INNLEIING GARDBRUKAREN 4-7 DRIFTSBYGGET 8-15 LANDSKAPET REISELIVET 18-21

Like dokumenter
INNHALD INNLEIING GARDBRUKAREN 4-7 DRIFTSBYGGET 8-15 LANDSKAPET REISELIVET 18-21

Juvet Landskapshotell

Rapport resultat spørjeundersøking

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Tradisjoner for dyrking, sanking, fiske, fangst og plukking

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Landskapspark, kva kan det tyde for Myrkdalen?

Råd og tips i høve tilrettelegging av bustad v/åshild Nenseter Ergoterapeut og bustadrådgjevar NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Rapport fra Salone Satellite, Milano april av møbeldesigner MNIL Silje Nesdal. Tildelt NIL stipend for

2. generasjons distriktsbasert reiseliv noen funn og perspektiver

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

breivik sementvarer Forskalingsblokk og nopsastein frå Breivik kalkverk

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet

Referat frå MINTA møte

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Politisk program for Jølster KrF

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Trygg og framtidsretta

Innovasjonsmetoden vår

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Bygd, reiseliv og universell utforming felles og same sak

Førebuing/ Forberedelse

VINTERFJELLSKULE I EVENTYRLEGE MYRKDALEN

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit /

Vintervèr i Eksingedalen

6-åringar på skuleveg

basecamp Festvåg Et overnattingssted for friluftsturister Sissel Ellingsen Westvig Veileder: Bjørn-Otto Braathen Høst 2014

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - bygging av badestamp på Øvste Stigen

Stadbasert entreprenørskap og læring

ETNE VENSTRE

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

POTENSIALET FOR REISELIV PÅ VOSS

Sogn og Fjordane Bondelag

Tomannsbustad på Hotelltoppen. i Førde med 4 soverom, 2 stover og 2 bad m.m.

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

VOSS HERAD Bygd for alle

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - gjennoppføring av tilbygg på stølshuset på Åsen

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Smølåsen er for dem som elsker å være ute i naturen. 11 hytter i Smølåsen på Fidjeland i Sirdal

Møteinnkalling. Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: E-post Dato: Tidspunkt: 09:00

Mellom bakkar og berg. Felles oppsummering

Fastsatt av kommunalsjef helse og omsorg Retningslinje for tildeling av dagplass

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Attraktivt for oss attraktivt for andre! Landskap, regional utvikling og verdiskaping i Hordaland. Strategi- og næringsdirektør Jan Per Styve

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Til veljarane i Tysnes

67/67 SØKNAD OM DISPENSASJON FRÅ KRAVET OM ANTALL BYGG PÅ EIGEDOMMEN OG BYGGING AV ANNEKS FRÅ REGULERINGSPLANEN HEMSEDAL SENTRUM, TRØIM.

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Kommunereforma - Skremmande trugsel eller spennande moglegheit?

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

U-verdi: 0,10 / 0,16

Program for. Årdal Venstre

STØLSUTLEIGE I GLOPPEN

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR

Bjørnehiet SFO - informasjon

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Frøylandsbakken. Velkomen til Frøyland og Kvernaland! Siste byggetrinn 18 bustader på Kvernaland

Klepp kommune Tu skule

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

REGULERINGSPLAN FOR DEL AV GNR. 33 BNR. 9.

Rasjonalisering deling av landbrukseigedommar

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

«Årets Bedrift 2015» Slettvoll Møbler AS

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Løyve til motorferdsel Delegert vedtak

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

4.) Stedsanalyse. I denne analysen er Fotlandsvåg sentrum undersøkt i tre forskjellige rom : orienteringsrommet, hugsrommet og identifikasjonsrommet.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

REGIONALE IDRETTSANLEGG

Studieplan for BACHELORSTUDIET I NYSKAPING OG SAMFUNNSUTVIKLING ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB)

Møteinnkalling. Utval: Stølsheimen verneområdestyre Møtestad: Myrkdalen Hotell Dato: Tidspunkt: 12:00 15:30

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Månedsbrev Bikuben oktober 2016

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

Internevaluering Destinasjon Voss/ Voss Reiselivsråd. Framlegg frå arbeidsgruppa

HOVUDNETT FOR SYKKEL

Fem geometriproblem frå arkitekturen

Eit felles nyskapande løft på eit tradisjonsrikt felt. Ved prosjektleiar Jan Morten Wiland Nesse Hotell Norge

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Pedagogisk analysemodell

Inn på tunet. Utvikling av dagtilbod for heimebuande personar med demens i Gloppen v/prosjektleiar Merete Knoff

Transkript:

EI LØE I ENDRING

INNHALD INNLEIING GARDBRUKAREN 4-7 DRIFTSBYGGET 8-15 LANDSKAPET 16-17 REISELIVET 18-21 PRODUKTET 22-23 KONSEPTA 24-25 KOKONGEN 26-31 REIRET 32-37 HIET 38-43 MAURTUA 44-49 VÅTROM I TRE, BUDSJETT 50 VÅTROM I TRE, LUKSUS 51 PRODUKSJON OG OPPFØRING 52 MARKEDSFØRING OG DRIFT 53 OPPSUMMERING 54 side 2 side 3

Våren 2012 starta Voss kommune saman med OPA FORM arkitektar opp prosjekt Ei løe i endring. Prosjektet er eit samarbeid om arkitektur og design, knytt opp mot behov i reiselivsmarknaden. Fokus er å skapa ny næringsutvikling, og ta vare på den unike bygningsarven gjennom å utvikla modellar og forretningskonsept som kan gje næringsutvikling på gardsbruk som ynskjer å bruka gamle landbruksbygg i ny næring. Kulturlandskapet med regionalt tilpassa byggeskikk og materialval, er ein verdfull og dominant del av den norske kulturarven og skal synleggjørast i prosjektet. Arbeidsgruppa samansatt av OPA FORM arkitektar, produktdesignar Per Finne, reiselivsekspert Anne Grethe Bakke (daglig leder Destinasjon Voss) og representantar frå Voss kommune har utvikla eit opplevingsbasert reiselivsprosjekt i tomme driftsbygg. Prosjektet skapar ein ny felles strategi som bidrar til verdiskapning og innovasjon i landbruket og reiselivsnæringa, og samstundes verna om historiske bygningar og miljø. 15 gardbrukarar har danna grunnlag for utvikling av 4 konseptuelle overnattingsmodular. Kartlegging og analyse av bygningsmassen i landbruket, og reiselivets marknadsbehov, er konkretisert i designa prototypar tilpassa bygningar på aktuelle gardsbruk. Disse prototypar vil i neste fase produserast og vidareutviklast til ferdige reiselivsprodukt og slik danna ein ny næring på gardsbruk på Voss. Voss er særprega ved å væra den største jordbrukskommunen i Hordaland, og ved å ha ein offensiv reiselivspolitikk basert på opplevingsbasert turisme. Fråflytting og nedlegging i landbruket skapar eit stort overskot av tomme driftsbygg knytt til landbruk i landskapet på Voss. Det same landskapet er grunnlag for omfattande naturbaserte aktivitetar Mange gardbrukarar riv løene sine, andre lar dei forfalla, løer som blir ståande krev omfattende vedlikehald. Prosjektet Ei løe i endring er opptatt av å ta vare på det unike i landskap og bygg, og har gjennomført omfattande analysar for å avdekke autensiteten og dei kvalitetane som er her. Analysane er gjort utifrå ein kulturhistorisk kontekst, men og gjennom fenomenologisk tilnærming. side 4 side 5

GARDBRUKAREN KJERSTI S. NESSET KARI OG HANS SKEIE TURID OG TORMOD SUNDT TERJE GRÆE VALBORG INGRID SKUTLE KARI MØRKVE JORDALEN KLØVE-GRAUE OG INGE EINAR JORDALEN Voss er den største jordbrukskommunen i Hordaland. Gardbrukaren er ein av dei viktigaste gruppene næringsdrivande i kommunen. Men det er ikkje lett å drive gard på vestlandet i dag. Avkastninga er dårleg, og mange må ha andre jobbar ved sida av for å få økonomien til å gå rundt. Dei siste ti åra har rundt 200 bønder lagt ned drifta på Voss, og drifta er under store omleggingar. Ei løe i endring ynskjer å sette fokus på verdien i det arbeidet desse menneska gjer, og samstundes legge til rette for at gardbrukaren kan bruke unytta ressursar på garden til alternativ næringsutvikling. Gardbrukaren er utgangspunktet, og ein aktiv aktør i dette prosjektet. Prosjektet søkjer å avdekka eigaren si interesse for nybrotsarbeid i forhold til innovativ bruk av tradisjonelle driftsbygg. Ei løe i endring skal legge til rette for ei tilleggsnæring som speler på lag med bonden si hovudnæring og bygger på bondens ynskjer, behov og engasjement. Gjennom folkemøter, mediaoppslag og direkte kontakt er det valgt ut 15 aktuelle garbrukarar. Utvalget er basert på beliggenheit, type bygg samt interesse og initiativ frå kvar gardbrukar. Utvalget speglar mangfaldet av garbrukarar på Voss. side 6 side 7

ANNLAUG OG ROLF REKDAL RAGNE ELISE BERRE YNGVE BERRE TUVA OG MIKKEL JOHS TVILDE RENATE LUNDE GEIR OG IVAR LØNE OVE HENNING BJØRSVIK BERRE REBECCA BJØRSVIK side 8 side 9

DRIFTSBYGGET DAVIDHAUGEN DYRVEDALEN ELJE GJERNES GRAUO SKUTLE JORDALEN Modernisering og nedlegging i landbruket skapar eit stort overskot av tomme driftsbygg på gardar og i landskapet på Voss. Desse bygga representerer ein viktig del av vestnorsk byggeskikk og fortel ei historie om eit leveset som i dag vert sjeldnare og sjeldnare. Desse bygga vert ofte ståande som ei byrd for den enkelte gardbrukar både økonomisk og tidsmessig. Ei løe i endring ynskjer å snu perspektivet og sjå på desse tomme bygga som ein ressurs for alternativ næringsutvikling og økonomisk vekst. Ein vil slik kunne ta vare på bygningsmassen, samstundes som bøndene kan tene økonomisk på det. Det er eit stort spenn i type driftsbygg som står tomme i dag. Alt frå store løer sentralt plassert i gardstunet, til avsidesliggande små sel og uteløer. Dette har potensiale i seg til å dekke forskjellige behov innan næringsutvikling. side 10 side 11

KJØNNAGARD VOSSABAKKEN TVILDE VETHE side 12 STAUP BREKKHUS HELLEVE side 13

DEN SUBLIME ATMOSFÆRA HISTORIA Dei gamle driftsbygga har kvalitetar som er heilt unike. Lysforhold, materialbruk og romforløp er faktorar som skapar ei atmosfære eller ei kjensle av autensitet og tilhøyrigheit samstundes som det ligg ei eim av noko mystisk og lada i desse romma. Det er opplevinga av dette som er grunnsteinen i prosjektet, og det som er målet å bygga vidare på. Atmosfæra er noko som fort forsvinn ved nødvendige tilpassingar til ny bruk av slike bygg. I dette prosjektet skal den i staden bevarast og framhevast gjennom å aktivisere romma som dei er. Desse bygga har ei lang og innhaldsrik historie. Her ligg kunnskap og forteljingar om menneske og samfunn, bygg og arbeid. Verdien i historieforteljinga er viktig. Det er menneska som eig, driv og bur i husa som kan fortelje denne historia. side 14 side 15

TUNET ANALYSE AV TYPISK TUNSTRUKTUR I LANDSKAPET PÅ VOSS mobile einheiter plassert inne i tomme hus + nødvendig vedlikehald av eksisterande bygningar tun uterom bustad veg uthus løe Gamle driftsbygg vert ståande Som ytterste konsekvens vert Tilpassing til ny bruk innebær Gjennom å addere i staden for å Ved å utføra nødvendig vedlikehald/ restaurering av løa slik den er vil ein bevara byggets eigenart. Addering av nye heilklimatiserte volum som tomme. Dei vert ein utgiftspost bygga rivne eller dett ned, og ofte etterisolering og vesentlege bygge om får ein ei rom-i-rom sjølvstendige einingar inne i eksisterande bygningsmasse vil kunna gi bygget nye kvalitetar og funksjonar som gjer at bygget kan brukast på nye utan å gi noko konstruktivt ein mistar viktige element i endringar av fasade og løysing som bevarar både tunet måtar. Dei nye romma skal vera relativt mobile, og kunna fjernast. Ein vil slik kunne tilbakeføra bygget til sin tidlegare bruk, eller tilpassa den ein tilbake. tunstrukturen sin karakter. bygningskropp. Ein bevarar og det eksisterande bygget sin ny bruk utan store økonomiske eller praktiske utfordringar. tunet sin karakter, men ikkje karakter. Slik kan nye funksjonar bygget sin. leggast til etter behov. side 16 side 17

LANDSKAPET TERRENGSYKLAREN Å FORFLYTTE SEG I LANDSKAPET gå sykle padle gå på ski køyre bil fly GRUPPETURISTANE TERRENGSYKLAREN SKIKØYRAREN PADLAREN KÅRSTOVA LÅVEN Landskapet på Voss er ein svært aktuell arena for aktivitet og oppleving. Friluftsturistar bevegar seg i og gjennom landskapet i forskjellig tempo, og skapar relasjonar til landskapsrom og stader. KVERNHUSET KUNNA FUNGERA SOM EIT FØREGANGSPROSJEKT FOR KULTURBASERT PADLAREN NÆRING KNYTTA OPP MOT DESIGN. UTELÅVEN SKIKØYRAREN Ein låve i endring, MAMA arkitekter Å STOPPE TUNET 1.04 FRÅFLYTTING OG NEDLEGGING I LANDBRUKET SKAPAR EIT STORT OVERSKOT AV TOMME DRIFTSBYGG KNYTT TIL LANDBRUK I LANDSKAPET PÅ VOSS. DET SAME VANDRARANE LANDSKAPET ER GRUNNLAG FOR OMFATTANDE NATURBASERTE AKTIVITETAR. DEI TOMME LÅVANE KOMBINERT MED AKTIVITETANE UTGJER EIT STORT POTENSIALE SOM REISELIVSNÆRINGA KAN DRA NYTTE AV. ete kvile vaske sove oppleve meditere Ein låve i endring, MAMA arkitekter TUNET GRUPPETURISTANE LANDBRUK I LANDSKAPET PÅ VOSS. DET SAME LANDSKAPET ER GRUNNLAG FOR OMFATTANDE NATURBASERTE AKTIVITETAR. DEI TOMME LÅVANE KOMBINERT MED AKTIVITETANE UTGJER EIT STORT POTENSIALE SOM REISELIVSNÆRINGA KAN DRA NYTTE AV. Ein låve i endring, MAMA arkitekter Det ligg eit uutnytta potensiale i desse bevegelsane. Får ein folk til å stoppe, oppstår det ei møte. Eit møte mellom menneske bygg og stader. Det ligg bygg i landskapet som kan husa desse møta. I staden for ei natt på eit hotell i sentrum av Voss kan menneska sove ute i det landskapet dei er aktive i. side 18 1.03 side 19 N A U S T T U N KÅRSTOVA LÅVEN 1.03 U T E L Ø E S T Ø L VELLUKKA DESIGN TREKK MERKSEMD. UTFORMINGA SKAL VÆRA UTSLAGSGIVANDE FOR FRAMGANGEN OG PROSJEKTET VIL KUNNA FUNGERA SOM EIT FØREGANGSPROSJEKT FOR KULTURBASERT NÆRING KNYTTA OPP MOT DESIGN. Ein låve i endring, MAMA arkitekter

FAMILIEN ALPINISTEN FESTIVALDELTAKAREN FAMILIEN FALLSKJERMHOPPAREN FESTIVALDELTAKAREN SYKLISTEN 1 2 3 BACKPACKEREN 4 5 6 7 8 9 FALLSKJERMHOPPAREN ALPINISTEN LEIRSKULEELEVEN FJELLTURISTEN BACKPACKEREN FAMILIEN BRYLLUPSREISANDE ELVEPADLAREN LEIRSKULEELEVEN FESTIVALDELTAKAREN BACKPACKING CRUISE-TURISTEN SYKLISTEN CO2-NØYTRAL BRYLLUPSREISANDE EKSTREME FALLSKJERMHOPPAREN BILLIG MILLIONÆREN AUTENTISKE ALPINISTEN PENGE! FJELLTURISTEN CRUISE-TURISTEN MODERNE BACKPACKEREN DESIGN-ENTUSIASTEN FAMILIENSTEINKAST MEST ELVEPADLAREN MILJØVENLEGE MILLIONÆREN LEIRSKULEELEVEN TEAMBUILDEREN YOGA FESTIVALDELTAKAREN GARDSMAT DESIGN-ENTUSIASTEN SYKLISTEN FALLSKJERMHOPPARENBRYLLUPSREISANDE KURS/SEMINARDELTAKAREN ALPINISTEN TEAMBUILDEREN CRUISE-TURISTEN JULEBORDGJENGAREN BACKPACKEREN FAMILIEN KURS/SEMINARDELTAKAREN MILLIONÆREN LEIRSKULEELEVEN FESTIVALDELTAKAREN DESIGN-ENTUSIASTENJULEBORDGJENGAREN BRYLLUPSREISANDE FALLSKJERMHOPPAREN TEAMBUILDEREN STØY CRUISE-TURISTEN BACKPACKEREN ROEN HELIKOPTER KURS/SEMINARDELTAKAREN MILLIONÆREN LAND KULTURLANDSKAPET LEIRSKULEELEVEN JULEBORDGJENGAREN EIGE TUN DESIGN-ENTUSIASTEN GOURMET BRYLLUPSREISANDE TEAMBUILDEREN BARISTA SPESIALDESIGNA CRUISE-TURISTEN KURS/SEMINARDELTAKAREN MILLIONÆREN JULEBORDGJENGAREN DESIGN-ENTUSIASTEN TEAMBUILDEREN Reiselivsbransjen er i vekst på Voss, og det er 2 DOBBELTSENG 3 FLEIRSENGSROM FJELLTURISTEN ELVEPADLAREN REISELIVET KOMBINER EIT KURS I ELVEPADLING MED EI OVERNATTING I EI UTELØE VED ELVA DOBBELTSENG MED ELVEUTSIKT SKAL DU OG GJENGEN TIL VOSS PÅ BOOK EI LØE FOR DYKK SJØLVE. FESTIVAL? TRADISJONSRIKE OMGJEVNADER MED TOPP MODERNE FASILITETAR. 10-20 SENGEPLASSAR BADESTAMP + MOBILT UTEDO EIGEN FELLES BAD/SPA I KVERNHUSET UTEKJØKKEN/GRILLPLASS FJELLET SYKKEL, LEGG DEG INN PÅ DESIGNARSTØLEN, OG FÅ ETTER EIN FLOTT DAG I PÅ BRYLLUPSREISA TIL DET ROMANTISKE TUNET.... EIGE PRIVAT LOFT(BYGG) MED DESIGNA SOVEROM UNIKT EIGE BAD OG PRIVAT UTEOMRÅDE LOKAL ØKOLOGISK MAT SERVERT TIL ALLE MÅLTID I TUNETS RØYKSTOVE EIN ANDERLEDES LEIRSKULE JOBB SOM BONDEN GJORDE FOR 100 ÅR SIDAN. LÆR OM GARDSDRIFT, DYR, PLANTAR OG BYGGESKIKK. ELEVANE KAN BU PÅ LØA. JENTENE PÅ HØYBRÅTET OG GUTANE PÅ KORNBRÅTET. EIGE OVERNATTING FOR LÆRARANE I FJØSET. TA FAMILIEFERIEN I VOSSALØA. TETT PÅ NATUROPPLEVINGAR, OVERNATTING I VOSSALØA EI 100% ØKOLOGISK OPPLEVING. SOVEROM I TOVA ULL. SPESIALDESIGNA OPPBEVARING AV SKI/UTSTYR DRIKK/DYSJ I RENSA FÅ VARMEN I FELLES BADSTU AFTERSKI-HEIMABRYGG I RØYKSTOVA ET MAT ØKOLOGISK MAT FRÅ GARDEN... SOV I SUPERHIPPE SPESIALDESIGNA SKIBOMS-EININGAR REGNVATN FRÅ TAKET. ETTER EIN LANG OG GOD TUR I VOSSAFJELL, FÅ ATT VARMEN OG ENERGIEN PÅ FLOTTE VERDAS MINSTE SPAHOTELL 4-6 SENGEPLASSAR TA EIT VARMT BAD/SPA I KVERNHUSET UTEKJØKKEN/GRILLPLASS ETTERPÅ. FELLES SKIBAKKEN MED SPEKTAKULÆR EI UNIK OVERNATTINGSOPPLEVING. ET MIDDAG HJÅ BONDEN PÅ ANDRE SIDA AV JORDET ELLER FÅ DEN LEVERT PÅ DØRA LEGG KOMBINER EI HELG I BAD, RULL DEG I SNØEN OG SET DEG I BADSTUA SOV I EIGE STØLSHUS MED PLASS TIL TO FOR DEN DEDIKERTE FALLSKJEMHOPPAR TILBYR ME EIN SOMMAR PÅ VOSS MED OVERNATTING KUN HOPPFELTET. 10 MIN FRÅ NYE DESIGNA STUDIOLEILGHETER DEL BAD OG KJØKKEN MED ANDRE HOPPARAR. FELLES MINGLEOMRÅDE. PAKKEROM/TØRKEROM KOMBINER FLOTTE KURSFASILITET MED EI HEILT TA MED KOLLEGENE PÅ DEN ULTIMATE NY FORM FOR OVERNATTING. TEAMBUILDING-TUREN. NY DESIGN OG ARKITEKTUR KOMBINERT MED ME SPESIALBYGGER EIT OPPLEGG FOR DYKK. TRADISJONELL GARDSARKITEKTUR EGET BAD FELLES KJØKKEN DE BUR I NYSKAPINGA DESIGNARLØA, OMGJEVNADER SOM GIR INSPIRASJON, OPPMODAR TIL NYTENKING OG FYLLER RESERVANE MED ENERGI. DET ALTERNATIVE JULEBORDET! SUPERGORMET-MAT PÅ RESTURANTEN... OVERNATT I I SKOGEN HUBS PÅ LØA TA BOBLEBAD I KVERNHUSET VED DEN PITORESKE BEKKEN TYSK CRUIESSKIP-TURIST FÅ EIN SMAKEBIT AV DET OG VOSS SOV I SOVEROM I EIT EKTE GARDSHUS EIT FRÅ VERDAS FLOTTASTE PALDEELV ET TRADISJONELL TA EIT GODT GAMALDAGS STAMPEBAD MILLIONÆREN HOPP FALLSKJERM FRÅ OVER SPEKTAKULÆRE... DALEN. VED TUNET... DITT FOR HELGA 5 HUS I AUTENTISK MILJØ MED SVÆRT HØY STANDARD. EGET BADEHUS FESTSAL SOVEROM ER DU PÅ I PÅ VESTLANDET? PÅ VOSS FÅR DU ØKOLOGISKG OVERNATTING TIL FLOTT ATMOSFÆRE OG PITORESKE 1 ENKELTSENG 2 DOBBELTSENG 3 FLEIRSENGSROM 4 EIGE BAD 5 DELT BAD 6 STAMP/BADSTU 4 5 6 7 UTEKJØKKEN/GRILL 5 6 84SERVERING AV MAT EIGE BAD 1 BAD 2 3 DELT STAMP/BADSTU 5 76 8 7 8 9 DELT BAD STAMP/BADSTU UTEKJØKKEN/GRILL SERVERING AV MAT UTEKJØKKEN/GRILL SERVERING AV MAT SPESIELLE BEHOV (F.EKS UTSTYRSOPPBEVARING) 9 SPESIELLE BEHOV 1 ENKELTSENG 7 (F.EKS8UTSTYRSOPPBEVARING) 9 2 DOBBELTSENG B&B. -, MEDITASJONS- OG MATLAGINGSKURS TILGJENGELEG. SOVESAL ELLER DOBBELTROM. LEI AV 7 UTEKJØKKEN/GRILL 8 SERVERING AV MAT 9 SPESIELLE BEHOV (F.EKS UTSTYRSOPPBEVARING) 9 SPESIELLE BEHOV (F.EKS UTSTYRSOPPBEVARING) OG STØV I BYEN? FINN I EIT SPESIALDESIGNA ROM I DET NYE KONSEPTET VOSSALØA MIDT I PÅ VOSS. ALLE ROM ER ULIKE. RESTURANTEN SVOLEN SERVERER TRADISJONSMAT PÅ NYE MÅTAR I NABOBYGGET. EIGEN I BAREN. sett høge mål for å auka overnattingstilbodet drastisk. Ei løe i endring ynskjer å retta sitt produkt mot reiselivsmarknaden og spesielt mot overnatting. Her ligg eit potensiale for økonomisk bærekraftigheit for gardbrukaren. Ynskje er å kunna tilby ei unik overnattingsoppleving, i kontrast til det vanlege hotellrommet. For å finne ut kva dette tilbudet bør vera har me plukka ut brukargrupper og laga prospekt på relevante reiselivsprodukt. side 20 1 3 FLEIRSENGSROM OMGIVELSAR I REGIONENS 4 EIGE BAD 5 DELT BAD 6 STAMP/BADSTU 2+3 7 UTEKJØKKEN/GRILL 8 SERVERING AV MAT 9 SPESIELLE BEHOV (F.EKS UTSTYRSOPPBEVA 4 KURS/SEMINARDELTAKAREN JULEBORDGJENGAREN Brukargruppene og reiselivsprodukta er plassert inn i ei produkt-markedsmartrise. Her kan ein sjå at det trer fram tre tydelege grupper som har samanfallande krav til ynskt produkt. Hovudprodukta som trer fram som økonomisk bærekraftige er overnatting. Dei tre gruppene er brukt som utgangspunkt for forskjellige konsept for overnatting. Den eine gruppa hadde noko sprikande krav, så til denne er det utarbeida to forskjellige konsept. Målet er på denne måten å tilby produkt som flest mogeleg kan finna interessante. side 21

LEGG BRYLLUPSREISA TIL DET ROMANTISKE TUNET.... EIGE PRIVAT LOFT(BYGG) MED UNIKT DESIGNA SOVEROM EIGE BAD OG PRIVAT UTEOMRÅDE LOKAL ØKOLOGISK MAT SERVERT TIL ALLE MÅLTID I TUNETS RØYKSTOVE TA FAMILIEFERIEN I VOSSALØA. TETT PÅ NATUROPPLEVINGAR, 4-6 SENGEPLASSAR FELLES BAD/SPA I KVERNHUSET UTEKJØKKEN/GRILLPLASS SKAL DU OG GJENGEN TIL VOSS PÅ FESTIVAL? BOOK EI LØE FOR DYKK SJØLVE. TRADISJONSRIKE OMGJEVNADER MED TOPP MODERNE FASILITETAR. 10-20 SENGEPLASSAR FELLES BAD/SPA I KVERNHUSET UTEKJØKKEN/GRILLPLASS ETTER EIN FLOTT DAG I FJELLET PÅ SYKKEL, LEGG DEG INN PÅ DESIGNARSTØLEN, OG FÅ EI UNIK OVERNATTINGSOPPLEVING. EI 100% ØKOLOGISK OPPLEVING. SOVEROM I TOVA ULL. DRIKK/DYSJ I RENSA REGNVATN FRÅ TAKET. ET MAT ØKOLOGISK MAT FRÅ GARDEN... TERRENGSYKLAREN øgpris1 avansert produkth2 3 4 1 2 3 4 dette produktet er eit lågkostprodukt. Det skal kunna installerast i dei mest avsidesliggande driftsbygga utan vegforbindelse. Produktet er retta mot ein person, og skal gi denne dei mest nødvendige fasilitetane for å overnatte heile året. mindre avansert produkt til låg pris som er retta mot festivaldeltakarar eller andre større grupper (leirskule, turfølge osb). Her er det lagt opp til sjølvhushald og enkle bad/kjøkkenløysingar. Produktet er i fyrste omgang sommarbasert. eit noko meir avansert produkt som er retta mot familiar og andre mindre grupper som kan overnatte i same rom. Gode fasilitetar for matlaging, enkle bad og isolerte rom varme nok til å nytta vinterstid. dette er eit avansert produkt til høgare pris. Det skal vera eit komplett produkt til ein høg grad av komfort, og rettar seg mot par som ynskjer ei spesiell overnattingsoppleving. Produktet skal tilby gode baderomsløysingar, og baserar seg på levering av mat eller servering i tilliggande bygningar. Dei fire overnattingskonsepta er knytta saman med dei mest typiske brukargruppene i sin kategori. Desse fire skreddarsydde opplevelsespakkene kring overnatting ser de over. Ein fyrste beskrivelse av dei fire overnattingskonsepta visar at ein kan karakterisera dei ut frå pris ein er villig til å betale for overnattinga, og kor avansert tilbodet er. Konsepta er i illustrasjonen plassert i forhold til desse parametrane. side 22 side 23

PRODUKT ei løe i endring tomme driftsbygg reiseliv ny arkitektur ny design + + + = Gjennom å kombinere driftsbygga med reiseliv, ny arkitektur og ny design kan prosjektet lanserast som eit flaggskip innanfor fornying av både landbruk og reiseliv. Prosjektet jobbast fram i dialog mellom arkitektar, produktdesignar, representantar for lokalt reiseliv, og Voss kommune. Dette er eit viktig suksesskriterie for prosjektet. Det er identifisert to målgrupper; garbrukaren og turisten. Garbrukaren er utgangspunktet for næringsverksemda, og turisten utgangspunktet for marknaden. Det er utarbeida fire konsept for overnattingsmodular som svarar til deira ynskje og behov. side 24 side 25

KONSEPTA KONSEPTUELL UTVIKLING AV FIRE OVERNATTINGSMODULAR kokongen reiret hiet maurtua MATERIALITET bevare og vidareutvikle lokal kunnskap og tradisjon Kokongen er liten og lett men robust og lun. Den skal gi det mest nødvendigste av ly for ein person og skal kunna plasserast i kva bygg som helst. Den skal kunna fraktast med muskelmakt. Reiret er komfortabelt og lukseriøst, skjør og delikat. Den skal tilby alt eit hotell kan tilby, og samstundes gi ei unik overnattingsoppleving. Reiret er laga for to personar. Hiet er trygg og lun, inkluderande og slitesterk. Den skal tilby eit rom der ei lita tett gruppe på fire til fem skal trivast og samlast rundt ei felles oppleving. Hiet skal oppfordra til leik og trivsel. Maurtua yrar av liv. Den er fleksibel og dynamisk, intorvert men samtideg ekstrovert. Her er den sosiale arenaen viktig, men der er og mogelegheit for private rom. Maurtua skal tilby ei ny type overnatting for større grupper. Omlegging av nedlegging av gardsdrift gjer gjengroing til ei aktuell utfordring i det norske kulturlandskapet. Dette er skog som ofte står nær infrastruktur, og er lett å få tak i. Pionervekstar som or, osp, bjørk og rogn dominerer og målet i prosjektet er å nytta desse til noko konstruktivt. Ein får tilgang på billeg naturvenleg råmateriale, og Ull er eit materiale som er produsert lokalt på Voss. Materialet har svært gode eigenskapar i forhold til transmisjon av fukt og isolerar godt. Det er eit naturmateriale som er bærekraftig i eit økologisk perspektiv. Prosjektet har som mål å nytte ull som eit av dei viktigaste materiala i overnattingsmodulane. bidreg slik til ein reduksjon av gjenngroing. side 26 side 27

KOKONGEN lett robust praktisk lun billig cool på stølen Kapasitet Sesong z Kokongen er ein kompakt overnattingsmodul for ein person. Den tilbyr akkurat det du treng for å tilbringa natta på eit sel i fjellet etter ein lang sykkeltur. Finn selet merka med logoen, og du er kome til rett stad. Døgn overnatting s s s Prisklasse Komfort side 28 side 29

prinsipiell plassering i bygget kl 10.00 kl 18.00 kl 02.00 Prinsipp plan Eldhus, Gjernes gard Prinsipp snitt Eldhus, Gjernes gard Kokongen er ein overnattingsmodul som er tilpassa enkeltpersonens basisbehov. Den er kompakt, robust og praktisk med lav egenvekt. Målgruppa er til dømes friluftsturistar. Den skal enkelt kunne fraktast til driftsbygg ute i terrenget, sjølv dei utan veg. Kokongen kan plasserast rett på golvet i bygget, eller hengast opp i eksisterande konstruksjon. Modulene krev ingen endringar av eksisterande bygg. Det vert lagt opp til utedo i tilknytning til bygga med kokongar, ellers ingen nye fasilitetar. Kokongen er utstyrt med eit eige vedlikehaldssett. Her finn ein spesialtilpassa sengetøy som kver overnattingsgjest bytar ut ved avreise. Heng ut i kokongen samen med turkameraten din ein fin morgon før de rulllar ut i fjellheimen på syklane dykkar. Etter ein lang dag i fjellet kan du slenge deg ned og slappe av i Kokongen. Les ei bok med innebygd lys frå solcellene på taket eller berre sjå ut vindauga og nyt stillheita. På natta pakkar du kokongen rundt deg og får ei lun og trygg. Ullstoffet gjer temperaturen behageleg og balansert, og ei innebygd tørkehule gir deg tørre sokkar og sko dagen etter. side 30 side 31

KONSTRUKSJON OG MATERIALBRUK treslag - rogn rammeverk fleksibelt opphengssystem ull armering med stålnett Konstruksjonen i kokongen er bygd opp av spiler i tresorten rogn. Historisk er tresorten brukt til band rundt tønner, fletting og ski. Rogn er sterkt og fleksibelt og egnar seg svært godt til lette, men sterke konstruksjonar. Bæringa kan festast til eit vaiersystem som festast i veggar eller tak, eller det kan plasserast på føtter som står på eit fast underlag. Gjennom laminering av treet oppnår ein små dimensjonar som egnar seg godt til vidare laminering av ull. Utanpå rammeverket av tre vert det lagt fleire lag med armert, tova ull. Armeringa består av metallnetting som vert tova saman med to lag ull. Dette er ein bruk av materiale som ikkje er prøvd ut før, og som er nybrotsarbeid for dette prosjektet. Målet er å gjere ulla sterk nok til å tåle belastningen av ein menneskekropp. side 32 side 33

REIRET luksuriøs eksklusiv komfortabel delikat skjør organisk i løa tak i nunofilt; ull og silke Kapasitet Sesong z z + Døgn overnatting base i tre; spiler av osp s ss Prisklasse Reiret er ein overnattingsmodul for to personar. Reiret er eit unikt overnattingskonsept perfekt for ei romantisk helg for dei som ynskjer å vera tett på naturen, men samstundes ha komforten og standaren til eit moderne hotellrom. Komfort side 34 side 35

prinsipiell plassering i bygget kl 10.00 kl 18.00 kl 02.00 Prinsipp plan eks: Løe, Staup Prinsipp snitt eks: Løe, Staup Reiret er ein overnatttingsmodul tilpassa to. Den skal tilby ein høg grad av komfort, luksus og moderne design. Målgruppa er til dømes et brudepar. Modulen vert levert i fleire delar og krev ei viss grad av stadstilpassing ved montering. Modulen kan stå på golvet i det eksisterande driftsbygget og delvis festas i takkonstruksjon. Reiret krev ingen endring av eksisterande konstruksjon. Bad og tekjøkken vert plassert i ein eigen våtromsmodul inne i eksisterande bygg. Denne modulen vil ha eigen vanntank og intern gråvannsoppsamling, og treng ikkje tilkobling til vatn eller avløp. Reiret skal vera tilknytta eit eige vedlikehald- og reinhaldsteam. Teamet kan f.eks. koordinerast av Destinasjon Voss. Dette vil minimere gardbrukaren sin arbeidsinnsats. Reiret er forma i ein vinkel der den eine enden er tett og den andre open. Den opne enden fungerer som ein opphaldsdel som du kan bruke aktivt som eit møbel om dagen. I den spesialbygde minibaren kan du finne forfriskningar om du skulle ynskje det i løpet av dagen. I den tette enden av reiret ligg sovedelen. Her ligg du på ein base av ospespiler med ei innfelt madrass og kikkar opp i eit himmelsengliknande tak av silke og ull. I taket er det ei opning der du kan kikke opp i dei gamle konstruksjonane i taket utanfor. side 36 side 37

MATERIALBRUK REIRET treslag - osp oppspente emne i osp Basen i reiret er konstruert av Osp. Osp er ein tresort med mange gode eigenskapar. Den er rettvokst, har lite kvist og beheld sin lyse farge over tid. Ospa er eit stabilt materiale og krympar lite. Dette gjer det godt egna til skal-konstruksjonar. Brukar ein eigenskapen med den kileforma veksten, får ein materiallengdar som er fleksible og bøyelege i den tynne enden og stabile i den tjukke enden. Gjennom damping føyer ein emna saman til den krumme forma. Emna vert haldne saman av koblingar i bjørk. side 38 side 39

ull strekt stoff i nunofilt Taket på reiret er konstruert av ull tova saman med eit fleksibelt tekstil. Dette gjer at stoffet vert mogeleg å strekka i fleire retningar. Det vil verta varierande grad av transparenthet, og eit spel av lys som vil gi rommet eit unikt preg. Det vert festa ei avlang malje i tekstilet som lagar hol til direkte lysinslepp samstundes som dette vert opphenget ein festar tekstilet til eksisterande konstruksjonen med. side 40 side 41

HIET koselig lun intim behagelig slitesterk inkluderande i uteløa Kapasitet Sesong z z Døgn overnatting s s s Prisklasse Hiet er ein overnattingsmodul for fire til fem personar. Hiet er eit mikrolandskap i ullfilt. Her kan ein leike, sove, slappe av og lese. Hiet er det perfekte utgangspunktet for ei vellukka familiehelg. Komfort side 42 side 43

prinsipiell plassering i bygget kl 10.00 kl 18.00 kl 02.00 Prinsipp plan eks: Løe, Vethe gard Prinsipp snitt eks: Løe, Vethe gard Hiet er ein overnattingsmodul tilpassa 3-5 personars basisbehov. Den er kompakt, robust og praktisk. Målgruppa er kjernefamilien. Modulen vert levert i fleire delar og krev ei viss grad av stadstilpassing ved montering. Modulen kan stå på golvet i det eksisterande driftsbygget og delvis festas i takkonstruksjonen. Hiet krev ingen endring av eksisterande konstruksjon. Det vert lagt opp til ein eigen budjettutgåve av ein våtromsmodul som plasserast i tilknytning til hiet. Hiet er utstyrt med eit eige vedlikehaldssett. Her finn ein spesialtilpassa sengetøy som bytast ut ved avreise. Inne i modulen er formene avrunda og mjuke. Formene dannar eit landskap som kan nyttast på forskjellig måte til forskjellig tid på døgnet. Sove, kvile, lese, leike, prate saman. Det er lagt opp til lysopningar i taket. Utvendig er modulen rektangulær med eit nivå å sitte på ved inngangen. Om natta er hiet eit trygt og lunt soverom med plass til heile familien. side 44 side 45

MATERIALBRUK HIET treslag - or dømla ull stabla ullfilt I hiet er det brukt treslaget or. Dette er eit treslag det veks mykje av i kommunen, og som er vanskeleg å bruke i vanlege konstruksjonar. Historisk vart or gjerne brukt til verktøy, kosteskaft, ein del møblar og som dyrefor. Or veks ofte i korte lengder med rett stamme. I hiet skal oren brukast slik ein brukar dømling ved lafting. Den skal binde saman laga med ullfilt og gjere konstruksjonen trygg og stabil. Hiet skal byggast opp av lagvise stablar med ullfilt. Ullfilt er sterkt, stabilt og isolerer godt. Modulen lagast i to delar som saman dannar rommet. Dei to delane kan fraktast separat og settast saman på staden. side 46 side 47

MAURTUA fleksibel modulær sosial privat ekstrovert i løa Kapasitet Sesong z z z Maurtua er eit overnattingssystem for opp til 10 personar. Kvar person får sin overnattingskapsel. Denne kan vera open eller lukka, avhengig av sosialt behov. Kvar kapsel perforerar kledningen i løa, og ein ligg og kikkar ut i det opne landskapet. Døgn overnatting s s s Prisklasse Komfort side 48 side 49

prinsipiell plassering i bygget kl 10.00 kl 18.00 kl 02.00 Prinsipp snitt eks: Løe, Granli gard Prinsipp plan eks: Løe, Granli gard Maurtua er eit system bygd opp av einmannskapslar for overnatting i løa. Den er fleksibel og kan fungera for grupper opp til 10 stk. Modulane plasserast i forskjellige høgder i løa sin fasade og kvilar på en sjølvstendig konstruksjon, eit spesialutvikla stilassystem i tre. Modulane er fleksible og kan komprimerast etter behov. Hiet krev ingen endring av eksisterande bærande konstruksjon, kun kledningen. Sovekapslane skubbast ut forbi kledninga på løa når dei er i bruk. Utanfrå vil ein kunne sjå kor mange av modulane som er dytta ut og dermed kor mange som er på besøk. Modulane vil visa den aktiviserte løa. Det vert lagt opp til utedo og vaskefasiliteter i tilknytning til Maurtua. Reiret skal vera tilknytta eit eige vedlikehald- og reinhaldsteam som ved behov vert kontakta. Teamet kan f.eks. koordinerast av Destinasjon Voss. Dette vil minimere gardbrukaren sin arbeidsinnsats. Når sovemodulen er i bruk dyttar ein ut ein del som vert kragande ut forbi veggen på løa. Slik vil ein kunne sove under open himmel utan å vera ute. Sovemodulen kan opnast inn mot løerommet på dagtid og slik skape eit sosialt rom inne i løa når dette er ynskjeleg. Maurtua kan komprimerast til eit smalt felt langs veggen av løa. Slik kan ein nytta løa til andre aktivitetar på dagtid. Kapslane kan opnast og lukkast uavhengige av kvarandre. side 50 side 51

MATERIALBRUK MAURTUA treslag - bjørk STØTTE stilas til støtte ull stappa vaska ull Bjørka er treslaget som vert brukt i maurtua. Historisk vart bjørk brukt til verktøy, redskap og møblar. Bjørka tålar mykje trykk og slitasje. Den er homogen og slik godt egna til kilesamanføyingar, og den er formstabil ved dampebøying. Sovemodulane i maurtua er haldne oppe av eit spesialdesigna rammeverk eller stilas i bjørk. I maurtua brukar ein ull som er vaska og stappar denne i ferdigsydde madrasser. Ein vil slik få futong-liknande matter som er faste men samstundes behagelege å ligge på. Den bevegelege delen ut mot løerommet vil i nedslått stilling fungere som ei lita trapp som gjer det lett å kome opp i sovemodulen. side 52 side 53

VÅTROM I TRE, BUDSJETT VÅTROM I TRE, LUKSUS Budsjettutgåva av våtromsmodulen er eit møbel som er kombinert WC, vask og behaldar av vatn, septik og gråvatn. Modulen er avhenging av relativt hyppig påfylling av vatn. Modulen kan stå fritt i rommet, eller plasserast i eit skjerma rom. Modulen er bygd i eik og har innebygde behaldarar for vatn, septik og gråvatn. Luksusutgåva av våtromsmodulen er eit eige lukka rom med WC, dysj og vask. Modulen har innebygde tankar for vatn, septik og gråvatn og er bygd i eik. Modulen kan stå fritt i same rommet som overnattingsmodulen. side 54 side 55

PRODUKSJON OG OPPFØRING MARKEDSFØRING OG DRIFT MAT MARKEDS FØRING TRANSPORT BOOKING VEDLIKE- HALD REIN- HALD Målet for prosjektet er i neste fase å få bygd prototypar av dei 4 overnattingsmodulane. Materiala er i hovudsak tre og ull, og det er eit ynskje å nytta lokalprodusert materiale og lokale handtverkarar. Ein vil slik forankre prosjektet betre i lokalsamfunnet, og bygge opp under entreprenørskap og næringsverksemd. For å få gjennomført bygginga av desse prototypane er det særs viktig å ha gardbrukaren eller ein annan part som er villig til å investere med på laget. For å sikre realisme i gjennomføringa av prosjektet er ei forankring i kommunen særs viktig. Det har vore ein aktiv dialog med Voss Kommune gjennom heile prosessen, og det er gjort viktig arbeid av Fylkesmannen i Hordaland for å etablere nasjonale og regionale retningslinjer for å legge til rette for ny næringsverksemd i tomme driftsbygg. Det vil leggast til rette for ei effektiv saksbehandling frå kommunen si side, med ei eigen arbeidsgruppe som på førehand er sett inn i problematikken. Ei løe i endring skal markedsførast som eit reiselivsprodukt utanom det vanlege. Destinasjon Voss vil ha tilgjengeleg ein bookingportal som aktivt kan brukast i salget av desse produkta. Dette vil gjera det unødvendig for kvar bonde å stå åleine om å bygga opp si eiga merkevare. Dei er del av eit større nettverk og gjer kvarandre sterkare. Eit produkt plassert på forskjellige plassar som kan profilerast frå ein felles platform. Drifta av ei løe i endring skal gjerast samla. Det skal byggast eit nettverk, ei gruppe, som skal stå for alle nødvendige element som skal til for å halde tilbodet i gang. Markedsføring, booking, vedlikehald, reinhald, transport, katering osb. Denne gruppa kan vera sett saman av ulike aktørar, men dei sentrale vil kunne vera Destinasjon Voss, lokal snekkarverkstad, lokalt reinhaldsfirma og leverandør av lokalprodusert mat. side 56 side 57

EI LØE I ENDRING Ei løe i endring vil skapa ny næringsaktivitet i gamle driftsbygg på Voss. Løer, uteløer, eldhus, vårflorar, stølar og naust vil vera utgangspunkt for uforgløymelege opplevingar for turistar frå heile verda som søkjer aktive og unike opplevingar i vossalandskapet. Gardbrukaren vil få ei ny inntektskjelde, og samstundes bidra til bevaring og vidareformidling av lokal kunnskap og historie. Frå å vera eit overskotsfenomen vil dei tomme driftsbygga bli ein verdifull arena både for gardbrukaren og reiselivsnæringa. side 58 side 59

side 60