Barn på museum. Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2015



Like dokumenter
Barn på museum. Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2014

På museum Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2018

Valdresmusea. Den kulturelle skulesekken Valdresmusea tilbyr 10 undervisingsprogram i skuleåret

Valdresmusea Den kulturelle skulesekken

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Til deg som bur i fosterheim år

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Valdresmusea. Den kulturelle skulesekken Valdresmusea tilbyr 13 undervisingsprogram i skuleåret

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Valdresmusea. Den kulturelle skulesekken Valdresmusea tilbyr 14 undervisingsprogram i skuleåret

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

mmm...med SMAK på timeplanen

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

6. trinn. Veke 24 Navn:

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.


Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule


ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Jon Fosse. For seint. Libretto

IKT-kompetanse for øvingsskular

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Frå novelle til teikneserie

Norsk: Lag setningar med øveorda i Heimeboka di. Skriv så fint du kan, sjå sjekkliste!

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Nytt HFK Intranett

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Månadsbrev for ROSA mars 2015

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Valdres vidaregåande skule

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Klepp kommune Tu skule

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Informasjon til elevane

Brukarrettleiing. epolitiker

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

MEDLEMSINFO. august 2009

Plassebakken Barnehage

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

I dag, måndag 16. februar, er det klasseforeldremøte kl i klasserommet.

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Månadsbrev for Rosa september 2014

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling Spørjesetningar Imperativsetningar Det-setningar...

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Teknikk og konsentrasjon viktigast

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

INFORMASJON om førestellinga:

Denne spørjelista har til føremål å greia ut om våre folkelege musikkinstrument. Den er skift i 4 bolkar:

Transkript:

Barn på museum Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2015 1

Valdres feirar langeleiken 2015 er eit viktig musikkår i Valdres. Til sommaren skipar folkemusikkmiljøet til Jørn Hilme-stemnet og Landskappleiken på ei og same tid. I ei heil veke skal vi nyte musikk og dans på høgt nasjonalt nivå og vi skal glede oss over gode, lokale musikk- og dansetradisjonar. Valdresmusea er med når folkemusikk-noreg slår på stortromma. I det høve har vi produsert ei flott utstilling, «Langeleiken heile Noregs instrument». Sidan det er barn og ungdom som skal føre dei lokale musikktradisjonane vidare, er barn og ungdom også ei viktig målgruppe for denne utstillinga. I 2015 tilbyr Valdresmusea konsert, omvising i «Langeleiken heile Noregs instrument» og opplæring i langeleik og dans. I tillegg kan elevar og lærarar sjå fram til faste opplegg som «Smi deg ein dings», «Mat i fortid og framtid» og «Gamle jakt- og fangsreiskapar». Prisar og tidspunkt er nemnt i omtalene av dei einskilde aktivitetsopplegga. Velkomen til eit innhaldsrikt museumsår. Venleg helsing Ole Aastad Bråten Konstituert direktør Valdresmusea AS 2

1 Langeleiken heile Noregs instrument Foto: Laila Meyrick/Velour Besøk i utstilling, konsert, spel og dans! I 2014 opna ei flott instrumentutstilling på Valdres Folkemuseum. I sentrum for utstillinga står dei eldste strengeinstrumenta i Noreg og ein 200 år gamal langeleik frå Det kongelege slottet. I skuleprogrammet «Langeleiken heile Noregs instrument» får du sjansen til å bli betre kjent med dei gamle langeleikane, du får lære å spele instrumentet, du får vera med på konsert og du får lære halling og go karstykkje i god Valdres-tradisjon. Kongeleg langeleik Eit viktig bidrag i utstillinga er ein langleik tilhøyrande Det kongelege slottet. Opphavleg var det spelemannen Johannes Halden (1844 1936) frå Åbjør som åtte denne. I 1907 gav han leiken til fire år gamle kronprins Olav. Johannes Halden er kjend for dei kongelege spelferdene sine. I avisa Valdres 18. november 1908 fortel Halden at han «i fjor vinter var oppe på Voksenkollen og lærte kronprins Olav at spille Gubba Noa. Han fikk en eldgammel langeleik av mig, men han var ikke sterk nok i fingrene, saa jeg måtte trykke lidt på dem, mens han spilte». Langeleiken etter Halden er hola ut av eitt trestykke. Instrumentet har fåe dekorelement, med unnatak av eit vakkert lydhol og fine utskorne blomar i stillarhusa. Dessutan har leiken fått namn etter eigaren. «Kronprins Olav» er måla i raude og svarte bokstavar på langsida. 3

Program «Langeleiken heile Noregs instrument» består av 1) konsert, 2) opplæring i langeleik, 3) opplæring i dans og 4) omvising i utstillinga. Kvar post varer i cirka 30 minutt. Konsert Konserten blir halde av profesjonelle folkemusikarar og -dansarar. Her får de høyre song og langeleik, og de blir betre kjend med dansedokka Tore. Opplæring på langeleik Ved Valdresmusea jobbar det mange flinke langeleikspelarar. I skuleopplegget får elevane prøve seg på langeleiken og lære låttar som «Gubben Noa», «Dokkemannvalsen» og «Lisa gjekk til skula». Dans og go karstykkje Halling og go karstykkje gjev høve til å byggje laganden, kjenne meistring, og arbeide saman eller på eiga hand. Elevane får òg trene rå styrke og hårfin balanse. Lengde «Langeleiken heile Noregs instrument» varar i 2 tima. I tillegg kjem reise og matpause. Klassetrinn 1. 10. klasse. Maks 60 elevar per gruppe. Pris Kroner 50 per elev. 4

2 Mat i fortid og framtid Valdresmusea inviterer 6. og 7.-klassingar til «Mat i fortid og framtid» på Valdres Folkemuseum. Samanhengen mellom natur, levesett og kosthald er hovudtemaet for programmet. Garden Kvie på museet er eit godt utgangspunkt for å lære meir om gamle mattradisjonar. I «Mat i fortid og framtid» gjer vi ei tidsreise 100 år tilbake i tid. Her er hus, reiskap, åker og eng om lag som det var den gongen. Elevane blir delt inn i grupper som rullerer mellom seks ulike postar. Måltida i gamledagar Måltida var styrd av rytmen av ein arbeidsdag. Fyrste måltidet om dagen vart kalla ferebisk. Dette var kaffi, lams eller brødskive med smør, sirup, brim og stundom syltetøy. Bisk var det andre måltidet om dagen. Dette kunne vera vassvelling, mjølkevelling, havrevelling eller graut med brim eller surost. Flatbrød, potet og spekekjøt høyrde alltid med. Tredje måltidet om dagen var dugurd (12.00). Dette var vassgraut med surmjølk eller søtmjølk. Mellommåltidet etter dugurd kunne vera kaffi og biteti (lams). Ved 16.00-tida var det non. Om sumaren var dette helst spekemat, kokt eller steikt flesk, kurv, søll og kokt potet. I regnvêr og på kalde dagar var det vanleg med majel (suppe av salt kjøt, erter, kål og gryn). Til kvelds (20.00) åt ein gjerne vassgraut med surmjølk eller surbrim, nykokte potetar med sur mjølk eller smør. «Mat i fortid og framtid» blir arrangert desse dagane i 2015 Tysdag 15. september klokka 09.30-14.00 Onsdag 16. september klokka 09.30-14.00 Torsdag 17. september klokka 09.30-14.00 5

Program Aktivitetar på seks postar, 30 minutt på kvar post. Bisk klokka 11.15 12.00. Då får elevane servert vassvelling, havresuppe med brunost, smør eller sukker, kokte potetar, forskjellige ostar, flatbrød, surmjølk og søtmjølk. Programmet i 2015 er slik: Potetgraving på Kvie Skjering og binding av korn på Frigstadplassen Kornmaling på stølen Kvikakesteiking i hovudbygningen på Kvie Lompebaking i Dalestogo Om urter og nyttevekstar i urtehagen på Kvie Lengde «Mat i fortid og framtid» er eit heildagsopplegg. I tillegg kjem reise og matpause. Klassetrinn 6. og 7. klasse. Maks 30 elevar per gruppe. Ustyr og klede Tilsette ved Valdresmusea stiller i tidsriktige klede. Vi oppmodar elevar og lærarar om å det same. Arbeid før og etter Påmeldte skuleklasser får tilsendt undervisingsheftet «Mat i fortid og framtid». Pris Kroner 100 per elev (inklusiv mat). Påmeldingsfrist Måndag 1. september. 6

3 Barnas dag Valdres Folkemuseum er den finaste leikeplassen i heile Valdres. Det er ikkje berre me som jobbar på museet som synest det. Her har ungar leika i over 100 år og kvar sumar kjem dei tilbake. Det er mykje å undre seg over på Valdres Folkemuseum. Vaksne folk tenkjer mykje på korleis dei hadde det, dei som budde i dei gamle husa. Ja, tenk at folk budde her. Ikkje hadde dei vask og ikkje hadde dei do. Sjølv om mykje har endra seg på 100 år, er det ikkje sikkert ungar før i tida var så forskjellige frå oss. Nokre arbeidde meir enn andre, dagar var gode og dagar var mindre gode. Mange svalt, andre fekk mat fleire gonger om dagen. Nokre måtte vera med i hardt arbeid frå dei var ganske småe. Ferie og fritid var ukjend for dei fleste, men ungar leika før òg, gøymsle, til dømes. På Barnas dag får ungane leike og kose seg, og dei får eta nysteikte lappar. Aktivitetar Før-skule i Høyne Hallingdans i festsalen Lappesteiking i Dalestogo og Flatigarden Fôrhopping i låven på Kvie-tunet Pil og boge-verkstad på Slidrehuset Fri-leik på festplassen Alderstrinn Fire- og femåringar. Utstyr og klede Gode klede og sko. Ta med niste. Valdresmusea serverer ferske lappar og saft. Program 10.00 11.30: Aktivitetar på postane. 11.30 12.15: Matpause på museumsplassen. 12.15 13.45: Aktivitetar på postar. 13.45: Avslutning på museumsplassen. Påmeldingsfrist og pris Barnas dag blir arrangert tysdag 12. mai i 2015. Påmeldingsfrist er 1. mai. Pris kr 50 per unge. 7

4 Smi deg ein dings! Menneska i Valdres tok til med utvinning av myrjern for over 1500 år sidan. Jernet frå Valdres var kjent over heile landet. I bytte mot jern fekk valdrisane fisk og salt. Jernutvinninga var særlig stor i mellomalderen. Mange stader held ein på med jernutvinning til tidleg 1800-talet. Kva er jern? Kven var den fyrste smeden? Kva vart jernet brukt til og kva har utvinninga av jern hatt å seie for støling og kulturlandskap i Valdres? «Smi deg ein dings» inviterer skuleelevar til møte med ein ekte smed. Elevane får sjølve prøve hammaren og dei får lære korleis jern blir til. Aktivitetar på Valdres Folkemuseum, 4. og 7. klasse På stølsområdet ser vi etter spor av jern og jernutvinning, i landskapet I Kvie-tunet går vi på leit etter jern på dører, reiskap, skåp og kjøretøy I Lome-smia formar vi enkle gjenstandar som hekter og spiker «Smi deg ein dings» blir arrangert desse dagane i 2015 Tysdag 22. september klokka 10.00-13.00 Onsdag 23. september klokka 10.00-13.00 Torsdag 24. september klokka 10.00-13.00 Påmeldingsfrist Påmeldingsfristen er måndag 1. september. Lengde «Smi deg ein dings» varar i 3 timar. I tillegg kjem reise og matpause. 8

Klassetrinn 4. og 7. Klasse. Maks 30 personar per gruppe. Utstyr og klede Gode klede og sko. Pris Kroner 80 per elev. 9

5 Rite runar! Gardbergfeltet er eit av dei viktigaste gravfelta i Noreg frå jernalderen. Her er meir enn 900 funn frå romersk jernalder (cirka 300 e.kr.) og vikingtid (cirka 900 e.kr.). Om lag 600 gravrøyser er registrerte i feltet. Her er også ein skålgropstein med 70 skålgroper, kanskje frå bronsealderen. Einangsteinen frå cirka 300 e.kr. er den eldste runesteinen i Nord-Europa, som enno står på sin opphavlege plass. På runesteinen står det: Ek Godagastir runo faihido, som tyder Eg Gudgjest rita runene. Omvisinga startar i felt A med Einangsteinen, gravrøyser og kolgrop i jernalderlandskap. Omvisinga held fram i felt B. Her er gravrøyser, hustuft frå 1600-talet og ein skålgropstein. Praktiske oppgåver 1. Elevane får innføring i runealfabetet og får risse eigne runer. 2. Ofring ved skålgropsteinen. 3. Utgraving saman med omvisar. Tid på året og lengde på programmet Valdresmusea tilbyr skuleopplegget i Gardbergfeltet så lenge det er bart og fritt for snø, frå mai til oktober. Rundturen tek cirka 1 ½ time. I tillegg kjem reise og matpause. Klassetrinn 3. 7. klasse. Utstyr og klede Varme klede og gode sko Hugs at vi skal vere ute heile dagen. Etter omvisinga blir det tid til nistemat. Pris Kroner 50 per elev. Maks 50 personar per gruppe. 10

6 Byggjeskikk og arkitektur Vern for vær og vind Hus er viktige rammer i liva til folk. Dei er solide vern for vær og vind og dei gjev rom for personlege og kollektive smaksoppfattingar. Dette er viktige dimensjonar ved husbygging i fortid så vel som i vår eiga tid. Likevel har husa endra både stil og form gjennom tidene. Kvifor er det slik? Hus er ikkje berre ein praktisk innretning som menneska kan organisere liva sine i og omkring. Korleis eit hus ser ut, kan fortelja om huseigaren sine smakskjensler og haldningar til samfunnet ikring. Vandring i Fagernes og på Valdres Folkemuseum Valdresmusea tek elevane med på ei vandring gjennom Fagernes og på Valdres Folkemuseum. Vi syner korleis hus vart konstruerte før i tida og korleis dei blir til i vår tid. Vi studerer ulike stilartar og me lærer skilnaden mellom arkitektur og byggjeskikk. Husa i Fagernes og på Valdres Folkemuseum er gode døme på korleis arkitekturen og byggjeskikken har endra seg gjennom tusen år. Høveloftet på museet er frå 1200-talet og er eit av dei eldste husa i Valdres. Arkitekturen i Fagernes og Velkomstbygget på Valdres Folkemuseum er døme på arkitektur i vår tid. Klassetrinn 8. 10. klasse og elevar i den vidaregåande skulen. Undervisingshefte Påmeldte skuleklasser får tilsendt eit lærehefte om byggjeskikk og arkitektur. Det finst også fleire lokale bøker med innføring i emnet: 11

Ragnhild Dietrichson 1996: Gamal byggjeskikk i Nord-Aurdal. Rapport frå registreringa av hus bygde før 1900. Bøker i same serien finst også for kommunane Vang, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Sør-Aurdal og Etnedal. Pris Kroner 50 per elev. Maks 40 personar per gruppe. Lengde Skuleprogrammet varar i to timar. Tidspunkt for oppstart blir bestemt i dialog med den enkelte klasse. Reise og matpause kjem i tillegg. 12

7 Gamle jakt- og fangstreiskapar Jakt og fangst var viktig for folk i eldre tid. På Bagn Bygdesamling har vi ei stor samling med gamle fangstreiskap. Elevane får høyre korleis reiskapane vart brukte og kva slags dyr ein jakta på. Praktiske oppgåver Elevane blir inndelte i grupper som rullerer mellom tre postar: Film frå Buvassfaret om bjørn og bjørnehi. Omvising ved flaum-muren: Elevane får høyre om Tressflaumen i 1760 og Storofsen i 1789 Naturstig langs Islandselva: Elevane får høyre og sjå (utstoppa dyr) om ville dyr og sjå fangstreiskapane som vart brukte i jakta. Lengde Skuleprogrammet varar i to timar (inklusiv matpause). I tillegg kjem reise. Klassetrinn Opplegget passar best for elevar i 5. 7. klasse, men kan òg tilpassast elevar i 1. 4. klasse og elevar i ungdomsskulen. Pris Kroner 30 per elev. 13

8 Andre verdskrigen i Valdres (aktuelt i 2015) Krigshandlingane i Valdres i 1940 1945 er ein viktig del av historia vår. På Bagn Bygdesamling er det ei utstilling om kampane i Bagn og på garden Bagnsbergatn, som er eit nasjonalt krigsminnesmerke. Museet disponerer garden, som står slik han gjorde i 1940. Elevane kan velje mellom to undervisingsopplegg 1) Omvising i krigsminneutstillinga på Bagn Bygdesamling. Her får elevane sjå sivile og militære effektar frå krigen. Framsyning av filmen «Bagn 1940» i administrasjonsbygget. Filmen fortel om dei dramatiske hendingane på Bagnsbergatn i april 1940. Elevane får òg sjå kvar i nærområdet til museet kampane gjekk føre seg. 2) Besøk på Bagnsbergatn med omvising i husa. Elevane får høyre kva som skjedde her under krigen. Garden ligg 5 km opp for Bagn sentrum. Hit kjem du med buss eller ved gå opp frå Gråbeinhølet nord for Bagn sentrum. Turen tek frå Bagn sentrum tek cirka ein halv time. Opplegget varar cirka 3 timar. Med buss noko kortare tid, cirka 2, 5 time. Lengde Cirka 1,5 timar, inklusiv matpause. Klassetrinn Opplegget passar best for elevar i 8. 10. klasse. Pris Kroner 30 per elev. 14

9 Ein skuledag for 60 år sidan I 1966 overtok Bagn Bygdesamling gamle Dølven skule. I fyrste etasjen er det samla skulemateriell frå omgangsskuletida og fram til sentraliseringa av skulen i 1966. Gjenstandane kjem frå fleire skular i Sør-Aurdal og gjev eit godt bilete av utviklinga innan skuleverket gjennom hundre år. I andre høgda står lærarbustaden slik som då den siste læraren, Ingvar Koppervik, flytte frå skulen. Døtrene hans gav alle eignelutar etter far sin til museet, mot at alt skulle takast vare på for ettertida. Leikeplassen ligg der som før og utedoane står der dei alltid har gjort. Alt dette skapar eit levande bilete av korleis skuletida var før i tida. Praktiske oppgåver Elevane blir inndelte i grupper som rullerer mellom tre postar, 30 minutt på kvar post: Elevane får delta i ein skuletime der undervisinga går føre seg slik den gjorde for 60 år sidan. Elevane får omvising i lærarbustaden i andre høgda. Elevane leikar gamle barneleikar på skuleplassen. Lengde Cirka 2,5 timar, inklusiv matpause. I tillegg kjem reise. Klassetrinn Opplegget passar best for elevar i 1. 7. klasse. Pris Kroner 30 per elev. 15

Søkjer du ein musikar? Valdres Natur- og Kulturpark forvaltar ei støtteordning for produksjon av folkemusikkframsyningar. Målet med ordninga er å auke rekrutteringa til folkemusikken og folkedansen gjennom konsert og opplæring. Produksjonane er i hovudsak retta mot barn og unge. Valdresmusea leverer innstilling til Valdres Natur- og Kulturpark, som deler ut tilskott ein gong i året. Informasjon om speleklare produksjonar, kontakt: Elisabeth Kværne Folkemusikkarkivar Tlf.: 61 35 99 32 E-post: elisabeth.kvaerne@valdres.museum.no 16

Kontaktinfo Hanne Rime Tlf.: 61 35 99 00 E-post: hanne.rime@valdres.museum.no Ole Aastad Bråten Tlf.: 61 35 99 11 E-post: ole-aastad.braten@valdres.museum.no 17