Jon Fosse For seint Libretto
Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2
Ei seng fremst, godt opplyst, og bakarst eit bilete på ein vegg, målarsaker på eit bord ved sida av ELDRE KVINNE står attmed senga Og dagen har byrja ein dag som alle dagar Alle dagar byrjar slik Kort pause Alltid denne smerte Alltid denne saknad Alltid denne venting Kort pause Og alt er berre seiemåtar sagde før og så må eg vel gjera noko Eg må alltid gjera noko Ho reier opp senga Og så mykje som det skulle bli Og så bryt seg av. Kort pause Det er vel livet slik det er ein skal vilja ein skal strida kort pause kor tomme orda høyrest ut 3
vilja strida Ei middelaldrande kvinne og ein mann kjem inn, hand i hand, etter mannen kjem ein annan mann inn, fylgjet hans. Den eldre kvinna ser mot dei Og så fin ei tid det var Ja det var fint Mannen omfamnar Den middelaldrande kvinna Og så god han var liksom så barnsleg Den eldre kvinna smiler Så einfaldig ja rett og slett einfaldig og litt dum ja kanskje Mannen slepper Den middelaldrande kvinna Får eg ein kyss Nei du får ingen kyss 4
liksom skuffa Eg får ingen kyss Nei du får ingen kyss Aldri meir Får eg ikkje Nei det får du ikkje Elskar du meg ikkje lenger Pause. Den middelaldrande kvinna går mot Mannen, dei kysser kvarandre, lenge ELDRE KVINNE Det var mi beste tid Ho ser mot senga, blir ståande urørleg Mi beste tid Ganske kort pause Og kvifor gjorde eg bryt seg av Kvifor gjorde eg det Kvifor 5
Fordi eg bryt seg av fordi eg fordi Med høgare røyst Fordi Fordi Fordi Ganske kort pause Fordi eg måtte Mannen og Den middelaldrande kvinna slepper kvarandre, og går hand i hand framover Eg er så glad i deg Og eg i deg Og dei vakre borna vi har fått To er alt store Ganske kort pause Men så kom den vesle 6
Kort pause Det er heilt utruleg ikkje til å skjøna FYLGJE Alt berre skjer alt blir slik det blir Kort pause Og eg som var så gammal Nei nei du er ikkje gammal Men at det kan skje At vi kan skje Dei kysser kvarandre At vi kunne skje At vi skjedde Men vi skjedde 7
FYLGJE Kvifor seier eg slikt Ganske kort pause Alt skjer alt berre skjer Kort pause Og eg er så trøytt Og så skjedde borna Og no tener du så godt ja du har gjort det lenge ikkje det FYLGJE Alt har berre skjedd kort pause og eg er så trøytt berre trøytt held fram ja vi har alt vi treng Vi har godt om plass Vi har kvarandre Vi har borna våre 8
Pause. Liksom litt tvekande Nei at det kunne skje Men det har skjedd Det har skjedd Men eg likar ikkje at du går ifrå meg Eg vil alltid vera saman med deg Men ja du veit ja arbeidet krev meg dagen krev meg litt mutt Ja FYLGJE Alltid det same Kvar dag det same Men snart så skal eg sova 9
Ja då Så bryt seg av Ja Eg må gjera det eg må Eg må rett og slett ja tena pengar slik at vi kan leva ja også her ja i desse romma Du må vel det Kort pause Men at FYLGJE Eg er så trøytt så trøytt 10
Eg vil berre sova held fram ja at du skal gå ut og vera viktig der ute der ute i den store verd og eg eg må vera her inne her her i desse romma Det er vel slik bryt seg av Du går ut og det er andre kvinner der ute dei er unge yngre enn eg bryt seg av Eg bryr meg berre om deg 11
FYLGJE Alltid det same igjen og igjen Men snart så skal eg sova Eg høyrer at du seier det Alltid berre deg Men dei unge vakre kvinnene dei er der Ja Du synest dei er vakre Nei ikkje slik kort pause kan du ikkje bryt seg av 12
Og eg må vera her inne alltid her alltid her saman med borna dei bråkar dei skrik dei rotar dei bryt seg av, kort pause bleier ja det er nokre år sidan sist men no er det nettopp det same om att Alltid bleir År og år og alltid bleier Og du du går ut ut i verda og der er du viktig viktig for dei andre kvinnene for dei unge kvinnene dei ser på deg 13
kva trur du dei tenkjer og korleis kan vel eg vita kva du tenkjer kva du gjer for eg er her du er der eg er her i desse romma og du er der der ute i den store verd og eg er her alltid her alltid her du er der eg er her du er der der dei unge vakre kvinnene er og eg er her i desse romma eg er her med borna FYLGJE Alltid det same Det same og det same Det er nesten berre menn der 14
ja der ute i den store verd som du seier Og så dei unge kvinnene Ja ja før bryt seg av Før dei stengjest inne med born med born i slike rom FYLGJE Alltid det same Men snart så skal eg sova Gje deg no Er det ikkje slik Kvifor kan ikkje eg gå ut og vera viktig 15
i den store verd Det er bryt seg av Det er fordi det er slik det er Ganske kort pause Alltid seier du det Kan du ikkje seia noko anna Eg må gå eg må rekka arbeidet mitt Eg må ikkje koma for seint Ja ja ja gå då FYLGJE Eg må gå men i kveld så kan eg sova Og svevnen er så god 16
Snart så skal eg sova berre sova held fram Berre gå Gå Gå Kan vi ikkje skiljast gå frå kvarandre som vener Pause Ja vel då Ho gjev han ein klem, og Mannen går ut. Fylgjet blir verande. Pause. Den middelaldrande kvinna blir ståande og sjå ned. Barnegråt høyrest. Den eldre kvinna går mot Den middelaldrande kvinna, stansar. Den eldre kvinna og Den middelaldrande kvinna ser mot kvarandre, dei ser ned, dei ser igjen mot kvarandre. Den middelaldrande kvinna går ut ELDRE KVINNE Gjorde eg rett Gjorde eg feil 17
Vart livet betre Ho ler for seg sjølv Som om livet vart betre Ganske kort pause. Barnegråten stilnar Eg gjorde det eg gjorde Eg gjorde det eg måtte gjera Eg gjorde det eg meinte at eg måtte gjera eg kunne ikkje anna eg tenkte ikkje anna eg tenkte ikkje på at noko anna kunne gjerast eg tenkte slik eg gjorde det slik Den middelaldrande kvinna kjem inn Fyrst var det far og så var det han mannen min han eg er gift med Mor som gjekk der i romma og far som gjekk der ute i den store verd i den stolte verd 18
dei fine tinga dei dyre tinga mor mellom alle dei dyre og fine tinga berre ting berre mor og eg mellom dei fine tinga i dei dyre romma Og far som var der ute Og mor og eg Mor som gjekk der Eg som gjekk der Og far som betalte for alt og vi berre gjekk der Og no No er det eg eg som berre går her går her saman med born og han som går der ute der ute med alle pengane sine med alle dei unge jentene Kva vart det av meg 19
Kort pause Eg teikna Eg måla Eg var så flink til å teikna Eg byrja på kunstskule Eg ville så mykje Eg såg noko Ganske kort pause Eg ville seia noko Eg bryt seg av, kort pause og så var han der stod han der og så var alt endra alt var noko anna eg var ikkje lenger meg sjølv eg var ei anna eg var han som han alltid seier Eg er deg og som eg alltid svarar Eg er deg ELDRE KVINNE Eg er deg Kort pause 20
Eg er meg No er eg berre meg Men for eit snakk Eg er berre meg Eg skulle så mykje og så vart det bryt seg av. Den middelaldrande kvinna går ut Eg er for gammal Eg var for gammal Eg kunne ikkje måla Eg fekk ikkje til å måla slik eg ville Det var for seint Eg fekk det ikkje til Det vart ikkje slik eg trudde Det vart ikkje slik eg ville men eg prøvde det kan seiast ja at eg prøvde eg ville eg prøvde men kva har vel det å seia at ein vil 21
at ein prøver det er ikkje slik det er Mannen kjem inn, og Den eldre kvinna ser mot han Og han var jo vakker Og det var ikkje noko vondt i han Men skarp nei det var han ikkje Kanskje han til og med var litt dum smiler litt for seg sjølv. Mannen går ikring Men kvar er du Er du her ikkje Pause No må du ikkje gøyma deg Vi er ikkje lenger ungar Vi leikar ikkje lenger gøym og leit kvar er du Den middelaldrande kvinna kjem inn Der var du Så godt å sjå deg att Så godt å vera heime 22
FYLGJE Eg er så trøytt så trøytt Og snart så skal eg sova Og arbeidet gjekk greitt Ja ja alt gjekk som det skulle men strevsamt det er det ja som alltid Ja FYLGJE Eg er så trøytt Men snart så kan eg sova Og med deg 23
Alt har vore som vanleg Eg har ikkje noko å fortelja som vanleg Nei nei ikkje eg heller Kort pause Får eg gje deg ein klem Ho svarar ikkje Du vil ikkje ha ein klem Kort pause Ikkje ein klem Ikkje Nei Du vil ikkje Nei Mannen går og set seg ned på senga, og Den eldre kvinna stiller seg opp attmed han og stryk han over håret. Han ser ned framfor seg 24
Du er der ute mellom dei vakre unge kvinnene FYLGJE Eg er så trøytt så trøytt Men snart så kan eg sova DEN MIDDELALDRE KVINNA held fram og eg går her inne i desse romma i desse dyre romma med dei skrikande skrålande borna det same dag inn og dag ut dag inn og dag ut FYLGJE Eg er så trøytt så trøytt Men svevnen er så god Og snart så skal eg sova held fram ja eg veit at eg seier det same eg gjentek meg 25
og gjentek meg desse romma desse borna desse dyre romma desse skrikande skrålande borna og du som går du som kjem Kva kan eg gjera Kva kan eg gjera for at det skal bli betre Kva du kan gjera Pause. Mannen reiser seg Kva kan eg gjera for at du skal få det betre vi har alt vi treng og meir enn det er det noko du ynskjer deg skal eg kjøpa noko til deg 26
Kanskje FYLGJE Eg er så trøytt så trøytt MIDDELALDRA KVINNE held fram Ja kanskje Kva ynskjer du deg motviljug Eg veit ikkje Eg veit ikkje heilt Eg må tenkja på det Berre sei det Eg ynskjer meg fridom Kva meiner du 27
FYLGJE Den gode svevnens fridom kort pause den gode svevn held fram ja fridom ja eg vil vera i verda der ute ja fridom eg vil ikkje vera stengd inne i desse romma Ganske kort pause Eg vil laga dei bilete eg vil laga bryt seg av, Men kan du ikkje laga dei her Kven skal då ta seg av borna Det kan ei anna gjera vi kan 28
bryt seg av. Pause Du trivst ikkje saman med borna Pause Du vil ikkje vera saman med borna med våre born med dei vakre borna våre Pause. Mannen går mot Den middelaldrande kvinna No No vil eg ha ein klem FYLGJE Kvifor seier eg det Eg meiner det ikkje Eg er så trøytt så trøytt held fram Og i morgon i morgon når eg kjem heim skal eg ha med noko vakkert noko vakkert og dyrt til deg Noko du vil lika FYLGJE Kvifor seier eg det 29
held fram Noko eg veit at du vil lika Korleis kan du vita det Eg kjenner deg Du kjende meg Men eg er ikkje den du eingong kjende uforståande Eg kjenner deg ikkje lenger Du kjende meg Du er ikkje lenger den same Eg har byrja å skjøna 30
Du er framleis ung ung og vakker sjølv om bryt seg av Sjølv om eg nærmar meg dei førti Du ser langt yngre ut Kort pause Og det er ikkje lenge sidan det yngste barnet føddest Men dei andre dei klarer seg sjølve dei går på skule dei treng meg ikkje lenger Klart at dei treng deg Pause Men no vil eg ha ein klem FYLGJE 31
Kvifor seier eg det Eg meiner det jo ikkje Mannen og Den middelaldrande kvinna ser på kvarandre, han går mot henne, omfamnar henne, ho tek ikkje kring han Kvifor gjer eg det Mannen slepper henne, og han går ut ELDRE KVINNE går mot Den middelaldrande kvinna Kvifor var eg slik Kvifor er eg slik Kvifor er eg slik Kvifor seier eg slikt Han vil meg jo berre det beste ELDRE KVINNE Han ville meg berre det beste Eg skjønar ikkje meg sjølv ELDRE KVINNE Eg har aldri skjønt meg sjølv 32
Han ville berre ha ein klem ELDRE KVINNE Eg skjønar meg ikkje Eg skjøna meg ikkje då og eg skjønar meg ikkje no Eg bryt seg av Han er jo vakker Han er jo god og alltid seier han at han er borte så mykje borte berre for å tena det som trengst for at eg og borna skal ha det godt han er borte der ute saman med dei vakre unge kvinnene og eg eg er ikkje lenger ung og kva har det vel vorte av meg eg har gått her 33
eg går her eg klarer det ikkje og borna ja bortsett frå den minste Barneskrik høyrest, og Den middelaldrande kvinna går ut. Pause. Barnegråten stilnar. Mannen kjem inn Ho er her ikkje Men kvar er ho Kvar kan ho vera Og kvifor er ho slik før ja då eg kom heim frå arbeidet alltid ja alltid gav vi kvarandre ein klem og vi kyste kvarandre og så kvar er ho ho er så vakker så god eg elskar henne slik 34
FYLGJE Men det er ikkje sant Det er ikkje slik Det er berre bryt seg av. Pause. Mannen går ikring, og Den eldre kvinna går bort til han, stryk han over kinnet, over ryggen, tek ikring han, blir ståande og halda kring han. Den middelaldrande kvinna kjem inn. Mannen går mot henne, og Den eldre kvinna går og set seg ned på senga No vil eg ha ein klem Du vil ha ein klem Ja Så du vil ha ein klem Mannen går bort og tek rundt Den middelaldrande kvinna og held kring henne, ho lèt armane hanga ned. Dei står slik lenge 35
FYLGJE Kvifor gjer eg slikt Mannen slepper henne og går ut. Den eldre kvinna reiser seg, ordnar på sengetøyet, går så ut i rommet ELDRE KVINNE Og no no er eg åleine og borna dei ja dei eg skjønar ikkje kvifor dei så sjeldan besøkjer meg kvifor dei så sjeldan ringjer det er som om det var noko gale med meg som om noko var feil Ganske kort pause Og eg er åleine Alltid åleine Den middelaldrande kvinna går ut Men eg likar jo å vera åleine Visst likar eg det Eg trivst best åleine Kort pause 36
Men det er noko eg berre seier Noko eg må seia Eg må seia at eg trivst best åleine Eg må seia at eg gjorde rett Eg må seia at eg gjorde det einaste rette Det eg måtte gjera Det einaste eg kunne gjera Det einaste kort pause ja det einaste Pause. Mannen kjem inn, leiande på ei ung kvinne lukkeleg Ja slik er det her UNG KVINNE lukkeleg Du så fint det er så store fine rom Ja ja dei er vel greie nok 37
UNG KVINNE Ikkje det ikkje det at romma er viktige det er det som fyller romma det er kjærleiken som er det viktigaste FYLGJE Eg skal aldri gå ifrå deg Ja ja UNG KVINNE Og kjærleik det har vi Vi har kjærleik UNG KVINNE Og kjærleik det skal vi ha Kjærleik det skal vi alltid ha 38
UNG KVINNE Vi skal aldri skiljast Aldri skal vi skiljast UNG KVINNE Eg skal aldri gå frå deg Ikkje som ho gjorde Ho andre Tenk å gå frå mannen sin frå borna sine Men eg skal aldri gå frå deg eller frå borna ja om vi då får born Og eg skal aldri gå frå deg UNG KVINNE Eg skal aldri gå frå deg slik ho andre gjorde eg klarer ikkje å tenkja på henne ho andre 39
FYLGJE Eg skal aldri gå frå deg UNG KVINNE held fram ho som er mor til borna dine kort pause, spørjande er det verkeleg sant at brått så stod ho der berre med to koffertar og sa at ho ville reisa Mannen nikkar FYLGJE Ikkje sei namnet hennar Kort pause UNG KVINNE held fram Og så reiste ho Mannen nikkar UNG KVINNE Eg vil ikkje seia namnet hennar Eg vil ikkje hugsa namnet hennar 40
Eg vil ikkje nemna henne eg vil ikkje tenkja på henne Ikkje tenk på henne ikkje sei namnet hennar UNG KVINNE Men borna ja dei minner meg bryt seg av Borna er seg sjølve Det er livet slik det er som størst Det er det store i livet at menneske fødest heilt som seg sjølve heilt frå dei kjem inn i denne verd er dei seg sjølve har dei si eiga sjel ser ut som seg sjølv er seg sjølv 41
UNG KVINNE Ja Det er ikkje til å skjøna FYLGJE Det er livsens under Det er livsens lys Det er bryt seg av. Kort pause UNG KVINNE Nei nei nei det er bryt seg av. Mannen tek kring henne, og ho tek kring han, dei kysser kvarandre, dei står slik lenge, dei slepper kvarandre, går litt frå kvarandre Eg er så takksam for deg Eg var så åleine heilt åleine og åleine er ein som ingen eg var ingen eg var ingen heilt til vi treftest 42
Og eg var ingen Pause UNG KVINNE Eg kjenner meg fylt Eg kjenner meg nei ikkje som meg sjølv jo som meg sjølv som meg sjølv i deg Det er du som er eg FYLGJE Alltid det same men det same er aldri det same ingenting er det same alt forandrar seg og aldri tyder eit ord det same 43
UNG KVINNE Og eg er du Kort pause Det sa du òg til ho andre ho ja bryt seg av FYLGJE Ikkje tenk på det UNG KVINNE spørjande Du gjorde det Ikkje tenk på det UNG KVINNE Eg klarer ikkje å lata vera FYLGJE Ikkje tenk på det No er det du berre du 44
som er mi verd UNG KVINNE Ja Dei klemmer kvarandre, og går ut, hand i hand. Lang pause. Den middelaldrande kvinna kjem inn med to koffertar, ho set dei frå seg, går og ser seg ikring. Mannen kjem inn Kva er det Kvifor har du pakka Eg reiser Du reiser Ja Kvar reiser du Heim til foreldra mine 45
Til foreldra dine Ja Kort pause Men du har jo aldri likt foreldra dine du seier jo alltid at far din ja at han ja behandla som du seier både deg og mor di som om de var dokker som om ja som om de ikkje var menneske Eg reiser Kor lenge blir du borte Og kven skal sjå til den vesle 46
Du får finna ei som kan sjå til han ei av dei unge kvinnene der ute i verda ei av dei vakre unge kvinnene ei av dei du ser på siklar etter Du reiser Eg reiser Og eg kjem ikkje attende Du kjem ikkje attende Eg kjem aldri attende Eg vil vera åleine Men borna Du har tre born du har eit lite barn 47
Barneskrik høyrest Høyrer du kva eg seier Skjønar du ingenting Skjønar du ikkje noko Må eg seia det ord for ord ja så kan eg gjera det Kort pause Eg kort pause reiser kort pause og kort pause eg kort pause kjem kort pause aldri kort pause attende Mannen går og set seg ned på senga, attmed Den eldre kvinna. Den middelaldrande kvinna tek opp koffertane og går ut. Pause. Mannen reiser seg og går ut. Den eldre kvinna reiser seg, går ut i rommet 48
ELDRE KVINNE Eg måtte det Eg klarte det ikkje eg heldt ikkje ut det var ikkje bryt seg av, men er det sant er det verkeleg sant ja det ja det at eg ikkje heldt det ut og så. Barnegråten stilnar ja eg vil ikkje tenkja på det helst ikkje men far min Han sa at eg var galen Den eldre kvinna ler Du er ikkje klok Du er galen Reis heim att til mannen din til borna dine Du har ein god mann gode born 49
Kort pause Og mor ho sa ikkje noko nesten ikkje noko berre nokre stille ord Ganske kort pause Og far som skaffa meg to rom Han sa Eg vil ikkje ha deg buande her Klar deg sjølv Her er nøkkelen Her er adressa Ganske kort pause Og mor mor som kom med pengar Ho sa at far hadde bede henne om å gjera det Men han ville ikkje koma sjølv Nei eg vil ikkje tenkja på det Ganske kort pause Og her i romma far kjøpte her her 50
kort pause alltid her berre alltid her alltid her Den eldre kvinna går og stiller seg opp ved biletet, byjar å måla. Mannen kjem inn, går bort til henne, stiller seg opp nokre meter frå henne Du fekk det betre Du gjorde deg fri du gjorde deg fri frå meg frå borna dine Og du gjorde meg fri Ganske kort pause Du gav meg kjærleik Eg ser opp til din styrke FYLGJE Eg snakkar ikkje sant Kvifor snakkar eg ikkje sant Eg bryt seg av Eg ser opp til di evne til å gjera det du måtte 51
FYLGJE Kvifor lyg eg At eg orkar å gjera det Men kvifor ikkje gjera henne så vondt eg berre kan Du gjorde det du måtte Du kunne ikkje anna Han går og legg nokre setlar på bordet FYLGJE Det er mi største glede Ho er så fri så fri Den yngre kvinna kjem inn UNG KVINNE Eg er så takksam for deg for barnet vårt for det vakre barnet vårt for at det vart slik for at det vart deg og barnet vårt Og eg er så takksam for deg 52
FYLGJE Eg er så takksam for deg Eg veit ikkje kven eg skal takka ja deg ja deg mest av alle deg vakre deg FYLGJE Eg vil takka Gud held fram deg skal eg takka men for at det vart slik for at vi av alle av alle dei som finst til alle dei som er der alle så mange at av alle av alle saman 53
så skulle det bli deg så skulle det bli deg og meg og barnet vårt UNG KVINNE Deg og barnet vårt og meg Det som styrer i det løynde det takkar eg UNG KVINNE Eg takkar Gud Pause Eg må sjå til barnet vårt Men fyrst ein kyss UNG KVINNE Ja Dei kysser kvarandre, dei klemmer kvarandre lenge og ho går ut 54
Eg er så takksam du Gud for henne for alt ho har gjeve meg for den kjærleik som finst den kjærleik som fyller alt som er i alt og i alle den kjærleik vi er og som gjer at vi finst til Eg takkar deg Gud Eg takkar deg for den nåde du har gjeve meg FYLGJE Eg takkar deg Gud for den nåde du gjev Mannen og Fylgjet går og stiller seg opp, blir ståande og sjå rett framfor seg, inn i ingenting. Den eldre kvinna lyfter opp biletet, ser på det ELDRE KVINNE Det er vakkert Eg kunne noko Eg kunne noko om eg berre fekk tid om eg berre fekk tid 55
til å gjera det Om eg berre fekk vera åleine Eg kunne laga bilete Og bileta er større enn eg Bileta er større enn eg kunne vera det var det eg ville eg ville vera større enn meg sjølv ikkje for å vera meg sjølv men for å vera noko anna enn meg sjølv noko heilt anna eg ville vera del av det andre del av det store berre ein del Kort pause Men var det verdt det Kor mykje vondt har eg ikkje gjort Og no er han død Og foreldra mine er døde kor stygg kor stygg er eg ikkje og så den arven 56
etter far ja og etter mor sjølvsagt etter henne òg. Den unge kvinna kjem inn og går og tek Mannen i den eine handa og Fylgjet i den andre og bileta ja kor stygge ja dei er stygge eg kan ikkje måla og ingen nesten ingen ler vil kjøpa bileta mine ingen vil stilla dei ut nesten ingen og det er ikkje utan grunn ler så eg ler målar over det eine biletet etter det andre eg målar eit bilete og så målar eg over det eg byrjar alltid på nytt på nytt 57
på nytt på nytt og det er rett for ingenting skal bli verande alt skal bli til og alt skal forsvinna kort pause. Ho målar over biletet med kvitt. Ho går så og set seg ned på senga. Pause Og no er han død Han er borte For alltid borte Ganske kort pause Det er fleire år sidan han døydde åra dei går så fort og eg fekk vita at eg ikkje var velkomen i gravferda hans Kort pause Alt blir borte Pause. Ho legg seg i senga, breier dyna over seg 58
Du er mi lukke UNG KVINNE Og du mi Berre deg FYLGJE Du er mi lukke Eg takkar deg Ja ja ja berre deg Dei kysser kvarandre lenge. Svart 59