Lønnsundersøkinga for 2014 Sidan 2009 har NFFs forhandlingsseksjon utført ei årleg lønnsundersøking blant medlemane i dei største tariffområda for fysioterapeutar. Resultata av undersøkinga per desember 2014 ligg no klare, og er baserte på i underkant av 1800 svar. Gjennom funna me får frå undersøkinga kan me med stor grad av sikkerheit seia kva for lønn medlemane våre får, og kva for lønnsutvikling desse i gjennomsnitt har hatt. Undersøkinga er dermed svært viktig i evalueringa av korleis resultata i tariffoppgjera kjem medlemane våre til gode, og ikkje minst i utforminga av krava våre til kommande oppgjer. Årets lønnsundersøking støttar opp under heilskapsinntrykket me sit igjen med frå tidlegare år med omsyn til dei største utfordringane våre: lønnsutviklinga og lønnsnivået. Resultata indikerer at tilsette fysioterapeutar i dei undersøkte tariffområda har hatt ei lønnsutvikling som er om lag i samsvar med andre samanliknbare grupper over tid. Samstundes viser resultata at lønnsnivået, stilt opp mot nivået til andre relevante utdanningsgrupper, framleis er altfor lågt. Nedanfor viser Figur 1 gjennomsnittleg lønnsutvikling for alle fysioterapeutar innan kvart einskilde tariffområde frå 2009 til 2014. Figur 1: Gjennomsnittslønn, alle tariffområda 600000 550000 552 198 500000 455 141 462 742 476 642 495 796 450000 400000 350000 2009 2010 2011 2012 2013 2014 Stillingsstorleik Stillingsstorleiken har stor betydning for økonomiske og juridiske rettar til essensielle gode, som for eksempel pensjon. Retten til å ha full stilling for dei som ønskjer det, er difor svært viktig. Ufrivillig deltid er eit stort problem i arbeidslivet generelt, og særleg i kvinnedominerte yrke. Gjennom vår eiga lønnsundersøking prøver me å kartleggja kva som er
stoda på dette punktet for medlemane våre. Ut frå opplysningane me har motteke, arbeidde totalt sett om lag 18 % av fysioterapeutane deltid i 2014, mot 24 % i 2013. Denne nedgangen kan, som me ser av Figur 2, tilskrivast ein reduksjon i talet på deltidsstillingar i både KS, Spekter og Virke, samstundes som den tilsvarande auken i Oslo kommune og staten var heller beskjeden. Den totale nedgangen skuldast til dels målretta satsing på å redusera talet på deltidsheimlar. Samla sett uttrykkjer heile 1/3 av fysioterapeutane som jobba deltid i 2014, eit ønskje om å utvida stillingsbrøken sin. Figur 3 syner at det spesielt i kommunane finst mange deltidstilsette som ikkje er nøgde med sin eigen stillingsprosent. Heile 38,3 og 40,9 % av dei deltidstilsette i høvesvis KS og Oslo kommune ytrar eit ønskje om utviding. Figur 2: Fysioterapeutar som arbeider deltid, prosent 35,0 3 30,3 31,7 25,0 2 22 18,8 17,1 18,0 19,3 15,0 14 1 5,0 4,6 5,8 Deltid 2013 Deltid 2014
Figur 3: Utviding av deltid, prosent 100 90 80 70 60 50 61,7 77 84,6 59,1 71,4 40 30 20 10 0 38,3 40,9 28,6 23 15,4 Ønskjer å utvida Ønskjer ikkje å utvida Mellombels tilsetjing Ei anna utfordring undersøkinga peikar på, er utbreiinga av mellombels tilsetjing. Dette er eit særleg aktuelt emne i og med at Stortinget i mars vedtok ei ny arbeidsmiljølov, der kanskje det aller mest omdiskuterte temaet nettopp går på bruken av mellombels tilsetjing. Lovforslaget legg opp til at arbeidsgivar i større grad enn tidlegare kan tilsetja mellombels, noko som endrar maktforholdet mellom partane i arbeidslivet og då i arbeidstakars disfavør. For den einskilde vil ei ufrivillig mellombels tilsetjing opplevast som negativt på fleire måtar. For det fyrste vil det verka sterkt inn på personleg økonomi og levesett til dømes er det stor skilnad på å søkja om lån om ein har fast jobb eller ikkje. Tilsetjingsforholdet har også avgjerande betydning for arbeidstakaren når det gjeld tryggleik og rettar på arbeidsplassen. I tillegg til at risikoen for å verta arbeidsledig er høgare for dei utan fast stilling, vil desse også ha ein svakare posisjon enn fast tilsette overfor arbeidsgivar i det daglege (for eksempel i samband med tilbod om kursdeltaking). I 2014 var totalt 12 % av fysioterapeutane mellombels tilsette i heile eller deler av stillinga si. Dette er same prosentdel som i 2013. Figur 4 viser korleis dette fordeler seg på tariffområda.
Figur 4: Tilsetjingsforhold i prosent, alle tariffområda 18,0 16,0 15,0 17,5 14,0 12,0 10,5 11,8 11,4 1 8,0 7,8 8,9 7,9 7,9 8,8 6,0 4,0 2,6 2,9 2,6 2,5 2,0 Fast og mellombels Mellombels Totalt mellombels Merk: Kategorien «Fast og mellombels» gjeld for dei som har ein del av stillinga si som fast, og ein del av stillinga som mellombels. Eit døme på dei som hamnar i denne kategorien, er fast deltidstilsette som også tek på seg vikariat. Lønnsforhandlingar ved tilsetjing Tariffsystema i dei største avtaleområda har bestemmingar om at mykje av lønnsnivået skal avgjerast i forhandlingar ved tilsetjing. Samstundes har me over tid observert at arbeidsgivarar i større og større grad ønskjer lønnsfastsetjing på lokalt og individuelt plan. Dette stiller krav til at kvar arbeidstakar er klar over rettane sine, og har motivasjon til å forhandla om sitt eige lønnsnivå. Lønnsundersøkinga teiknar eit bilete av fysioterapeutar som svært mobile, noko som mellom anna kjem til uttrykk innan KS-området ved at 1/3 av dei tilsette har fått ny jobb dei fire siste åra. Av denne tredjedelen var det berre 44 % som forhandla lønn ved tilsetjinga. Av desse fekk 72 % høgare lønn enn minstelønn. For både Spekter og Virke oppgjev ca. 1/4 av medlemane at dei vart tilsette dei fire siste åra. Av dei nytilsette som tok opp spørsmålet om lønn i Spekter (29 %) og Virke (30 %), var det høvesvis 58 og 83 % som fekk betre utteljing enn gjeldande minstelønnsnivå. Tala viser dermed klart at det for dei aller fleste lønner seg å stilla lønnskrav ved tilsetjing. Med andre ord bør langt fleire fysioterapeutar enn det som fram til no har vore tilfelle, nytta seg av denne moglegheita. Ansiennitet og lønnsutvikling Lønnsundersøkinga viser samla sett ei dårleg lønnsutvikling for fysioterapeutar over tid, spesielt for dei med 10 års ansiennitet og oppover. Når me ser dette i samanheng med ansiennitetsfordelinga i kommunar og helseføretak, der gruppene med lang arbeidserfaring utgjer veldig store prosentdelar, peikar dette på at det framleis vil vera svært viktig å retta fokus mot desse i tida som kjem. Stat, kommune og helseføretak bør i større grad verdsetja utdanning, kompetanse og ansvar for å motverka verdsetjingsdiskriminering. At lønnsutviklinga for dei aller fleste i kommune- og helsesektoren flatar ut etter om lag 10 år, heng mest truleg saman med at minstelønnssystema har siste lønnsopprykk ved 10 års ansiennitet. Statistikken syner klart at dagens system ikkje yter denne gruppa det me ønskjer,
og at deira kompetanse og relative lønnsposisjon ikkje blir vektlagt tilstrekkeleg i fastsetjinga av lønn. Å få styrkt lønnsutviklinga og karrieremoglegheitene til dei som har nådd taket på minstelønna, vil framleis vera ei fanesak for NFF.