Nytt til næringslivet April 2014 Håper alle har hatt ei fin påske!
Innhald 1. Næringstreff på Otta 22. april 2. Møte i Jotunheimen Reiseliv 23. april 3. Skilting i industriområde 4. Søknadsfrist ladestasjon for el-bil 5. Utgard ny heimeside og forslag til priser 6. Produktutviklingskurs 29.-30. april 7. Kurstilbod (NGNF): Grunnkurs i arbeidsmiljø e-læring 8. mai Rekneskapsføringskurs 27. mai HMS-kurs 2. juni 8. BI-kurs i styringskompetanse hausten 2014
1. Næringstreff på Otta 22. april Sjå meir på www.ngnf.no
2. Møte i Jotunheimen Reiseliv 23. april Onsdag 23. april kl. 18.00 blir det eit nytt møte om reiselivsorganisering i Lom på Fossberg Hotell. Styreleiar Hallvard Helland orienterer om agendaen for møtet: «Ei gruppe aksjonærar har i etterkant av førre aksjonærmøte gått saman i ei interimgruppe og arbeidd fram ei skisse til korleis eit restrukturert Jotunheimen Reiseliv skal organiserast og driftast. Ein del av dette arbeidet har også vore å kontakte andre aksjonærar for å høyre kva andre tenkjer. Møtet vil starte med ei orientering om korleis gruppa ser for seg at ein ny organisasjon kan vera. Dette er meint som utgangspunkt for debatt og innspel frå salen. Det vi også bli orientert om oppbygging av ny heimeside og satsing på internett i marknadsføring. Ei gruppe vil bli formelt satt ned for å arbeide vidare med organisering av nytt selskap fram mot generalforsamlinga i mai». 3. Skilting i industriområde Etter innspel frå næringsdrivande har Lom kommune satt i gong eit initiativ for å få på plass eit oversiktskart over industriområde i Lom (Gjeisarøya / Prestøya). Førre torsdag var næringssjef og ordførar på ei besøksrunde nede i industriområde for å få innspel frå bedriftene. Vi rakk dessverre ikkje innom alle, og planlegg ei ny runde måndag 28. april mellom kl. 12.00-16.00. Vi ynskjer å få innspel på: - Plasseringa - Innspel på skiltforslaget - Finansieringa - Eventuelt behov for visningskilt Døme på skilt frå Skjåk:
Etter ei anbodsrunde har kommunen fått inn to tilbod. Vi har takka ja til det eine, men med atterhald om at næringa ynskjer dette alternativet og at plassering o.l. går i orden. Totalt kostnadsoverslag ligg på 104 750 inkl. mva + eventuell byggesaksbehandling, lyssetting m.m. Vi har elles fått inn 50 000 frå regionrådet i Nord-Gudbrandsdalen for delfinansiering av skiltet. Har du innspel, er det fint om du sender dei inn til ashild.amundsen@lom.kommune.no, helst innan 30. april. Vi vil uansett arrangere eit felles møte for alle før vi går i gong med arbeidet. Under ser du skisseforslaget frå Lom: Under ser du skiltet frå Dovre / Lesja:
4. Søknadsfrist ladestasjon for el-bil GD meldar om full trafikk og kø på Tesla sin ladestasjon på Dombås. 30.mai går fristen ut for å søkje om støtte for etablering av ladeinfrastruktur frå Transnova. Sjå meir på http://www.transnova.no/sok-stotte/programmer/ og les om t.d. Hotell Union i Geiranger som «lader grønt»: http://www.nhoreiseliv.no/2014/01/22/hotel-union-geiranger-lader-gront/
5. Utgard ny heimeside og forslag til priser Har du fått med deg at Utgard har fått ny heimeside? Heimesida www.lom.no er no gjort om til Utgard si heimeside, og her kan du enkelt sjå kva som skjer i Utgard og kjøpe billettar til arrangement. I tillegg har det vore ei revidering av utleigeprisane i Utgard. Desse har vore behandla i formannskapet, og skal opp til behandling i kommunestyret 24. april. Ta gjerne kontakt med Monika Øyen på e-post monika.oyen@lom.kommune.no dersom du har spørsmål eller ynskjer meir informasjon om prisane. 6. Produktutviklingskurs 29.-30. april i Lom
Ønsker du eller kollegaene dine å lære hvordan et banebrytende produkt utvikles fra bunn av? Bli med på todagers kurs i produktutvikling. Meld deg på nå! På kurset får deltakerne både inspirasjon og et godt generisk verktøy som kan brukes i utviklingen av fysiske produkter og nye tjenester. Kurset leder deg gjennom en velprøvd utviklingsprosess, med teoretisk innhold hentet fra blant annet Blue Ocean Strategy, Service Design Thinking, Five Disciplines of Innovation og forretningsmodellteori. Erfaringsutveksling vil også være et viktig moment i kurset. Kursanbefaling fra MAFOSS: http://www.mafoss.no/?c=21395 Sted: Fossheim Hotell Tid: 29-30. april 2014 Ta kontakt for påmelding! Vennlig hilsen / Best Regards Jimmy Kieffer Daglig leder KIEFFER AS, Ulsteinvik, Norway Tel. dir.: +47 703 307 71 Mobile : +47 48 89 39 52 E-mail: jimmy.kieffer@kieffer.no Webside: www.kieffer.no NB: Kursinformasjonen er vidareformidla og står derfor på bokmål 7. Kurstilbod våren 2014 (NGFF): - Grunnkurs i arbeidsmiljø e-læring 8. mai - Kurs i føring av rekneskap, 27. mai - HMS-kurs 2. juni Sjå heimesida til Nord-Gudbrandsdalen Næringsforening www.ngnf.no for meir informasjon.
8. BI-kurs i styringskompetanse hausten 2014 Hausten 2014 blir det arrangert eit BI- kurs i styrearbeid på Lillehammer. Kurset er samlingsbasert, gir 7,5 studiepoeng og koster kr. 15 000. Les meir på www.bi.no/oppland
Kontaktinformasjon, landbruk og næring: Åshild, tlf. 612 17336, mob. 975 22 977, e-post: ashild.amundsen@lom.kommune.no (Næring og BU-tilleggsnæring) Silke, tlf. 612 17 334, mob. 90 57 52 53 På kontor måndagar, tysdagar, torsdagar og fredagar (tilgjengeleg på mobil alle dagar) (Landbruk) Rolv, tlf. 612 17 335 måndagar, onsdagar og 2. kvar torsdag (Landbruk) Kjell Kvålshagen, avløysarkontor, tel. 61 21 90 95, mob. 95 92 48 27 måndagar og torsdagar (Landbruk) For meir informasjon, sjå også: Heimeside: Heimesida www.lom.kommune.no Heimesida /næring: http://www.lom.kommune.no/naeringsliv.136855.nn.html Heimeside landbruk: http://www.lom.kommune.no/landbruk.142418.nn.html Kulturkalender: www.lom.no Facebook: Lom næringsforum på Facebook - be om å bli medlem i dag! https://www.facebook.com/groups/kremen.av.lom/ Lom kommune sin offisielle Facebook-side: https://www.facebook.com/lomkommune?ref=hl T.v.:Frå Lom næringsforum