Skuleringsplan Lærdal IL Fotball - aldersbestemte lag



Like dokumenter
SPORTSPLAN FOR IL TRIO FOTBALL

Målsetjing med planen.

SKOLERINGSPLAN SKAUN BALLKLUBB

SPORTSPLAN IL JOTUN FOTBALL

SPO RTSPLAN FOR. Dikemark IF Fotball

Askvoll og Holmedal IL

Utviklingstrapp Utviklingstrappa bygger på anbefalingene fra NHF. Link til treningsøkter fra NHF.

SKULERINGSPLAN FOR BARNE- OG UNGDOMSFOTBALLEN I VTI FOTBALL

Sportsplan IL Jotun Fotball 1 SPORTSPLAN IL JOTUN FOTBALL

Visjon og verdiar KLAR for Stranda

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

BREIDDEREGLEMENT FOR. barnefotball ungdomsfotball vaksenfotball old boys/old girls

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

HANDLINGSPLAN FAIR PLAY FOTBALLSESONGEN 2014

FairPlay-pris ca. 430 medlemmar. ca stk involvert styre - komitear nemnder trenarar -

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

HANDLINGSPLAN FAIR PLAY FOTBALLSESONGEN 2015

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Psykologisk førstehjelp i skulen

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Visjon og verdiar ei blå framtid

Sandeid skule SFO Årsplan

Rekrutteringsplan FBK Voss

Sportsplan barnefotball VFK

Oppmannsperm. Skal innehalde alle relevante opplysningar for sesongen Rollebeskrivelse Arbeidsfordeling Alle skjema

SKAP VÅR FRAMTID. Sportsplan

SPORTSPLAN IL Skjergard

Bulken IL Fotball Sportsplan 2016

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

SPORTSLIG UTVIKLINGSPLAN

Innholdsfortegnelse. Retningslinjer for fotball i Slemmestad IF

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Utviklingstrapp FBK Voss Barnefotballen

Strategiplan

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Sportsplan: Ulltråden

LANGTIDSPLAN FOR BRUSAND IDRETTSLAG

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Gruppeøvingar, ballidrett

Sportsplan Fotballgruppen Kalandseid IL

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

SPORTSLIG UTVIKLINGSPLAN

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

SPORTSPLAN BYNESET I.L. FOTBALLAVDELINGEN. Byneset I.L. Fotballavdelingen Postboks Bosberg

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Lagleiarmøte Info Trio-sesongen-12

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Sportslig plan IL Holeværingen Fotball

Sportsplan for Heming Fotball

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Fysisk aktivitet og helse. Trinn: 8

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS. KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar februar 2015

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Vi lærer om respekt og likestilling

Månadsbrev for ROSA mars 2015

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

INFORMASJON FOR OPPMENN

Plan for overgangar. for barn og unge

4 5 ÅR FOTBALL ER GØY. Vending innside + såle Skudd - innside. Pasning med innside Heading Mottak - innside

Øystese barneskule April - 08

Informasjonshefte Tuv barnehage

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Pors Grenland Fotball

SPORTSLIG UTVIKLINGSPLAN

VEKEPLAN: TRENING - KAMP

Skoleringsplan barnefotball Gjelleråsen

Konkret arbeid med psykisk helse i skulen. Kva seier opplæringslova? Kvifor arbeide systematisk og målre9a med psykisk helse?

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Teknikk og konsentrasjon viktigast

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage


RBK FOTBALLSKOLE 2014 INSTRUKTØRHEFTE MED ØVELSESUTVALG

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

SPORTSPLAN. Utøvaren i sentrum

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

4 5 ÅR FOTBALL ER GØY. Vending innside + såle Skudd - innside. Pasning med innside Heading Mottak - innside

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Kompetanse Vegen til suksess? Anders Veibust, Berlin 2015

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Januar 2017 IL ROS FOTBALL ROS TIL ALLE. flest mulig best mulig lengst mulig SPORTSLIGE RAMMER 2017 BARNEFOTBALL (6-12 ÅR)

Sportsplan. Vik IL Fotballgruppa

SPORTSPLAN FOTBALLGRUPPA HAFSLO IL

Transkript:

Skuleringsplan Lærdal IL Fotball - aldersbestemte lag

Innleiing Det er naturleg å dele denne planen i to deler; ein del for barnefotballen, aldersgruppa 6-12 år, og ein del for ungdomsfotballen, aldersgruppa 12/13-19 år. Ungdomsfotballen i Lærda IL Fotball vert gjerne rekna til 16 år ut frå tilhøve som vidareutdanning osv. Som nemnt i sportsplanen vår byggjer me verdigrunnlaget vårt på NFF sine verdiar; glede, meistring og trivsel. Me skal vere inkluderande og ta vare på kvarandre, og setje fokus på «fair play». Sentrale omgrep for kvar einskild spelar uansett alder må vere ansvar, respekt,disiplin og toleranse. I barnefotballen kan t.d. desse haldningane vere gode; - «fair play» vere positiv/grei/kamerat i alle samanhengar respekt samarbeidsvilje godta at andre gjere feil (ikkje kjeftbruk) I ungdomsfotballen må me stille strengare krav; «fair play» vera ærleg mot seg sjølv punktleg og førebudd til kamp og trening respekt vera kritisk-gjerne usamd, men sakleg planleggje/strukturere dagen sin ta skulen på alvor I tillegg ynskjer me at spelarane i begge grupper viser haldningar overfor Lærdal IL Fotball som klubb; klubbkjensle, ver stolt av klubben din

sei ja når du vert spurt om ei teneste ikkje forlang tenk at det er mange som arbeider for at du skal ha det gøy med fotball Haldningane til ein spelar i Lærdal IL Fotball er heilt avgjerande for kor god han sjølv kan verte kor godt miljøet på laget hans kan verte kor gode lagkameratane og laget kan verte Gjennom skuleringsplanen vert det vist til kva ein spelar i Lærdal IL Fotball skal lære frå han/ho er 6 år til han/ho er 16 år. Når det gjeld konkrete øvingar som kan brukast vert dette formidla i trenar-/lagleiarforum, trenarkurs, i ulike tilgjengelege bøker/dvd-ar eller på www.fotball.no sin øvingsbank. Trenarane/lagleiarane vert oppfordra til å ta dei kursa som til ei kvar tid vert gjennomført gjennom klubben eller i kretsregi. Med denne skuleringsplanen ynskjer me spelarane og trenarane i dei ulike aldersgruppene lukke til med arbeidet! Hugs; «på lag med bygdi» Miniputt 6 10 år Innleiing: Første kontakt med organisert idrett Leiken er viktigast Ballen er med heile tida 3ar, 4ar eller 5ar fotball

Ei viss tilnærming til LG/LJ det siste året Vere med på kretsen sitt organiserte arbeid Byrje haldningsskapande arbeid Karakteristiske trekk: Jamn og harmonisk vekst Motorisk gullalder mot slutten av perioden Liten utvikling av krinslaupsorgana Stor aktivitetstrong Sjølvsentrerte Tek verbal instruks dårleg Kort konsentrasjonstid Ideal/førebilete står sterkt Stort ysnskje om å vite Kjenslevare mot kritikk Aggresjon mot kameratar Haldepunkt for opplæringa: Ferdigheiter må prioriterast Spel på små område Korte sekvensar Bruk mykje ros og sørg for ein hyggjeleg tone Turneringsformer, bytt på laga Målsetjingar: Aktiviteten må stå i fokus Haldningsskapande arbeid kan byrje Innføring i basisferdigheiter isolert og i samspel (små grupper) - pasningar driblingar mottak heading føring skot

Alle får prøve keeperrolla utan organisert rettleiing. I eldste miniputtklassen må me stimulere forståinga for samspel- ikkje berre dribling. Innføring i enkle spelereglarog «fair play». Kva skjer ved innkast corner utspel frispark avspark Treningsmengd: 1 eller 2 gonger i veka (medrekna evnt. Kamp) Max. 1 time 15 min Organisering av trening: ca. 10 min. Oppvarming, leik 15 20 min. Ferdigheitstrening ca. 20 25 min. spel/konkurransar 5 10 min sosialt/info Individuell oppfølgjing: Rettleiinga som er gitt i laupet av treningane Gje mykje ros!!! Lillegutt/-jente 11-12 år Innleiing: 7ar fotball, aktiviteten vektlagt og ball nyttast i all verksemd Vidareutvikle haldningane Obligatorisk trening Allsidigheit vert stimulert Aukande grad av sjølvkritikk kan utnyttast i læringa

Karakteristiske trekk: Jamn og harmonisk vekst Lik utvikling hos jenter og gutar God utvikling av finmotorikken Dei kan trekkje logiske slutningar ut frå verbale utsegner Kreativiteten vert utvikla Opptatt av reglar, rettferd Gunstig alder for å påverke haldningar Sjølvkritikken aukar Haldepunkt for opplæringa: Ferdigheiter må prioriterast Utbytte av å terpe på instruksjonsmomenta Smålagsspel Ikkje styr kreativiteten, spelarane har og idear Jobbe med haldningar, treningsreglar, disiplin samarbeidsvilje og oppmuntring, vanar Målsetjingar: Basisferdigheitene; Keeperrolla: Byrja organisert opplæring La fleire få prøve seg Byrje elementær innføring i basisferdigheiter Spelarrollene: Vidareutvikle basisferdigheitene som pasning, mottak, føring vending, finter, heading og skot I tillegg er det erfaringsmessig fleire born/unge som på denne tida har lett for å lære feil løpeteknikk. I spesielle høve bør trenaren rette på dette.

Samspel: Pasningar 2 vs. 1 situasjonar Gjeren seg spelbar, ut av pasningsskyggen Smålagsspel med vekt på å kome ut av pasningsskyggen Skape sjansar, lage mål Introdusere speleprinsippa: Angrep og forsvar Breidde (og press) Dybde (press) og bevegelse Her er me først og fremst opptekne av byrjande opplæring i dei angrepsmessige speleprinsippa. På dette nivået vurderer me dei forsvarsmessige sidene for mindre viktige, men press (på ballførar) og dybde må lærast elementært for ei betre forståing av speleprinsippa. Lagorganisering: Alle bør prøve ulike plassar Alle er forsvararar/angriparar Halde posisjonane sine Starte hos eigen keeper, spele ut frå eige forsvar Spelereglar: Vidareutvikle forståinga for 7ar fotballen Auke forståinga for «fair play» Treningsmengd: To treningar i veka + evnt. kamp Max. 90 min. lengde Om lag same organisering av treninga som for miniputt, men med meir vekt på ferdigheiter og styring av spel. Alle har ansvar for utstyret.

Individuell oppfølgjing: positiv feedback vere obs på spelarane som har problem i spesielle treningssituasjonar Smågutt/-jente 13 14 år Innleiing: 7ar og 11ar fotball med utvida regelverk Bruk av ballen er framleis overordna i all aktivitet Allsidigheit er viktig, men mange spelar berre fotball Spelarane vert stilt større krav til, såvel fysisk som psykisk Karakteristiske trekk: Store skilnader i fysisk og mental utvikling Somme har sterk lengdevekst Motorisk god utvikling God utvikling av evna til konsentrasjon Mange er psykisk labile Kreativiteten er utvikla Ærgjerrige og lærenemme Dannar lett haldningar Sværet opptekne av rettferd Kan vere store variasjonar i prestasjonsevne og humør Haldepunkt for opplæringa: Noko spesiell styrketrening Taktiske retningslinjer kan leggjast Fridom til sjølvstendige løysingar Vektleggje sterkt haldningar til trening og kamp, «fair play» Kvalitativt høgre nivå

Målsetjingar: Basisferdigheitene; Keeperrolla: Overgang til spesiell keepertrening, men deltek mykje i spelesituasjonar Opplærte til eigen oppvarming, utvikle sjølvstende i treninga Me ynskjer å få trena heile registeret på basisferdigheitene Smidigheit, grep, grunnstilling, fallteknikk, plassering, feltarbeid, forarbeid, fisting/boksing, opphopp/timing, distribusjonsteknikk Om vinteren (fotballpausen) ha minst ei trening pr. veke Trene i andre idrettar som har overføringsverdi til keeperrolla Bevisstgjering på rolla som keeper i taktiske disposisjonar Spelarrollene: Her syner me til momenta som er lista under klassen LG/LJ med Pasningar, vidareutvikle ferdigheitene i vristspark (ved innlegg spesiellt) Retningsbestemt mottak Bruke heile kroppen i vendingar Lære nye fintar Heil/halv volley skot Samspel: Utvikling av fotballforståinga bør prioriterast Større forståing/auka samspel og samhandling med og utan ball Utnytte 2 vs. 1 situasjonar, takle 1 vs. 1 situasjonar Sterkare vurdering av eigne handlingsval Speleprinsippa: Dei offensive prinsippa står framleis sentralt. Breidde og dybde må prioriterast i læringa. Spesiellt viktige ermomenta om veggspel og overlapping. Starte med defensive oppgåver som 1., 2., og 3. forsvarar, også i taktisk samanheng. Fokusere på arbeidet som 1. forsvararar

Lagorganisering: La spelarrollene rullere, men meir systematisert Spele seg ut av eige forsvar, gjennom midtbana Systematisere bruken av veggspel og overlapping Presisere breidden i spelet Systematisere forvarsarbeidet noko meir Spelereglar: For SG/SJ skal regelverket nyttast fullt ut og må lærast Offside vert innført «Fair Play» Treningsmengd: Tilbod om 3 treningar pr veke + evnt. kamp Trening i anna idrett får telje med Allsidigheit stimulerast Eigentrening Organisering: Treningstid ca. 90 min Ansvarsfordeling for utstyret Smålagsspel Innlegg/skot/avslutningar Uttøying Individuell oppfølgjing: Meir individuell instruksjon Sterkare fokusering på feedback Samtale med trenar minst 1 gong i året (personleg utvikling) Følgje opp dei beste spelarane I utgangspunktet skal ingen SG/SJ spelar flyttast permanent opp i G/J klassen, men i heilt spesielle høve kan ein etter drøftingar mellom trenarane og trenarkoordinator gje dispensasjon frå dette.

Gutar/Jenter 15 16 år Innleiing: Dei unge er inne i ei tid der dei kan ha både fysiske og psykiske problem Bruken av ball er overordna i aktiviteten, men det kan startast med meir fysisk trening utan ball, rein styrketrening Allsidigheit, men endå fleire spelar berre fotball Motivering til val av hovudidrett Større krav til spelarane frå trenar/leiar/klubben Alle bør få tilbod om dommarkurs Karakteristiske trekk: Ekstrem vekstperiode Gutane utviklar større muskelstyrke enn jentene Koordinasjonsevna i fin utvikling Sterk vekst av krinslaupsorgana Varierande atferd Kraftig utvikling av kreativiteten Sterkt sosialt behov Haldepunkt for opplæringa: Sterk prioritering av ferdigheitene Utholdenheit spesiellt eller i speleøvingar Krav til taktisk tenking i spelesituasjonar La kreativiteten blomstre Det sterke sosiale behovet bør utnyttast Påverke spelarane si eiga haldning og ansvar Vektleggje «Fair Play»

Målsetjingar: Basisferdigheitene; Keeperrolla: Følgje og utvikle prinsippa frå SG/SJ nivået med større fokus. Bruke stemma og dirigere eigne forsvararar i.f.a individuell feedback Terpe basisferdigheitene Spelarrollene; Jobbe vidare med basisferdigheitene som tidlegare Nivåheving i kvalitet og tempo Ferdigheitstrening under press i smålagsspel Samspel; Vidare utvikling av fotballforståinga Større fokus på timing av pasning og bevegelse Orienteringssans, evna til å sjå neste trekk og tenkje likt Vurdering av handlingsvalet i spelesituasjonar Speleprinsippa; Alle prinsippa bør fokuserast. Større fokus på kor viktig gjennombruddspasningar og avslutningar er Skape rom, offensivt arbeid Defensiv arbeid vert intensivert Nekta rom, større bevisstgjering på 1., 2. og 3. forsvarar Prinsippa opphold, dybde, konsentrasjon og balanse vert innført og bevisstgjort i høve til 1., 2. og 3. forsvarar sitt arbeid Samhandling i høve til angrep/forsvar Lagorganisering; Klarare rollemønster Utvikle evna til å sjå tidlege og gode løysingar Keeper som førsteangripar Heile laget i angrep/forsvar

Uvikle overgangsspelet, unngå strekk i laget Motivere spelarane til spesialoppgåver i laget Utvikle samhandlinga Ulike organiseringsmønster bør prøvast Spelereglar; Heile regelverket vert nytta og følgd Dommaren vert trekt inn i skuleringa av spelarane si forståing av regelverket Treningsmengd: 3 til 4 treningar pr. veke + evnt. kamp Annan trening og eigentrening er ynskjeleg. Systematisk trening Individuellt kan spelarar som føler seg slitne ta det roleg i periodar Organisering: Treningstid max. 90 min. Framleis ansvar for utstyret Smålagsspel med påbyggjing til større grupper og større baner. Vektlagt på innlegg/skot/avslutning/lange pasningar Innarbeide høg effektivitet og kvalitet på sjølve treninga Uttøying viktig Individuell oppfølgjing: Kontinuerleg individuell feedback. Arbeide fram dei «rette» typane. Utviklingsorientert talentutvikling Spelarane må også tåle negativ kritikk, men konstruktiv Dei «nest beste» må få ei god og stimulerande oppfølgjing Etter vurdering kan spesielle talent bli flytta opp på junior-/seniornivå i trening og kamp, men desse tilhøva må gjerast stabile. Ein bør her vurdere både dei fysiske og psykiske eigenskapane til spelarane. I desse høva må me stille større krav til spelaren.

Til slutt; Denne planen er ei vidareføring og oppfølgjing av skuleringsplanen skrive av Wiggo Hustad, vedteken i trenarforum april 2008. Målet med skuleringsplanen er at me gjennom denne prøver å halde høg kvalitet på spelarutviklinga og dermed kan auke muligheitene for å få fram gode spelarar. Som nemnt både denne planen og i sportsplanen vår er eit viktig mål å alltid arbeide med haldningane til både dei unge og oss sjølve. Dette arbeidet kan aldri kvile. Sentrale omgrep for alt arbeid i Lærdal IL Fotball er ansvar, respekt, disiplin og toleranse. Fotballmiljøet i Lærdal skal vere ein arena for desse verdiane og haldningane. Me vil at born og unge i bygdi vår skal ha ein trygg og god oppvekst, og at dette verdigrunnlaget skal vere levande og sentralt i dette arbeidet. Lukke til med dette arbeidet! Kjell Inge Sanden, febr. 2012