STUDIEPLAN INSTRUKTØRUTDANNING SIVIL RETTSPLEIE 20 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012
1. Innleiing Som andre offentlege etatar er politiet prega av endring og utvikling og legg vekt på livslang læring. Det er viktig å ha godkjende instruktørar for å kunne handsame opplæringa som samfunnet og politietaten krev. Dette gjeld for bachelorutdanninga og for undervising og instruksjon i regi av lokale politidistrikt. Politihøgskolen ser på instruktørutdanninga som eit av dei viktigaste bidraga frå høgskolen til å heve kompetansen i etaten. Politioppgåvene innanfor den sivile rettspleia på grunnplanet omfattar sekretariatsfunksjonen for forliksråda, namsmannsfunksjonen og andre sivile gjeremål. Oppgåvene vert utførte av fleire hundre sjølvstendige einingar som er ein del av lensmannskontor, politistasjoner, namsfutkontor og hjå sysselmannen på Svalbard. Det er i dag ingen krav til utdanning for å arbeide som namsmann eller som sekretær for forliksrådet. Rettsområda innanfor den sivile rettspleia har kompliserte reglar som krev inngåande kunnskap for å kunne bruke dei forsvarleg. Desentralisert organisering og manglande krav til formell utdanning skaper eit behov for å utlikne kunnskapsskilnadene og heve den faglege kompetansen. Instruktørutdanninga er særskilt utarbeidd og lagt til rette for krav og utfordringar i samband med instruksjon innanfor sivil rettspleie. Studiet gir ålmenn kompetanse som instruktør innanfor fagfeltet. Arbeidskrava og det valfrie pensumet syter for spesialisering innanfor tvangsåtgjerd eller gjeldsordning. Utdanninga gir 20 studiepoeng. 2. Føremål Instruktørutdanninga skal medverke til at kompetansen innanfor sivil rettspleie i politi- og lensmannsetaten vert formidla, halden ved like og utvikla i tråd med gjeldande kunnskap og nye krav til yrkesutøvinga. Utdanninga skal støtte ein einskapleg praksis og danne grunnlag for nettverksbygging. 3. Målgruppe og opptakskrav 3.1 Målgruppe Studieplan for instruktørutdanning innanfor sivil rettspleie Side 1
Målgruppa er fagleg kompetente, motiverte og skikka tenestepersonar som har eller er tiltenkt rolla som instruktør innanfor den sivile rettspleia på grunnplanet. Det er ein føresetnad at deltakarane vert valde ut i samsvar med dei lokale kompetanseplanane. 3.2 Opptakskrav Søkjarane må: vere fast tilsette i politi- og lensmannstetaten ha minst 3 års røynsle innanfor den sivile rettspleia ha gjennomført minst 30 studiepoeng innanfor sivile gjeremål eller kunne dokumentere tilsvarande formell kompetanse. ha lokale og/eller sentrale instruktøroppgåver/undervisingsoppgåver undervegs i studiet Søkjarane må anten dokumentere generell studiekompetanse eller utdanning som svarar til minst 60 studiepoeng, eller ha realkompetanse som kan erstatte manglande formell kompetanse. 4. Læringsutbyte Ålmenn kompetanse Etter gjennomført instruktørutdanning skal studentane kunne: utøve instruktørrolla med auka innsikt og tryggleik arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre for å gjennomføre instruksjonar lokalt og sentralt identifisere og vurdere etiske dilemma i læringssituasjonar forstå at det er viktig med både forskings- og røynslebasert kunnskap forstå, formidle og diskutere faglege problemstillingar medverke til å utvikle fagområdet Studiet er organisert i fire hovudemne som samla skal gi studenten eit heilskapleg læringsutbyte. 4.1 Pedagogikk Studieplan for instruktørutdanning innanfor sivil rettspleie Side 2
Emnet omfattar reflektert og gjennomtenkt planlegging pluss gjennomføring og evaluering av læringssituasjonar. Tolking av teori og refleksjon over praksis står sentralt. Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane kunnskap om: Praksisteori og pedagogisk grunnsyn. Ulike læringsperspektiv. Motivasjon. Kompetanse og føresetnader for læring. Læringsstrategiar og arbeidsformer. Didaktikk: o planlegging av læring og undervising o vurdering og rettleiing i læring og undervising Grupper og danning av grupper. Kultur og mangfald. Ferdigheiter Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: gjere greie for omgrepet praksisteori vurdere det pedagogiske grunnsynet sitt forklare kva læring er og gjere greie for ulike syn på læring gjere greie for sentrale didaktiske modellar og bruke modellane når dei planlegg læring 4.2 Fag Solid fagleg kunnskap er eit naudsynt grunnlag for å forstå faget. Kunnskapen kan vere både forskings- og røynslebasert. Fagleg innsikt er ein føresetnad for ein instruktør. Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane kunnskap om: gjeldsproblema i samfunnet, årsaker, utvikling og omfang makt og maktutøving, legalitetsprinsippet, legitimitet, tillit mandatet, rolla og arbeidsmetoden til sakshandsamaren juridisk metode førebygging tverrfagleg samarbeid Studieplan for instruktørutdanning innanfor sivil rettspleie Side 3
partane og samfunnet kommunikasjon med partane/brukarar Ferdigheiter Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: forklare og vurdere ansvarsområdet, rolla og arbeidsmetoden til sakshandsamaren og setje fagområdet inn i eit sosiologisk og økonomisk perspektiv forklare og vurdere hovudprinsippa innanfor prosessretten instruere og rettleie om bruk av juridisk metode rettleie om korleis det skal leggjast til rette for god kommunikasjon mellom brukar og sakshandsamar 4.3 Fagdidaktikk Fagdidaktikken knyter faget og pedagogikken saman. Det sentrale i fagdidaktikken er kva som skal lærast, kvifor det skal lærast og korleis ein skal leggje til rette for læring i dei einskilde faga. Kunnskapen om faget skal danne grunnlag for både faglege og pedagogiske vurderingar og val. Det vert òg lag vekt på yrkesdidaktikken, samanhengen mellom yrket og faget. Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane kunnskap om: det som særmerker fagområdet «sivile gjeremål» yrkesdidaktikk Ferdigheiter Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: velje, forklare, nytte og vurdere gode metodar og strategiar for læring i samband med sivile gjeremål utnytte dei eksisterande rammene identifisere behovet for og gjennomføre faglege og pedagogiske endringar i læringssituasjonar forstå verdien av fagområdet i politiarbeidet og bruke det som grunnlag for å motivere deltakarane til læring 4.4 Praksis Studieplan for instruktørutdanning innanfor sivil rettspleie Side 4
Praksis er ein gjennomgåande komponent i studiet. Det er viktig for det samla læringsutbytet å både praktisere og reflektere over praksis. Planlegging, gjennomføring, tilrettelegging og evaluering er sentrale prosessar knytt til praksis. Studentane skal rettleiast under praksis. Kunnskapar Etter gjennomført utdanning har studentane kunnskap om: læring i praksis evaluering av læring Ferdigheiter Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: tilpasse instruksjon og undervising til ulike målgrupper og situasjonar motivere deltakarar for læring meistre varierte undervisingsformer bruke ulike pedagogiske og teknologiske hjelpemiddel gi konkret og målretta tilbakemelding vurdere læringsprosessane og læringsresultata til deltakarane vurdere korleis dei kan forbetre og vidareutvikle si eiga og andre si undervising samarbeide med andre instruktørar ta ansvar for langvarige kurs/utdanningar 5. Organisering og arbeidsmåtar Studiet er lagt opp som eit deltidsstudium med fellessamlingar og studiearbeid under og utanom samlingane, og skal i regelen gjennomførast på 12 månader. Utdanninga tar om lag 560 timar. Det omfattar undervising, undervisingsøvingar, praksis, individuelt arbeid, gruppearbeid, nettbasert arbeid og litteraturstudium. Samlingane utgjer inntil 245 timar som kan fordelast over kortare eller lengre tid. Det er obligatorisk å delta på samlingane. Arbeidsmåtane i studiet skal gi studentane godt læringsutbyte. Dei skal særleg klargjere samanhengen mellom teori og praksis. Det vert lagt vekt på varierte arbeidsformer med mykje studentaktivitet. Studentane skal medverke til gjensidig læring, mellom anna ved å rettleie og vurdere undervisinga til andre studentar. Studieplan for instruktørutdanning innanfor sivil rettspleie Side 5
Ei nettbasert læringsplattform vert brukt til administrasjon og pedagogisk gjennomføring av studiet. Arbeidskrav Arbeidskrav som må vere oppfylte og godkjente før studentane kan ta eksamen: Ein utviklingsplan for eigen lærarkompetanse som skal vere utgangspunkt for ein samtale midtvegs i studiet. Planleggje, forklare, leggje til rette for og vurdere minst fire læringssituasjonar. Dette omfattar planleggingsdokument før undervisinga tar til, gjennomføring av undervisinga og refleksjonsnotat etterpå. Ein plan for instruksjon/undervising studenten sjølv utfører gjennom utdanningsperioden. Studentane skal òg levere eit avsluttande refleksjonsnotat om eiga læring gjennom heile utdanninga med utgangspunkt i sin eigen utviklingsplan. Notatet skal leverast innan 14 dagar etter siste samling. 6. Vurdering Den praktiske lærarkompetansen til studentane vert vurdert under heile utdanninga etter gitte kriterium. Studiet vert avslutta med ei praktisk prøve og ein munnleg eksamen. Studentane skal gjennomføre planlagt undervising i ein autentisk opplæringssituasjon med reelle deltakarar. Etter den praktiske prøva kjem det ein munnleg eksamen. Karakterane er bestått / ikkje bestått. Begge prøvene må vere beståtte. Studieplan for instruktørutdanning innanfor sivil rettspleie Side 6
7. Litteratur 7.1 Obligatorisk litteratur Pedagogikk (605 sider): Bjørke, Gerd (2006): Aktive læringsformer. Oslo: Universitetsforlaget (130 sider) Bjørndal, Cato RP (2011): Det vurderende øyet. Oslo: Gyldendal Akademisk. Pensum: Kapittel 1, 2, 3, 7, 8 (82 sider) Hiim, Hilde og Else Hippe (2009): Undervisningsplanlegging for yrkeslærere. Oslo: Universitetsforlaget. Pensum: Kapittel 1 8 (117 sider) Strandkleiv, Odd Ivar (2006): Motivasjon i praksis. Oslo: Elevsiden DA (75 sider) Øiestad, Guro (2004): Feedback. Oslo: Gyldendal Akademisk. (100 sider) Kompendium: Andersen, Kjell (2003): Innføring i mesterlære, yrkesdidaktikk og veiledning. Kristiansand: Høyskoleforlaget. Pensum: Teori i didaktikk og Yrkesdidaktikk side 77 102. (25 sider) Boge, Margunn, Markhus, Gunvor, Moe, Randi, Ødegaard, Elin Eriksen (2009): Læring gjennom veiledning. Bergen: Fagbokforlaget. Pensum: Ulike perspektiver på veiledning. (21 sider) Karlsen, Hilde(2011): Klare for arbeidslivet. NIFU rapport 42/2011. Pensum: Side 16 18 (2 sider). Lyngsnes, Kitt og Marit Rismark (2007): Didaktisk arbeid 2. utg. Oslo: Gyldendal akademisk. Pensum: Kapittel 4. Teorier om læring (25 sider) NOKUT (2012). Om kvalifikasjonsrammeverket og sentrale begreper. Henta 3. mai 2012 frå http://www.nokut.no/no/nokuts-kunnskapsbase/det-norskeutdanningssystemet/nasjonalt-kvalifikasjonsrammeverk/ (3 s.) Strømsø, HI, Lycke, KH, Lauvås, P(red): Når læring er det viktigste. Oslo: Cappelen akademisk forlag. Pensum: Kap 6: Formativ vurdering i undervisningen (26 sider). Studieplan for instruktørutdanning innanfor sivil rettspleie Side 7
Sivile gjeremål (434 sider): Boe, Erik (2010): Grunnleggende juridisk metode (2.utg.). Oslo: Universitetsforlaget. Pensum: 170 sider. Poppe, Christian (2008): Into the Dept Quagmire, Department of Sociologi and human Geography, Faculty of Social Sciences, University of Oslo. Pensum: kap 5 (31 sider) og kap 7 (24 sider). Rokhaug, Egil (2009): Gjeldsrådgivning og gjeldsordning (4. utg.). Oslo: Eget forlag. Pensum: kap. 6 10 (209 sider). 150 sider selvvalgt pensum godkjennes av fagansvarlig Oppslagsverk Gyldendals rettsdata Lovdata. 7.2 Skal vere kjent Pensum fra utdanningene gjeldsordning og tvangsfullbyrdelse i den sivile rettpleien på grunnplanet ved Politihøgskolen. 7.3 Tilrådd tilleggslitteratur Herland, V. D. & Borgersen, E. B. (2008). Tilstanden i det norske kredittmarkedet: Med vekt på husholdningenes gjeldsvekst. Masteroppgave, Norges Handelshøgskole. Henta 13. oktober 2010 frå: http://bora.nhh.no/handle/2330/1878 Notø, A., Gultvedt, A., Torbjørnsen, L. & Rhodén, G. A. (2010). Namsmannen som maktutøver: I hvilken grad er namsmannen bevisst sin maktutøvelse? Prosjektoppgave, Politihøgskolen, Oslo. (38 sider). Ot.prp 43 (2004 2005): Om lov om endringer i rettergangslovgivningen m.m. (organiseringen av den sivile rettspleie på grunnplanet). Lest 13. oktober 2010 fra: http://www.regjeringen.no/nb/dep/jd/dok/regpubl/otprp/20032004/otp rp-nr-43-2003 2004-.html?id=393019 Rokhaug, E. (2009). Gjeldsrådgivning og gjeldsordning (4. utg.). Oslo: E. Rokhaug. Pensum: kap. 1 5, 12 14 Studieplan for instruktørutdanning innanfor sivil rettspleie Side 8