RAPPORT VEILEDNING. Klimatilpassing 2011. Klimatilpassing i kommunar, i fylkeskommunar og blant fylkesmenn



Like dokumenter
RAPPORT VEILEDNING. Klimatilpasning Klimatilpasning i kommuner, fylkeskommuner og blant fylkesmenn

Rapport. Klimatilpasning Klimatilpasning i kommuner, fylkeskommuner og blant fylkesmenn

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

RAPPORT VEILEDNING. Kommuneundersøkinga Status for samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i kommunane

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Til deg som bur i fosterheim år

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Øving Fårikål Oppsummering. Krisehandteringsøving for kommunane i Møre og Romsdal Måndag 29. september Fylkesmannen i Møre og Romsdal Adm


Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

HORDALANDD. Utarbeidd av

Kartlegging av verksemder som søkjer driftstilskot frå Hordaland fylkeskomme

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Kartlegging av rammevilkår

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a

ROS-analyse til reguleringsplan

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Overvasshandtering og klimatilpassing i norske kommunar

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Brukarrettleiing E-post lesar

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Rapport frå tilsyn med samfunnstryggleik og beredskap i Hå kommune 17. april 2015

IKT-kompetanse for øvingsskular

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss.

Brukarrettleiing. epolitiker

frå møte i gjetarhundnemnda til Nsg tysdag 6. desember 1994 på lagskontoret i Parkveien 71.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Aurland kommune Rådmannen

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Styresak. Styresak 014/06 B Styremøte

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Eksamen REA3028 Matematikk S2. Nynorsk/Bokmål

Aust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre v/fylkessekretær Jan Kløvstad Kongens gate Kristiansand. Førde, 14.

Samansette tekster og Sjanger og stil

Lønnsundersøkinga for 2014

Rumenske og norske studentars bruk av bibliotek og ressursar.

Forslag frå fylkesrådmannen

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Opplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste

Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte.

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Transkript:

11 RAPPORT VEILEDNING Klimatilpassing 2011 Klimatilpassing i kommunar, i fylkeskommunar og blant fylkesmenn

Utgitt av: Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) 2011 ISBN: 9788277682655 Grafisk produksjon: Erik Tanche Nilssen AS, Skien

KLIMATILPASSING 2011 Klimatilpassing i kommunar, i fylkeskommunar og blant fylkesmenn

Innhold INNLEIING...3 Tema...3 Disposisjon...3 Datagrunnlag...3 Analyse...4 RISIKO OG SÅRBARHEITSANALYSAR (ROS)...5 Konsekvensar for ansvarsområda i dag og på sikt...5 Er det utarbeidd ROS?...7 PLANARBEID, TILTAK OG STRATEGI...9 Innlemming i planverket for verksemda...9 Behov for endringar i kriseplanverk... 10 Tiltak i samband med arealforvaltning og avgrensing av naturskadar... 11 Bekymring for eiga evne til å handtere konsekvensar... 13 Tilpassing i klima og energiplanen... 14 Utvikling av ein heilskapleg strategi... 15 Kommunisering til omverda... 16 Dedikert personell... 17 KUNNSKAP, OPPLÆRING, SAMARBEID OG HJELPEMIDDEL... 19 Behov for meir kunnskap... 19 Kurs og samarbeid med andre instansar... 20 Bruk av nettportalen klimatilpasning.no... 23 Bruk av forsking, ulike nettsider og andre ressursar... 24 HOVUDTREKK OG OPPSUMMERING... 25 Oppsummering av svara frå kommunane... 26

INNLEIING Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har for andre gong g jennomført ei undersøking om klimatilpassing med tanke på framtidige klimaendringar i Noreg. Siktemålet med undersøkinga er å få oversikt over korleis kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn g jennomfører klimatilpassing i verksemda si. Undersøkinga er ein del av den satsinga på klimatilpassing som reg jeringa har sett i gang, under leiing av Miljøverndepartementet og med sekretariat lagt til DSB. Synovate (tidlegare MMI) har stått for datainnsamling og analyse av resultata. Tema Grunnlaget for undersøkinga er 18 spørsmål som er stilte til kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn. Dei fleste spørsmåla er dei same som då undersøkinga blei gjennomført for første gong i 2007, men det er òg inn nokre nye spørsmål i år. Spørsmåla dekkjer i hovudsak tre område: 1. Vurdering av sårbarheit med tanke på konsekvensar av framtidige klimaendringar. 2. Planarbeid, tiltak og strategiar i samband med tilpassing til klimaendringar. 3. Kunnskapsbehov i dei ulike forvaltningsnivåa og bruk av kurs, opplæring, samarbeid og andre hjelpemiddel i arbeidet med tilpassing til framtidige klimaendringar. Under kapittelet om risiko og sårbarheitsanalysar (ROS) er desse temaa tekne opp: 1. Vurderingar av om klimaendringar får konsekvensar for ansvarsområda til verksemda. 2. Om det er utarbeidd ROS på området. Under kapittelet om planarbeid, tiltak og strategi blir desse temaa tekne opp: 1. Om saksområdet er innarbeidd i planverket for verksemdene. 2. Tiltak i samband med arealforvaltning og avgrensing av naturskadar. 3. Om tilpassing til framtidige klimaendringar er tekne inn i klima og energiplanen, og om det er utvikla ein heilskapleg strategi på området. 4. Kommunisering ut til omgivnadene. 5. Om det finst dedikert personell som arbeider med problemstillingane. Under kapittelet om kunnskap, opplæring, samarbeid og hjelpemiddel blir desse temaa tekne opp: 1. Kunnskapsbehov. 2. Om verksemdene nyttiggjer seg kurs/opplæring og samarbeid med andre. 3. Om verksemdene bruker nettportalen klimatilpasning.no. Disposisjon Under kvart tematiske område ser vi først på dei svara kommunane har gitt på spørsmåla. Deretter vurderer vi eventuelle forskjellar mellom kommunar. Vidare samanliknar vi svara frå kommunane med svara frå fylkeskommunar og fylkesmenn, altså dei andre forvaltningsnivåa. Vi samanliknar tala for i år med resultata frå 2007 på likelydande spørsmål og kommenterer vesentlege endringar over tid. Vi gjer merksam på at ein bør vise ei viss varsemd ved samanlikningar over tid, fordi det er brukt litt ulike datainnsamlingsmetodar ved dei to undersøkingane. Datagrunnlag Dataa er innhenta ved at spørjeskjemaet er tilrettelagt for utfylling på Internett. Vi hadde ikkje tilgang til epostadressene til relevante respondentar i undersøkinga, og etter ønske frå DSB sende vi derfor epost til postmottak i alle kommunar og fylkeskommunar og hos alle fylkesmenn. Eposten inneheldt ei passordverna lenkje til undersøkinga og ein oppmoding til postmottaket om å sende undersøkinga (eposten) vidare til desse relevante instansane i kvar verksemd:

Kommunen: rådmann eller arealplanleggjar Fylkeskommunen: regionalavdeling eller planavdeling Fylkesmannen: beredskapsavdeling eller planavdeling I 2007 var framgangsmåten noko annleis. Då fekk rådmennene i alle kommunar og fylkeskommunar og alle fylkesmenn brev med spørjeskjema og svarkonvolutt vedlagde, og med informasjon om at det var høve til å svare elektronisk. I undersøkinga i år blei postmottaket altså bedt om å sende eposten vidare til to moglege instansar. Det inneber at vi i praksis opna for minst to svar frå same instans. Ein dublettsjekk av dataa viste at vi hadde 41 dublettar i basen. Ved datavasken gjorde vi det då slik at vi beheldt det sist innkomne svaret. Datainnsamlinga varte frå 22. mars til 14. april 2011. I denne perioden blei det også sendt ut ei påminning per epost til alle kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn (via postmottaket som ved første utsending). Ved første gjennomsyn av databasen kom det fram at det var mangelfulle svar frå 21 instansar. Fleire av spørsmåla mangla svar, blant anna spørsmålet som identifiserer kva for verksemd som har svart. Årsaka viste seg å vere at eit virusprogram hos somme respondentar sette i verk ein sjekk av om undersøkinga vår kunne vere eit virus. Virussjekken førte til at enkelte opplysningar blei nulla ut mens sjekken heldt på. Blant anna mangla det informasjonen om passord, slik at vi ikkje kunne identifisere nøyaktig kva for instansar det gjaldt. I samråd med DSB blei vi samde om at Synovate skulle ta telefonisk kontakt med fylkeskommunar og fylkesmenn som vi ikkje hadde registrert svar frå, for å avklare om dei kunne ha blitt ramma av virussjekken. Dei som sa dei hadde svart på undersøkinga, blei bedt om å svare på nytt, sidan det første svaret deira var mangelfullt. Dei fekk valet mellom å svare over telefon eller via den passordverna lenkja. I alt blei sju fylkesmenn kontakta, og av dei oppnådde vi nye svar frå seks instansar. Vi enda med 17 svar frå fylkesmenn, ein svarprosent på 94,4 prosent. Vi tok telefonisk kontakt med åtte fylkeskommunar. Her var det langt meir krevjande å identifisere kven som kunne ha sendt inn svar på undersøkinga (kven som hadde fått undersøkinga tilsend frå postmottak). Sju av instansane kunne ikkje hugse kven som hadde fått undersøkinga, og/eller om undersøkinga var motn. Ein av instansane kunne stadfeste at dei hadde late vere å svare på undersøkinga. Vi oppnådde to nye svar og enda med til saman 12 svar frå fylkeskommunane, ein svarprosent på 66,7. Talet på utsende skjema Svarprosent før oppfølging* Svarprosent etter oppfølging* Talet på svar etter oppfølging* Fylkesmenn 18 61, 94,4 % 17 Fylkeskommunar 18 55,6 % 66,7 % 12 Kommunar 430 51,6 % 51,6 % 222 *) Gjeld berre fylkeskommunar og fylkesmenn. Kommunane var ikkje inkluderte i oppfølginga. Tabell 1: Oversikt over svarprosent Blant kommunane enda vi med 222 svar, ein responsrate på 51,6 prosent. Ved analysar av dataa blei basen på 21 ukomplette svar halden utanfor. Sidan vi frå denne basen kan trekkje frå dei ni nye svara, står vi igjen med 12 ufullstendige svar. Det inneber at svarprosenten vi har rekna ut for høvesvis kommunar og fylkeskommunar, er noko lågare enn han ville vore om vi hadde kunna rekne med dei mangelfulle svara. Til slutt sat vi igjen med til saman 251 svar, ein responsrate på 53,6 prosent. Vi meiner at dette er ein akseptabel svarprosent, og at hovudtala i undersøkinga gir eit truverdig bilete av korleis forvaltingsnivåa i 2011 tilpassar seg framtidige klimaendringar. Ved tolking av resultata frå fylkeskommunar og særleg kommunar, må ein sjølvsagt ha i mente at ikkje alle har svart. Analyse I analysen av resultata har vi brote hovudresultata ned på ulike relevante bakgrunnsvariablar, slik at vi kan studere forskjellar mellom ulike typar kommunar. Vi har sett på bivariate samanhengar (krysstabellar) for å forklare spreiinga i svara. Desse kan studerast nærmare i tabellverket som er vedlagt denne rapporten. Dataa er analyserte etter desse variablane: 1. Landsdel kva for landsdel kommunen ligg i, under dette Austlandet, Vestlandet, MidtNoreg og NordNoreg (Agderfylka er delte mellom Austlandet og Vestlandet). 2. Kommunetype kva for hovudnæringsgrunnlag kommunen har, under dette primærnæring, industri, mindre tenesteytande og stor tenesteytande. 3. Kommunestorleik målt ved innbyggjartal, inndelt i 1 4 999 innbyggjarar, 5 000 9 999 innbyggjarar, 10 000 19 999 innbyggjarar og 20 000 innbyggjarar og meir. 4

RISIKO OG SÅRBARHEITSANALYSAR (ROS) I dette kapittelet g jer vi greie for korleis dei ulike forvaltningsnivåa vurderer eigen sårbarheit med tanke på dei venta klimaendringane. Først undersøkjer vi korleis forvaltningsnivåa vurderer konsekvensane for ansvarsområda sine i dag og på sikt, og deretter ser vi på om dei har utarbeidd ROS på området. Konsekvensar for ansvarsområda i dag og på sikt I 2011 meiner to av tre kommunar at klimaendringar har konsekvensar for kommunens ansvarsområde i dag. 60 prosent svarer at det gjeld i noka grad, mens sju prosent seier det gjeld i stor grad. Resultatet tilsvarer situasjonen i 2007. Det er ein viss auke i prosentdelen som meiner at klimaendringar har konsekvensar, men denne auken er ikkje stor nok til å vere statistisk signifikant. Samanlikna med dei som meiner klimaendringar har konsekvensar i dag, er det litt fleire som meiner at endringane vil få konsekvensar på sikt. Til saman 80 prosent meiner dette gjeld i noka eller i stor grad, og det tilsvarer utfallet i 2007. For begge spørsmåla om konsekvensar for ansvarsområda er tendensen at prosentdelen som svarer i stor grad, er redusert over tid. Forskjellar mellom kommunane I gjennomsnitt svarer 67 prosent av alle kommunane at klimaendringar i noka grad eller i stor grad har konsekvensar for ansvarsområda til kommunen i dag. Vi ser enkelte forskjellar mellom kommunetypane. Den største prosentdelen som meiner dette har konsekvensar i dag, finn vi blant industrikommunar (80 prosent) og større tenesteytande kommunar (77 prosent). Den lågaste prosentdelen finn vi i primærnæringskommunane, der rundt halvparten meiner det har konsekvensar i dag. Vi ser noko mindre variasjon mellom kommunetypane når det gjeld vurderinga av konsekvensar på sikt. Her skil primærnæringskommunane seg ut med den største prosentdelen som svarer at dei i lita grad eller ikkje i det heile ventar konsekvensar på sikt (32 prosent mot 19 prosent i snitt). 1. Meiner de at klimaendringar har konsekvensar for ansvarsområda til verksemda i dag? 7 6 5 4 2 15 % 7 % 47 % 6 31 % 29 % 3 % 3 % 3 % 2007 2011 Figur 1. Konsekvensar for ansvarsområda til verksemda i dag. Kommunar 2007 og 2011. N = 283 og 222 5

7 6 5 4 2 2. Er det venta at framtidige klimaendringar får konsekvensar for ansvarsområda til verksemda på sikt? 26 % 14 % 55 % 66 % 14 % 18 % 1 % 1 % 4 % 2007 2011 Figur 2. Konsekvensar for ansvarsområda verksemda på sikt. Kommunar 2007 og 2011. N = 283 og 222 100% 90% 80% 70% 60% 40% 30% 20% 33% 33% 35% 14% 26% 58% 7% 56% 83% 15% 41% 47% 60% 61% 66% 67% 59% 55% 42% 42% 33% 47% 17% 2007 2011 2007 2011 2007 2011 2007 2011 2007 2011 2007 2011 Kommunar Fylkeskommunar Fylkesmenn Kommunar Fylkeskommunar Fylkesmenn 1. Meiner de at klimaendringar har konsekvensar for ansvarsområda til verksemda i dag? I noka grad 2. Er det venta at framtidige klimaendringar får konsekvensar for ansvarsområda til verksemda på sikt? I stor grad Figur 3. Forskjellar mellom forvaltningsnivåa. Kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn. N = 222, 12 og 17 Vi ser ein tendens til at dess fleire innbyggjarar ein kommune har, dess meir sannsynleg er det at han meiner klimaendringar har konsekvensar for ansvarsområda til kommunen så vel i dag som på sikt. Oppsummert kan vi seie at det ikkje er dramatiske forskjellar kommunane imellom, men at store kommunar stadfestar konsekvensar av klimaendringar i større grad enn mindre kommunar. Forskjellar mellom forvaltningsnivåa Fylkeskommunane og fylkesmennene opplever/ventar konsekvensar av klimaendringar i noka større grad enn kommunane. 92 prosent (50 + 42 prosent) av fylkeskommunane og 94 prosent (35 + 59 prosent) av fylkesmennene, mot 67 prosent av kommunane, rapporterer at klimaendringar i noka eller stor grad har konsekvensar for ansvarsområda deira i dag. 6

Vidare svarer 100 prosent (58 + 42 prosent) av fylkeskommunane og 88 prosent (41 + 47 prosent) av fylkesmennene at klimaendringar i noka eller stor grad vil få konsekvensar på sikt, mot 80 prosent av kommunane. Vi fann tilsvarande forskjellar i 2007, og vi ser ingen nemneverdige endringar over tid. Det er altså store forskjellar i haldninga til om klimaendringar vil få konsekvensar både i dag og på sikt, mellom kommunar på den eine sida og fylkeskommunar og fylkesmenn på den andre. Er det utarbeidd ROS? Vi har sett at eit fleirtal av kommunane meiner klimaendringar har konsekvensar både i dag (67 prosent) og på sikt (80 prosent). Det er ikkje fullt så mange som seier dei har utarbeidd risiko og sårbarheitsanalyse (ROS) på området (54 prosent). Til saman 42 prosent rapporterer at dei ikkje i det heile (17 prosent) eller i lita grad (25 prosent) har utarbeidd ROS. Det er klart fleire i år enn i 2007 som seier at dei har utarbeidd ROS. Prosentdelen har auka signifikant frå 22 prosent til 54 prosent. 5 4 2 3. Er det utarbeidd risiko og sårbarheitsanalyse (ROS) i verksemda knytt til konsekvensar av framtidige klimaendringar? 4 % 9 % 18 % 45 % 25 % 47 % 17 % 1 % 3 % 2007 2011 Figur 4. Risiko og sårbarheitsanalysar i verksemda. Kommunar 2007 og 2011. N = 283 og 222 100% 90% 80% 70% 60% 40% 30% 20% 18% 9% 11% 11% 45% 53% 4% 33% 28% 18% 8% 2007 2011 2007 2011 2007 2011 Kommunar Fylkeskommunar Fylkesmenn 3. Er det utarbeidd risiko og sårbarheitsanalyse (ROS) i verksemda knytt til konsekvensar av framtidige klimaendringar? I noka grad I stor grad Figur 5. Forskjellar mellom forvaltningsnivåa. Kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn. N = 222, 12 og 17 7

Forskjellar mellom kommunane Det er færre kommunar i MidtNoreg (36 prosent) enn i andre landsdelar som har utarbeidd ROS (54 prosent i snitt). Større tenesteytande kommunar (77 prosent) og kommunar med 20 000 innbyggjarar eller meir (79 prosent) viser også til større aktivitet enn andre kommunar. Forskjellar mellom forvaltningsnivåa Fylkesmenn og kommunar har i større grad enn fylkeskommunane utarbeidd ROS. Det gjeld berre 8 prosent av fylkeskommunane mot 71 prosent av fylkesmennene og 54 prosent av kommunane. Utviklinga over tid viser at prosentdelen som har utarbeidd ROS, har auka for kommunar og fylkesmenn og minka for fylkeskommunane. Vi minner om at det er få svar i basen for fylkeskommunar og fylkesmenn, slik at svar frå éin instans åleine kan gi store utslag i prosent. Reint konkret var det fire instansar blant fylkesmennene som svarte i noka eller stor grad i 2007, mens det i år gjeld éin instans.

PLANARBEID, TILTAK OG STRATEGI I dette kapittelet skal vi sjå nærmare på om tilpassing til framtidige klimaendringar er inn i planverket for verksemdene, og om det er omsyn til slik tilpassing ved tiltak i samband med arealforvaltning og avgrensing av naturskadar. Vidare skal vi sjå på om verksemdene har utvikla ein heilskapleg strategi på området, og om dei har kommunisert til omverda at dei tek framtidige klimaendringar alvorleg. Til slutt i kapittelet ser vi på om det finst dedikert personell som arbeider med saksområdet. Innlemming i planverket for verksemda Eit nytt spørsmål i årets undersøking er om konsekvensar av framtidige klimaendringar er innarbeidde som ein del av planverket for verksemda. 58 prosent av kommunane stadfestar at dette er gjort i noka grad (47 prosent) eller i stor grad (11 prosent). Kommunar med 20 000 innbyggjarar eller meir og større tenesteytande kommunar skil seg frå gjennomsnittet med ein større prosentdel som har innlemma konsekvensar av framtidige klimaendringar i planverket (høvesvis 82 og 77 prosent). Forskjellar mellom forvaltningsnivåa Fylkesmennene har i noka større grad enn fylkeskommunar og kommunar innarbeidd konsekvensar av framtidige klimaendringar i planverket. 5 4 4. Er konsekvensar av framtidige klimaendringar innarbeidde som ein del av planverket for verksemda? 47 % 31 % 2 11 % 2011 1 % Vet ikkje/ikkje Figur 6. I kva grad konsekvensar av framtidige klimaendringar er innarbeidde i planverket. Kommunar 2007 og 2011. N = 283 og 222. 9

100% 90% 80% 70% 60% 40% 30% 20% 11% 24% 47% 58% 53% 2011 2011 2011 Kommunar Fylkeskommunar Fylkesmenn 4. Er konsekvensar av framtidige klimaendringar innarbeidde som ein del av planverket for verksemda? I noka grad I stor grad Figur 7. Forskjellar mellom forvaltningsnivåa. Kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn. N = 222, 12 og 17 Behov for endringar i kriseplanverk På spørsmål om det er behov for endringar i kommunens kriseplanverk på grunn av konsekvensar av framtidige klimaendringar, stadfestar halvparten av kommunane at det er eit slikt behov, mens 42 prosent gir uttrykk for det motsette. Utfallet er nokså likt resultatet i 2007, men det er litt færre som rapporterer om behov for endring i undersøkinga i år. Det er ingen store forskjellar mellom kommunane i spørsmålet om det er behov for endringar i kriseplanverket. Det einaste vi kan peike på, er at tenesteytande kommunar i noka større grad enn kommunar med andre næringsgrunnlag rapporterer om behov for endring. Forskjellar mellom forvaltningsnivåa Fylkeskommunane har størst behov for endringar i kriseplanverket (66 prosent i noka eller stor grad), mens behovet er klart minst hos fylkesmennene (36 prosent i noka eller stor grad). 6 5 4 2 13 % 5. Er det behov for endringar kriseplanverket i verksemda på grunn av konsekvensar av framtidige klimaendringar? 5 % 49 % 45 % 28 % 38 % 3 % 4 % 2007 2011 7 % 8 % Figur 8. Behov for endringar i kriseplanverk. Kommunar 2007 og 2011. N = 283 og 222 10

100% 90% 80% 70% 60% 40% 30% 20% 13% 33% 8% 5% 49% 67% 58% 45% 44% 12% 24% 2007 2011 2007 2011 2007 2011 Kommunar Fylkeskommunar Fylkesmenn 5. Er det behov for endringar i kriseplanverket i verksemda på grunn av konsekvensar av framtidige klimaendringar? I noka grad I stor grad Figur 9. Forskjellar mellom forvaltningsnivåa. Kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn. N = 222, 12 og 17 Tiltak i samband med arealforvaltning og avgrensing av naturskadar 65 prosent av kommunane har gjennomført tiltak i samband med arealforvaltning for å unngå utbygging av naturkatastrofeutsette område. 19 prosent har i lita grad gjennomført slike tiltak, mens sju prosent ikkje har gjennomført tiltak i det heile. Det er ingen nemneverdige endringar i praksisen i kommunane på dette området sidan 2007. Grafen under viser at halvparten av kommunane i noka eller stor grad har inn omsynet til framtidige klimaendringar der det er gjennomført tiltak for avgrense naturskadar. 14 prosent har ikkje inn dette omsynet. Når det gjeld tiltak i samband med arealforvaltning, ser vi igjen at dette er mest utbreidd i større tenesteytande kommunar og kommunar med innbyggjartal på over 20 000. Rundt 85 prosent av desse kommunane har gjennomført tiltak, mot eit snitt på 65 prosent for alle kommunar under eitt. 6. Har verksemda gjennomført tiltak i samband med arealforvaltning for å unngå at naturkatastrofeutsette område blir utbygde? 6 5 4 2 23 % 14 % 46 % 51 % 2 19 % 7 % 7 % 9 % 2 % 2007 2011 Figur 10. Tiltak i samband med arealforvaltning for å unngå utbygging av naturkatastrofeutsette område. Kommunar 2007 og 2011. N = 283 og 222 11

7. Er det omsyn til framtidige klimaendringar der det er gjennomført tiltak for å avgrense naturskadar (flaum, skred etc.)? 5 4 2 11 % 39 % 28 % 14 % 2011 9 % Figur 11. Omsyn til framtidige klimaendringar ved tiltak for å avgrense naturskadar. Kommunar 2007 og 2011. N = 283 og 222 Det er ingen større forskjellar kommunane imellom når det gjeld omsyn til framtidige klimaendringar der det er gjennomført tiltak for å avgrense naturskadar. Forskjellar mellom forvaltningsnivåa Fylkesmennene og kommunane har i klart større grad enn fylkeskommunane gjennomført tiltak i samband med arealforvaltning. I kommunane er resultatet i år omtrent det same som i 2007. Vi har ingen referansepunkt bakover i tid for fylkesmenn og fylkeskommunar, sidan desse forvaltningsnivåa ikkje fekk spørsmålet i 2007. Kommunane har i større grad enn fylkeskommunar og fylkesmenn omsyn til framtidige klimaendringar der det er gjennomført tiltak for å avgrense naturskadar. 100% 90% 80% 70% 60% 40% 30% 20% 23% 14% 46% 51% Spm. ikkje stilt 25% 24% 47% Spm. ikkje stilt 11% 39% Spm. ikkje stilt Spm. 18% ikkje 17% stilt 18% 2007 2011 2007 2011 2007 2011 2007 2011 2007 2011 2007 2011 Kommunar Fylkeskommunar Fylkesmenn Kommunar Fylkeskommunar Fylkesmenn 6. Har verksemda gjennomført tiltak i samband med arealforvaltning for å unngå at naturkatastrofeutsette område blir utbygde? I noka grad 7. Er det omsyn til framtidige klimaendringar der det er gjennomført tiltak for å avgrense naturskadar (flaum, skred etc.)? I stor grad Figur 12. Forskjellar mellom forvaltningsnivåa. Kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn. N = 222, 12 og 17 12

Bekymring for eiga evne til å handtere konsekvensar Det verkar som kommunane gjennom dei siste åra er blitt mindre urolege for om dei er i stand til å handtere konsekvensar av framtidige klimaendringar. I 2007 var halvparten av kommunane bekymra for det, mens det i år gjeld 34 prosent av kommunane. No er tre av fem kommunar lite bekymra, mot om lag tre av sju kommunar i 2007. Større tenesteytande kommunar er klart meir bekymra (69 prosent svarer i noka eller i stor grad) enn primærnæringskommunane (19 prosent svarer i noka eller i stor grad). Det er berre mindre forskjellar mellom kommunane basert på landsdel og innbyggjartal. Forskjellar mellom forvaltningsnivåa Bekymringa er større hos fylkeskommunane enn hos fylkesmenn og kommunar. Sett i forhold til 2007resultatet har som nemnt bekymringa i kommunane gått tilbake. Det same gjeld for fylkesmennene. Fylkeskommunane viser same nivå som i 2007. 6 5 4 2 8. Er verksemda bekymra for eiga evne til å handtere konsekvensar av framtidige klimaendringar? 4 % 41 % 39 % 52 % 9 % 5 % 6 % 5 % 2007 2011 Figur 13. Bekymring for eiga evne til å handtere konsekvensar av framtidige klimaendringar. Kommunar 2007 og 2011. N = 283 og 222 100% 90% 80% 70% 60% 40% 30% 20% 17% 8% 4% 56% 56% 12% 41% 30% 24% 2007 2011 2007 2011 2007 2011 Kommunar Fylkeskommunar Fylkesmenn 8. Er verksemda bekymra for eiga evne til å handtere konsekvensar av framtidige klimaendringar? I noka grad I stor grad Figur 14. Forskjellar mellom forvaltningsnivåa. Kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn. N = 222, 12 og 17 13

Tilpassing i klima og energiplanen I år er det stilt eit nytt spørsmål som kartlegg om det er inn tilpassing til framtidige klimaendringar som ein del av klima og energiplanen. Vi ser at 63 prosent av kommunane stadfestar at det er tilfellet. Til saman tre av ti kommunar rapporterer at dette er gjort i lita grad eller ikkje i det heile. Det er ingen store forskjellar kommunane imellom, men vi ser ein tendens til at kommunar i MidtNoreg ligg noko under gjennomsnittet når det gjeld tilpassing i klima og energiplanen, mens vestlandskommunar ligg noko over snittet. Forskjellar mellom forvaltningsnivå Kommunar og fylkeskommunar har i større grad enn fylkesmennene inn tilpassingar til framtidige klimaendringar i klima og energiplanen. 9. Er tilpassing til framtidige klimaendringar inn som ein del av klima og energiplanen 5 4 4 2 23 % 22 % 8 % 8 % 2011 Figur 15. Tilpassing til framtidige klimaendringar i klima og energiplanen. Kommunar 2007 og 2011. N = 283 og 222 100% 90% 80% 70% 60% 40% 30% 20% 23% 33% 18% 40% 33% 24% Kommunar Fylkeskommunar Fylkesmenn 9. Er tilpassing til framtidige klimaendringar inn som ein del av klima og energiplanen? I noka grad I stor grad Figur 16. Forskjellar mellom forvaltningsnivåa. Kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn. N = 222, 12 og 17 14

Utvikling av ein heilskapleg strategi Omtrent éin av fire kommunar har utarbeidd ein heilskapleg strategi for tilpassing til framtidige klimaendringar. Det inneber at dei fleste kommunar ikkje har nokon heilskapleg strategi på området (72 prosent). Landsdel har ikkje noko å seie for korleis kommunane svarer, men vi ser at større tenesteytande kommunar i klart større grad enn andre kommunetypar har utarbeidd ein heilskapleg strategi (46 prosent mot 24 prosent i snitt). Kommunar med 20 000 innbyggjarar eller meir (50 prosent) ligg òg klart framfor gjennomsnittet på dette området. På same måte som i 2007 er det altså eit mindretal som har utarbeidd ein heilskapleg strategi, men prosentdelen viser ei positiv utvikling, frå 10 prosent i 2007 til 24 prosent i år. I 2007 svarte heile 65 prosent «ikkje i det heile», mot 30 prosent i år. Forskjellar mellom forvaltningsnivå Fylkesmennene kan i større grad enn fylkeskommunar og kommunar vise til at dei har utarbeidd ein heilskapleg strategi på området. I år er det færre fylkeskommunar enn i 2007 som seier dei har utarbeidd ein heilskapleg strategi, mens kommunar og fylkesmenn viser motsett utvikling med auka aktivitet. 7 6 5 4 2 10. Har verksemda utarbeidd ein heilskapleg strategi for eiga tilpassing til framtidige klimaendringar? 2 % 5 % 8 % 19 % 23 % 42 % 65 % 1 % 5 % 2007 2011 Figur 17. Heilskapleg strategi for tilpassing til framtidige klimaendringar. Kommunar 2007 og 2011. N = 283 og 222 100% 90% 80% 70% 60% 40% 30% 20% 18% 11% 5% 2% 19% 22% 8% 24% 8% 8% 6% 2007 2011 2007 2011 2007 2011 Kommunar Fylkeskommunar Fylkesmenn 10. Har verksemda utarbeidd ein heilskapleg strategi for eiga tilpassing til framtidige klimaendringar? I noka grad I stor grad Figur 18. Forskjellar mellom forvaltningsnivåa. Kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn. N = 222, 12 og 17 15

Kommunisering til omverda Nytt av året er spørsmålet om verksemda har kommunisert til omverda at ho tek klimaendringar alvorleg. Her ser vi at KommuneNoreg deler seg på midten ved at 47 prosent har gjennomført kommunikasjonstiltak, mens 52 prosent i lita grad har gjort det. Det er særleg dei større tenesteytande kommunane (77 prosent) og dei største kommunane rekna i innbyggjartal (75 prosent) som kan vise til kommunikasjonstiltak. Forskjellar mellom forvaltningsnivå Fylkesmennene og fylkeskommunane svarer i større grad enn kommunane at dei har kommunisert til omverda at dei tek klimaendringar på alvor. 11. Har verksemda kommunisert til omverda (befolkning, andre verksemder og/eller styresmakter) at ho tek klimaendringar på alvor? 5 4 2 5 % 42 % 42 % 2011 1 % Figur 19. Kommunisering til omverda. Kommunar 2007 og 2011. N = 283 og 222 100% 90% 80% 70% 60% 40% 30% 20% 33% 65% 5% 42% 35% Kommunar Fylkeskommunar Fylkesmenn 11. Har verksemda kommunisert til omverda (befolkning, andre verksemder og/eller styresmakter) at ho tek klimaendringar på alvor? I noka grad I stor grad Figur 20. Forskjellar mellom forvaltningsnivåa. Kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn. N = 222, 12 og 17 16

Dedikert personell På spørsmålet om det finst dedikert personell i verksemda som arbeider med problemstillingar knytte til framtidige klimaendringar, rapporterer nærmare to av tre kommunar at dette ikkje er tilfellet (23 prosent svarer ikkje i det hele og 41 prosent svarer i lita grad). 35 prosent av kommunane rapporterer at dei har dedikert personell. Det er ingen større endringar sidan 2007, men det er blitt nokre fleire kommunar som stadfestar at det finst dedikert personell. Prosentdelen som svarer ikkje i det heile, har gått ned med signifikante 12 prosentpoeng. Mellom landsdelar er det ikkje store forskjellar, men næringsgrunnlaget og befolkningsstorleiken i kommunane gir store utslag. Størst forskjell kjem fram når ein analyserer etter næringsgrunnlag, for heile 93 prosent av større tenesteytande kommunar rapporterer at dei i noka grad (62 prosent) eller stor grad (31 prosent) har dedikert personell. Vidare finn vi ein tilnærma «lineær» samanheng mellom talet på innbyggjarar og om kommunen har dedikert personell. For eksempel rapporterer 29 prosent av kommunar med under 4 999 innbyggjarar at dei har dedikert personell, mens 68 prosent av kommunane med meir enn 20 000 innbyggjarar rapporterer det same. Forskjellar mellom forvaltningsnivå Fylkesmenn og fylkeskommunar rapporterer i større grad enn kommunane at dei har dedikert personell som jobbar med dette området. Prosentdelen hos fylkesmennene som rapporterer dette, har auka sidan 2007, mens prosentdelen for dei to andre forvaltningsnivåa er meir stabil. 12. Finst det dedikert personell i verksemda som arbeider med problemstillingar knytte til konsekvensar av framtidige klimaendringar? 5 4 2 7 % 7 % 22 % 28 % 41 % 34 % 35 % 23 % 2007 2011 2 % 2 % Figur 21. I kva grad det finst dedikert personell. Kommunar 2007 og 2011. N = 283 og 222 17

100% 90% 80% 70% 60% 40% 30% 20% 7% 7% 22% 28% 22% 17% 6% 44% 44% 53% 35% 2007 2011 2007 2011 2007 2011 Kommunar Fylkeskommunar Fylkesmenn 12. Finst det dedikert personell i verksemda som arbeider med problemstillingar knytte til konsekvensar av framtidige klimaendringar? I noka grad I stor grad Figur 22. Forskjellar mellom forvaltningsnivåa. Kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn. N = 222, 12 og 17 18

KUNNSKAP, OPPLÆRING, SAMARBEID OG HJELPEMIDDEL I dette kapittelet skal vi sjå på kva behov verksemdene har for kunnskap i arbeidet med tilpassing til framtidige klimaendringar, om dei nyttigg jer seg kurs/opplæring, om dei samarbeider med andre instansar, og om dei bruker nettportalen klimatilpasning.no. Behov for meir kunnskap Kommunane har openbert behov for meir kunnskap om korleis framtidige klimaendringar vil få konsekvensar for ansvarsområda deira. Heile 88 prosent stadfestar dette (56 prosent i noka grad og 32 prosent i stor grad). Berre 11 prosent (1 prosent ikkje i det heile og 10 prosent i lita grad) gir uttrykk for den motsette oppfatninga. Det er inga vesentleg endring sidan 2007, men vi merkar oss at prosentdelen som svarer i stor grad, har gått tilbake, mens det er blitt fleire som svarer i noka grad. Det er ingen større forskjellar kommunane imellom når det gjeld kunnskapsbehov, noko som er naturleg fordi eit klart fleirtal rapporterer at det er behov for meir kunnskap. Forskjellar mellom forvaltningsnivå Totalt sett er det ingen store forskjellar mellom forvaltningsnivåa, men vi merkjer oss at fylkeskommunar skil seg ut med ein større prosentdel som svarer i stor grad. Denne prosentdelen viser tilbakegang over tid, spesielt hos fylkesmennene. 6 5 4 2 13. Er det behov for meir kunnskap om korleis framtidige klimaendringar vil få konsekvensar for ansvarsområda til verksemda? 51 % 32 % 39 % 56 % 7 % 1 % 1 % 1 % 1 % 2007 2011 Figur 23. Kunnskapsbehov. Kommunar 2007 og 2011. N = 283 og 222 19

100% 90% 80% 70% 60% 40% 30% 20% 29% 32% 51% 78% 72% 67% 65% 56% 39% 22% 25% 28% 2007 2011 2007 2011 2007 2011 Kommunar Fylkeskommunar Fylkesmenn 13. Er det behov for meir kunnskap om korleis framtidige klimaendringar vil få konsekvensar for ansvarsområda til verksemda? I noka grad I stor grad Figur 24. Forskjellar mellom forvaltningsnivåa. Kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn. N = 222, 12 og 17 Kurs og samarbeid med andre instansar Spørsmåla som kartlegg i kva grad verksemdene nyttiggjer seg klimarelaterte kurs og/eller samarbeid med andre instansar i klimatilpassingsarbeidet, er nye i årets undersøking. Grafen under viser at dei fleste kommunane i lita grad (39 prosent) eller ikkje i det heile (27 prosent) nyttiggjer seg kurs og opplæring for eksempel ved NUSB. Til saman éin av fire kommunar har nyttiggjort seg klimarelaterte kurs eller opplæring. Det er ein del forskjellar kommunane imellom. Kommunar på Austlandet har i større grad enn kommunar i andre landsdelar nyttiggjort seg kurs/opplæring (34 prosent). Størst utslag finn vi for næringsgrunnlag, der heile 92 prosent av dei store tenesteytande kommunane har hatt kurs/opplæring, mot berre 12 prosent i primærnæringskommunane. Vidare er det slik at prosentdelen som har nyttiggjort seg kurs/opplæring, aukar med innbyggjartalet i kommunane. I kommunar med færre enn 5 000 innbyggjarar har 14 prosent nyttiggjort seg kurs/opplæring, mot heile 67 prosent av kommunane med 20 000 innbyggjarar eller meir. Neste graf viser at dei fleste kommunar nyttiggjer seg hjelp frå eller samarbeid med andre instansar i klimatilpassingsarbeidet (56 prosent i noka grad og 16 prosent i stor grad). Her er det ingen dramatiske forskjellar kommunane imellom, men større tenesteytande kommunar og kommunar med 20 000 innbyggjarar eller meir skil seg frå gjennomsnittet med større prosentdelar som viser til hjelp/samarbeid (høvesvis 92 og 89 prosent). Forskjellar mellom forvaltningsnivå Kurs og opplæringstiltak er langt meir utbreidde hos fylkesmennene enn hos fylkeskommunar og kommunar. Kommunar kjem dårlegast ut av forvaltningsnivåa. Det er mindre forskjellar mellom forvaltningsnivåa når det gjeld hjelp frå/samarbeid med andre. Også her kjem fylkesmennene best ut, men avstanden til dei andre nivåa er ikkje så stor som den vi finn for nyttiggjering av kurs/ opplæring. 20

5 4 2 14. Nyttiggjer verksemda seg klimarelaterte kurs og opplæring, for eksempel ved NUSB? 5 % 2 39 % 27 % 9 % 2011 Figur 25. Bruk av kurs og opplæring. Kommunar 2007 og 2011. N = 283 og 222 6 5 4 2 15. Nyttiggjer verksemda seg hjelp frå / samarbeid med andre (kommune, fylkeskommune, fylkesmann) i klimatilpassingsarbeidet? 16 % 56 % 21 % 5 % 1 % 2011 Figur 26. Hjelp/samarbeid med andre. Kommunar 2007 og 2011. N = 283 og 222 21

100% 90% 80% 70% 60% 40% 30% 20% 29% 47% 16% 8% 59% 56% 5% 42% 47% 33% 20% Kommunar Fylkeskommunar Fylkesmenn Kommunar Fylkeskommunar Fylkesmenn 14. Nyttiggjer verksemda seg klimarelaterte kurs og opplæring, for eksempel ved NUSB? I noka grad 15. Nyttiggjer verksemda seg hjelp frå/samarbeid med andre (kommune, fylkeskommune, fylkesmann) i klimatilpassingsarbeidet? I stor grad Figur 27. Forskjellar mellom forvaltningsnivåa. Kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn. N = 222, 12 og 17 35 % 25 % 2 15 % 5 % 4 % 16. Nyttiggjer verksemda seg nettportalen klimatilpasning.no i klimatilpassingsarbeidet? 31 % 33 % 19 % 2011 13 % Figur 28. Bruk av nettportalen klimatilpasning.no. Kommunar 2007 og 2011. N = 283 og 222 22 35 % 25 % 2 15 % 5 % 17. Nyttiggjer verksemda seg rettleiaren som ligg på nettportalen klimatilpasning.no i samband med klimatilpassingsarbeidet? 4 % 32 % 21 % 2011 13 %

2011 35 % 25 % 2 15 % 5 % 17. Nyttiggjer verksemda seg rettleiaren som ligg på nettportalen klimatilpasning.no i samband med klimatilpassingsarbeidet? 4 % 32 % 21 % 13 % 2011 Figur 29. Bruk av rettleiaren på klimatilpasning.no. Kommunar 2007 og 2011. N = 283 og 222 100% 90% 80% 70% 60% 40% 30% 20% 35% 24% 8% 4% 58% 59% 4% 8% 59% 31% 32% 25% Kommunar Fylkeskommunar Fylkesmenn Kommunar Fylkeskommunar Fylkesmenn 16. Nyttiggjer verksemda seg nettportalen klimatilpasning.no i klimatilpassingsarbeidet? I noka grad 17. Nyttiggjer verksemda seg rettleiaren som ligg på nettportalen klimatilpasning.no i samband med klimatilpassingsarbeidet? I stor grad Figur 30. Forskjellar mellom forvaltningsnivåa. Kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn. N = 222, 12 og 17 rettleiaren som ligg på denne portalen. Bruk av nettportalen klimatilpasning.no 35 prosent av kommunane bruker nettportalen klimatilpasning.no, mens 52 prosent bruker portalen i lita grad eller ikkje i det heile. Det er ikkje uventa at vi då ser omtrent same svarmønster på spørsmål om dei bruker Større tenesteytande kommunar og kommunar med 20 000 innbyggjarar eller meir skil seg frå snittet med ein større prosentdel som bruker nettportalen (høvesvis 77 og 67 prosent) og rettleiaren (høvesvis 69 og 61 prosent). Forskjellar mellom forvaltningsnivå Fylkesmennene bruker nettportalen i større grad enn dei 23

andre forvaltningsnivåa. Kommunane bruker portalen minst. Det er òg slik at fylkesmennene bruker rettleiaren i klart større grad enn kommunar og fylkeskommunar. Bruk av forsking, ulike nettsider og andre ressursar Det er fleire kommunar som bruker enn som ikkje bruker hjelpemiddel som forsking, ulike nettsider og andre ressursar i klimatilpassingsarbeidet. 56 prosent seier at dei gjer dette i noka eller i stor grad, mens 38 prosent seier at dei gjer det i lita grad eller ikkje i det heile. Nok ein gong ser vi at det særleg er dei store tenesteytande kommunane (92 prosent i noka eller stor grad) og kommunane med flest innbyggjarar (89 prosent i noka eller stor grad) som svarer stadfestande på spørsmålet. Forskjellar mellom forvaltningsnivå Bruk av hjelpemiddel som forsking, ulike nettsider og andre ressursar er mindre utbreidd blant kommunane enn blant fylkeskommunar og fylkesmenn. Fylkesmennene ligg noko framfor dei andre forvaltningsnivåa på dette området. 5 4 2 18. Nyttiggjer verksemda seg hjelpemiddel som forsking, ulike nettsider og andre ressursar i klimatilpassingsarbeidet? 46 % 31 % 7 % 6 % 2011 Figur 31. Bruk av forsking og andre hjelpemiddel. Kommunar 2007 og 2011. N = 283 og 222 100% 90% 80% 70% 60% 40% 30% 20% 53% 33% 46% 42% 47% Kommunar Fylkeskommunar Fylkesmenn 18. Nyttiggjer verksemda seg hjelpemiddel som forsking, ulike nettsider og andre ressursar i klimatilpassingsarbeidet? I noka grad I stor grad Figur 32. Forskjellar mellom forvaltningsnivåa. Kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn. N = 222, 12 og 17 24

HOVUDTREKK OG OPPSUMMERING Åtte av ti kommunar, alle fylkeskommunane og 88 prosent av fylkesmennene meiner at klimaendringane vil få konsekvensar for ansvarsområda til forvaltningsnivået på sikt (prosentdel som svarer i noka eller stor grad). Fylkesmennene (71 prosent) og kommunane (54 prosent) har i større grad enn fylkeskommunane (8 prosent) utarbeidd ROS. Over tid har prosentdelen som har utarbeidd ROS, auka for kommunar og fylkesmenn og gått tilbake blant fylkeskommunane. Bekymringa for evna til å handtere klimaendringar er noko større blant fylkeskommunane (58 prosent) enn blant fylkesmenn og kommunar (begge på om lag 35 prosent). Fylkesmennene (77 prosent) har i større grad enn fylkeskommunar (58 prosent) og kommunar (58 prosent) innarbeidd framtidige klimaendringar i planverket. Kommunar og fylkeskommunar (begge om lag 65 prosent) rapporterer i større grad enn fylkesmennene (42 prosent) at dei har tilpassing inn i klima og energiplanen. Dei færraste kommunar og fylkeskommunar synest å ha utarbeidd nokon heilskapleg strategi på området. Hos fylkesmennene rapporterer 42 prosent at så er tilfellet. Fylkesmennene (71 prosent) og kommunane (65 prosent) viser i klart større grad enn fylkeskommunane (25 prosent) til gjennomførte tiltak i samband med arealforvaltning for å unngå utbygging av naturkatastrofeutsette område. Kommunane (50 prosent) har i større grad enn fylkeskommunar (17 prosent) og fylkesmenn (36 prosent) omsyn til framtidige klimaendringar ved å gjennomføre tiltak for å avgrense naturskadar. På alle forvaltningsnivå er det eit utbreidd behov for meir kunnskap om kva konsekvensar framtidige klimaendringar vil få for ansvarsområdet til verksemda. Det er først og fremst fylkesmennene som nyttiggjer seg klimarelaterte kurs/opplæring. Nyttiggjering av hjelp og samarbeid med andre instansar er vanleg på alle forvaltningsnivå. Nettportalen klimatilpasning.no er flittigast brukt av fylkesmennene (94 prosent). 35 prosent av kommunane har brukt portalen. I tillegg finn vi gjennomgåande forskjellar mellom kommunane. Kommunane med færrast innbyggjarar og kommunar med primærnæring som viktigaste næringsgrunnlag svarer mest negativt på spørsmåla (bruker meir svaralternativa i lita grad og ikkje i det heile ). Dei som skil seg mest positivt ut (svarer i stor grad eller i noka grad), er kommunane med flest innbyggjarar og store tenesteytande kommunar. 25

Oppsummering av svara frå kommunane Figuren under viser korleis kommunane har svart på alle spørsmåla i undersøkinga. Spørsmålstekstane er forkorta noko for å gjere dei lettare å lese. 2 4 5 6 7 8 9 10 1. Konsekvensar for ansvarsområda til verksemda i dag? 7 60 29 30 2. Konsekvensar for ansvarsområda til verksemda på sikt? 14 66 18 10 3. Er det utarbeidd ROS knytt til konsekvensar av framtidige klimaendringar? 9 45 25 17 3 4. Er konsekvensar av framt. klimaendr. innarb. som ein del av planverket? 11 47 31 10 1 5. Behov for endringar i kriseplanverk pga. konsekvensar av framt. klimaendr.? 5 45 38 4 8 6. Tiltak i arealforvaltn. for å unngå utbygging av naturkatastrofeuts. område? 14 51 19 7 9 7. Omsyn ved tiltak for å avgrense naturskadar (flaum, skred etc.)? 11 39 28 14 9 8. Bekymring for evna til å handtere konsekvensar av framtidige klimaendr.? 4 30 52 9 5 9. Er tilpassing til framt. klimaendr. inn som ein del av klima og energiplanen? 23 40 22 8 8 10. Er det utarbeidd ein heilskapleg strategi for tilpassing til framtidige klimaendringar? 5 19 42 30 5 11. Er det kommunisert til omverda at klimaendringar blir tekne alvorleg? 5 42 42 10 1 12. Finst det dedikert personell? 7 28 41 23 2 13. Er det behov for meir kunnskap? 32 56 10 1 14. Bruk av klimarelaterte kurs og opplæring, for eksempel ved NUSB? 5 20 39 27 9 15. Bruk av hjelp frå / samarbeid med andre i klimatilpassingsarbeidet? 16 56 21 5 1 16. Bruk av nettportalen klimatilpasning.no? 4 31 33 19 13 17. Bruk av rettleiaren som ligg på nettportalen klimatilpasning.no? 4 32 30 21 13 18. Bruk av hjelpemiddel som forsking, ulike nettsider og andre ressursar? 10 46 31 7 6 I stor grad I noka grad I litagrad Ikkje i det heile Veit ikkje/ ikkje Figur 33. Samla oversikt over svara frå kommunane. N = 222 26

27

RAPPORT Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) Postboks 2014 3103 Tønsberg Tlf.: 33 41 25 00 Faks: 33 31 06 60 postmottak@dsb.no www.dsb.no HR 2215 ISBN 9788277682655 Juni 2011