side 7 Fiskarbonden Bjørg Shila Pettersen FOTO ARNE JOHANSON



Like dokumenter
NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Kom skal vi klippe sauen

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Til deg som bur i fosterheim år

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Kvar kjem maten vår frå?

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Jon Fosse. For seint. Libretto

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

«Ny Giv» med gjetarhund

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Kva er økologisk matproduksjon?

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Setring ved Håbakkselet Hareid

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

mmm...med SMAK på timeplanen

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk



Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

PREPOSISJONAR... 2 Stad... 2 Tid... 6 Eigeforhold eller tilknyting... 9 Preposisjonar i faste uttrykk... 10

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Plassebakken Barnehage

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling Spørjesetningar Imperativsetningar Det-setningar...

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag.

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Hallo i nedslagsfeltet!

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Brannsår, rus eller friheit?

Del 1 Ordklasser. ADVERB... 2 Måtesadverb... 3 Tidsadverb... 4 Stadadverb... 5 Gradsadverb... 7 Setningsadverb... 8 Gradbøying...

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing


Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

3 Set inn adjektiv eller adverb. Carmen er ei fin dame. Ho har alltid på seg fine klede og eit fint sjal. Ho syng fint også.

Alfabetisk ordliste 55 Kort grammatikk 60

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

OK, seier Hilde og låser.

FOLKEHELSEBLUES Dikt til plankonferansen i Hordaland berre himmelen fjella, lyset. først er det

FANTASTISK FORTELJING

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Transkript:

side 7 Fiskarbonden Bjørg Shila Pettersen

Astrid Brekken: Kvinnebønder side 8 Den vesle rutebåten legg frå kai i Store Korsnes i Altafjorden med kurs for Stjernøya, full av folk denne dagen i slutten av juli. I dag går han innom Pollen på Stjernøya. Rutetabellen fortel at det skjer ikkje kvar gong. På bryggekanten i Pollen står Bjørg Shila Pettersen saman med dei to yngste i familien, døtrene på tolv og fem, Emma og Sandra. Fire familiar bur i Pollen. Låge hus ligg spreidd rundt vika. Barna må i båt for å koma til skulen ein annan plass på øya. Bjørg peikar på to sjarkar som ligg nær kaia. Den blå er hennar. Ho og mannen Tor Mikkola har kvar sin sjark og kvar sin kvote. I år og like eins i fjor har dei blant anna levert to og eit halvt tonn tørrfisk, til ein verdi av rundt 250 000 kroner. «Hængpæng», som ho kallar tørrfisken på nettbloggen sin. Ho er stolt av båten og av at ho er fiskarbonde. Eit par steinkast unna kaia ligg garden, med små uthus, sauefjøs og høyløe, og våningshus. Bjørg opnar gangdøra. Da vi flytta hit i påska 2004, var dette huset i svært dårleg stand. Nå er første etasje i god stand, med stort kjøkken og romsleg stue. I andre etasje er det mange soverom. Det trengst, for Bjørg fann seg ein mann med fire barn frå før, og alle bur hos Tor og henne. Der oppe står det framleis att ein del arbeid. Badet er ein sal, med ein imponerande massasjedusj. Ho er samd i at han er fin å sjå på, dei kjøpte han seint ein haust, men dei måtte legge fliser først. Dusjen låg ute og tålte ikkje frosten, massasjen gjekk fløyten. Men det er nå ein dusj, ler Bjørg, ho står rank og sterk ved kjøkkenbenken og lagar kaffi. Emma må overlate soverommet sitt til meg. Det

Fiskarbonden Bjørg Shila Pettersen side 9 er ikkje snakk om å koma attende til Alta same dagen. Tolvåringen godtar beskjeden om å overnatte i huset til farmor og farfar, som vi passerte på vegen frå kaia. Villsauen organiserer barnepass Dei første sauene kom til gards for tre år sidan. Stjernøya er stor, og dei femti søyene og lamma beitar langt unna. Bjørg peikar mot vest. I den retninga har dei på fine dagar utsikt til Sørøya. Der går hurtigruta forbi. På pc-en har Bjørg video og bilde av villsauene. Der er lammet Ossi, seier Emma, det er oppkalla etter hesten vi hadde. Og der er Bella, ho fekk lammet Stella. Sauene er ute om vinteren. Tor og Bjørg lagar veg til dei i snøen. Men dyra kan gå ut og inn av fjøset, og dei fleste går inn dit for å lamme. Det lammet er søtt, det har ein prikk på nasen. Minstejenta Sandra set fingeren på skjermen. På ein video kjem sauene i ivrig tan langs sjøen. Kira, kira, kira, roper Bjørg og rister bøtta. Komme, kire, kire, kira! Er dokker her alle? Når sauene går på beite, er det gjerne berre ei søye eller to som passar på alle lamma. Denne barnehagetanta er da svært sky, sjølv om ho er skripen elles. Søyene skifter på med å passe lamma. Neste gong Bjørg besøker sauene på beite, er den førre barnehagetanta fri og igjen kontaktsøkande. Konflikt med reineigarane Tor kjem inn frå stua, der han sit med tre av dei eldste barna og ein gjest. Det er strid om kven som skal eige Stjernøya. Reindriftssamar krev eigedomsrett. Frå før har dei beiterett, og fraktar omkring tusen rein til øya kvar sommar. NRK Brennpunkt var her i 2011 og laga programmet Førsteretten, om Finnmarkskommisjonens arbeid med saka. Heldigvis for oss fastbuande, sjøsamar, kvener og andre norske, vann ikkje reineigarane fram i første runde. Men det kjem nok fleire rundar. Tor og Bjørg har ikkje innvendingar mot at reindrifta har bruksrett, men forstår ikkje kravet om privat eigedomsrett til øya. Tor Mikkola voks opp på Stjernøya. Både foreldra, bror hans og andre slektningar bur her. Som sjøsame tilhøyrer også han urfolket, og reiste på vegner av alle fastbuande motkrav gjennom Fjordfiskernes Forening, der han er leiar og ho medlem. Frå 2013 er Bjørg leiar i Finnmark Bonde- og Småbrukarlag, der ho tidlegare har vore ungdomsrepresentant. Sjøsterk Eit bilde av grillselskap i sol og snø viser seg på skjermen. Det var i påska, vi måtte grave fram grillen, her kan vera mykje snø. Og der er kua eg ynskjer meg, eg vil ha nordlandsfe eller trønderfe, eg vil laga ost og kalvedans! Men da trengst eit hus til, og meir gras. Bjørg voks opp på Meløya i Vesterålen, utan eit einaste dyr. Faren var frå gard, og når ho var på gardsbesøk, fekk ho lyst til å ha mange dyr. På sjøen hadde ho ikkje vore før ho som elev på folkehøgskule segla frå Bergen til Skottland med skuleskipet Statsraad Lehmkuhl. Da merka ho at ho var sjøsterk. Det var storm i Norskehavet da dei reiste attende. Det er spesielt å tenke på at eg har hamna på sjøen. Eg er utruleg takknemleg, eg hadde ikkje funne på det sjølv. Ho og Tor trefte kvarandre medan dei begge arbeidde i fiskeindustrien på Myre i Vesterålen. Da var ho atten år. Eg trong god tid til å tenke gjennom om eg ville klare den store omstillinga, barna til Tor var fem, fire, to og eitt år da vi flytta saman. Ho møtte ein mann som hadde vore fiskar i mange år, han opna døra til alt havet har å by på. Ein arbeidsdag på sjøen er fylt av lukter og kjensler, ein koplar ut kjaset, legg merke

Astrid Brekken: Kvinnebønder side 10 til måsen og lydar: er måsen stille, kva er da i vente ørna? Ein fangar straks opp ulydar, alle sansane blir skjerpa: nå blir det svart og grått i nord. For det er eit risikoyrke. Været kjem brått på. Når båten har stor last, er det fisk over alt. Dersom båten rullar, kan lasta forskyve seg. Bjørg har ikkje vore redd, men nemner den gongen dei hadde last på 2,7 tonn i båten og skulle inn for å levere. Eg flytta meg, og merka at eg var dråpen på 65 kilo som truga med å tippe båten. Sjarken var for full til at vi kunne dra den siste lenka. Vi måtte få hjelp av andre. Det var tusen kilo fisk. Dei som drog lenka, fekk halvparten. Bjørg Shila Pettersen er kjerringa mot straumen. Ho veit om få kvinner som driv fiske med eigen båt. Det vanlege er og har vore at kvinna tek seg av garden og mannen fiskar. Men ho har ikkje lyst til å dra ut åleine med sjarken. Ho har seks barn og mann. Tor har fiska åleine, og det liker ho ikkje. Ein må vite kvar ein plasserer både

Fiskarbonden Bjørg Shila Pettersen side 11 fingrar og føter. Setja garn og styre båten samtidig er ei utfordring. Dei fiskar innafjords mot Sørøya, Ryggen heiter det der. Ho peikar: Ofte dreg dei rundt siste neset på Stjernøya, lengst der ute. Naturen er banken Dei bruker lite kunstgjødsel og er forsiktige med naturen. Folk kjem frå fastlandet på rypejakt, og fuglen blir for hardt skatta. Sjølve har dei slutta å skyte rype. Det blir også plukka småmåse-egg, noko dei ikkje gjer, dei prøver å verne småmåsen. Eit år la ærfuglen reir i høyløa. Da laut døra få stå oppe. Banken har du i naturen, seier Tor. Ein skal ikkje overhauste. På 1500-talet var det skog i Pollen, og bjørn. Du finn røter av furuskog når du grev i jorda. Så vart det etterspurnad etter tømmer, sjøsamane hogg, og skip kom og kjøpte opp. Omtrent to gonger i månaden reiser Bjørg til Alta. Da gjeld det å samle opp ærend. Det tar tolv timar om ein bruker skyssbåten fram og attende. Dei har bil ståande på Store Korsnes. Derifrå er det ein time til Alta. Eg gløymer aldri det året vi skulle dra til Alta 20. desember, selja kveite og handle frukt og julegåver. Vi gjekk med eigen båt, det bles opp til kuling og storm. Kveita skulle finansiere innkjøpa, men kjøparen dukka aldri opp. Vi fekk omsider selt kveita likevel, og handla seint på kvelden. Klokka tre neste morgon var vi heime. Iblant er det kortare sjøvegen. Til Hammerfest sjukehus er det ein time med båt, der fekk ho Sandra. Emma kom til verda medan dei budde i Vesterålen, da reiste ho to og ein halv time med bil. Heisa i land to hestar Ved det lange bordet på kjøkkenet, dekt til ti, serverer nå Tor nyfiska sei, makelaust god. Tor

Astrid Brekken: Kvinnebønder side 12 lagar ofte middag. Ho kunne ingenting da ho møtte han, ikkje baka brød, hadde aldri vaska klede, ikkje kunne ho vaske golv. Steike svinesteik, korleis i all verda skulle det gå til. Det vart mange tårer, han måtte lære henne alt, og på toppen av det heile var han mann. Tor fortel at jorda her knapt nok bar gras tidlegare, derimot mengder av graslauk, og stadig luktar ungane graslauk heile våren. Men jorda er god, ho inneheld mykje karbonatitt, ein bergart som gir svært god plantevekst. I starten slo dei med ljå. Seinare brukte dei hest til gardsarbeid, dei henta to tinker-hestar hesterasen som sigøynarar i Storbritannia avla fram i Masi. Bjørg ristar på hovudet: Det var også eit prosjekt. Vi leigde ein hesthengar, køyrde frå Masi i Kautokeino til Korsnes, heisa hestane i hengaren om bord i ei ferje vi hyra til dette, og heisa dei i land her. Det var om vinteren. Den yngste var berre halvanna år, den andre sju. Dei var ikkje redde for noko, anna enn når nokon smelte med tyggisen. Tor tok eit lynkurs på nettet i horsemanship og køyrde inn den yngste hesten. Men nå har traktoren trengt unna hestane, og dei måtte seljast for å gje plass og fôr til sauene, sjølv om Bjørg liker hest langt betre enn traktor. Det er ulendt på Stjernøya. Derfor er det best å samle graset på ein plass, så kan den vesle rundballpressa deira stå stille og ordne opp. Barna kan fiske tusen kilo Ungane spreier seg i den lyse kvelden. Tolvåringen vurderer å dra ut for å fiske, det tener ho nokre kroner på når foreldra leverer fisken til fiskemottaket i Kvalfjord neste dag. Men det er litt vind, ho slår det frå seg. Ungane er opplærde til å arbeide. Kanskje reagerer du på at ein tolvåring drar ut i båt åleine, men dei kan dette. Barna har lov til å fiske inne i sundet, på yttersida er dei berre i pent vær. Etter reglane for fritidsfiske kan dei hente opp tusen kilo rund eller 600 kilo sløya fisk. Leverer dei for ein hundrelapp om dagen, er dei storfornøgde. Dei

Fiskarbonden Bjørg Shila Pettersen side 13 kan fiske sjølaks om sommaren. Det har Stine og Gaute gjort. Barna må bli fjorten-femten år før dei kan lære dette. Sjølaksfiske byr på meir arbeid, meir sjø og meir vind, men også god forteneste. Ingen må legge seg tidleg når det er sommar, da er leggetid eit framandord. Veslejenta Sandra er lys vaken, og lagar ei nydeleg vassfargeteikning til meg, med fiskebåt, blå bølger og ein lykkeleg sau. På 1970-talet fekk folk betalt for å flytte herifrå. Så kom Pollen-opprøret, folk gjekk til skattestreik og sette skatten inn på eigen konto. Som tilsvar fekk dei beskjed om dei ikkje kunne sende barna på skulen lenger. Tre andre bygder på øya vart fråflytta. I dag bur det knapt hundre menneske på Stjernøya, i Kvalfjord, Bia, Nordmannsnes og Pollen. Nå har storkommunen Alta endra haldning. Alt og alle må i båt Tor og Bjørg har ofte ikkje vatn om vinteren, og vonar kommunen vil hjelpe dei. Enten botnfrys det, eller brønnen går tom. Det er ei utfordring. Vi har ikkje vassverktilkopling, for det ville gå ut over alle dei andre her om vi kopla oss på. Vasstilgangen er for liten. Vi har henta vatn frå ei elv her ute, det tar lang tid og vi må i båt. Å få dei store tønnene heim på glatta kan vera svært vanskeleg. Vi har også reist til Kvalfjord og henta vatn. Vi har fått femti tusen til fres for å brøyte vegen og kjøpe kran for å heise i land tønnene. Heldigvis drikk ikkje sauene vatn om vinteren. Dei et snø. Eg har prøvd å gje dei vatn mange gonger, men dei vil ikkje ha. Da dei kom hit, var det heller ikkje gatelys. Ung ane gjekk med lommelykt til kaia og skuleskyssen i den døgnmørke vinteren. Først avslo kommunen søknaden om lys. Vi sende bilde og viste korleis det såg ut. Det var is over heile fjellet og i fjæra. Til sist fekk Tor løyve til å setja opp stolpane, deretter kom ein elektrikar, og lys vart det. Draumen er å få ferje kvar dag, med gods. Nå kjem skyssbåten hit berre to gonger i veka, og fem gonger til Kvalfjord. Alt gods, traktorar og anna stort utstyr, må vi frakte til Pollen frå Kvalfjord på eigen flåte. Skuleskyssen til Kvalfjord tar tolv minutt, og det hender han er innstilt på grunn av uvær. Men det skjer ikkje så ofte at det er plagsamt. Det er tungvint her, men ho seier at også ho visste kva dei flytta til. Alt må i båt, veden også, det veks ikkje skog på deira del av denne fjellrike øya, som berre har lokale vegstubbar. Men vi lever det gode liv. Eg kan ikkje tenke meg å jobbe ni til fire. Når dei andre ungane er på skulen, er Sandra hos farmor eller ei tante som bur på ein holme på andre sida av vika. Dit kan vi gå når det er fjære sjø. Framtid i foredling Dei har mange planar. Ein av dei er servering i andre etasje i det store naustet på kaia. Ho seier dei sjølve må foredle meir av fisken og kjøtet, det er ikkje lønsamt å selja til fiskemottaket og Nortura. Store kvanta kjøt kan dei ikkje levere, det er ikkje nok jord. Dei planlegg eit saueslakteri på kaia. Dei kan laga boknafisk, som er etterspurt. Fisken skal hange i to veker. Så blir han filetert, salta og vakuumpakka. Det er arbeidsamt, men i staden for å få ti-tolv kroner kiloen ved fiskemottaket kan dei få 120 kroner. Da må dei ha meir arbeidskraft. Det er fleire som kan tenke seg å bu her ute, ikkje som fiskarar og bønder, men om dei hadde ein arbeidsplass. Fiskeoppdrett er også ein leveveg. Det er fire anlegg her, og fleire pendlar med katamaran frå Alta eller leiger hus i Kvalfjord, som er sentrum på Stjernøya. Der ligg skulen, fiskemottaket og butikken. Når det er sagt, lyt det føyast til at som fjordfiskarar er vi ikkje glade i oppdrettsnæringa. Det er ein terskelfjord her, der er det eigentleg ikkje lov å ha oppdrettsanlegg, for skiten blir ikkje ført bort. Vi merkar at

Astrid Brekken: Kvinnebønder side 14 fjæra blir sleip, og fisken skyr oppdrettsområda. Når dei flyttar etter tre år, kjem fisken att ende. Spenning og strev i fjøset Om bord i sjarken har ho sine oppgåver, Tor sine. Begge sløyar. All fisken dei leverer, må vera sløya, bortsett frå uer. Ho ynskjer å lære meir, både om fisking og jordbruk. I år var ho åleine med lamminga, Det var nervepirrande, men berre tre hadde feilstilling. Søya pressa og ho drog, det gjekk bra. Jurbetennelse har dei aldri hatt, heller ikkje sjuke lam. I år er første gongen ho har kopplam. Tor har klipt sauen tidlegare, han kan alt. I år måtte eg til pers åleine, han drog på fiske saman med ein annan kar. Den eine fekk eit lite kutt i låret. Så var det 49 igjen. Ein av ungane heldt hovudet. Kor mange for dagen? Uff, må vi snakke om det? Tre kanskje. Eg hadde jo andre ting å gjera også. Villsauene skal felle ulla sjølve, men det skjer ikkje i dette klimaet. Det er to til som har sau i Pollen. Dei har bei te lag, og sankar saman. Det vil seia, hennar sau vil ikkje menge seg med kvit sau, så dei sankar kvitsauen først. Dei spreier seg på beite, så det tar eit par-tre dagar. Deretter bruker vi tre timar på å samle mine. Da kjenner eg meg oppofrande. Dei andre sauene er inne om vinteren, dei er frostpinnar. Kvar synest best om sine! Ho ler. Sauene hennar er tillitsfulle. Når ungsauene skal lamme, set ho seg i fjøset hos dei. Dei skrapar med føtene, jamrar seg og er forvirra, og slår seg meir til ro når ho kjem. Dei leiger 34 mål dyrka mark i Kvalfjord og fraktar maskiner og avling på flåten. Bjørg er glad i tørrhøy, ho liker ikkje frosne rundballar. I 2011 var dei heldige og tørka mykje på bakken. Året før var det ille. Hesjene knakk og graset bles av, dei hesja same graset tre gonger. Det er snart august, men onna er ikkje i gang, været har ikkje vore godt. Dei har fiska dei siste fjorten dagane. I sjarken ligg dagens fangst på

Fiskarbonden Bjørg Shila Pettersen side 15 is. Dei skal levere i morgon tidleg i Kvalfjord. Der skal dei samtidig setja meg i land, slik at eg kan ta rutebåten til fastlandet. Dei har gjort avtale med ein dei kjenner, som skal køyre meg att ende til Alta. Bussen går ikkje kvar dag. Det nærmar seg midnatt. Ute er kvelden framleis lys. Femåringen bestemmer seg for senga. Har aldri angra Da Bjørg kom til Stjernøya, 22 år gamal, arbeidde ho i eit år på fiskebruket i Kvalfjord. Ho måtte lære seg å køyre båt for å koma på jobb. Så vart det nye eigarar, og ho ikkje hadde jobb lenger. Da kjøpte ho ein liten båt og starta fiske. Tor hadde sjark og full kvote, men det var ikkje nok for ein stor familie, ho trong også båt med kvote. Så skaffa dei sau, dermed slapp dei i alle fall å kjøpe kjøt. Mykje av materialane til fjøset fekk dei av slekt og venner. Dei kjøpte tohjulstraktor, slåtten kan berre skje med ljå og tohjuling mellom bergknausane. I januar og februar er det mykje skitvær, og dei er ikkje på sjøen. Frå mars og utover er det torskefiske. I slutten av juni blir sauene frakta på beite. Dei eldre søyene forstår at dei skal på ferie og styrer i full fart mot flåten. Har vi dei i band, heng vi etter dei som slips. Når vi nærmar oss Kvinnenes, der dei skal i land, brekar sauene av glede. Ho lempar ut tallen sjølv for det meste, med greip. Ho tar nokre timar kvar dag, så leitar det ikkje så på ryggen. Slaktinga skjer i september-oktober, i november er det paring. Dei har to vêrar, og deler flokken i to. Alle søyene har tatt lam. Ho har aldri angra på at ho valde Stjernøya. Livet er likevel slik at ein har tunge dagar. Oktober og november er trasige, det er mørkt døgnet rundt, ingen snø. Da er det greitt å bruke mykje tid i fjøset. Eg set meg der, ser på sauene og høyrer at dei tygg. Tankane blir lettare. Desember kan vera fin, når det er snø, nordlys og måne. Februar er også trasig, da kunne ho gjerne reist til Syden, men der har ho aldri vore. Ungane skal få oppleva det. Gaute har vore i Sveits, han har ei gudmor der. Stine var i Tunisia saman med ei venninne. Nå står Erika for tur, ho skal til Thailand i lag med ei venninne og mora. Deretter er det Sondres tur, han er fjorten. Før Sandra vart fødd, var heile familien i Danmark, i Legoland og dyreparken. Rundt tjuande april skin sola igjen på huset i Pollen. Vil ha ullgris og ku Dei vil helst vera mest mogleg sjølvforsynte. Det er nok av bær på øya, blåbær, tyttebær og molter. Dei har fisk, kjøt og poteter. Ho seier dei er ikkje gode på luking og skulle gjerne hatt meir poteter. Ho drøymer om mange ting. Ho har lyst på eit par grisar. Det finst ullgris, dei kan gå ute heile året. Og ei ku, som nemnt. Nå bruker dei 18 000 kroner i året på mjølk. Med mjølk frå eigen buskap ville ho laga ost. Ho vil ha nokre høner. Ho vil laga iskrem. Dersom dei får til servering, lyt det vera etter avtale. Folk må i båt for å koma hit. Foreldra hennar bur i Vesterålen, og ho har ein bror og fire søstrer i ulike delar av landet. Berre faren og ei søster har vore her. Ingen av søstrene forstår korleis ho kan trivast på Stjernøya. Folk seier at ungane våre må vera einsame, dei utgjer halve skulen i Kvalfjord. Mor til

Astrid Brekken: Kvinnebønder side 16 dei fire eldste bur i Alta, men dei vil ikkje bu der. Kanskje får dei ei utfordring i vidaregåande. Da må dei til Alta og bu på internat, der blir det mange i klassen. Men barna våre er sjølvstendige og svært lite masete, det er dei lært opp til. Dei er vane med å rydde opp etter seg, og når vi arbeider mykje, blir det meir på dei. Dei er inne i vår sirkel. I sommarnatta ser Bjørg Shila Pettersen ut over vika mot den blå sjarken sin. Eg vil vera ute. Eg gjer helst alt anna enn husarbeid. Eldre folk er opphengde i at kvinnene skal stå ved kjøkkenbenken og trur at å ha kjerringane med på havet bringer ulykke. Særleg er det mannen som skal fiske kveita. Tor får ikkje kveite dersom ikkje eg er med. Åleine får han berre småfisk. Det er på same viset med eit par nabokarar, eg vart med dei etter ein svart dag. Da fekk dei kveite. Meir om livet på Stjernøya i Bjørg Shila Pettersens blogg: http://fiskerbonden.blogg.no/