Kurs Tima Instruktør Min/max Målgr. Støtte Pris



Like dokumenter
Kompetanse Vegen til suksess? Anders Veibust, Berlin 2015

SFFK har ein omfattande utdanningsaktivitet gjennom sesongen.

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Kursplan vinter/vår 2016

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Til deg som bur i fosterheim år

KVALITETSKLUBB SFFK Liverpool

Visjon og verdiar KLAR for Stranda

Rekrutteringsplan FBK Voss

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Til klubbledere og utdanningsansvarlige Bergen 19.august 2014

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

SKAP VÅR FRAMTID. Sportsplan

Troms Fotballkrets. Kurs/utdanningstilbud. Høst 2015

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE


Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

Visjon og verdiar ei blå framtid

NFF Grasrottrener-utdanningen

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Stemnehandboka for NKSF

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Informasjon til elevane

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Lotteri- og stiftingstilsynet

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Telenor Xtra FFO. Fotballklubben Voss si Fotballfritidsordning

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Støtteordningar og søknader

Klubbkonferansen Arbeidsgruppe 4 FFO/Ekstratilbud

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SPORTSPLAN IL JOTUN FOTBALL

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Telenor Xtra. Telenor Xtra. Norges Fotballforbund

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Brukarrettleiing. epolitiker

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Frå novelle til teikneserie

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

TRENERKURS. C-lisens /1 Solid /1 Bremnes /2 Bergen /2 Eidfjord

Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg

Sandeid skule SFO Årsplan

Dommarpåmelding Test HD i 4. divisjon. Testkrav: 35 sec x 40 sec x 20 stk. Test AD i 2. divisjon. Testkrav: 30 sec x 40 sec x 20 stk.

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Fotball som samfunnsutviklar. Utviklingsavtale fylke-fotball

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

Læring, fellesskap og demokrati

Tilgangskontroll i arbeidslivet

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Høst 2015 Trener. Kurs/skoleringstilbud

BREIDDEREGLEMENT FOR. barnefotball ungdomsfotball vaksenfotball old boys/old girls

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Psykologisk førstehjelp i skulen

Invitasjon til kurs og haustsamling oktober 2015

Rådgjevarkonferanse 2009

IKT-kompetanse for øvingsskular

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Lønnsundersøkinga for 2014

Minnebok. Minnebok NYNORSK

VS 14/7 Godkjenning av innkalling og sakliste VS 14/8 Godkjenning av referat frå førre møte

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

HANDLINGSPLAN FAIR PLAY FOTBALLSESONGEN 2014

Transkript:

Kursinformasjon Med bakgrunn i ekstra høg kursaktivitet i fjor, har vi i SFFK auka andelen KUDmidlar til rådigheit. Desse midlane ønskjer vi å gi tilbake til klubbane, ved å tilby fleire kurs samt støtte til nye originale prosjekt og tilbod. Tabellen under gir ein oversikt over kurs innafor vårt satsingsområde, samt detaljert informasjon om kursinnhald. Seinare i dette skrivet vert det presentert ulike prosjekt og aktivitetar vi ønskjer at våre klubbar kan inkludere i sitt tilbod. Med ekstra KUD-midlar har vi nemleg større økonomisk kapital øyremerka for igangsetting av prosjekt og tiltak. Her gjeld første mann til mølla-prinsippet, så det gjeld å vere «snabb på labben». Oversikt over aktuelle kurs og temakveldar Kurs Tima Instruktør Min/max Målgr. Støtte Pris Temakveld 4 Krets/klubb 6< Variert 0 0* Leiarkurs 1 12 Krets 8< Leiar og oppmenn 0 0* Leiarkurs 2 16 Krets 8< Leiar og oppmenn 3000 1000 Leiarkurs 3 16 Krets 10< Leiar og oppmenn 0 1000 Leiarkurs 4 4 dg. NFF Etter Leiar og oppmenn 2500kr 15000 søknad pr.stk Barnefotballkveld 4 Krets 6< Barnefotballtrenarar 0 0* Ungdomsfotballkveld 4 Krets 6< Ung.fotballtrenarar 0 0* Fagsamling - jenteaktivitet 4 Klubb/klubb 6< Jentefotballtrenar /- 1000 0* leiar Trenar, C-kurs del 1 16 Krets 8-16 Trenar 0 0* Trenar, C-kurs del 2 20 Krets 8-16 Trenar 0 1600 Trenar, C-kurs del 3 16 Krets 8-16 Trenar 0 1600 Trenar, C-kurs del 4 20 Krets 8-16 Trenar 0 1600 Fagsamling - inkludering 4 Krets/Klubb 6< Trenar, leiar, arrangement ansvarlig, styremedlem. Fysisk trening, 10-13 år 4 Krets/HISF 8< Barn- og ungdomsfotballtrenarar 1000 0* 1000 0*

** Gratiskurs og kurs med støtte, inkludera at klubben stille med lokale, samt enkelt servering. OBS: Når klubben stillar med instruktør, må instruktøren fylle ut og sende inn signert hovudregistrering skjema for å mota økonomisk støtte. Samarbeid mellom klubbar vil gjør tilrettelegginga lettare. SFFK oppmodar naboklubbar til å samkjøre dei ulike kursa. Det vil auke tal deltakarar, og samtidig bli ein naturlig arena for dialog klubbane i mellom.

Detaljert kursinformasjon Temakveld: Klubben vel sjølv aktuelle tema som kan passe den gruppa klubben ønskjer å samle. Døme på tema vil vere doping, seksuelle overgrep og trakassering, alkohol, trafikksikkerhet, kampfiksing og spilleavhengigheit eller ernæring for unge idrettsutøvarar. SFFK har materiell til rådigheit, og kan også stille med instruktørar. Årleg arrangerring av temakveldar er og eitt krav for klubbar i kvalitetsklubbprosjektet. Leiarkurs 1,2, 3 og 4: Vi veit at klubbleiarar i fotball-noreg sit inne med kompetanse og erfaringar som er til stor nytte for andre. Difor er det laga eit kursopplegg som i større grad enn før inspirerer til ettertanke og kunnskapsdeling. Fotballeiar 1-3 er en kursstige som gir mange svar, men som og stiller mange spørsmål. Bruk desse spørsmåla aktivt, båe til eigenrefleksjon, plenumsdiskusjonar og gruppeoppgåver. Fotballeiar 1-3 har fått ein undertittel som heiter «FORSTÅ LEIE UTVIKLE». Dei tre orda fortel på kortast måte kva det enkelte kurset omhandlar. Og rekkefølgja er ikkje tilfeldig. Klubben står som arrangør for kurs 1 og 2, medan fotballkretsen arrangerrar leiarkurs 3. Leiarkurs 4 er eitt faredagarskurs som vert organisert og arrangert av NFF. Som del av kvalitetsklubbprosjektet vert det og stilt krav til at fleirtalet av styret i klubben skal ha eitt eller fleire leiarkurs. Les meir om leiarkurs på: http://www.fotball.no/utdanning-ogkompetanse/klubb_og_leder/leder-kurs/

Barnefotballkveld: Dette er eit kurs kor alle trenarar, lagleiarar og foreldre for 7-12 års laga i klubben kan delta. Kurset har fokus på korleis man kan leggje til rette for gode rammer og best mogleg aktivitet for dei aller yngste. Fotballkvelden består av to delar, 2 timar teori og 2 timar praktisk økt. Teorien fokusera på verdiar og retningslinjer, samt moglegheit og utfordringar. Den praktiske økta vil gi innføring i gode og funksjonelle øvingar for dei aktuelle aldersklassane, organisering av treningsøkter og korleis ein kan auke aktiviteten på treningsfeltet. Kurskvelden er gratis, så det blir ingen kostnader for klubbane eller deltakarane. Kurset er eit lågterskeltilbod og ingen forkunnskap er nødvendig. Vi håpar at kvelden vil gi litt ekstra inspirasjon og bidra til økt kunnskap for heilheita i klubben. Ta kontakt med utviklingssjef - barn om dette er noko for din klubb: Marius Kloster Utviklingssjef barn tel: 48 09 88 85 marius_kloster@hotmail.com

Ungdomsfotballkveld: Ungdomsfotballkvelden er eit kveldskurs på 4 tima, med to tima teori og to tima praksis. Fokuset ligg på unge i alderssegmentet 13-19år. NFF ungdomsfotballkveld kan gjennomførast for alle i klubben som har verv i ungdomsfotballen, som trenarar, lagleiarar og klubbens styre. Kurset blir tilpassa den enkelte klubbs behov i forkant. Kurset vert tilpassa den individuelle klubben. Kurskvelden startar med klubbens og ungdommens verdigrunnlag, og vi ser på korleis klubben kan leggje til rette for god ungdomsfotball. Klubbens sportsplan er eit sentralt tema her. Vi går gjerne innom overgangen frå barnefotball til ungdomsfotball, og ser på korleis man kan inkludere gode øvingar for ulike nivå i ungdomsfotball. Ta kontakt med spelar- og trenarutviklar om dette er noko for din klubb: Jan Tore Jåstad spelar- og klubbutviklar tel: 99 37 77 76 jantore.jastad@fotball.no

Fagsamling jenteaktivitet/-satsing: Dette er ei samling kor fokuset vil liggje på jentefotballen, og aktivitet og satsing i klubben vert diskutert. Klubbens dagsaktuelle situasjon og framtida vert relevante tema. Spesielle problemområde som integrering og rekruttering av jenter i fotballen er noko fleire klubbar slit med å takle, og vi i kretsen ønskjer difor å bidra med kunnskap og erfaring.

Trenar, C-kurs: NFF C-lisens er for deg som ønskjer å ivareta alle sine behov med omsyn til ferdigheitsutvikling og eit godt miljø. Heile kurset strekker seg over 18 kveldar (72 undervisningstimar), men vert delt i 4 delkurs. Gjennom dei ulike bolkane vert det nytta førelesningar, gruppearbeid og erfaringsutveksling, samt treningsleiing i praksis med rettleiing ute på fotballbana. Dei enkelte delkursa er sjølvstendige kurs på fire modular som byggjer på kvarandre. Ved gjennomføring av delkurs 1, får ein status som Barnefotballtrenar. Delkursa er retta mot ulike målgruppe: Delkurs 1: Barnefotballkurset Fire modular à 4 timer kvar totalt 16 timar. VERT DEKKA AV SFFK Delkurs 2: Barnefotball - flest mogleg med kvalitet Fem modular à 4 timer kvar totalt 20 timar inkludert Keepertrenerkurs 1, Del 1: Barnefotball Delkurs 3: Mot ungdom - lengst mogleg Fire modular à 4 timer kvar totalt 16 timar. Delkurs 4:Ungdom - flest mogleg - best mogleg Fem modular à 4 timer kvar totalt 20 timer inkludert Keepertrenerkurs 1, Del 2: Ungdomsfotball.

Innhaldet i delkursa byggjar på kvarandre, så læringseffekten er størst ved å ta dei i riktig rekkefølgje. Til saman utgjer dei fire delkursa det fyste trinnet i NFFs formelle trenarutdanning og gir autorisasjon som C-lisenstrenar. Alle som er trenarar i barne- og ungdomsfotballen bør ha delar av, eller heile dette kurset. I NFFs handlingsplan 2012 er det et eksplisitt mål at i alle klubba med barne- og ungdomsavdelingar i Norge: 1) Skal ha ein trenar på kvart årstrinn i barne- og ungdomsfotballen med C- trenarkompetanse. 2) Alle trenarar i barnefotballen skal ha delteke på barnefotballkvelden, samt ha fullført delkurs 1 og følgeleg ha autorisasjon som Barnefotballtrenar. 3) Alle trenarar i ungdomsfotballen skal ha delteke på ungdomsfotballkvelden, samt å ha fullført eitt av delkurs 3 eller 4. Les meir om C-lisens på: http://www.fotball.no/utdanning-ogkompetanse/trener/nff_c-lisens/

Inkludering - fagsamling: Kretsen tilbyr eit kurs kring korleis klubbar gjennom inkludering kan bidra til lokalsamfunnet. NFF ønskjer at fotballen skal vere eit sted for alle. Dette kan vere utfordrande for klubben, og kurset legg difor fokuset kring aktuelle problemstillingar internt i klubben. Problemstillingar som til dømes religionar, asylsøkjarar, legning, fysiske og psykiske avgrensingar vil vera relevante problemstillingar for dette kurset. Målet er å gi klubbens medlem, trenaren, leiaren og foreldra kjennskap til ulike problemstillingar, og alternative løysningar. Fysisk trening, 10-13år Dette er ei fagsamling kor temaet er fysisk trening i ungdomsfotballen. Instruktørkorpset består av tilsette hjå SFFK, samt idrettsstudentar frå HISF med relevant kunnskap. Kurskvelden består av 2 timar teori kring fysisk trening for eldre barn, samt ei praktisk økt på 2 timar. Klubben er ansvarleg for å stille med ei spelargruppe i alderssegmentet 10-13år. Instruktøren vil gjennom aktivitet illustrere korleis ein kan implementere øvingar med fokus på fysisk trening i den normale fotballøkta. Ta kontakt med klubbutviklar om dette er noko for din klubb.

OPPSTART AV PROSJEKT / TILBOD MED STØTTE FRÅ SFFK Under følgjer døme på ulike tiltak som vil bli kunne søke om støtte frå SFFK. I tillegg til dei gitte døma, står klubbane fritt til å designe og søke om støtte til eigne prosjekt og tiltak. SogndalAkademiet Dei fleste barneskular i Sogn og Fjordane tilbyr skulefritidsordning. Men ikkje alle tilbyr leksehjelp, og organisert fysisk aktivitet. SogndalAkademiet tilbyr derimot ei svært fin ordning for barna i bygda. Fem til åtte gongar i veka samlar SogndalAkademiet barn i alderen 6-14 år, på Campus. Fotballaktiviteten pågår båe før og etter skuletid. Etter skuletid bidrar og pensjonerte lærarar med leksehjelp. I tillegg startar ettermiddagssamlinga med eit varmt måltid. Akademiet er ein form for fotballfritidsordning. Om dette er noko du tenkjer kan passe for di bygd/din by og klubb, kan du ta kontakt med utviklingssjef - barn SFFK og ansvarleg for ordninga i Sogndal, Marius Kloster. Marius Kloster Utviklingssjef barn tel: 48 09 88 85 marius_kloster@hotmail.com

Telenor Xtra fotballfritidsordning Telenor Xtra er en landsomfattande fotballfritidsordning for barn mellom 9 og 12 år, med utdanna trenarar som vektlegg eit godt og kvalitetssikra tilbod til barna etter skuletid. Det er hovudfokus på å skape rørsleglede gjennom fysisk aktivitet, kosthold og leksehjelp. Prosjektet som vert leda av Hallvar Thoresen har rulla og gått sidan 2012 og inkluderar i overkant av 80 fotballklubbar, men ingen i Sogn og Fjordane. Dette tykkjer vi i krinsen er synd, og oppmodar difor klubbar til å vurdere tiltaket. Alle fotballklubbar kan søkje om å bli en del av Telenor Xtra. Besøk difor nettsida og vurder om dette kan vere noko for din lokale klubb! Les meir om konseptet på: http://www.fotball.no/barn_og_ungdom/telenorxtra/ Marius Kloster Utviklingssjef barn tel: 48 09 88 85 marius_kloster@hotmail.com

Jentefotball Jentefotball er i vinden båe nasjonalt og internasjonalt, og tek stadig nye og store steg. Vi i SFFK håpar at klubbar i Sogn og Fjordane aktar å følgje utviklinga, og ønskjer difor å bidra økonomisk til dei som tek ansvar og rettar fokus mot inkludering av jente i fotballen. Her kan klubbar til dømes arrangere eigne jentefotballdagar, temakveldar for jentefotball samt fagsamling for trenarar, lagleiarar og foreldre i jentefotballen. Dersom dykk ønskjer meir informasjon om kva som er mogleg, er det bare å ta kontakt! Og dersom dykk allereie har ein plan for tenkte prosjekt, så er det bare å sende søknadar og bidra til utvikling!

Inkludering - nye prosjekt: Stønad til igangsetting av integreringstilbod. Fotball handlar om å legge til rette for alle, og omgrepa integrering og inkludering står sentralt. SFFK er difor svært takksame ovanfor klubbar som prioritera, og gjennomføra arrangement med fokus på inkludering, eller tiltak for til dømes personar med nedsett funksjonsemne, pensjonistar eller asylsøkjarar. Om klubben har utviklingspotensiale men høve for assistanse, kan ein alliere seg med oss i krinsen eller kommunen, eldresenter, asylmottak, skular og/eller andre institusjonar. Set klubben din på kartet ved å bidra til at fotball verkeleg vert for ALLE. Dersom klubben har ein idé til eitt prosjekt og har spørsmål ang kva som er mogleg å få til, eller ønskjer å komme i gang med prosessen, ta kontakt med klubbutviklar: