Innkalling til møte i Fou-utvalet ved HSF - fredag 24. april kl 09.00- Møterommet Fossbygget



Like dokumenter
Fou-utvalet gjorde på sitt møte følgjande vedtak når det gjeld midtvegsrevisjonen av HSF sin fou-strategi:

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Strategiplan for FoU

Strategiplan for FoU

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering

Handlingsprogram for

SØKNADSKRITERIER FOR TILDELING AV INSTITUSJONELLE FOU STIPEND

Referat frå møtet i fou-utvalet fredag 31. oktober 2008 kl

Førstelektorprosjekt. Anne-Grethe Naustdal

Referat frå møte i Fou-utvalet ved HSF

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

Offentleg. Styreleiar Jon Naustdalslid hadde meldt forfall. I hans stad fungerte Heidi Kathrin Osland som møteleiar.

IKT-kompetanse for øvingsskular

Rådgjevarkonferansen 2009

FORDELING AV STIPENDIATSTILLINGAR 2012

OU-utvalgets rapport Styremøte HSF 24.juni 2010

Psykologisk førstehjelp i skulen

Referat frå seminar/møte i fou-utvalet torsdag 5. og fredag 6. november 2009

Lærande nettverk. Motivasjon, leiing og arbeidsmåtar. Ungdomstrinn i utvikling - UDIR. Claus Røynesdal. Sogn regionråd

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Møtebok for Høgskulestyret

ORIENTERING OM MELLOMBELSE TILSETTINGAR VED HSF

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

MØTEBOK. Læringsmiljøutvalet. Sakskart. Møtestad: Møterom 2020, Høgskulebygget Dato: Tidspunkt: 12:30-14:30

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

MØTEBOK - Høgskulestyret

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Rektorforum 15. april

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Strategiplan for Forsking og utvikling (FoU)

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Med god informasjon i bagasjen

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Eit lærande utdanningssystem?

Ny strategiplan for Høgskulen

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

Til deg som bur i fosterheim år

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Lønnsundersøkinga for 2014

Kvalitetsplan mot mobbing

Møteprotokoll for Høgskulestyret

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

En utvikling på høgskolenes premisser?

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

INTERNASJONAL STRATEGI

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Handlingsplan for Forskings- og Utviklingsarbeid ved Avdeling for samfunnsfag

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF

Forslag frå fylkesrådmannen

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.


Førespurnad om deltaking i forskingsprosjekt. Kontrollgruppe til forskingsprosjekt for behandling av sjukleg overvektige personar

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Trudvang skule og fysisk aktivitet

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Kommunedelplan for oppvekst

Eva Marie Halvorsen (arbeidsgjevar), Åse Løkeland (1. vara arbeidsgjevar) 1/ / Godkjenning av innkalling og sakliste 2

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Transkript:

Innkalling til møte i Fou-utvalet ved HSF - fredag 24. april kl 09.00- Møterommet Fossbygget Sakliste 1/09 Godkjenning av innkalling og sakliste 2/09 Godkjenning, gjennomgang og oppfølging av referat frå møte i rouutvalet 12.12.08 (sjå her: http://www.hisf.no/no/content/download/16351/111470/file/microsoft+word+- +Referat.fou-utval.15.12.08.pdf) 3/09 Orienteringssaker - Oppnemning av studentrepresentantar: Studentparlamentet har oppnemnt studentane Synnøve R. Karlsen (AHF) og Jim Skarstein (AØR) til medlemmer i fou-utvalet. - Etablering av førstelektorforum ved HSF (Georg, Jan Olav) - Søknader til Strategisk høgskuleprogram, NFR (Georg) - Forskingsarbeidet innanfor UH-nett Vest (Georg, Oddbjørn) - Møtet om internasjonalisering med Peter Wellendorf frå VIA University College i Danmark (Oddbjørn) - Nye fou-prosjekt ved avdelingane (Alle) - HSF-Brage/Open Access (Astrid) - Andre orienteringar 4/09 Tiltak for oppfølging av handlingsplanen til fou-utvalet 1) Skrivekurs (vitskapleg publisering) Det er gjort avtale med Lynn P Nygaard om eit todagars intensivt kurs i Writing for scholars. Nygaard, forskar på PRIO, har gitt ei bok med same tittel, og er ein erfaren kurshaldar. Kurset går tys 20 og ons 21 oktober. Max 15 deltakarar. Kort omtale: Intended audience: Scholars who have limited experience in publishing papers in scholarly journals. Objective: To increase participants understanding of what scholarly journals want from them and how they can present their work to increase their chance of publication. 2) Seminar om internasjonalisering av forsking/møte i fou-forum Seminaret vert skipa til tidleg i haust. Innleiingar av representantar frå SIU (Senter for internasjonalisering av høgare utdanning) (sjå: http://siu.no/no/programoversikt), EU-kontoret til NFR (http://www.forskningsradet.no/no/euforskning/1138785973106) og ein forskar med brei erfaring frå internasjonalt forskingssamarbeid. Fellesarrangement ved VF. Dato? 3) Forum for doktorgradsstudentar

2 Vi/eg har ikkje fått til faste samlingar av dei mange dr.gradsstudentane våre. Behovet er nok til stades, om enn i litt varierande grad. Vi prøver no å få til ei samling seint i vår (dato..?) med slike tema: - publisering som doktorgradsaktivitet; frå doktorgradsprojekt til publisering; med innleiingar t.d. av folk som Knut Rydgren, Erling Holden + ein dr.gradsstudent i sluttfasen. - erfaringsutveksling mellom dr.gradsstudentar gjennom eigenpresentasjonar o.a. - intellektuelt påfyll ved ein framståande (?) intellektuell (à la det vellykka foredraget til professor Anders Johansen for tre år sidan); kom med gode forslag - felles middag som avslutning 4) Forskingsdagane 2009 Tema for årets forskingsdagar, dei 15. i rekkja, er berekraft (eit godt VF-tema) og evolusjon (eit godt tema for naturvitskaplege darwinistar) med Hamsun-jubileet (kven høver det for?) som deltema; sjå her: http://www.forskningsdagene.no/c29427/nyhet/vis.html?tid=54063 Fou-utvalet oppsummerte fjorårets deltaking i Forskingsdagane (fagdagane i Sogndal og Førde) på møtet 31.10; jf. referatet her: http://www.hisf.no/no/content/download/15945/109093/file/referat_fou-utval_31_10.pdf Etter mitt syn burde vi kunne få til spennande tilskipingar saman med VF når det gjeld berekraft, m.a. innanfor fornyeleg energi, reiseliv, transport, klima, miljø. Når det gjeld evolusjon, kan dette danne grunnlag for interessante seminar, forelesingar, debattar. Vi kan alliere oss med andre; vidaregåande skule, kyrkja, naturbrukarar mm. Eg kan ikkje drive dette aleine; det kan heller ikkje fou-utvalet Korleis skal vi best kunne få til spennande arrangement her, som trekkjer folk, gir oss gode ordskifte, aviskronikkar, medieomtale osv.. Tenk dykk om her! 5/09 Utviklinga av publiseringspoeng ved HSF Som alle veit, hadde HSF i 2008 ein alvorleg nedgang i talet på publiseringspoeng. Vi hadde 28,8 poeng i 2007, og oppnådde berre 20,6 poeng i 2008. Vi var i 2008 på 18. plass av dei 24 statlege høgskulane. For nokre år sidan var vi på 6. plass. Fou-leiar har laga ei eiga oppsummering av utviklinga, og alle tilsette har fått e-post om saka. Oppsummeringa finn de her: http://www.hisf.no/no/forsking/arkiv/publiseringspoeng_2008 Det har kome få tilbakemeldingar til meg om mi orientering/oppsummering. Utvalsleiar Bukve har laga eit eige notat om sak. Sjå nedanfor I februar hadde eg ei e-postutveksling med fem gode kollegaer om årsaka til tilbakegangen. Dette var nyttig og lærerikt. Eg har samla opp kommentarane som kom inn. Sjå nedanfor. Nokre av tiltaka som vi set i verk i år, jf. ovanfor, vil nok på sikt bidra til å gjere situasjonen betre for HSF. Eg er likevel uroa. Slik eg opplever det, er det i høgskulen vår for lite fokus på og merksemd kring både god forsking og publisering. Eg tykkjer dette er leitt, og eg føler at eg (vi?) som har det overordna ansvaret for forskinga ved høgskulen, ikkje gjer ein tilfredsstillande jobb. Eg tykkjer òg at det dei siste par åra har vore vel mykje arbeid med og merksemd kring organiseringa av forskinga vår i forhold til kor liten institusjonen vår eigentleg er. Vi står i fare for å vere overorganisert. Det er lite forskingsproduktivt. Dette er element som vi må tore å diskutere.

3 Så langt i år (19.4) er det registrert to teljande publiseringar ved HSF, to antologiartiklar. Dei gir HSF til saman 0,7 + (ca) 0,2 poeng; i alt 0,9 poeng. Eg trur visst at eg sjølv må ta til å skrive artiklar. Éin artikkel per år burde eg kunne klare, med litt ekstra innsats. Dette burde gjelde kanskje så mange som 40-50 av kollegane mine. 6/09 Nye forskingsgrupper ved HSF Utfallet av saka om midtvegsrevisjon av fou-strategien (fou-utvalet 12.12. og HSF-styret 18.12) vart oppretting av ei eiga forskingsgruppe i idrett, vurdering av forskingsområda fornybar energi og regionalforsking, og vurdering av forskingsområda geofare og kulturlandskap kan utgjere éi felles forskingsgruppe. I tråd med vedtaket i fou-utvalet/styret var dei aktuelle fagmiljøa/avdelingane bedne om å kome med innspel/notat. Det har kome innspel frå idrett/ali, frå fornybar energi og frå AIN om geofare. Det har ikkje kome innspel frå regionalforsking/aør. Innspela saman med styrevedtaket følgjer nedanfor. Idrettsforsking vart gjennom vedtak i fou-utval og styre i desember etablert med eiga forskingsgruppe og forskingsleiar delfinansiert av institusjonsnivået. Det er sett av pengar til dette frå strategiske fou-midlar. Innspelet/notatet frå idrett/ali styrkjer trua på at dette var ei klok avgjerd. Fornybar energi er etablert med ein professor/forskingsleiar og tre stipendiatar. Professoren og éin av stipendiatane er tilsette ved HSF, dei to andre stipendiatane ved VF. Satsing er i det vesentlege finansiert eksternt. Gjennom arbeidet vårt med fornybar energi er vi òg ein del av den nasjonale satsinga CenSES (Center for Sustainable Energy Studies), som vart formelt etablert rett før påske, jf. (http://www.hisf.no/no/forsking/forskingsomraade/fornybar_energi/saker_om_fornybar_energ i/skal_gjoere_fornybar_energi_og_co2_rensing_loennsom). Eit bachelorstudium i fornyeleg energi vil truleg kome i gang frå hausten 2010. Forskingsområdet fornybar energi er eit satsingsområde for HSF. Inntil vidare vil området vere eksternt finansiert. Regionalforsking er så langt definert om ein del av forskingsområdet organisasjon og leiing. Dette er eit forskingsområde me forskingsgruppe(r) leia av ein forskingsleiar (Bukve), som er delfinanisert av institusjonsnivået. Det har kome fram ønske om å skilje dei to forskingsområda. Så lenge det ikkje ligg føre eit notat om dette, er det ikkje naturleg å ta stilling til dette. Det er ikkje sett av pengar til dette for 2009.04.19 Geofare (og klimeendringar) er ei tematisk spissing av fagmiljøet i geologi. Avdelinga kjem med framlegg om at den 25 pst. ressursen som avdelinga i dag har til forskingsleiing i kulturlandskap, vert delt mellom ein forskingsleiar for kulturlandskap og ein forskingsleiar for geofare, og at FoU-utvalet definerer geofare som eit prioritert forskingsområde ved HSF. Avdeling ønskjer at geofare skal vere eit prioritert forskingsområde ved HSF. Denne satsinga er også delvis eksternfinansiert med to mill. kroner frå Visjon Vest. Ho er òg knytt til eit nytt bachelorstudium i geofare. Det er uvisst om dette kjem i gang.

4 Viss AIN finn det naturleg og rimeleg, bør fou-utvalet kunne stille seg positivt til ei deling av stillinga som forskingsleiar, slik at denne kan skjøtte både landskap og geofare. Denne ordninga kan vare ut eksisterande planperiode. VEDLEGG TIL SAK 5 OG 6 5/09 Utviklinga av publiseringspoeng ved HSF Sakspapir 1) NOTAT FRÅ UTVALSLEIAR PROFESSOR ODDBJØRN BUKVE Emne: Fou-utvalet sak 5/09: Utviklinga av publiseringspoeng ved HSF Dato: 22.4.09 Til: Utvalet Frå: Leiaren Korleis har publiseringa utvikla seg over tid? NSD har data for publisering avdelingsvis frå 2004. Data for 2004 er likevel av dårleg kvalitet, og kriteria vart endra etter dette prøveåret. Det er derfor mest tenleg å vurdere utviklinga år for år sidan 2005. 2005 2006 2007 2008 AØR 1,7 2,2 2,5 1,6 ASF 1,0 1,5 1,9 8,7 ALI 8,0 19,5 7,2 3,0 AIN 6,1 3,1 10,5 4,9 AHF 1,7 2,3 6,7 2,4 SS 26,0 11,1 - - HSF SS 20,0 29,6 28,8 20,6 HSF 46,0 40,7 28,8 20,6 To tilhøve slår ein i dette bildet: - Studiesenter Sandane, les musikkterapi, som redigerte sitt eige fagfellevurderte tidsskrift, hjelpte fram til 2006 HSF til å sjå betre ut enn vi eigenleg var når vi går inn i avdelingstala. - Det er til dels store årlege svingingar for dei fleste avdelingane, bortsett frå AØR som ligg stabilt lågt. I nest siste rad ser vi tala for HSF utan musikkterapi. Dei to beste åra er 2006 og 2007. I 2006 skuldast dette eine og åleine antologien som Befring redigerte ved ALI, med 13 artiklar. I 2007 var det derimot ein jamt god innsats frå fleire avdelingar som ikkje er følgd opp i 2008.

5 Om vi vurderer i toårsperiodar for å korrigere for kortsiktige svingingar, er det berre ALI som har færre publikasjonspoeng i 2007-2008 enn i 2005-2006. Premisset om fallande publisering er derfor vanskeleg å akseptere om vi går inn i tala, i alle fall dersom det same ikkje gjentek seg i 2009. Det er større grunn til å setje søkelyset på ein gjennomgåande låg publiseringsrate over lang tid, som vart kamuflert av musikkterapi sin suksess og den store antologien i 2006. Eg trur også at vi då må attende til forskingskompetanse i personalet som den viktigaste enkeltfaktoren å påverke. Eg har gjort ei lita langtidsundersøking på AØR/AØS, med ca 30 tilsette i dag. Av desse er det 8 som nokon gong i si karriere har publisert slikt som vi i dag vil rekne som teljande. Tre av desse har publisert monografiar eller bokartiklar, fem også tidskriftartiklar. Blant dei fire på avdelinga med doktorgrad har alle publisert tidsskriftartiklar, dessutan har ein yngre tilsett publisert artikkel på grunnlag av hovudoppgåva. Dei tre siste som har publisert er førstelektorar. Samanhengen mellom forskingskompetanse og publisering er klar. Vi ser også at AIN er avdelinga med høgst formell forskingskompetanse og mest publisering pr. tilsett. Inntil nokon kjem med data som kan overtyde om noko anna, bør vi derfor gå ut frå at kompetanse eller ferdigheiter til å forske er den viktigaste føresetnaden for å forske og publisere. Framlegga til tiltak under bygger på denne føresetnaden. Moglege tiltak for å auke teljande publisering av fou Ein vanleg handlingsmodell er å forstå eit sett av handlingar som resultatet av på den eine sida evne eller kapabilitet til å gjennomføre handlingane, og på den andre sida motivasjonen til å handle. Evne kan igjen delast inn i slikt som handlar om ferdigheiter og slikt som handlar om ressursar. Ferdigheiter sett i høve til publisering av fou kan delast inn i generelle ferdigheiter, i dette tilfellet evne til å forske, og spesielle ferdigheiter som handlar om å gje forskingsresultata ei publiserbar form. Ressursar kan vi dele inn i to hovudgrupper: tid og utstyr/teknologi. Eg har i liten grad sett at utstyr og teknologi vert problematisert som hinder for fou ved HSF, og konsentrerer meg derfor om tid. Motivasjon kan på individnivået delast inn i materielle og symbolske/sosiale motivasjonsfaktorar. Sidan vi i dette tilfellet har med ein handlingar i ein organisasjon å gjere, er det dessutan relevant å sjå på organisasjonens formelle motivasjon i form av strategiar og målsetjingar. Med utgangspunkt i dette handlingsskjemaet vil eg under foreslå eit sett av moglege tiltak for å auke den teljande publiseringa av fou ved HSF. 1. Auke dei generelle ferdigheitene i forsking og utviklingsarbeid a. Fou-utvalet vil at HSF framleis skal satse sterkt på formell forskingsutdanning gjennom doktorgradsløp. i. Som drøfta over er det ein samanheng mellom formell forskingskompetanse, altså doktorgrad, og publiseringsfrekvens. Framleis satsing på utdanning av forskingskvalifisert personale må

derfor vere ein hjørnestein i strategien for å auke publisering på lang sikt. b. Fou-utvalet vil at HSF skal rekruttere forskingskompetent personell ved å lyse ut toppstillingar på satsingsområda og legge vekt på forskingskompetanse ved alle tilsetjingar i faglege stillingar 2. Auke dei spesielle ferdigheitene til å presentere fou i publiserbar form a. Fou-utvalet vil legge til rettes for at alle doktorgradsstudentar og ferdige doktorar ved HSF får høve til å ta kurs i akademisk artikkelskriving. i. Akademisk artikkelskriving er ein eigen sjanger, som føreset at ein er orientert mot internasjonale debattar i faget/på forskingsområdet og respekterer dei framstillings- og formkrava som ligg i artikkelformatet. Etter at vi no har ei tid har fokusert formidling og skrivekunst, må vi framover legge vekt på å auke ferdigheitene i akademisk artikkelskriving. 3. Utvikle råstoffet for publiseringsaktivitet ved å auke omfanget av relevant forsking a. Fou- utvalet vil be alle avdelingar om å legge vekt på aktivitetar som kan føre fram til publiserbare artiklar ved tildeling av intern fou-tid. i. Avdelingane si tildeling av fou-tid er eit viktig ressurs i fousamanheng, og må derfor målrettast b. Fou-utvalet vil at HSF framleis skal ha som mål å auke omfanget av eksternt finansiert verksemd, og at slik verksemd også skal publiserast på måtar som gjev poeng i. Det er eit sjølvstendig mål å auke omfanget av eksternfinansiert fou. For publiseringa sin del er det viktig å skaffe oversyn over kva slike aktivitetar som går for seg og stimulere til publisering undervegs eller i etterkant. Administrasjonen blir beden om å lage eit opplegg for dette og presentere for fou-utvalet. c. Fou-utvalet vil vurdere institusjonen sin ressursbruk til forsking, spesielt om satsinga på forskingsleiing har gått ut over den direkte forskingsinnsatsen. i. Administrasjonen blir beden om å få fram dekanar og fou-leiarar si vurdering av dette som ei sak til fou-utvalet. 4. Konkretisere organisasjonen sine strategiar og målsetjingar for publisering a. Fou-utvalet vil at auka publisering skal vere ein strategi for HSF, og at det leiinga set opp avdelingsvise målsetjingar for publiseringsverksemda i 2010-2011 i. Forslaget er at vi legg opp til toårige målsetjingsperiodar for at ikkje kortsiktige svingingar skal slå ut for mykje. Basert på historiske data kunne mål på 5 årleg poeng for AHF, ASF og AØR vere rimelege, 7,5 poeng for AIN og ALI. Dette ville gje 30 poeng eller 50% auke frå 2008. Eit realistisk mål? 5. Innføre økonomiske insentiv til dei som publiserer a. Fou-utvalet ønskjer at teljande publikasjonar vert belønna med ein bonus på kr. 10 000 pr. publikasjonspoeng i. Midlane kan brukast til faglege driftsmidlar eller frikjøp av tid. Eit liknande forslag vart avvist av utvalet i 2007. Spørsmålet er om utvalet no vurderer dette annleis? 6. Auka merksemd og anerkjenning til dei som publiserer a. Fou-utvalet ønskjer at alle teljande publikasjonar skal få omtale på HSF sine eksterne og interne vevsider, og at tilsette som oppnår 3 publikasjonspoeng 6

7 eller meir i løpet av eit år får ei merksemd frå institusjonen eller avdelinga (Publiseringsdiplom?) Eg vonar at dette kan gje grunnlaget for ein konstruktiv debatt om tiltak i utvalsmøtet. 2) OM PUBLISERING OG FORSKING INNSPEL FRÅ FEM KOLLEGAER (GAR april 2009) Eg spurde (på e-post) i februar 2009 fem kollegaer det enkle spørsmålet: Kvifor går det galne vegen når det gjeld vitskapleg publisering ved HSF? Svara følgjer nedanfor. Eg har i alle fall nokre gode og flinke kollegaer. 1. ØYVIND GLOSVIK, AØR Det kan vere mange grunnar. Eg skal prøve meg på nokre hypotesar som til saman kanskje gir eit slags svar: Nedbyggingshypotesen HSF er på fleire måtar under nedbygging. Deler av AIN er lagt ned. Musikkterapi er vekke. Dette var miljø med høg produksjon. Forklaring på poengtap? Tidsforskyvingshypotesen Svært mykje ressursar vert brukte for å utdanne folk ved HSF (førstelektor, dr-grad). Dette innber at flinke folk ikkje brukar tida si på aktivitetar som skal registrerast. Det vil endre seg etter kvart. Det er også ei voldsam tidsforskyving mellom når ein artikkel vert skriven, og når den vert publisert og dermed registert. Dei som skriv artikkelbaserte dr.grader vil med tid og stunder bidra med mange poeng.. Ressursforskyvingshypotesen Dei som er att, er særs opptekne av undervisning. Forsking blir vent omtala i organisasjonen, men spelar som alltid andrefiolin. Sjølv eg, som for tida er i ein stilling som på papiret gir rom for forsking, blir utsett for sterke krefter som trekkjer meg inn i undervisningsaktivitetar. Husk at vi systematisk, over fleire år, har underfinansiert fagleg tid. Først ved å ta tid frå forsking, deretter ved å ta tid frå undervisning. Forskingsmidlane våre går til forskingsleiing, ikkje til forsking. Målforskyvingshypotesen: Fokus ved HSF er og har i lengre tid vore på artiklar i fagtidsskrift og kronikkar i lokalpressa. OK, men 90% av det som skal registerast i Forskdok fell utanfor desse to kategoriane. Ingen talar om fordragsverksemda, men den skal også registrerast. Men kven gidd, når det vert ignorert..? Desse fire hypotesane forutset at alle fagtilsette registrerer som dei skal. Ved å systematisk analysere registreringane i Forskdok dei siste åra, burde det vere mogeleg å teste grunnlaget for hypotesane. Truleg gir eit samspel mellom dei ei slags delvis forklaringskraft.

8 Likevel: Sjå på tabellen nedanfor. Dersom vi tenkjer oss at registering i Forskdok er eit samspel mellom det å faktisk ha gjort noko som skal registerast, og å faktisk gjere det, dekkjer hypotesene ovanfor berre éin av 12 mogelege situasjonar som gjeld for den einskilde fagtilsette. Dette gir då grunnlag for ei femte hypotese. Underregisteringshypotesen: Har registrert Har noko å registrere Ja Nei Ja 1 2 alt Nei 3 (4) Ja 5 6 Kan registrere? Nei 7 8 Ja 9 10 Vil registere? Nei 11 12 Så kva fortel tabellen: 1. Det kan vere tale om ei rekkje passive kollegaer som i 2008 ikkje har gjennomført aktivitetar som ikkje skal registrerast, men om dei hadde gjort det, ville dei registert. Permisjon? Undervisning? Djupt inne i aktivetar som vil gi utteljing seinare? 2. Det er synd å seie det, men her er det truleg ein god del folk. Eg veit om fleire på AHF som let vere å registrere. Dei har aldri sett seg inn i kva Forskdok er, og det dei trur det er, er dei motstandarar av. Desse må ein eller annan ta føre seg, ein for ein. Ein må syne fram og forklare korleis og kvifor. Og repetere og gjenta.. 3. Dette blir ein meiningstom kategori. 4. Det kan tenkjast at nokon gløymer å registrere, og treng ei påminning. Det blir jo purra kvart år.. 5. Her trengs det tiltak for at dei det gjeld skal få høve til å gjennomføre den typen aktivitetar som skal registrerast. 6. Særs lik kategori som 3. Opplæring i bruk av Forskdok. Igjen: Her er det tale om fleire ved AHF som eg veit om. 7. Opplæring, opplæring, opplæring, tilrettelegging, tilrettelegging, tilrettelegging! 8. Uproblematisk kategori, i praktisk den same som 5 9. Skryt, stimuler og ver tålmodig! 10. Den vanskelege samtalen. Må takast som seriøs personalsamtale der næraste faglege ansvarlege eller annan som har legitimitet/tillit, tek ein alvorleg samtale for å finne ut kva som ligg bak motstanden 11. Ei sak for personalavdelinga. 2. ROGER HESTHOLM, ASF

9 Eg har sjølv dårleg samvit i høve denne statistikken, så slik sett er det smigrande å vere mellom dei utvalde av GA sine gode HSF-forskarar. Vel. I Balestrand skal det løftast fram kva som skal til for å lykkes med forskning, som kanskje i seg sjølv er ein indikasjon på at dette blir sett på som noko framandt og mystisk, men som kan ordnast om vi berre får gode nok oppskrifter for det. Var det så vel. Øyvind har gode poeng, og eg vil leggje til denne lista over kva som skal til for å mislukkast med forsking: 1. Sjå på forsking som ei tilleggsoppgåve i arbeidet. 2. Sjå på forsking som noko høgtsvevande og abstrakt, som berre få utvalde har evner til. 3. Arbeid ved ein institusjon som berre skippertaksvis set fokus på forsking, og elles prioriterer å gjere studentar og byråkratar nøgde. 4. Arbeid ved ein institusjon med liten forskingsdel i stillingane. 5. Driv med langsiktige og krevjande forskingsoppgåver som ikkje gir kortsiktige resultat (mi eiga sjuke mor..) 6. Engasjer deg i arbeidsoppgåver som er viktige for kollektivet, men som ikkje gir individuell og formell utteljing. 7. Skaff deg familie og ha eit liv utanom jobben. 8. Ver kritisk andsynes kvaliteten på eiga og andre sin forsking, tenk den formastelege tanken at det i grunnen blir publisert for mykje heller enn for lite. 3. KNUT ROALD, ALI Det meste er sagt med innlegga frå Øyvind og Roger. På ALI er situasjonen at 11 aktive personar sit i eit doktorgradsløp no. Det gir lite poeng nett no, og mykje komande år. I dei tre forskingsgruppene vi har blir det jobba jamt og trutt for å auke artikkelskrivinga. Det kjem til å vise igjen. Nokre på ALI har ikkje registrert enno... Eg er mellom dei, men legg inn i januar... Eg har mellom anna skrive artikkel i ein antologi i år, det hjelper litt.. Det er fleire på ALI som ikkje er ferdige å legge inn, Jan Olav kjem nok til å passe på oss slik han gjer kvart år. 4) RANDI SKÅR, AHF 1) Hei, Godt år! Eg sit og skriv på ein artikkel, så det passar å svare på e-posten. Eg trur (og håpar) dette er ein tilfeldig nedgang som ikkje treng henge saman med at det har vore laber produksjon i 2008. Det kan vere at 2008 nettopp har vore eit år der det er blitt produsert, og at publiseringa først kjem i 2009. Kanskje det blir ein markant oppgang i 2009? Personleg har eg ein akseptert artikkel som først blir publisert om 8 mnd + ein artikkel som er til vurdering og ein tredje som er under arbeid. Det kan bety to eller kanskje tre publikasjonar i 2009, medan eg har jobba med dette heile 2008. Kanskje det hadde vore ein ide å innhente ei oversikt over aksepterte artiklar og/el artiklar under vurdering, så kan ein ha ein mulighet til å kunne vurdere framtida når det gjeld poengfangst? Mvh Randi 2) Eg var litt sjenert, og sende mitt svar kun til Georg.. Men mi tilbakemelding på nedgang i poengfangst ser ut til å vere samanfallande med Roger sitt punkt 5 og Øyvind sin

10 ressursforskyvningshypotese. Elles ser eg at de har mange gode poeng som eg sluttar meg til. Eg trur at dei som skriv vitskaplege artiklar registrerer i forskdok, og at det kanskje er dei andre type registreringar det herskar uvisse og uvitenhet kring. Men det nyttar ikkje å tru, dette er vel noko ein på ein eller anna måte kan få oversikt nok til å vite noko om? Mvh Randi 5) INGVILD AUSTAD, AIN Forskning og registrering Vi snakker egentlig om minst to ting på en gang. Alle momentene som har kommet inn er viktige og gode innspill. Forskning eller Utviklingsarbeid? Begge deler er etter min mening viktig, men det er svært stor forskjell når det gjelder publiseringsmulighet og dermed registrering og i neste omgang mulighet for vitenskapelige tellende artikler. Alle ansatte, uansett stillingskategori har forutsetninger for å kunne gjøre fornuftige utrednings- og utviklingsarbeid, skrive kronikker, populærvitenskapelige artikler og rapporter. Med en notat- og rapportserie på HSF er det en grei mulighet for å få arbeid trykket. Alle ansatte bør og kan det, og det er ikke nødvendig med en dr. grad, og terskelen for dette (med unntak av kronikker i Aftenposten) er relativt lav. Publisering generelt Nå har ikke HSF-rapportserien noe særlig status, men selv så setter jeg pris på den og bruker den titt og ofte når jeg skal rapportere fra forvaltningsprosjekt, utredninger/registreringer og utviklingsprosjekt. Noe av dette arbeidet kan selvsagt også egne seg for bearbeiding og sammenligninger og dermed for artikler enten i norske eller utenlandske fagtidskrift, og noe kan også legge grunnlag for forskning og vitenskapelig publisering på høgt nivå. Det som imidlertid er viktig å være oppmerksom på er at dersom vi har fått frem gode og spennende forskningsresultat så må vi ta sikte på internasjonal publisering først (tidsmessig), deretter kan vi presentere materialet mer populært. Men - jeg vil tro at vi gjør og skriver mye som kan gi en rapport i alle fall - og den kan registreres i neste omgang. Forskningsprosjekter og publisering. Jeg tror i utgangspunktet mye blir kalt forskning som egentlig ikke er det. For gode forskere som også publiserer bra, er forskning gjerne en livsstil og noe som man ikke kan regne med at en har nok tid til innenfor vanlig arbeidstid. Du må være målbevisst, nysgjerrig, villig til å ofte ganske mye og til å ha det vondt av og til også!! Dette har de færreste lyst til i dag. Vi blir også mye påvirket av miljøet rundt oss - om det er inspirerende eller ikke. De vanlige forskningsprosjektene går minimum over 3-4 år. Det tar lang tid før man får resultater, deretter skal man skrive en artikkel eller to (og det er ingen mal for dette, hvert tidskrift skal ha det på sin måte, antall ord, oppsett, referanser m.m.), og så sendes artikkelen inn og blir refusert en gang, to ganger (da gir jeg vanligvis opp), men jeg vet om andre som fortsetter både 4 og 5 ganger med samme artikkel ulike tidsskrift- nye referee-uttaler osv. Dvs. man må forsøke å ikke gi opp, men det er selvsagt ikke hyggelig å lese at man hele tiden gjør feil og ikke er god nok!! Det er svært, svært vanskelig å komme gjennom nåløyet i

11 dag når det gjelder vitenskapelige, tellende artikler. Også gode forskere gir opp av og til. Derfor er det bare få som klarer dette og det bare av og til, og det er selvsagt grunnen til at HSF har altfor få tellende, vitenskapelige artikler! Et poeng er også at de fleste tidsskrift er sære = høgt spesialiserte - og tar bl.a. sjelden inn tverrfaglige artikler, forvatningsrelaterte artikler m.m. (Jeg snakker først og fremst om naturvitenskapelige tidsskrift). Registreringen. I utgangspunktet har det blitt mange skjemaer å fylle ut for de ansatte, og det er sikkert for mange, teknisk tungt å finne frem i forsk.doc. Jeg sliter selv av og til og må få hjelp av andre, eller andre legger inn for meg. Det er lett å glemme passordet og så skriver man feil, man mangler plutselig noen vitale data og går i stå m.m. Men dette er selvsagt ingen unnskyldning og har med trening å gjøre. Alle bør selvsagt legge inn det som er gjennomført av skriftlige arbeid, og også foredrag, men det er jo mulig at det skulle være en ansvarlig på hver avdeling som sørget for å a) ha en oversikt, b) bidro med hjelp når det var behov for det slik at dette ble lagt inn for eksempel to ganger i året. Ellers: Så lenge vi har undervisningsplikt, men ikke forskningsplikt, blir forskning en salderingspost. Tiltak Alle som har FoU-tid ved HSF bør være forpliktet til å publisere og til å registrere arbeidene sine. Her kan det settes minimumskrav. Hjelp til registrering bør finnes på hver avdeling. Trolig burde en i større grad forsøke å få skrevet fagbøker mange sammen på tellende forlag. Dette gjør at man blir del av en større helhet, oppgaven blir ikke så stor for den enkelte og dette kan gi godt resultat for HSF. Vi bør arbeide for/hjelpe hverandre med å finne frem til å få oversikt over egnede tidsskrift som vi kan publisere fagartikler i. Målet må selvsagt være å publisere i tellende tidsskrift på nivå 1. Men om vi ikke klarer det så må vi bruke andre tidsskrift evt. HSF s. notat og rapport-serie. Det vil være fornuftig å være flere som tar ansvar for ulike artikler men at man er medforfatter hos hverandre (selvsagt reelt samarbeid). Selv om poeng deles så er det mer inspirerende å være flere sammen som kan støtte og hjelpe hverandre. Vi burde se om vi kan utnytte ulike fagdisipliner til nye sammenbindinger (idrett-helse) (naturfag-friluftsliv) (grønnplanlegging-helse) (fysisk planlegging-kommunal forvaltning). Vi burde engasjere oss (sammen med kollegaer ved andre høgskoler og universitet) med å få flere (og andre) tidsskrift inn som tellende vedr. publisering. Redaksjonsansvar (bøker) bør også telle. Et annet moment er at hverdagen vår i dag for de aller fleste stykkes opp på uheldige måter. Vi må få organisert hverdagen vår slik at vi for eksempel i en uke av gangen kan konsentrere oss om skriving.

12 I tillegg bør det innføres om ikke hele friår/sabbatsår så i alle fall frimåneder for fagpersonalet, slik at man kan få skrevet ferdig artikler, kan oppholde seg ved andre institusjoner i utlandet m.m. Dette kan gjerne bli vurdert på grunnlag av søknader. Lokalforskningsprogrammet kall det gjerne et annet navn, bør gjeninnføres. Sak 6/09 Nye forskingsgrupper ved HSF - Sakspapir Bakgrunn Midtvegsrevisjonen av HSF sin fou-strategi var hovudtema på fou-utvalets møte 12.12.2008. Utfallet av behandlinga gjorde at det er nødvendig å kome tilbake til saka på dette møtet. Dei ansvarlege for fire ulike forskingsområde (idrett, fornybar energi, regionalforsking og geofare/kulturlandsskap) vart i etterkant av møtet i fou-utvalet og styrebehandling (18.12.08) bedne om å kome med innspel om ulike sider ved forskingsområda. Fou-utvalet gjorde på sitt møte V12. desember 2008 følgjande vedtak om midtvegsrevisjonen av HSF sin fou-strategi: Vedtak: 1. Det vert frå årsskiftet etablert ei eiga forskingsgruppe på idrettsforsking. Gruppa vert leidd av ein eigen forskingsleiar. Institusjonsnivået dekkjer 25 pst av lønnsutgiftene for forskingsleiar, slik som for dei andre forskingsgruppene. Idrettsforsking vert med dette eit prioritert forskingsområde ved HSF. Idrettsseksjonen blir beden om å utarbeide ein kortfatta strategi for å utvikle idrettsforskinga ved HSF, og korleis ein kan ivareta dei tilknytingspunkta som er til forsking om helse, naturbasert reiseliv og læring (SAMRØYSTES) 2. Utvalet merker seg at HSF har utvikla to gode forskingsfelt på område der vi ikkje har eigne studium. Dette gjeld regionalforsking, som er ein del av satsingsområdet organisasjon og leiing, og forsking om fornybar energi. Fou-utvalet vil på sitt neste møte vurdere status for desse områda med grunnlag i kortfatta notat frå dei to forskingsgruppene om tematisk innretning, personale, finansiering og organisering. (SAMRØYSTES) 3. Fou-utvalet har merkt seg at fagmiljøet i geologi er i ferd med å etablere ei tematisk spissing retta mot geofare og klimaendringar. Dette gjer ein status som satsingsområde aktuell. AIN får i oppdrag å levere eit framlegg til utvida tematisk innretning og ny organisering av fou-satsingsområda ved avdelinga. Det bør særskilt vurderast om kulturlandskap og geofare skal vere ei felles gruppe med ei forskingsleiar eller ei gruppe med delt ansvar for forskingsleiinga (SAMRØYSTES) 4. Gjennom arbeidet med midtvegsrevisjonen er det avdekt fleire område der det er trong for gjennomgang og vurderingar: Dette gjeld m.a. følgjande: - balansen mellom å detaljregulere fou-arbeidet og ha opning for nye tiltak som ikkje er planlagde og vedtekne - det er trong for ei begrepsavklaring for enkelte av fou-områda, både for å identifisere overlappande område, men også for å skilje ulike område - organisering av og innretning på arbeidet med profesjonsforsking, området organisasjon og leiing og forholdet mellom organisasjon og leiing og læringsforsking - senteretableringar og korleis HSF skal handtera slike initiativ framover. HSF treng ei strategisk tenking på området - ei mogleg inndeling av satsingsområda i grupper, jf. tredelinga som er skissert i revisjonsnotatet

13 - kriterium og operasjonelle mål for evaluering av forskingsområda Utvalet bed om at desse vurderingane og avklaringane vert utførde som del av hovudrevisjonen av fou-strategien. (MOT 1 RØYST) 5. Fou-utvalet sluttar seg elles i hovudsak til vurderinga i notatet frå fou-utvalet om Midtvegsrevisjon av fou-strategien (MOT 1 RØYST) 6. Fou-utvalet får i oppgåve å setje i verk dei foreslegne endringane og å førebu hovudrevisjonen av fou-strategien i 2010. (SAMRØYSTES) Styret behandla saka på møte 18.12. Styret slutta seg til pkt. 1 i vedtaket frå fou-utvalet. Når det gjeld pkt. 2, 3 og 4 merka styret seg at fou-utvalet har teke initiativ til vidare utvikling av fou-strategien ved HSF, og bad rektor kome tilbake med forslag til endeleg revisjon av strategien. Styret slutta seg elles til hovudsynspunkta i notatet frå fou-utvalet om Midtvegsrevisjonen av fou-strategien. Med grunnlag i vedtaka frå fou-utval og styre sende fou-leiar brev til dekanane ved ALI, AIN og AØS og dei ansvarlege for dei fire forskingsområda nemnde ovanfor. Det var bede om følgjande: 1. ALI og fagmiljøet i idrett vert bedne om å kome med eit kortfatta notat om strategien for å utvikle idrettsforskinga. 2. AØR og fagmiljøet i regionalforsking vert bedne om å kome med eit kortfatta notat om tematisk innretning, personale, finansiering og organisering. 3. Forskingsprogrammet i Fornybar energi vert bede om å kome med eit kortfatta notat om tematisk innretning, personale, finansiering og organisering. 4. AIN vert bedne om å levere eit framlegg til tematisk innretning og ny organisering av av fou-satsingsområda ved avdelinga. Særskilt skal det ei felles organisering av fagområda kulturlandskap, geofare og klimaendringar vurderast. Det har kome innspel og notat om forskingsområda idrett, fornybar energi og geofare. Det har ikkje kome innspel frå området regionalforsking. Innspelet om området geofare tek ikkje opp spørsmålet om felles organisering med forskingsgruppa for kulturlandskap. Notata følgjer nedanfor. 1) Innspel frå Idrett, Avdeling for lærarutdanning og idrett Til: Fou-utvalet i HSF Frå: Dekanus ALI og forskingsleiar idrett Dato: 04.03.09 Notat: Strategiar for å uvikla idrettsforskinga i HSF Introduksjon Fou-utvalet gjorde på sitt møte 12.12.08 følgjande vedtak når det gjeld midtvegsrevisjonen av HSF sin fou-strategi: Det vert frå årsskiftet etablert ei eiga forskingsgruppe på idrettsforsking. Gruppa vert leidd av ein eigen forskingsleiar. Institusjonsnivået dekkjer 25 pst av lønnsutgiftene

14 for forskingsleiar, slik som for dei andre forskingsgruppene. Idrettsforsking vert med dette eit prioritert forskingsområde ved HSF. Idrettsseksjonen blir beden om å utarbeide ein kortfatta strategi for å utvikle idrettsforskinga ved HSF, og korleis ein kan ivareta dei tilknytingspunkta som er til forsking om helse, naturbasert reiseliv og læring (SAMRØYSTES) Styret behandla saka på møte 18.12.08 og slutta seg til vedtaket ovanfor. Med grunnlag i vedtaket frå fou-utval og styre, har fou-utvalet i HSF bedt om følgjande: ALI og fagmiljøet i idrett vert bedne om å kome med eit kortfatta notat om strategien for å utvikle idrettsforskinga. Nedanfor følgjer nokre utvalde strategiar frå idrettsseksjonen. Bakteppe HSF har i fleire år hatt ein samarbeidsavtale med Sogn og Fjordane fylkeskommune om å vidareutvikla forsking og utdanning innan idrett, friluftsliv og folkehelse. Sidan januar 2004 har dette gjeve idrettsseksjonen høve til å trekkja inn nokre av dei fremste ekspertane frå Skandinavia på fagfeltet sitt og systematisk byggja opp ei satsing på fou-arbeid. I den førre styreperioden var idrett definert som ein av to spydspissar i den strategiske satsinga ved HSF. I noverande styreperiode vart idrett utpeikt som eit prioritert forskingsområde med eigen forskingsleiar i midtvegsrevisjonen av fou-strategien til HSF, jf. vedtaka ovanfor. På ALI har idrett vore omtalt som eit av fire forskingsområde i fou-planen frå 2006-2009, medan idrettsforsking vart utpeikt som eit av to prioriterte satsingsområde saman med læringsforsking i den reviderte fou-planen som gjeld frå 09.02.09. Idrettsforsking I samband med at ALI nettopp har rullert fou-planen sin, har idrett utvikla følgjande strategiske omtale av forskingsområda sine: Programområdet for idrettsforsking utviklar kunnskap om kroppsbevegelsar og aktivitetsformer slik desse kjem til uttrykk i idrett, kroppsøvingsfaget, friluftsliv og folkehelsearbeid. Idrettsforskinga konsentrerer seg om to temaområde som kan skisserast slik:

15 Ein modell av idrettsforskinga ved HSF Menneskekroppen i bevegelse Moving bodies Den kompetente kroppen The skilled body Idrettsforsking Den sunne kroppen The fit body Læring i idrett, kroppsøving og friluftsliv Fysisk aktivitet og folkehelse Koplingar til andre forskingsområde i HSF, t.d. lærings- og profesjonsforsking Felles tema og prosjekt for satsingsområda Koplingar til andre forskingsområde i HSF, t.d. klinisk helseforsking Forskingsområdet Læring i idrett, kroppsøving og friluftsliv utviklar kunnskap om menneskekroppen i bevegelse der det å tileigna seg kroppslege ferdigheiter og kunnskapar står sentralt. Området utforskar spørsmål om kva type ferdigheiter, kunnskapar og kulturar som vert danna ved å delta i idrett, kroppsøving og friluftsliv, korleis ein kan forstå og forklara dannings- og læringsprosessar på desse praksisfelta, og kvifor samfunnet bør leggja vekt på å utvikla forskingsbasert kunnskap på fagområda. Forskingsområdet Fysisk aktivitet og folkehelse utviklar kunnskap om menneskekroppen i bevegelse i eit folkehelseperspektiv. Fysisk inaktivitet vert rekna for å vera ein av dei sentrale risikofaktorane i høve til livsstilsjukdomar. På dette temaområdet legg ein derfor vekt på å utforska korleis fysisk aktivitet kan fremja den fysiske og psykiske folkehelsa gjennom fleire intervensjonsstudium. Området er også oppteke av å kartleggja fysisk aktivitetsnivå og fysisk form blant vaksne og eldre personar i Noreg. Målet til idrettsforskinga er at dei to satsingsområda skal virka gjensidig informerande og utviklande på kvarandre. Saman skal dei styrka kvaliteten og omfanget i idrettsforskinga, betra den forskingsbaserte undervisninga i tre pågåande bachelorretningar og vera eit springbrett mot ei framtidig mastergradsutdanning i idrett ved HSF, jamfør modellen nedanfor.

16 Ein modell av idrettsutdanninga ved HSF Framtidig masterutdanning i idrett, jf. temaområda: Læring i idrett, kroppsøving og friluftsliv & Fysisk aktivitet og folkehelse B3 Idrett og kroppsøving B3 Friluftsliv B3 Idrett, fysisk aktivitet og helse B2 Idrett og kroppsøving B2 Friluftsliv B2 Idrett, fysisk aktivitet og helse B1 Årsstudium i idrett Kompetanseutvikling Det viktigaste strategiske tiltaket for å styrka idrettsforskinga i HSF er kompetanseheving på alle nivå. Idrettseksjonen har i dag 20 tilsette som fordelar seg på om lag 18 årsverk. Av desse er 4 i førstestillingar, 12 er høgskulelektorar, 2 er stipendiatar og 2 er høgskulelærarar. Av førstestillingane er tre tilsette som førstelektorar, medan ein har doktorgrad og er tilsett som førsteamanuensis med arbeidsvilkår som postdoktor over fire år. Seks tilsette arbeider i dag med doktorgrad, og ein ventar at fleire av desse disputerer dei neste to åra. Ein tilsett har fått sikra finansiering til ei stipendiatstilling som vedkommande tek til i på nyåret i 2010. To tilsette arbeider med kvalifisering til førstelektor, og begge høgskulelærarane er inne i mastergradsutdanning som skal avsluttast våren 2009 og 2010. I tillegg er ein person med doktorgrad midlertidig tilsett som forskar i 20 prosent stilling for å stimulera forskingsverksemda ved seksjonen. Seksjonen arbeider òg med å knyta til seg sentrale fagpersonar med doktorgrads- eller professorkompetanse i toarstillingar eller som gjesteførelesarar/-forskarar på sentrale område. Nedanfor følgjer ei oversikt over kompetansen i seksjonen. Barsnes, Birte, fysioterapeut, høgskulelærar/masterstudent Fretland, Frode, cand. scient., høgskulelektor/arbeider med doktorgrad Fretland, Reidun Nerhus, cand. scient., høgskulelektor Frøyd, Christian, cand. scient., stipendiat/phd-kandidat Hallandvik, Linda, cand. polit., høgskulelektor Johanessen, Kjersti, cand. scient., høgskulelektor Langseth, Tommy, cand. polit., stipendiat/phd-kandidat Leirhaug, Petter Erik, cand. scient., høgskulelektor Loftesnes, Jan Morten, hovudfag i kroppsøving, førstelektor/arbeider med doktorgrad Mamen, Asgeir, cand. scient., førstelektor/phd-kandidat

17 Moe, Vegard Fusche, dr. scient., førsteamanuensis/postdoktorstipendiat Resaland, Geir Kåre, cand. scient., høgskulelektor/phd-kandidat Salveson, Rolf, cand. polit., høgskulelektor/arbeider mot førstelektorkompetanse Solbraa, Ane, fysioterapeut, master, høgskulelektor/(phd-kandidat frå 2010) Sæterbakken, Atle, master, høgskulelektor van den Tillar, Roland, dr. polit., forskar Vereide, Vegard, master, høgskulelektor Vikene, Odd Lennart, cand. polit., høgskulelektor/arbeider mot førstelektorkompetanse Ylvisåker, Einar, cand. mag., høgskulelærar/masterstudent Aaberge, Kari, cand. scient., førstelektor Aadland, Eivind, master, høgskulelektor Samarbeidsrelasjonar, forskingsmidlar og mastergrad Idrettsseksjonen ønskjer å utvikla forskinga si i nært samarbeid med interne og eksterne partnarar for å: (i) visa at idrettsforsking kan spela ei viktig rolle i samfunnet saman med andre sentrale forskingsområde i og utanfor HSF, (ii) auka tilgangen på prosjektmidlar, tid til forsking og formidling av forskingsarbeid og (iii) styrka forskingsbasert undervisning i pågåande utdanning og tilby mastergradsutdanning i idrett ved HSF. Avdelingssamarbeid, Vestlandsforsking og UH-nett Vest Dei to strategiske satsingsområda til idrettsseksjonen viser tydelege koplingar til lærings- og helseforsking ved høvesvis ALI og AHF. Koplinga mellom idrettsseksjonen og ALI er tydeleg ved at ALI har peikt ut idrettsforsking til å vera eit av to prioriterte satsingsområde saman med læringsforsking, og tilsvarande har idrett utpeikt læringsfeltet til å vera eit av seksjonen sine to utvalde forskingsfelt. Idrett er også ein av dei største seksjonane på ALI. Koplinga mellom idrett og AHF er tydeleg ved at begge ser på fysisk aktivitet som eit viktig middel for å førebyggja livsstilssjukdomar og styrka folkehelsa. Koplinga mellom AHF og idrett har vorte konkretisert ved at dei har samarbeidd om den nyleg innsendte søknaden til NFR om strategiske høgskuleprosjekt. Idrett samarbeider også med både ASF og AHF om den nye tverrfaglege vidareutdanninga på masternivå innan Aktiv omsorg og vurderer sporadisk moglegheiter om å utvikla forsking i friluftsliv i retning av reiselivsforskinga til AØR og Vestlandforsking. I tillegg er idrett inne på eit prosjekt om vurderingsproblematikk i kroppsøving som har fått insentivmidlar i UHnett Vest. Idrettsseksjonen kjem til å følgja opp samarbeidet i UH-nett Vest ved å delta på møte og seminar, og ved å søkja om midlar til forskingsprosjekt i nettverket. Sogn og Fjordane fylkeskommune (SFFK) Idrettsseksjonen er no inne i sin andre samarbeidsavtale med fylkeskommunen. Den første avtalen varte frå 01.01.04 til 31.12.07 og gav seksjonen eit årleg tilskot på 850.000 kr. til kompetanse- og kunnskapsutvikling. Denne avtalen vart reforhandla og forlengd ut 2011, men då med ein årleg nedtrappingsavtale med 200 000 kr. i året (frå 600 000 kr. i 2009 til 200 000 kr. i 2011). Løyvingane frå fylkeskommunen vert disponerte av ei eiga utviklingsgruppe for idrett (UFI). Gruppa er no sett saman av Hans B. Skaset, Georg Arnestad, Rasmus Stokke, Kari Aaberge (leiar av gruppa) og Vegard Fusche Moe. UFI har sidan oppstarten vore sentrale for den strategiske utviklinga til idrettsseksjonen og vil halda fram med å disponera dei fylkeskommunale midlane på vegne av seksjonen. Hausten 2008 har SFFK løyvd 400 000 kr. i ekstramidlar til KAN1-undersøkinga (under føresetnad om at undersøkinga vert

18 fullfinansiert). Idrettsseksjonen vil arbeida med å oppretthalda det gode samarbeidet med SFFK ved å arrangera den årlege konferansen om idrett og fysisk aktivitet i samarbeid med fylkeskommunen og ved å søkja om prosjektsamarbeid og -midlar der det opnar seg moglegheiter om det. Norges idrettshøgskole (NIH) NIH har det nasjonale ansvaret for forsking og utdanning innan idrettsfeltet i Noreg og er ein naturleg samarbeidspart for idrettsseksjonen. NIH rettleier fleire tilsette ved idrettsseksjonen på mastergrads-, doktorgrads- og postdoktornivå. I tillegg har rektor ved HSF og dekanus ved ALI nyleg (januar 09) hatt møte med leiinga ved NIH om mogleg samarbeid om mastergradsutdanning i idrett ved HSF. Ei arbeidsgruppe med to medlemmar frå kvar institusjon er sett ned for å sjå vidare på moglegheitene om mastergradsutdanning i idrett. Arbeidsgruppa skal ha to personar frå kvar institusjon. Terje Bjelle og Kari Aaberge er med frå HSF. HSF er også med på KAN1-undersøkinga som NIH har det nasjonale prosjektansvaret for, og det er på dette prosjektet at NIH har løyvd 50 prosent av midlane til ei stipendiatstilling som skal gå til idrettsseksjonen ved Ane Solbraa. Strategien vidare er å utvikla samarbeidet med NIH for å heva kompetansen i seksjonen, styrka forskinga og utforska moglegheitene om mastergradsutdanning i idrett ved HSF. Sparebanken Vest, Visjon Vest Idrettsseksjonen søkte i november Sparebanken Vest sitt fond om allmennyttige formål, Visjon Vest, om støtte til forskings- og utviklingsarbeid knytt til høgskulen sitt idrettsfaglege miljø. Søknaden er todelt: 1. Støtte til utviding av Sogn og Fjordane-delen av forskingsprosjektet Kartlegging av fysisk aktivitetsnivå, helserelatert fysisk form og determinanter for fysisk aktivitet hos voksne og eldre i Norge (kr 600.000). 2. Støtte til styrking av HSF Idrett si satsing på forsking og utdanning innanfor fysisk aktivitet og folkehelse i eit langsiktig perspektiv gjennom midlar til forskingsprosjekt og kompetanseheving (samla sum over fem år kr 4,2 mill.). I søknaden er desse midlane spesifiserte i hovudsakleg tre punkt: (i) delfinansiering av stipendiatstilling til Ane Solbra, delfinansiering av postdoktorstilling til Geir Kåre Resaland og (iii) delfinansiering av professorstillingar frå 2012. Oppsummering Dei fylkeskommunale løyvingane til idrett vert gradvis nedtrappa fram mot 2011. Seksjonen vil derfor halda fram i sporet ein er inne på om å arbeida aktivt framover for å skaffa eksterne forskingsmidlar saman med både interne og eksterne samarbeidspartnarar slik at ein byggjer opp eit godt fagmiljø som på sikt kan stå ansvarlege for mastergradsutdanning i idrett ved HSF. Formidlingsproduksjon Idrettsseksjonen har teke innover seg det tydelege fokuset som har blitt sett på formidlingsproduksjon av fou-arbeid i universitets- og høgskulesektoren og vil arbeida systematisk for å auka breidda, omfanget og kvaliteten i formidlinga si. Idrett ønskjer å sjå: ein gradvis auke i både talet og typen oppslag i forskdok for å vidareutvikla mangfaldet i kompetansen til seksjonen og for å tilfresstilla marknaden sin mangesidige etterspurnad etter idrettsfagleg kompetanse (t.d. frå skuleverket, frivillig idrett, friluftsliv, helsevesen, trenings- og helsestudiobransjen, etc.)

19 ein kvalitetsauke i skriftleg formidling av fou-arbeid som fører fram til fleire teljande publikasjonspoeng Døme på konkrete tiltak for å auka formidlingsproduksjonen vil vera årlege satsingar på målkonferansar eller større seminar, prosjektdeltaking og publiseringar saman med interne og eksterne samarbeidspartnarar, interne fou-seminar på seksjonen og avdelinga, og ei vidareutvikling av ein god kultur for kollegasamarbeid og -rettleiing. Rasmus Stokke, sign. Vegard Fusche Moe, sign. 2) Innspel frå Fornybar energi Forskingsprogram - Fornybar energi Notat til FoU-utvalget på HSF Sogndal, 10. februar 2009 Tematisk innretning Faglige avgrensninger Programmets faglige avgrensninger (spesifisert i Programnotatet april 2008, heretter bare Programmet) innebærer kunnskapsutvikling basert på: Kunnskap om samfunnsmessige rammebetingelser og styringsmuligheter for produksjon og distribusjon av fornybar energi for stasjonære og mobile anvendelser, herunder: miljøog ressursmessige betingelser, økonomiske betingelser, markedsmessige betingelser og institusjonelle betingelser Kunnskap om fornybare energikilder basert på vann, vind, bioenergi og naturvarme Kunnskap om relevante problemstillinger for myndigheter og bedrifter i Sogn og Fjordane, men som på et høyt faglig nivå kan formidles til nasjonale og internasjonale fagmiljø Kunnskap basert på tverrfaglig forskning Kunnskap basert på teknologisk innsikt i produksjonsprosesser og deres modenhet, avgrenset til vann, vind, bioenergi og naturvarme Disse faglige avgrensningene står fast, med følgende presiseringer. Det understrekes at Programmet til en hver tid må ha en solid basis i personer med teknologisk innsikt i produksjonsprosesser og deres modenhet. Det er to grunner til det. For det første fordi det nettopp er relasjonen mellom teknologi og samfunnsmessige betingelser som gir god innsikt i de viktigste barrierene. For det andre fordi Forskingsrådet har kommet med signal om at nettopp denne relasjonen kommer til å bli vektilagt fremover i deres energiprogrammer. Fagområder Innenfor de overordnede avgrensningene beskrevet over, beskriver Programnotatet fem fagområder som utgjør den faglige basisen for programmet: Helhetlige miljøanalyser

20 Institusjonelle barrierer Økonomi og marked Lokale areal- og miljøanalyser Samhandling Disse fagområdene står fast, med følgende presiseringer: Per dags dato har programmet fått på plass en prosjektleder (omgjøres til professorat i løpet av 2009) og tre stipendiater. De tre stipendiatene dekker i sine arbeider de to første fagområdene: en på helhetlige miljøanalyser og to på institusjonelle barrierer. En utvidelse av antall stipendiater, vil komme i på flg. områder (i prioritert rekkefølge): Økonomi og marked: økonomiske virkemidler i energi- og miljøpolitikken Lokale areal- og miljøanalyser: landskapsinngrep og terrengforming/restaureringsøkologi Økonomi og marked: merkevarebygging og betalingsvillighet For å få en bedre balanse mellom erfarne og ferske forskere, vil minst ett av stipendene være postdoktorstipend. Personale Flg. personer er per dato tilknyttet Programmet: Bente Johnsen Rygg Bente Johnsen Rygg (1980) har ei mastergrad i statsvitskap frå Noregs teknisknaturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim (2005), med vekt på offentleg politikk og administrasjon. I tillegg til statsvitskap har ho faga samfunnsøkonomi og psykologi i cand.mag grada frå Universitetet i Tromsø (2003). Tema for prosjektet er Barrierar for fornybar energi i kommunar. Stipendiatet er finansiert av Statkraft. Prosjektet er tilknytt Institutt for tverrfaglege kulturstudiar ved NTNU i Trondheim, med professor Knut Holtan Sørensen som rettleiar. Dr. Erling Holden ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er medrettleiar. Kommunane har ei sentral rolle i høve fornybar energi, og er eit satsingsområde for statlege myndigheiter gjennom fleire program. Norske kommunar har eit stort potensiale for å ta i bruk fornybar energi. I prosjektet vil sentrale aktørar i kommunen, både administrativt og politisk, næringsliv og innbyggjarar vere viktige. Prosjektet har eit utval kommunar som case, og målet med prosjektet er å få kjennskap til dei prosessane som skjer i kommunane i høve til fornybar energi. Kva kjenneteiknar kommunar som tek i bruk fornybar energi, og kva gjer at andre kommunar ikkje tek i bruk fornybar energi? Metoden i prosjektet er kvalitativ, og vil i hovudsak vere intervju med sentrale aktørar frå casekommunane. I tillegg vil komparativ metode og dokumentanalyse verte nytta. Teoretisk plasserar prosjektet seg mellom statsvitskap og teknologi- og vitskapsstudiar. Eit perspektiv er implementeringsteori, som ser på prosessen rundt iverksetting av tiltak og politikk. Tradisjonar, prosessar, rammevilkår, struktur og aktør er sentrale element i implementeringsteori. Geoffrey Gilpin Geoffrey S. Gilpin (1978) attained his Graduate Diploma (Diplom Ingenieur) in Mechanical Engineering from University of Applied Sciences in Aachen, Germany in 2006. In addition