Sakshandsamar, telefon Håvard Rød, 5557 2143 Vår dato 04.04.2017 Dykkar dato 07.02.2017 Vår referanse 2017/1798 331.1 Dykkar referanse Voss kommune, Postboks 145, 5701 Voss VOSS KOMMUNE - BUDSJETT 2017 Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016. Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60. Etter 15 i forskrifter om årsbudsjettet skal årsbudsjettet, slik det er vedteke av kommunestyret, liggja føre som eige dokument innan 15. januar. Økonomiske oversyn må vera utarbeidd innan 1. mars i budsjettåret. Etter kommunelova 45 tredje punkt skal innstillinga til årsbudsjett ha vore lagt ut til offentleg gjennomsyn i minst 14 dagar før handsaming i kommunestyret. Det er lagt opp til same skatteøyre for kommunane i 2017 som i 2016, 11,8 prosent. Frie inntekter Kommunen har budsjettert med kr. 379,6 mill. i skatt på eige og inntekt for 2017. I 2016 var det ein samla skatteauke for kommunane i landet på 9,7 prosent. Det er no rekna med ein skatteauke for kommunane frå 2016 til 2017 med 1,5 prosent. Kommunen sitt skattenivå i 2016 var 87,6 prosent av landsgjennomsnittet. I rammeoverføring til kommunane er det symmetrisk inntektsutjamning. Kommunar med skattenivå over landsgjennomsnittet får eit trekk i 2017 tilsvarande 60 prosent av differansen mellom eige skattenivå og landsgjennomsnittet. Kommunar med skattenivå under landsgjennomsnittet får kompensasjon i 2017 tilsvarande 60 prosent av differansen mellom landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunar med skattenivå under 90 prosent av landsgjennomsnittet får også tilleggskompensasjon tilsvarande 35 prosent av differansen mellom 90 prosent av landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunen sine frie inntekter består av ordinær skatt og statleg rammeoverføring, medrekna inntektsutjamning. Sum frie inntekter er budsjettert til kr. 799,5 mill. Fylkesmannen i Hordaland Postadresse: Postboks 7310, 5020 Bergen Besøksadresse: Statens hus, Kaigaten 9, Bergen Telefon: 55 57 20 00 Kommunal- og samfunnsplanavdelinga Kontakt: www.fylkesmannen.no/melding Nettside: www.fylkesmannen.no/hordaland Org.nr: 974760665
Inntektsprognosen for 2017 er no oppdatert med endelege innbyggjartal per 01.01.2017 og innkomen skatt i 2016. Grunnlaget for inntektsutjamninga vil vere innbyggjartal per 01.01. 2017. For innbyggjartilskot og utgiftsutjamninga med aldersfordeling er grunnlaget innbyggjartal per 01.07.2016. Departementet (KMD) har gjort førebels utrekning som syner at kommunen kan forventa å få kompensasjon for reduksjonen i basistilskotet. Pårekna kompensasjon er, for overgangsperioden 2017-2019 fram til ei kommunesamanslåing trer i kraft, utrekna til kr. 4.125.000,- årleg. Dersom vi tek omsyn til den nemnde pårekna kompensasjonen i overgangsperioden, er dei samla frie inntektene i budsjettet mest sannsynleg realistiske. Eigedomsskatt Det er vedteke eigedomsskatt for faste eigedomar i heile kommunen, jf. eigedomsskattelova paragraf 3 a. Eigedomsskatten for 2017 er vedteken med sju promille på verk og bruk. For bustader og fritidseigedomar er skattesatsen vedteken til 3,0 promille. Det er budsjettert med kr. 60,1 mill. i eigedomsskatt for 2017. Eigedomsskatten er auka med i overkant av kr. 2,0 mill. i budsjettet for 2017, samanlikna med innkomen skatt i 2016. Auken skuldast i hovudsak at satsen på bustad og fritidseigedomar er auka frå 2,6 promille i 2016 til 3,0 promille i 2017 og som følgje av nytaksering. Andre inntekter Det er budsjettert utbytte frå Voss Energi med kr. 4 ½ mill. for 2017. Det er budsjettert med kr. 2,5 mill. i utbytte frå BKK i 2017 (0,62 prosent av kr. 400 mill.). Pris og kostnadsvekst Den samla pris- og kostnadsveksten i kommunane (kostnadsdeflatoren) er i statsbudsjettet 2,5 prosent. I dette inngår pårekna lønsvekst med 2,7 prosent. Avdrag I økonomireglane er det gitt minimumskrav for storleiken på årlege avdrag. Etter kommunelova 50 sjuande ledd kan attståande løpetid for kommunen si samla gjeldsbyrde ikkje overstiga den vegde levetida for kommunen sine anleggsmidlar ved det siste årsskiftet. Kommunelova set eit minstekrav til totale låneavdrag for kommunen. Ein hovudregel vil vere at årlege låneavdrag som eit minimum må utgjere om lag 3 ½ - 4 prosent av lånegjelda ( når formidlingslån og avdrag på slike lån ikkje er rekna med ). Fylkesmannen tilrår kommunane at dei ordinære avdraga minst er på dette nivået. Det er budsjettert med kr. 44,3 mill. i ordinære avdrag (utanom avdrag på formidlingslån). Dei budsjetterte avdraga oppfyller det tilrådde minstenivået for ordinære avdrag på minst fire prosent av netto lånegjeld. Kommunen tek opp lån til investeringar med nedbetalingstid på 25 år. 2
Driftsresultat Kommunelova 46 punkt 6 legg til grunn at det blir budsjettert med eit driftsresultat som minst er tilstrekkeleg til å dekka renter, ordinære avdrag og nødvendige avsetjingar ( inkl. inndekning av underskot ). Paragraf 3 i forskriftene om årsrekneskapen presiserer nærare det driftsrekneskapen og investeringsrekneskapen skal omfatta. Som hovudregel må til dømes ei inntekt og innbetaling som ikkje er ordinær bli ført i investeringsrekneskapen. Det er eit netto driftsunderskot i budsjettet med kr. 3,0 mill. Dette underskotet er planlagt dekt med bruk av disposisjonsfond. Kommunen bør ikkje budsjettera med netto driftsunderskot. Det bør ikkje leggjast opp til større forbruk i budsjettet enn dei årlege driftsinntektene gir grunnlag for. Det tekniske berekningsutvalet for kommunal og fylkeskommunal økonomi har tilrådd eit nivå for netto driftsoverskot, i prosent av driftsinntektene, på minst 1 ¾ prosent for kommunane generelt. Fylkesmannen si vurdering er at netto driftsoverskot bør vere noko høgare enn 1 ¾ prosent av driftsinntektene for å kunne handtere svingingar i inntektene og for å ha stabilitet i tenestene. Kommunen har utgiftsført premieavvik for pensjon i det første året etter at netto pensjonskostnad har oppstått. Det har bidrege positivt med omsyn til kommunen sin likviditet samanlikna med dei kommunane som har fordelt utgiftsføringa av premieavvik på fleire år framover. I rekneskapen for 2016 er det eit netto driftsoverskot med om lag kr. 35,3 mill. Netto driftsoverskot i rekneskapen utgjer om lag kr. 2,9 prosent av driftsinntektene. Positivt resultat i 2016 vil for ein stor del skuldast ekstraordinær skattevekst for kommunesektoren. Skatteveksten i 2016 var berre mellombels og blir ikkje vidareført utover det eine året. Etter netto avsetjingar er det mindreforbruk i rekneskapen for 2016 med kr. 2,2 mill. Netto driftsoverskot blir bl.a. nytta til å styrka disposisjonsfondet. Investering, lånegjeld og kapitalutgifter I 2017 er det planlagt brutto investeringar for til saman kr. 143 ½ mill. Det er etter fråtrekk for momskompensasjon. Dei største investeringane er i nytt symjeanlegg, barnehage, omsorgsbustader og barnebustad/ avlastningsbustad. Investeringane er for ein stor del planlagt finansierte med ordinært låneopptak, kr. 132,1 mill. I tillegg blir investeringane finansierte med tippemidlar og statleg investeringstilskot. Kommunen vil få leigeinntekter frå omsorgsbustadene. Vi har rekna ordinær langsiktig gjeld per 31.12.2015 for kommunane samla i fylket, utanom Bergen, til kr. 73.804,- per innbyggjar. I dette talet er ikkje pensjonsforplikting medrekna. Det tilsvarande talet for kommunen er kr. 72.806,-. 3
Kommunane samla i fylket, utanom Bergen, har eit gjeldsnivå som ligg noko høgare enn landsgjennomsnittet. Landsgjennomsnittet si langsiktige lånegjeld ved utgangen av 2015 var kr. 70.482,- per innbyggjar. Pensjonsforplikting er ikkje medrekna. Kommunen si brutto lånegjeld ved utgangen av 2016 er rekna til om lag kr. 1102,4 mill., eller kr. 75.950,- per innbyggjar. I samråd med Fylkesmannen vart den generelle låneramma utvida frå årleg kr. 15 mill. til årleg kr. 20 mill. frå og med 2016. I den ordinære låneramma inngår lån som ikkje er sjølvfinansierande. For 2017 er det lagt til grunn ei mellombels generell låneramma på kr. 40 mill. for å finansiera kommunen sitt investeringsbehov. Det er viktig å unngå at kommunen si lånegjeld blir for høg. Fylkesmannen legg difor til grunn at kommunen si generelle låneramme er kr. 20 mill. årleg frå og med 2018. Oppsummering Det er eit netto driftsunderskot i budsjettet med kr. 3,0 mill. Kommunen bør ikkje budsjettera med netto driftsunderskot. Det bør ikkje leggjast opp til større forbruk i budsjettet enn dei årlege driftsinntektene gir grunnlag for. Kommunen må unngå at kommunen si lånegjeld blir for høg. Fylkesmannen legg difor til grunn at kommunen si generelle låneramme er kr. 20 mill. årleg frå og med 2018. Med helsing Lars Sponheim Rune Fjeld ass. fylkesmann Brevet er godkjent elektronisk og har difor inga underskrift Gjenpart : Indre Hordaland revisjonsdistrikt, Postboks 274, 5702 Voss Hordaland fylkeskommune, Sekretariat for kontrollutval, Postboks 7900, 5020 Bergen 4
5