Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i VERDA Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til privatliv Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor MISBRUK Artikkel 19: Alle barn har rett til at ingen skadar eller misbrukar dei
AKTIVITETSARK FORSLAG TIL AKTIVITETAR OG FRAMGANGSMÅTE: Vel ein eller fleire av aktivitetane under: Mål: Elevane veit at ulike land har forskjellige utfordringar med omsyn til korleis dei oppfyller barnerettane. EITT SKRITT FRAM Kopier og klipp ut rollekorta på hjelpearket. Vel først eitt rollekort som de går gjennom i plenum. Snakk saman om korleis de trur tilhøva er for rollefiguren de har valt med bakgrunn i informasjonen de har fått. Del så ut eitt rollekort til kvar elev. (Du kan eventuelt la to og to gå saman om eitt kort. Du bør ha lest gjennom rollene på førehand så du har høve til litt «styring» av kven som får dei ulike rollene.) Alle elevane startar på ei linje. Vel ut ca. 15 relevante rettar frå barnekonvensjonen og les dei i du-form, for eksempel: «Du går på skule og den er gratis, du får den helsehjelpa du treng, du er med på fritidsaktivitetar» osv. Bruk gjerne forslaga under «Rettar til rolleskildringar» på hjelpearket. Dei som opplever at de får oppfylt retten som blir lest opp, tar eitt skritt fram. Når alle rettane er lest, står deltakarane på ulike plassar, nokre langt fram, nokre i midten og nokre langt bak. La alle eller nokre av elevane presentere rolla si, seie noko om kvifor dei trur dei har hamna der dei står og korleis det kjennest. Kan nokon tenkje seg kor dei forskjellige rollefigurane kjem frå? (Alternativt kan du velje ein litt enklare variant og la elevane finne rettar på barnekonvensjonsplakaten som deira rollefigur ikkje får dekt.) DET STORE BILDET Presenter nokre av faktaa om barn i verda for elevane. (Bruk første del av faktaarket tøffe tal.) Spør om nokon kan tenkje seg kvifor det er så store forskjellar i verda? (Urettferdig handel, korrupsjon, skattesnyteri, naturkatastrofar, krig, slaveri, mangel på utdanning osv.)
AKTIVITETSARK Mål: Elevane veit at dei kan påverke situasjonen for barn i andre land ved å gjere fleire bevisste val. KLEDE Be elevane om å sjekke merkelappen i eitt av plagga dei har på seg og finne ut kor det er produsert. Lag ei oversikt (for eksempel søylediagram) over kor plagga i klassen er produsert. Fabuler saman om historia til plagga, for eksempel bomullsplukking, fabrikkarbeid, frakt til Noreg. Kan det ha skjedd brot på barnekonvensjonen i nokre av ledda? KVA KAN VI GJERE? Kva kan barn og unge i Noreg gjere for ei betre verd for barn? Diskuter i samla klasse eller grupper. Mange vil nok foreslå innsamlingsaksjonar. Utfordre dei til å komme med andre forslag også! (Lære meir om korleis barn har det i andre land og kva som skjer i verda, fortelje andre om det dei veit, redusere forbruk, spørje butikkpersonalet kor svarene er produsert ) Mål: Elevane veit at UNICEF er FNs barnefond og jobbar for at alle land skal følgje barnerettane. UNICEF Vis elevane UNICEFs logo og finn ut kva dei veit om organisasjonen. Kva kan logoen fortelje? (Mor og barn, jordkloden, olivenblad som symbol på håp.) Forklar at UNICEF er ein del av FN og har fått i oppgåve å jobbe for at barnerettane skal bli fylgde i alle land. UNICEF samarbeider med mange om denne oppgåva, blant anna med dei som bestemmer i landet, barneomboda, andre organisasjonar og bedrifter. Les meir om UNICEF her
AKTIVITETSARK Mål: Elevane kan gi eksempel på forhold som er blitt betre for barn dei siste åra. DET NYTTAR! Gi eksempel på forhold som har blitt betre i verda dei siste åra. (Bruk andre del av faktaarket.) Kva kan vere grunnane til at det har blitt betre?
AKTIVITETSARK X-TRA GRUPPEOPPGÅVE Del klassen inn i grupper på 4-5 elevar. Gi kvar gruppe nokre aviser eller la dei leite på nettet. Be halvparten av gruppene finne nyheiter om situasjonar der barnerettane blir brotne. Lim utklippa opp på ein plakat saman med dei aktuelle barnerettskorta. Den andre halvparten finn gode nyheiter: hjelpeaksjonar, organisasjonar og enkeltmenneske som gjer ein innsats. UNICEF-RUNDEN Elevane skaffar jamnaldrande skulegang ved å springe/gå på ski eller skøyter så mange rundar dei klarar. Gratis materiell frå UNICEF NOREG. Les meir her. AKTUELLE FILMAR FRÅ UNICEF NOREG: Bhim Kumari hushjelp for 69 øre dagen Skulen under mangotreet Filmane kan bestillast her DISKUSJON Les eitt av desse to innlegga frå Si D og diskuter kva de kan gjere for å minske forbruket/ spare miljøet: Nå må vi vakne opp, første avsnitt. Sløsedusj. OPPSUMMERING: Sjølv om nesten alle land har sagt at dei vil følgje barnekonvensjonen, er det stor forskjell på kva rettar barn får oppfylt avhengig av kor dei bur. FN har laga barnekonvensjonen, og UNICEF er FNs barnefond som jobbar for at barnerettane skal bli følgde i alle land. Kvar enkelt av oss kan bidra til at fleire barn i verda får oppfylt rettane sine. Det nyttar å gjere noko! Situasjonen for barn blir stadig betre.
ROLLESKILDRINGAR (klipp ut desse til små kort) Eg er 8 år og bur saman med familien min på eit lite småbruk. Det er ingen helsestasjon i nærleiken, og då eg var liten, blei eg aldri vaksinert. No har eg fått polio, og er lam i beina. Familien min er fattig, og har ikkje råd til rullestol. Eg må ake meg fram med armane. Eg klarar ikkje komme meg på skulen. Eg er 11 år og går på skulen kvar dag. Når eg kjem heim, hjelper eg foreldra mine i butikken til den stenger om kvelden. Etter middag vaskar eg opp og passar småsøskena mine medan foreldra mine ryddar og låser butikken. Når søskena mine har sovna, begynnar eg på leksene, men ofte er eg så trøytt at eg sovnar frå dei. Eg er ei jente på 7 år. Brørne mine går på skulen i nærleiken, men eg er den einaste jenta i familien, og familien min treng hjelp heime på småbruket. Foreldra mine synst det er viktigare at gutar går skulen enn jenter. Derfor må eg vere heime. Eg er 10 år. På skulen min er det undervisning på eit anna språk enn det vi brukar til vanleg. Vi får ikkje lov til å bruke vårt eige språk i timane sjølv om fleire av lærarane også kan det betre. Det er ikkje lett å lære når vi ikkje forstår språket ordentleg. Eg er 12 år og bur saman med to søsken og foreldra mine. Eg går siste året på barneskulen, og gler meg til å begynne på ungdomsskulen. På fritida er eg med i korps og spelar handball. I feriane reiser eg mykje saman med familien. Eg er 9 år og bur saman med mora og broren min. Eg går på barneskulen. Eg synst det er veldig gøy å spele trommer, men vi har ikkje råd til at eg får begynne på trommekurs. Eg kan heller ikkje gå i så mange bursdagar fordi vi har ikkje råd til bursdagspresangar. Det er i alle fall godt at skule og sjukehus er gratis i landet vårt.
ROLLESKILDRINGAR (klipp ut desse til små kort) Eg er 12 år. Eg blei fødd heime fordi det er altfor langt å gå til sjukehuset. Foreldra mine fekk ikkje nokon fødselsattest. Det betyr for eksempel at eg ikkje kan ta eksamen på skulen, få legetime eller pass. Eg kan heller ikkje bevise kor gammal eg er. Eg er 8 år. Eg bur i slummen i ein stor by saman med 7 familiemedlemmer i eit rom på 4x4 meter. Vi har ikkje strøm og må hente vatn. Vatnet er ikkje reint. Doen er eit hol i bakken som vi deler med mange andre familiar. Eg er 10 år og kjem frå ein fattig familie, derfor må eg arbeide. Frå tidleg om morgonen til seint på kvelden grev eg i jorda etter kobolt og kobbar som blir brukt i mobiltelefonar. Det kan vere ganske farleg, og eg er veldig sliten når eg legg meg. Eg er 11 år, og mange veker kvart år blir eg tvinga til å hjelpe til med bomullsdyrking. Det er veldig tungt, og vi får nesten ikkje noko betalt. Viss vi protesterer, blir vi straffa. Dessutan blir det brukt farlege sprøytemiddel på bomullsplantene. Eg er 12 år og flytta til ein ny skule for nokre år sidan. Nokre av dei eg går i klasse med mobbar meg på grunn av dialekten min, og fordi eg kler meg annleis enn dei fleste. Når eg prøver å snakke til dei, let dei som om dei ikkje ser meg. Dei andre seier ingenting for å forsvare meg, endå dei er fleire. Eg føler at eg blir ein annan enn den eg eigentleg er på grunn av dette. Eg er 13 år og går i 6. klasse. Eg begynte seinare på skulen enn vanleg, derfor går eg berre i 6. klasse. Då eg var ferdig med 5. klasse, måtte eg flytte heimefrå for å kunne halde fram på skulen, for det er skule berre opp til 5. klasse der foreldra mine bur. No bur eg hos bestemora mi, og besøker foreldra mine berre ein gong i året.
ROLLESKILDRINGAR (klipp ut desse til små kort) Eg er 13 år og bur på gata saman med nokre jamnaldrande. Foreldra mine har dårleg råd og kranglar støtt. Dei drikk og blir farlege når dei er fulle, så eg rømde heimefrå. No har eg begynt med narkotika, og for å få pengar nok til det, må eg stele. Eg er 12 år og har ein bror på 6. Vi måtte flykte heimefrå på grunn av krig, og har mista alt vi eigde. På vegen kom vi bort frå foreldra våre. No er vi i ein flyktningleir i eit framandt land, og er avhengige av at nokon hjelper oss. Eg må prøve å vere mamma og pappa for vetlebroren min. Eg er 10 år og bur på ein gard saman med familien min. Eg går på ein liten skule kor vi berre er 13 elevar i klassen, så læraren har mykje tid til å hjelpe kvar enkelt. Eg er veldig glad i dyr, og spesielt hestar. Eg rir mykje. Eg vil bli veterinær (dyrlege) når eg blir stor. Eg er 9 år og bur i eit stort hus saman med foreldra mine. Eg har eige rom og eige bad. Foreldra mine jobbar og reiser mykje, så vi har ein au pair som passar på meg når foreldra mine er borte. Eg er glad i å gå på skulen, men eg saknar ofte foreldra mine. Eg er 7 år og skal bli dronning når eg blir vaksen. Eg bur saman med familien min, men foreldra mine er ofte på reise. Då har vi ei barnejente som passar på oss. Det er ikkje alltid like moro at alle veit kven eg er og at alle vil ta bilde, men dei fleste er hyggelege. Eg er 8 år og har flykta saman med foreldra mine til eit anna land, fordi foreldra mine var redde for å bli drept viss dei blei i heimlandet vårt. Vi har søkt om opphaldsløyve, men vi veit ikkje om vi får lov til å bu her. Vi bur på eit asylmottak saman med mange andre menneske frå forskjellige land som har flykta. Eg kan ikkje språket, og det er vanskeleg å bli kjent med andre barn.
ROLLESKILDRINGAR (klipp ut desse til små kort) Eg er 12 år og bur hos ein fosterfamilie. Foreldra mine har rusproblem og klarte ikkje ta vare på meg. Familien eg bur hos no, er den tredje familien eg bur hos. Eg har to søsken som bur i andre familiar. Det blir vanskeleg å konsentrere seg når eg ikkje føler meg sikker på at eg kan bu her heilt til eg blir vaksen. Dessutan saknar eg søskena mine. Eg er 11 år og bur saman med familien min i ein trong leilegheit. Vi har ein annan religion enn dei fleste som bur her, og derfor er det vanskeleg for foreldra mine å få jobb. Eg blir ofte mobba på skulen og har vanskeleg for å konsentrere meg. Eg er 14 år og barnesoldat. Då eg var 13 år, kom soldatar og kidnappa meg frå landsbyen der eg budde. Eg blir tvungen til å skyte og tør ikkje nekte, for då er eg redd for å bli drept. Det er vanskeleg å sove om natta når eg opplever så mykje forferdeleg. Eg er 10 år og jobbar som hushjelp hos ein familie. Foreldra mine har ikkje råd til å ha meg heime, og eg bur hos dei eg jobbar for. Eg jobbar frå 6.30 om morgonen til seint på kveld, men eg går to timar på skule kvar ettermiddag. Det er det ikkje alle barnearbeidarane her som får lov til. Vi har 15 minutt friminutt. Det er den einaste tida på døgnet eg får leike. Eg besøker familien min to gonger i året. Eg er 12 år og elskar å drive med sport. Eg likar meg godt på skulen også, sjølv om det av og til blir litt for mykje lekser. No skal foreldra mine skiljast. Det har vore mykje krangling heime i det siste, og begge foreldra mine vil at eg skal bu hos dei. Dei gløymer å spørje kva eg vil.
RETTAR TIL ROLLESKILDRINGAR Du går på skule, og den er gratis. Du får leike på fritida og vere med på fritidsaktivitetar du likar. Då du blei fødd, fekk du personnummer, og namnet ditt blei skrive i Folkeregisteret, slik at myndigheitene veit at du er statsborgar (høyrer til) i landet ditt. Du får den ekstra hjelpa du treng viss du har ei funksjonsnedsetting (er «funksjonshemma»). Du har ikkje jobb som er farleg eller går ut over skulegangen eller moglegheitene til å drive med fritidsaktivitetar. Du er verna mot bruk og handel med narkotika. Du får medisinar og legehjelp når du treng det. Du har vaksne som passar på deg så du ikkje blir utsett for vald eller annan skade. Du får seie meininga di, og dei vaksne høyrer på deg og tar deg alvorleg, sjølv om dei ikkje alltid er einige. Du blir respektert for den du er, og blir ikkje behandla dårlegare på grunn av hudfarge, tru eller politisk meining, kjønn, funksjonshemming eller noko anna. Du er vaksinert mot farlege sjukdommar. Du har det du treng av mat, klede og ein stad å bu for å vekse og utvikle deg. Du får ha kontakt med begge foreldra dine og bu saman med dei, viss det ikkje er ein spesiell grunn til noko anna.
FAKTA OM SITUASJONEN FOR BARN I VERDA Del 1) Tøffe tal Fødselsattest Kvart år blir det fødd mange millionar barn som ikkje blir registrert ved fødselen. Ein fødselsattest er viktig for å få skulegang, helsehjelp, pass osv. Diaré Diaré drep fleire barn enn aids, malaria og meslingar til saman. 4100 barn dør av diaré kvar dag 1,5 millionar i året. Nesten alle diarédødsfall (8 prosent) skuldast forureina vatn, utilstrekkelege sanitærforhold og dårleg hygiene. (Rapport: Diarrhoea: Why children are still dying and what can be done (WHO & UNICEF 2009)). Barnearbeid I 2012 jobbar meir enn kvart tiande barn i verda. («Making progress against child labour.» ILO 2013) Utdanning 57 millionar barn går ikkje på skulen. (MDG-rapport 2013, FN). Ca 250 millionar kan ikkje lese eller skrive når dei skal begynne i 4. klasse (EFA GMR2012 UNESCO). Del 2) Det nyttar! Levealder I 1990 døydde 12 millionar barn før dei fylte fem år. I 2012 døydde 6,6 millionar før dei fylte fem år (Committing to child survival, Progress report 2013, UNICEF). GJENNOMSNITTLEG LEVEALDER: Noreg: i 2010: 81 år i 1970: 74 Nigeria: i 2010: 51 år i 1970: 42 USA i 2010: 78 år i 1970: 71 Zambia: i 2010: 49 år i 1970: 49 Gambia: i 2010: 58 år i 1970: 38 Nepal: i 2010: 68 år i 1970: 43 Italia: i 2010: 82 år i 1970: 71 (SOWC 2012, UNICEF) 76% 89% av befolkninga i verda hadde tilgang til reint drikkevatn i 1990. hadde tilgang til reint drikkevatn i 2010. www.childinfo.org
Barnearbeid og fattigdom I 2000 var det 246 millionar barnearbeidarar i verda. I 2012 var talet redusert til 168 millionar (Making progress against child labour, ILO, 2013). Den ekstreme fattigdomen er blitt halvert sidan 1990. Delen av menneske som lever på mindre enn 1,25 dollar om dagen har gått ned frå 47 til 24 prosent. 2 MILLIARDAR MENNESKE HAR SIDAN 1990 FÅTT TILGANG PÅ REINT DRIKKEVATN. I DAG BEGYNNER LIKE MANGE JENTER SOM GUTAR PÅ BARNESKULEN. Utdanning I 2000 var det 102 millionar barn som ikkje gjekk på skulen. I 2011 var det 57 millionar barn som ikkje gjekk på skulen (MDG-rapport 2013, FN).