Tilsynsutvalet i Hordaland Møteprotokoll Møtedato: 04.02.2010 Møtetid: Kl. 15:45 17:45 Møtestad: Heradshuset i Kinsarvik Saksnr.: 001/10-005/10 Forfall meldt frå følgjande medl. Bergljot Maria Veivåg Erling Aga Følgjande varamedl. møtte Henry Hereid Vara ikkje innkalla Møteleiar: Frå adm. møtte: Utlevert i møtet: Orientering: Diverse: Leiar Trygve Sæbø Sekretær Anne Gerd Nysveen Djønne Underskrifter: Trygve Sæbø Marie Synnøve Hus Børve Samson Hamre Elisabeth W. Hauge Harald Myklathun John Helge Rasmussen Torunn Sorteberglien Henry Hereid
Sakliste Sak nr. Saktittel 001/10 Godkjenning av møtebok 002/10 Meldingar 003/10 Søknad om riving av eksisterande hytte, uthus og naust, og oppføring av ny hytte og naust ved Langavatn i Eidfjord kommune, Hardangervidda nasjonalpark. 004/10 Motorferdsel i Hardangervidda nasjonalpark 2010. 005/10 Drift av Tilsynsutvalet i Hordaland 2009
001/10: Godkjenning av møtebok Møteboka frå møte 26.11.2009 vert godkjent slik ho ligg føre. TUV-001/10 VEDTAK: Møteboka frå møte 26.11.2009 vart godkjent slik ho låg føre. 002/10: Meldingar Meldingane vert tekne til orientering slik dei ligg føre. TUV-002/10 VEDTAK: Meldingane vart tekne til orientering slik dei låg føre.
003/10: Søknad om riving av eksisterande hytte, uthus og naust, og oppføring av ny hytte og naust ved Langavatn i Eidfjord kommune, Hardangervidda nasjonalpark. Framlegg til tilråding til Fylkesmannen i Hordaland: Tilsynsutvalet i Hordaland rår til at søkjar får rive eksistrande hytte og uthus, og føre opp ny hytte ved Langavatn (Hellehalsen) som omsøkt. Den nye hytta har eit totalt areal på 34 m², målt på ytterkant kledning. Den nye hytta bør ikkje ha innvendig høgde opp til raftet på meir enn 200 cm. Takutstikket bør og reduserast til 30 50 cm, og antal vindauger mot nord, vest og sør bør reduserast ein del. Hytta skal ha torv på taket, og beisast i ein gråbrun farge, eller vera ubehandla slik at ho får ei naturleg gråning. Det bør gjennomførast ei synfaring på staden før endeleg plassering av ny hytta vert tilrådd. Eksisterande hytte kan stå medan den nye vert bygd, men må rivast straks den nye er ferdig. Uthus skal og rivast. Eksisterande naust vert tilrådd rive, og nytt naust vert tilrådd oppsett på ny plass som omsøkt. Grunnen skal sanerast og såast til slik at det ikkje er synleg i terrenget. Tilsynsutvalet i møte kom med framlegg om fylgjande endring: Den nye hytta har eit totalt areal på 34 m², målt på ytterkant kledning. vert erstatta med: Den nye hytta har eit totalt areal på 34 m², målt på ytterkant reisverk. Takutstikket bør og reduserast til 30 50 cm, og antal vindauger mot nord, vest og sør bør reduserast ein del. vert erstatta med: Takutstikket bør og reduserast til 30 50 cm, og vindusarrangementet endrast, slik at det er i trå med byggeskikk i området. TUV-003/10SAMRØYSTES TILRÅDING TIL FYLKESMANNEN I HORDALAND: Tilsynsutvalet i Hordaland rår til at søkjar får rive eksistrande hytte og uthus, og føre opp ny hytte ved Langavatn (Hellehalsen) som omsøkt. Den nye hytta har eit totalt areal på 34 m²,
målt på ytterkant reisverk. Den nye hytta bør ikkje ha innvendig høgde opp til raftet på meir enn 200 cm. Takutstikket bør og reduserast til 30 50 cm, og vindusarrangementet endrast, slik at det er i trå med byggeskikk i området. Hytta skal ha torv på taket, og beisast i ein gråbrun farge, eller vera ubehandla slik at ho får ei naturleg gråning. Det bør gjennomførast ei synfaring på staden før endeleg plassering av ny hytta vert tilrådd. Eksisterande hytte kan stå medan den nye vert bygd, men må rivast straks den nye er ferdig. Uthus skal og rivast. Eksisterande naust vert tilrådd rive, og nytt naust vert tilrådd oppsett på ny plass som omsøkt. Grunnen skal sanerast og såast til slik at det ikkje er synleg i terrenget. 004/10: Motorferdsel i Hardangervidda nasjonalpark 2010. Søknadane vert lagt fram i møte utan framlegg til vedtak. Utvalet gjekk gjennom motorferdselsøknadane. TUV-004/10SAMRØYSTES VEDTAK: Politiet: Vedtak: Per Jordal: Søknad om motorferdselløyve i samband med øvelse kald vinter Felles vinterøving mellom Hardanger lensmannsdistrikt og Røde kors laga i Eidfjord, Røldal, Odda og Tyssedal som går over Hardangervidda frå Garen/Dyranut i nord og sør til Hellevass og Valldalen, og vest til Hårteigenområdet. Tidspunkt 20.-21. februar eller 13.-14. mars 2010. Tilsynsutvalet i Hordaland ser kor viktig det er å ha øvingar av denne art. Det vert gitt løyve som omsøkt, og ber om at det vert rapportert inn ant. Køyrde km. Ved neste søknad skal det opplysast kor mange skuterar og ant. personar som skal delta. Det er viktig med kontakt med SNO i førekant av øvinga for å finne ut kvar villreinen står for å unngå unødig uroing av denne. Søknad om transport med beltevogn og skuterar til Persbu ved Øvre Bjørnavant i samband med innvendig reparasjon av kjellar.
Vedtak: Får 2 turar til vedlikehad/tilsyn, og ved ytterlegare behov ber TU om at søkjar samordnar seg med den andre eigaren som også etter gjeldande regelverk vil kunne få innvilga 2 turar til dette formålet. Hardangervidda villreinutval: Søknad om bruk av tot. 8 turar med snøskuter innan nasjonalparken i samband med nimimumsteljing av villrein. I tillegg lågtflyging med 4-5 fly ved 1-2 teljingar i tida 1. feb. 11. april. Vedtak: Innvilga som omsøkt. ************ TILLEGGSSAKER ************ 005/10: Drift av Tilsynsutvalet i Hordaland 2009 Rekneskapen for 2009 vert godkjent slik den ligg føre. Tilsynsutvalet i Hordaland ber om at det vert løyvd kr 450.000,- også for 2010, då det kan påreknast både synfaring og fellesmøte dette året, i tillegg til sluttføring av forvaltningsplanen. Tilsynsutvalet kom med fylgjande tillegg til vedtak: Det var heller ikkje gjennomført planlagt utvalsmøte på Sandhaug sommaren 2009. I tillegg er det under utarbeiding ei heimesida for Tilsynsutvalet i Hordaland som vil føra med seg ein del utgifter. TUV-005/10 SAMRØYSTES VEDTAK: Rekneskapen for 2009 vert godkjent slik den ligg føre. Tilsynsutvalet i Hordaland ber om at det vert løyvd kr 450.000,- også for 2010, då det kan påreknast både synfaring og fellesmøte dette året, i tillegg til sluttføring av forvaltningsplanen. Det var heller ikkje gjennomført planlagt utvalsmøte på Sandhaug sommaren 2009. I tillegg er det under utarbeiding ei heimesida for Tilsynsutvalet i Hordaland som vil føra med seg ein del utgifter.