HELSE, SOSIAL OG OMSORG Postadresse: Klepp kommune Postboks 25 4358 Kleppe Saksnr Løpenr Arkivkode Avd/Sek/Saksh Dykkar ref 12/994-30 26458/15 146 F HSO/HSO/RAA BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN - NY TILTAKSDEL 2015-2017- Godkjent av kommunestyret 07.09.2015 www.klepp.kommune.no E-post: postmottak@klepp.kommune.no Sentralbord: 51 42 98 00 Organisasjonsnummer: 00864969682 Barna vår framtid
Tiltaksdel 2015-2017 Overordna mål: Alle innbyggarane i Klepp kommune skal kunna bu trygt og godt Delmål 1 Bustadpolitikken i kommunen skal utformast slik at innbyggjarane i størst mulig grad greier seg utan kommunal hjelp 1.1 Halda fram med å ta opp høgt startlån i Husbanken for å hjelpa fleire til å skaffa seg bustad. Ansvar: Kommunestyret/rådmann/kommunalsjef LU. 1.2 Fortsatt bidra til variert bustadproduksjon gjennom utbyggingsavtalar. Ansvar: Kommunestyret/rådmann/kommunalsjef LU. 1.3 (nytt punkt ifb politisk behandling) Auka samarbeid med private utbyggarari forbindelse med nye utbyggingsprosjekt. Ansvar: Rådmann/kommunalsjef LU/kommunalsjef helse og velferd Delmål 2: Flest mulig av dei som treng tilrettelegging eller hjelp frå kommunen ein periode, skal på sikt ta ansvar for eigen busituasjon 2.1 Arbeida for auka gjennomstrøyming i kommunale utleigebustader. Ansvar: Rådmannen 2.2 Greia ut problemstillingar rundt kommunale husleiger og manglande gjennomstrøyming i kommunale utleigebustader, Jmf kommentar til tiltak 2.1 i evalueringa /kommunalsjef LU. Delmål 3: Det skal vera tilstrekkeleg med bustader til vanskelegstilte 3.1 Vidareføra arbeidet med å ha god oversikt og årlig oppdatering av bustadbehov for unge under 24 år. Ansvar: Kommunalsjef for helse og velferd 2
3.2 Gjennomgang av Fredtunområdet for å vurdera bustader i forhold til målgrupper. Ansvar: Rådmannen. 3.3 Framskaffa fleire kommunale utleigebustader i den komande 4-årige handlingsplanperioden. Ansvar: Kommunestyret/rådmann/kommunalsjefar Kommentar: Gjeldande plan og evalueringa av denne viser at det er mangel på utleigebustader til ulike grupper i kommunen. Kjøp av bustader til vanskeligsstilte bør innarbeidast i framtidige økonomi- og handlingsplanar. Det vil vera behov for ulike typar bustad. Tiltak 3.10 i førre plan Framskaffa tre familiebustader.. inngår og i dette nye tiltaket. 3.4 Utgreia spørsmål om etablering og drift av bustadløysing for personar utan bustad. Ansvar: Rådmannen Kommentar: Kommunen sine utgifter til hospitsopphald er svært høge. Det er difor grunn til å arbeida for å finna alternative løysingar for denne gruppa. Det er grunn til å vera ekstra merksam på problem knytt til barnefamiliar som brått blir ståande utan bustad. Nav har i slike tilfelle nytta butilbod i Sandnes og Stavanger i slike tilfelle. Dette er kostbart og lite heldig løysing, særlig for barn og unge. 3.5 Utgreia spørsmål om nye bustad- og omsorgsløysingar for gruppa eldre med psykisk utviklingshemming. Kommentar: Heilt frå HVPU-refomen har psykisk utviklingshemma budd i bustader knytt til personalbasar. Ein del av desse har nå nådd høg alder, og dette vil etter kvart føra til endra omsorgsbehov.. Dersom det blir etablert eigen eining for eldre, vil nokre bustader knytt til basar bli frigitte til yngre personar. 3.6 Utarbeida retningslinjer for tildeling av bustad med personalbase Kommentar: I utgangspunktet er desse bebuarane langtidsleigetakarar. For enkelte kan busituasjon og funkjsonsnivå endra seg over tid. Dei ordinære husleigekontraktane er ikkje gode nok reiskap for å handera slike endringar. Det er difor behov for å sjå nærare på retningslinjer/leigeavtalar for bustader med personalbase. 3.7 Greia ut konseptet rusfrie bustader og vurdera utprøving av ordninga. 3
Kommentar: Etterverntilbodet etter gjennomført rusbehandling er i dag ikkje tilfredsstillande. Erfaring har vist at det er avgjerande at det finst eigna buforhold og tett oppfølging. Rusfrie bustader er etterspurt frå fleire personar som har gjennomført rusbehandling i Klepp. Det er ønskeleg å prøva ut ei ordning med rusfrie bustader i ein 3-årsperiode for å gjera seg erfaringar. Delmål 4: Bustadsosiale verkemiddel skal nyttast til dei som treng det mest 4.1 Utgreia spørsmål om felles kontor/seksjon med ansvar for å forvalta bustadsosiale verkemiddel; oppfølging i bustad, bustøtte, startlån og bustadtilskot. Ansvar: Rådmannen. Delmål 5 : Det skal gis tilstrekkeleg oppfølging i bustad til dei som har behov for det 5.1 Halda fram med å utvikla oppfølgingsmetodikk og driva burettleiing for ulike brukargrupper. 5.2 (nytt punkt ifb politisk behandling) Vidareføra burettleiings- og oppfølgingsarbeidet til ROP/pluss 18- teamet etter at pågåande prosjekt er gjennomførte. Ansvar: kommunalsjef helse og velferd Delmål 6: Kommunen skal ha høg kompetanse og vidareutvikla det bustadsosiale arbeidet 6.1 Utarbeida felles kompetansetiltak for alle tilsette knytt til evt. ny eining og samarbeidspartnarar til denne. /kommunalsjef LU 6.2 Legga til rette for brukarmedverknad både på indivd- og systemnivå i boligsosialt arbeid. Til dømes: Brukarrepresentantar skal delta i utgreiingsoppgåver knytt til nye tiltak, brukarråd skal etablerast for leigetakarar i kommunale utleigebustader. /kommunalsjef LU 6.3 Auka kompetansen og i større grad ta i bruk velferdsteknologi i bustader. 4
Kommentar: Velferdsteknologi er eit av satsingsområda i Taktskifte, strategiplan 2015-2026. Ein trenings- og demonstrasjonsbustad med velferdsteknologiske løysningar er under utvikling i Kleppetunet. Bustaden skal vera ein arena for å syna tilsette, brukarar og innbygjarar kva som finst og korleis det kan nyttast. I det inngår opplæring av tilsette og brukarar. Målet er å skapa interesse og kjennskap til kva som finst innan velferdsteknolog, og i neste omgang ta i bruk denne type teknologi i større grad.. Klepp kommune, 15.10.2015 Torild Lende Fjermestad kommunalsjef Ragnhild Aanestad rådgjevar Dokumentet er elektronisk godkjent og treng derfor ingen signatur. Kopi til: 5