Beitelaga i Indre Sogn v/ Arne Rebni Øvreås 6876 SKJOLDEN Dykkar ref Vår ref Dato 14/3238-15.07.2015 Svar på søknad om gjennomføring av prosjekt "Meir effektiv lisensfelling av jerv" Klima- og miljødepartementet viser til brev 20. oktober 2014 frå Beitelaga i Indre Sogn med søknad om gjennomføring av prosjektet "Meir effektiv lisensfelling av jerv" og til vårt foreløpige svar den 28. januar 2015. Dykk har søkt om ein 3-årig praktisk utprøving av meir effektiv lisensfelling av jerv der ein prøver ut kunstig lys på åte, jervebåsar med kameraovervaking og persontransport med snøscooter. Vi har i brev 28. januar 2015 (vedlegg) gitt ein vurdering av kva for tiltak prosjektet kan gjennomføre utan departementets løyve, eller tiltak som krev at løyve må hentas inn frå annan myndigheit. Klima- og miljødepartementet ser det som positivt at dykk og fleire andre rundt om i landet har tatt initiativ til å prøve ut fleire verkemiddel for å sjå om det kan gjere lisensfelling av jerv meir effektivt. Departementet gir med dette løyve til å setje i gong ein prøveordning med verknad frå 10. september 2015. Det er stilt vilkår for korleis prosjektet skal gjennomførast. Prøveordninga har ein varigheit på 3 år frem til 15. februar 2018. Postadresse Kontoradresse Telefon* Naturforvaltningsavdelingen Sakshandsamar Postboks 8013 Dep Kongens gate 20 22 24 90 90 Harald Askilsrud NO-0030 Oslo Org no. 22 24 60 38 postmottak@kld.dep.no http://www.kld.dep.no/ 972 417 882
Klima- og miljødepartementet skal ha tilsendt ein årleg rapport om erfaringane frå prosjektet pr. 1. april kvart år. Det er gjennomført følgande regelendringar for å kunne setje i gong prøveordninga: Endringar i forskrift som handlar om bruk av kunstig lys er satt i kraft som ein prøveordning enkelte steder i landet. Endringar i forskrift som handlar ombruk av snøscooter ved uttransportering av åte, åtebu og fangstbås for jerv, er satt i kraft som ei permanent ordning. Det blir satt i gong ein prøveordning enkelte stader i landet med bruk av kameraovervaking/elektronisk overvaking av fangstbås for jerv, med strenge vilkår for gjennomføring. Klima- og miljødepartementet har ikkje imøtekomme søknaden for bruk av snøscooter for transport av jegerar til og frå åteplassar. Dette har ikkje vore på alminnelig høyring. Når det gjeld søknader om midlar til prosjektet ber vi søker ta dette opp med Rovviltnemnda i region 1. Nedanfor følgjer nokon kommentarar og vilkår knytt til dei tiltaka det blir søkt om. Kunstig lys på åte Klima- og miljødepartementet har vedtatt ei avgrensa forskriftsbestemming som tillèt at fastmontert kunstig lys blir nytta ved åtejakt på jerv i tilknytt dette prosjektet. Bestemminga blir avgrensa både med tanke på geografisk utstrekning og varigheit. I forskrift 22. mars 2002 nr. 313 om utøving av jakt, felling og fangst skal ny 29a lyde: " 29a. Kunstig lys ved åtejakt på jerv Fast montert kunstig lys kan benyttes ved åtejakt på jerv i prosjektområdene for prosjekter godkjent av Klima- og miljødepartementet for utprøving av slikt tiltak. Klima- og miljødepartementet kan fastsette vilkår for bruk av kunstig lys. Avgrensningen av prosjektområdene skjer i samråd med Fylkesmannen. Bestemmelsene i første ledd gjelder til og med 15. februar 2018." For å samle erfaringar stiller departementet krav om føring av logg for kvart åte der det er nytta kunstig lys. Avstand frå lys til åte, radius på opplyst areal frå åte, registrert vilt inklusiv jerv på åtet, skote/påskote jerv på åtet og hendingsgang skal loggførast. Dette inngår i retningslinjene til forskrifta. Bruk av snøscooter til etablering og drift av åter og jervebåsar og transport av jegerar til og frå jaktområda Side 2
Departementet har gjort ei endring av forskrifta som set bruk av snøscooter ved tilsyn av jervebåsar og uttransportering av åte, åtebu og fangstbås for jerv, i kraft som ein permanent ordning. Når det gjelder å tillate snøscooter for å drive tilsyn med jervebåsar, blei det som ein følgje av føringane frå Stortinget i Innstilling 253 L (2014-2015) nyleg vedtatt endringar i forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark og på islagte vassdrag som følgje opp dette. I forskrift 15. mai 1988 nr. 356 for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag blei bestemminga vedtatt med følgjande ordlyd: " 5b. Kommunen kan etter søknad gi tillatelse til bruk av snøscooter på vinterføre for tilsyn med jervebåser som er tillatt av fylkesmannen etter forskrift 22. mars 2002 nr. 313 om utøvelse av jakt, felling og fangst 31 første ledd bokstav a). Kjøring skal skje etter bestemte traseer som angis i kommunens vedtak." Når det kjem til bruk av snøscooter for uttransportering av åte, åtebu og fangstbås for jerv blir bestemminga endra til følgjande (nye endringar i kursiv): " 5b. " Kommunen kan etter søknad gi tillatelse til bruk av snøscooter på vinterføre for utkjøring og tilsyn med jervebåser som er tillatt av fylkesmannen etter forskrift 22. mars 2002 nr. 313 om utøvelse av jakt, felling og fangst 31 første ledd bokstav a). Kommunen kan etter søknad gi tillatelse til bruk av snøscooter på vinterføre for utkjøring av åte og åtebuer i forbindelse med felling av jerv. Kjøring etter første og annet punktum skal skje etter bestemte traseer som angis i kommunens vedtak. Antall tillatte turer etter annet punktum skal avgrenses og framgå av tillatelsen. Lisenshaver skal føre logg som på forespørsel må forevises til naturoppsynet." Departementet stiller krav om at det førast kjørebok, kor opplysningar om når, kven og kor ein har kjørt noterast, slik at dette kan kontrollerast og ein samlar erfaringar frå prosjektet. Kjøreboka skal visast fram til naturoppsynet dersom dei ber om det. Tal på turar det kan køyrast skal komme fram av løyva, og normalt vil utkjøring av åtebu og bås berre krevje éin transportering pr. lisensfellingsperiode. Åte vil krevje fleire turar pr. periode, men vil avgrensast ved kommunens løyve, slik det går fram av forskrifta. Kameraovervaking/elektronisk overvaking av fangstbås for jerv I høyringsrunden tilknytta vårt brev 20. februar 2015 med forslag til forskriftsendringar for meir effektiv felling av jerv, har departementet mottatt nyttige innspel. Vi ser det som formålstenleg å få erfaring med kameraovervaking/elektronisk overvaking av fangstbås for Side 3
jerv som del av ein prøveordning. Eit slikt prøveprosjekt føreset, ut frå omsynet til human, etisk og sikker fangst, klåre og strenge vilkår som ikkje kan fråvikast. Følgjande vilkår skal gjelde for kameraovervaking/elektronisk overvaking: Det må nyttast viltkamera som er innstilt slik at dei sender bilde til jegeren minimum to gonger dagleg, morgon og kveld. Dato og tidspunkt skal gå fram av bilda. Viltkamera må stilles slik at ein lett kan sjå om båsen er open eller lukka, samt at det kan identifiserast kva for eit dyr som går inn i fangstbåsen. I tillegg til minimum to bilde pr. dag, skal viltkamera ta bilde som sendes til jegeren ved bevegelse framfor kameraet. Jegeren skal og kunne sende SMS til kameraet slik at det tar bilde av båsen og sender det til jegeren. Som supplement til kameraet bør ein fellevarslar monterast, som sender varsel til jeger dersom lokket faller ned. Det skal være ein alarmløysing som melder frå straks systemet ikkje fungerer, som eksempel om mobilnettet er nede eller alarmen ikkje har kontakt. Det skal med ein gong gjerast tilsyn med båsen ved teknisk svikt med kamera og/eller alarmløysinga. Alle bilde skal arkiverast sikkert i ein logg. Dersom bilde(a) manglar skal det gå klart fram av loggen kva som er årsak og kva for tiltak som er setje i verk. Loggen skal løypande kunne visast fram på førespurnad frå naturoppsynet. Etter avslutta lisensfellingsperiode skal hele loggen rapporterast til Fylkesmannen. Ved godkjenning av fangstbåsar til jerv skal Fylkesmannen vurdere plasseringa strengt før løyve blir gitt. God dekning for sending av bilde frå alle viltkamera er ein føresetnad. Vidare skal jervebåsen plasserast slik at fysisk tilsyn kan gjennomførast uansett vær- og føreforhold, og utan at fysisk tilsyn tar uforholdsmessig lang tid. Av kontrollomsyn leggjast det opp til at Fylkesmannen lagrar plassering av fangstbåsane digitalt i eit egne verktøy, og sørger for at naturoppsynet får tilgang til GPSposisjoner. Dette er noko departementet kan instruere Fylkesmannen om å gjere. Disse vilkåra går no fram av retningslinjene til forskrift 22. mars 2002 nr 313 om utøving av jakt, felling og fangst (utøvelsesforskrifta). Lykke til med gjennomføring av prøveordninga! Med helsing Torbjørn Lange (e.f.) avdelingsdirektør Side 4
Harald Askilsrud rådgjevar Dokumentet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje handskriven signatur. Kopi til: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Njøsavegen 2 6863 LEIKANGER Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Njøsavegen 2 6863 LEIKANGER Miljødirektoratet Postboks 5672 Sluppen 7485 TRONDHEIM Årdal kommune Statsråd Evensensveg 4-6 6885 ÅRDALSTANGEN Lærdal kommune Postboks 83 6886 LÆRDAL Luster kommune Rådhuset 6868 GAUPNE Side 5