Vekeplan 9. trinn Veke 35 og 36 LÆRINGSMÅL DENNE PERIODEN: Fag: Norsk Kjenna att netthat og framandgjering som tema Reflektera rundt og uttrykkja meiningar om sosiale media Relatera tema, handling og personar til eige liv Gjengje innhaldet og finna tema i svenske tekstar Finna sjangerkjenneteikn i dramatiske tekstar Kjenna att trakasserande og diskriminerande språkbruk Kjenna att retorikk og bruk av sosiale media og ladde ord i valkampen Engelsk Snakka om eiga deltaking i fritidsaktivitetar. Forstå og bruka fleire sentrale ord knytt til leisure. Samanlikna bruk av fritid og fritidsaktivitetar i Storbritannia, USA og Australia. Matematikk Skriva, bruka og rekna med tal på standardform. Rekna med forteiknstal Gjera utrekningar med forhold og forholdstal, særleg knytt til praktiske situasjonar Samfunnsfag Kunna forklara demokrati Kunna forklara Storting, regjering og politiske parti Setja seg inn i partiprogram og samanlikna ulike parti Kunna samanlikna styresett i Noreg og USA Kunna drøfta ulike sider i ein debatt KRLE Kunna fortelja om kva det vil seia å vere livssynshumanist Forklara viktige omgrep knytt til humanismen Presentera ulike humanistiske seremoniar gjennom livet Naturfag Gjera greie for korleis atoma er bygde opp, og kva som skjer når atom slår seg saman Vurdera eigenskapane til grunnstoff og sambindingar ut frå periodesystemet Tysk Skildra utsjånaden til eit menneske Læra namnet på ulike kroppsdelar Kunna bøya verba «sein» og «haben» i presens Lesa tekstar med god flyt og uttale Fransk Kunna samtala om familie, skule, frukt og fritid Eng fordj Kunna bruka to be in the past tense Kunna snakka og skriva om livet, draumar og framtida Arbeidslivsfag Bli kjend med arbeidsoppgåver og tilsette på ny arbeidsplass.
M&H Vita kva god hygiene er Vita kva vurderingskriteria for faget er Kunna fortelja om korleis me skal oppføra oss på kjøkkenet Vita kva god bordskikk er Planleggja og laga trygg og ernæringsmessig god mat, og forklara kva for næringsstoff matvarene inneheld Kroppsøving Trena på og bruka ulike ferdigheiter i utvalde lagidrettar, individuelle idrettar og alternative rørsleaktivitetar Utføra varierte og effektive symjeteknikkar over og under vatn Aktivitet og helse Delta i gruppeaktivitetar eller individuelle aktivitetar som utfordrar både koordinative og fysiske dugleikar Gjera sitt beste, samhandla med og oppmuntra medelevar Friluftsliv Hausta frå naturen Forklara og praktisera allemannsretten Olweus Arbeida med å betra klassemiljøet. INFORMASJON Me har kome godt i gang med skuleåret. Oppstarten har vore prega av utdeling av bøker, få inn gode reglar og rutinar, arbeida med klassemiljøet og starta med undervisning i dei ulike faga. Klassane har og vore på gilde matpakketurar. Me minner om at elevane må ha bokbind på alle bøker. Karakterarket med underskrift må elevane og levera til kontaktlærar. Hugs å ha med stillelesingsboka kvar dag. Me skal bruka tid på lesing på skulen kvar veke i norsk. Elevane har søkt på å få vera trivselsleiarar. 10 elevar har blitt trekte ut til å vera med som trivselsleiarar, og dei skal vera med og setja i gong aktivitetar i matfriminuttet. I september reiser trivselsleiarane på kurs i Sandneshallen. Fredag 1. september kl. 13-14 kjem ordføraren og andre inviterte gjester på offisiell opning av nybygget. Det blir talar, kake og elevinnslag. Tysdag 5. september kl 17-19 blir det «Ope hus» der alle som vil, kan koma og sjå på det nye tilbygget. Elevane stiller som guidar og det vil vera aktivitetar i alle rom på skulen. Det blir sal av litt mat og kaffi. Alle er hjarteleg velkomne! Opplegget er obligatorisk for elevane, og elevane vil avspasera timane ved eit seinare høve. Det blir foreldremøte tysdag 19. september kl 18-19. Innkalling kjem. Det er viktig at alle abonnerer på nyheiter på heimesida. Her vil det meste av informasjonen koma. Heimesida: www.minskole.no/bus Mvh alle dei vaksne på trinnet.
HEIMEARBEID VEKE 35 Norsk 1. 30 min stillelesing i boka di. Svar på språkoppgåvene som ligg på OneNote/Showbie. Engelsk 1. Workbook pp 9-10. Choose one of these exercises: 8, 9 or 10. Prepare 3-10 questions to use in an interview. The topic in the interview is leisure. Matematikk Alle: Hugs å levera heimearbeidet på OneNote. Standardform oppg. 1.18 og 1.19 a-c i Grunnbok s. 14-15. Blå: Forteiknstal: 1.23-1.30 c og d. s. 7-8. Grøn: Forteiknstal: 1.227-1.230 a,c og d s. 13. Raud: Forteiknstal:1.317-1.321 a, c og d s. 19. Samfunnsfag 1. Alle får eit politisk parti av lærar som dei skal jobba med: Finn ut mellom 4 og 10 viktige politiske kampsaker for partiet ditt. Leit på internett. Vurder kor truverdig kjelda di er Prøv å "plassera" partiet i det politiske landskapet Ekstra: Les side 283-287 om det norske Stortinget, regjeringa og politiske parti. KRLE 1. Les s. 148 152 i Horisontar. Kva vil det seia å ha ei ikkje-religiøs oppfatning av livet og verda? Kva vil det seia å setja mennesket i sentrum? Snakk om dette med nokon heime. Forklar omgrepa toleranse, likeverd og demokrati. 2. Les s. 148-152 i Horisontar. Skriv eit samandrag frå s. 150 151 " Å setje mennesket i sentrum" Forklar omgrepa toleranse, likeverd og demokrati. Naturfag 1. Les om periodesystemet frå s. 13 til 18 i Tellus. Skriv to setningar om kva som er typisk for kvar av desse gruppene: metall, ikkje-metall, edelgassane, halogena og alkalimetalla. 2. Les om periodesystemet frå s. 13 til 18 i Tellus. Lag eit munnleg samandrag av det du las om og spel det inn på ipaden og lever på OneNote. Spansk Les om bøying av verb i framtid (futurum) s. 122. Les tabellen s. 123 og lær bøyinga av ir (gloseprøve onsdag veke 35) Tysk 1. Les inn tekst 1A s. 12-13 på ipaden. Lever på Showbie eller OneNote. 2. Les inn tredje avsnitt («Zwei Männer nähern sich langsam dem Porsche.») i tekst 1A s. 12 på ipaden. Lever på Showbie eller OneNote. Fransk 1. Les høgt og set om s 10 11. Øv på vekedagane og månadene. Øv på å seia 5 setningar om familien din og/eller kjæledyr. Eng fordj 1. Read pg 13 Steps towards a better life. Discuss the goals with an adult at home. Who did you talk to about it? Take a picture and hand in on Showbie. (Les s. 13. Diskuter måla med ein vaksen heime. Ta eit bilete av den du snakka med og lever på Showbie). 2. Read pg 13 Steps towards a better life. Which goal do you think is most important? Why? Hand in your answer on Showbie.
M&H Teori: Leksjon 2 Mat for glede og god helse. Les side 10 13 før teoritimen. Matlaging: tomatsuppe og grove scones. Studer oppskriftene før timen. Hugs forkle og hårstrikk. Lag tomatsuppe og scones heime. Olweus Me skriv søknad til elevrådet. Oppfylgjing av "Fri-kampanjen". Idrett Møt opp i Jærhallen. Aktivitet : frisbee Sal og scene Bli kjent og trygg i gruppa. Utvikla og formidla idear til ein eller fleire produksjonar. Friluftsliv Hugs gode sko og klede til tur! Ha med mobiltelefon viss du har. Du skal ta bilete til bruk i ei oppgåve. NB! Vi skal laga rognebærgelè i løpet av dei neste tre vekene. Samla på glas til å ha gelèn i. Det kan vere alt av glas berre det har tett lokk. HEIMEARBEID VEKE 36 Norsk 1. I forkant av denne leksa skal de allereie ha lese eit utdrag av Et dukkehjem på skulen. Skriv/gjer teksten om til ein nyheitsartikkel (skriftleg) eller eit munnleg nyheitsinnslag (les inn eller lag ein samansett tekst med ord og bilete). Bruk 50-70 ord. 2. I forkant av denne leksa skal de allereie ha lese eit utdrag av Et dukkehjem på skulen. Skriv/gjer teksten om til ein forteljande tekst. Bruk 50-70 ord. 3. I forkant av denne leksa skal de allereie ha lese eit utdrag av Et dukkehjem på skulen. Skriv eit samandrag av teksten. Bruk 50-70 ord. Engelsk 1. Watch this video: https://www.youtube.com/user/anglopheniatv Write down five to ten words from the video in English and Norwegian. Matematikk Alle: Hugs å levera heimearbeidet på OneNote. Blå: Forhold: 1.131, 1.133 og 1.134 s. 8-9. Grøn: Forhold:1.231, 1.234, 1.237 og 1.239 s.14-15. Raud: Forhold:1.322 til 1.325 s. 20. Samfunnsfag 1. Neste veke er det Stortingsval! 1) Finn ut kor mange politiske parti som stiller med lister til valet i Rogaland. (du kan bruka denne lenka: https://www.regjeringen.no/contentassets/ce38e1ffecb84578b594572e f6b4bbfb/11-rogaland.pdf ). 2) Vel deg eit av partia du ikkje har høyrt om før og finn ut kva partiet står for. Då må du leite på Internett. Ekstra: Les side 290-295 om styreform i andre land.
KRLE 1. Les s. 152-155 om Human-Etisk Forbund og humanistiske seremoniar. Lag ein minipresentasjon om ein av dei fire humanistiske seremoniane. Lærar går gjennom oppgåva i klassen. Naturfag 1. Vel deg ut eit grunnstoff som du fordjupar deg i heime. Skriv omtrent ei halv side om det grunnstoffet du vel. Du finn masse stoff på internett. Spansk Les s. 8-9 minst 3 gongar. Diktat s. 8 (onsdag) Skriv 5 setningar om kva du skal gjera (bruk ir a) Tysk 1. Skriv mellom fem og ti setningar på tysk der du prøver å skildra ein kjend person/karakter. Bruk ord og uttrykk som du har lært i timen. På skulen skal dei andre gjetta kven du har skildra. 2. Skriv minst fem setningar på tysk der du prøver å skildra ein kjend person/karakter. Bruk ord og uttrykk som du har lært i timen. På skulen skal dei andre gjetta kven du har skildra. Fransk 1. Les og set om s. 12 og 13. Øv på frukt, land og språk, 10 av kvar. Øv på å samtala om vêret og om kor du bur og kva språk du snakkar. Eng fordj 1. Les to av "Ask Alvin" spørsmåla med svar på s. 16-17 Lær glosene som høyrer til. Skriv og ned desse orda og lever på Showbie. 2. Les "Ask Alvin" spørsmåla med svar på s. 16-17 Lær glosene som høyrer til. Skriv og ned desse orda og lever på Showbie. Friluftsliv Hausting. Vi syklar og går på tur - hugs noko å ha rognebær i. Møt opp ved kinoen klokka 0800 ved kinoen med sykkel og hjelm! Innsats for andre Bli kjent med forutsetningane for frivillig arbeid Planlegge tiltak for valt målgruppe