SAKSPAPIR Høyringsuttale frå Ålesund kommune til Utviklingsplan for Helse Møre og Romsdal HF i planperioden 2019-2022 og framtidsutsikter mot 2035 Dokumentinformasjon: Saksbehandler: Astrid J. Eidsvik ArkivsakID: 12/1243 Tlf: 70 16 20 21 JournalpostID: 17/88056 E-post: postmottak@alesund.kommune.no Behandling: Saksnummer: Utvalg: Dato: Helse- og velferdsutvalget Bystyret Rådmannens innstilling: Ålesund bystyre sender høyringsuttale som føreligg i denne sak. Innleiing Det er ein omfattande utviklingsplan som er lagt ut til høyring frå helseføretaket. Dette er ein plan som skal gjelde for perioden 2019 2022, samstundes som han seier noko om framtidsutsiktene mot 2035. Innleiingsvis må det peikast på at dette er ein viktig plan for utviklinga av spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal, og derfor særdeles viktig at Ålesund kommune uttalar seg i saka. Utviklinga av spesialisthelsetenesta vil påvirke utviklinga av helse- og omsorgstenesta i kommunane i framtida. Det seier seg sjølv at det er uråd å kommentere alle punkta som er teke opp i planen. Rådmannen vil derfor konsentrere seg om det ein meiner er dei viktigaste områda å kome med merknadar til. Til slutt i høyringsuttalen, vil ein gi ein kort kommentar til dei spørsmåla som helseføretaket har bede om særskilte tilbakemeldingar på. Å lage ein utviklingsplan som bygg opp under dei geografiske utfordringane fylket gir, den demografisk utviklinga vår, stadig aukande krav frå pasientar, rivande teknologisk og medisinsk utvikling, sjukehusstrukturen i fylket og økonomien i føretaket, er svært krevjande. Rådmannen er noko usikker på om ein har lukkast med dette i den framlagde planen. Hovudårsaka til uvissa, skuldast at den økonomiske situasjonen til føretaket er særdeles utfordrande, og dette blir for lite problematisert i planen. Det vil derfor vere naturleg å stille spørsmål ved realismen knytt til om innbyggjarane fortsatt vil få eit godt spesialisttenestetilbod i eige fylke i framtida. Alternativet til pasientane om føretaket ikkje lukkast, vil vere å nytte seg av tilbod i sjukehus utanfor fylket. Generelle kommentarar til utviklingsplanen Utgangspunktet må vere at helseføretaket for framtida utviklar eit spesialisttenestetilbod på lik linje med det innbyggjarane i andre delar av Helse Midt-Norge og resten av landet får om vi ser vekk frå oppgåver som naturleg høyrer heime på universitetssjukehusnivå. Vi veit at vi har eit god tilbod i dag ved sjukehusa og institusjonane under helseføretaket i fylket. Utviklingsplanen handlar om framtida og korleis innrette tilbodet til å vere på same gode nivå innan trangare økonomiske rammer. Vi som innbyggjarar og pasientar vil stille krav om at føretaket held tritt med den faglege utviklinga som
skjer elles i landet ved å ta i bruk både ny teknologi og nye behandlingsmetodar. Dette krev at personalet er fagleg oppdatert, at ein har dei rette spesialistane, at føretaket har moderne bygningsmasse og utstyr, der ein samhandlar med brukar, pårørande, kommunehelseteneste, andre sjukehus og private aktørar som i sum gir eit godt pasienttilbod i framtida. Denne utviklinga vil stille store krav til både driftsmidlar og investeringsmidlar, samstundes som det vil stille andre krav til korleis oppgåvene blir organisert og til nye leiarroller og organisasjonsmodellar. Utviklingsplanen tek føre seg desse punkta på ein god måte, men når det kjem til dei økonomiske utfordringane både på drift- og investeringssida, er dette ikkje tilfredsstillande omtala. Korleis vil helseføretaket møte utfordringane og krava frå pasientane med knappare økonomiske rammer? Vi veit at det er personellressursane som representerer dei største driftsutgiftene. Å drifte tenester 24/7/365, er svært kostbart. Dette erfarer også kommunehelsetenesta, der vi til ei kvar tid vurderer kostnad opp mot nytteeffekt og organisering av ulike tilbod. På same måte må også helseføretaket tenkje i si organisering av tenestene. Det er flest kvinner som tek legeutdanning i dag. Samstundes veit vi at unge legar ikkje ønskjer å ha så belastande vaktar/lange vaktar som ein var vant med tidlegare. Dette i kombinasjon med auka krav om eigne vaktordningar i takt med auka spesialisering, vil gjere at vaktordningane blir stadig meir ressurskrevjande framover. Fleire legar må rekrutterast i ein konkurrerande marknad, og det vil koste langt meir å halde igong vaktordningane. Dette gjer at ein naturleg nok må stille spørsmål ved om det er mogleg å halde tritt med utviklinga med den organiseringa ein har av vaktberedskapen i sjukehusa i dag. Dess fleire vaktordning ein har innan ulike fagområde, dess mindre ressursar blir det til å kunne spisse tenestetilbodet i fylket. Meir og meir standardisering av metodikk vil krevje lik bemanning uavhengig av kor mange pasientar som blir behandla gjennom døgnet. Dette betyr i neste omgang at økonomien tvingar helseføretaket til å gjere sjukehusa meir og meir lik, og den differensierte strukturen vi har i dag vil truleg bli utviska. På denne måten kan vi risikere å sitje att med kun sjukehus for dei vanlegaste sjukdomane, medan fleire og fleire pasientar må reise ut av fylket dvs. til universitetssjukehuset for å få tilbod som vi i dag har i eigen regi. Dette er ei ikkje ønskja utvikling av tilbodet i fylket. Vi har som tidlegare nemnt eit godt spesialisert tilbod til innbyggjarane våre i dag. Om dette skal fortsetje i framtida må ein vere villig til å gjere endringar. Det må vere rettare at einskilde pasientar får ei noko lengre reisetid internt i fylket enn at mange pasientar må reise langt for tilbod som vi har hatt tradisjonar for å handtere i eige fylket. Dette må helseføretaket vere tydelegare på i planen sin som skal seie noko om utviklingstrekk heilt fram til 2035. Kommentarar til einskilde kapittel i utviklingsplanen; Mandatet I det første kapitlet omtalar helseføretaket mandat og arbeidsform. Planen understrekar at det skal leggjast vekt på ei samanhengande teneste basert på samhandling og oppgåvedeling, der kommunehelsetenesta vil vere ein viktig samhandlingspartnar, samstundes som det blir understreka at det blir forventa at kommunane får fleire og meir krevjande oppgåver framover. Kommunane har vore involvert gjennom ulike møteplassar gjennom arbeidet med planen, utan at ein har deltatt direkte verken i styringsgruppa eller i koordineringsgruppa. I ein så omfattande plan der kommunane har ei viktig rolle, burde representantar frå kommunane vore med i styringsgruppa. Å sitje «ved bordet» gir andre signal om å bli tatt med i prosessen på enn i store samhandlingsfora. Generelt sett bør det opprettast fleire møteplassar mellom dei to forvaltningsnivåa for å sikre pasienten si helseteneste for framtida. Kun gjennom samarbeid vil ein klare utfordringa.
Det må vere ein klar føresetnad at dei overordna faglege rammer og retningslinjer gjeld for korleis tilbodet til pasientane i Møre og Romsdal blir utvikla. Føretaket bør som hovudregel følgje faglege retningslinjer som blir utvikla nasjonalt der utgangspunktet er til det beste for pasienten. Unntak kan kun vere der det av geografiske årsaker gjer det nødvendig å vike frå desse retningslinjene. Dette vil først og fremst gjelde spørsmål om behandling i fylket opp mot flytting av tilbod til St.Olavs Hospital. Det er langt til Trondheim for dei fleste av innbyggjarane i Møre og Romsdal. I slike spørsmål må helseføretaket vere tydeleg på at kvaliteten er like god om tilbodet skal vere lokalt, slik at pasientane blir sikra eit like godt behandlingstilbod eller betre, ved å slippe belastninga med å reise. Nosituasjonen Utvikling av gode pasientforløp føreset at ein planlegg heile forløpet dvs. frå heim/inst. tilbake til heim/inst. Dette krev samhandling på tvers av tenestetilboda og på tvers av forvaltningsnivåa. Dette bør understrekast endå sterkare i planen. Standardisering av pasientforløp skal sikre lik og tilpassa pasientbehandling. Dette bør også sikre likare bruk av sjukehustenester mellom kommunane. Ein kan ikkje akseptere så store forskjellar som tabellane i kapittel 2 viser, verken på bruken av sjukehusa eller tal liggjedøgn. Ålesund er nøgd med at vi brukar både færre døgnopphald pr 1000 innbyggjarar og færre liggjedøgn pr 1000 innbyggjarar enn snittet i fylket. Ein ser ofte at vertskommunar til sjukehus ligg høgre i sjukehusbruken enn andre kommunar. Dette ser ein altså ikkje for Ålesund kommune. Kvifor det er slik, er vanskeleg å svare på. Det kan vere ulike faktorar som spelar inn. Ein indikasjon kan vere at vi har eit godt kommunehelsetenestetilbod i Ålesund. I eige underkapittel, 2.3.1, gir helseføretaket ein oversikt over oppgåve- og funksjonsfordeling mellom dei ulike sjukehusa. I dette kapitlet må det understrekast tydeleg dei vedtaka som er gjort i Helse Midt-Norge og i styret for Helse Møre og Romsdal; at Ålesund sjukehus skal vere det mest differensierte sjukehuset i fylket vårt og det mest differensierte sjukehuset etter St. Olavs Hospital i Helse Midt-Norge. Dette forpliktar også i plansamanheng. I underkapittel 2.5.3 der klinikkane har meldt inn korleis dei ser på bemanning og kompetanse i framtida i lys av nosituasjonen, sakna vi ein tydeleg strategi for kva som må til for å løyse utfordringane i framtida. Kva er konsekvensane av rekrutteringsvanskane ein opplever i dag og kva betyr det for organiseringa av tilbodet i framtida? Innan nokre av fagområda ser ein ulike løysingar, medan andre har problem med å sjå slike løysingar. I dag ser ein at rekrutteringsvanskar ofte blir løyst gjennom dyre vikarordningar. Dette er verken god økonomi eller god kvalitet på lengre sikt. Innan dei fagområda der ein ikkje ser løysingar på rekrutteringsutfordringane, bør ein vere tydeleg på at andre løysingar av organisatorisk art bør iverksetjast. Fylket er ikkje tent med tilbod som ikkje vil vere av høg og stabil kvalitet. Kampen om kompetansen vil ikkje bli enklare i åra framover der vi veit at det blir stadig færre i yrkesaktiv alder. Kapittel 2.6.1 omhandlar forsking. Det er imponerande den forskningsaktiviteten som er drive fram i helseføretaket dei siste åra. Dette har vore eit bevisst satsingsområde som no viser resultat. Forskning gir kvalitet i tenestene samstundes som det også gir andre ringverknadar m.a. arbeidsmiljømessig, noko som dermed kan verke rekrutterande. Vi er nøgd med at helseføretaket trekk fram at ein ønskjer å trekkje sterkare kommunehelsetenesta med som samarbeidspartnar i forskningsprosjekt. Forskning vil i framtida for kommunehelse- og omsorgstenesta bli eit satsingsområde. For å lukkast med ei slik satsing, må ein ha eit godt samarbeid både med helseføretaket og forskingsinstitusjonar, som for vårt vedkomande vil vere NTNU. I dei neste kapitala omtalar føretaket økonomien og utfordringane ein ser framover, både knytt til realisering av nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal, behovet for investeringar ved Ålesund og Volda sjukehus knytt til både dei bygningsmessige tilhøva og behovet for medisinsk teknisk utstyr. Korleis helseføretaket vil klare desse økonomiske utfordringane er lite drøfta. Utanfrå ser dette
svært vanskeleg ut, og ein er noko spørjande til om dette er realistisk å klare utan ektra tilføring av ressursar. Om helseføretaket skal vere truverdig utad for at dette kan løysast, må føretaket bli mykje meir spesifikk på kva tiltak som vil vere nødvendig for å lukkast. Det er verdt å merke seg at utviklingsplanen seier: «Når SNR er etablert og teke i bruk, er det i perioden 2023-2026 planlagd å bruke 1,2 milliard kroner til vidareutvikling av anna bygningsmasse i føretaket, og da særleg sjukehusa i Ålesund og Volda. I arbeidet med oppdatering av den bygningsmessige utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal HF, skal det ved prioritering av investeringsmidlar takast omsyn til at Ålesund sjukehus er det mest differensierte og eldste sjukehuset i føretaket. Moglegheiter for driftsmessige satsingar og nye investeringsprosjekt avhenger av om ein har økonomisk bærekraft til å dekke kostnadene.» Ålesund kommune forventar at det blir lagt ein tydeleg og realistisk plan for å kunne starte rehabiliteringa av Ålesund sjukehus snarast og seinast etter at SNR er kome i drift. Om Ålesund sjukehus også etter 2022 skal framstå som det mest differensierte sjukehuset i regionen etter universitetssjukehuset, må det vere eit krav at hovudbygningsmassen frå 1971 blir oppgradert til moderne standard både bygningsmessig og utstyrsmessig. Med bygningsmessig standard meinast i denne samanheng same standard som det nye sjukehuset SNR. I kapittel 2.9.3, 2.9.4 og 2.9.5 omtalar utviklingsplanen framtidig behov for utstyr som naturleg høyrer heime ved sjukehus i fylket vårt. Dette gjeld robotar til bruk innan kirurgi, PET-scanning og PCI. Slikt utstyr fins i dag ved St. Olavs Hospital i regionen vår. Den medisinske utviklinga tilseier at slikt utstyr også bør finnast ved Ålesund sjukehus. Vi ser no at fleire og fleire av nummer 2 sjukehus i regionane elles i landet, planlegg slikt utstyr. Å få PCI-tilbod til Ålesund heng også saman med å gi eit likeverdig behandlingstilbod til innbyggjarane. Langt færre sunnmøringar får tilbod om PCIbehandling enn resten av regionen. Dette heng saman med avstanden til universitetssjukehuset. Slik kan vi ikkje ha det i framtida! I kapittel 2.11 og 2.12 blir samhandlinga med kommunane omtala. Generelt kan ein seie at vi i kommunen er opptekne av at samhandlinga med helseføretaket skal fungere godt til pasienten sitt beste gjennom m.a. gode pasientforløp og god dialog mellom partane. I tronge økonomiske tider, kan dette vere krevjande å få til. Både helseføretak og kommunen har økonomiske rammer som tilseier at samhandlinga blir sett på prøve. Det er derfor særdeles viktig at begge partar har pasientfokuset i samhandlinga. Nye oppgåver har stadig blir flytta over til kommunane gjennom m.a. samhandlingsreforma. Dessverre blir slike reformer ikkje fulgt opp med nødvendige økonomiske føresetnadar for å lukkast på ein god måte. Ålesund kommune har arbeidd systematisk over lengre tid med å oppfylle krava i samhandlingsreforma, og vi kan vel seie at vi er nøgde med det vi har klart å få til i ei Robek-tid. Dersom nye oppgåver skal flyttast til kommunen, må det vere ei klar føresetnad at ressursar følgjer med. Dette må ligge i botnen. Då kan vi også verre villige til å ta nye oppgåver. Uansett må vi heile tida ha som utgangspunkt at det skal vere eit godt samhandlingsklima med helseføretaket som bygg på tillit mellom partane. Svar på spørsmåla som føretaket ønskjer tilbakemelding på: 1. Gir faktagrunnlaget ei god framstilling av dagens situasjon? Vi meiner at faktagrunnlaget som er presentert i utviklingsplanen gir ei god framstillinga av situasjonen i dag. Det einaste vi vil peike på, er at helseføretaket er for lite tydeleg på kva dei økonomiske utfordringane vil få av konsekvensar for drifta og investeringar både på kort og lang sikt. 2. Er utviklingsdrivarane og endringsfaktorane for utviklinga i helsetenestene tilstrekkeleg belyst?
Vi delar synet til helseføretaket på kva som vil vere utviklingsdrivarane og endringsfaktorane for utviklinga framover. For å kunne lage ein utviklignsplan i eit 25 års perspektiv, meiner vi at det er vanskeleg å vere tydelegare på dette enn det som kjem fram i planen. 3. I planen er det satt opp nokre prioriterte innsatsområde innanfor dei ulike perspektiva (klinikknivå, føretaksnivå og samhandling). Er det andre områder som bør løftast fram for å sikre framtidsretta pasientbehandling? Igjen vil Ålesund kommune understreke bekymringa knytt til dei økonomiske utfordringane som føretaket har. Økonomien vil langt på veg blir styrande og avgjerande for korleis ein ser føre seg pasienttilboda vil bli organisert for framtida. Dette bør helseføretaket vere tydelegare på. 4. Vil tiltaka som er skissert i kapittel 6 vere med på å møte utviklinga i helsetenestene? Er det andre tiltak som bør løftast fram i planperioden? Kapittel 6 har svært mange tiltaksområde ut frå dei valde prioriteringane. Kommunen sluttar seg til dei områda som er prioritert og dei vurderingane som føretaket har gjort. Eit punkt knytt til private avtalespesialistar saknar vi blir drøfta. I dag er det slik at vi har relativt få avtalespesialistar samanlikna med resten av regionen. Avtalespesialistar er god desentraliseringspolitikk. Å tenkje at fleire spesialistar som tradisjonelt har høg produktivitet med lavt behov for støtteteneste får avtale med helseføretaket ute i distrikta, burde vore meir drøfta. Produktivitet bør ligge til grunn for utplassering av lokale tenester. Dette bør gjelde både for inngåing av avtalar med privatpraktiserande spesialistar så vel som for andre ambulante tenester som skal utviklast. 5. Satsingsområda og prioriteringane i utviklingsplanen må vere innanfor dei økonomiske rammene vi forventar å ha i åra framover. Vil det vere andre satsingsområde eller prioriteringar som bør gjerast for å sikre dette? Igjen vil kommunen peike på dei store økonomiske utfordringane helseføretaket har opp mot dei ambisjonane ein har framover både på investeringar og drift. På driftssida vil ein leggje vekt på omstillingsarbeid/effektivisering. Dette er noko som alle organisasjonar må gjennom då vi ikkje kan forvente tilsvarande vekst gjennom årlege løyvingar over statsbudsjettet i framtida. Dette blir krevjande å klare. Omstillingsarbeid krev tid og fokus på sterk styring og leiing, må til. Vi tvilar ikkje på at helseføretaket vil klare omstillingsarbeidet, men ambisjonane er svært høge. Kva følgjer omstillingsarbeidet får for m.a. organiseringa av tenestetilbodet, burde vore meir konkretisert utover dei omleggingane som eit kvart helseføretak må gjere framover utan så store økonomiske utfordringar som Helse Møre og Romsdal har framover. For siste spørsmålet under punkt 5, viser ein til det som er sagt om avtalespesialistar under punkt 4. Astrid J. Eidsvik rådmann Vedlegg: 1. Sak 2017-62 - Vedlegg 1 - Utviklingsplan for Helse Møre og Romsdal HF - Høyringsutkast 2. Sak 2017-62 - Vedlegg 2 - Høringsbrev og høringsinstanser