Innhold i Kraftverk 33



Like dokumenter
NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Brannsår, rus eller friheit?

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

liv Livet er ikkje lett å skjøne. Det er høgst underleg.

Jon Fosse. For seint. Libretto

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.


Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Kva er økologisk matproduksjon?

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Månadsplan for Hare November

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Brukarrettleiing E-post lesar

Innhold i Kraftverk 22

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Frå novelle til teikneserie

Rom ved havet, rom i byen

Til deg som bur i fosterheim år

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER


Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

I N N H O L D. Forord

mmm...med SMAK på timeplanen

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria

Demens i familien. Demenskonferansen mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

AKTUELL NYNORSK LITTERATUR FOR SKULEN B A R N E L I T T E R A T U R E N O V E R L E V E M Å H A N V E R E B E S T

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

1982 Det Norske Samlaget Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

FANTASTISK FORTELJING

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Valdres vidaregåande skule

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

PSYKOLOGISK FØRSTEHJELP OVE HERADSTVEIT PSYKOLOG, PPT ØYGARDEN

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland. Det blir pinlig uansett

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

«Ny Giv» med gjetarhund

Mamma er et annet sted

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Lindrer med latter. Når klovnene besøker de demente, kan alt skje. Her og nå. 46 HELG

P4: Korleis få til fagleg snakk? Idar Mestad, stipendiat Stein Dankert Kolstø, Professor Universitetet i Bergen

Innhold i Kraftverk 25

Det Norske Samlaget Omslag: Magnus Osnes. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Omslagsdesign: Trygve Skogrand Passion & Prose Layout/ebok: Dag Brekke akzidenz as

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Kom skal vi klippe sauen

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

6. trinn. Målark Chapter 1 Bokmål. Kan godt. Kan litt. Kan ganske godt. Read and listen. Jeg kan lytte til en tekst og forstå hvor handlingen foregår.

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Innhold i Kraftverk 23

S.f.faste Joh Familiemesse

Å byggja stillas rundt elevane si skriving. Anne Håland, Ny Giv Finnmark, 2014

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

6. trinn. Veke 24 Navn:

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis

Transkript:

Innhold i Kraftverk 33 Totalt 25 tekster fra 19 skrivere, inkludert 5 debutanter 21 dikt, 2 prosa, 1 novelle og 1 aforisme DIKT Ole Horvli: (ny) Parafrase Det lave lyset i øst Cotyledon: (ny) Regndråpene Robert Chr Landro: (ny) Orkideen Roar Andre Bakken: (ny) Kjelen Gro Lauritzsen: (ny) Har du tid et øyeblikk? Esben B-J Jaer: Solnedgangen Rolf Johnsen: Helt sinnsykt! Bjarne Brennevann: Røykeslutt Bodil Hansen: Vona gjorde seg sterk Den heite lengta brannen Harald Juul: Han var Knut Olav Daasvatn: Rifter Glas Gunhild Hofstad: Nyfødt Vindpust Forord Av Fanny Holmin, redaktør Essay Nærvær 2 Besettingas poetikk Av Olav Kristiseter Olav Kristiseter debuterte litterært med Blodlenka (2006), eit moderne take på islendingesoge. Siste boka var uhøgtideleg inspirert av Shakespeare (Glør i sommarnatta, 2009). Held no på med essaysamling, og ny roman. Speler også i dei bergensbaserte banda Manngard og Oppnedbass. Utgiver Bergen Kommune Kunst, kultur og psykisk helse ved Bergenhus og Årstad kulturkontor. Redaktør Fanny Holmin Fanny Holmin (f. 1969) er poet og scenekunstnar. Ho debuterte som lyrikar i 1997. Ho er produsent og utøvar i eigne sceneproduksjonar, og samarbeider med musikarar, videokunstnarar og dansarar. Ho bur i Volda. Redaksjon Henning Bergsvåg, Mariann Dalen Husveg, Torfinn Langelid, Randi Magnussen, Gunnar Staalesen Formgivning Ian Holcroft, Fuggi Baggi Design, Bergen ISSN: 1502-9883 Kraftverk Mer informasjon finner du her http://www.kraftverkprosjekt.com/litteratur Åse Flatøy: Regn Alf Kjetil Flatøy: På jobben Jonas Fabel: I eit kort glimt Einar Sagen: Miljøkrigen Johanne Magnus: Glede PROSA Knut Olav Daasvatn: Harbitzhjørnet Helene Larsen: The locked-in syndrome NOVELLE Elizabeth Fougner: Treet AFORISME Rolf Johnsen: Meningen med livet

Innhold i Kraftverk 33 Totalt 25 tekster fra 19 skrivere, inkludert 5 debutanter 21 dikt, 2 prosa, 1 novelle og 1 aforisme DIKT Ole Horvli: (ny) Parafrase Det lave lyset i øst Cotyledon: (ny) Regndråpene Robert Chr Landro: (ny) Orkideen Roar Andre Bakken: (ny) Kjelen Gro Lauritzsen: (ny) Har du tid et øyeblikk? Esben B-J Jaer: Solnedgangen Rolf Johnsen: Helt sinnsykt! Bjarne Brennevann: Røykeslutt Bodil Hansen: Vona gjorde seg sterk Den heite lengta brannen Harald Juul: Han var Knut Olav Daasvatn: Rifter Glas Gunhild Hofstad: Nyfødt Vindpust Åse Flatøy: Regn Alf Kjetil Flatøy: På jobben Jonas Fabel: I eit kort glimt Einar Sagen: Miljøkrigen Johanne Magnus: Glede PROSA Knut Olav Daasvatn: Harbitzhjørnet Helene Larsen: The locked-in syndrome NOVELLE Elizabeth Fougner: Treet AFORISME Rolf Johnsen: Meningen med livet

På sporet etter samanhengen mellom snø og skrift Plutseleg strøymde det på. Medan snøen lava ned, plinga den eine e-posten etter den andre inn i innboksen til Kraftverk. De skriv og skriv og skriv der ute, skal tru om de alle har snøa inne og ikkje får gjort anna? I denne utgåva har vi heile 5 debutantar blant dei 19 skrivarane. Og ikkje berre mange skrivarar, men gode og talrike tekster frå fleire av dykk. Vi i redaksjonen har hatt det luksusproblemet å måtte utsetje vurderinga av ei rekkje bidrag til neste nummer. Tusen takk til dykk alle, kjære skrivarar. Både de som fekk med dykkar tekst, og de som arbeider vidare med tekster som kanskje kan bli med i seinare utgåver. Midt i midtvinters mørketid er det lyst, skriv ein sjette debutant i eit dikt han kallar Det snør i byen. Diktet finn du ikkje i dette nummeret, for vi klarer ikkje å kome i kontakt med skrivaren. Men dersom du les dette og kjenner att diktet som ditt eige, er vi glade om du kontaktar oss, for vi vil gjerne trykkje diktet i neste utgåve. I skrivande stund dalar ikkje lenger snøen, men regnet høljar. Kanskje gråvêret også kan inspirere dykk. Viss ikkje, så håpar eg på meir snø! FANNY HOLMIN, redaktør

NÆRVÆR 2 - BESETTINGAS POETIKK Forfattar Olav Kristiseter skriv i dette essayet om noko av det han meiner er viktigast med skriving - nærvær i figurar og handling. Psychiatrist: Is there someone inside you? Regan MacNeil: Sometimes. Psychiatrist: Who is it? Regan MacNeil: I don't know. Psychiatrist: Is it Captain Howdy? Regan MacNeil: I don't know. [1] Det er ikkje alle Zeppelin-fans som likar det seine albumet Presence [2], kanskje fordi det er hardare enn forgjengarane, det er mindre der å syretrippe til, forlangar kanskje i overkant av konsentrasjon frå røyksugne hippiar. Coveret har eg alltid lurt på. Kva er det med den dingsen, den svarte greia oppstilt på bordet som den trivelege, pynta kjernefamilien smilande ser på? Det er reine søndagen, konfirmasjonsmiddagen, bortsett frå at maten manglar, far har dress og slips, gutungen òg, mora i finkjole, dottera òg, med sløyfe i håret, ute ser vi småbåthamna, utanfor, gjennom glaset, vêret held seg, som det gjerne gjer på søndagar, dei kunne vore på søndagsrestaurant, alt stemmer, men så var det tingen på bordet. Er det noko skummelt sendt frå framtida, eller det ytre rom, for å stele sjelene til dei som ser på? Ser familiemedlemane ønska sine bli oppfylt, som i ein magisk spegel? Forma er, ja, mystisk; heiter visst ein obelisk, dette var òg tentativt namn på plata, kva materiale er det, framandt, glasaktig. Om det no er til å ta på, eller berre i hovuda på dei som ser, dei som er fanga i strålane som kanskje dingsen gir frå seg, så er det noko der, eit presence, eit nærvær. Dette med rare dingsar på platecover er ikkje noko eineståande, Pink Floyd er meistrane i dette; brennande, helsande menn, sjukesenger på stranda, oppblåste bilete av bittesmå organ og sjølvsagt flygande grisar. Alt dette gjer nytta, og nytta er å få publikum til å undre seg; det er noko urovekkande, ikkje nett skremmande, kanskje, men ein skjøner at her skjer det noko utanom det vanlege. Presence er både mindre og meir rar, det er jo berre eit mindre, enkelt, montert/ manipulert framandobjekt, ikkje særleg pompøst, likevel, når familien smilande og oppslukt ser på, det blir ein, kva heiter det på norsk; på engelsk er det eerie; creepy. Det er noko rart som er der, noko har kome. Og nokon har kome med noko, Jon Fosse har kome med den undrande, stillfarande, grå, vestlandske kvinne og mann, sittande i stova i undring framfor eit grått og uroleg hav som slår svarte bølgjer innover i fjorden. Mange bøker har det blitt, og stykke, og reiser til utlandet for å sjå stykka oppført, men det har ikkje blitt mange intervju, ikkje i norske media. Det er kanskje grunnen til at det gjekk som det gjorde, no sist. Eg såg til mi store glede at han hamna på framsida av sjølvaste laurdagsbilaget i VG, eg sprang og kjøpte, eg kjøpte den avisa som folk flest kjøper, hurra, tenkte eg, no skal fleire få auga opp for han, også for VG var dette eit scoop, så sjeldan han let seg snakke med, han hadde lovd forlaget å stille opp då Andvake [3] skulle lanserast, som ein slags, ja, takk, fordi han tidlegare ikkje har vore av dei mest tilgjengelege. Ei påkosta reportasje, store bilete, fargetrykk, sober komposisjon. Kva sa han så i sjølve intervjuet? Synsk, var han. Synsk, er Fosse. Han ser ting. Ja; han gjer observasjonar, han seier mangt om det som eigentleg ikkje er råd å seie noko om, det er vel det han? Nei. Han meiner det bokstaveleg. Han er synsk. Spåmann. Har alltid vore det. Vår fremste dramatikar uttaler til landets største avis at han har ein sjette sans; spesielle, psykiske evner. Det å vere synsk, det er i vanlegaste tydinga, og også Fosse si tyding, meir eller mindre, å finne att sakna ting, sakna personar. Det er å sende ut seg sjølv, teleportere, om ein vil, til fjerne stader, gjere det same med psyka som Dr Manhattan gjer med alt fysisk, også seg sjølv [4], sjå over lange avstandar gjennom å sjå inn i seg sjølv, som eit slags Saurons auge, men ikkje for å «find them all and in the darkness bind them»; finne, og gjere nytte av, eit tredje auge, eit pineal-auge med mystiske krefter. Det er å vere i det fjerne, vere nær langt borte, eit sjølvkringkasta nærvær. Knut Hamsun irriterte Marie når han skreiv. Fullt forståeleg, han sat nemleg ved skrivebordet og ropte, høgare til skralare høyrsla vart, det var om å gjere å seie dialogen høgt. Han ville vel sikre seg at han skreiv om lag det folk kunne sagt i røynda, folk han mintest frå sitt etterkvart omflakkande og turbulente liv, perfekt for ein som seinare treng modellar for karakterar i bøker, men mindre perfekt for ektefellen i same hus, særleg når karakterane er så forskjellige, i stemmeleie, dialekt, lynne, alder. Denne ropinga, eventuelt snakkinga, kanskje mumlinga, ho har forresten gått inn i den etablerte katalogen av råd som redaktørar gir for å få innsendte manus betre. Det er nok for å få det heile meir truverdig, «realistisk», dialog kan lett bli oppstylta, kunstig, i overkant skriftleg. Det i alle fall Hamsun gjorde, fekk til, det var å, ja, vere spøkelse, besettande demon, han gjekk inn i, rett nok eigne, personar, såg ut på verda gjennom deira auge, snakka med deira stemmeband. Så godt som han fekk dette til, så er det freistande å dragse fram teoriar om at han sjølv hadde spalta personlegdom, personlegdomsforstyrringar, det finst observerte kasus i medisinen med over eit tjuetals forskjellige personar i seg. Sett ein seg litt inn i livsførselen til Hamsun, kan ein saktens få grunnlag for å hevde slikt, det gjekk i rykk og napp, han hadde sjeldan ro over seg, reiste hit og dit for å få bøkene ferdig, i alle fall sa han det var grunnen; han var høgt oppe, lavt nede, skreik og skjelte på dei rundt seg, eller omfamna dei på det varmaste. Ingen typisk far heller; eine ungen ende på sinnssjukehus, dei andre vart òg prega, og ikkje berre av haldningane under krigen. Kanskje han sendte for mange bodskap til dei samtidig, det er ein ting ein må passe seg for i pedagogikken, kanskje han dobbelt-, om ikkje trippel, kvadruppel, sekstuppelkommuniserte? Då Nietzsche drap Gud, oppstod det eit tomrom, som må fyllast med andre ting, med syn, visjonar, demonar, tusseladdar, ønska, og uønska, nærvær? Naturen tòler som kjent ikkje tomrom. Vi har ikkje lenger eit altsjåande, altkontrollerande blikk, vi har fraksjonerte blikk og syn på ting, meiningar i kollisjon med kvarandre, ingen veit kva som er rett. Men ein må likevel prøve, er det ikkje slik ein kan samanfatte livet etter at postmodernismen har byrja sige tilbake, for å la noko anna komme til syne, noko meir, ja, verdiorientert, kanskje, mindre relativistisk; vi må prøve, kvar på vårt vis, å sette oss inn i verda, sjå, på andre, på oss sjølve, vi må vere der, her, nærverande. Som i eit ekstremt døme vi nett fekk, De Velvillige [5], over tusen sider om krigen, tusen sider tettpakka med all verdas detaljer, dei fleste militære, som offisersgrader, våpenoppbygging, rapportutgreiingar, referat frå stabsmøter, tekniske spesifikasjonar og innhaldsforteikningar av alt frå museum til konsentrasjonsleirar, i tillegg til grundig innblikk i eit perverst seksualliv. Og dette er ikkje det verste, ho er skriven frå ståstaden til ein gamal stornazist, gjennom tusen sider føler vi nærværet til ein tysk krigsforbrytar, som ikkje fekk si rettmessige straff, som slapp å stå til rekning for det han gjorde, om han no vart sterkt prega og dels øydelagd personleg av opplevingane. Så, om det no er ei dryg bok, så er det ei god bok dersom ein har det kriteriet i poetikken, at bøker skal vere nærvær, skal på eit vis ha sterke tilknytingsliner til dette med å vere menneske i verda. Dette er ikkje nødvendigvis det same som at litteratur skal ha gjenkjennelege representasjonar, å, det der kjente eg meg verkeleg igjen i, det kan bli flatt og for lite ambisiøst. Nærvær er ofte mystisk, vanskeleg å forklare, det er i seg sjølv, det er der, utvilsamt, men å analysere det, skildre, nei, når ein grip etter det, bevisst, kan det forsvinne. Det blir lite diktlesing med meg, men eit tenker eg ofte på, her er det noko som skjer, noko dystert, det er ein inngripen, divine intervention, nokon kjem, eit nærvær senkar seg plutseleg ned: By the roots of my hair some god got hold of me. I sizzled in his blue volts like a desert prophet. The nights snapped out of sight like a lizard s eyelid: A world of bald white days in a shadeless socket. [6] Twin Peaks [7] var dels meint som ein streit krimserie; når skaparen er David Lynch, seier det seg likevel sjølv at det blir «något attåt». Men, altså, det er plenty av, kva skal vi seie, normale, eller kommersielle element, Laura Palmer er jo cheerleader, kva for tenåringsgut siklar ikkje over slike, det skjer eit drap, så kjem etterforskaren frå storbyen og skal undersøke, kjem frå sjølvaste FBI, miljøa i dei store, amerikanske, statlege organa er populære å lage fjernsyn og film frå, den framande kjem altså til småbyen der det bur mange rare folk, ja, godt og vel. Når Twin Peaks oppnådde den statusen han gjorde, skjedde dette helst på grunn av dei meir uforklarlege, mindre openbert motiverte innslaga. Den dansande dvergen, draumesekvensane med baklengs dialog, etterkvart Bob, demonen som hoppar fram frå krokar og speglar. Og scenene i skogen. Når uglene uler, vinden bles, kamera hoppar av garde. The owls are not what they seem. Er ikkje det skummelt, så veit ikkje eg. Det er skummelt nett fordi Lynch triggar i oss ei kjensle av nærvær. Vi aner ikkje kva det er, men noko er det, utvilsamt [7]. Det er ikkje ingenting. [1] Dialog frå filmen The Exorcist. Warner Brothers 1973. [2] Presence. Swan Song 1976. [3] Andvake. Samlaget 2007. [4] Dr Manhattan er ein av karakterane i den glitrande filmen The Watchmen. Paramount Pictures 2009, som i sin tur er basert på verdas beste teikneserie, The Watchmen. DC Comics 1987. [5] De Velvillige. 3.utg. Aschehoug 2008. [6] Liner frå diktet The Hanging Man, eit av fleire dikt i Ariel. Faber and Faber 1968. Boka kom opphaveleg ut i 1965, to år etter at ho drap seg sjølv, men kva forlag det var på, har eg ikkje klart å finne ut. Det er ofte slik med kjendisar, så rart med det, fakta er ikkje nødvendigvis fakta, kor mykje av Ariel er velt ut av Plath, kor mykje står Ted Hughes bak, mannen, som kanskje var på veg til å bli eks-mann, men det er ikkje sikkert, det heller, han hevda forholdet var på betringas veg; og tok ho verkeleg sjølvmord, det er ikkje alle som er overtydd om det heller, det er jo ein skrudd måte å gjere det på, stikke hovudet inn i omnen, herregud, tenk på den stillinga, på kne framfor ein stusseleg komfyr, det er mest like pinleg som å bli funnen kvalt med bar underkropp og stiv kuk, slik dei gjer dei som kvele-runkar seg i hel. [7] Twin Peaks. ABC 1990-91. [8] Den såkalla forklaringa som blir lagt fram i slutten av andre sesong, det der med kampen mellom The White Lodge og The Black Lodge; vel, eg føler ikkje det er nødvendig å kjøpe den. Var truleg også meir motivert av grisk fjernsynskanal enn Lynch sjølv. OLAV KRISTISETER Olav Kristiseter debuterte litterært med Blodlenka (2006), eit moderne take på islendingesoge. Siste boka var uhøgtideleg inspirert av Shakespeare (Glør i sommarnatta, 2009). Held no på med essaysamling, og ny roman. Speler også i dei bergensbaserte banda Manngard og Oppnedbass.

Treet Treet måtte ha stått der i mange år før hun flyttet inn. Det raget opp til taket av huset. Grenene strakte seg utover og skygget for vinduene i annen etasje. Hun visste ikke hva slags tre det var, bare at det var gammelt og at hun ventet på det om våren og gledet seg over fargeprakten om høsten. Treet stod i naboenes hage. De gamle i husene satte seg under det for å la det skygge for solen. De unge klaget over at de ikke fikk nok sol på kroppen. Treet skulle hugges. Det var vedtatt i boliglaget. En dag kom de. Litt av stammen med noen grener ble stående igjen. Slik ser et amputert tre ut, tenkte hun. Etter noen uker kom det grønne skudd på grenene. De slynget seg om stammen som om de ville støtte treet. De grønne skuddene ble til blader og snart var det som stod igjen av treet grønt og friskt. Det gav ikke opp, tenkte hun og slik ble treet stående i et par uker. Så kom de tilbake. De grønne grenene lå avhugget på marken og snart fulgte stammen etter. Bare stubben var tilbake. Fuglene måtte synge i andre trær. Noen tok barn med seg for å telle årringer. De fleste gikk bare forbi. De unge kom over gjerdet og la seg på plenen til naboblokken. De gamle satte seg på en benk på siden av huset, men de som før satt under treet, kom ikke ut lenger. Til å begynne med stod hun lenge foran stuevinduet og så på stubben. Hadde stubben stått på den andre siden av gjerdet, ville hun ha satt seg på den. Hun smilte av tanken på at den ville fortelle henne noe. De sterke høstfargene ville hun savne. Der var jo andre trær, men ingen å se fra stuevinduet. Hun merket seg at i to vinduer i annen etasje var gardinene trukket tett for. Da treet var der, trengte de ikke det. Hun tenkte mindre på treet etter hvert. Det ble vinter, kaldt og glatt. Hun kom sjelden ut. Hun gikk surr i dagene. De var så like. Hjemmehjelpen kom. Hun ble overrasket, trodde ikke at det var den dagen hun skulle komme. Niesen kom og snakket om sykehjem. Dette går ikke lenger, sa hun. Det var da hun begynte å tenke på treet igjen. Treet hadde hatt to liv. Et langt liv og senere et liv hvor det var amputert. Som på trass hadde det grønne blader. Så var det slutt. Det måtte dø. Hun tenkte på barndommen. Det var mange trær å tenke på. Hun hadde klatret i mange, sittet i skyggen under andre. Rystet ned epler og plommer fra trærne i hagen. Hun sovnet i lenestolen med det slitte fotoalbumet i fanget. Hun våknet av at hun frøs. Hun ville finne et teppe, reiste seg, falt og ble liggende på gulvet. ELIZABETH FOUGNER