SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Like dokumenter
OK, seier Hilde og låser.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Mangschou AS, Bergen 2017 Omslagsdesign: Charlotte Helgeland, c-illustrasjoner.no

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Zulu folktale Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Info til barn og unge

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Det Norske Samlaget Omslag: Mystical Garden Design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Magnhild Bruheim. Det som er sant. Roman. Oslo

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Arnfinn Kolerud Snillionen

Jon Fosse. For seint. Libretto

Alt det lyse og alt det mørke

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Sofies hemmelegheit.

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

3 Set inn adjektiv eller adverb. Carmen er ei fin dame. Ho har alltid på seg fine klede og eit fint sjal. Ho syng fint også.

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Brannsår, rus eller friheit?

Dikt og andre tekstar

Anne-Cath. Vestly. Åtte små, to store og en lastebil

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

MI BRILJANTE VENNINNE

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Månedsbrev for April

Ursula Nafula Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

mmm...med SMAK på timeplanen

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Motorsykkelmysteriet

Nokon kjem til å komme (utdrag)

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Bestefars klokke. Bestefars klokke tikkar i rommet snart vil ho slå ein time er omme

Elevundersøkinga 2016

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Faren tok lykta og subba bort til døra, medan dei fem ungane blei ståande og følgje han skuffa med auga.

Magnhild Bruheim. Hyttemysteriet. Stian og Stine. Roman


START. En Ein tverrfaglig tverrfagleg og og levende levande læringsressurs for 1. og 2. trinn

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Paula Hawkins. Ut i vannet. Oversatt av Inge Ulrik Gundersen

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Veke Fredag Offentleg høgtidsdag. 18 Barnehagen er stengd. Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag

I hvilken klasse går Ole? Barnehagen 1. klasse 2. klasse Hvor gammel er Kristine? 5 år 7 år 8 år. Hvor gammel er Ole?

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Maria Parr. Keeperen og havet

Bruk av driftsmidlar Frifond

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria

UNGDATA Korleis har ungdommen i Hordaland det?

Det e ikkje alltid det går, sånn som du hadde tenkt

Songoversikt Bæ, bæ, vesle lam Blåmann, blåmann Bokstavane Dei tre små fisk Det lyser i stille grender Det sat to kattar på eit bord

BLUE ROOM SCENE 3. STUDENTEN (Anton) AU PAIREN (Marie) INT. KJØKKENET TIL STUDENTENS FAMILIE. Varmt. Hun med brev, han med bok. ANTON Hva gjør du?

Trude Teige. Noen vet. Krim

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

Thore Eithun Helland. Roman

Zippys venner Partnership for Children. Med enerett.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Kvifor luktar hundebæsj og kattebæsj vondare enn menneskebæsj?

Kim Hiorthøy Du kan ikke svikte din beste venn og bli god til å synge samtidig Tekster og Tegninger. Forlaget Oktober

KITING er ikkje. lenger ekstremsport VINTEREVENTYRET. 18 Fredag 25. januar 2019

David Levithan. En annen dag. Oversatt av Tonje Røed. Gyldendal

Årets nysgjerrigper 2010

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

SKYLDIG Av Mads S. Nilsen

"Regi" Oppgave 1. Les novella "Regi" av Odny Bjordal. Oppgave MARION FEDERL, ANNE ELY THORENFELDT. Listen [1]

Transkript:

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

DEL 1

1 Så lenge ingen såg meg, fekk eg vera i fred. Mamma likte ikkje at eg forstyrra når ho hadde besøk. Ho hysja og bad meg stikka av. Av og til kom det folk eg aldri hadde sett før. Men stort sett var det den same gjengen som kom. Det var mykje bråk når mamma hadde besøk. Lyden av latter og høge rop laga ei heilt eiga helgestemning i huset. Resten av veka var alt annleis. Men både mamma og gjestene var i det minste blide. Bortsett frå når mamma blei sint. Det var heldigvis ikkje så ofte. Ho var sjeldan sint i helgene. I alle fall ikkje på laurdagen. Så lenge mamma hadde besøk, kunne eg stort sett snika meg unna. Det gjekk bra. Heilt til besøket reiste igjen. Då kom søndagshumøret. Eg hata søndagar. Og måndag var nesten lik. Tysdag òg. Først når onsdagen kom, begynte mamma å sjå fram mot neste helg. Midt mellom helgene var mamma i ein slags balanse. Onsdag var bra.

2 Eg vakna av uvande lydar frå kjøkenet. Såg på klokka. Ho var berre åtte om morgonen. Likevel var det nokon som romsterte på kjøkenet. Eg låg heilt stille og lytta til lydane frå etasjen under. Prøvde å høyra motoren som starta opp, og dekka som spann nedover bakken. Men det kom ingen motorlyd. Berre lett klirring, og ein lyd som ikkje høyrde heime hos oss. Det var nokon som plystra. På ein søndag. Rart. Og kva var det for ei lukt? Eg drog på meg buksa og genseren som låg slengde på golvet, og stakk hovudet ut døra. Vågde meg ikkje ned trappa. Ville sjå an situasjonen først. Mornings! Eg fraus til då eg høyrde den varme, ukjende mannestemma. Han måtte ha høyrt meg. No er frukosten klar, sa han. Eg lista meg ned trappa og fekk straks auge på han. Han stod midt på golvet med ei steikepanne i høgrehanda. I lufta sveva ei pannekake, før ho klaska ned i panna med oppsida ned. Du likar vel pannekaker? Mannen smilte. Eg nikka. Eg heiter Ole, sa mannen og sette frå seg steikepanna. Ole strekte fram neven for å helsa.

Og du må vera Jon? Eg nikka igjen. Hyggeleg å helsa på deg, sa Ole. Deg òg, sa eg.

3 Det er nesten utruleg kor fort alt kan endra seg. Korleis stemninga kan letta. Og eg trudde det ikkje heller. Ikkje i starten. Først då den tredje søndagen kom, torde eg verkeleg å tru at det var sant: Ole reiste ikkje, og det svarte blikket til mamma kom ikkje tilbake. Med Ole i huset var det onsdag heile veka. Til og med laurdagane var fine. Ein laurdag spurde Ole om me skulle gå ein tur på butikken. Det var fire veker sidan første gongen eg møtte han. Berre eg og du? sa eg. Ja, mamma treng å kvila litt, sa Ole. Det blir kjekt, det? Så kjøper me oss kvar vår is og litt godteri til i kveld. OK, sa eg. Me gjekk saman nedover grusen. Ole plystra medan eg pitla laus barnålene frå ei grein eg plukka med meg. Kva jobbar du eigentleg med? spurde eg då me nærma oss butikken. Ole såg alvorleg på meg. Eg jobbar som rakettforskar, sa Ole. Eg rynka på nasen. Er det sant? No var det alvorlege blikket vekke. Nei, eg berre tulla, sa Ole. Faktisk jobbar eg nede på verftet. Eg er formann for ein gjeng med sveisarar. Du har sett den svære riggen me jobbar på no?

Eg nikka. Var det jobben som gjorde at du flytta hit? spurde eg. Jepp, sa Ole og smilte. Ein lyt vera der arbeidet er. Eg kunne ikkje heilt forstå kvifor ein mann som Ole ville vera saman med oss. Med mamma. Rett nok var ho ganske fin. Såpass kunne eg òg sjå. I alle fall dei dagane ho pynta seg. Mamma var nesten ikkje til å kjenna igjen når ho sminka auga og glatta ut håret. Eg elska dei gode dagane til mamma. Då hende det til og med at me gjekk på kino. Mamma kjøpte eit stort beger med popkorn, som me delte. Om kvelden pakka ho meg inn i dyna. Ho strauk meg over håret medan ho kviskra: «Du er godguten min, du. Eg veit ikkje kva eg skulle gjort utan deg.» På dårlege dagar var alt annleis. Men Ole reiste ingen stad. Sjølv då mamma begynte å bli skikkeleg dårleg igjen, blei han verande.

4 Ein dag kom Ole inn på rommet mitt med ei alvorleg mine. Går det bra? spurde Ole. Ja, sa eg. Eg venta på kva han eigentleg ville seia. Blei litt uroleg då han berre stod heilt stille i døra. Lurte på kva gale eg kunne ha gjort. Eg hadde snike til meg ei stripe med sjokolade frå kjøleskapet, men Ole brydde seg ikkje om det. Ikkje sånn som mamma gjorde før. Mamma kunne fly i taket for ingenting, om ho var i dårleg humør. Men ikkje Ole. Han var roleg. Blei ikkje sint. I alle fall ikkje utan ein skikkeleg god grunn. Kva er det? sa eg til slutt. Eg orka ikkje meir av den stille, rare stemninga. Det er noko eg må fortelja, sa Ole. Han var framleis like rar og alvorleg. Men sei det, då! Eg høyrde korleis stemma mi endra seg. Den utrygge skjelvinga som kom snikande. Det gjeld mor di, sa Ole. Han såg ned i bakken. Eg kjende ein klump i magen. Eg ville eigentleg venta med å fortelja det, men me har ikkje lenger noko val.

No klarte ikkje Ole å halda seg lenger. Han slo ut med armane og gliste då han sa det: Ho er gravid. Du skal få ein bror!