Hordaland Bondeog Småbrukarlag

Like dokumenter
Retningsliner for bruken av investeringsmidlar Solstrand

Korleis ta vare på landbruket og utviklinga av næringa gjennom fylkesplanarbeidet?

Unge, bygda og landbruket prosjekt ( )

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

HØYRING OM OPPHEVING AV KONSESJONSLOVA OG BUPLIKT

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Hordaland Bondeog Småbrukarlag

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Sogn og Fjordane Bondelag

Styremøte i Sogn og Fjordane Sau og geit april på Quality Hotell Sogndal

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Til deg som bur i fosterheim år

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Prosjekt sau og utmark

«Ny Giv» med gjetarhund

Økologisk føregangsfylke i frukt og bær

Attraktivitet og stadinnovasjon i Hordaland

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

ÅRSMELDING FOR RADØY SAU OG GEIT Leiar Kåre Hole * Nestleiar ; Ivar Soltveit * Skrivar ; Erna Tunsberg Erstad

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Informasjonsmøte for beitelaga

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /02 TUBO

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Styremøte Sogn og Fjordane Sau og Geit på Reset

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane

Årsmøte Radøy sau og geit Hordaland Sau og Geit «Slik gjer me det» Kjetil Rødland

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Avslutningsinnlegg for seminaret "Stordrift med sau".

Hordaland Sau og Geit

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Status og utviklingstrekk driftsøkonomi i Hordaland

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Kva er økologisk matproduksjon?

Møteprotokoll for møte i

Godt vèr og dyktige bønder, gav betre økonomi for Haugalandsbonden!!!!

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Produksjonstilskot i jordbruket - vanleg jordbruksproduksjon. Silje Anette Lyhammer Rådgjevar Landbruksavdelinga Regionale samlingar 2017

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Brukarrettleiing E-post lesar

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 11. MARS KL , TYSNES RÅDHUS

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Stemnehandboka for NKSF

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Arbeid og inntekt i jordbruket i Aust-Agder

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

HORDALANDD. Utarbeidd av

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Transkript:

Hordaland Bondeog Småbrukarlag ÅRSMELDING 2013

Norsk Landbruksradgivning_90x55.pdf 1 10-04-2013 08:15:21 Innhald Tillitsvalde i HBS 2013... 4 Lokallagsleiarar 2013... 5 Råd og utval 2013. 6 Leiaren har ordet...7 Referat frå årsmøtet 2013.11 Kompetanse for framtida! Våre fagområde er grovfôr, kulturlandskap, frukt og bær, økonomi, næringsutvikling, byggråd og økologisk landbruk. Kontakt oss: Mob. 982 45 838 E-post: hordaland@lr.no http://hordaland.lr.no Uttale årsmøtet 2013.. 16 Jordbruksforhandlingane 2013....21 Landsmøtet..26 Organisert beitebruk......31 Beiteprosjektet...32 Prosjekt Ny giv i sauehaldet...32 Prosjekt Slipp oss til...33 www.janmo.no Kranarbeid Transport Singel og sand 2 Siloballar Halm Fòr Prosjekt Vi satsar på mjølk...34 Prosjekt Landskap i drift.35 Bygdeutviklingsprisen 2013.36 Kulturlandskapsprisen 37 100-årsjubileum 2013....39 Anton Mindes ærespris...40 Frukt... 41 Styret i arbeid.43 Etnemarknaden...44 Agro Hordaland..49 Myter om landbruk. 50 Årsrekneskap og budsjett....52 Bilete på framsida er frå Lofthus. Fotograf er Bergljot 3 Bruåsdal Hesvik.

TILLITSVALDE I HORDALAND BONDE- OG SMÅBRUKARLAG 2013 Leiar: Jarle Helland, 5936 Manger tlf 56 37 31 16 / 41 32 06 01 jarlehelland@hotmail.com Pol. nestleiar: Siri Teigland, Landavegen 20, tlf 971 87 538 5464 Dimmelsvik siri.teigland@knett.no Org.nestleiar: Øystein Hole, Hosanger, 5282 Lonevåg tlf 56 39 30 11 / 959 01 981 eysteinhole@gmail.com Styremedlemmer: Harald G. Molland, 5986 Hosteland tlf 56 36 70 60 / 951 22 396 / 916 44 627 haraldmolland@gmail.com Jens Markhus, 5593 Skånevik tlf 971 80 152 jens@tveit.no Birte Larsen tlf. 93207536 post@strutsefarmen.no Nils Langhellesv.20, 5141 Fyllingsdalen Nils-Brynjulf Bøe, Bøv.15, 5200 Os tlf 478 61 980 nils@bokampen.no Vara: 1. Håkon Erdal, Brattebakken 33, tlf. 46407063 haakonerdal@gmail.com 5709 Voss 2. Elin Morken, 5936 Manger 3. Edel Karin Ertsås Alpen, Børve tlf. 90734254 5773 Hovland LEIARAR I LOKALLAGA I HORDALAND 2013. Bømlo/Stord: Svein Trygve Larsen, Kanalv.11, 5437 Finnås, 913 88 138, svein.trygve.larsen@gmail.com Etne: Marit Ebne, 5593 Skånevik, tlf. 53755915 Fusa, Samnanger, Os og Bergen: Bjørn Dahl, Solås, 5640 Eikelandsosen, tlf. 56582593, 41460324, sol@fusi.no Jondal: Harald Prestegård, 5627 Jondal, tlf. 53668433, 908 43 423, harald_52@hotmail.com Kvam: Kjell Egil Berge, Innstrandav.315, 5620 Tørvikbygd, 916 46 511, kjell.egil.berge@kvamnet.no Kvinnherad: Leif Flaten, Jonavegen 26, 5450 Sunde, 918 34 005, lgflaten@online.no Masfjorden: Harald G. Molland, 5986 Hosteland, 56 36 70 60 / 916 44 627 haraldmolland@gmail.com Osterøy: Bjarte Bysheim, 5282 Lonevåg, tlf. 56393146, Bjarte.Bysheim@hfk.no Radøy: Kjersti Flatråker, Noranger, 5939 Sletta, 959 89 552, kjersti.flatraker@hotmail.com Sotra/Øygarden: Svein Misje, Mattisbrekko 4, 5366 Misje, tlf. 95913082 svein.misje@bkkfiber.no Sveio: Helge L. Reinertsen, Tjernagel, 5550 Sveio, tlf. 99037147 li-rein@online.no Tysnes: Jens Rasmus Tveit, 5694 Onarheim, tlf. 90783731 jens.rasmus.tveit@haugnett.no Ullensvang: Arne Lofthus,5781 Lofthus, 99355590, alofthu@onlino.no Ulvik: Kyrre Manger, 5730 Ulvik, 95938952, kyrre_m@hotmail.com Voss: Nils Martin Seim, Seimsv.147, 5700 Voss, tlf. 48154386, nilss84@hotmail.com Serverer tradisjonsmat frå gardsmatbutikken Fylkessekretær: Åse-Marie Reisæter, Reisæter tlf 53 66 23 91 / 48 02 10 04 5776 Nå hordaland@smabrukarlaget.no Opningstider: Man, Opningstider: tys, ons, fre : 8.30-16.30 tors Man, tys, ons, fre :: 8.30-17.30 8.30-16.30 laur tors : 9.00-14.00 8.30-17.30 laur : 9.00-14.00 Heimeside: www.smabrukarlaget.no (velg fylke på NBS si heimeside) Server tradisjonsmat frå gardsmatbutikken. Kvam Kvam Fruktlager Fruktlager P/L, Sjusetevegen P/L, Sjusetevegen 27, 5610 Øystese. 27, 5610 Øystese. Tlf. 56 55 50 48 Tlf. fax. 5655551 50 55 48 fax. 56 55 51 55 4 5

Råd og utval 2013. Representantskapet i NBS: Jarle Helland. Vara: Siri Teigland. Samarbeidsrådet for Hordaland og Sogn og Fjordane: Jarle Helland og Åse-Marie Reisæter Vara: Siri Teigland. Arbeidsutvalet i samarbeidsrådet: Jarle Helland. Vara: Siri Teigland. Programstyret for økologisk landbruk (handlingsplan for målet om 15% økologisk landbruk) : Siri Teigland. Vara: Øystein Hole. Forsikringskontakt: Åse-Marie Reisæter. HMS-kontakt: Harald Molland. Vara: Åse-Marie Reisæter. Styret for 4H-garden: Øystein Hole. Matfestivalen: Nils-Brynjulf Bøe. Vara: Birte Larsen. Ungdomskontakt: Håkon Erdal. Hordaland Landbruksselskap: Jarle Helland. Vara: Siri Teigland. Økonomisk ansvarleg: Jens Markhus. Kulturlandskapsgruppa (RMP): Jarle Helland og Øystein Hole. Vara: Harald Molland. Prosjekt Landskap i drift : Nils-Brynjulf Bøe. Vara: Harald Molland. Prosjekt No e` da min tur (ungdomsprosjekt): Håkon Erdal. Vara: Åse-Marie Reisæter. Mjølkeprosjektet Vi satsar på mjølk : Åse-Marie Reisæter. Prosjekt Ny bruk av gamle landbruksbygningar : Siri Teigland. Vara: Nils-Brynjulf Bøe. Beiteutvalet: Jarle Helland (leiar). Vara: Nils-Brynjulf Bøe. Kontakt med Hordaland Fylkeskommune: Jarle Helland og Åse-Marie Reisæter. Regionkontaktar: Radøy, Masfjorden, Sotra/Øygarden Osterøy, Sveio Jondal, Ulvik Tysnes, Midthordaland Kvam, Kvinnherad Voss Etne, Ullensvang Bømlo/Stord - Harald Molland. - Øystein Hole. - Nils-Brynjulf Bøe. - Birte Larsen - Siri Teigland. - Åse-Marie Reisæter. - Jens Markhus. - Jarle Helland. Ja, eg vil bli medlem i Norsk Bonde- og Småbrukarlag! Som medlem får du gratis abonnement på avisa Bonde og Småbruker. Namn Kontingentsatsar: Adresse Grunn: 740,- Poststad Lav: 1510,- Fødselsnr. Mellom: 2445,- Tlf Høy: 3640,- E-post Topp: 4340,- Signatur Verdiskapingsmedl.: 865,- Ungdomsmedl.: 490,- Send til Hordaland Bonde- og Småbrukarlag v/ Åse-Marie Reisæter, Reisæter, 5776 Nå. 6 Leiaren har ordet. Det er no tid til å skriva litt under dette avsnittet. Arbeidsåret 2013 har på mange måtar vore likt tidlegare år for meg som leiar. I fylket vårt er det mange utval og prosjekt som Fylkeskommunen og landbruksavdelinga hjå fylkesmannen er eigarar av. Eg meiner at det er viktig at Småbrukarlaget er representert i desse utvala og prosjekta i fylket vårt. Det er gjennom vår deltaking at andre organisasjonar, tilsette og politikarar vert kjende med Småbrukarlaget og kva me står for. Eg meiner at me med denne prioriteringa er vorte ein viktig del av det landbrukspolitiske miljøet i Hordaland. Etter ønskje frå fylkestinget har ei styringsgruppe samansett av representantar frå Fylkesmannen si landbruksavdeling, Innovasjon Norge, Bondelaget, Småbrukarlaget, Jondal kommune og Hordaland fylkeskommune, laga ei landbruksmelding for Hordaland. Målsettinga med meldinga er å styrkja rekrutteringa til landbruket i fylket vårt. Arbeidet med meldinga starta våren 2013 med ei strategisamling, der det også var med deltakarar utanfor landbruksfamilien. Det kom fleire gode idear og mogelege tiltak frå strategisamlinga, som styringsgruppa tok med seg i det vidare arbeidet med meldinga. Styringsgruppa har 9 punkt i meldinga som dei meiner er gode grunnar for å satsa på landbruk i Hordaland. Eg kan her nemna nokre av dei. Den viktigaste oppgåva for landbruket er å produsera mat og trevirke. Det er gjennom aktivt landbruk me kan sikra busetjinga i distrikta. Eit aktivt landbruk vil halda kulturlandskap, bygningsmiljø og tradisjonar i hevd. Hordaland er det største fruktfylket i landet. Fruktnæringa er sentral bidragsytar til sysselsetting og verdiskaping i Hardanger. Styringsgruppa meiner at meldinga skal bidra til auka rekruttering til landbruket i fylket. Hovudmålet i meldinga er auka matproduksjon på gardane i Hordaland. Eg reknar med at meldinga kjem opp til handsaming i fylkestinget våren 2014. Vert meldinga vedteken, vil me i 2017 sjå, når tiltak i meldinga er gjennomført, om det har ført til lågare gjennomsnittsalder på brukarane, glødande fagmiljø, vilje til å investera i næringa og at mange har gjort eit yrkjesval som dei seier er rett for seg og familien. Jordbruksforhandlinga i 2013 var den 8.og siste med den raudgrøne regjeringa. Det me har oppnådd i desse åra er stort sett kompensasjon for auka kostnader og ei inntektsutvikling om lag på same nivå som andre yrkesgrupper. Småbrukarlaget har hatt særleg fokus på tetting av inntektsgapet i desse åra men det var berre ved forhandlinga i valåret 2013 me fekk tetta inntektsgapet litt. Eg trudde då me for 8 år sidan fekk den raudgrøne regjeringa, at landbruket over heile landet skulle får eit løft det fekk det ikkje. Me har hatt ein sterk ned-gang av bruk i drift. Me produserer ikkje nok storfe- og sauekjøt i gras- og fjellandet Norge. Dette skuldast ikkje at det ikkje er folk i bygdene våre som kan ta på seg oppdraget å produsera dette kjøtet, men problemet var at den raudgrøne regjeringa ikkje ville betala dei for jobben. I heile 2013 synte meiningsmålingane at det ville verta regjeringsskifte ved valet 9. sept. Slik gjekk det og. Dei raudgrøne tapte valet med klar margin. Me fekk ei blåblå regjering som skal styra med støtte frå Venstre og Krf. Eg hadde forventa at Høgre hadde teke landbruks- og matdepartementet, men slik gjekk det ikkje. Me fekk statsråd frå Fremskrittspartiet. Det seier oss at det nest største partiet i landet vårt ikkje er særleg oppteken av kva landbrukspolitikk som vert ført i landet vårt dei komande fire åra. Dette gjer at Venstre og Krf, som medvirka til regjeringsskiftet, ikkje kan fråskriva seg ansvaret for den landbrukspolitikken som vil verta ført dei fire neste åra. Det hadde ikkje gått mange dagane før den nye landbruks- og matministeren Sylvi Listhaug, fekk førstesideoppslag i Nationen på jordvern. Skal landbruket sikra og auka matproduksjon til det norske folk på norske ressursar, treng me all den matjord me har i dag. Ein stor del av 7

den matjorda som er vorte bygd ned er av den beste i landet. Det er sterke signal som tyder på at det globalt vert kamp om produksjonsareal i framtida. Me ser ofte at enkeltsaker etter jordlova, i tillegg til at verdifull matjord går tapt, også kan få store konsekvensar for arrondering og driftstilhøve for eigedommar som ligg opp til slike frådelingssaker. I dag er det kommunepolitikarane som har vedtaksrett i slik saker og me har sett at i mange kommunar viser politikarane lite respekt for vern av matjord. Det er difor trist at noko av det første Listhaug gjer som minister, er å gje klarsignal til nedbygging av 1000 da matjord av det beste me har i landet vårt. Me kan rekna med at dei signal som Listhaug sender ut til kommunane kan få negative konsekvensar for jordvernet rundt i landet. Det hjelper lite at ho prøver å ro seg i land med at det var eit valløfte som dei måte gjennomføra. Regjeringa vil og oppheva delingsforbodet, samt vurdera oppheving av driveplikta. Oppheving av delingsforbundet og driveplikta vil svekka jordvernet. Særleg når me ser at Listhaug vil flata ut og redusera arealtilskotet. Me har sett i mange område av landet at ein større og større del av dei marginale areala går ut av drift den trenden vil skyta fart dersom regjeringa gjennomfører dei tiltaka som eg her har nemnd. Eg greier ikkje heilt å ta Listhaug på alvor når ho samstundes seier at ho ønskjer å auka norsk matproduksjon på norske ressursar. Eg meiner at det er meir viktig enn nokon gong at Småbrukarlaget set jordvern på dagsorden. Eg vil be om at lokallaga rundt i kommunane deltek i høyringsrundar og debattar når reguleringsplanar kjem på dagsorden rundt i fylket vårt. Her har du ein jobb å gjera. Listhaug var og kjapt ute og sa at ho vil fjerna buplikta og priskontrollen. Listhaug vil gjennom bulyst sikra busetnaden i bygdene våre. Det kan nok seiast mykje om buplikta og den måten den har vore praktisert på av kommunepolitikarane. Me veit at ein stor del av dei som har søkt fritak frå buplikta har fått det, og slik sett har den ikkje hatt den effekten som den kunne. Det skuldast at me i kommunane våre har politikarar som er meir opptekne av å imøtekomma ønskje frå dei som ikkje vil bu i kommunen enn å sikra grunnlaget for skule og butikk for dei som bur i bygdene. Eg kan ikkje heilt skjøna at ein må fjerna buplikta for å auka bulysta til dei som skal overta landbrukseigedommane i landet vårt. Eg trur, for ikkje å seia eg veit, at god lønssemd i landbruket, kombinert med priskontroll, er tiltak som vil auka bulysta til den ungdommen som me vil ha inn i næringa. Listhaug har ved fleire høve sagt at strukturen på tilskota skal flatast ut. Arealtilskota skal reduserast og eventuelt overførast til dyretilskot. Ho vil auka lønsemda til heiltidsbonden og kven er han/ho? Kva med måneskinsbonden? Skal han/ho bytta ut traktoren med «godstolen» - vert det matproduksjon over heile landet om han/ho gjer det? Innan 16. mai reknar eg med at regjeringa vil gje oss svar på om den vil ha eit livskraftig landbruk over heile landet Dei siste åra har Småbrukarlaget hatt ein liten nedgang i medlemstalet men i jubileumsåret snudde me den negative trenden til medlemsauke. I Hordaland fekk me 38 nye medlemar og dermed ein medlemsauke i fylket vårt. Me har litt under 700 medlemar i Hordaland men det talet kunne nok ha vore noko høgare. Det er no viktig at den gode trenden me fekk på medlemsauke i 2013 held fram i 2014. Skal me lukkast med det treng me hjelp frå deg. Det er du som veit kven som kan vera aktuell medlem i di bygd og difor treng me di hjelp. Meir enn nokon gong treng bygdenorge og norsk landbruk eit sterkt Småbrukarlag. Til slutt vil eg ønskja alle eit godt nytt år og takka for det gamle. Landbruksminister Sylvi Listhaug gjestar Hordaland og Nils Bjørke på Voss. Her er Jarle Helland, Nils og Brynhild Bjørke og Sylvi Listhaug samla rundt kaffibordet på Bjørke. Foto: Nationen. Godt, enkelt og lettfattelig - frå vurdering i fagbladet Norsk Landbruk Komplett frå bilagsføring til ferdige likningsskjema og skatteutrekning Også elektronisk innlevering Pris: kr. 2000,- ( årleg vedlikehald: 925,- ) 940,- Jarle Helland 8 9

Langsiktighet, sikkerhet og best økonomi Enten du er storfeprodusent med 2 års produksjonssyklus eller kyllingprodusent med 30 dagers oppforingstid, så ligger det et langsiktig perspektiv bak investeringene dine. Da er det trygt å ha en samarbeidspartner med den samme langsiktigheten som selve grunnlaget for sin virksomhet. En samarbeidspartner som også garanterer for avsetningen din, uansett hvor du bor eller hvor stor produksjon du har. Men kanskje aller viktigst: En samarbeidspartner med et overordnet mål om å bidra til best økonomi for bonde - både på kort og lang sikt. Referat frå årsmøte i HBS 23.-24.februar 2013. Scandic Bergen Airport. Årsmøtesamlinga vart halde i lag med Sogn og Fjordane BS. Sjølve årsmøtesakene vart halde kvar for seg. Siri Teigland, nestleiar i HBS ynskte velkomen til samlinga, då leiar Jarle Helland var sjuk. Bjørn Dahl, leiar i lokallaget Fusa, Samnanger, Os og Bergen BS ynskte velkomen. Åse-Marie Reisæter, fylkessekretær i HBS, heldt ein liten innleiing til debatten. Arne Lofthus og Siri Teigland var møteleiarar første dag. Arne Lofthus opna debatten med ei helsing til Jarle Helland og Merete Furuberg som måtte melda avbod grunna sjukdom. Dag 1. Debattmøte : Matmakt. Korleis vert maten produsert? Kven har makta? Aksel Nærstad, Utviklingsfondet. Medforfattar av boka Den unødvendige sulten. Utviklingsfondet støttar jordbruksorganisasjonar og sjølvhjelpsgrupper i utviklingsland. HBS har støtta Utviklingsfondet frå 1997, truleg som det første fylkeslaget i NBS. Bønder er den største og viktigaste yrkesgruppa. Småbrukarane er den største og mest effektive matprodusenten, små gardar er mest effektive fordi dei nyttar alle ressursane. Industrilandbruket står for berre 30% av produksjonen, men står for redusert biomangfald, klimaendringar, øydelagt fruktbarheit, overforbruk av vatn og helseproblem. Industrialiseringa fører til fattigdom, arbeidsløyse og slum. Berre 10% av maten kryssar grenser, 90% vert brukt lokalt. Monopolisering har ført til at 3 frøselskap kontrollerer alt sal av frø. Mangfald er viktig, ulike sortar har ulike eigenskapar, til dømes styrke mot turke. Storselskapa tek det meste av fortenesta på handel med matvarer, berre eit mindretal i u-landa tener på eksportproduksjon. Matsuverenitet må verta anerkjent og implementert. Steinar Dvergsdal, bonde og tidlegare styreleiar i Norsk Landbrukssamvirke. Maktforholda har vore ganske stabile lenge, men no er ting i endring. Butikkjedene vil ta hand om ein større del av verdikjeda, eit døme er Rema sitt oppkjøp av Stange Gårdsprodukter. Ein evt. innkjøpsavtale mellom ICA og Norgesgruppen vil føra til stor forskyving av maktforhold. Litt historie: Med lua i handa-periode med sterke oppkjøparar og kjøpmenn, dårleg organisert marknad. Skeia i eiga hand-periode der landbruket stod saman for å få makt, likna fagorganisering. På 90-talet omgrupperte varehandelen seg til 4 handelsgrupperingar. Grossistledd vart integrert, grøntsamvirket vart borte. Kjøtsamvirket og mjølkesamvirket held framleis stand og Felleskjøpet styrkjer seg. Me har ein struktur som fungerer så lenge mange nok er organisert i samvirket. Ei verdikjede som er kontrollert av storkapitalen vil føra til Den moderne husmannsbonden. 10 11

Spørsmåla framover er : Kva slags bonde vil me ha? Kven skal styra verdikjeda? Kven skal eiga verdiskapinga? Kva vil skje med samvirket globalt? Det vert som vi vil. Jorda er vår. Torbjørn Norland, styremedlem i Norsk Bonde-og Småbrukarlag. Me ser ei verd i endring, der ein overproduksjon av matvarer plutselig vert til knappheit, med stigande prisar som resultat. Kjedene tilpassar seg og aukar sine prisar. Kjedene får stadig meir makt. Kva kan me gjera? - Ta vare på sterke merkevarer. - Ha eigen distribusjon (Tine) - Vera tøffare i forhandlingane - Prøva å få ein større del av verdiskapinga - Stå samla!! Debatt. Hveem, Bondelaget: korleis erstatta soyaimporten utan at det går ut over bondens inntekt? Dahl: Er for samv.tanken, men samvirket forvitrar, vert stadig meir for dei store produsentane Horvei, SV: Intr. innlegg, bifell dei. Kampen må førast politisk. Må kjempa for importvernet. A.Grutle: Må få folk med oss, det ein har eit forhold til tek ein vare på. Inn på tunet marknadsfører landbruket på ein god måte. Juklestad: Les boka Den unødvendige sulten, den er bra. Sentr. av samvirkeslakteri har gått for langt, men me må ikkje ta Nortura for gitt.kvifor forlet jærbøndene samvirket? Lofthus: Mat er makt, me ser no ein stor konsentrasjon av matmakt. Myndigheitene må fokusera på matprod. Samvirke for frukt og grønt er no borte, har 3 store grossistar. Problem å selja norske eple på slutten av sesongen, me har for lite makt. Korleis gjera noko med det? Ljones, SP: Me er avhengige av samvirket. Småskala er bra, men vil ikkje klara å omsetja store nok mengder, me er likevel små. Tine vert stadig mindre i forhold til kjedene. Store og små må leva i lag. Situasjonen krev at me bønder står samla og at politikarane jobbar for norsk landbruk. Tollvern er heilt naudsynt. Internasjonalt må me påverka gjennom dei kanalane me har. Hestekjøtskandalen er bra, den har auka verdien på merkevarene våre, folk stolar på dei. Mykje står på spel ved valet til hausten, høgre vil til dømes reversera ostetollen. Krohn Hansen: Me bønder driv med noko som er viktig og berekraftig. Viktig med vidareføring av kunnskap. Støttar samvirketanken, men ikkje alt er bra innan samvirket. Me treng bevisstgjering og koma vekk frå tanken om at det berre er billig som gjeld. Interessa for andelsjordbruk viser at mange ynskjer å kjenna bonden og vita korleis maten er produsert. Måkestad: Viktig med samarbeid på tvers av næringane, må gå saman for å motarbeida kjedene. Lite mangfald, til dømes er det få eplesortar ein får levera, her må me gå på grossistane. Nå Fruktlager er eit lite fruktlager som tek i mot fleire sortar, dei kan derfor levera variert og får avsetning på gamle, utdaterte sortar. Wilgohs, Norsvin: Mjølk og gris er ein god driftskombinasjon, sjølv om begge produksjonane er små. Grisen et mesteparten av det norske kornet som ikkje kan nyttast av andre. Norland, NBS: Jærbonden vert skulda for å ha svikta samvirket. Mange av dei har kjørt eit hardt investeringsløp og har ikkje råd til å sei nei til 10 øre meir for literen. Har samvirket 12 kanskje svikta bonden? Mjølkeproduksjonen i landet går ned, tal tilsette på meieria går opp, betalinga for mjølka går ned, bonden kompenserer med å auka produksjonen. Hveem: Det kostar å vera markedsregulator, om vi er misnøgde må vi engasjera oss i samv. Norland: Er for samvirket, men me må kunna krevja meir av samvirket. Dvergsdal: Halda vedlike samvirket er den einaste moglegheiten me har. Korleis unngå at situasjonen vert verre? Me brukar stadig mindre av vårt eige areal mens importen aukar. Det foregår ein maktkamp i samfunnet - det er val til hausten. Nærstad: Samvirkesentraliseringa har kanskje gått for langt. Bøndene treng fleire alliansar. Skapa ein offensiv for auka inntekt og fokus på norske ressursar. Jordpakking er blitt eit stort problem, då tek me ikkje vare på ressursane. Må verta lønsamt å produsera på norske ressursar, det må vera politisk bestemt. Landbruk i Noreg står ikkje i motsetnad til landbruk i sør. Ljones: Fylkeskommunen har nettopp kome med ein dårleg uttale, faglaga må inn her. Torbjørn Norland : Jordbruksforhandlingane 2013. Landbruksmeldinga frå 2012 vil vera grunnlag for forhandlingane, konkretisering av meldinga må koma i forhandlingane. Tunge trendar må snuast skal me auka matproduksjonen - nedbygging av areal fortset, fleire produksjonar har fallande volum, inntektsnivået ligg framleis langt under andre. For å få auka produksjon må auka bruk av utmarksbeite stå sentralt. Endringa frå kronetoll til prosenttoll på ost mm. var viktig for å kunna auka prisane. Egg og lam er foreslått teke ut av målprissystemet. NBS vil gå inn for auka prisar, slik at volumprodusentane kan henta meir av inntekta på pris. Meir budsjettmidlar til dei mindre. Torbjørn Norland : 100-årsjubileum. Jubileet er bygd på 4 grunnsteinar norsk matproduksjon på norske ressursar over heile landet, samvirkeorganisering, kvinner i landbruket og ungdom og rekruttering. Fylkeslag og lokallag kan søka om tilskot til jubileumsarrangement, send inn melding om lokale arrangement til Småbrukarlaget sentralt. Mat- og kulturpris skal delast ut, det skal lagast ei jubileumsbok og fotoutstilling. Dag 2. Møteleiarar dag 2 var Siri Teigland og Nils Martin Seim. Det vart ikkje noko innslag med Gjensidige dette året, dei melde avbod grunna vinterferie. Open post. Runde: Det er dårleg frammøte til fylkesårsmøta. Kanskje det er tida for å slutta med felles samling for dei to fylka? Kanskje bør samlinga berre vera ein dag utan overnatting? Håland: Positivt med felles samling, må ikkje slutta med det. Avstand og reisetid er ikkje avgjerande for frammøte. Viktig med 2 dagar, treng den sosiale delen om kvelden. Lofthus: Det har vore positivt med felles samlingar. Kan vera vanskeleg å finna tema som fenger, viktig med politisk tema. Osland: Bør ikkje slutta med felles samling, og ikkje gå over til ein dag. Har opplevd dette i andre org. og det har ikkje vore positivt, det sosiale falt vekk. Hald i lag! Seim: Redd for at endå færre vil møta om me deler oss. 13

Lofthus: Har gode BU-ordningar for frukt, men dei kan verta betre. Har skrive ein uttale. Sogn og Fjordane kan vera med på den om de vil. (Las opp uttalen). Kanskje kan generasjonsskifte vera tema på årsmøte? Naterstad, NLR: Lite frammøte på årsmøte og andre møte er vorte eit problem i mange lag. Me bør sjå på samanslåing av organisasjonar, til dømes landbrukshelsa og rådgjevingstenesta. Årsmøte Hordaland Bonde- og Småbrukarlag. Møteleiarar: Siri Teigland og Nils Martin Seim. Referent: Åse-Marie Reisæter. Skrive under møtereferat: Gudvin Hesvik Volden og Daniel Jordal Andersen. Årsmøteinnkallinga vart godkjent. Det vart ingen Leiars tale, då Jarle Helland var sjuk og ikkje med på møtet. ikkje har tillit inn i systemet, og erstatningssøknad vert avvist. Kanskje kan veterinær overta synfaring/konstatering? Det må setjast press på dei som skal avgjerda dette. Jubileumsmarkering under Matfestivalen 2013. Dersom me skal laga ei skikkeleg markering treng me at mange er med. Siri Teigland og Kjersti Flatråker er interesserte i å vera med i ei arbeidsgruppe. Det vart god tid på slutten av årsmøtet. Derfor viste Åse-Marie ljosbilete og fortalde frå Småbrukarlagsturen til Færøyane sist sommar. Då me hadde ein færøying med på møtet, Sniolvur Joanesarson, utsending frå Voss BS, fortalde han litt meir om landet etterpå, og avsluttta årsmøtet med å syngja første vers av Ormen Lange både på norsk og færøysk. Ref. Åse-Marie Reisæter. Årsmøtesaker. Årsmelding vart lagt fram og godkjent. Rekneskap og budsjett vart lagt fram og godkjent. Budsjettet viser eit underskot, og det kom ein kommentar om at kontingentinntektene kan aukast dersom me greier å verva fleire medl. Val. Leiar: Jarle Helland attval valt for 1 år Styre: Jens Markhus attval valt for 2 år Birte Larsen attval valt for 2 år Øystein Hole attval valt for 2 år Harald Molland ikkje på val Nils Brynjulf Bøe ikkje på val Siri Teigland ikkje på val Vara: 1. Håkon Erdal ny valt for 1 år 2. Elin Morken attval valt for 1 år 3. Edel Karin Ertsås Alpen attval valt for 1 år Representantskapet: Jarle Helland. Vara: Siri Teigland. Kvinneutvalet: Helga Fossheim tek attval. Siri Teigland og Birte Larsen er ikkje på val. Revisorar: Sniolvur Joanesarson og Ragnar Karevoll, attval. Valnemd: Siren Tømmerbakke (leiar), Helga Fossheim, Daniel Jordal Andersen. Uttale. Det vart vedleke ein uttale BU-midlar til frukt og bær må aukast. Open post. Markhus: Ein medlem i Etne BS (Ebne) har teke kontakt om regelverket for dyr tekne av rovdyr. Dagens ordning virkar ikkje når rovdyrkontakten som ser og stadfestar rovdyrdrapet 14 I høve 100 årsjubileet inviterte me tidlegare fylkesleiarar til fylkesårsmøte og festmiddag. Her ser me Hans Golten (Sotra/Øygarden), Nils Hårklau (Voss),Gunnar Trædal (Masfjorden), Brita Finne (Voss), Leif Grutle (Sveio) og Arne Lofthus (Ullensvang). 15

UTTALE FRÅ ÅRSMØTA TIL HORDALAND BS OG SOGN OG FJORDANE BS : BU-MIDLAR TIL FRUKT OG BÆR MÅ AUKAST. Eit samla årsmøte i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag og Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag krev meir statlege kroner til fornying av frukt- og bærhagar i fylka. Ei stor og målretta fornying innan fruktdyrkinga krev meir BU-midlar over jordbruksavtalen. BU-løyvingane til rydde- og fornyingsarbeid i frukthagane vert disponert gjennom Innovasjon Norge, og skal framleis ha ein god fordelingsstruktur. Hordaland stadfester sin plass som fruktfylke nr 1 i Noreg. Her finn ein det tettaste og mest oppdaterte fagmiljøet innan norsk fruktdyrking. For å kunna oppretthalda den fornyingstakten som krevst i mat- og landbruksdept. sine planar for auka norsk matproduksjon, må frukt- og bærhagane i Hordaland og Sogn og Fjordane oppdaterast i enno større grad enn det som skjer i dag. Til dette krevst det meir statlege midlar disponert av Innovasjon Norge. Ei auka løyving av BU-midlar må koma ei samla frukt- og bærnæring til gode, slik som i dag. Det vert avgjerande for framtida til fruktdyrkinga på Vestlandet at talet på fruktbruk i fylka framleis er høgt. 2014-2015 Eit sterkt og målretta fruktfagleg miljø i Hordaland og Sogn og Fjordane gjer det mogeleg å oppnå ei god jordbruksinntekt på eit lite areal. Dette er spesielt i dag innan jordbruket, og må framstå som eit ljospunkt i landbruket i fylka. Hordaland og Sogn og Fjordane sine fremste politikarar på Stortinget og i Fylkestinget kan vera med å oppretthalda og styrkja det fruktfaglege miljøet i fylka om dei er like innovative som fruktdyrkarane sjølve. Med dette vil Hordaland Bonde- og Småbrukarlag og Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag oppmoda alle sentrale politikarar frå fylka våre til å arbeida for dette framføre dei årlege jordbrukstingingane til våren. Årsmøte 2013. 16 17

Me satsar på kvalitet og service i alle ledd Slakting, kjøtskjering og foredling av kjøt er våre viktigaste arbeidsområde. Dagligvare, storhushaldning og andre kjøtforedlingsverksemder er våre kundar. Skjeggerød og Fatland er våre varemerker. Livdyrhandel. omsetnad av ull, huder og skinn er viktig for at me skal vera eit fullverdig alternativ for leverandørane. Me produserer miljøfôr med matrester frå storhushaldning og biprodukter frå næringsmiddelindustrien. FATLAND SLAKTERIER risneselektro.no Mob.: 93086343 Mob.: 93046045 E-post: E-post: astrid@risneselektro.no grethe@risneselektro.no FATLAND ØLEN AS: 53 77 55 00 FATLAND GJESDAL ULL AS: 52 84 30 15 Profesjonell rådgjeving tilpassa behova dine. Tlf. innmelding slakt 979 85 522-12 - Vårt mål er å yta den beste service! Er du fornøyd, vert me fornøyd! Idrettsvegen 9, 5936 Manger. VÅRE DYKTIGE MONTØRER TILBYR ULIKE TJENESTER SOM: Bustad-, landbruk- og industri- installasjoner. Service på eksisterande anlegg. Kontroll av elektrisk anlegg. Tavlebygging Installasjon av brannvarslingsanlegg og andre alarmanlegg for landbruk, næringsbygg og bustad. I TILLEGG FØRER ME: Støvposer Elektrisk Gjerdemateriell Telefoni Walkie Talkie for jakt og sanking Elektrisk materiell Batteri, høreapparatsbatteri I vår butikk har me kjempegodt utvalg i innendørs og utendørs belysning. Som bedriftsleiar er det viktig å ta rette avgjerder og lønsame val. TINE Rådgiving vil vere kompetansepartnaren din med objektive, tverrfaglege og spisskompetente råd. 5936 Manger - Tlf.: 56 34 96 20 - Faks 56 34 96 21 - E-post: re@risneselektro.no - www.risneselektro.no Åpningstider: Mandag til torsdag: 09.00-16.30 Fredag: 09.00-19.00 Laurdag: 09.00-15.00 18 medlem.tine.no / medlemstelefon 815 02 000 19

Tlf.: 03520 www.felleskjopet.no Innspel til jordbrukstingingane 2013. Småbrukarlaget si oppgåve ved årets jordbrukstingingar vert å vektleggja ordningar som stimulerer til betre utnytting av innmarksbeite, beite i skog, utmark og fjellet. Får ein til ei omlegging til produksjon av kjøtt og mjølk basert på gras og ikkje på ein så stor andel med kraftfor som i dag vil produksjon av kulturlandskap koma av seg sjølv. Skal ein auka bruken av areala i landet vårt må ein mykje større del av budsjettmidlane gå mot bruken av dei ulike arealtypane me har. Skal ein snu denne utviklinga ein har hatt vil ikkje berre friske budsjettmidlar dei første åra vera nok. Me må i tillegg vera viljug til å omfordela eller føra attende budsjettmidlar som dei siste åra har gått til sentrale strøk grunna auka dyretilskot, produsert mengde, samt utflating av struktur på alle tilskota dei siste åra. Det er berre Småbrukarlaget som er viljug å ta denne jobben. Mjølkeproduksjon: Sterk auke i driftstilskotet på mjølk Hordaland og Sogn- og Fjordane bør vera i same sone som Nord- Norge. Beitetilskotet til storfe må auka mykje. Det same gjeld utmarkstilskotet. Ein må få på plass ein god strukturprofil på desse to tilskota. Dette må til dersom ein ønskjer å stimulera til ei driftsform og omfang der mjølkekyr og storfe skal nytta grasarealet til å produsera mjølk og kjøtt på. Me trur dette kan vera med på å få folk til å tenkja nytt når det gjeld rasar som er meir tilpassa dei naturgjevne forholda som me har rundt om i landet vårt. Mjølkeprisen bør aukast med 20-30 øre/l. Storfe/ammekyr: Driftstilskot for dei første 1-25 ammekyrne. Ikkje som i dag at ein må ha minst 5 ammekyr før ein får driftstilskot. Beite- og utmarkstilskotet til ammekyrproduksjonen må aukast slik at ein hindrar at dette vert ein produksjon som stor sett vil skje i store fellesfjøs der forgrunnlaget er rundballar og kraftfor medan godt innmarksbeite rundt fjøset gror til med einer og kratt. Sau: Kraftig auke i utmarkstilskotet. Ein bør og få struktur på tilskotet. Ein kan fjerna beitetilskotet på sau midlane kan ein nytta til å auka utmarstilskotet. Beitetilskotet må ein sjå på som eit dyretilskot utan strukturprofil og med teljedato 1. juni. Beitetilskotet vil på sikt føra til at ein større og større del av sau/lammekjøtproduksjonen vil skje på innmarksareala. Målprisen bør aukast med kr. 2/kg. Ein må få ei eiga tilskotgruppe for villsaurasen. Auke i tilskotet til villsauen bør koma på utmarksbeite. Villsauen gjer ein god jobb når det gjeld å halda vedlike lyngheiane langs kysten. TOTALLEVERANDØREN DU KAN STOLE PÅ Geit: Ammegeit og mjølkegeit går inn i same tilskotsgruppe geit. Dyra må vera over 1 år for å gje rett til husdyrtilskot. To søknadsomgangar pr. år. Mjølkekvote/produksjonsrett til lokal mjølkeforedling må utløyser rett til driftstilskot for geitemjølkeproduksjon. Gris og fjørfe: Inntektsveksten for kraftforkrevjande produksjonar bør komma på auka uttak av pris i marknaden. Eventuelt bruk av budsjettmidlar innan kraftforkrevjande produksjonar bør går som dyretilskotet med auke på dei første 20 avlsgrisane. Dyretilskotet for høns på dei første 2000. Først og fremst bør budsjettmidlane i form av dyretilskot gå til kraftorkrevjande produksjonar i næringssvake områder. 20 21

Frukt: Me vil halda på arealtilskot for dei første 40 da. Birøktarnæringa: Dei som får tilskot frå andre ordningar under jordbruksavtalen må få tilskot for første kube storleik kr. 600,- for dei første 20. Vidare kr. 500,- for 21 50 kuber og kr. 400,. for 51 300 kuber. I tillegg trengs det auka tilskot til avl og opplæring. Fruktnæringa i Hordaland er avhengig av ei birøktarnæring som fungerer. Tilskot til ferie og fritid bør aukast til kr. 100.000,- for mjølkeproduksjonen. Dei andre produksjonane treng ikkje få meir enn generell lønsauke (4%). Refusjonen må skje to gonger i året (februar og juni). Tilskot til avløysing ved sjukdom må aukast til kr. 1500,- per dag for å dekka reelle kostnader. Me ønskjer meir pengar til regionalt miljøprogram. Arealtilskot. Auka grovfortilskotet fordi det har att litt struktur men mest for at dette tilskotet har mest distriktprofil gjennom inndeling i 7 sonar. NBS bør jobba for at me og får distriktsprofil på beitetilskotet for storfe. I Hordaland utgjer innmarksbeite om lag 30% av det totala jordbruksarealet i fylket. Det er dette arealet som gjev landskapet langs kysten og fjordane det særpreg som gjer Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal til dei turistfylka dei er i dag. Me meiner at alt jordbruksareal bør få fullt kulturlandskapstilskot samt at også dette tilskotet bør få soneinndeling alt etter kor stor verdi landskapet har for anna næringsutvikling. Me ser at det vert hevda at høgare grovfortilskot fører til høgare leigeprisar. Det er eit argument som me meiner til ein viss grad er feil. I sone 2 der me ikkje har grovfortilskot har me dei høgaste leigeprisane medan andre områder med høgt grovfortilskot mest ikkje har leigeprisar på leigejord (Hordaland) I staden har me mest avgang på jordbruksareal. Denne utviklinga kan me stoppa med høgare grovfortilskot høgare pis på kraftfor slik at det vert meir lønsamt å dyrka gras på tungdrevne og marginale areal. Me ynskjer ikkje at skattefrådraget vert auka. Det er mange bruk som aldri får nytta denne ordninga fullt ut. Ordningar for unge bønder som tek over drifta før 35 år. Småbrukarlaget må prøva å få på plass eit starttilskot for bønder under 35 år eit årleg driftstilskot dei første 5 år. Ved generasjonsskifte er det ofte trong for midlar til opprusting av driftsapparatet. Tiltaket kan vera tilskot på opptil 50-60% til rep. av driftsbygning, vegar, grøftar m.m. samt eit rentetilskot. Øvre kostnadsgrense for tildeling av tilskota bør ikkje vera meir enn 500 600.000. Grøftetilskot: Det er mykje fulldyrka areal og då særleg myr på fjell som går ut av drift på grunn av dårleg grøftetilstand. I mange kommunar langs kysten kan avgang vera større på grunn av grøftetilstand enn det som går med i reguleringsplanar og vegbygging. Grunn til denne utviklinga er at mekaniseringsregime er lite tilpassa denne jordtypen. Landbruksmeldinga har som mål at ein større del av norsk matproduksjon skal skje på norske grasareal det første prov på om regjeringa meiner noko med det - er å starta eit arbeid med å rusta opp den fulldyrka jord som ein har i dag. Å betra grøftetilstaden på dårleg drenert myr kan vera med på auka avlingsnivået med 50-60%. Tilskotet bør gjevast som eit tilskot bygt på antall meter grøft samt kostnad per meter. Den gamle modellen med tilskot per da er urettvis då kostnaden per da varierar mykje frå jordart til jordart. På myr kan ein ikkje ha meir enn 4 meter mellom grøftane - men på sand/morenejord kan avstanden femdoblast.. Skal ein få fart på grøftinga må gtrøftetilskotet dekka 30-40% av kostnaden og det må til ei mykje større ramme enn det me fekk i 2012. Jordbrukspolitikken må gjera matjorda til hovudfokus. Auka forsking for å endra gjødselregimer, maskinbruk m.m, slik at dei produktive areala kan takast vare på og ikkje verta øydelagt av intensiv bruk. BU-midlane: Me har sett at det meste av BU-midlane dei siste åra har gått til utbyggingar med stort driftsomfang. Vidare ser me at gjennom mange år er det berre 10-15% av bruk i drift som får nytte av ordninga. Grunn til det kan vera fleire men me trur at det er mange som får avslag fordi utbygginga som brukaren ønskjer ikkje har det driftsomfanget som gjeldande politikk legg opptil. (Ein får ikkje strukturendring dersom midlane vert delt ut på mange). Kva med eit skattereduksjonstilskot? Investeringar i bygningar som går til nedskriving i rekneskapet utløyser eit investeringstilskot i form av ein skattereduksjon på 20% av investeringsbeløpet. Ein slik ordning kunne gjelda for investeringar opptil 500.000 kroner per gardsbruk i ein 10-års periode. På denne måten kan samfunnet etablera eit ubyråkratisk system som vil hjelpa til med at fleire tek seg råd til å gjennomføra investeringar på landsbrukseigedommen. Me trur at med ei slik ordning vil me få ei utbygging som er meir tilpassa dei naturgjevne og menneskelege ressursane på landbrukseigedommen. Hordaland Bonde- og Småbrukarlag Mars 2013. Kravet til omsetning på 20.000,- for å ha rett til produksjonstilskot bør fjernast. Eit minstekrav på dyretal eller liknande er betre enn omsetningskrav. Framleis bør me argumentera for å fjerna botnfrådraget. 22 23

A Hotell litt utenom det vanlige tungesvik-bygg.no tungesvik-bygg.no En god seng, deilig vin og et herlig måltid. Ser du etter et hotell der du kan sove godt, nyte deilig mat og vin i en unik 400 år gammel kjeller til en grei pris? Tungesvik-hytten Produksjon av byggesett og elementproduksjon Tungesvik-hytten Produksjon Tlf. 53 av 66 byggesett 12 84 Tegne og elementproduksjon og søketenester Tegne og søketenester Byggetenester Tungesvik-hytten og totalentreprise Trelast Produksjon og byggevarer av byggesett Trelast og elementproduksjon byggevarer Tegne og søketenester Byggetenester og totalentreprise Trelast og byggevarer Byggetenester og totalentreprise T +47 5530 4000 F + 47 5530 4010 E-post: booking@augustin.no - www.augustin.no Adresse: C.Sundts gate 22, 5004 Bergen. Fullt på Augustin? Prøv vårt elegante søsterhotell: Vekselbanken Voss Veksel- og Landmandsbank ASA Tlf. 56 52 35 00 - Fax 56 51 27 47 E-post: post@vekselbanken.no www.vekselbanken.no - Ein god medspelar - 24 25

Landsmøte 2013 Landsmøte var i år lagt til Lillehammer laurdag 24.august og sundag 25.august. Då dette var eit særs spesielt år for Norsk Bonde- og Småbrukarlag, var hundreårsmarkeringa lagt til fredagen før, og ungdomsseminaret var på torsdagen og fredags føremiddag. Så dette var absolutt ei helg stappa med aktivitetar. Frå Voss Bonde- og Småbrukarlag var det fire utsendingar til landsmøtet: Nils Martin Seim, Anita Furevikstrand Seim, Håkon Erdal og Daniel Jordal Andersen. Hordaland hadde 18 deltakarar på landsmøtet. I år hadde Voss Bonde- og Småbrukarlag ungdomsutsendinga for å representere Hordaland på ungdomsseminaret. Daniel Jordal Andersen reiste i førevegen onsdag for å delta på dette arrangementet. På ungdomsseminaret var tema organisasjonen og samvirke viktige. Det var også viktig å verta kjende med andre. Sosiale aktivitetar og lagkonkurransar prega seminaret i høg grad. Det var representantar i alderen 16 til 34 år, og frå nesten alle rikets fylke på seminaret. Klokka 13.00 på fredag, opna det offisielle jubileumsarrangementet. Det var tur til eit bureisingsbruk på Maihaugen, kurs i dans og lokking, politikardebatt, presentasjon av dei nominerte til Mat og Kulturprisen 2013, Konsert med Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland og til slutt middag og dans. Under markeringa var det også urpremiere på den ny-komponerte småbrukarvalsen. Denne fengande songen var å høyre i gangane på hotellet resten av helga av plystrande og nynnande småbrukarar i godlune. Laurdag på slaget 09.00 opna landsmøtet 2013. Det var ein times tid med kulturelle innslag og leiaren sin tale før landbruksministeren fekk sleppa til. Vidare vart jubileumsboka, Landbrukets veg, og boka Kvinnebønder presentert. Det var landbruksdebatt, gjennomgang av innkomne forslag og fleire kulturelle innslag. Under landsmøtemiddagen var det god stemning. Maten var det heller ingenting å sei på. Den hadde innslag frå lokalprodusentar av ulike landbruksprodukt. Stemninga utover kvelden var stigande og Valkyrien Allstars spela til dans. Landsmøtet fortsette sundag. Årsmeldinga 2012-2013, val, handsaming av innkomne forslag, uttaler frå landsmøtet og pågåande prosjekt i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Etter ein god lunsj var det diverre slutt for landsmøtet for denne gong. Landsmøtet med tilhøyrande 100-års markering og ungdomsseminar var i år svært interessant, lærerikt og triveleg. Ein stifta kjennskapar og fekk pleia dei eksisterande. Dei mange unge på landsmøtet syner absolutt at det er ei god framtid, både for næringa og for laget. Vonar om ei tilsvarande oppleving også på neste års landsmøte. Landsmøtemiddag. Bergljot Bruåsdal Hesvik og Siri Teigland frå Kvinnherad og Arne Lofthus frå Ullensvang. Daniel Jordal Andersen, Voss Bonde- og Småbrukarlag. Landsmøtet. Jarle Helland frå Radøy, Bjørn Egil Norland og Harald Molland frå Masfjorden og Oddvar Stang frå Radøy. 26 27

Landbruksmekanisk Inge Hjelle Forhandlar av og Utstyr for rundballepressing, pakking og handtering. Fusion3 F5000 serie 991B serie 691BH 994BS R5 NYHEIT! Cashels rundballedeler med film og nett haldar. Skal du ha ny presse i år? Eller kanskje ei ny klype? Gjer gode handlar no! Handteringsutstyr vert lagerført for kjapp levering, hurtigfeste kan ordnast. For komplett sortiment sjå importørens heimeside www.maskindrift.no Elles det meste i diagnose, reparasjon og vedlikehald av traktor og landbruksreiskap. Ta kontakt for ein trivelig prat! Landbruksmekanisk Inge Hjelle når du på tlf: 959 62 998 28 29

Organisert beitebruk i Hordaland Beitesesongen 2013 For sesongen 2013 fekk vi inn registreringar for 95 beitelag i organisert beitebruk (OBB) i Hordaland. I 2012 fekk vi inn registreringar frå 103 beitelag, vi har altså fått ein relativt stor tilbakegang i tal søknader. Nedgangen er ikkje ein reel reduksjon i tal beitelag, men har sin årsak i omorganisering og nytt søknadssystem som ikkje alle laga har tatt fatt på enno. Utviklinga i tal dyr og beitelag hadde tilsvarande «knekk» etter ein omorganiseringsprosess i 2003, sjå figur. Vi vonar at vi ser ein auke att dei komande åra. I 2013 gjekk tap av sau og lam noko opp i høve til fjoråret med rekordlåge utmarkstap. Utviklinga totalt sett er likevel positiv med ein svak tendens til redusert tapsprosent i utmarka over den siste tiårs perioden, sjå figur. Av alle fylka i landet har vi i Hordaland prosentvis lågast tap i utmarka både for sau og lam. Dette er svært positivt. Vi er heldige og har svært lite rovvilt, men det vert og utført mykje bra arbeid i beitelag og enkeltbuskaper for å førebyggje tap i utmark. Tapa utgjer likevel svært mange dyr, og det er viktig å halde fokus på tapsreduserande tiltak og haldningsskapande arbeid vidare framover. Snøfres For sesongen 2013 vert det utbetalt 2,6 mill i tilskot til drift av beitelag. I tillegg vert det utbetalt tilskot direkte til medlemar i godkjende beitelag på omlag 3,9 millionar, dette tilskotet er nytt av året. Per i dag får vi inn registreringar i organisert beitebruk for 67% av dei sauene og lamma som det vert søkt tilskot til utmarksbeite for. Det nye tilskotet til medlemar i beitelag skal stimulere til at større del av utmarksbeitebrukarane vert organisert i beitelag. Vedmaskin Traktorskjær Traktorskuffer Rundballegriper Svanhild Aksnes Fylkesmannens Landbruksavdeling Lid Jarnindustri AS, 5600 Norheimsund - post@dalen.no - dalen.no 30 31

Beiteprosjektet i Hordaland 2011-2013. Prosjektet i Hordaland har vore ein del av eit nasjonalt prosjekt, og skulle gå ut i 2012. I Hordaland utvida me prosjektperioden til ut 2013. Eit av delmåla i prosjektet har vore utprøving av elektroniske hjelpemidlar til sporing av dyra i beiteperioden. Me hadde 100 radiobjøller fordelt på 5 beitelag i 2011 og 2012. Radiobjøllene fungerte rimeleg godt der det var mobildekning, men var til lita nytte i beiteområde med dårleg mobildekning. I 2013 vart det kjøpt inn 60 GPS-bjøller som vart fordelt på 9 lag. Eit av laga hadde nesten ikkje mobildekning i sitt beiteområde. Resultatet av utprøving av GSP-bjøllene er godt i alle beiteområda. Gjennom prosjektet har me fått svar på at radiobjølla er til god nytte i område med mobildekning, medan GPS-bjølla har me god nytte av i alle beiteområda i fylket. Eg er sikker på at dei elektroniske hjelpemidlane som me har prøvd ut i prosjektperioden vil vera til god hjelp i arbeidet med å redusera tapet av dyr i fjellbeita våre. Eg trur at sankearbeidet kan verta enklare ved hjelp av dette utstyret. Beiteprosjektet vart avslutta i desember 2013. Laga som hadde vore med på prosjektet fekk tilbod om kjøp av bjøllene til litt redusert pris. Jarle Helland. Prosjekt «Slipp oss til ungdom inn i landbruket» Prosjektet, som går ut på å registrere ubebudde småbruk og kontakte eigarane, er eit samarbeid mellom Natur og Ungdom, Norges Bygdeungdomslag og Norsk Bonde-og Småbrukarlag. Dagny Warner er prosjektleiar og styret i HBS er arbeidsgjevar. Ved utgangen av 2012 var disse kommunane i Hordaland kartlagd og eigarane kontakta : Kvinnherad, Samnanger, Tysnes, Austevoll, Vaksdal, Fitjar og Stord. I 2013 vart kommunane i Nordhordland kontakta av prosjektleiar. Prosjektet vart godt motteke av Meland kommune, og det vart sendt ut brev til 60 eigarar. Dessverre var det få som gav tilbakemelding. Nokre av dei andre kommunane i Nordhordland som prosjektleiar var i kontakt med, hadde ikkje høve til å vera med på prosjektet. Det som har vore ei trend er at det er få som har svart på brevet dei fekk frå kommunen/prosjektleiar. Dei av eigarane som har vore i kontakt med prosjektleiar har vurdert sal av bruket. Det er nesten umogeleg å kunna seia noko om prosjektet har medført at bruk har komme for sal. Me er likevel sikker på at breva som vart sende ut har vore med på å setja i gang ein prosess som har ført til at bruk som ikkje hadde kome for sal har vorte selde. Det har og vore nokre kommunar som ikkje ønska å vera med på prosjektet. Dagny Warner. Ny giv i sauehaldet. Prosjektet Ny giv i sauehaldet i Hordaland starta opp i februar. Hovudmålet for prosjektet er å bidra til å få fram fleire lam til slakt i fylket vårt. Hordaland Sau og Geit er prosjekteigar. Gjennomføring av prosjektet er eit samarbeid mellom fylkesmannen, Nortura, Fatland og fleire andre landbruksaktørar. Sauetalet har gått litt ned i Hordaland dei siste åra, ein trend ein vil prøva å snu gjennom prosjektet. Hordaland er i dag det einaste fylket i landet vårt der rovdyr fram til no ikkje har vore noko problem. Me har fjellbeiteområde der beitekapasiteten er lite nytta. Hordaland er eit fylke med store utmarksressursar med reimeleg god beitekvalitet, og me må ta mål av oss å verta det største sauefylket i landet vårt innan 2020. Prosjektet vert drifta av ei arbeidsgruppe som i løpet av 2013 har gjennomført mange møte med ymse tema. Oppmøtet har vore svært godt. Eit av tiltaka har vore faghelg for unge og nye sauebønder. Sauekontrollen er eit nyttig hjelpemidel for å kartleggja tilhøve i drifta som ein kan verta betre på. Oppslutnaden om sauekontrollen i fylket vårt er altfor låg. Dette vil Nortura og Fatland prøva å gjera noko med. Dei tilbyr gratis sauekontroll i to år dersom du melder deg inn i løpet av prosjektperioden som går fram til 2016. Jarle Helland. 32 33

Prosjekt Vi satsar på mjølk i Hordaland. Dette prosjektet har gått i mange år under ulike namn, no går det fram til 2017. Hovudmålet i prosjektet er auka mjølkeproduksjon i Hordaland. Dessverre har mjølkemengda gått ned i fylket siste året. Reduksjonen i Hordaland i 2013 i høve til 2012 var på 0,75 % mot 0,44 % i heile landet. Kvotefyllinga var på berre 87 % i 2013, og prosjektet vil ha auka fokus på kvotefylling framover. Prosjektet har arrangert ulike kurs og samlingar, Open fjøs fleire stader og møteseriar. Spesielt er Open fjøs populært og trekkjer mykje folk, ofte fleire generasjonar. Bønder som nyleg har bygt ut og/eller kjøpt kvote skal følgjast opp av prosjektet, det er viktig at desse får hjelp og støtte om dei treng det. Styringsgruppa har møte to gonger i året, elles er det prosjektleiarane i Tine som syter for aktivitet og framgang. Dei gjer ein god jobb. Åse-Marie Reisæter. Landskap i drift -prosjektet - til nytte for bonden og samfunnet! Landskap i drift eit aktivt drive, mangesidig landbruk vil føra til at landskapet kan haldast ope på ein naturleg måte i samsvar med kulturlandskapets eigen historie. Hovudmålet er å ha eit ope landskap. Gjennom aktiv drift skal dette nåast gjennom: 1. Beiteområdet skal utvidast 2. Stimulerast til fleire beitedyr 3. Kompetanse- og kunnskapsbygging blant brukar og forbrukar 4. Entreprenørskap, stimulera til nye metodar, nye og alternative produksjonar. Dei nye produkta kan vera både tenester og produkt. Styringsgruppa i Landskap i drift- prosjektet er samansatt av 2 representantar frå Fylkesmannen, 1 frå Nortura, 1 frå Sau og geit, 1 frå Bondelaget og 1 frå Bonde og Småbrukarlaget. Styringsgruppa hadde 2 møter i 2013. På første møte gjekk me gjennom tidlegare prosjekt og korleis dei hadde gått, og drøfta nokre erfaringar. Det var kome inn nokre nye søknader som vart presentert, som vi gjekk gjennom og drøfta. På andre møte vart aktuelle søknader (prosjekt) lagt fram og drøfta. Tre av søknadane vart godkjent for tilskot. Prosjekt Landskap i Drift held fram i 2014. Nils- Brynjulf Bøe. LANDBRUKSKOMPOST, JORDPRODUKTER, CONTAINERUTLEIGE ALT INNEN AVFALLSBEHANDLING TLF 53651900 www.bioplan.no FAX 53651901 post@bioplan.no LANDBRUKSKOMPOST, JORDPRODUKTER, CONTAINERUTLEIGE ALT INNEN AVFALLSBEHANDLING TLF 53651900 www.bioplan.no FAX 53651901 post@bioplan.no 34 35

Bygdeutviklingsprisen i Hordaland for 2013. Bygdeutviklingsprisen for 2013 gjekk til Jørn og Ruth Hafslund som driv gardsbruk ved Fanafjorden. Dei driv mjølkeproduksjon med 12 kyr og ein kvote på 90000 liter. I 2007 starta dei med osteproduksjon og i dag vert det meste av mjølkeproduksjonen på bruket vidareforedla. Ostane dei produserer er Kvitmuggost, brie, camembert og halvfaste ostar m.m. Dei marknadsfører produkta under namnet «Ostegarden». Me kan i dag få kjøpt ostane over heile landet. Juryen som var Åse Vaag frå Fylkesmannen, Frøydis Haugen, leiar i Hordaland Bondelag, Ole-Andreas Smette frå Innovasjon Norge og eg som var med frå Småbrukarlaget, meinte at Jørn og Ruth Hafslund oppfylte kriteria for prisen. Dei har vist evne til å nytta eigne råvarer og tenkja nytt og innovativt i produkta. Dei har vore gode på samarbeid og oppnådd eit godt økonomisk resultat. Jørn og Ruth Hafslund fekk prisen under festmiddagen til Agro Hordaland. Direktør i Innovasjon Norge, Hordaland, Nina Broch Mathisen, delt ut prisen. Jarle Helland. Kulturlandskapsprisen 2013. Kulturprisen er ei påskjøning til nokon som gjennom mange år har gjort ein særs stor innsats for landbruket sitt kulturlandskap i fylket vårt. Prisen skal gå til nokon som tek vare på mangfaldet i kulturlandskapet i Hordaland når det gjeld bygningsvern, kulturminne og landskapsopplevingar m.m. Kulturlandskapsgruppa, som er ei tverrfagleg gruppe på fylkesnivå, med representantar frå forvalting, forsking og næringsorganisasjonar i Hordaland, vil gjennom prisen setja fokus på dei kvalitetar som ligg i kulturlandskapet i Hordaland. Tema for kulturlandskapsprisen i 2013 var korleis skapa ny næring i ledige landbruksbygg. Kulturlandskapsgruppa fekk inn forslag på 20 kandidatar. Toril L. og Johan Børsheim frå Ulvik fekk kulturlandskapsprisen i 2013. Dei fekk prisen på kr. 50.000,- for mangeårig innsats for arbeidet med restaurering og utvikling av husmannsplassen Kvemmadokkje. Fylkesmann Lars Sponheim delte ut prisen. Leiaren i Ulvik Bonde- og Småbrukarlag var vår representant ved utdeling av prisen. Jarle Helland. SERVICE Spekemat - smakfullt og lettvint - til kvardag og fest Vi utfører det meste innen grafiske tjenester. Vår førtrykksavdeling er behjelperlig med å utforme trykksakene for deg, og våre fagfolk på trykk vil alltid strekke seg for å gi det beste resultat. Trykk Service AS leverer alt innen trykksaker. Gavekort Timekort Klistremerker Brosjyrer Bøker Flyers 36 Skjema Plakater Blad Hefter visittkort Blokker Kalendere Logo Kopier Konvolutter Brevark Osv Johs. Lundal & Sønner AS epost@johslundal.no Tlf: 53 77 15 80 www.johslundal.no 37

Norsk Bonde- og Småbrukarlag 100 år i 2013. Jubileumsfeiring i Ullensvang. I 2013 feira Norsk Bonde- og Småbrukarlag 100 år. Dette vart markert på ulike vis rundt om i landet. I Ullensvang skipa me til kulturvandring med fest om kvelden. Markeringa var eit samarbeid mellom lokallaget i Ullensvang og HBS, og alle medlemmene i fylket var invitert. Jubileumsdagen starta kl.11.00 i Lofthus sentrum. Då opna salsbodene med lokalmat frå nærområdet. Det var ikkje så mange boder, men produkta var utsøkte - hermetiske plommer og moreller, chutney av eple og pærer, sylte og gele, nysteikte lefser og honning var noko av det som var å få kjøpt. Om lag 50 personar var møtt opp til kulturvandringa. Første stopp var Ekspedisjonen, skjenkestova som har sitt eige mikrobryggeri og serverer eigne produkt. Smaksprøver vart servert og såg ut til å falla i smak hos deltakarane. Harald Alvavoll, ein av dei som starta og driv staden, og styremedlem i Ullensvang BS, fortalde om staden og ølproduksjonen. Turen gjekk vidare opp mot Opedal, og på neste stopp fekk me vita meir om ølbruggingstradisjonane. Leif Stana fortalde om ølbrugging før og no. Interessant - og smaksprøvar også her. Ein stor takk til han for at han stilte velvillig opp og tok så godt i mot oss. Arne Lofthus guidar oss gjennom fruktlandskapet, og har mykje interessant å fortelja. Snart kom me til stova der den kjende spelemannen Torkjell Spelaren budde. Her sytte to av jentene i Folkelokk, Aurora Århus og Eirin Tjoflot for vakker felemusikk og song. Folkelokk er i ettertid vorte landskjende for sitt entreprenørskap, der felespel og song er kjernen i byggjing av ei verksemd som dei sjølve driv. Landskonkurranse førde til at dei vann, og deretter representerte Norge i Europeisk tevling i London. Opedal. 38 Vidare gjekk turen gjennom blømande frukthagar til Munkagard, der det enno finst veggteikningar frå folkevandringstida 400-800 e.kr. Arne Lofthus, leiar i Ullensvang BS, losa oss stødig gjennom løypa, og hadde mykje spennande å fortelja om historiske hendingar, eventyr og segner, fruktdyrkinga si historie og moderne fruktdyrking. Veret var også med oss på turen og gjorde sitt til at det vart ei fin oppleving. Me vil retta ein takk til Oddmund Huus i Kinsarvik for hjelp til planlegging av kulturvandringa, historiske opplysningar og gode forteljingar. Turen vart avslutta med grillmat, kaffi og Edel Karin Alpen sine gode lefser på Lidi. Jubileumsfesten på ungdomshuset Krossvoll vart høgtideleg opna med velkomst av festleiar Geir Midnes. Me var så heldige å ha leiar i NBS, Merete Furuberg, med på arrangementet vårt, og både ho og landbruksdirektør Ole Bakkebø heldt fine innlegg. Det gjorde også ordførar Solfrid Borge. Folkelokk var framleis med oss, og det vart både song og spel frå dei. Seinare song Marie Elise Lindskog, og song gjorde me sjølve og. Etter ein nydeleg middag var me klare for å dansa. Sølvsuper sytte for god dansmusikk, og me hadde ein kjekk avslutning på ein flott jubileumsdag. Åse-Marie Reisæter. 39

Frukt. Ein uvanleg kald vinter med låge temperaturar i mange veker gjorde livet vel spanande for mange fruktdyrkarar. Lite snø i periodar laga djup tele i jorda. Sesongen 2013 starta med ei sein bløming, opp til 14 dagar etter det normale. Som i 2012 var det i år og mykje dårleg arbeidstemperatur for biene. Det er framleis eit problem at mange av leigekubene er svake. Når ein no har fått til tilskot frå første kube, bør fleire starta med eigne bikuber for å verta sjølvhjelpen med pollineringa. Trass varierande vær i bløminga vart det bra fruktsetting. Det var svært rik bløming på plommer i heile fjorden, som totalt sett gav ei doblinga av plommeavlingane i forhold til dei forrige åra. Sommaren vart nokså god med passeleg regn til rette tider, og fine dagar innimellom. Ein fantastisk ettersommar og haust gjorde at mange fruktdyrkarar kom i mål med glans, og særleg plommesesongen vart eventyrleg som det stod i Bergens Tidende. Den populære og nyttige hardangerbunaden som er mykje i bruk i frukthagane i sesongen, vart relativt lite nytta hausten 2013. Det såg ut til at det skulle verta ein god auke på epleavlingane i 2013, men ein fekk ikkje den tilveksten utover sommaren ein hadde tenkt. Mange er litt for redde for å tynna hardt for å få opp storleiken. Det var bra temperatur i innhaustingstida så ein slapp dei problema ein hadde i 2012 med slagflekkar på epla. Dei med gode avlingar kom godt økonomisk ut, for oppgjersprisen var bra på dei rette storleikane. På jubileumsdagen selde Hege Lutro, Helga Opedal og fleire småbrukarlagsmedlemmer eigne produkt på eit minitorg i Lofthus sentrum. Anton Mindes Ærespris. Søndre Bergenhus Amts Landbruksholdningsselskap vart skipa i 1811. I 1919 fekk det namnet Hordaland landbruksselskap. Selskapet si primære oppgåve var å stimulera og rettleia bøndene i Hordaland. Det vart i løpet av åra oppretta ulike fond og legat som vart gjeve av personar som var spesielt interessert i Landbruksselskapets arbeid. Utbytte av fonda og legata kunne delast ut til personar og organisasjonar som har gjort seg fortent til ei påskjønning for arbeidet dei hadde gjort for landbruket i Hordaland. I 1981 tok staten over arbeidet som hadde lagt under Landbruksselskapet. I 1992 vart Stiftinga Hordaland Landbruksselskap skipa. Hordaland Landbruksselskap er ei ideell stifting, der føremålet er å forvalta fonda/legata i tråd med ønskja til gjevarane. Det er oppretta ein ærespris, Fabrikkeigar Anton Mindes Ærespris for framifrå landbruksdrift. Det er ikkje kvart år at prisen vert delt ut. I 2012 vedtok styret at det skulle delast ut pris. Det vart lyst ut at styret ønskte innspel på kandidatar. Då tidsfristen gjekk ut hadde styret fått forslag på 5 kandidatar. Alle var gode kandidatar til prisen. Etter at nokre av styremedlemane hadde vore på vitjing hjå nokre av kandidatane - vart styret samde om at prisen skulle tildelast Åse Samdrift i Kvam kommune. Prisen vart tildelt eigarane av Åse Samdrift under festmiddagen på Agro Hordaland. Leiaren i styret for stiftinga, Frøydis Haugen, overrekte prisen. Jarle Helland Det vert planta mykje nytt, og det er positivt. Fruktmiljøet i Hordaland har gode ordningar hjå Innovasjon Norge, og det vert fagpolitisk viktig å halda på desse ordningane. Det hadde vore fint om næringa kunne stå samla fast på arealkrav som i dag. Dersom fruktprodusentane skal verta betre, så er god og langsiktig planleggjing ein stad å byrja. Grunnstammeproduksjonen treng å verta meir profesjonell, og det må me som fruktbønder forlanga. Planteskulane hadde nok sett pris på meir langsiktige ordrar frå fruktdyrkarane. Dersom mykje av dette vart rutine, ville truleg næringa opplevd betre kvalitet på det trematerialet som kjem ut til dyrkarane. Slurv og dårleg handtverk bør me i alle fall ikkje oppleva. Eit norsk prisnivå vert og enklare å akseptera dersom kvaliteten er bra. Pæreavlinga er svært låg. I Ullensvang er det sorten Ingeborg som dominerar. Vegen fram for denne pæresorten har vore lang og tung, men det er lysning i tunellen. Pæreprodusentane er ikkje mange, men fleire har gode resultat, og Ingeborg er eit flott produkt. Den nye sorten Celina er enno ikkje planta som vanleg handelsplanting i Ullensvang, men det er no planlagt planting til hausten og meir i 2015. Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag vil fylgja med på dette arbeidet. Celina er ein norskavla sort som er vorte populær i fleire land. Det hadde vore hyggjeleg om sorten kunne dyrkast og seljast i Noreg. Pr i dag står det fleire tusen Celinatre i planteskule klare til utplanting. Kven torer gå i gang? Plommesesongen 2013 går truleg over i historien som den beste i seinare tid. Eit samanfall av mange gode sortar, svært lagleg ver i plommesesongen, god fruktsetting og ein norsk marknad som er svært positiv til norske plommer, gjorde at dyrkarane kom i mål på ein flott måte. I tillegg er det no utvikla gode dyrkingsteknikkar der moderne planting og skjering gjev resultat. Plommer har i mange år no vore svært interessant for dyrkarar og marknad. Truleg kan me ikkje forventa slike gode plommeår kvart år, men det er von om positiv framgang for plommeproduksjonen. Det ser ut som om marknaden vil betala god pris for kvalitet. Nyare og meir forbrukarvenlege pakningar aukar også truleg salet. 40 41

Hardanger har alltid vore det største morelledistriktet, men no er me slått av Sogn! I jordbruksavtalen gjeldande for 2014 kom frukt og grønt forholdsvis bra ut. D/K tilskotet fekk ein auke på 10 % og målprisen på eple gjekk opp 3 %. Fruktlagertilskotet auka frå 11 til 13 mill. Norsk Landbruksrådgiving fekk 4,5 mill. tilknytt grøntsektoren. Der hadde me forventa å få på plass ein stilling på maskinteknisk rådgiving i Hardanger, men det glapp i siste sving. På rydde- og plantetilskot kan ein no få opptil 30 % tilskott. Der bad me om øyremerkte midlar i BU systemet, slik at det er nok midlar til det fornyingsarbeidet som er sett i gang. Det fekk me ikkje til, så sjølv om BU-potten vart auka, kan det verta kamp om midlane. Ein får no 400 kr i tilskot frå første bikube når ein er søkegod. Arealtilskotet står uendra. Problema rundt Heksekost og Pærebrann og import av epletre er enno ikkje avklara. Mattilsynet har no utarbeidd forskjellige forvaltingsmodellar. Saka ligg no hjå LMD for avklaring. NBS har vore klar på nei til å opne for import. Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag. Styret i arbeid Ved årsmøtet 2013 ble alle styremedlemmene gjenvalgt siden ingen ville ut av styret. Dette viser at styrearbeid ikke trenger å være kjedelig eller et "must". Det ble i løpet av året avholdt 4 styremøter, noe som heller ikke er avskrekkende med tanke på det å være en del av et styre. Siden styrets sammensetning er geografisk fordelt utover fylket vårt blir Bergen et naturlig sentrum for møtene. I 2013 ble styremøtene avholdt hos Birte Larsen på Strutsefarmen i Fyllingsdalen. Midt i "byn" men likevel ute på landet. Utenom arbeid for vårt eget distrikt ble det også i 2013 levert inn krav til jordbruksforhandlingene. Vi jobber mye for at sauebonden skal få bedre betalt for det han leverer. En av sakene vi har hatt som prosjekt i 2012/13 er "Slipp oss til", der vi forsøker å få liv i nedlagte bruk. Ingen lett oppgave, men noe vi kommer til å fortsette med, slik at vi i fremtiden holder liv i gårdene i distriktene. Med ny Landruksminister går vi spennende tider i møte. 2013 var det store jubileumsåret for Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Over hele landet ble det feiret at bursdagsbarnet ble 100 år. For vår del ble den store dagen feiret i Ullensvang første helgen i juni. Her fikk de ca. 50 deltakerne være med på en fantastisk kulturvandring i Lofthus og Opedal, og middag, program, sosialt samvær og dans i det lokale ungdomshuset. Jubileumsfeiringen på landsbasis ble feiret på landsmøtet på Lillehammer, der HBS var tilstede med en delegasjon. Et fantastisk arrangement også dette. Her kunne godt flere fra Hordaland ha vært med. Etnemarknaden dette året var dessverre ikke helt heldig med været. Mye vind og regn gjorde at det ikke var så mye folk som det pleier, men HBS og Etne BS hadde sine folk på stand også denne sommeren. Etnemarknaden er en fin møteplass for bønder og folk som er nysgjerrige på hva vi driver med. Her snakker vi med både store og små, bønder og lekfolk. Tlf. 53 66 12 84 Når vi så kom til Matfestivalen i Bergen første helgen i september var det litt verre å få folk til vår stand på Bryggen. Det er trist at en så stor festival som er beregnet på lokalmat, tilberedt, dyrket og avlet frem av bønder, skal arrangeres samme helg som sauesankingen starter. Vi hadde stand og folk, men kunne gjerne vært flere. Agro Hordaland gikk av stabelen i november på Clarion Hotel på Flesland. Et storstilt arrangement sponset av de store samarbeidspartnerne våre. Her var det gode foredrag og debatter, men som vanlig blir det knapt med tid til å få skikkelig fyr på diskusjonene. Agro Hordaland samlet ca 300 personer til middag fredag kveld. Vekselbanken Voss Veksel- og Landmandsbank ASA Tlf. 56 52 35 00 - Fax 56 51 27 47 E-post: post@vekselbanken.no www.vekselbanken.no - Ein god medspelar 42 - Ellers jobber vi en del med å få liv i de lagene som ikke har så stor aktivitet. Birte Larsen og Siri Teigland var en tur til Tysnes og hadde en kjekk kveld sammen med laget der. Nå virker det som om de har fått litt ny giv. Hvis det er andre lag som ønsker besøk fra noen av oss i styret er det bare å ta kontakt, så lager vi til en "Temakveld" og inviterer alle medlemmene i laget på samling. Årsmøtene er viktige for økonomien i laget. HBS får ikke utbetalt midler før dere i lokallagene har hatt årsmøte. Dvs at om dere ikke har mer enn ett møte i året, så gjennomfør i hvert fall årsmøtet og gi beskjed når det er gjort! Mvh Birte Larsen 43

Etnemarknaden 1.-4.august 2013. Småbrukarlaget sin stand på Etnemarknaden var ganske tradisjonell, med informasjonsmateriell, loddsal, vafler og kaffi. Dei siste åra har Siri Teigland hatt med seg rokken som ho har spunne på, til stor glede for dei som kjem forbi. Dette året var ho dessverre ikkje med. Frå fylkeslaget var det berre Jarle og Åse-Marie som hadde høve til å vera med, men lokallaget i Etne gjorde som vanleg ein flott innsats med å laga til standen og å bemanna den. Særskilt må Marit Ebne og Kjersti Markhus nemnast. Været var ikkje så bra under denne marknaden, med mykje regn og vind. Ein morgon blåste regnet heilt inn til bakveggen på standen vår. Litt vått vart det i sakene våre, og litt mindre folk vart det og. Men alt i alt nokre trivelege dagar med mykje god prat med folk som stikk innom. Åse-Marie Reisæter. Frukt dyrka ved foten av Folgefonna TELEFON 53 66 22 00 BERGEN OG HORDALANDTURLAG ----------------------------------------------------------------------------------------------------------------- Grønstad Transport 5520 Etne Transport inn- og utland. Sal av grovfor /spon. tlf. 53 75 69 00 mob. 957 46001 KARL H. OLSEN Bergen og Hordaland Turlag er Vestlandetsstørste friluftlivsorganisasjon med 25 516 medlemmer. Foreningen driver 24 hytter og merkede stier til og mellom hyttene. Sammen med 12 lokallag organiserer vi over 1000 turer årlig. Vi har ca. 56.000 timer med dugnadsarbeid. Organisasjonen ble grunnlagt i 1890, og er tilknyttet Den norske Turistforening (DNT). Foreningens formål er å tilrettelegge for et aktivt, enkelt og naturvennlig friluftsliv. Naturvern er også et viktig arbeidsområde. Som medlem av Bergen og Hordaland Turlag har du tilgang og rabatt på DNTs 480 hytter og omlag 20 000km merkede sommerstier og rundt 7000 km kvistete vinterløyper. --------------------------------------------------------------------------- Gullhorgabu er en helt særegen hytte med sin spesielle arkitektur og nydelige beliggenhet. Vi gleder oss til å fylle hytten med barn og familier, og vandrere som nå kan gå en hel uke fra hytte til hytte gjennom Kvamsfjella og Bergsdalen. Bergen og Hordaland Turlag Tverrgaten 4/6 5017 Bergen Tlf: 55 33 58 10 Faks: 55 33 58 29 E-post: post@bergen-turlag.no www.bergenoghordalandturlag.no 44 45

Sogn Jord- og Hagebruksskule - landsline for økologisk landbruk - vidaregåande opplæring i økologisk landbruk økologisk/kortreist mat på internatet spennande kurs innan landbruk, mat & foredling gardsbarnehage på skulen økologisk gardsbutikk 5745 Aurland tlf 57632650 www.sjh.no DET LØNNER SEG! www.fkra.no Best på landbruk Bondevennen er eit redaksjonelt fritt blad tufta på samvirket sine idear lite og hendig format 40 nummer i året Bli abbonent du óg då har du fullt oversyn! www.bondevennen.no - Telefon: 51 88 72 61 46 47

Agro Hordaland 2013 Agro Hordland vert arrangert annakvart år, og i november 2013 var det igjen tid for å samla vestlandsbøndene på Flesland. Det er eit stort arrangement som går over tre dagar, med over 300 deltakarar totalt. Torsdag og fredag hadde ein del av organisasjonane, som Nortura, medlemsmøte. Fredag ettermiddag var det stort politisk debattmøte, som regel er dette ein svært interessant debatt med aktuelle og interessante tema. Tema i år var rekruttering. Gode innlegg, men debatten tok aldri heilt av. Fredag kveld middag og dans. God stemning og kjekt å treffa ulike folk i landbruksmiljøet. Laurdag føremiddag var det fleire korte kurs og møte som deltakarane kunne velja mellom, veldig bra. I likheit med fleire andre organisasjonar hadde Hordaland Bonde- og Småbrukarlag stand på samlinga. Dagny Warner var med å presenterte Slipp oss til -prosjektet, og i tillegg vart 100-årsjubileet vårt markert litt ekstra. Eit flott arrangement som me vil anbefala fleire å delta på! Åse-Marie Reisæter. STEND VIDAREGÅANDE SKULE - en aktiv skolehverdag Interessert i å kombinere din interesse for dyr, friluftsliv eller idrett med generell eller spesiell studiekompetanse? VG 1 Naturbruk: Dyrefag, friluftsliv, hestefag, anleggsgartner VG 2 Naturbruk: Dyrehelse, hundefag, friluftsliv, hestefag, VG 3 Allmennfaglig påbygg VG1 VG 3 Idrettsfag: Toppidrett, breddeidrett og friluftsliv TA KONTAKT TLF. 55 91 88 00 ELLER WWW.STEND.NO 5986 Hosteland - Tlf.: 56 36 71 50 - Fax: 56 36 72 74 Salg og service av Claas traktorer. Dolmar motorsager og alle typer landbruksredskaper, ved- og skogsutstyr. Me har eget verksted og servicebil for reparasjoner av alle typer traktorer Prosjektleiar for Slipp oss til -prosjektet Dagny Warner, på Småbrukarlaget sin stand under og landbruksredskaper. Agro Hordaland 2013. Lager for kraftfor, kunstgjødsel og såvarer. 48 49

TILLITSVALDE I HORDALAND BONDE- OG SMÅBRUKARLAG 2012 MYTER OM LANDBRUK Av Aksel Nærstad, Seniorrådgiver i Utviklingsfondet. Leiar: JORDBRUK Om du henter din informasjon om matproduksjon fra massemedienes artikler, Jarle er sannsynligheten Helland, 5936 stor Manger for at du tror på tlf en eller 56 37 flere 31 av 16 myter. / 41 32 06 01 jarlehelland@hotmail.com Første myte er at storskala industrilandbruk produserer maten til det store flertallet av Pol. mennesker nestleiar: i verden. I virkeligheten står småskala-produsenter for maten til omtrent 70 Siri prosent Teigland, av verdens 5472 Seimsfoss befolkning, ifølge FNs tlf miljøprogram. 53 48 01 29 / Det 971 gjelder 87 538 ikke bare produksjon til eget forbruk: Også 40 prosent av maten som siri.teigland@knett.no handles, kommer fra småskala-produsenter. I det norske statsbudsjettet for 2012 slås det fast at 80 prosent av maten i utviklingsland kommer Org.nestleiar: fra småbønder. Øystein Hole, Hosanger, 5282 Lonevåg tlf 56 39 30 11 / 959 01 981 Den anerkjente, internasjonale organisasjonen eysteinhole@gmail.com ETC-group har kommet frem til at produsenter Styremedlemmer: som driver smått står for omtrent 70 prosent av verdens matproduksjon. Småbønder står for Harald 35 til 50 G. prosent, Molland, små 5986 matprodusenter Hosteland i byene tlf 56 15 36 til 70 20 60 prosent, / 951 fiske 22 396 5 til / 916 10 prosent, 44 627 jakt og annen høsting fra naturen 10 til 15 prosent, og mat fra den industrielle matproduksjonen for haraldmolland@gmail.com omtrent 30 prosent. Jens Markhus, 5593 Skånevik tlf 971 80 152 Myte nummer to er at industrilandbruket er mye mer produktivt enn variert småskalalandbruk. Om en anser produktivitet som mat produsert jens@tveit.no per årsverk, er det industrielle landbruket mye mer produktivt. Men om en regner produktivitet som mat produsert per areal, er småskala Birte landbruk, Larsen med et mangfold av vekster og tlf. dyr, 93207536 totalt overlegent Birte.larsen@hjemme.no industrilandbruket. Nils Industrilandbruket Langhellesv.20, bruker 5141 Fyllingsdalen 70-80 prosent av verdens landbruksareal for å produsere omtrent 30 prosent av maten. Nils-Brynjulf Bøe, Bøv.15, 5200 Os tlf 478 61 980 nils@bokampen.no Småskalalandbruket produserer mer per areal på grunn av samplanting av ulike vekster og bedre utnyttelse av områder med vanskelig terreng, kantområder og små områder, og fordi det Vara: legges ned mer menneskelig arbeid for å utnytte jorda best mulig. 1. Lars Johan Tveit, 5730 Ulvik tlf 916 88 129 Myte tre er at kunstgjødsel og kjemiske sprøytemidler ljtveit@ulvik.org er nødvendige for en effektiv 2. matproduksjon. Elin Morken, 5936 Manger 3. Edel Karin Ertsås Alpen, 5773 Hovland Men ifølge FNs organisasjon for mat og landbruk er verdens økologiske avlinger i gjennomsnitt 132 prosent av en gjennomsnittlig avling. En undersøkelse av 12 millioner gårder i 57 land som la om til ulike former for økologisk drift eller til meget liten bruk av Fylkessekretær: kunstgjødsel og kjemiske sprøytemidler, viste en gjennomsnittlig avlingsøkning på 79 prosent. For Afrika var avlingsøkningen på 116 prosent. Åse-Marie Reisæter, 5776 Nå tlf 53 66 23 91 / 48 02 10 04 hordaland@smabrukarlaget.no En annen undersøkelse som omfattet ti millioner bønder i tyve afrikanske land, viste mer enn en dobling av avlingene over en periode på tre til ti år ved omlegging til bedre dyrkingsteknikker uten eller med liten bruk av kunstgjødsel og kjemiske sprøytemidler. Heimeside: Den fjerde www.smabrukarlaget.no myten er at småskalabønder (velg er en fylke liten på og NBS utdøende si heimeside) gruppe. Bønder er verdens største yrkesgruppe. Omtrent 40 prosent av alle yrkesutøvere i verden er bønder. 90 prosent av alle gårder i verden er på mindre enn to hektar, og 95 prosent er under fem hektar. Antallet slike små gårder i verden øker. En femte myte er at størstedelen av maten krysser landegrenser. Slik handel omfatter bare ti prosent av den totale matproduksjonen. Fisk, olje og fett handles oftest internasjonalt, mens 50 LEIARAR I LOKALLAGA I HORDALAND 2012. bare seks prosent av frukt og tre prosent av grønnsaker flyttes over grenser. Det som er riktig, er at Norge importerer mye av vår mat. Omtrent 50 prosent av våre kalorier er produsert utenlands. Bømlo/Stord: Svein Trygve Larsen, Kanalv.11, 5437 Finnås, 913 88 138 Eksingedalen: Geir-Ove Carlsen, 5728 Eidslandet, tlf.56595826, goc@combitel.no Vi som Etne: går Marit inn for Ebne, småskalalandbruk 5593 Skånevik, beskyldes tlf. 53755915 ofte for å ville gå tilbake til gamle dager, og drive Fusa, landbruket Samnanger, som for Os flere og generasjoner Bergen: Bjørn siden. Dahl, Det Solås, er den 5640 sjette Eikelandsosen, myten. tlf. 56582593, 41460324, sol@fusi.no Det Jondal: mest fremtidsrettede Harald Prestegård, landbruket 5627 er Jondal, et agroøkologisk tlf. 53668433, landbruk 908 som 43 423, bygger harald_52@hotmail.com på kunnskap samlet Kvam: gjennom Kjell århundrer, Egil Berge, kombinert Innstrandav.315, med den mest 5620 moderne Tørvikbygd, vitenskapen. 916 46 Ny 511, teknologi som bidrar kjell.egil.berge@kvamnet.no til lettere arbeid og større avlinger, og som samtidig er miljøvennlig, utvikles og tas i bruk. Kvinnherad: Leif Flaten, Jonavegen 26, 5450 Sunde, 918 34 005, lgflaten@online.no Industrilandbruket Masfjorden: Gunnar med sin Trædal, monokultur, 5983 høyt Haugsvær, forbruk tlf av 41518241, kunstgjødsel gunnar.tredal@nettstar.as og kjemiske sprøytemidler, Osterøy: Bjarte og en Bysheim, filosofi om 5282 at mennesker Lonevåg, kan tlf. herske 56393146, over og bjabys@hfk.vgs.no kontrollere naturen, er gammeldags. Radøy: Kjersti Det er Flatråker, ikke noe fremtidsrettet Noranger, 5939 ved Sletta, å utpine 959 jorda, 89 redusere 552, kjersti.flatraker@hotmail.com det biologiske mangfoldet, tømme vannkilder og i stor skala bidrar til klimaendringer slik industrilandbruket Sotra/Øygarden: Svein Lillebø, 5353 Straume, tlf. 56331584/90092578 gjør. sveinlillebo@myhome.no Sveio: Helge L. Reinertsen, Tjernagel, 5550 Sveio, tlf. 99037147 li-rein@online.no Tysnes: Odd Bjarne Haugsgjerd, 5685 Uggdal, tlf. 53434654, odd.bjarne.haugsgjerd@haugnett.no Ullensvang: Arne Lofthus,5781 Lofthus, 99355590, alofthu@onlino.no Ulvik: Kyrre Manger, 5730 Ulvik, 95938952, kyrre_m@hotmail.com Vaksdal: Dag Brekke, 5280 Dalekvam, tlf. 56598930, dagbrekke@gmail.com Voss: Nils Martin Seim, Seimsv.147, 5700 Voss, tlf. 48154386, nilss84@hotmail.com NaturLeg og kortreist Mat Sal av heile/halve skrottar og stykningsdeler av lam, gris og storfe. Me parterer/emballerer etter dykkar ynskje. Leigeslakting. Les meir på nettsida vår: www.vossg.no Brødaksjon i Odda: Lars Måkestad, Arvid Måkestad, Otto vanetten, Anna Aakre Kråkevik, Sissel Opedal (Ullensvang Hagebrukslag) og Øystein Pugerud. 5 51

Hordaland Bonde og Småbrukarlag Balanse2013 Rekneskap pr 31.12.2013. Rekneskap 2013 Budsjett 2013. Budsjett 2014 Driftsinntekter: Kontigentar 128 832 157 000 160 000 Sekretærtilskott NBS 25 000 25 000 25 000 Lysingar 48 000 48 000 50 000 Møte - studietilskott 17 000 15 000 15 000 Prosjekt "slipp oss til" Medelemstilskott 30 510 27 000 32 000 Andre inntekter 800 0 Renteinntekter 1 632 1 500 1 500 Sum driftsinntekter: 251 774 273 500 283 500 Driftskostnader: Utgifter sommersamling Løn leiar 15 000 15 000 15 000 Løn sekretær 104 160 97 200 100 600 Div. adm. Kostnader leiar 5 000 5 000 5 000 Arbeidsg.avgift 16 871 15 820 16 300 Styreutgifter 13 300 17 000 17 000 Div. adm. Kostnader sekretær 6 000 22 500 9 500 Årsmøte 17 452 35 000 35 000 Årsmelding 20 000 20 000 20 000 Reise og representasjon 20 302 20 000 20 000 Kurs, møte, informasjon og honorar 2 833 10 000 5 000 Lysingar, honorar 15 000 Porto, telefon, kontorhald 14 883 27 000 27 000 Rekneskap og kasserarverks. 10 969 15 000 15 000 Tilskott til lokallaga 0 0 Forsikringar 867 1 399 1 300 Gåver - helsingar 2 834 1 500 1 500 Standutgifter 4 819 3 000 3 000 Andre utgifter 14 1 000 1 000 Renteutgifter NBS 100 årsjubileum 23 180 15 000 Aktiva Kundefordringar 15 988 Skattekonto 13 872 Bank 9581 20 67819 2 Bank 9581 10 76644 76 055 Bank 9581 64 42177 61624 Bank 9581 20 67835 6 526 Bankinnskott 158079 Sum aktiva 174 067 Passiva Div. kreditorar 16653 Skatt/avgift 19 289 Sum gjeld 35 942 Eigenkap 1/1 171 609 Underskot 33 484 138 125 Eigenkapital 31.12.2013 174 067 Sum gjeld og eigenkapital Regnskapet er revidert, føringane er i samsvar med framlagde bilag. Bankkontoane er avstemt Sum driftskostnader 270 304 329 500 302 700 Driftsoverskott/Underskott - 18 530-56 000-19 200 Prosjektet " slipp oss til": Bu - midlar 0 Utgifter (løn, reise, kontorhald) 14 954 Underskot - 14 954 53

NEW HOLLAND ER SOM DEG INNOVATIV DYNAMISK SMART Arbeid i laget i året som har godt: A-K maskiner Bergen Tlf. 55 19 95 00. A-K maskiner Voss Tlf. 56 53 30 30 www.a-k.no 54 55

! Ring oss på 03100, eller snakk med din forsikrings - rådgiver Det skal ikke skje ulykker på min gård! Skadeforebyggende tiltak er viktig! Fortsatt har vi svært mange branner i driftsbygninger i landbruket i Norge. 2013 ble dessverre også et brannår. 70 % av brannene skyldes feil på elektrisk anlegg eller feil ved bruken av elektrisk utstyr. Sørg for at det elektriske anlegget på gården din er i orden. Sørg for å ha avtale om elkontroll med termografering da får du betydelig rabatt på forsikringene også. A13_0224/02.2014 56