange små kokagardar i området dei siste åra. Vi som dyrkar koka, har berre nok til å overleve. Det er narkotrafikantane som tener på dette, seier Jairo. Treskur og bølgjeblikk Det er ikkje noko luksusliv han og familien ber om: Dei fire bur på ein sementplatting under bølgjeblikkstak, der nokre einskildståande treskur utgjer soverom og kjøkken. Kjøkkenet er ope i begge endar, her vert maten koka på ein leiromn. Etter at sola har gått ned klokka halv seks, må dei hjelpe på synet med stearinlys. Av dei 30 000 kronene Jairo sit att med etter at seks kilo kokapasta er seld kvart år, har dei råd til enkle klede, skulegong for eldsteguten og helsetenester. Og bestefar og bestemor har litt til å spe på inntekta Colombia er verdas største produsent av ulovlege rusmiddel. Journalisten Ingebjørg Jensen har besøkt Colombia for r&a og gjer i ein serie på tre artiklar rede for narkotikasituasjonen i landet. I neste nummer: Plan Colombia. frå sal av frukt og grønsaker på den lokale marknaden. Bror, svigerinne og tre ungar bur saman med den vesle familien under innhaustinga. Jorda og huset har vore i familien sitt eige sidan José kjøpte jorda for mange år sidan. José og kona bur no i landsbyen eit stykke frå garden, og faren deler tida si mellom kokagården og eigen frukt- og grønsakdyrking. Svigerdotter Cristina konsentrerer seg om husstell og ungar. Husarbeidet tar tid når kokinga skjer på leiromn og klede skal vaskast for hand med vatn frå ein hageslange kopla til ein bekk i nærleiken. Utafor huset veks paprika, og svigerfar dyrkar bananar bak kokapasta-»laboratoriet». I tillegg har dei papaya, mandarinar, appelsinar, mango og potet til eige bruk og litt ekstra som vert seld på marknaden i landsbyen. Vi har kome til garden med ein båt oppover Guayas-elva sør i Colombia. Elvebåten legg inntil. Vår kontaktmann forsvinn oppover stien. Etter ein halv time er han tilbake, og skyssmannen får signal om å dra sin veg. Ny ventetid, til Colombia: Verdas største eksportør av ulovlege rusmiddel Vel 75 prosent av all kokain i verda kjem frå Colombia der meir enn ein million mål mark nyttast til kokadyrking. Men også heroin og cannabis kjem frå Colombia. I dei fuktige jungelområda i Sør- Colombia vert det meste av kokaen dyrka. Her er naturen sart, og alle typar dyrking fører til øydelegging av jordsmonnet. Colombia har alltid vært verdas største kokain-produsent. Men for 15 år sidan vart berre 15 prosent av råmaterialet, kokablada, dyrka i landet. Resten vart den gong dyrka i Peru og Bolivia og smugla til Colombia som kokapasta, eit halvfabrikata i kokainproduksjonen. I dag har Colombia også teke over som den største kokadyrkaren i verda. Medan to tredelar av koka-arealet i Peru og Bolivia er borte, har Colombia meir enn fordobla sitt areal til 120 000 hektar (1 hektar = 10 mål). Halvparten vert dyrka på større plantasjar, på mellom 10 og 80 hektar. Den ulovlege narko-eksporten gav sannsynlegvis Colombia valuta verd 22 milliarder kroner i 1995. Dette er to milliardar meir enn i 1989, året kokain-eksporten fauk oppover medan kaffiprisane styrta. På slutten av 80-talet utgjorde narko-inntektene i Colombia nær halvparten av den lovlege eksporten. Den relative tydinga av narkotrafikken har minka sidan den gong; no er den ulovlege narkotikaeksporten verdt om lag like mykje som en femdel av den lovlege. På kokain-toppen Frå 1985 til 1994 vart koka-produksjonen i verda dobla. I 1996 rekna ein med at det vart produsert 1 000 tonn kokain i verda. Etter toppen i 1991-92, ser produksjonen no ut til å gå ned. I 2000 vart det produsert om lag ti gongar meir kokain enn for 20 år sidan. Ein reknar med at to tredelar av koka- rus & avhengighet nr 6 2000 42

ein mann i svære sjøstøvlar kjem nedover stien til oss. Det er Jairo som vil la oss sjå nærare på den illegale avlinga i dei bratte skråningane. Her har frodig jungelvegetasjonen måtte vike for kokabusker. Fleire stader har store jordstykke rast ut dyrkinga fører til erosjon og utvasking, men det er korkje verre eller betre enn med annan jordbruksproduksjon i dei bratte dalsidane. Seks avlingar i året Annan kvar månad kan kokablada haustast inn. I tillegg til seg sjølv og faren José, hyrer Jairo inn fem daglønarar for ein veke ved kvar innhausting. For hand stryk dei blada av greinene, samlar dei opp og bærer dei til eit skur, «laboratoriet» som Jairo kallar det. Her vert blada vege og spreidd utover sementgolvet. Så vert det kasta på tørrsement, og med ein handgrasklippar vert sement og blad kutta opp og blanda saman. Dei oppkutta blada vert putta i ei tønne og tilsett bensin. Slik står blandinga ein dag. Så vert bensinen silt ut, og blada kasta. Kokain-alkoaloidet i blada, har no bunde seg til bensinen. For å skilje det frå bensinen, heller dei på vatn tilsett svovelsyre, om lag i forholdet ein til ni. Så vert det rørt godt rundt, og vatnet legg seg på botnen saman med kokainet, som no har knytt seg til svovelsyren. Vatnet vert så suga opp gjennom ein slange frå botnen av tønna med hevertmetoden. Kokainet ligg no i vatnet. Så vert kaustisk soda blanda i. Kokainet knyt seg no til den kaustiske sodaen, og dannar ein mjølkefarga masse, tjukk som graut. «Grauten» vert silt gjennom ein tøyduk, og massen vert liggjande att på duken. Dette vert tørka i sola, til berre eit kvitt pulver ligg att, kokapasta. Pastaen som også vert kalla kokabase, er no ferdig. Jairo sel kokapastaen til oppkjøparar som fraktar han vidare til eit meir avansert laboratorium. Der vert pastaen foredla vidare til kokain. 1 Prisane nedover Jairo er klår på kvifor han slutta med lovleg avling og gjekk over til ulovleg kokadyrking: Prisane på lovleg avling var altfor låg, og dei heldt fram å falle. Kokadyrking svarer seg meir. Kvar avling er på 50 famnar blad, det vil seie 12 kilo kokablader. Ut av det får Jairo eitt kilo kokapasta som gjer om lag ½ kg kokain på laboratoriet der dei videre- 1 Kokablad inneheld mellom 0,25 og 1 prosent kokain, avhengig av mellom anna jordsmonnet. Kokapasta inneheld 10-90 prosent kokain, avhengig av kor avansert laboratoriet på garden er. inen på verdsmarknaden, rundt 700 tonn, vert produsert i laboratorier i Colombia. Nokre av dei har nærare 100 tilsette, med topp moderne utstyr og industriell produksjon. I tillegg kjem dei primitive kokapastalaboratoriene som på garden til Jairo (sjå hovudartikkel). Store mengder kjemikaliar brukas i produksjonen av kokapasta og kokain. Disse vert sleppa urensa ut i naturen og er eit stort miljøproblem. 65 prosent av colombiansk kokain vert omsett i USA, 30 prosent i Europa og resten i Asia og Latin-Amerika. 90 prosent av verdiskapinga skjer utafor produsentlandet. I 1994 var ein kilo kokain verd 18 000 kroner når det kryssa den colombianske grensa, verd 170 000 kroner vel framme i Miami, 279 000 kroner hos distributøren i Chicago, og vart omsett på gata for 1,7 millionar kroner, i følgje tal frå det colombianske rusmiddeldirektoratet. Meir opiumsvalmue Verdsproduksjonen av opiumsvalmue er tredobla sidan 1985. Storparten av verdsproduksjonen av opium går framleis føre seg i Asia. Men det kraftige prisfallet på kaffi i slutten av 80-tallet, ga starten til dyrkinga av opiumsvalmuen også i Latinamerika. I Colombia vert valmuen dyrka på særleg vanskeleg tilgjengelege stader i Andesfjella og hausta av småbønder to-tre gongar i året. Ein reknar med at rundt 8 000 hektar vart dyrka i 1998. Colombia produserer kanskje 15-20 tonn heroin i året, mykje mindre enn storprodusentane Burma og Afganistan med nærare 200 tonn årleg. Ein reknar med at all colombiansk heroin vert omsett i USA. Cannabis opp Cannabis-produksjonen dekker større område enn både koka og opiumsvalmue på verdsbasis, til saman mellom 680 000 og 1 800 000 hektar. I Latin-Amerika vert det meste dyrka i Mexico og Colombia. Etter ei tid med tilbakegang har marihuana-dyrkinga i Colombia teke seg opp i nittiåra. I 1997 rekna ein med at marihuana dekka 10 000 hektar, det meste hos småbønder med jorder på mellom ein halv og halvannan hektar. Heimebruk av stoff aukar Det vert stadig fleire stoffbrukarar i Colombia. Ei undersøking viser at talet på brukarar vart dobla frå 1992 til 1996. I 1996 hadde vel 6,5 prosent av colombianarane, det vil seie 1,5 million, brukt ulovlege rusmiddel minst ein gong. 5,4 prosent hadde brukt marihuana, 1,6 prosent kokain og 1,5 prosent basuco, «fattigmanns-kokain» laga av kokapasta, som inneheld ein varierande del rein koka. Kjelder: UNDCP: Apoyo y compromiso integrales ( 1999), Stoffmisbruk nr 4/89. 43 rus & avhengighet nr 6 2000

arbeidskrevjande å dyrke koka: Det er veldig mykje arbeid med koka. Vi jobbar meir enn berre dei seks vekene innhaustinga går føre seg. Vi må heile tida sprøyte mot insekter og få vekk ugraset. Då er det mindre arbeid med kveg! Synes du dei som held fram med lovlege avlingar er dumme? Nei, men dei lever elendig fordi dei lovlege avlingane ikkje kan gi dei eit anstendig liv. Men dei slepp problem med styresmaktene, seier Jairo, som synest han også betaler ein høg pris for valet av dei ulovlege jordbruksprodukta: Då hæren kom for to år sidan, kunne han ikkje hindre dei. No må han leve med frykta for at dei skal kome attende. Jairos far José trakkar saman kokablad og bensin i denne tønna, så lar han blandinga stå ein dag. foredlar pastaen. Jairo leverer seks kilo kokapasta kvart år. Leveringane går føre seg om natta, på dei stadene han får melding om å levere. Han får betalt med det same. Prisane har vore stabile dei siste åra. Frå seks kilo får han rundt 12 millionar pesos ( 60 000 kroner), men halvparten går til arbeidsfolk og utstyr. At kokain kan ha ein gateverdi på mange gonger meir i brukarlanda, som i Noreg, veit han lite om. Han har heller ikkje vore på nokon av dei større laboratoria i jungelen, der dei lagar kokain. Dei ligg meir bortgøymd, trur han. Jairo avviser at det skal vere mindre Støtte og lån for å skifte Jairo trur ikkje sprøytinga mot kokaavlingane, som kjem som ei følgje av regjeringa si nye narkotikaplan, Plan Colombia, vil ramme smågardar som hans eigen. Han set sin lit til lovnadene om at hæren skal konsentrere seg om dei store plantasjane. Men gardar i nærleiken har alt vorte sprøyta, og trygg kjenner han seg ikkje. Han trur at sprøytinga gjer jorda steril i fem år, at vatnet vert forureina og folk sjuke. Då kan han heller ikkje dyrke noko anna etter en slik sprøyting. Han kjenner seg heller ikkje trygg for nye brenneaksjonar frå hæren. Og neste gong vert han arrestert, trur han. Risikoen er høg. Eg skulle gjerne ha slutta med kokadyrkinga viss tilhøva låg til rette for det, men då må prisane på jordbruksprodukt verte til å leve av. Eg meiner også at vi må kunne få statlege lån med låge renter, slik at vi kan kjøpe kyr. Litt overraskande seier Jairo at han er samd i sprøytinga. Men berre dersom styresmaktene først tilbyr kokabøndene lån til å kjøpe kveg eller gi dei jord til å dyrke bananar og mais. Om nokre bønder då likevel ikkje vil slutte med kokaproduksjonen, meiner han at sprøyting kan forsvarast. Minst 30 prosent av pengane i Plan Colom- rus & avhengighet nr 6 2000 44

bia burde gått til utvikling av alternativ for bøndene, meiner han: Dei burde gitt oss andre val så vi ikkje treng ta del i krigen eller begynne å stele. 30 prosent av planen burde gå til å skape arbeidsplassar, støtte andre typar avling, til fiskeoppdrett, kvegavl eller utdanning. Sprøytinga vil ramme oss og barna våre hardt. Kva gjer du dersom dei kjem og sprøytar? Dei som får jorda sprøyta, ryddar seg nytt land, eller dei får jobb hos dei som ikkje har hatt sprøyting. Men dersom dei sprøytar hos alle, vil det verte katastrofe, for kva skal alle vi bønder då leve av? Det vil føre til meir krig, meir arbeidsløyse, og mange av bøndene vil søke seg inn i geriljaen, hæren eller dei paramilitære, eller dei tar til å stele. «Dei sprøytar berre store gardar», seier kona Cristina når ho skal trøyste seg sjølv. Ho freistar å leve med risikoen. Men dei nettene ho er åleine med ungane, fryktar ho at soldatane skal kome. Kva skal ho gjere viss dei øydelegg avlinga og tar med seg mannen? Samstundes kan ho ikkje sjå korleis dei skal kunne dekke utgiftene på noko anna vis: Ingen andre jordbruksprodukt er til å leve av. Synest du at de har god levestandard? Nei, vi er fattige. Vi har nok til mat, og litt til klede, ingenting anna. Cristina er gravid, men vil ikkje ha mange barn: Eg har vakse opp med ni søsken, det held! Barn er det eineste det er rikeleg av her. Redd for hæren Jairo innrømmer at han har moralske skruplar for det han gjer: Eg tenker på kor mykje dette skadar menneske i utlandet. Vi vet også korleis kokadyrkinga skadar jorda fordi vi sprøytar så mykje rundt plantene. Og det plagar meg å tenke på kva vi risikerer fordi dette er lovbrot. Kva hadde du sagt dersom barna dine vart narkomane? Eg ville vært skuldig fordi eg sjølv produserer koka. Heldigvis har vi nesten ikkje stoffmisbrukarar i Colombia, Vi er ikkje rike. Har berre til mat, litt klede og skule for ungane, seier kona Cristina, her saman med minstebarnet på ti månader. berre nokre få som bruker bazuco, kokapasta. Sjølvsagd har dei narkomane sjølv eit ansvar, for ingen tvingar dei til å bruke kokain. Men eg har også en del av ansvaret. På tross av dette gjør du det? Ja, eg gjer det. I neste nummer: Plan Colombia, den colombianske regjeringa sitt kontroversielle svar på kokaproblema i landet, ein plan som kostar 12 milliardar kroner. INGEBJØRG JENSEN er freelancejournalist, bosatt i Bergen. ingis.jensen@c2i.net 45 rus & avhengighet nr 6 2000