AUSTRHEIM KOMMUNE Møteprotokoll Formannskapet Møtedato: 13.05.2014 Møtestad: Kommunehuset - Børilden Møtetid: 09:00 11:30 Møtedeltakarar Parti Rolle Per Lerøy AP Ordførar Helge Dyrkolbotn KRF Varaordførar Ernst Stellberg H Medlem Reidar Øksnes SP Medlem 32T Desse møtte frå administrasjonen: Rådmann Jan Olav Osen Austrheim, 13.05.2014 Per Lerøy ordførar Jan Olav Osen rådmann
Sakliste Saknr Tittel 090/14 Godkjenning av innkalling og saksliste 091/14 Godkjenning av møteprotokoll 092/14 Meldingar 093/14 Delegerte saker 094/14 Orienteringssak 095/14 Sak 14/447 Byggesak 130/24 - Kalandsjøen - garasje med leilighet 096/14 Årsmelding 2013 097/14 Rekneskap 2013 098/14 Selskapsavtale for Region Nordhordland Helsehus IKS 099/14 Havsporthus - Ny vurdering 100/14 Busetjing av flyktningar i Austrheim kommune 2014-2016 101/14 Vedtak- Tilskot til hurtigladestasjon for El-bilar ved Mongstadkrysset
090/14: Godkjenning av innkalling og saksliste Innkalling og sakliste vert godkjent Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Innkalling og sakliste vert godkjent 091/14: Godkjenning av møteprotokoll Det var ingen protokoll til godkjenning. Det var ingen protokoll til godkjenning. Det var ingen protokoll til godkjenning. 092/14: Meldingar Meldingane vert tekne til orientering
Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Meldingane vert tekne til orientering 093/14: Delegerte saker Delegerte saker vert tekne til orientering Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Delegerte saker vert tekne til orientering 094/14: Orienteringssak Det var ingen orienteringar i møte.
095/14: Sak 14/447 Byggesak 130/24 - Kalandsjøen - garasje med leilighet Formannskapet i Austrheim kommune gjev løyve til bygging av garasje med leilighet som omsøkt. Grunngjevinga er gjeve nedanfor. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 jf. 11-6. Vedtaket vert sendt Fylkesmannen i Hordaland for klagevurdering. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Formannskapet i Austrheim kommune gjev løyve til bygging av garasje med leilighet som omsøkt. Grunngjevinga er gjeve nedanfor. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 jf. 11-6. Vedtaket vert sendt Fylkesmannen i Hordaland for klagevurdering. 096/14: Årsmelding 2013 Årsmeldinga for 2013 vert tatt til vitande. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. Årsmeldinga for 2013 vert tatt til vitande. 097/14: Rekneskap 2013 Rekneskap for 2013 vert godkjent slik det ligg føre. Rekneskapsresultatet i driftsrekneskapen er 11.913,30.
Årsoverskotet må avsetjast til disposisjonfond. Rekneskapsresultatet i kapitalrekneskapet er kr. 0,-. Note 10 oversikt over låneopptak og unytta lånemidlar vert godkjent slik det ligg føre og overført til vidare bruk i 2014. Merknader og innspel frå revisjonsmelding og uttale frå kontrollutvalet vert tatt til fylgje og innarbeid i det vidare rekneskaps- og økonomiarbeid i kommunen. Framlegget frå H v/ Ernst Stellberg : Rekneskap for 2013 vert godkjent når rapportering er gjennomført i samsvar med samstemt vedtak i KS sak 114/13 i kommunestyre 30.10.2013. Rekneskapsresultatet i driftsrekneskapen er 11.913,30. Årsoverskotet må avsetjast til disposisjonfond. Rekneskapsresultatet i kapitalrekneskapet er kr. 0,-. Note 10 oversikt over låneopptak og unytta lånemidlar vert godkjent slik det ligg føre og overført til vidare bruk i 2014. Merknader og innspel frå revisjonsmelding og uttale frå kontrollutvalet vert tatt til fylgje og innarbeid i det vidare rekneskaps- og økonomiarbeid i kommunen Framlegget frå H v/ Ernst Stellberg vart samrøystes tilrådd. Rekneskap for 2013 vert godkjent når rapportering er gjennomført i samsvar med samstemt vedtak i KS sak 114/13 i kommunestyre 30.10.2013. Rekneskapsresultatet i driftsrekneskapen er 11.913,30. Årsoverskotet må avsetjast til disposisjonfond. Rekneskapsresultatet i kapitalrekneskapet er kr. 0,-. Note 10 oversikt over låneopptak og unytta lånemidlar vert godkjent slik det ligg føre og overført til vidare bruk i 2014. Merknader og innspel frå revisjonsmelding og uttale frå kontrollutvalet vert tatt til fylgje og innarbeid i det vidare rekneskaps- og økonomiarbeid i kommunen. 098/14: Selskapsavtale for Region Nordhordland Helsehus IKS Austrheim kommune sluttar seg til etablering av Region Nordhordland Helsehus IKS og selskapsavtalen slik den er framlagt i saka.
Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. Austrheim kommune sluttar seg til etablering av Region Nordhordland Helsehus IKS og selskapsavtalen slik den er framlagt i saka. 099/14: Havsporthus - Ny vurdering Austrheim kommune inngår leigeavtale frå 15.05.2014 til 31.12.2015 om leige av 1. etg. i huset på kaien i Mastrevik for å etablere eit havsporthus. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. Austrheim kommune inngår leigeavtale frå 15.05.2014 til 31.12.2015 om leige av 1. etg. i huset på kaien i Mastrevik for å etablere eit havsporthus. 100/14: Busetjing av flyktningar i Austrheim kommune 2014-2016 Austrheim kommune vil busetja dette talet flyktningar: Mottak av 11 personar i 2014 Mottak av 10 personar i 2015 Mottak av 10 personar i 2016 Rådmannen får i oppgåve å arbeida fram ein plan for leige eller kjøp/bygging av bustader til dette føremålet. Rådmannen innstiller også på at Austrheim kommune sikrar i effektiv og omfattande integreringsprogram for flyktningar ved å avsetje 7 språkspraksisplasser i kommunale avdelingar. Frå januar 2015,
2 i Nordliheimen 2 i teknisk-drift/reinhald 3 i skulane og barnehagane. Flyktningkonsulent og dei omfatta avdelingar skal sjå nærmare på varigheit og oppgåvene flyktningane skal ha. Framlegg frå ordføraren: Austrheim kommune vil busetja dette talet flyktningar: Mottak av 11 personar i 2014 Eventuelt mottak av 10 personar i 2015 og 10 personar i 2016 vert tatt opp som sak i slutten av 2014. Rådmannen får i oppgåve å arbeida fram ein plan for leige eller kjøp/bygging av bustader til dette føremålet. Rådmannen innstiller også på at Austrheim kommune sikrar i effektiv og omfattande integreringsprogram for flyktningar ved å avsetje 7 språkspraksisplasser i kommunale avdelingar. Frå januar 2015, 2 i Nordliheimen 2 i teknisk-drift/reinhald 3 i skulane og barnehagane. Flyktningkonsulent og dei omfatta avdelingar skal sjå nærmare på varigheit og oppgåvene flyktningane skal ha. Framlegget frå ordføraren vart samrøystes tilrådd. Austrheim kommune vil busetja dette talet flyktningar: Mottak av 11 personar i 2014 Eventuelt mottak av 10 personar i 2015 og 10 personar i 2016 vert tatt opp som sak i slutten av 2014. Rådmannen får i oppgåve å arbeida fram ein plan for leige eller kjøp/bygging av bustader til dette føremålet. Rådmannen innstiller også på at Austrheim kommune sikrar i effektiv og omfattande integreringsprogram for flyktningar ved å avsetje 7 språkspraksisplasser i kommunale avdelingar. Frå januar 2015, 2 i Nordliheimen 2 i teknisk-drift/reinhald 3 i skulane og barnehagane. Flyktningkonsulent og dei omfatta avdelingar skal sjå nærmare på varigheit og oppgåvene flyktningane skal ha.
101/14: Vedtak- Tilskot til hurtigladestasjon for El-bilar ved Mongstadkrysset Austrheim kommune løyver på vilkår kr. 50.000 til «prosjektet» Hurtigladestasjon ved Mongstadkrysset. Vilkår er at arbeidet er gjort ferdig innan 2015 og at ladestasjonen kjem i nærleiken av SPAR-butikken her. Tilskotet på kr. 50.000 vert teke frå «Tilleggsløyving frå formannskapet, ansvar 801.» Tilskotet vert betalt ut når sluttrekneskap ligg føre og ladesstasjonen er teke i bruk. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. Austrheim kommune løyver på vilkår kr. 50.000 til «prosjektet» Hurtigladestasjon ved Mongstadkrysset. Vilkår er at arbeidet er gjort ferdig innan 2015 og at ladestasjonen kjem i nærleiken av SPAR-butikken her. Tilskotet på kr. 50.000 vert teke frå «Tilleggsløyving frå formannskapet, ansvar 801.» Tilskotet vert betalt ut når sluttrekneskap ligg føre og ladesstasjonen er teke i bruk.