Vassbakkjen og Liabråtet. Berge, Bømlo, Hordaland 1. Drift av artsrik slåttemark Beste måten å skjøtte ei gammal, artsrik eng på, er å følgje den tradisjonelle driftsforma (oftast som før krigen), utan gjødsling og med sein slått. Årleg arbeid/skjøtsel 1. Rake bøen Om våren bør ein rake bort kvist, klumpar av møk og tjukt moselag. 2. Vårbeiting På vestlandet vart enga som regel beita om våren. Dette må ein halde fram med. Beitinga må avsluttast innan utgangen av mai for at plantane skal rekke å setje frø før slåtten. Moderne storferasar må ikkje brukast. Særskilt for denne lokaliteten: Også vinterbeiting. Tilskotsfôring av sauene om vinteren er naudsynt (og gir ikkje for mykje næringstilførsle til slåttearealet). Areal som blir slått er sperra av frå beiting frå ca. midten av mai til ca. 1 månad etter slått, dvs. til første halvdel av september. Omkringliggande areal blir beita kontinuerleg heile sommaren også. 3. Slått i juli/august Tradisjonelt slåttetidspunkt har variert frå stad til stad avhengig av klima og høgd over havet. Det er viktig å finne ut kva som har vore vanleg på lokaliteten eller i nærområdet frå gammalt av. Slåtten byrja gjerne rundt St. Hans på areala nærmast husa, men strekte seg gjerne 5-6 veker framover til alle engene var slått. Ein bør nytte lett reiskap, ljå, tohjuls slåmaskin eventuelt lettare traktor. Særskilt for denne lokaliteten: Slått frå månadsskiftet juli/august 4. Høytørk på staden Graset må tørkast flatt eller i hesje før det blir fjerna. Dersom ein ikkje får tørka graset på staden, må slåttetidspunktet vere så seint at plantene likevel rekk å frø seg. 5. Haustbeiting Det er viktig med god nedbeiting om hausten, frå siste veka i september og utover. Moderne storferasar må ikkje brukast.
6. Unngå gjødsling Areala skal ikkje gjødslast då dette vil gi grasvekst som konkurrerar ut låge urter. Nokre plantar og sopp forsvinn for all framtid etter berre ein gongs gjødsling. 7. Eventuell restaurering/rydding Løbakkjen kan med fordel bli gjerda inn til slått dersom de vil ta på dykk dette arbeidet. Aktuelt område er bakken ned mot dalbotn inkludert den våtaste flate delen av dalbotn langs bekken. Arealet må tilpassast slik at det er praktisk for både slått og beiting. (Her er det siv/veikjegras i fuktig område. Ein må passe på at dette ikkje breier seg, men utbreiinga ser ut til å vere stabil. Det kan vere aktuelt å spa opp tuer. Vatnet har grave nokre hol i veitene, men dette er òg stabilt og fungerar bra no. Restaurering av hovudveita kan vere aktuelt på sikt.) Beiting kan ikkje erstatte slått. Berre beiting kan likevel vere aktuelt dersom det ikkje er mogleg å slå i ein periode. Beiting med sau vår og haust er då det beste om ein ikkje har gamle storferasar. Beitesesongane kan heller strekkjast litt. Beiting med moderne storferasar er ueigna, då dette fører til for stort beitepress og trakkskadar. Beiteugras må fjernast manuelt.
2. Meir om Vassbakkjen Lokalitet VASSBAKKJEN, BERGE ID Naturbase: Ny (skilt ut frå BN00037407) Gnr/bnr: 61/2 UTM: Areal, noverande: 1,1 daa Type Slåttemark Kommune/fylke: Bømlo, Hordaland Mogleg areal etter restaurering: Tidlegare registrert: 11.02.2007 (Mary H. Losvik, UiB), 02.07.2009 (Harald Bratli, Norsk institutt for skog og landskap), 04.10.2009 (John Bjarne Jordal og Asbjørn Knutsen) Dato for skjøtselsplan: 15.12.2010 Utforma av: Øyvind Vatshelle, Norsk Landbruksrådgiving Hordaland Re-registrert i samband med skjøtselsplan. Dato: - OMRÅDEBESKRIVELSE: Registrert av: - Lokaliteten ligg inne i ei tidlegare registrert naturbeitemark, BN00037407. Skildringa er skriven av Øyvind Vatshelle 15.12.2010 basert på utskrift frå Naturbase 25.11.2010 og eige feltbesøk 11.10.2010. Avgrensinga er basert på GPS og ortofoto og er god. Lokalisering og naturgrunnlag: Lokaliteten er eit inngjerda område i naturbeitemarka på Berge og ligg i bakken ned mot Bergesvatnet. Området ligg i boreonemoral vegetasjonssone (BN) og sterkt oseanisk vegetasjonsseksjon, vintermild underseksjon (O3t). Naturtypar, utformingar og vegetasjonstypar: Rundt lokaliteten er det naturbeitemark som tidlagare vart slått, men som no berre blir beita. Det inngjerda områda er slåttemark. Lokaliteten vart gjerda inn for 5-10 år sidan. Ein annan lokalitet, Liabråtet, er òg gjerda inn til slåttemark. Etter kvart kan det bli aktuelt med ei tredje inngjerding, på Løbakkjen, ein bakke frå løa ned mot dalbotnen og gjerne noko langs bekken. Bruk, tilstand og påverknad: Det har vore tradisjonell slått utan gjødsling heilt fram til tidleg 1990-talet. Det var drift med vanleg kvit sau. Frå då og til 1999 blei alt arealet beita med storfe og flatane blei slått med fôrhaustar. Det var då tidvis lett gjødsling med mineralgjødsel. I dag blir lokaliteten beita haust, vinter og vår med utegangarsau og slått med slåmaskin i månadsskiftet juli/august. Det blir ikkje gjødsla. Verdivurdering: Dette skal vere ei av dei mest intakte slåtteengene i Hordaland. Verdien blir difor vurdert som svært viktig (A) trass i at arealet er lite. Ei betre skildring av lokaliteten, inkl. artsdokumentasjon, er nødvendig. TIDLEGARE OG NOVERANDE BRUK: Tidlegare drift: Det har vore tradisjonell slått utan gjødsling heilt fram til tidleg 1990-tal. Det var drift med vanleg kvit sau. Frå då og til 1999 blei alt arealet beita med storfe og flatane blei slått med fôrhaustar. Det var då tidvis lett gjødsling med mineralgjødsel. Noverande drift Beiting med utegangarsau heile vinteren og våren fram til ca midten av mai. Raking på bakkane om våren for å fjerne kvist og stein Slått med slåmaskin i månadsskiftet juli/august. Eit bratt bråt nedst på teigen blir slått med krattryddar med blad. Nokre småkuperte område blir ikkje slått.
Bakketørk til høy dersom veret tillet. Det er seint slått, og kan difor vere vanskeleg å tørke på bakken på grunn av dårleg ver. Graset kan då gå tapt, men blir uansett fjerne frå arealet. Det er tynt gras og vanskeleg å hesje. Haustbeiting frå første halvdel av september, resten av hausten og heile vinteren. Ikkje noko tilført gjødsel etter 1999. Det er ca. 50 vinterfôra sau som står for beitinga, men desse går på eit stort område som òg inkluderar utmark. Nedbeitinga er likevel hard. VEGETASJONSTYPE: Karakterartar: Artar på naturbeitelokaliteten er mellom anna: bitterbergknapp, blåklokke, blåkoll, dvergsmyle, fagerrogn, knegras, kornstorr, kystbergknapp, kystgrisøyre, kystmaure, markjordbær, murburkne, musekløver, skogsalat, smalkjempe, svartknoppurt, tiriltunge, tusenfryd, vill-lin og vivendel. Sopp: fiolett greinkøllesopp (NT), bleiktuppa småkøllesopp, raud åmeklubbe, brunsvart jordtunge, fagerhette, elfenbeinhette og grasfleinsopp. Artsmangfald på sjølve lokaliteten er mykje likt. Raudlisteartar: STATUS/TILSTANDSBESKRIVELSE: KULTURMINNE: Ingen registrerte VERDI (A svært viktig, B viktig eller C lokal verdi): A svært viktig MÅL Å halde på og helst auke driftsintensiteten etter gamle driftsformer, utan gjødsling og med vår- og haustbeite i tillegg til sein slått og tørking av graset på staden. UTSTYRSBEHOV: OPPFØLGING: Skjøtselsplanen skal evaluerast innan: 2015 Behov for samanfatting av tidlegare registreringar på lokaliteten. ANSVAR: Brukarar: John Magne Søvold og Anne Grete Espevik Fylkesmannen i Hordaland: Olav Overvoll
3. Meir om Liabråtet Lokalitet LIABRÅTET, BERGE ID Naturbase: Ny (skilt ut frå BN00037407) Gnr/bnr: 61/2 UTM: Areal, noverande: 1,0 daa Type Slåttemark Kommune/fylke: Bømlo, Hordaland Mogleg areal etter restaurering: Tidlegare registrert: 11.02.2007 (Mary H. Losvik, UiB), 02.07.2009 (Harald Bratli, Norsk institutt for skog og landskap), 04.10.2009 (John Bjarne Jordal og Asbjørn Knutsen) Dato for skjøtselsplan: 15.12.2010 Utforma av: Øyvind Vatshelle, Norsk Landbruksrådgiving Hordaland Re-registrert i samband med skjøtselsplan. Dato: - OMRÅDEBESKRIVELSE: Registrert av: - Lokaliteten ligg inni ei tidlegare registrert naturbeitemark, BN00037407. Skildringa er skriven av Øyvind Vatshelle 15.12.2010 basert på utskrift frå Naturbase 25.11.2010 og eige feltbesøk 11.10.2010. Avgrensinga er basert på GPS og ortofoto og er god. Lokalisering og naturgrunnlag: Lokaliteten er eit av to inngjerda område i naturbeitemarka på Berge. Den ligg på ei stor hylle og grensar mot skog opp mot Bergesfjellet. Området ligg i boreonemoral vegetasjonssone (BN) og sterkt oseanisk vegetasjonsseksjon, vintermild underseksjon (O3t). Naturtypar, utformingar og vegetasjonstypar: Lokaliteten grensar mot naturbeitemark som tidlagare vart slått, men som no berre blir beita. Det inngjerda områda er slåttemark. Lokaliteten vart gjerda inn for 5-10 år sidan. Ein annan lokalitet, Liabråtet er òg gjerda inn til slåttemark. Etter kvart kan det bli aktuelt med ein tredje inngjerding til slått på Løbakkjen, ein bakke frå løa ned mot dalbotn og gjerne noko langs bekken. Bruk, tilstand og påverknad: Det har vore tradisjonell slått utan gjødsling heilt fram til tidleg 1990-tal. Det var drift med vanleg kvit sau. Frå då og til 1999 blei alt arealet beita med storfe og flatane blei slått med fôrhaustar. Det var då tidvis lett gjødsling med mineralgjødsel. I dag blir lokaliteten beita haust, vinter og vår med utegangarsau og slått med slåmaskin i månadsskiftet juli/august. Det blir ikkje gjødsla. Verdivurdering: Dette skal vere ei av dei mest intakte slåtteengene/naturbeitemarkane i Hordaland. Verdien blir difor vurdert som svært viktig (A), trass i at arealet er lite. Ei betre skildring av lokaliteten, inkl. artsdokumentasjon, er nødvendig. TIDLEGARE OG NOVERANDE BRUK: Tidlegare drift: Det har vore tradisjonell slått utan gjødsling heilt fram til tidleg 1990-tal. Det var drift med vanleg kvit sau. Frå då og til 1999 blei alt arealet beita med storfe og flatane blei slått med fôrhaustar. Det var då tidvis lett gjødsling med mineralgjødsel. Noverande drift Beiting med utegangarsau heile vinteren og våren fram til ca midten av mai. Raking på bakkane om våren for å fjerne kvist og stein Slått med slåmaskin i månadsskiftet juli/august. Bakketørk til høy dersom veret tillet. Det er seint slått, og kan difor vere vanskeleg å tørke på
bakken på grunn av dårleg ver. Graset kan då gå tapt, men blir uansett fjerne frå arealet. Det er tynt gras og vanskeleg å hesje. Haustbeiting frå første halvdel av september, resten av hausten og heile vinteren. Ikkje noko tilført gjødsel etter 1999. Det er ca. 50 vinterfôra sau som står for beitinga, men desse går på eit stort område som òg inkluderar utmark. Nedbeitinga er likevel hard. VEGETASJONSTYPE: Karakterartar: (m deknings% el. ca ant. ind.) Artar på naturbeitelokaliteten er mellom anna: bitterbergknapp, blåklokke, blåkoll, dvergsmyle, fagerrogn, knegras, kornstorr, kystbergknapp, kystgrisøyre, kystmaure, markjordbær, murburkne, musekløver, skogsalat, smalkjempe, svartknoppurt, tiriltunge, tusenfryd, vill-lin og vivendel. Sopp: fiolett greinkøllesopp (NT), bleiktuppa småkøllesopp, raud åmeklubbe, brunsvart jordtunge, fagerhette, elfenbeinhette og grasfleinsopp. Artsmangfald på sjølve lokaliteten er mykje likt. Raudlisteartar: (deknings% eller ca antall ind.) STATUS/TILSTANDSBESKRIVELSE: KULTURMINNE: Steingard i oppkant rasar ut og er til fare for både dyra og ungar. Noko kunne vere aktuelt å restaurere, men den er i dårleg stand så det ville i tilfelle bli eit omfattande arbeid. Det blir òg vurdert om noko bør takast ned for å unngå ulukker. VERDI (A svært viktig, B viktig eller C lokal verdi): A svært viktig MÅL Å halde på og helst auke driftsintensiteten etter gamle driftsformer, utan gjødsling og med vår- og haustbeite i tillegg til sein slått og tørking av graset på staden. UTSTYRSBEHOV: OPPFØLGING: Skjøtselsplanen skal evaluerast innan: 2015 Behov for samanfatting av tidlegare registreringar på lokaliteten. ANSVAR: Brukarar: John Magne Søvold og Anne Grete Espevik Fylkesmannen i Hordaland: Olav Overvoll
4. Kart Vassbakkjen avmerka til venstre ned mot vatnet, Liabråtet til høgre.
5. Foto Vassbakkjen bak steingarden i framgrunnen. Liabråtet på hylla opp mot berget. Begge lokalitetane er gjerda inn mot omkringliggande naturbeitemark. Vassbakkjen innanfor gjerdet. Nedste delen er bratt og må slåast med kantryddar.
Behov for raking om våren for å fjerne kvist og stein. Frå Vassbakkjen. Liabråtet til høgre for gjerdet oppe på hylla.
Inste del av Liabråtet. Bakken med berg i dagen til venstre er Løbakkjen, som er aktuell å gjerde inn for å få til artsrik slåttemark ikkje berre beiting som i dag. Lyssiv i søkket til høgre.
6. Generelt om artsrik slåttemark Natureng (seminaturlig slåttemark) er resultat av tradisjonell slått over lang tid. Slåtten gjer at at små, konkuransesvake artar kan vekse saman med større, meir konkuransesterke artar. Naturenger er ofte overflaterydda, men ikkje dyrka eller tilsådd i seinare tid, og er ugjødsla eller svært lite gjødsla. Dei blir slått seint i sesongen. Slåttemarkene blir gjerne haustbeita og ofte også vårbeita. Slåttemark er urte- og grasdominert og ofte svært artsrik. Mange artar Dei gamle slåttemarkene er blant dei mest artsrike naturtypane våre. Dei er viktige for karplantar (blomsterplantar), men også for andre organismegrupper. Til dømes er rundt 70 prosent av dagsommarfuglane i Noreg knytt til open engvegetasjon, særleg urterik slåttemark. Slåttemarkene er av stor verdi for mange truga artar av beitemarksopp. Slått kan ikkje erstattast med beite fordi fleire artar ikkje klarar seg der det berre blir beita. Slåttemark har oftast høgare artsmangfald per m 2 og større mengd av fleire truga engartar. Slåttemark som blir tatt vare på er viktige levande genbankar. Dei er berekraftige økosystem som har vore avgjerande for norsk landbruk i fleire tusen år. I løpet av 1900-talet har artsrik slåttemark blitt blant dei mest truga naturtypane våre. Typar slåttemark Tresette slåttemarker med styvingstre (lauveng) er no svært sjeldne. Her hausta ein greinene på trea til lauvfôr kvart 5.-8. år. I gammal tid var myrane også viktig slåtteareal (slåttemyr). Dei fleste jordvassmyrane i Noreg har tidlegare vore slått, men myrslåtten tok slutt for lenge sidan og vart praktisert berre nokre få stader fram til slutten av 1950-åra. Attgroinga av slåttemyr går sakte, så fleire myrar ber framleis preg av slått. Det er registrert få lauvenger og slåttemyrer som framleis er i hevd. Det er stor variasjon i vegetasjonen i slåttemarkene i Noreg. Nokre former av slåttemark er karakteristiske for Vestlandet. I Hordaland er det særleg ulike typar av jordnøtteng langs kysten som utmerkar seg. Kva artar som finst i slåttemarka endrar seg innover i fjordstroka.
7. Generelt om restaurering Attgrodd slåttemark må berre ryddast i så stort omfang at ein har kapasitet til å følgje opp med skjøtsel etterpå! Dersom fleire småområde skal restaurerast, kan det vere lurt å ta ryddinga trinnvis over fleire sesongar. Slik blir arbeidet meir overkomeleg, og ein får erfaring med kor omfattande både ryddinga og etterarbeidet er. Tidspunkt for rydding Hogst/grovrydding bør helst gjennomførast på frosen og gjerne bar mark. Då unngår ein skadar på marka, og samstundes er det enklare å få lågast mogleg stubbe. Rydding i snø kan vere meir tungvint. Etter rydding om vinteren må ein gå over arealet på barmark og kappe stubbane heilt ned til bakken. Mindre buskar og oppslag kan òg ryddast på sommaren når det er tørt og mykje av biomassen er samla i blada. Vurdere om nokre tre skal stå att I slåtteenger som ikkje har vore tresette er det ikkje noko poeng i å sette att tre ved rydding, men gamle styvingstre bør få stå. Eit og anna lauvtre med fin og vid krone kan òg gjerne få stå. Alle gran/furu og framande treslag bør fjernast. Fjerne kvist og kvast Det er spesielt viktig at ryddeavfall, kvist og stubbar blir samla og brent på eigna stader. Aller helst bør det fraktast ut av området, sidan dødt organisk materiale verkar som gjødsel. Ryddeavfall som ligg spreidd utover vil raskt føre til at uønska hurtigveksande og konkurransesterk vegetasjon blir dominerande. Av same grunn er oppflising og spreiing av flis i området ikkje å anbefale. Gradvis rydding Døde røter av tre og buskar som har blitt rydda bort frigjer næring. Dette gir ein gjødslingseffekt som lett fører til oppslag av bringebær, brennesle, geitrams og andre nitrogenkrevjande artar. Gjødslingseffekten saman med auka lysinnstråling fører gjerne òg til ein del etterrenningar. Gradvis rydding/gjenopning er difor viktig! Etterrydding Det er mest effektivt å slå lauvrenningane i juli, når det er minst energi samla i rotsystemet. Dette fell normalt saman med slåttetidspunktet. Det kan likevel vere nødvendig å rydde lauvrenningar fleire gonger dei par første sesongane. Særleg or/older og osp kan vere utfordrande. Større stubbar vil rotne raskare om en skil barken frå veden med eit spett eller liknande, og deretter stappar jord i mellom. Med unntak av osp og or kan ein òg unngå renningar på denne måten. Dette kan t.d. vere aktuelt i kantar som skal vere opne for å få mest mogleg lys til slåttemarka.
Problemartar som bringebær- og rosekratt, brennesle og mjødurt vil normalt forsvinne ved slått over tid. Men for å få dei bort kan det i byrjinga vere nødvendig å slå fleire gonger per sesong med ljå eller krattryddar. Felt med einstape (bregne) bør slåast ned med kjepp, ikkje skjerast ned. På denne måten held bregna fram med å transportere næring frå røtene, og utarmar rotsystemet sitt. Den bør så fjernast på hausten. Osp bør ringbarkast Osp spreiar seg med rotskot, og rydding fører oftast til meir oppslag. Det løner seg difor å ringbarke osp ved å skjere eit ca. fem cm breitt band rundt treet nedanfor den nedste greina. Det er viktig at snittet er såpass djupt at all barken forsvinn, slik at transporten av næringsstoff stoppar heilt opp. Det er lettast å ringbarke om våren. Etter tre somrar må dei døde trea fjernast. Lite å gjere på oppgjødsla areal På vanleg eng som er oppgjødsla er det særs vanskeleg å reetablerte artsrik slåttemark. Berre på tørre, skrinne bakkar der det framleis finst fleire indikatorartar, kan ein lykkast. I dei fleste tilfelle kan ein 'aldri' få tilbake den tradisjonelle slåttemarka som var på staden før gjødsling eller dyrking. Det tar i tilfelle mange generasjonar. Meir om skjøtsel og restaurering: Skjøtselsboka for kulturlandskap og gamle norske kulturmarker, Direktoratet for Naturforvaltning: http://www.dirnat.no/content/1916/ Norsk Landbruksrådgiving Hordaland Fanavegen 254, 5244 Fana. http://hordaland.lr.no V/Øyvind Vatshelle tlf 98 24 58 30 / oyvind.vatshelle@lr.no