Meldingsblad for Hordaland fylkesbibliotek Årgang: 31 Nr. 2 2002 ISSN 1502-3273



Like dokumenter
SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Kulturrekneskap for Hordaland 2008 April 2009

Plan for utvikling av bibliotektilbodet for barn og unge i Hordaland Hordaland fylkeskommune 1997 ISBN

Attraktivitet og stadinnovasjon i Hordaland

Breiband til. alle i Hordaland

KRAVSPESIFIKASJON FRÅ OPPDRAGSGIVAREN

Til deg som bur i fosterheim år

Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Skulebruksplan Hordaland fylkeskommune Hordaland fylkeskommune prognosar Vedlegg 4

Folkebibliotek i Hordaland. Bibliotekstatistikken 2013 Folkebiblioteka i Hordaland

Fylkesmannen i Hordaland

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Kommuneprofilar - Befolkning, sysselsetting og kompetanse

Fjell kommune si personaloppfølging

Fordeling av spelemidlar til Den kulturelle skolesekken for skuleåret

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

HORDALAND. Nr. 1/ januar 1988 INNHALD. Emne. Side

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

SLUTTRAPPORT FOR. DEN BRUKARORIENTERTE HEIMESIDA: Eit forprosjekt

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 13. JUNI 2013 KL , SCANDIC HOTEL, HAUGESUND

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

NHOs NæringsNM: Er Hordaland best på næringsutvikling? NHO-Hordaland årskonferanse 18.april 2013

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 29. JANUAR 2015 KL , KULTURSKULESENTERET HUSNES

Debatt og opplevelser på tvers (Ref #b6a4857c)

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Meldinga gir eit svært skeivt bilete ved berre å omtale tilbodet til dei aller svakaste lesarane.

Sterk, spenstig og klar (Ref #aac8cee3)


SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsalen Saknr.: 36/13 43/13

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Om tabellene. Februar 2017

Meldingsblad for Hordaland fylkesbibliotek.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Om tabellene. November 2016

Sluttrapport for Bibliotek med nye oppgåver desember 2002

SELSKAPSAVTALE. Vedteke på representantskapsmøte , med endringar vedteke på representantskapsmøte , , og 29.4.

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Om tabellene. August 2016

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Hovedtall om arbeidsmarkedet. Fylkevalg. En måned

Om tabellene. Oktober 2016

Om tabellene. September 2017

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Om tabellene. Juli 2017

Østre Nesttunsvei 6 - Nesttun. Kristine Skjælaaen. Det vart ikkje funne grunnlag for avvik eller merknader innanfor tema for tilsynet.

Om tabellene. Desember 2016

MØTEBOK Rådsmøte i Hardanger Ungdomsråd Stad: Brakanes hotell Ulvik Den Kl


Om Fylkesprognoser.no

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

konsekvensar Ruth Ørnholt Rica Dyreparken Hotel, Kristiansand 21.oktober 2009

Om tabellene. Mars 2017

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Varehandelstatistikk til bruk i utvikling av senterstruktur- og kjøpesenterpolitikk i Hordaland AUD-rapport nr

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Brukarrettleiing E-post lesar

Region vest Vegavdeling Hordaland Plan- og forvaltningsseksjon Bergen Ulykkesbarometer for Hordaland 2013

Om tabellene. April 2016

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Om Hordaland fylke FYLKESROS HORDALAND

Månadsbrev for Rosa september 2014

Fylkesbibliotekstatistikk for 2011

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Forslag frå fylkesrådmannen

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Fordeling av støtte til biblioteksprosjekt. Modellbibliotek i Hordaland i 2016

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Rumenske og norske studentars bruk av bibliotek og ressursar.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Nytte og hygge (Ref #1075)

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Driftsassistansen I Hordaland- vann og Avløp IKS(DIHVA) er eit interkommunalt selskap der medlemskommunane/va-foretakene er Austevoll, Askøy, Bergen,

Transkript:

Meldingsblad for Hordaland fylkesbibliotek Årgang: 31 Nr. 2 2002 ISSN 1502-3273 http://www.hordaland-f.kommune.no/fylkesbibl/emne-ord/ Bibliotekleiarmøte og konferanse i Eidfjord 6. - 7. juni. s. 1 Nye funksjonar i biblioteka videokonferanseprosjektet.. s. 2 Sommarhjelp til nettsidelaging... s. 2 Orknøyane ønskjer venskapsbibliotek!... s. 3 Studietur til Gøteborg og Halmstad s. 3 Offentlege servicekontor + folkebibliotek = sant?. s. 5 Bibliotekivest.no. s. 5 Kurs og samlingar i haust... s. 6 Diverse biblioteknytt.. s. 6 Nytt om namn og bibliotek. s. 8 Hotel Vøringfoss ved fjordkanten i Eidfjord i eit strålande ver la rammene rundt biblioteksamlinga 6. og 7. juni. Den første dagen blei brukt til presentasjonar og diskusjonar om aktuelle tema i folkebiblioteka i Hordaland, mellom anna bibliotektenester til næringslivet, bruk av breiband og biblioteket som offentlig servicekontor. Vi fekk løypemeldingar frå mange av dei spanande prosjekta som går føre seg rundt på biblioteka i fylket. Den andre dagen sto biblioteksamarbeid i søkjelyset på konferansen Utvikling av berekraftige bibliotek gjennom interkommunalt samarbeid. Jens Thorhauge, direktør for Biblioteksstyrelsen i Danmark, hadde eit inspirerande hovudinnlegg om visjonar og strategiar for dette arbeidet i danske folkebibliotek. Andre innleiarar var mellom anna Gudrun Mathisen, plan og miljøsjef i Hordaland fylkeskommune, Harry Herstad, rådmann i Fitjar kommune og Rolf Sandstad, ordførar i Austrheim. Oppmøtet var godt begge dagane, men ein kunne ønskje seg at enno fleire politikarar og administrative leiarar fekk ta del i dei positive ideane og planane om interkommunalt samarbeid som kom fram på konferansen. Sjå program og presentasjonar frå bibliotekleiarmøtet og konferansen: http://www.hordaland-f.kommune.no/fylkesbibl/kurs/ Regionalt biblioteksamarbeid i Hordaland Konferansedagen starta med møte i dei regionale samarbeidsgruppene. Gruppene organiserte seg slik: Nordhordland: Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Samnanger og Vaksdal Region Vest: Askøy, Bergen, Fjell, Sund, Os og Øygarden Voss/Hardanger: Eidfjord, Jondal, Kvam, Kvinnherad, Odda, Ullensvang, Ulvik og Voss Sunnhordland: Bømlo, Etne, Fitjar, Stord og Tysnes

Midthordlandsgruppa fordelte seg i dei andre gruppene. Austevoll, Granvin, Fusa, Radøy og Sveio var ikkje representert på samlinga. I gruppemøta diskuterte ein eksisterande samarbeid og la planar for moglege samarbeidsområde framover. Det blei til dømes diskutert korleis ein kan samarbeide om katalogar, spesialsamlingar, kurs og konferansar, personale, heimesidearbeid og arbeid med lokalhistorie. Samling av glade bibliotekvener Torsdag kveld inviterte biblioteksjefen i Eidfjord, Mildrid Haugsnes, til kunstløype gjennom kommunehuset og ei stemningsfull mottaking i biblioteket. Etterpå fekk vi omvisning i Nils Bergslien-galleriet. Frå Kunstnettet under Kulturnett Hordaland kan de og ta ei vandring i dette spanande galleriet: http://hordaland.kulturnett.no/tema/bergslien/index.htm Fredag tok Mildrid oss med til Hardangervidda Natursenter, kor vi mellom anna fikk med oss ein utruleg supervideograf-film med ei rundreise i Eidfjord både til lands, til vatns og i lufta. Vi anbefalar eit besøk i det flotte natur- og kulturhistoriske museet: http://www.hardangervidda.org/ I mai starta fylkesbiblioteket og Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen arbeidet med prosjektet Bibliotek med nye funksjoner. Prosjektet fekk 250 000,- i støtte frå HØYKOM ved tildelinga no i vår, og Henning Klafstad frå Mediesenteret er prosjektleiar. Prosjektet skal prøve ut nokon av dei nye funksjonane biblioteka kan få med å nytte breiband og pc-basert videoteknologi. I løpet av hausten vil vi teste ulike aktivitetar kor brukarar kan ha møte med andre i virtuelle møteplassar med toveis lyd/billed kommunikasjon og webbasert informasjon i biblioteket. Vi vil prøve ut ulike typar nettverk og videokonferanseløysingar. Aktivitetar og brukargrupper vi ser for oss til no, er realkompetansevurdering av vaksne utdanningssøkjarar, møte mellom filmregissør og medieelevar i vidaregåande skule i samband med Mzoon http://www.mzoon.no/ og teikneseriekurs. Ta kontakt med Lena Jensen om de ønskjer meir informasjon. Rune Belsvik har sagt ja til å være med på eit opplegg kor barn først blir kjend med forteljingane hans i vanlege eventyrstunder i biblioteket eller har lese dei sjølv. Etterpå kan dei bli meir kjend med både forteljingane og forfattaren via ein nettstad med mellom anna videosnuttar av intervju med Belsvik. Deretter får dei møte han live via videokonferanse ein plass i biblioteket som kanskje er blitt til eit ekte Dustefjertlandskap med tre... hole... puddingar... bekkelyd... og ein videokonferanseskjerm som plutseleg får liv?! Ein del av opplegget vil og vere ei vidare oppfølging, til dømes ein teiknekonkurranse kor teikningane publiserast på nettstaden og med forfattaren som dommar. Vi treng bibliotek som kan vere med på opplegget! Gi melding til Lena Jensen om dette er noko for ditt bibliotek! Sjølv om det ikkje blir live møte med forfattaren i alle biblioteka, kan ein jo vere med å arrangere Dustefjertveke i sitt bibliotek! Den blir i veke 44 eller veke 45.!"# Sommaren kan vere ei fin tid å arbeide med nettstadane sine. I juli er det mogleg å nytte høve til å sitte på fylkesbiblioteket og arbeide med sidene sine og få hjelp når ein treng det. Ta kontakt med Lena Jensen eller stikk rett og slett oppom ved høve. Vi ønskjer velkomen med tjukke FrontPagebøker og kaffi eller te (og i butikken i kjellaren finst der is)! 2

$#% Grøne øyer i havet det er eit dekkjande bilete på Orknøyane som ligg nord for det skotske fastlandet. Her er det lite fjell, men klipper og strender, og i jordbrukslandskapet er det tydelege historiske spor frå ulike busetnader gjennom 5.500 år. I eit gravkammer bygd for om lag 3500 år sidan, var vikingar inne og ripa grafitti på veggen, og der står det noko slikt som at Ingerbjørg er den vakraste kvinna. I ein lang periode etter vikingtida var øyane under norsk styre, heilt fram til 1468. Og framleis kan ein høyre norske innslag i språket og innbyggarane er bevisste sine røter. No bur det om lag 20.000 personar fordelt på 18 øyar, med sentrum i to mindre byar; hovudstaden Kirkwall og Stromness. Hordaland fylke har eit venskapssamarbeid med Orknøyane, og fylket har kjøpt hyller til biblioteket i det nye St. Magnus Centre. Chief Librarian Mr. Robert Leslie ved Orkney library i Kirkwall ønskjer seg eit norsk venskapsbibliotek, og gjerne frå ein stad med historiske røter. I nummer 3/02 av Bok og bibliotek kan du lese om biblioteket han er leiar for.. Forslag til venskapsbibliotek kan sendast: drognero@online.no og nettsida www.orkney.org gir meir informasjon om Orknøyane.!&' Ruth Ørnholt, Eva Mostraum og Lena Jensen ved fylkesbiblioteket var på studietur i Vest-Sverige i mars. På fire innhaldsrike dagar fekk vi med oss møte med kollegaer ved Regionbibliotek Västra Götaland, besøk i fleire spesielle og ulike typar bibliotek, og til slutt bibliotekkonferansen i Halmstad. Oss fylkesbibliotek i mellom Vi starta ved Göteborg Stadsbibliotek http://www.stadsbiblioteket.goteborg.se/ som huser ein del av Regionbibliotek Västra Götaland http://www.bibl.vgregion.se/. Regionbiblioteket dekkjer tre fylke og har kontor i Boräs og Skara i tillegg til Gøteborg. På mange område arbeider dei på same måte som vårt fylkesbibliotek, difor var det svært interessant å møte dei tilsette og utveksla erfaringar om ulike prosjekt. Mellom anna fekk vi høyre om skolebibliotekprosjektet Helvetesgapet http://www.helvetesgapet.to/, 110% http://www.bibl.vgregion.se/t/index.htm - et prosjekt om tilgjengelighet til alle kulturinstitusjonar for menneske med ulike typar funksjonshemming, og om prosjektet Barnens bibliotek http://www.bibl.vgregion.se/barn/index.htm for auka lese- og skrivelyst for barn. Göteborg Stadsbibliotek Mens sjefane diskuterte samarbeidsprosjekt, fekk konsulentane omvisning i Stadsbiblioteket og let seg imponere av mellom anna den omfangsrike lydboksamlinga. I Talboksavdelingen er og fine løysingar for synshemma, dyslektikarar og andre lesesvake grupper. I Läs och skrivstugan kan personar med ei eller annan form for lese- og skrivevanske få hjelp til å bruke program som til dømes overfører tekst til punktskrift eller leser opp det som blir skriven. Ein annan avdeling vi la godt merke til, var Medborgartorget for offentleg informasjon. Dei store offentlige tenestene er samla på ein nettstad; http://www.medborgartorget.nu/ og ein fast medborgarguide er tilgjengeleg for å finne fram i informasjonen om saker som arbeidsformidling, forsikring, skatt, pensjon og studielån. Torget har eigne maskinar kor ein berre kan gå inn på nettstaden med offentlig informasjon, med utskriftsmoglegheit (små utskriftar direkte frå terminalen). Her blir og arrangert foredrag om ulike emne ved jamne mellomrom som er godt besøkt. Göteborg Stadsbibliotek er eit levande bibliotek med brukarar i alle aldersgrupper med mange ulike behov. Elektronisk kølappsystem på dei mest folksame avdelingane sørgjer for at besøkande kan trekkje ein kølapp og vandre litt rundt medan dei ventar på å få hjelp. 3

Bättre tilsammans Frå Gøteborg gjekk turen til Mölnycke bibliotek, eit nytt kombinert folke- og vidaregåande skulebibliotek i Härryda kommune. Den vidaregåande skulen ligg rett ved biblioteket. Skulebibliotekarane arbeider tett med lærarane og aktivitetane i biblioteket er ein fullstendig integrert del av læringa. Sterkt og velutvikla samarbeid pregar heile dette biblioteket. Brukarane nyt godt av at folke- og skulebibliotekarane arbeider side om side og tilfører kvarandre kompetanse. http://www.harryda.se/net/startsida/kultur/bibliotek/ Skolverket og Statens kulturråd i Sverige står bak Allas bibliotek en idébok om at integrera bibliotek. Her finst gode idear og tips til korleis det er mogleg å skape bibliotek for alle innbyggjarane i ein kommune, og korleis biblioteket kan vere senter for livslang læring. Vi har eit eksemplar til utlån, og publikasjonen kan bestillast frå Statens kulturråd i Sverige: http://www.kur.se Vår trevliga og kunnskapsrike guide Bengt Källgren frå Regionbibliotek Västra Götaland i Mölnycke bibliotek. Aktivt folkebibliotek Deretter besøkte vi folkebiblioteket i Bollebygd http://www.bollebygd.se/biblioteket/index.html. Bollebygd er ein stille kommune med om lag 8000 innbyggjarar og biblioteket ligg litt avsides i ein gamal villa. Biblioteket har ein sterk plass i kommunen sjølv om dei for tida er utan biblioteksjef. Huset er innreidd med eigne små salar for utstillingar og arrangement som blir mykje brukt. Biblioteket er kjend for å ha mange arrangement og aktivitetar på gang, og dei lagar sin eigen informasjonsavis med arrangementskalender. Fyrtårnet I Küngsbacka fekk vi oppleve det storslagne kulturhuset Fyren som blei Årets bibliotek 2001 2002 i Sverige. Dette er verkeleg eit fyrtårn av eit kulturhus og eit bibliotek med eit yrande liv i kvar krok og ein fantastisk arkitektur. Biblioteksjefen viste oss rundt og fortalde om aktivitetane og prosjekta i biblioteket. For kvar ny dør ho opna strøyma det ut musikk, dans, teater, spel og liv av noko slag. Huset er stort og innbydande innreidd, med kreative og fleksible løysingar som gjer at det kan brukast til så mykje forskjellig. Fyren er verkeleg fantasirikt, ytigt, roligt, engagerat og nytänkande! http://www.kungsbacka.se/index.asp?id=5 Ljus, upplysning og vägledning ska fylla huset liksom munterhet, gyckel og spratt! Halmstadkonferansen Dei to siste dagane deltok vi på Halmstadkonferansen 2002 med tittelen 50 miljoner kan inte ha fel http://www.lansbibliotek.halland.net/halmstadkonferensen/. Dette er ein årleg bibliotekpolitisk konferanse med nordisk profil. I år var det ein liten norsk delegasjon der, men ingen danskar på grunn av møtekollisjon. Ein tredjedel av dei om lag 300 deltakarane var politikarar. Tema som blei teke opp var mellom anna biblioteka si framtid i det integrerte samfunnet og i kunnskapssamfunnet. Det blei og diskutert kva for kompetanse framtidas bibliotekar må ha og korleis vi kan sikre tilgangen til den rette kompetansen. Ein stor del av den andre dagen blei brukt til ein paneldebatt med tittelen Medborgaren, biblioteket och politiken med deltakarar frå dei politiske partia. 4

Vidare samarbeid Som eit resultat av denne studieturen, vert det no planlagd eit nordisk samarbeidsprosjekt med røter i NÆRINETT. I juni var mellom anna Förvaltningschef for Regionbibliotek Västra Götaland, Lena Skoglund, på besøk her. Ho og dei andre gjestane hadde møte med Europakontoret og prosjektleiinga for NÆRINETT. Ruth Ørnholt er dessutan med i arrangementskomiteen for Halmstadkonferansen til neste år. Sjå fleire bilete frå turen i nettutgåva av Emne-ord : http://www.hordaland-f.kommune.no/fylkesbibl/emne-ord/2002/2.htm $()*+ Tiltak 2.3 i Fylkesplan for Hordaland 2001-2004 handlar om Brukarvenlege offentlege tenester servicekontor. Fylkesbiblioteket v/dokumentasjonssenteret er involvert i gjennomføringa av tiltaket, der vi skal sjå på fylkeskommunal involvering og informasjon i dei kommunale servicekontora. Det er politisk semje om effektivisering av offentleg sektor på alle nivå. Administrasjons- og arbeidsdepartementet legg sterke føringar for oppretting av offentlege servicekontor i alle kommunar innan utgangen av 2003. Statskonsult er den statlege institusjonen som skal hjelpe med tilrettelegging og informasjon. Lokale statlege kontor, til dømes arbeidskontor, likningskontor og trygdekontor blir lagt ned i mange kommunar og sentraliserte. For å sikre lokal og enkel tilgang for brukarane, kan kommunane etter behov velje kva for statlege tenester dei ønskjer å samordne med eigne lokale tenester. Meininga er å lette tilgjenge for brukarane slik at dei får ein stad å vende seg, eller eitt telefonnummer å ringje for førstehjelp. Det dreier seg om ein fysisk stad med kvalifiserte førstelinefolk eller generalistar. Det dreier seg også om tilgjenge til offentleg informasjon på internettet og rettleiing for å finne fram rett svar. Det seier seg sjølv at ein må stille strenge krav til kvalitet. Det er fleire nivå på slike tenester etter kompleksitet, som Statskonsult kallar tenestetrappen. På www.servicekontorer.no finn de forklaringar på dei einskilde nemningar og på trinna i tenestetrappen, samt ein oversikt over kommunar som er i gang og kva trinn dei er på i dag. Der servicekontor er prøvt ut, viser det seg at heile 80% av spørsmåla frå brukarane kan handterast i slike førstelinetenester. I Randaberg kommune www.randaberg.kommune.no - har dei samlokalisert og integrert servickontoret i folkebiblioteket med stor suksess. Furuset filial av Deichmanske bibliotek http://www.bydel-furuset.oslo.kommune.no - er eit anna døme på vellukka sameksistens. I kommunar der ein syslar med planar om etablering av offentlege servicekontor, kan det vere ein god idé for folkebiblioteket å hengje seg på. Ein bør i alle fall sjå på, gjerne greie ut og vurdere kva for moglegheiter som ligg i dette konseptet for biblioteket. Fylkeskommunen/Dokumentasjonssenteret kan gjerne stille opp og bidra med informasjon, rettleiing og råd, dersom de ønskjer det. Ta kontakt med siri.sjursen@hordaland-f.kommune.no. Presentasjonen hennar frå Eidfjord ligg her:http://www.hordaland-f.kommune.no/fylkesbibl/kurs/6preseidfj.htm 5

Fylkeskommunen har kapasitetsproblem på arbeid med web, og dessverre har omlegginga til det nye domenet bibliotekivest.no ikkje gått som planlagd. Dette medfører at Biblioteknett Hordaland og ein del andre nettstader ikkje lar seg oppdatere før omlegginga blir fullført over sommaren. Dei fleste av folkebiblioteka sine stader er ferdig. Sjå lista over dei nettstadane som ikkje kan oppdaterast: http://www.hordaland-f.kommune.no/fylkesbibl/bibliotekivest.htm Her er meir informasjon om omlegginga til nye domenenamn: http://www.hordaland-f.kommune.no/fylkesbibl/domene.htm," Kurs og samlingar som fylkesbiblioteket planlegg for hausten: Følg med på fylkesbiblioteket si heimeside for oppdatert oversikt over tid/stad osv.!!-./0 Fylkeskommunal informasjon til tilsette/potensielt tilsette i OSK Biblioteket går til filmen $,.$0 Åndsverklov og kjeldekritikk 25.- 26. Bibliotekleiarmøte i samband med Kulturkonferansen Veke 44 eller 45: Dustefjertveka $1/0 I samband med forfattarsleppet: Lyrikkformidling (samarbeid med NBF-Hordaland) Heimesideverkstader 28. Norsk Barnebokforum presenterer årets bøker for barn.!/0 Marc-katalogisering Heimesideverkstader! På grunn av for få påmelde, vert det ingen studietur til Malmö og København i haust i regi av NBF, avdeling Hordaland. Styret ønskjer tilbakemeldingar på opplegget for den planlagde turen og om medlemmene har andre ønskjer for studieturar i framtida. Ta gjerne kontakt med Liv Glasser: liv.glasser@ub.uib.no eller Lena Jensen: lena.jensen@hordaland-f.kommune.no Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) får med jamne mellomrom lydbøkene feil tilsendt via folkebibliotek. Anten fordi lånarane har levert dei der ved ein feil, eller fordi lånet har gått gjennom biblioteket. Dei ønskjer å gjere biblioteka merksame på at bøkene deira regnast som blindeskrift, og kan dermed sendast gratis i posten. Det er berre å snu adresselappen på eska, og ikkje nødvendig å sende eskene som Norgespakke eller bunte dei saman. http://www.nlb.no/ 2 Trude Bendiksen ved Fjell folkeboksamling var blant dei heldige som fekk innvilga søknaden om stønad frå Statens bibliotektilsyn til å studere halvårseininga Biblioteket som læringsarena ved Høgskolen i Bergen. Studiet startar opp hausten 2002. Ti stipend blei delt ut til saman, og det var tre søkjarar frå Hordaland. Sjå nettstaden til det spanande Bibliotek-, dokumentasjons-, og informasjonsstudiet som denne eininga inngår i: http://home.hib.no/bibliotek/bdi/ 6

# Depotbiblioteket ved Nasjonalbiblioteket i Rana vil få nytt automatlager for samlingane i juli 2003. Det nye lageret skal gje ei ein meir effektiv depotfunksjon, og vil bli eit sentralt ledd i ABM-sektoren. Artikkelkopitenesta blei som kjend stengd frå 1. april. I samband med den fysiske overføringa av samlingane til det nye bygget, blir utlånstenesta stengd 1. oktober 2002. Dei ber om at ein prøver så langt det er mogleg, å styre lånebestillingar andre plassar enn til depotbiblioteket fram til flyttinga. http://www.depotbibliotek.no 0 Riksbibliotektjenesten og Statens bibliotektilsyn har i fellesskap tatt initiativ til å opprette eit referanseutval for fjernlån. Referanseutvalet skal arbeide for eit effektivt og koordinert samarbeid mellom bibliotek om fjernlån og kopitenester ved å: Følgje utviklinga nasjonalt og internasjonalt Ta initiativ til samordne tiltak mellom dei ulike bibliotektypane Ta ansvar for løypande vurdering, eventuelt oppdatering og revisjon av "Felles retningslinjer for fjernlån og kopitjenester" Arbeide for hensiktmessig og koordinert innsamling av statistikk og bruk av felles standardar Spreie informasjon om referanseutvalets arbeid Medlemmene i utvalet representerer ulike bibliotektypar, og Trude Bendiksen som er biblioteksjef for Fjell folkeboksamling er eit av medlemma. http://www.bibtils.no / http://www.rbt.no 345#5##%3 Det var over femti deltakarar på seminaret om formidling til barn og unge som Statens bibliotektilsyn arrangerte i Bergen 15. mai. Anne Liv Tønnessen, førstekonsulent ved Rogaland fylkesbibliotek, hadde foredrag om prosjektet Troll i ord http://www.trolliord.org/ og Hanne Dahll-Larssøn, bibliotekar i ungdomsavdelinga ved Kristiansand folkebibliotek, fortalde om deira erfaring med brukarmedverknad i biblioteket og om prosjektet Etisk prosess. Evalueringa syner at deltakarane var svært nøgd med arrangementet, og meinte dei fekk gode, konkrete tips med seg heim til sitt bibliotek.! Statistikk for folke- og skulebiblioteka i Hordaland er ferdig og sendt ut. Statistikken for folkebiblioteka er lagt ut på fylkesbiblioteket sin nettstad: http://www.hordaland-f.kommune.no/fylkesbibl/statistikk/2001/folkebibliotek.htm -"# Fylkesdelplan for biblioteka i Hordaland 2002-2005 blei handsama i Komité for kultur og helse 17.04, og er no ute på høyring. Høyringsutkastet ligg her: http://www.hordaland-f.kommune.no/fylkesbibl/planer/plandokument.htm Den politiske handsama er venta å vere ferdig i løpet av oktober. 6 Fylkesbiblioteket har fleire eksemplar av Folkebibliotektenesta. IFLA/UNESCOs retninglinjer for utvikling. Statens bibliotektilsyn har fått den omsett frå engelsk, og publikasjonen erstattar Guidelines for public libraries frå 1986. Ta kontakt om de treng eit eksemplar! 7

Hordaland fylkesbibliotek Ruth Ørnholt er tilsett som fylkesbiblioteksjef frå juni 2002. Kvinnherad folkebibliotek Ágúst Magnussón er tilsett som ny biblioteksjef frå august 2002. Radøy folkeboksamling Stillinga som biblioteksjef er enno ledig, etter at stillinga blei lyst ut i mars. Austrheim folkebibliotek Kommunestyret i Austrheim har vedteke å bygge Austrheim Torg, eit felles kommune- og service bygg som skal huse mellom anna bibliotek, helsesenter, kommuneadministrasjon, offentleg servicekontor og skatteetaten. http://www.austrheim.kommune.no/planar/kommunehus.htm I ein tidleg framdriftsplan satsa ein på at bygget skulle vere ferdig hausten 2003, men dette har ein gått bort frå. Austrheim Torg har ei økonomisk ramme på 41 millionar. 1# ' % Animasjonane av Rune Belsvik i dette nr. av Emne-ord er laga på Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen Hordaland fylkesbibliotek, Pb. 7900, 5020 Bergen Tlf. 5523 9376, Fax 5523 9379 http://www.hordaland-f.kommune.no/fylkesbibl/ e-post: fbib@hordaland-f.kommune.no Fjernlånet, Tlf. 5532 3688, Fax 5531 7277 e-post: fjernlan@bergen.folkebibl.no Redaktørar for denne utgåva av Emne-ord : Lena Jensen og Helge Skurtveit 8

9