Blad for andelseigarar i Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA og Vestskog BA



Like dokumenter
TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

Skogsvegar på Vestlandet -no eller aldri? Kjetil André Rødland Vestskog

Vika skogsveg i Åkra, bygd i 1999 Foto: Anbjørn Høivik. Hovedplan skogsveier Kvinnherad kommune

Til deg som bur i fosterheim år

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort

Skog og verdiskaping i Sogn og Fjordane. Ingunn Kjelstad, dagleg leiar

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

OVERORDNA STRATEGI FOR HJORTEFORVALTINGA

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Vestskog og snutebiller. Skogsamling Rogaland

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Brukarrettleiing E-post lesar

«Ny Giv» med gjetarhund

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Vestskog. Kven er me og kva jobbar ein med i skogbruket? Dagleg leiar Kjetil André Rødland Hotell Alexandra,

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

TEMAPLAN. Hovudplan for skogsvegar i Luster kommune

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOBRUKET (NMSK) FOR PERIODEN BØMLO KOMMUNE

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Geitekontrollen på internet- hva betyr det for meg?

DB

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Lønnsundersøkinga for 2014

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

mmm...med SMAK på timeplanen

Styremøte i Sogn og Fjordane Sau og geit april på Quality Hotell Sogndal

Blad for andelseigarar i Sogn og Fjordane Skogeigalag BA og Vestskog BA Nr 1 mars årgang

Årsmelding skog Skogfond og skogbruksstatistikk. Fylkesmannen i Hordaland, Landbruksavdelinga

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Nytt HFK Intranett

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Finansiering av søknaden

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Lønnsomhetsvurderinger ved investering i skogplanteforedling! Harald Kvaalen, Skog og landskap

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

LANDBRUKSINFORMASJON FOR AURLAND, LÆRDAL OG ÅRDAL

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Brukarrettleiing. epolitiker

Bestandsplan xxxxxxxx årsleveområde for hjort Vedteken på skipingsmøte

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

BESTANDSPLAN. ovreguddal.storvald.com

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Vestlandet ein stor matprodusent

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Tiltaksstrategi for nærings- og miljøtiltak i skogbruket Strand kommune

Velkommen til hjortakveld

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

HORDALANDD. Utarbeidd av

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Bestandsplan Ytre Sogn og Sunnfjord årsleveområde for hjort

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Nyheitsbrev frå Havfront AS

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Søking til skuleåret

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

VEDTEKT av februar 2007

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013

Oversyn over økonomiplanperioden

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Transkript:

Blad for andelseigarar i Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA og Vestskog BA Det nærmar seg slutten på 2010, og Vestskog nr 4 er med dette i dine hender. Vel å merke kanskje i grevens tid, men me er likevel på rette sida av årsskiftet. Bladet vert distribuert til eigarane av Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA og Vestskog BA. Me voner du får nyttig informasjon om tømmer og marknad og om moglegheiter for skogbruksplanar. Kanskje det vert litt fagleg påfyll om hjort og skogskatt og? Nr. 4 - desember 2010 Les om: Kortreist skog.... s. 2 Informasjon frå Sogn&Fj. s. 3 Oversyn over tilsette i Sogn&Fj.. s.3 Hjortestamma - på veg opp eller ned?. s. 4 Om du som lesar har ynskjer for kva bladet skal ta for seg i 2011, ynskjer me attendemelding på det. Enn så lenge nøyer me oss med å helsa dykk alle Nytt frå planavdelingane.. s. 5 Ei riktig god jol og eit godt nyttår! Informasjon frå Vestskog..... s. 6 Rekord for skogkultur i Vestskog!... s.6 Moms og skogsvegforeiningar.. s.7 Oversyn over tilsette i VSK. s.8

Kortreist skog 2 Av Ingunn Kjelstad, styreleiar Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA I 2011 legg regjeringa fram den nye landbruksmeldinga, som skal vere grunnlaget for landbrukspolitikken dei neste ti åra. I den samanheng er det opp til næringa og fagorganisasjonane å kome med innspel til det politiske miljøet. Eg høyrer jordbruket diskuterer ambisjonar og sjølvforsyningsgrad av mat, med god hjelp av dei årlege førjulsoppslaga i media om mangel på norsk pinnekjøtt og ribbe til jul. Utan mat inga jul, dermed må vi importere kjøt, noko som vert framstilt som eit visst nederlag. Det er masse av kjensler knytt til mat, og då spesielt tradisjonsmaten vår. Det aller beste kjøtet kjem sjølvsagt frå garden, eller bygda, eller landsdelen der ein har opphavet sitt. I skogbruket produserer vi råvarer på linje med grovfôr og beite til husdyr. Men kvar er engasjementet og kjenslene rundt råvarene frå skogen? Dei er ikkje like synlege som kjenslene til mat. Det kan synast likegyldig for dei fleste av oss kvar furua og grana som vi ser frå stoveglaset vårt, vert av. Kor mange av oss bryr seg om dette råstoffet vert sendt til eit lokalt sagbruk, til austlandet, Sverige eller Tyskland? Og kvar er kjenslene våre når vi importerer ved, flis eller materiale frå utlandet? Det forundrar meg at bruken av skogråvarene våre verkar så lite viktig og er så lite på dagsorden som det er, samanlikna med bruken av jordbruksprodukta. Nye tal for landsskogtakseringa for Sogn og Fjordane viser at skogarealet har auka med 10% siste 20 åra. Antal ståande kubikkmeter har auka. For gran har det sjølvsagt auka mest, med ei dobling frå 3.5 mill kbm til over 7 mill kbm. Furu og lauv har også auka, men på langt nær så drastisk. Attgroinga i landskapet som ein no ser rundt seg på vestlandet kjem truleg til å halde fram. Alt tilseier at vi i framtida kjem til å ha mykje skog å hauste av på vestlandet. Dette skapar utfordringar og moglegheiter for næringa vår framover. Ei utfordring er å setje næringa og skogråstoffet meir på dagsorden. Ønskjer vi at meir av tømmeret vårt frå vestlandet skal verte foredla og brukt lokalt, eller at samfunnet skal etterspørje kortreist virke, så må vi jobbe for det. Ikkje minst må skogbruket verte meir synlege i kven vi er, kva vi gjer og den faktiske verdiskapinga i vår næringskjede. Vi må vere bevisst i vår kontinuerlege kommunikasjon ut, og vise at vi evnar å hauste av dei skogressursane vi har. Kanskje kan ein i framtida sjå føre seg at byggnæringa sel kortreiste hus av virke frå vestlandet, oppvarma av fjernvarmeanlegg fyrt på lokalforedla flis? Det er vel eigentleg mest opp til oss sjølve korleis vi vil vere med å på verke framtida vår. I første omgang kan vi nytte den gode vinteren til å hogge god skog til gode prisar.

3 INFORMASJON FRÅ SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG BA TØMMER OG HOGST: Skogeigarlaget sette opp prisane frå 1. august, og desse vert i hovudsak forlenga ut 1. halvår 2011. Avsetninga er også god, og det opnast i fyrste omgang for hogst i heile fylket for 1. kvartal. Held kaldveret fram, ligg det såleis godt til rette for høg aktivitet på eigen- og entreprenørhogst i vinter. Skogbruksleiartenestar i fylket. Asle Lyslo er tilbake som skogbruksleiar for Stryn, Hornindal og Indre Sogn fram til påske 2011. Asle treffast på tlf: 991 52 801 eller e post: asle.lyslo@c2i.net For Ytre Nordfjord, Ytre Sogn og Sunnfjord kontaktast: Ola H.S. Nygård på tlf: 477 10 310, eller på e post: ola.nygard@sfskog.no Entreprenørhogstplanar i fylket. Indre Sogn 1. halvår 2011: Skogeigarlaget ønskjer å tilby entreprenørhogst i Indre Sogn i vinter. Vi har tilgang på eit taubanelag frå Nord - Trøndelag fram til våren. Dette laget har prioritet på å drifte indre Sogn frå årsskiftet. Avverking med hogstmaskin er ikkje avklara enno, men finst det nok volum som løysast med maskin, vurderast det å bruke eksterne entreprenørar. Nordfjord 1. halvår 2011: Anders Bjørkedal har i haust investert i ny 23t gravemaskin med noko større hogstaggregat. Dette er eit driftssystem som løyser vanskelege drifter utan bruk av taubane. I tillegg kan det monterast eit krattknusaraggregat for rydding av attgrodde skogsvegar o.a. Skogeigarlaget ønskjer å halde Bjørkedal og Alsaker i drift med tømmerhogst kontinuerlig fortrinnsvis i midtre og ytre Nordfjord, men dei tek og drifter i heile fylket. Jakob Grøsvik frå Innvik med sin Ponsse Buffalo Dual, ein kombinert hogst- og utkøyringsmaskin, tek oppdrag i heile fylket, men fortrinnsvis i indre Nordfjord. Sunnfjord/Ytre Sogn 1. halvår 2011: Skogeigarlaget skal ha entreprenørhogst i nærområdet til Sunnfjord Sag. Frå nyttår har vi tilgang på ein av T. Frivik`s Mountyar. Dette taubanesystemet, med strekk på opp mot 400m, løyser dei vanskeligaste driftene. Jakob Grøsvik frå Innvik kan frå desember stille med sin Ponsse Buffalo Dual, ein kombinert hogst- og utkøyringsmaskin som reduserer flyttekostnaden noko. Han har no drifter i Naustdal. Begge entreprenørane tek oppdrag i heile fylket. Skogeigarar med potensielle entreprenørhogstar vert oppmoda om å kontakte skogbruksleiarane. Eigenhogst. Det er avsetning på dei fleste sortiment og treslag, inklusive massevirke av hemlock, douglas og sitka. I nokre distrikt er det avsetning av spesialkvalitetar av furu til gode prisar. Ta kontakt for nærmare opplysningar. Spesielt i Ytre Nordfjord og Indre Sogn er det sannsynleg at skurtømmeret skal kappast til eksport. Dette kan i periodar også vere aktuelt i andre deler av fylket. Det er difor avgjerande at tømmeret vert innmeldt på førehand og at ein avventar tilbakemelding på korleis tømmeret skal kappast og sorterast. Namn E-postadresse Telefon Stilling/ arbeidsoppgåver Aud Nyhamn Engvik aud.engvik@sfskog.no 962 29 000 Tømmer, arkiv, eigarregister Per Martin Fosmark per.martin.fosmark@ferda.no 975 00 472 Leiar Ferda Atle Gimmestad atle.gimmestad@sfskog.no 481 37 615 Disponent Leif Laache leif.laache@sfskog.no 905 78 759 Skogbruksplanleggar Arnt Laukeland arnt.laukeland@sfskog.no 991 63 200 Prosjektleiar bioenergi Asle Lyslo, Stryn asle.lyslo@c2i.net 991 52 801 Vegplanleggar Ola H. S. Nygård ola.nygard@sfskog.no 477 10 310 Skogsjef Alf Erik Røyrvik alf.royrvik@sfskog.no 958 89 475 Utmarkskonsulent Oddveig Devig Skagen oddveig.d.skagen@sfskog.no 952 45 964 Rekneskapssekretær, tømmeroppgjer

4 INFORMASJON FRÅ SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG BA UTMARKSKONSULENTEN SITT HJØRNE Av Alf Erik Røyrvik om siste års utvikling. Ein må og hugse på at når ein skal vurdere dette må ein ha litt is i magen. Dette på sjåast over tid og over større område. Observasjonar som ein gjer nokre månader på hausten i eit jaktfelt på nokre tusen dekar er ofte eit resultat av tilfeldig variasjon, og ikkje nødvendigvis eit bilde av bestanden totalt sett. Nokre kjem med dystre spådommar om sterk nedgang og fare for rasering av hjortestamma. Faren for det trur eg er veldig liten. Hjorten her i vest er ikkje akkurat nokon sårbar art, og den har høg produktivitet. Det vil derfor ikkje vere veldig vanskeleg å auke opp att bestanden om ein skulle ønske det. Til no har vi hatt vekst i hjortestamma totalt sett. Dei fleste stader har ein hatt eit mål om stabilisering av stamma. Enkelte stader har ein hatt mål om reduksjon av hjortebestanden. Om det skulle vise seg at veksten har stoppa opp, betyr det at ein har oppnådd målsetningane sine. Og det er jo positivt. Men som sagt er det vanskeleg å seie noko om enno. Hjortestamma, på veg opp eller ned??? Kvart år høyrer ein ulike oppfatningar om korleis utviklinga er i hjortestamma her i tjukkaste hjorteland. Enkelte meiner at veksten i hjortestamma har snudd og at bestanden er på veg ned. Andre meiner at stamma framleis er i sterk vekst. Den eine er gjerne meir skråsikker enn den andre. Slik har ein det gåande, og dette er ikkje noko nytt fenomen. I år verkar det som om dette med utviklinga i hjortestamma har kome endå meir på dagsorden enn tidlegare. Ein høyrer stadig, både i media og gjennom andre kanalar, utspel om korleis det står til og ikkje minst spådomar om korleis hjortestamma kjem til å utvikle seg framover. Nokre melder om sterk nedgang og lite hjort i sine terreng. Andre igjen har meir hjort enn nokon gong, er ferdig med både kvote og eventuelle ekstraløyver, og framleis er både innmark og utmark fulle av hjort. Om hjortestamma framleis er i vekst, om den er stabil eller om det eventuelt er ein liten nedgang, kan verken eg eller nokon andre svare på enno. Den første gode indikasjonen på det får vi når fellingstala og ikkje minst sett hjort registreringane for 2010-jakta er klare. Først då får vi brukbare tal på dette, og fram til den tid vert det berre synsing å seie noko Til slutt vil eg kome med nokre råd til berekraftig, langsiktig og fornuftig hjorteforvalting. Desse råda gjeld uansett om ein vil ha vekst, stabilisering eller reduksjon av bestanden. Lag gode og gjennomtenkte bestandsplanar som går over fleire år, med fokus på målsetningar. Stol på desse planane og følg dei so godt som råd gjennom planperioden. Bruk sett hjort systemet og andre registreringar aktivt og grundig, dei er det beste grunnlaget vi har. Legg hovudtyngda i avskytinga på kalv og ungdyr. Då beskattar ein på rentene i bestanden og sparer på kapitalen (vaksne dyr). Lukke til med resten av jakta for dei som ikkje er ferdige, og ha ei riktig god jul! Fagbladkontingenten for 2010 vert uendra på 310 kr. i Sogn og Fjordane Skogeigarlag. Denne dekker både Skogeieren og Vestskog. Vi ber dei som ikkje ynskjer å ha blada om å melde frå før årsskiftet.

5 Sogn og Fjordane Nytt frå planavdelingane! Gulen Markarbeidet i Gulen vart endeleg avslutta denne hausten, etter at det har vore forseinka på grunn av problem med flyfotomaterialet. Dei som har tinga plan reknar vi med vil få desse tilsendt i løpet av ettervinteren. Feios Som ein del av Kystskogbruket sitt prosjekt i Feios, vil skogeigarlaget taksere dette området i 2011. Området er ferdig fototolka, og markarbeidet vil ta til så snart snøtilhøva tillet det neste vår. Leikanger Skogeigarlaget tek også sikte på å taksere Leikanger frå sommar/haust neste år. Skogeigarane her vil få tilbod om å tinge plan på nyåret. Vestskog Vestskog kartlegg interessa for skog- og miljøplanar i Dalane i Rogaland og Tysnes, Fusa og delar av Kvinnherad i Hordaland. Elles driv Vestskog og takserar Voss og Odda, og tek framleis imot tingingar av plan i desse kommunane. Dalane Mykje arbeid det siste året frå Vestskog har gjeve så mange plantingingar at det truleg vert sett i gang arbeid med skog- og miljøplan (og kalla skogbruksplan) for Dalane. Om du ikkje har tinga plan enno, er det framleis mogeleg å gjera det! Ta i så fall kontakt med Olav Hegdal eller Rita Ørsland hos Vestskog BA. Tysnes og Fusa (og Kvinnherad vest for fjorden). Her er me heilt i startgropa med forprosjektet for å kartlegga interessa for skog- og miljøplan. Området er allereie skanna med laser frå fly, og det er første gongen ein vil bruka denne teknologien på utarbeiding av skog- og miljøplanar i Vestskog sitt område. Det trengst likevel interesse hjå skogeigarane for at arbeidet skal verta sett i gang, og det vert i skrivande stund sendt ut informasjon til skogeigarane og me håper på god respons. Voss og Odda Vestskog har og pågåande arbeid med områdetakstar i Odda og på Voss. For desse prosjekta er markarbeidet nesten ferdig, men det kan framleis tingast skog- og miljøplan, ta kontakt med Vestskog v/halgeir Bergland eller Jan Ivar Rødland, epost: plan@vestskog.no. Kvifor ein skog- og miljøplan? Ein skog- og miljøplan gjev skogeigarane godt oversyn over ressursene skogen i tillegg til forslag til tiltak og oversyn over miljøverdiar i skogen. Planen kan sjåast på som ei vareoppteljing i skogen din, slik at du får god oversyn over ressursar og miljøverdiar i skogen dersom du vurderer hogst. Dette bideg til at det vert enklare å vurdera hogsttidspunkt eller investeringar, eks. vegbygging. I resten av skog-norge krev tømmerkjøparane at skogeigar har skog- og miljøplan, dersom det har gått ut tilbod om dette til skogeigarane i den kommunen/området. Dersom skogeigar ikkje har miljøplan, må vedkommende sjølv kosta registreringar med biolog før tømmerkjøpar kan kjøpa tømmeret, noko som er dyrare enn ein skog- og miljøplan. Per i dag er det ikkje noko slikt krav på Vestlandet, men det kan koma som følgje av auka fokus på miljø. Det kan difor vera lurt å ta dette med i vurderinga av om ein vil tinga skog- og miljøplan. Nytt og tilbod om skog- og miljøplan på internett på www.allma.no. Her kan skogeigarane henta ut og få oppdatert alle naudsynte fakta om eigen skog. Plandataene vert fortløpande endra etter kvart som skogeigar melder inn endringar, noko som gjer at planen er oppdatert heile tida. Ein webbasert skogog miljøplan vil såleis vera oppdatert mykje lenger enn ein papirplan.

6 INFORMASJON FRÅ BA Rekord for skogkultur i Vestskog! 2010 var det beste året for Vestskog nokonsinne når det gjeld skogkultur! Gjennom Vestskog vart det i 2010 sett ut nesten 300 000 planter i Rogaland og Hordaland og utført ungskogpleie på over 700 dekar. Tømmer framfor nytt år I det me ser slutten av 2010, er det høg puls som pregar skognæringa. Ute i skogane knytt til høg aktivitet, og innan industrien otte for marknadsutviklinga for sine produkt. Skognæringa har bak seg eit relativt godt år med aukande produksjon og aukande forbruk av trelast, fiberprodukt og energi. Mest usikre på utviklinga er sagbruksindustrien. Lageroppbygging utover hausten har pressa prisane, og presset har vore størst på fure. Celluloseprisen ser ut til å ha passert toppen (som vart høg). Marknaden ser for seg prisreduksjonar framover, men til prisnivå som framleis vil vera høge. Papirbruken har som venta teke seg noko opp att etter 2008/09-krisa, men trenden er minkande forbruk. Emballasjeindustrien (papp og kartong) var svært langt nede i 2009, men har hatt ein sterk prisoppgang over året og prisane er framleis aukande. Industrien har frå årsskiftet hatt ein prisoppgang på returpapir og returkartong på ca. 60%, men ein langt mindre %-vis oppgang på tømmer. I takt med aukande forbruk og aukande produksjon, har og avverkinga i Europa hatt ein sterk auke. Me reknar med at avverkingsnivået held seg oppe i fyrste halvår av 2011, men det ser ut til at ein får eit skifte med redusert prisskilnad mellom massevirke og skurtømmer. Dette vil normalt gi noko mindre skurtømmer og meir massevirke. Me har ikkje avslutta tingingane mot alle våre største kjøparar endå, men mest sannsynleg går me mot ein vinter med relativ små endringar i tømmerprisane frå Vestskog. Trass i svak aktivitet på gjenplanting etter hogst på Vestlandet, finst det likevel lyspunkt innan skogkulturen her og. Dei siste åra har Vestskog bygd opp eit aukande engasjement på skogkultursida. I 2008 og 2009 var det ein del problem med å få tak i nok plantemateriale av rett proveniens. Dette løyste seg i 2010, og utsette planter gjennom arbeidskraft organisert av Vestskog auka frå 166 000 planter i 2009 til 291 000 planter i 2010. Arealet med ungskogpleie der Vestskog har hatt organiseringa auka frå 300 dekar i 2009 til 730 dekar i 2010. Skilnader på Hordaland og Rogaland Det er skilnader mellom dei to fylka som Vestskog dekker. Hordaland står for største delen av plantinga, medan Rogaland står for største delen av ungskogpleia. Vidare er det i Hordaland slik at Vestskog står for all organisering og utføring av arbeidet, medan kommunane tek mykje av ansvaret for organisering av skogkulturen i Rogaland og Vestskog står for arbeidskrafta. Begge organiseringsmåtane fungerer bra, og Vestskog er godt nøgde med samarbeidet med skogbruksetaten på skogkultursida. Auke i 2011? Stor hogst i 2010, planar om auka hogst i 2011, tilgang på arbeidskraft og god tilgang på planter frå lokale planteskular gjer at Vestskog har ambisjonar om å auka skogkulturaktiviteten i 2011. Greier me 400 000 planter og 1000 dekar ungskogpleie? Om du har eit hogstfelt som ikkje er planta til, eller eit plantefelt som treng rydding, ta kontakt med vestskog@vestskog.no, så kan me gje deg eit tilbod! Personalnytt Vestskog Kjetil André Rødland vart tilsett som nestleiar i Vestskog frå 1.august 2010 med oppgåver knytt til informasjon, miljøsertifisering, organisasjon og administrasjon Rita Ørsland er no fast tilsett i Vestskog etter å ha først vore tilsett i eit skogkulturprosjekt. Rita har skal arbeida med både organisering av skogkultur og oppgåver knytt til skogbruksplanlegging.

7 INFORMASJON FRÅ BA Moms og skogsvegforeiningar Svært mange skogeigarar i vårt område er periodevis utan omsetnad, eller har ein årleg omsetnad som er så liten at dei ikkje er registrerte i meirverdiavgiftsregisteret. Og, svært ofte kjem slike skogeigarane i ein situasjon der det er aktuelt med vegbygging i skog. Utan registrering vil dei då heller ikkje ha frådragsrett for inngåande avgift knytt til nyanlegg og påkostnader av skogsveganlegg. Ein veg å gå kan då vera å skipa ei skogsvegforeining og gjera ei frivillig registrering av denne. Etter meirverdiavgiftslova kan foreiningar som har som føremål å byggja og vedlikehalda skogsvegar registrera seg frivillig. Skogsvegforeininga får ved registrering frådragsrett for meirverdiavgift knytt til bygging av nye vegar eller påkostnader av eksisterande anlegg, medan innbetaling frå medlemer til dekning av desse investeringar ikkje vert rekna som avgiftspliktig omsetnad. Ordninga gjeld for skogsvegar eller den del av nytten som kan førast på skog ved anlegg som dekker fleire føremål. Ordinært vedlikehald vert rekna som avgiftspliktig omsetnad. Merverdiavgiftshåndboka 6. utgave 2010 inneheld fyldig informasjon om ordninga; du finn den på internett her: (http://www.skatteetaten.no/no/bibliotek/ Publikasjoner/Handboker/ Merverdiavgiftshandboken/Kapitler/2/? mainchapter=116005#x116005) Flisfyring inn i næringsplanane På vegne av medlemskommunane på Haugalandet har Haugaland Vekst starta opp utarbeiding av kommunale næringsplanar som og skal resultere i ein regional næringsplan. For å få fram skogbruket sine moglegheiter som energileverandør, er det gjennomført eit eige fokusmøte om bioenergi. På møte deltok representantar frå kommunane, lokale skogeigarlag, Sveio Bioenergi, Karmøy Energi, Vindafjord BioVarme, Haugesund og Omland Skoglag, FMLA Rogaland, Vestskog, Gasnor og Nærgass. Inger Kallevik Haavik frå Haugaland Vekst under fokusmøte om bioenergi Vestskog og Sogn & Fjordane resertifisert, men er Levande Skog dødt? Andelslaga fekk i haust fornya sitt ISO 14001-serfifikat av det norske Veritas. Dette inneber at andelslaga framleis får selja tømmer med godkjenning frå PEFC. Samstundes med arbeidet med resertifisering vart det brot i Levande Skog-forhandlingane mellom skogeigarsida og miljøsida. Brotet gjekk på usemje på kor mykje gran me på kysten vil få lov til å planta. Skogeigarane var villege til å regulera evt framtidig skogreising og gjennomføra det i kontrollerte former. Miljøsida godtok ikkje dette, og ynskte i praksis full stopp i skogreising, i tillegg til at skogeigarar med meir enn 15 % gran på eigedomen måtte redusera arealet sitt med gran til 15 %. Dette godtok ikkje skogeigarane, og det vart brot i forhandlingane. Brotet ser i skrivande stund ut for å verta av permanent karakter, då det er reell fare for at Rådet for Levande Skog vert lagd ned. Dette vil ikkje få noko betydning for korleis andelslaga vil driva skogsdrifta si. Me kjem til å forhalda oss til Levande Skog-standarden sine krav, men det ligg eit namnebyte i korta. Mest truleg vert det nye namnet Skogbrukets miljøstandard. Andelslaga kjem ikkje til å verta slappare om standarden vert heitande noko anna, me kjem tvert imot til å arbeida minst like seriøst for å ta tilstrekkeleg miljøomsyn når me organiserer skogsdrifter og skogkultur.

8 10.12.2010 Overgang til særskilt likna skog Me får ved jamne mellomrom spørsmål om skoglikning frå skogeigarar som har hatt eigedomen i lengre tid, men som har vore utan omsetnad og som ikkje har særskilt likna skog (gjennomsnittslikning). Og det er som regel skogeigarar som etter lova skulle vore særskilt likna (grense ved nyttande tilvekst 3-5 m3 pr. år). Regelverket er som fylgjer: Skogeigarar som har hatt sams likna jord/skog, og som fylgje aktivitet i skogen må ta overgang til særskilt likna skog, startar opp gjennomsnittslikning med innføring av fire null-år. Tek skogeigar ei inntekt frå skogen sin på 100.000 kroner første året med særskilt likning, vert han skattlagd for ei inntekt på 20.000 kroner dette året. Resten, 80.000 kroner, kjem til skattlegging dei neste fire åra. Skogeigarar som ikkje har hatt næringsverksemd på eigedomen (eller har ein skogeigedom der tilveksten har nådd opp i grensa for særskilt likning), vert underlagt same regelverk som ny eigar ved eit eigarskifte. Her vil resultatet fyrste året alltid verta direkte likna. Dvs. tek skogeigar ut ei inntekt på 100.000 kroner kjem inntekta til skattlegging fullt ut same år. OPPGÅVER PERSON I OMRÅDE TLF Jan Ivar Rødland Vestskog 907 27 145 Skogbruksplan, frivillig vern, Halgeir Bergland Vestskog 993 84 710 skogforsikring Rita Ørsland Vestskog 992 80 173 Tormod S Jacobsen Hordaland 904 00 616 Vegplanlegging Oddbjørn Helland Hovudplanar- Rogaland/Hordaland 908 52 104 Bioenergi Karl Ludvig Ådland 480 35 952 Olav Hegdal Sørfylket i Rogaland tom. Hjelmeland 482 86 683 Eivind Lien Nordfylket i Rogaland 971 51 416 Driftsorganisering skogsdrift Iver Blokkum Kvam, Jondal, Kvinnherad, Tysnes, 980 35 223 Asle J. Bergseth Konnerth Indre Hordaland, Bergens-halvøya og 941 69 903 Vidar Jørdre Taubanedrifter, produksjonsstyring 917 28 064 Skogkultur Rita Ørsland Vestskog 992 80 173 Virkeskontraktar, henteklarmelding Per Eivind Rekve Vestskog 958 38 565 Tømmeroppgjer - rekneskap Turid Haugen Vestskog 482 23 554 Tømmersal, bil- og Inga Apeland Rogaland, Haugesundshalvøya 975 48 354 båttransport Per Eivind Rekve Hordaland 958 38 565 Båttransport, kaiar Inga Apeland Vestskog 975 48 354 Skogskattlegging Olav Taskjelle Vestskog 971 51 415 Skogfond Kjetil André Rødland Vestskog 476 64 397 Organisasjon, lokallag, informasjon Kjetil André Rødland Vestskog 476 64 397