Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 007/14 Styringsgruppe kommunedelplan skule 11.12.2014 072/14 Kommunestyret 18.12.2014



Like dokumenter
Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Vik kommune. Planprogram. Tematisk kommunedelplan for grunnskulen

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Saksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr.

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Planprogram. Skulebruksplan Lærdal kommune

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 028/17 Formannskapet PS Kommunestyret 023/17 Levekårsutvalet PS

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Skodje kommune Teknisk avdeling

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 11:00 Møteslutt: 14:00

KOMMUNEDELPLAN FOR OPPVEKST FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM 25. AUGUST 2015

MELDING OM VEDTAK. Reguleringsplan Kleivi, Vangsnes melding om vedtak. Partar / høyringsinstansar Kleivi Vangsnes

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

Skulebruksplan

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Psykologisk førstehjelp i skulen

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

MØTEBOK. Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/ Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 058/2017 Formannskapet PS /2017 Kommunestyret PS

Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 15:00 Møteslutt:19:30

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

MASFJORDEN KOMMUNE. Rådmannen Rådgjevarar. Høyring framlegg til endring i opplæringslova - melding om vedtak. Dato:

Kommunedelplan for skule Framlegg til planprogram

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0013/03 03/00171 POLITISK KVARTER PERSONAL-OG LØNSUTVALET

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Sakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 020/18 Formannskapet /18 Kommunestyret

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Saksnr. Utval Møtedato 018/16 Formannskapet /16 Kommunestyret

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Saksnr. Utval Møtedato 010/14 Kommuneplannemnda

OPPSTART AV KOMMUNEPLANARBEID OG OFFENTLEG ETTERSYN AV PLANPROGRAM

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0216/04 03/01610 PROFILERINGSPROSJEKTET I OS KOMMUNE

Kvalitetsplan mot mobbing

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

HØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 048/14 Formannskapet /14 Kommunestyret

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Informasjonshefte Tuv barnehage

Framlegg til bustadbyggjeprogram Lindås kommune

Skodje kommune Teknisk avdeling

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

HØYRINGSNOTAT. Konsekvensutgreiing av mogeleg nedlegging av Litlabø skule frå skuleåret

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Sakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 049/16 Formannskapet Sakshandsamar Arkiv Arkivsaksnr. Ottar Wiik K2 - L12 15/423

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2012/5 Arkiv: 143

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

SAKSPAPIR. Vaksdal kommune RÅDMANNS FRAMLEGG TIL ØKONOMIPLAN

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Saksnr Utval Møtedato 054/14 Formannskapet /14 Kommunestyret

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma. Møteinnkalling

Transkript:

Vik kommune Sakspapir «Sgr_Beskrivelse» «Spg_Beskrivelse» Saksnr Utval Møtedato 007/14 Styringsgruppe kommunedelplan skule 11.12.2014 072/14 Kommunestyret 18.12.2014 Sakshandsamar Arkiv Arkivsaksnr. Bjarnhild Samland K1-143 14/678 Kommunedelplan skule - handsaming etter høyring Rådmannen si tilråding I samsvar med plan og bygningslova 11.2 vert kommunedelplan for skule 2015 2026 med handlingsdel for 2015 2018 godkjent med dei endringar som er tilrådd i saksutgreiinga frå Rådmannen. Styringsgruppe kommunedelplan skule - 007/14 delskule - vedtak: Saka blir lagt fram for kommunestyret med fylgjande framlegg til vedtak: I samsvar med plan og bygningslova 11.2 vert kommunedelplan for skule 2015 2026 med handlingsdel for 2015 2018 godkjent med dei endringar som er tilrådd i saksutgreiinga frå Rådmannen. Samrøystes Kommunestyret - 072/14 Under handsaminga vart det gjort fylgjande endringar i høve til framlegget frå styringsgruppa:

I plandokumentet: 1. I punkt 10 s. 15 skal ordet "skulestruktur" strykast. 2. Under pkt. 4.1. skal dei opplista 3 strategiane redigerast saman til ein felles strategi. KS - vedtak: I plandokumentet skal det gjerast fylgjande endringar: 1. I punkt 10 s. 15 skal ordet "skulestruktur" strykast. 2. Under pkt. 4.1. skal dei opplista 3 strategiane redigerast saman til ein felles strategi. I samsvar med plan og bygningslova 11.2 vert kommunedelplan for skule 2015 2026 med handlingsdel for 2015 2018 godkjent med dei endringar som er tilrådd i saksutgreiinga frå Rådmannen. Samrøystes. Vedlegg Høyringsinnspel på kommunedelplan skule Høyringsuttale FAU og SU Fresvik, planframlegg kommunedelplan for grunnskulen.docx Høyringsuttale kommunedelplan skule Oppsummering-av-NOU-2014-7-Elevenes-lring-i-fremtidens-skole-3-september-2014.pdf Heldiggrisen.pdf Fleire kvalitetar i små skular.pdf Sosial læring og skulestorleik.pdf Sentralisering undergrev kvalitet.pdf Den stille skulereforma.pdf Høyringsuttale - framlegg til kommunedelplan for grunnskule 2015-2019 Kommunedelplan grunnskule 08102014 utan vedlegg.pdf (L)(164170) Vedlegg 1-4.pdf (L)(164171) Vedlegg 5 - Programplan system for styrka læring.pdf (L)(164172) Vedlegg 6 - sammenheng melom skolestørrelse og kvalitet.pdf (L)(164173) Kort samandrag

Framlegg til kommunedelplan for skule 2015 2026 i Vik kommune vert lagt fram til handsaming etter offentleg høyring. Rådmann tilrår at nokre av merknadane som er komen inn vert teke til fylgje. Kommunestyret gjer endeleg vedtak i saka. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m. Plan og bygningslova Opplæringslova «Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa» Saksopplysningar Kommunedelplan for skule 2015-2026 i Vik kommune ligg føre til endeleg handsaming. Planen er utarbeidd etter retningslinjene i vedteken Kommuneplan for Vik kommune 2013 2024. Formannskapet valte ei politisk styringsgruppe som har vore orientert undervegs og gjort vedtak om prosess. Rådmannen har vore prosjektansvarleg. Oppvekstsjefen har leia ei administrativ gruppe som starta arbeidet i juni 2014. Ressurssenter for omsorgstenester ( RO) har vore engasjert som prosesshjelp og prosjektgruppa utarbeidde framlegg til plan. Denne vart handsama av styringsgruppa handsama og lagt ut til offentleg høyring i 6 veker med høyringsfrist 1.desember 2014. Høyringa vart kunngjort i Sogn Avis, Vik kommune si heimeside og utsendt til vedtekne høyringsinstansar. Det har komme inn fire innspel. Nedanfor er det omtale av kvart av innspela og vurdering av desse. Om innspela og vurdering av desse: 1. FAU Flatbygdi v / Hild-Anett Tenold FAU Flatbygdi gir merknadar til planen og vektlegg viktigheita av at skulen i samarbeid med heimen jobbar systematisk med det psykososiale miljøet. Dette for å oppnå visjonen i planen og for å skapa ein god skule for alle. Dei dreg også i den samanheng fram viktigheita av å ha romsleg med personalressursar, trygg skuleveg og ønskje om oppgradering av uteområda. For å oppnå «ein skule», må det lagast ein plan for samarbeidet mellom skulane. Dei meiner at det er viktig med stabile arbeidsforhold for dei tilsette og at ein rettar opp i skeivfordeling i forhold til kjønn. Vurdering Det psykososiale miljøet er viktig og må absolutt seiast noko om. Planen nyttar ikkje

omgrepet psykososialt miljø, men planen dekker innhaldet i dette fleire stader. Mellom anna er elementa som vert lagt til visjonen i planen, mestring, tryggleik, trivsel og å bli sett, sentrale komponentar i eit godt psykososialt miljø ( kap. 2.1). I tillegg er det synt til 9a. i opplæringslova kapittel 5.2.4. lovgrunnlaget for skuleanlegg og miljø. Elles er dei andre merknadane dekka inn gjennom tiltaka som er sett opp i planen under kapittel 4.3. Tiltak. Rådmann sitt framlegg til vedtak Merknaden gjev ikkje grunnlag til endring av planen. 2. FAU Feios skule v/ Paul Townsend Feios FAU har kommentarar til tiltak og vedlegg. Dei syner til tiltak 10 i kapittel 4.3. Tiltak der det heiter: Gjennomgang av skulestrukturen ut frå eit kvalitetsperspektiv og kostnadsperspektiv. Dei finn det ikkje tenleg med ein ny strukturdebatt. Når det gjeld vedlegga er dei kritiske til talmateriale langt fram i tid då den negative trenden må snuast. Dei meiner at ein desentralisert skulestruktur kan vera ein måte for Vik å profilera seg på. FAU ved Feios skule ønskjer å fjerna vedlegg 6 Sammenheng mellom skolestørrelse og kvalitet og syner til at NESH ( Den nasjonale forskningsetiske komité for samfunnvitenskap og humaniora) er kritiske til forskingsresultata det vert synt til. Vurdering Ordet skulestruktur gir assosiasjonar til strukturdebatt og nedleggingar av skular. Dette fjernar fokus frå intensjonen i tiltaket som er å vurdera og drøfta skule utifrå kvalitet og økonomi. Dette kan misoppfattast i forhold til målsetnaden for oppvekst i Kommuneplanen for Vik kommune 2013-2024: Skulestrukturen med 4 oppvekstsentra i bygdelaga i tillegg til Flatbygdi skule og Vik Barnehage, skal liggja fast så lenge elevgrunnlaget er til stades og nye krav til kompetanse, pedagogisk opplegg og bygningsmessige rammer kan oppfyllast. Det vil i lys av dette vera meir korrekt å gjera ei vurdering av oppvekstområde slik det vert gjort framlegg om i uttalen frå Feios FAU. Ein gjennomgang av oppvekstområdet knytt til kvalitet og økonomi vil kunne seia noko om behovet for ei vurdering av skulestrukturen.

Vedlegg 6 vert drege fram som eit vedlegg som talar imot bygdeskular. Vedlegget kan fort misforståast då det syner til eit forskingsresultat knytt til funn i ein kommune i Noreg der elevar i ungdomsskulen som kom frå småe bygdeskular scora dårlegare på ulike mål på kvalitet. Elles er det gjort lite forsking på dette i Noreg og artikkelforfattaren ser vidare på internasjonal forsking. Oppsummeringa i artikkelen fortel oss at det ikkje finst forskingsmessig grunnlag for å setta små og store skular opp mot kvarandre når det kjem til kvalitet. Det er også to andre uttalar som opplever vedlegget som negativt. Då vedlegget ikkje belyser noko i sjølve planen tilrår ein at vedlegget vert fjerna. Uttalen er kritisk til talmateriale som syner ei negativ folketalsutvikling. Denne tek ikkje høgde for at folketalsutviklinga kan endra seg i positiv retning, men det er likevel naudsynt å forholda seg til desse tala då ein ikkje veit med sikkerheit om ein lukkast å snu trenden. I tillegg får talmaterialet fram realitetane som påtvingar arbeidet for å snu folketalsutviklinga. Rådmann sitt framlegg til vedtak Rådmann rår til at tiltak 10 side 15 vert endra frå: Gjennomgang av skulestrukturen ut frå eit kvalitetsperspektiv og eit kostnadsperspektiv. til Gjennomgang av oppvekstsektoren ut frå eit kvalitetsperspektiv og eit kostnadsperspektiv. Rådmann rår til som følgje av dette at ein tek vekk følgjande setning på side 5 under punktet Ein stabil skulestruktur over tid: I første del av planperioden skal skulestrukturen i kommunen utgreiast. Eit viktig grunnlag vil vera forventa utvikling i busettingsmønsteret i kommunen. Rådmann rår til at vedlegg 6 vert fjerna.

FAU Fresvik skule v/ Siri W. Bøthun og SU Fresvik v/ Liv Hatlelid Fresvik FAU og SU Fresvik er positive til målsetnadane i planen. Dei saknar meir informasjon om skulane i Vik og kan tenkja seg at positive synspunkt på dagen skule i Vik kommune skulle komme fram i sjølve planen og ikkje berre som eit vedlegg til planen. Dei hevdar at planen framstiller framtida for pessimistisk og ikkje i stor nok grad formidlar at ein arbeider for vekst. Dei ønskjer også at ein skal få fram positive effektar ved prosjekt og utviklingtiltak. Dei stiller spørsmål ved at planperioden er endra frå planprogrammet fram til utkastet. Når det gjeld handlingsplan skriv dei at kvalitetsperspektivet kjem dårleg fram i tiltak 10 side 15 Gjennomgang av skulestrukturen ut frå eit kvalitetsperspektiv og eit kostnadsperspektiv. Dei hevdar at vedlegg 6 ikkje har støtte i andre publikasjonar og krev at vedlegg som også Utdanningsforbundet har sendt inn, skal leggast til. Vurdering Ein har i prosessen med denne planen ikkje funne rom for å gå nærare inn på kvar enkelt skule i dokumentet og ein lyt ty til andre kjelder for å skaffa seg denne kunnskapen. Hovudmålgruppa for ein slik plan vil vera skuleeigar, skuleleiing, tilsette, elevar og foreldre. Desse skal i utgangspunktet ha kunnskap om skulane dei høyrer til. Ei nærare skildring vil vera på sin plass når ein i 2016 skal ha ein gjennomgang av oppvekstområde utifrå kvalitetog kostnadsperspektiv.

Ein plan skal ha eit positiv syn på framtida, men den må også ta innover seg realitetar. Planen seier noko om kva ein ønskjer skal skje, men dette kan fort bli overskygga av framskrivingar av folketal og uttale om endringar i skulestruktur. Det er likevel slik at planen har som målsetnad å ha ein stabil skulestruktur over tid og dette skal takast med i arbeidet vidare. Det er vurdert slik at vedlegg 6 skal takast vekk. Då fell argumentet for å legge til dei fire vedlegga bort. Fresvik FAU og Fresvik SU har eit godt poeng når dei seier at kvalitetsperspektivet er manglande når ein kjem til tiltak 10 på side 15 Gjennomgang av skulestrukturen ut frå eit kvalitetsperspektiv og eit kostnadsperspektiv. Når det gjeld planperioden vil ein retta seg etter 11.2 i plan og bygningslova. Rådmann sitt framlegg til vedtak Rådmann tilrår at tiltak 10 på side 15 vert endra for å sikra at kvalitetsperspektivet vert i vareteke frå: Gjennomgang av skulestrukturen ut frå eit kvalitetsperspektiv og eit kostnadsperspektiv. Område for utgreiinga - Timeressursar administrasjonsressursar skulestruktur. - Skuleanlegga FDV-kostnader (forvaltning, drift og vedlikehald) undervisningsareal og uteareal. - Skuleskyss og reisetid for elevane kommunale kostnader. - Utvikling av elevtal og bustadbygging mønster for busetting. til

Gjennomgang av grunnskuleområde ut frå eit kvalitet- og kostnadsperspektiv. Område for utgreiinga Kvalitet -Elevane sitt faglege utbytte -Elevane sin sosiale kompetanse ( mobbing, trivsel etc. ) -Elevane sin motivasjon for læring -Elevmedverknad -Tilpassa opplæring og like muligheiter -Samarbeid med heimen -Samarbeid med lokalsamfunnet Kostnadsperspektiv - Timeressursar administrasjonsressursar skulestruktur. - Skuleanlegga FDV-kostnader (forvaltning, drift og vedlikehald) undervisningsareal og uteareal. - Skuleskyss og reisetid for elevane kommunale kostnader. - Utvikling av elevtal og bustadbygging mønster for busetting. Rådmann tilrår at planperioden i samsvar med 11.2 i plan og bygningslova vert sett til 2015 2026 med handlingsdel for 2015 2018. Rullering av planen skal skje i tråd med føresetnadar i plan og bygningslova. Handlingplanen er eit styringsverktøy som skal reviderast etter fire år. Vurdering av måloppnåing skal gjerast årleg. Dette vil bli presisert under kapittel 5. Grunnlaget for kommunedelplanen. 3. Utdanningsforbundet Vik v/ Hilde Brotangen Helleland og Heidi Rennestraum Utdanningsforbundet har levert uttale til planen. Først poengterer dei at det er uklart kva

planperiode planen er gjeldane for. Dei meiner planen må innehalda den informasjonen som trengst for å driva og organisera skulane. Dei meiner vidare at planen har for lite fokus på korleis me skal utvikla skulane og kva for konkrete mål me har. Utdanningsforbundet er ikkje nøgde med framstillinga av elevtalsutviklinga og meiner at dei gir eit feil bilete mellom anna ved å dele ungdomstrinna frå barnetrinnet. Utdanningsforbundet rår til at ein i staden for å ha ein gjennomgang av dagens skulestruktur heller skal sjå breitt på utviklinga i oppvekstsektoren. Utdanningsforbundet ønskjer å spissa visjonen «Ein god stad å vera, ein god stad å læra» og tora å satsa. Dei meiner at dersom planen skal vera ein del av omdømmebygginga til Vik kommune må den syne det gode opplæringstilbodet som ein allereie har å by på. Vidare vil dei at ein gjennom planen skal ta klar stilling til kva type skulestruktur ein ønskjer for framtida. Dei oppfattar at stemninga i foreldregruppa er å behalda dagens skulestruktur. Utdanningsforbundet meiner tiltak 3 side 13 Utarbeida kompetansestrategi kontinuerleg arbeid med kompetanseplanlegging ikkje er forpliktande nok overfor lærarane. «System for styrka læring» som er eit felles satsingsområde for kommunane i Region Sogn er noko kommunen har forplikta seg å ta del, jamfør vedlegg 5 Overordna programplan for System for styrka læring. Utdanningsforbundet finn ikkje at målsetnadane i dette programmet kjem fram i planen. Utdanningsforbundet meiner vedlegg 6 Samanheng mellom skolestørrelse og kvalitet ikkje gir eit balansert bilete av opplæringa i oppvekstsentra og ønskjer difor å legge til fire vedlegg for å gi eit meir korrekt bilete. Vurdering Planen sitt omfang gir ikkje rom for å gå meir i detalj kring drift og organisering av skulane. Planen si oppgåve er å gi ei retning for dette arbeidet samstundes som dei ulike tiltaka byggjer opp under dette.

Talmateriale må vera med då det gir eit bilete av framtida. Ikkje minst seier det noko om alvoret i situasjonen og kvifor det er så viktig at kommunen har som målsetnad å endra folketalet. Utdanningsforbundet ønskjer å spissa visjonen. Ein viser då til at det har vore køyrt ein prosess rundt planen og ei eventuell endring av visjon vil vera aktuell ved rullering av planen etter fire år. Når det gjeld arbeidet med å utarbeida ein kompetansestrategi slik planen legg opp til vil omsyna som Utdanningsforbundet vektlegg kunne takast med der. Dette er også ein prosess der Utdanningsforbundet vil bli invitert med i drøftingar. Omtale av «System for styrka læring» manglar i planen. Det er heller ikkje nemnt andre utviklingsprogram som ein deltek i som «Den gode skuleeigar» og «Ungdomstrinn i utvikling». Planen er skriven slik at den skal fungere uavhengig av slike satsingar, men desse satsingane er gode verktøy og ressursar for oss i å lukkast med måla. Ein vil difor legga inn eit ekstra tiltak for å synleggjera satsingane. Når det gjeld vedlegga fell Utdanningsforbundet sitt argument bort når ein fjernar vedlegg 6 jamfør vedtaka knytt til andre uttalar ovanfor. Rådmann sitt framlegg til vedtak Rådmann rår til at ein opprettar eit ekstra tiltak i planen. Tiltak Ansvar Tid 11 Utarbeiding av Rådmann 2015 handlingsplan for gjennomføring og oppfølging av interne og eksterne satsingar /utviklingsprosjekt.

Økonomiske konsekvensar Vurdering