Sakshandsamar: Grete Hamre Vår dato Vår referanse Telefon: 57643141 16.01.2015 2014/4371-461.5 E-post: fmsfgrh@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse 26.11.2014 SFE Nett AS Hamregata 1 6900 FLORØ SFE Nett AS - løyve til utfylling i sjøen ved Furuholmen i samband med utviding av Fv548 Fylkesmannen gir SFE Nett AS løyve etter ureiningsregelverket til utfylling i sjøen ved Furuholmen i Flora kommune. Løyvet er gitt på nærare vilkår, og tiltaket må gjennomførast innan to år. For arbeidet Fylkesmannen har hatt med handsaming av søknaden, må det betalast eit gebyr til staten. Vi viser til søknad datert 26.11.2014. SFE Nett AS har søkt Fylkesmannen om løyve etter ureiningslova til utfylling i sjøen i samband med utviding av Fv548 i Flora kommune. Føremålet er å tryggje framkomsten for trafikantar, og for å få ei ny og sikrare hovudforsyning av elektrisitet til Florø. Det skal i tillegg etablerast eit kommunalt VA-anlegg i området, som til no ikkje har hatt slikt anlegg. Fleire gamle avløpsanlegg kan difor sanerast. Med heimel i 11, jf. 16 i lov om forurensninger og om avfall (ureiningslova), gir Fylkesmannen i Sogn og Fjordane med dette SFE Nett AS løyve til utfylling med om lag 1600 m 3 over eit areal på vel 1000 m 2 i sjøen ved Furuholmen i Flora kommune. Løyvet er gitt med vilkår. Løyvet gjeld i 2 år. Dersom tiltaka ikkje vert gjennomførte innan denne fristen, fell løyvet bort. Alternativt må det i god tid søkjast om forlenging av løyveperioden. Gebyr for sakshandsaminga vert varsla til kr. 10.300,-. Vilkår for løyvet 1. Tiltaket skal utførast innanfor området det er søkt om. 2. Fylkesmannen skal varslast når arbeidet vert sett i gong. 3. Det skal nyttast metodar for utfylling som minimerer faren for spreiing av ureining. Metodane må vere slik at eit minimum av vatn vert blanda saman med massane under utfyllinga. 4. Det skal nyttast reine massar ved utfyllinga. 5. Tiltaket skal utførast under rolege vind- og bølgjetilhøve slik at uønskt partikkelspreiing som følgje av dette, vert unngått. 6. Tiltaket skal overvakast ved turbiditetsmåling. Grenseverdi for turbiditet vert sett til 5 NTU over turbiditeten på ein referansestasjon i eit upåverka område så nært tiltaksområdet som mogleg. Dersom turbiditeten overstig grenseverdien, må arbeidet stansast. Det må då setjast i verk naudsynte tiltak, både for å finne årsaka til Hovudkontor Landbruksavdelinga E-post: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Fjellvegen 11, 6800 Førde fmsfpost@fylkesmannen.no Telefon: 57 64 30 00 Postboks 14, 6801 Førde Internett: Telefaks: 57 65 33 02 Telefon: 57 64 30 00 www.fylkesmannen.no/sfj Org.nr 974 763 907 Telefaks: 57 82 17 77
2/6 overstiginga, og for å bringe turbiditeten tilbake på stabilt nivå under grenseverdien. Resultata frå turbiditetsmålingane skal loggførast. 7. Dersom det oppstår unormale tilhøve som har, eller kan få ureiningsmessige konsekvensar, skal tiltakshavar straks melde frå til Fylkesmannen. 8. Det skal utarbeidast ein sluttrapport der resultata av arbeidet vert presenterte og vurderte i høve til vilkåra som er sette i løyvet. Rapporten skal sendast til Fylkesmannen innan seks veker etter at tiltaket er gjennomført og skal m.a. innehalde: Opplysningar om kor store mengder masse som faktisk har blitt nytta til utfyllinga (rekna i m 3 eller tonn). Plassering av massane (kart med posisjon og UTM-koordinatar) Omtale av korleis arbeidet er utført (metodar). Oversikt over eventuelle avvik frå løyvet og kva korrigerande tiltak som er sette i verk. Vurdering av kva miljøpåverknad tiltaket har ført med seg. Omtale av tiltaket Tiltaket med utviding av Fv548 er eit samarbeidsprosjekt mellom SFE Nett AS, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Flora kommune. Føremålet er å tryggje framkomsten for trafikantar, og for å få ei ny og sikrare hovudforsyning av elektrisitet til Florø. Det skal i tillegg etablerast eit kommunalt VA-anlegg i eit område som til no ikkje har hatt slikt anlegg. Søknaden omfatta i utgangspunktet to utfyllingstiltak: eitt inne i Furuholmen båthamn og eitt utanfor Florø Rorbu litt lenger aust, referert til som PP2. Tiltaket inne i båthamna vart etter kvart så lite at Fylkesmannen fann at det ikkje var naudsynt med løyve til utfyllinga der. I området kalla PP2 er det planlagt å fylle med om lag 1600 m3 reine massar over eit areal på vel 1000 m2. Utfyllinga skal utførast frå land. I følgje Miljødirektoratet sin rettleiar for handtering av sediment (TA 2960/2012), ligg dette tiltaket i grenselandet mellom å vere eit lite og eit mellomstort tiltak. For slike utfyllingstiltak vert det sett krav til sedimentundersøking og naturkartlegging. Det er teke sedimentprøvar frå det planlagde utfyllingsområdet. Analyseresultata viser at massane er ureina med PAH og TBT. Høyring Søknaden har vore lagt ut til offentleg ettersyn ved tenestetorget i Flora kommune i tida 12. desember 2014-9. januar 2015. Han vart også send direkte til berørte naboar og andre partar i saka i følgje oppgitt adresseliste. I tillegg vart søknaden kunngjort i Firdaposten og på Fylkesmannen si heimeside. Tiltakshavar hadde på førehand innhenta uttaler frå Bergen Sjøfartsmuseum og Fiskeridirektoratet. Fiskeridirektoratet påpeikar at det er registreert gytefelt for kysttorsk og sild av lokal og regional verdi i tiltaksområdet. Dei ber om at sprenging og fylling i sjøen, så langt det er mogleg, ikkje vert utført i gyteperioden. Bergen Sjøfartsmuseum kjenner ikkje til førekomst av kulturminne ved planlagt utbetring av Fv548 Botnvegen i Flora kommune som kan bli direkte råka av tiltaket det er søkt om. Dei har heller ingen indikasjonar på at området har vore brukt som ankringsstad eller hamn i eldre tid.
3/6 Tiltakshavar sine merknader til uttalene: Gytetida for sild og kysttorsk er normalt i perioden februar til april. Tiltaket vil verte utført frå midten av januar. Tiltaket skal i tillegg føregå heilt inne ved land, noko som vert rekna som gunstig i høve til gytinga. Fylkesmannen sine vurderingar I følgje ureiningslova 7 er det forbode å setje i verk noko som kan føre til fare for ureining. Fylkesmannen kan, i medhald av 11 jf. 16 i lova, etter søknad gi løyve til slik aktivitet. Utfylling i ureina sediment der utfyllinga skjer frå land, kan føre til ureining og krev difor løyve etter ureiningslova. Ved avgjerda om det skal gjevast løyve, har vi lagt vekt på dei ureiningsmessige ulempene ved tiltaket sett opp mot dei fordelar og ulemper som tiltaket elles vil medføre. Ureiningssituasjonen i utfyllingsområdet Ved Furuholmen har det vore aktivitet med småbåtar og naust, kaianlegg og flytebryggjer også før småbåthamna vart etablert tidleg på åttitalet. Sjøbotnen i tiltaksområdet er variert med reint fjell / svaberg nærast land, stein like utanfor og sand / skjelsand mellom steinar lengst ute. Hausten 2014 utførte Fishguard Florø ei sedimentgransking der det vart teke prøver av sjøbotnen (Fishguard Florø: Rapport sedimentkvalitet, 27.11.2014). Det vart teke til saman fire sedimentprøvar frå dei to planlagde tiltaksområda, der den eine prøven vart teken frå område PP2. Med utgangspunkt i lista over prioriterte miljøgifter, vart prøvane analyserte for tungmetall, organiske miljøgifter, (PAH og PCB) og TBT. I tillegg vart det målt kornfordeling, vassinnhald og innhald av organisk stoff i prøvane. Sjøbotnen vart undersøkt av dykkar i samband med uttak av sedimentprøvane. Han består i hovudsak av fjell, stor og liten stein og grov, luktfri, lys sand / skjelsand. Det var lite finstoff i prøven (4 % silt og 4 % leire), og det er påvist lite organisk materiale. Det vart ikkje observert botndyr, men dette vart heller ikkje undersøkt særskilt ved t.d. våtsikting. Resultat frå sedimentanalysane viser ureining med PAH (tilstandsklasse III og IV) og TBT (tilstandsklasse IV). Det er påvist overskriding av grenseverdiane for seks einskildstoff av PAH, i tillegg til TBT. Analyseresultata for prøvane som vart tekne inne i båthamna viste tilnærma same verdiane, og ein kan difor anta at ureiningssituasjonen er tilnærma den same i heile Furuholmen-området. PAH vert danna ved ufullstendig forbrenning av organisk materiale. Det finst også PAH i olje og oljehaldige produkt, og dette vil ofte vere kjelde til ureining i marine sediment. TBT har tidlegare vore brukt som groehindrande middel i botnstoff til båtar, men er no skifta ut med kopar. Småbåtaktiviteten i området er truleg hovudårsak til ureininga jf. bruk av botnstoff som inneheldt TBT. Dei ulike PAH-stoffa som er påvist skriv seg også mest sannsynleg frå desse aktivitetane. Ut frå analyseresultata utgjer sedimentet per definisjon ein miljørisiko, og det vart difor gjennomført ei risikovurdering trinn 2 (T2) jf. Miljødirektoratet sin rettleiar for risikovurdering av ureina sediment (TA 2802/2011). Grunna storleiken på tiltaket vart risikovurderinga utført noko forenkla. Risiko er vurdert med omsyn til spreiingspotensiale, tilhøve til naturressursar, økologiske effektar og mogleg påverknad på human helse. Spreiingsanalysen er basert på tilsvarande analyse i samband med utfylling i området Stranda Vest i Florø. Analysen syner at resedimentering av partiklar etter suspensjon som oppstår ved utfylling, ikkje vil bidra til auke i ureiningskonsentrasjonen i området sidan det vert antatt at sjøbotnen utanfor utfyllingsområdet er ureina i like stor grad som innanfor området. Fylling med stein vil difor heller vere med på å stabilisere ureininga i sjøbotnen.
4/6 Tilgjengeleg informasjon tilseier at tiltaksområdet ikkje vert nytta til rekreasjons- eller fritidsaktivitetar i form av bading, eller fiske og fangst. Fylkesmannen er elles ikkje kjend med at Flora kommune har vedteke særskilte miljømål for området det er søkt for utfylling om ved Furuholmen. Vurdering av avbøtande tiltak Ved utfylling i ureina sediment er det i utgangspunktet svært viktig at det vert sett i verk naudsynte avbøtande tiltak slik at spreiing av partiklar i størst mogleg grad vert unngått. Dette kan vere tiltak som hindrar dei finaste sedimentfraksjonane i å gå i suspensjon, eller som hindrar suspenderte partiklar i å spreie seg i vassmasane. Slike tiltak må i tillegg vere tilpassa dei lokale tilhøva. Aktuelle avbøtande tiltak før sjølve utfyllingsarbeidet tek til kan vere å dekke til dei ureina sedimenta, anten med eit tynt lag finkorna reine massar som får høve til å «setje seg», eller med geotekstilduk. Tiltak for å hindre partikkelspreiing under arbeidet, kan vere å nytte siltgardin. Ut frå opplysningane som kom fram under risikovurderinga, vil bruk av dei føreslegne tiltaka ha liten effekt på spreiing av ureining. Utfyllinga kan difor utførast utan særlege avbøtande tiltak utover normal aktsemd.. Utfyllingstiltaket skal uansett overvakast, t.d. ved måling av turbiditet eller partikkelkonsentrasjon i vassmassane. Det bør enten opprettast ein referansestasjon i eit upåverka område, eller det må målast på staden før arbeidet tek til. Dersom turbiditeten kjem over grenseverdien, må arbeidet stansast, og det må setjast i verk naudsynte tiltak, både for å finne årsaka til overstiginga, og for å bringe turbiditeten tilbake på stabilt nivå under grenseverdien. Resultata frå turbiditetsmålingane skal loggførast. Vurdering etter vassforskrifta Området det er søkt om for utfylling høyrer inn under vassførekomsten 0281010700-C Solheimsfjorden (www.vann-nett.no), som er karakterisert som «moderat eksponert kyst». Den økologiske tilstanden er omtalt som antatt «god». Kjemisk tilstand er ikkje definert. Vassførekomsten er påverka av utslepp og avrenning frå fiskeoppdrett. Det er antatt «ingen risiko» for at vassførekomsten ikkje oppnår tilstand «god» innan 2021. Fylkesmannen kan ikkje sjå at tiltaket vil kunne føre til forringing av vassførekomstane jf. føringar som ligg i Forskrift om rammer for vannforvaltningen (vassforskrifta). Tiltaket vil tvert imot føre til ei lita betring sidan ureina sediment vert dekka til med reine massar. Konsekvensar for naturmangfaldet Tiltaket er vurdert etter Lov om forvatning av naturens mangfold (naturmangfaldlova). Naturtypen langs land består av svaberg og steinfylling med førekomstar av marine plantesamfunn, primært naturlege biotopar av makroalgar (brunalgar). Førekomsten av tang er karakteristisk for eksponerte lokalitetar. Sjøbotnen i utfyllingsområdet er undersøkt av dykkar. Av marine planter er det raudalgar som dominerer, og det er observert lite grønalgar. Det vart elles observert normal artsrikdom av fisk. Fylkesmannen er ikkje kjend med at det finst viktige naturtypar eller sårbare dyreellerplanteartar i tiltaksområdet jf. Naturbase. Fylkesmannen finn difor at tiltaket ikkje vil vere til vesentleg skade eller ulempe for miljøet i høve til føringane som ligg i naturmangfaldlova. Fylkesmannen sine merknader til innkomne uttaler Det er i følgje uttale frå Fiskeridirektoratet registrert gyteområde for kysttorsk og sild som kan verte påverka av tiltaket. Dei ber om at sprenging og utfylling i sjøen ikkje vert utført i
5/6 gyteperioden, som vanlegvis strekkjer seg frå februar til april. Løyvet er gitt med vilkår om at det skal nyttast metodar for utfylling som minimerer faren for spreiing av ureining og innblanding av vatn. Risikovurderinga seier at det er liten fare for spreiing av finpartiklar. Tiltaket skal i tillegg gå føre seg heilt inne ved land og utførast ved rolege vindtilhøve. Konklusjon Fylkesmannen gir løyve etter ureiningslova 11 jf. 16 til utfylling med reine massar etter fastsette vilkår. Vilkåra som er sette i løyvet vil bidra til at utfyllinga ikkje vil føre til nemneverdig ureining eller forringing av dei biologiske og økologiske tilhøva i tiltaksområdet. Varsel om gebyr for sakshandsaming Fylkesmannen si handsaming av søknader om løyve er omfatta av ei gebyrordning, jf. kap. 39 i ureiningsforskrifta. Vi varslar med dette at SFE Nett AS skal betale eit gebyr på kr. 10.300,-. Dersom de har merknad til dette varselet, må denne sendast til Fylkesmannen innan tre veker. Gebyret vert deretter fastsett i eige vedtak. Endring eller tilbakekalling av løyvet Fylkesmannen kan gjere om eller setje nye vilkår for løyvet og ev. trekkje løyvet attende etter reglane i ureiningslova 18. Ansvar Sjølv om det er gitt løyve, pliktar den ansvarlege å svare erstatning som måtte følgje av ureiningslova og av vanlege erstatningsreglar jf. kapittel 8 og 10 i ureiningslova. Dette løyvet fritek ikkje søkjaren frå å hente inn naudsynte løyve eller samtykkje frå andre styresmakter eller privatpersonar. Offentleggjering av løyvet Ålmenta skal gjerast kjent med vedtaket jf. ureiningsforskrifta kap. 36 «behandling av tillatelser etter forurensningsloven» 36-11. Vedtaket vert kunngjort i lokalpressa for dykkar rekning. Kunngjeringa vil innehalde ei kort orientering om løyvet, kvar ein kan vende seg for å få innsyn i saksdokumenta og opplysningar om klageinstans og frist for ev. klage på vedtaket. Vedtaket vert også kunngjort på Fylkesmannen si heimeside www.fylkesmannen.ni/sogn-og-fjordane. Klagerett Partane og andre med klagerett etter forvaltningslova kan klage over avgjerda innan tre veker etter at avgjerda er motteken jf. forvaltningslova 29. Klageretten gjeld også vedtak om gebyr for sakshandsaminga. Jf. 41-5 i ureiningsforskrifta. Eventuell klage bør grunngjevast skriftleg og skal rettast til Miljødirektoratet. Klagen skal sendast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Med helsing Gøsta Hagenlund assisterande fylkesmiljøvernsjef Grete Hamre overingeniør Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.
6/6 Kopi til Alvdis Midtbø, Krokavegen 25, 6900 Florø Piotr Stanislav Kornafel / Iwona Agniezska Ludian, Krokavegen 23, 6900 Florø Arne Grov, Krokavegen 27, 6900 Florø Hogne Grimelid / Sissel Solheim Hansen, Brandsøyvegen 8, 6900 Florø Liv Aamot Verlo, Dyreholtvegen 61, 6900 Florø Atle Ringstad, Krokavegen 31, 6900 Florø Harald Melvær, Krokavegen 33, 6900 Florø Leif Hilmar Ekehaug, Krokavegen 29, 6900 Florø Kopi pr. e-post: Herborg Rønnekleiv Melvær Steinar Hammerseth ivest Consult AS Flora kommune