Espira Hollund - Ein trafikksikker barnehage Barn sin tryggleik - dei vaksne sitt ansvar 2017/2018 1
Trafikksikker barnehage I Espira Hollund har me klare føringar for korleis me skal oppføre oss i trafikken. Barn og vaksne hos oss er ofte på turar i nærmiljøet der me må krysse både bilvegar og skogsvegar med traktorar. Me har også to eigne barnehagebilar som me ofte bruker når me skal på lengre turar utanfor vårt nærmiljø. Grunnlaget for haldningar til tryggleik i trafikken vert lagt i medan ein er barn og difor må trafikkopplæringa starte tidleg. Dei vaksne er rollemodellar og har ansvar for at barn og unge utviklar evne til refleksjon, risikoforståing, til å sjå andre sitt perspektiv og til å samarbeide. Me har ut i frå desse momenta laga ein handlingsplan for vårt arbeid med trafikk. Kva regelverk og anbefalingar som ligg til grunn for handlingsplanen Forskrift om bruk av personlig verneutstyr under kjøring med motorvogn 1 og 2 (av 21.09.1979 nr. 7) Føringar frå Trygg trafikk om sikring av barn i bil og buss. Forskrift om kjørande og gåande trafikk (trafikkregler, FOR-1986-03-21.747) Vegtrafikkloven 23 A Mål for planen Alle barnehagebarn og tilsette som er på tur i trafikken skal vera forsvarleg sikra i bil/buss og synlege langs trafikkert veg. Dei eldste barna i barnehagen skal ha grunnleggjande kunnskap og haldningar om trafikk så tidleg som mogleg, før skulestart. På tur med barnehagebilane, taxi og buss Espira Hollund ligg til på Hollund med naturen som nærmaste nærmiljø. Me er heldige å ha to barnehagebilar som me bruker ofte om me skal på turar til Biblioteket, Fet og andre stadar utanfor vårt nærmiljø. Då me har desse bilane, har me til no ikkje hatt behov for å nytte taxi eller buss. Dersom me treng fleire bilar, kjører me i fleire omgongar eller nyttar oss i enkelte tilfelle av private bilar. Buss tek skulespirene ein gong i året når dei har tema om nærmiljøet sitt. Då me bruker bilane ofte, er trafikksikring og sikring i bil særs viktig for oss. Sikring i bil Det er sjåføren sitt ansvar å sikre barna forskriftsmessig. Sjåføren skal ha hatt sertifikat i 2 år før ein får kjøyra med barna i barnehagen. Barn under 3 år Barna skal sikrast med bilbelte og bilstol. Hos oss blir barnehagebilane bare brukt av barn som er fødde i 2012 og 2013 Barn over 3 år Barna skal sikrast med bilbelte og bilpute med/utan rygg. Selen skal festast på rett måte med selen over skuldra. Hos oss har me seter med ryggstøtte til alle barn. 2
Sikring i buss Barn under 3 år Me benytter oss ikkje av buss til barn under 3 år. Barn over 3 år Barna skal nytte ordinært bilbelte på eigna måte. Dei kan nytte både trepunktssele og topunktssele, men så langt det er mogleg nyttar me trepunktssele då dette er sikrare. Me har til no nytta oss av buss til 6-åringane ein gong i året. Rutinar for å frakte barnehagebarna med bil, taxi og buss Når barnet tek til i barnehagen, fyller føresette ut eit godkjenningsskjema. Her kryssar dei blant anna av for om dei tillét at barnet deira får kjøre bil, buss/taxi og private bilar gjennom tida deira i barnehagen. Barnehagen kan ikkje ta barn med på tur i bilar/ kollektivtransport og liknande utan det er gitt samtykke til det frå foreldra/føresette. Barnehagen har bilseter med ryggstøtte til begge barnehagebilane, i tillegg til nokre ekstra seter dersom me treng å bruke private bilar. Det er sjåføren som har ansvar for å sikra kvart einskild barn med rett utstyr. Før turar med bil eller buss vert det skrive ei risikovurdering. Det skal kome tydelig fram kven som har hovudansvaret for turen, og kva ansvar kvar av dei vaksne har. Barna skal ikkje ha på seg tjukke dresser/ytterklede når dei er sikra. For resten av turen gjeld våre vanlege tur-rutinar. Turen er ikkje over før alle barna har kome trygt gjennom grinda i barnehagen. Ved avvik skal det skrivast avviksmelding og leverast til styrar straks. Personalet skal ha jevnleg gjennomgong av rutinane. På tur til fots i barnehagen sitt nærmiljø Espira Hollund ligg omringa av den flotte naturen inn mot Hollundsmarkjo, avsides i frå hovudvegen. Her er det grusveg nesten heile vegen inn, og me møter til tider på enkelte traktorar. Elles er vegen utrafikkert. Me er også på ein del turar til fots mot Svortland og Urangsvågen, og her er store deler av vegen veldig trafikkert. Ved krysset mellom hovudvegen og vegen ned til barnehagen, er det litt uoversiktleg og ikkje fotgjengarfelt. Dermed har me særs stort fokus på trafikksikkerhet når me går turar her. Rutinar for turar langs vegar med mykje og lite trafikk På turar utan om dei vanlege skal det skrivast risikovurdering med ansvarsfordeling. Alle barn og vaksne skal ha refleksvest på seg. Dei vaksne skal samtale med barna om korleis me oppfører oss langs trafikkert veg før me går, og minne på undervegs. Barna skal gå to og to (turvenn) og halde hender eller halde i turtau. Ein vaksen skal gå i front og ein vaksen skal gå bakerst. Dei andre vaksne plasserer seg der det er naudsynt. For resten av turen gjeld vanlige tur-rutinar. Turen er ikkje over før alle barna har kome seg trygt gjennom grinda i barnehagen. 3
Personalet skal ha jevnleg gjennomgong av rutinane. Rutinar for tur med barn i vogn langs trafikkert veg Dei aller minste barna (Småspirene) er også ofte på turar utanfor barnehagen vår. Då nyttar me oss av vanlege vogner eller tvillingvogner. Nokre av dei eldste barna kan gå ved sida av. Barn og vaksne skal ha refleksvest på seg. Ein vaksen skal gå i front og ein vaksen skal gå bakerst. Dei andre vaksne plasserer seg der det er naudsynt. Dei vaksne skal heile tida ha tilsyn med si vogn, og vera obs på å nytta bremsen om vogna skal stå i ro. Barna vert festa med beltet som er i vogna. Barn som går ved sida av vogna skal gå på den sida som er vendt inn mot grøfta. For resten av turen gjeld vanlige tur-rutinar. Personalet skal ha jevnleg gjennomgong av rutinane. Trafikkopplæring i barnehagen Me har trafikksikring med i våre handlingsplanar og risikovurderingar, men me har òg trafikk som tema saman barna gjennom heile året, særleg med «Skulespirene» våre (Dei eldste barna). Dette arbeidet med trafikkopplæring er med i årsplanen vår. Når me jobbar med trafikk som tema er me innom alle fagområda i rammeplan for barnehagar. Til dømes; Kommunikasjon, språk og tekst: Barna lærer ulike ord og omgrep knytt til trafikk. Kropp, helse og rørsle Syn, hørsel, motorisk trening og meistring er viktig i trafikken og me har øvingar/leik knytt til dette. Til dømes syklar og leikebilar ute med diverse trafikklys og skilt. Kunst, kultur og kreativitet Trafikkleik, formingsoppgåver, forteljingar. Natur, miljø og teknikk Årstidene og ulikt vêr, korleis verkar ein refleks?, korleis verkar trafikklys?, Kvifor må bilar nytte blinklys? Kva er eksos? Sikring i bil, bruk av sykkelhjelm. Sjå seg føre før ein kryssar vegen, og liknande. Etikk, religion og filosofi Lære om trafikkreglar og kvifor me må ha desse reglane. Ta hensyn til kvarandre. Nærmiljø og samfunn Bli kjend i nærmiljøet, alle er i trafikken kvar dag, lære om ulike transportmoglegheiter. Kva slags trafikk har me i vårt nærmiljø? Ta buss for å studere nærmiljøet. 4
Tal, rom og form Skilt og symbol i trafikken, studere ulike former og fargar på skilt, ulike omgrep, teljing, osv. Barnas trafikklubb, eit pedagogisk opplæringsverktøy frå Trygg Trafikk Gjennom barnehageåret 2016/2017 vil Skulespirene (dei eldste barna) ha prosjektarbeid om trygg trafikk gjennom medlemskapet i «Barnas trafikklubb» frå Trygg Trafikk. Som medlem får barnehagen tilgong på pedagogisk opplegg tilpassa barnehagekvardagen gjennom blant anna 24 oppdrag og tips til foreldresamarbeid. Målet med klubben er å auke barnas forståing for kva som er trygt og farleg i trafikken på ein måte som barna syns er morosam og spanande. 5
Samarbeid mellom barnehagen og heimen Barnehagen og foreldra/føresette har eit fellesansvar for at barna er trygge i trafikken. Foreldra skal sikre barna i bil på veg til og frå barnehagen, og elles. Både tilsette og foreldre skal parkere på anviste plassar på parkeringsplassen, og vere obs på barn mellom parkerte bilar. Dei skal ikkje parkere ved grinda, for å så rygge opp til parkeringsplassen. Bilar skal ikkje «gå på tomgang» medan foreldra leverar/hentar barn i barnehagen. Dett grunna både tryggleik og hensyn for miljøet. Foreldra må ikkje sleppe andre barn ut gjennom grinda, og grinda må alltid lukkast etter ein har gått inn/ut. Trafikksikkerhet og trafikkopplæring skal være eit integrert tema på foreldremøter. Saman kan tilsette og foreldre i Espira Hollund barnehage bidra til å auka barna sin tryggleik i trafikken, og å opparbeide gode haldningar til trafikk hos barna. Alle vaksne må vera bevisst i si rolle som rollemodell for barna, og «learning by doing» er sentralt i dette arbeidet. Barna lærer av det dei ser at me vaksne gjer. 6