RAPPORT FRÅ KINATUR 8/10-16/10-2001.



Like dokumenter
2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Sommartur til Sverige,

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

mmm...med SMAK på timeplanen

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Jon Fosse. For seint. Libretto

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Månadsplan for Hare November

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Månedsbrev april 2015

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Setring ved Håbakkselet Hareid

Til deg som bur i fosterheim år

/

Hallo i nedslagsfeltet!

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

M/S NYBAKK SI HISTORIE

OK, seier Hilde og låser.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje

kulturmix CUBA!!!!!!!!! 27. sept okt 2014

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

MEDLEMSINFO. august 2009

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

6. trinn. Veke 24 Navn:

Norsk: Lag setningar med øveorda i Heimeboka di. Skriv så fint du kan, sjå sjekkliste!

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Med tre spesialitetar i kofferten

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Pilgrimsvandring til Santiago de Compostela. rapport skriven av Hallgeir Hansen Nordfjord folkehøgskule

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

«Ny Giv» med gjetarhund

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Egil Christophersen til minne.

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Klepp kommune Tu skule

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Mos.25:23-30, 3.Mos. 24:5-9 Av akasietre. Kledd med gull. Berestenger Fat, skåler, kanner og beger av gull.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Plassebakken Barnehage

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

TEMA. Stryn

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Brødsbrytelsen - Nattverden

Transkript:

RAPPORT FRÅ KINATUR 8/10-16/10-2001. Eg var med på ein tur til Kina, arrangert av Sabra Tours. Turen var også opplagd som eit kortkurs ved Sunnfjord Folkehøgskule. Turen var for meg ei stor oppleving. Det å få sjanse til å besøkje eit fjernt land som ein har høyrt så mykje om, gjev ein mange rike og nyttige impulsar. Det gjer noko med ein som ein har med seg resten av livet. Mange takk til NKF for stipendet eg fekk, og som gjorde turen mogeleg. Turen starta frå Bergen måndag 8.okt. om føremiddagen Vi reiste med fly til Amsterdam. Etter 5 timar pause der, reiste vi vidare til Beijing. Flyturen var i seg sjølv ei oppleving. Først såg vi ein fin solnedgang. Så flaug vi inn i natta med eit flott måneskin som lyste opp både flyet og skylaget under oss. Med morgonen kom soloppgangen. Å sjå sola først lyse opp fjelltoppane, så meir og meir av landskapet, var veldig flott. Nokre av fjelltoppane var snødekte, og dei skapte ein fin kontrast til dei mørke dalane. Tysdag morgon landa vi i Beijing. Det vart ei kort natt, sidan vi flytta klokka 6 timar fram. Etter passkontrollen møtte vi dei kinesiske guidane. Så åt vi lunsj på Landmark Towers restaurant. Lunsjen innehelt mange og spennande rettar.først forrett, så kom dei med fleire og fleire rettar, og til sist dessert (melon). Neste stopp var Det Himmelske Tempel. Det var flott å sjå noko av Keisartida sin fantastiske arkitektur. Her dyrka keisarane i Ming og Qing - dynastia gudane i håp om lukke og god haust. Keisaren var Son av Himmelen. På tempelområdet var kvar marmorstein og kvart tre plassert etter nøyaktige utrekningar. Kvart år, dagen før vintersolsnu, gjekk keisaren med følgje frå Den Forbudte by til Det Himmelske Tempel. Her utførte han ritualet etter fastsette reglar. Beijing Internasjonale Hotell var neste stopp. Etter innsjekking og tilvising av rom, var det godt med 2-3 timar søvn og ein god dusj. Det var eit flott hotell med fine rom og god service. På romma var det alltid etterfylt med drikkevatn, tørrkaffi eller te. På badet var det såpe, sjampo og eingongstannbørste. Kl. 19.00 var det tid for middag. Etter 10 min. gange frå hotellet, var vi framme ved restauranten der vi skulle ete den kvelden. Vi åt på forskjellige restaurantar kvar dag. Middagen denne kvelden var som lunsjen, ris og mange spennande rettar. Mykje var veldig godt. Men samtidig visste ein aldri kor sterkt krydra det var. Både ved lunsj og middag var det alltid eit glas drikke inkludert i prisen. Vi var innom den travle jernbanestasjonen før vi gikk tilbake til hotellet. Hotellet var flott med fontena og dei kinesiske teikna i framgrunnen, og det opplyste hotellet bakanfor.

Onsdag starta med ein "norsk" frukost. Det var grovbrød, egg og bacon, kalde og varme rettar. Hadde ein lyst på ekte kinesisk mat, var det det også. Den Himmelske freds plass var første stopp denne dagen. På grunn av Kinas nasjonaldag 1.okt. var den pynta med mykje blomar. Der var fleire enorme dekorasjonar. Plassen var veldig stor. Det var spesielt å stå her. Tankane gjekk tilbake til ting ein har høyrt og lest om denne plassen, og til det som har skjedd her. Her ligg bl.a. Mao sitt Mausoleum og monumentet for Folkets Helter. Museet for Kina si historie og den kinesiske revolusjonen ligg også her. Vi finn også Folkets store Hus, ein slags parlamentsbygning. Mot nord ligg Den Himmelske freds Port. Her heng bilde av Mao over den største porten. Her er også inngangen til Den Forbudte By. Byen er veldig stor med mange fantastiske bygg med fine detaljar. Vi fekk sjå ein del av byen, og vi fekk eit inntrykk av dimensjonane. Her skal vere 9999 rom, og det er det mest imponerande palasskompleks frå keisartida. Her levde keisaren og keisarinna med uttallige tenarar, embetsmenn, prestar og kunstnarar. Dei levde i ein ufatteleg rikdom og totalt isolert frå resten av det store riket. Vi åt lunsj i restauranten i det Historiske museet. Silkefabrikken var neste stopp. Her var mange fine silkevarer. Vi fekk sjå korleis dei vov silketeppe. Silke er noko ein forbind med Kina, så litt ekte silke måtte ein ha med seg heim att. I mange år var det berre i Kina dei visste korleis ein skulle produsere silke. Etter ein god middag, var vi på akrobatikkoppvisning. Det var ei fantastisk oppvisning. Det er utruleg kva ein kan klare om ein øver nok. Før frukost torsdag var vi i Ritan Park og såg Tai - Ji, skuggeboksing, ein fin morgontrim. Her var også dans. Både unge og eldre trimma. Nokre i rullestol var også med på det dei kunne. Ein kan halda seg mjuk og ledig viss ein trimmar slik dagleg. Nokre hadde tatt med seg fuglane sine (i bur). Dei hengde bura i trea så fuglane kunne snakkast, og det gjorde dei. Etter frukost besøkte vi Peking opera akademi. Her fekk vi vere med på undervisninga, både i dans, samkøyring, teater og sang. Sommarpalasset besøkte vi etter lunsch. Her var ein stor kunstig sjø, med mange flotte bygningar rundt. Pallast var sommarbustaden for keisarfamilien. Vi gjekk Den Lange Koridor, som går langs sjøen og er 728 m. lang. Det er ein overbygd tregangsti, dekoeret med 1400 malerier. Ved enden låg Marmorbåten, som skal vere hogd ut av eit stykke marmor. Den såg flott ut og fungerer som resturang. Vi tok så ein tur med Dragebåtane tibake over sjøen, i flott solnedgang.

Middagen denne kvelden var på ein flott resturang. Her var det musikk og folkedans. Her kunne ein også få smake slange. Fredag var vi i Cloissone verkstad. Her kunne vi sjå prosessen med å lage flotte emaljerte koparvasar. Først limte dei på koparstenger eller strimlar. Så fylte dei romma imellom med ulike fargar emalje. Ein måtte brenne dei fleire gongar, for så å slipe vasen eller fatet i dreiebenken. Resultatet vart eit flott mønster med innlagde metallmarkeringar. Dagens lunch vart intatt i ein stor resturang i ein friend shop. Turen gjekk så til Den Kinesiske Mur. Når vi kom ut av Beijing med sine flotte høghus, fekk vi sjå litt korleis middelklassen budde. Desse husa såg mykje dårlegare ut. Blokkene var ofte grå og triste. Mellom vegen og blokkene var det ofte rekkjer med låghus. I desse var det små verkstader, butikkar og bustadhus. Desse husa såg gamle og nedslitne ut. Mange av husa på landsbygda såg også dårlege ut. Eg sat att med eit inntrykk av at det var stor skilnad i levestandarden. Vegen frå Beijing til den kinesiske mur, var bygd ny. Her var det midtrabatt med samanhengane hekk heile vegen. Brått forandra landskapet seg frå flatt til fjellandskap. Vi byrja straks å sjå delar av Den Kinesiske Mur. Det å gå på Den Kinesiske Mur var heilt spesielt. Dette kolossale byggverket som snor seg over fjelltoppane og som var starta på for 2500 år sidan. Eg var verkeleg på historisk grunn. Denne muren har eg hørt om så lenge eg kan hugse. Det er som desse gamle steinane talar. Det må ha kosta mykje slit å få dette byggverket gjennomført. Det var mange folk på muren denne dagen, mykje på grunn av at det var ferietid i Kina. Om kvelden hadde vi ei lita samling. Etterpå tok vi ein spasertur til Den Himmelske Freds Plass. Laurdag var det ekstratur for dei som var interesserte, til eit landsbybesøk. Vi kjørte same vegen som til muren, fekk med oss ein lokal guide og fortsette forbi fjella til vi kom til ei stor slette. Dette skal vere noko av Kina s beste jordbruksområde. Her var vi inn på ein lokal marknad der dei selde grønsaker. Då vi var der, handla dei med kinakål og litt hovudkål. Kålen vart reinska og lasta på lastebilar. Lokalbefolkninga hadde mange spesielle traktorar, trehjulsmotorsyklar med lasteplan og syklar med hengarar. Esel med vogn var der også. Vi besøkte ein eplehage der vi kunne kjøpe eit halvt kilo epler for 3 yen. Epla var fantastisk gode. Så var vi i ein strutsefarm.

Lunsj åt vi i private heimar. Her var mykje god mat. Utanfor husa var det ein privat hage med murar rundt. Husa og dei private hagane var fint stelte. Det var meir ruskete utanfor. Jorda var eigd av staten, men leigd ut til bøndene som måtte betale ei viss leige, som var deler av avlinga. Noko kunne dei selje privat. Her var store flater med grønsaker. Risen var ferdig hausta. Den låg til tørk utanfor husa. Det same gjorde bønnene. Senteret ved landsbyen er veldig flott. Dette er ferieby for folk i Beijing. Vi kjørte tilbake til Beijing og var ein tur innom Silkemarknaden. Her var mykje folk, mange boder og mange forskjellige varer. Vi kunne få mange merkevarer til rimelege priser, dersom vi var flinke til å prute. Men ikkje alt var ekte vare. Søndag måtte vi opp tidleg. Dette på grunn av at det var Beijing maraton og ein del av gatene ville bli stengde. Vi starta dagen med eit besøk i ei kristen kyrkje. Då vi kom fram var ei gudsteneste i gang, og det var heilt fult. Folk sat i fleire salar og ute under eit overbygg. Dei kunne fylgje gudstenesta på fleire fjernsyn. Gudstenesta vi var med på, var også fullsett. Etter denne var det endå ei gudsteneste, og folk stod i kø for å komme inn. Gudstenesta vart oversett til engelsk via hovudtelefonar, til dei som ønskte det. Forsamlinga var veldig med i songen og handlingane. Melodiane på ein del av songane var kjende. Turen gjekk så til Antikvitetsmarknaden, og eit lokalt buområde. Vi var inn til ein eldre kinesar som budde i ein Hutong. Hutong var låghus med inngjerda gardsplassar, som før var heimar til velståande kinesarar. Hutongane står ofte mellom blokkene og vegen, og mange er fjerna. No er det bestemt at resten skal bevarast. I antikvitetsmarknaden var der mykje varer og mange folk i gatene. Prisane på varene verka rimelege. I ein eigen te- butikk kunne ein handle mange typar te. Her var apotek der ein kunne handle naturmedisin. Mange kinesarar sverger til naturmedisin. Ute på gata sat legar. Her kunne ein kjøpe tenester, som f. eks. måle blodtrykket. Eller ein kunne kjøpe medisinar. Nokre sat å selde spesielle typar medisinar. No var det tid for lunch. Etterpå besøkte vi Lama tempelet. Den største Buddha figuren var veldig stor. Den var for det meste skåre ut av eit stykke sandeltre, og den var 26 m. høg. 18 m. var synleg over bakken. På plassen utanfor var der ei eldgruve der ein kunne tenne røykjelse, som held når ein ba til Buddha. Etter ei pause på hotellet gjekk vi ut og åt middag på Beijing Opera Kafé. Det var ein flott resturang. Etterpå var vi på operaframsyning. Det var ei praktfull framsyning med dyktige aktørar. Måndag var fridag. Den gjekk med til handling og å gå på byen.

Kinesarane verka greie og høflege, men det verka som det var stor klasseforskjell mellom dei som var innom dei flotte hotella og folk på landsbygda. Det var også ein del tiggarar langs gatene. Mange såg ut til å livnære seg ved å sykle rundt å selje ulike matvarer. Gateseljarane var også veldig pågåande. Det var mange syklar i Beijing. Eigne sykkelfelt og store sykkelparkeringsplassar. Mesteparten av syklane var heller gamle. Mange syklar hadde tilhengar, der ein kunne frakte diverse varer. Eller ein kunne ta kona, borna eller andre med på sykkeltur. Det var og ein del store sykkeldrosjer. Biltrafikken var større enn eg hadde venta. Det kunne vere mykje trafikk i rush tida. Bilparken verka ny. Dei vegane vi kjørte på var breie og fine. I Beijing var det mange fine gater. Ved hotellet var det 3 felts veg i kvar retning. I tillegg var det eige breitt sykkelfelt på eine sida. Om kvelden drog vi på restaurang. Her fekk vi til slutt Peking And. Kokken kom inn med heilsteikt and på eit fat. Den låg der med hovud og nebb. Kokken skar anda opp ved bordet. Den skal skjerast opp i 108 betar og vert servert i pannekake med våtlauk og ein spesiell saus. For å kunne tilberede og servere Peking And er det 2 års utdanning. Tysdag var det tid for heimreise. Vi tok farvel med våre kinesiske guidar. Så gjekk vi om bord i flyet til ei 9 timar lang reise til Amsterdam. Etter nokre timars pause der, flaug vi vidare til Bergen. Eg synest det var ein flott tur, med mange inntrykk og spennande opplevelsar. Det å sjå og å vere på plassar ein har høyrt så mykje om og sett bilder av, er veldig spesielt. Kina og Beijing er for meg ikkje lenger noko eg berre har hørt om, men noko eg har opplevd og sett noko av. Og som ivrig hobbyfotograf fekk eg tatt ein fin slides serie frå turen. Å få stipend til ei slik reise gjev meg ny inspirasjon som menneske og arbeidar. Med helsing Harald Bruland Sunnfjord Folkehøgskule 6800 FØRDE