SKULEBRUKSPLAN FOR VIDAREGÅANDE OPPLÆRING I SOGN OG FJORDANE 2013 2024 HØYRING FRÅ SAMARBEIDSFORUM I SUNNFJORD



Like dokumenter
EIN HEILSKAPLEG SKULESTRUKTUR FOR VIDAREGÅANDE SKULE I SUNNFJORD

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Delrapport 2 Modell 2

Modellar for organisering av vidaregåande opplæring

Delrapport 7 Modell 7

Delrapport 5 Modell 5

Vgs-tilbodet i Nordfjord

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

1. Ressurs til arbeidslivskontakt vert vidareført på skular med yrkesfaglege utdanningsprogram.

Rådgjevarkonferansen 2014 Gjennomføring i vidaregåande opplæring.

VIDAREGÅANDE OPPLÆRING. Politikardag 12.mai 2016.

Vgs-tilbodet i Nordfjord

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Skulebruksplanen Uttale frå Sogn Regionråd

Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Læringsarena 14. juni 2013

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

SKULESTRUKTUREN PÅ VOSS REFORDELING AV ELEVPLASSTAL OG UTDANNINGSPROGRAM

Skulebesøket vart avslutta med utviklingssamtale mellom fylkesdirektør og rektor.

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Jnr gjg. Hordaland fylkeskommune Opplæringsavdelinga 5520 Bergen. Uttale skulebruksplan

Ølen vidaregåande skule

Skulebruksplan for Sogn og Fjordane

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

MØTE BOK. Varamedlemer til stades: Ingen vararepr esentantar hadde høve til å møta

Bodø 4. november 2015 Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Oppmoding om uttale - Hordaland Privatgymnas AS - søknad etter friskulelova

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Utdanningsprogramma. Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Medium og kommunikasjon Kunst, design og arkitektur

Kommunesamarbeid - status og planar i Sogn og Fjordane Kommunal- og regionalkomiteen i Sogn og Fjordane, mars 2010 Olav Lunden, styreleiar i

Dvkkar ref: Vår ref Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2013/272-4 Finn Arne Askje,

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Dialogmøte med kommunane i Sunnfjord

SAMARBEIDSFORUM I SUNNFJORD. Årsrapport Jølster Naustdal Flora - Gaular Førde

Rådgjevarkonferanse 2009

MØTE BOK. Sak 5/17 vart handsama først i møtet, deretter vart sakene handsama i kronologisk rekkefølgje.

Skulebruksplanen for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Vågsøy kommune Sentraladministrasjonen

Søking til skuleåret

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

Ny søknad om oppretting av landslinetilbod for skiskyting ved Stryn vidaregåande skule

Kopi til: Arkivnr.: 526. Vurdering av prognoseinntaket til dei vidaregåande skolane, skoleåret 2009/2010

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Inntak i vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune - overordna prinsipp for inntak DP 1.5

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

Søking til skuleåret

Tittel: Opplæringstilbodet for skuleåret

Dialogmøte Hafs. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Stimuleringstilskot til fag- og yrkesopplæringa

Dialogmøte med kommunane i Hafs

Dialogmøte Sunnfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Rådgjevarkonferanse 2010

Tal søkjarar med ungdomsrett til opplæring i skule

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58223/2014/ Melvin Tornes,

Inntak til vidaregåande skule for søkjarar med fortrinnsrett, søkjarar med rett til individuell handsaming og minoritetsspråklege søkjarar.

Saman for framtida (Ref # )

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

OPPNEMNING AV STYREREPRESENTANTAR VED PRIVATE SKOLAR

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Høring om endringar i den yrkesfaglege tilbodsstrukturen. Uttale frå Møre og Romsdal fylkeskommune

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Dialogmøte Nordfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Prognoseinntaket 2013: Orientering frå opplæringsavdelinga

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Dialogmøte Sogn. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

SAMARBEIDSFORUM I SUNNFJORD. Årsrapport Jølster Naustdal Flora - Gaular Førde

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring Struktur, innhald og fleksibilitet

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde


HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Dialogmøte Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Transkript:

Sogn og Fjordane fylkeskommune Sentraladministrasjonen Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER Samarbeidsforum i Sunnfjord Førde 24.april 2013 SKULEBRUKSPLAN FOR VIDAREGÅANDE OPPLÆRING I SOGN OG FJORDANE 2013 2024 HØYRING FRÅ SAMARBEIDSFORUM I SUNNFJORD Samarbeidsforum i Sunnfjord viser til invitasjon til innspel til skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013 2024. Fylkesrådmannen er særleg ut etter innspel på desse problemstillingane: Eventuelle nye variantar av modellane. Nye variantar må møte måla for prosessen slik desse er omtalte i planen. Korleis lokalsamfunn og arbeids- og næringsliv meiner den vidaregåande opplæring bør vere organisert gitt elevtalsprognosane og inntektsutsiktene som ligg føre. Kva utdanningsprogram og programområde vil arbeids- og næringslivet særleg etterspørje i prioritert rekkefølgje? Korleis bør vi oppnå balanse mellom elevtal og tal elevplassar i ulike delar av fylket? Fylkesperspektivet vil bli særleg vektlagt SiS vil peike på at det er gjennomført eit omfattande arbeid med å vurdere den framtidige skulestrukturen i Sogn og Fjordane. SiS sluttar seg til dei utfordringane som vert presentert som grunnlag i skulebruksplanen både med omsyn til redusert elevtal og dei følgjer dette får for framtidig skulestruktur i fylket. Den største faren med den strukturprosessen for dei vidaregåande skulane vi no er inne i, er likevel at ein lett rettar merksemda si mot å behalde Sunnfjord har siste hatt fem år med høg vekst i folketalet, og arbeidsplassveksten i regionen var på høgde med veksten på landsbasis frå 2000 til 2009. Sunnfjord er blant regionane med høgast intern arbeidsmarknadsintegrasjon i landet, og regionen er i dag eit naturleg felles bu- og arbeidsområde, og ein funksjonell skuleregion.

dagens skulestruktur. Då forsvinn lett evna til å sjå framover og tore å vurdere kva utfordringar vi eigentleg vil ha i framtida. Vi viser innleiingsvis til tidlegare fråsegn frå SiS om skulebruksplanen (1. februar 2013). Her kommenterte vi særleg ubalansen mellom elevplassar i ulike deler av fylket og viste med bakgrunn i Sunnfjord, som ein naturleg og dynamisk bu-, arbeid- og skuleregion i vekst, kva for utdanningstilbod vi ønskjer å behalde i regionen. I det følgjande skal vi vere meir konkrete med omsyn til på kva studietilbod som er naudsynte for å imøtekomme dei nye utfordringar Sunnfjord som region vil ha i framtida for å kunne vekse vidare på ein berekraftig måte. Punktvis framlegg til høyring Samarbeidsforum i Sunnfjord (SiS) har handsama skulebruksplan for vidaregåande skule i Sogn og Fjordane og står samla bak ei felles høyringsuttale. SiS peiker på følgjande faktorar som avgjerande for det vidare arbeidet med skulebruksplan for Sogn og Fjordane: 1. For Sunnfjord, som vil vere den einaste regionen med auke i mengde 15 åringar fram mot 2024, er det avgjerande at vi sikrar attraktive skulestadar i framtida, at dei har breidde i skuletilbodet, at elevane i størst mogeleg grad får oppfylt sine ønskje om opplæringstilbod, og at ein har robuste einingar og fagmiljø som raskt kan omstille seg. 2. SiS vil presiserer at det må vere samsvar mellom elevtal og elevplassar i dei ulike regionane i fylket. SiS vil derfor krevje at elevplassane i Sunnfjord vert auka til minst 47 %, i samsvar med elevtalet i regionen. 3. Nærleik til fagskule og høgskular er eit viktig element for å byggje robuste og attraktive skulemiljø. I tillegg må vidaregåande skular leggast der verksemder held til og elevane bur. 4. Så langt har vi ikkje i Sogn og Fjordane makta å etablere regionale utdanningssentra tufta på dei vidaregåande skulane. SiS sitt framlegg til endringar og samla fagtilbod vil legge til rette for regionale fagsentra i Sunnfjord. 5. SiS vil akseptere at tilboda design og handverk, medium og kommunikasjon og studiespesialiserande formgjevingsfag vert flytta samla til ein annan vidaregåande skule i Sunnfjord. Det er heilt uaktuelt å flytte desse tilboda ut av regionen ettersom dette er med å skape ein ubalanse mellom elevtalplassane, sett i eit fylkesperspektiv. Design og handverk, medium og kommunikasjon og studiespesialiserande formgjevingsfag må behaldast samla og er dessutan viktige for at regionen framleis skal kunne behalde kreative fag og skape tilfredsstillande rekrutteringsgrunnlag både for kulturinstitusjonar som Sogn og Fjordane Teater og Sogn og Fjordane Kunstmuseum (som har ein desentralisert formidlingsstruktur med viktige arenaer i Jølster), for dei store medieverksemdene som ligg i Førde (NRK, Firda, Nynorsk mediesenter, Førde Multimedia, Mediebruket, Fylkesmagasinet), og for næringslivet i regionen.

6. Flytting av tilboda design og handverk, medium og kommunikasjon og studiespesialiserande formgjevingsfag, løyser ut eit krav om forhandlingar med fylkeskommunen om alternativ bruk av bygningsmassen, som Mo og Jølster vidaregåande skule, avdelinga Jølster, i dag disponerer. 7. SiS krev tilsvarande strukturendringar i andre regionar. Dette er naudsynt for å sikre ein berekraftig vidaregåande skulestruktur i Sogn og Fjordane i framtida. 8. SiS meiner at ei vidareføring av idrettsfag ved Florø vidaregåande skule er med å sikre eit tilfredsstillande idrettsfagtilbod også i Sunnfjord. 9. Med bakgrunn i forventa vekst i Fjordbase i Florø og behovet for fagarbeidarar innan teknikk og industriell produksjon, vil det vere behov for å auke elevplassane i Sunnfjord. 10. Med bakgrunn i behov for utskifting i forpleiingsyrka i Nordsjøen, rår SiS til at utdanningsprogrammet restaurant- og matfag vert lagt til to skular, Øyrane vidaregåande skule og Måløy vidaregåande skule også med tanke på å skape føreseielege og robuste fagmiljø. 11. Det må etablerast eit VG2 kurs i Sal, service og tryggleik i Sunnfjord. 12. Med utgangspunkt i næringa sitt samla omfang i regionen og lokalt næringsliv sin eigenart i indre og ytre Sunnfjord, er det viktig at eit tilbod om transport og logistikk spissa mot terminalarbeid og logistikk, vert lagt til Flora vidaregåande skule. Medan same faget, retta mot landevegstransport, vert lagt til Øyrane vidaregande skule. 13. Ei styrking av helse- og oppvekstfag i samsvar med framtidige behov, er viktig for Sunnfjord. 14. SiS meiner modell i 0 i skulestrukturplanen ikkje er berekraftig. Målet for SiS er å imøtekome dei prinsipp for ein framtidig skulestruktur, slik vi tidlegare har skildra det, og samstundes sikre balanse mellom elevtal og elevplassar i dei ulike delane av fylket. SiS meiner ein kombinasjon av modell 5 og 7 er naudsynt for å oppnå ein best mogeleg framtidig skulestruktur i Sogn og Fjordane, men at ein kan vurdere korrigeringar i modellane med omsyn til kva skular som skal leggast ned. Vidaregåande skular i framtida - fylkesperspektivet Erfaringa viser at elevane i Sunnfjord søker seg til skular i eigen region. I følgje skulebruksplanen rekrutterer skulane i Sunnfjord dei aller fleste elevane frå eigne kommunar. For Sunnfjord, som vil vere den einaste regionen med auke i mengde 15 åringar fram mot 2024, er det derfor avgjerande at vi sikrar attraktive skulestadar i framtida, at dei har breidde i skuletilbodet, at elevane i størst mogeleg grad får oppfylt sine ønskje om opplæringstilbod, og at ein har robuste einingar og fagmiljø som raskt kan omstille seg. Dette er krav som òg samsvarer med den nye regionalmeldinga Ta hele Norge i bruk (St.meld.nr 13 (2012-2013)).

I dag må tilsette i langt større grad vere villege til å omstille seg og ta vidareutdanning for å kunne møte arbeidslivet sine krav og forventingar. Derfor er det òg relevant å peike på at nærleik til fagskule og høgskular er eit viktig element i det å byggje robuste og attraktive skulemiljø. I tillegg må vidaregåande skular leggast der verksemder held til og elevane bur. Folketalsutvikling, som er det overordna målet i den regionale planstrategien for fylket, er altså avgjerande for å byggje dagens skulestruktur. I skulebruksplanen blir det peika på at dei vidaregåande skulane ikkje har makta å utvikle seg til regionale utdanningssentra som kan tilby tenester for ein regional marknad, anten det gjeld næringsliv, offentleg sektor eller det sivile samfunn. Frå SiS si side, er det avgjerande at ein får etablert slike sentra i Sunnfjord slik at dei vidaregåande skulane i langt større grad er med å bidra til den regionale utviklinga. Alt bør ligge til rette for å etablere fleire regionale utdanningssentra i Sunnfjord i framtida, tufta på dei vidaregåande skulane. Det er rimeleg å tenkje seg at elevane i framtida i langt større grad vil vere meir medvetne om kva utdanning og skule ein ønskjer å gå på. Med den rivande utviklinga vi har hatt og vil få innan samferdsle i regionen og fylket, er også valfridom i større grad langt meir reell enn berre for kort tid sidan. SiS vil òg peike på at det er rimeleg å forventa at endra samferdslestrukturar i framtida òg vil resultere i endra skulestruktur for vidaregåande skule. Særleg ei realisering av ferjefri E39 med monaleg regionforstørringar vil venteleg ha slike konsekvensar. SiS meiner vidare at skulebruksplanen for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane burde i større grad reflektert rundt, og opna opp for, meir fleksible modellar og løysingar enn den gjer. I scenarioet om Nasjonalstaten i boka Norge 2035. Fem scenario om offentlig sektors framtid (Erik Øverland m fl), er skulepolitikken endå meir sentralstyrt enn i dag og ein har fått langt meir spesialisering og omstrukturering i den vidaregåande skulen. Fagopplæringa er i denne modellen flytta ut til verksemdene og det vidaregåande skuletilbodet er organisert som universitet med store forelesingar og små grupper og kollokvie. For Sogn og Fjordane sin del kan ein altså tenkt seg få store skulestadar der deler av undervisninga går føre seg, medan det meste av undervisning likevel går føre seg lokalt i mindre grupper og kollokvie. Val modell for Sunnfjord Målet for SiS er å imøtekome dei prinsipp for ein framtidig skulestruktur slik vi har skildra det over og samstundes sikre balanse mellom elevtal og elevplassar i dei ulike delane av fylket. SiS forstår fylkesrådmannen slik at det blir bedt om innspel knyt opp mot dei framlagde modellane eventuelle variantar av desse. SiS meiner modell i 0 i skulestrukturplanen ikkje er berekraftig. Målet for SiS er å imøtekome dei prinsipp for ein framtidig skulestruktur, slik vi tidlegare har skildra det, og samstundes sikre balanse mellom elevtal og elevplassar i dei ulike delane av fylket. SiS meiner ein kombinasjon av modell 5 og 7 er naudsynt for å oppnå ein best mogeleg framtidig

skulestruktur i Sogn og Fjordane, men at ein kan vurdere korrigeringar i modellane med omsyn til kva skular som skal leggast ned. Særleg modell 7 er m.a. med å sikre beste elevtalsplassar, noko som er særs viktig for Sunnfjord. I denne modellen er idrettsfag og medium og kommunikasjon også eit utdanningstilbod i Sunnfjord. Slik SiS ser det, ivaretek også denne modellen best dei måla som er lagt som primissar for arbeidet med skulebruksplanen. Elevtalplassar og fylkesperspektivet Design og handverk, medium og kommunikasjon og studiespesialiserande formgjevingsfag er i dag plassert på Mo- og Jølster avdeling Jølster. I Norconsult sitt forslaga til modellar er utdanningsområda foreslått samla til fylkesdekkande linjer med tilbod på Eid vidaregåande skule og på Firda vidaregåande skule, med unnatak av modell 6 og 7, der medie og kommunikasjon er foreslått i Sunnfjord og i Sogn. SiS vil akseptere at tilboda design og handverk, medium og kommunikasjon og studiespesialiserande formgjevingsfag vert flytta samla til ein annan vidaregåande skule i Sunnfjord. Det er heilt uaktuelt å flytte desse tilboda ut av regionen ettersom dette er med å skape ein ubalanse mellom elevtalplassane, sett i eit fylkesperspektiv. Dette speglar òg noko av modell 7 der Sunnfjord har 47,4 % av elevtala medan elevplassane berre er 42,1 %. Det vil derfor vere naudsynt å auke opp elevplassane i Sunnfjord for å oppnå best mogeleg balanse. I vårt framlegg vil vi auke opp elevplassane i Sunnfjord med 360 elevplassar. Design og handverk, medium og kommunikasjon og studiespesialiserande formgjevingsfag må behaldast samla og er dessutan viktige for at regionen framleis skal kunne behalde kreative fag og skape tilfredsstillande rekrutteringsgrunnlag både for kulturinstitusjonar som Sogn og Fjordane Teater og Sogn og Fjordane Kunstmuseum (som både har ein desentralisert formidlingsstruktur med viktige arenaer i Jølster), for dei store medieverksemdene som ligg i Førde (NRK, Firda, Nynorsk mediesenter, Førde Multimedia, Mediebruket, Fylkesmagasinet), og for næringslivet i regionen. Føresetnaden for flytting av tilboda design og handverk, medium og kommunikasjon og studiespesialiserande formgjevingsfag, er at fylkeskommunen startar forhandlingar med Jølster kommune om alternativ bruk av bygningsmassen som Mo og Jølster vidaregåande skule, avdelinga Jølster, i dag disponerer. Føresetnaden for flytting av tilboda design og handverk, medium og kommunikasjon og studiespesialiserande formgjevingsfag, er at fylkeskommunen startar forhandlingar med Jølster kommune om alternativ bruk av bygningsmassen som Mo og Jølster vidaregåande skule, avdelinga Jølster, i dag disponerer. I tillegg krev SiS tilsvarande strukturendringar i andre regionar som det vi gjer ved Mo og Jølster vidaregåande skule, avdelinga Jølster. Dette er naudsynte for å sikre ein berekraftig vidaregåande skulestruktur i Sogn og Fjordane i framtida.

SiS er sluttar seg elles til at strukturelle endringar vert gjennomført skuleåret 2016/17, men at talet elevplassar kan bli endra og justert utan ytterelegare organisatoriske endringar. Vurderingar om samanslåing av skular, slik det blir drøfta i kapittel 5.4 i planen, vil SiS likevel ikkje ha noko meining om. For SiS er dei prinsipielle sidene ved strukturen for dei vidaregåande skulane i regionen viktigare enn moglege mindre organisatoriske samanslåingar. Idrettsfag I modell 7 vil Florø vidaregåande skule tilby idrettsfag. SiS meiner dette er med å sikre eit idrettsfagtilbod også i Sunnfjord. I eit folkehelseperspektiv er det viktig å vektlegge at fleirtalet av elevane på programområde for idrett ved Flora vidaregåande skule er aktive på trenar- og leiarsida i lokalidretten, samstundes som idrettsfag òg er eit val for dei som vil ønskjer å vidareutvikle seg som utøvarar innan ulike idrettar. Studiespesialiserande formgjevingsfag og design og handverksfag Begge tilboda er i dag plassert på Mo og Jølster vidaregåande skule, avdeling Jølster. Faga design og handverk og studiespesialiserande er viktig for at regionen framleis skal kunne behalde kreative fag og skape tilfredsstillande rekrutteringsgrunnlag både for kulturinstitusjonar som Sogn og Fjordane Teater og Sogn og Fjordane Kunstmuseum og for næringslivet i regionen. I ny stortingsmelding om skulen varslar kunnskapsdepartementet endringar i begge tilboda. Dette betyr at det kan bli endringar i organiseringa av utdanningstilbodet. Medie og kommunikasjon Med unnatak av modell 7 er faget medie og kommunikasjon lokalisert som fylkesdekkande tilbod på Firda vidaregåande skule. I modell 7 er også utdanningstilbodet foreslått lagt til Hafstad vidaregåande skule og Sogndal vidaregåande skule. Fleirtalet av elevar i utdanningsprogramment vel eit løp mot generell studiekompetanse og dei ulike modellane vil ikkje få konsekvensar for fagopplæringa. Sjølv om dei fleste av elevane vel vekk å fullføre yrkesutdanninga, er dette eit studie som stimulerer elevane sine kreative evner, noko som vil vere verdifullt uansett kva yrke ein vel å utdanne seg til. Dette er det svært viktig å ivareta også med tanke på at kreative fag òg skapar motivasjon til andre fag. Dei store medieverksemdene ligg i Førde (NRK, Firda, Nynorsk mediesenter, Førde Multimedia, Mediebruket, Fylkesmagasinet, Mediebruket). Saman med kulturinstitusjonar og aktørar, utgjer indre Sunnfjord ein etter måten stor klynge innan informasjonsverksemder i regionen. I ny stortingsmelding blir det varsla om ei omlegging av faget til ein studieførebuande struktur basert på timefordelinga til idrettsfag og musikk, dans og drama. Dette kan føre til eit elevtal på 25-30 elevar pr. gruppe, mot dagens elevtal på 15 elevar pr. gruppe.

Teknikk og industriell produksjon Med bakgrunn i forventa vekst i Fjordbase i Florø og behovet for fagarbeidarar innan teknikk og industriell produksjon, vil det vere behov for ei auke i elevplassane i Sunnfjord. Dette vil bidra til ein betre balanse i elevplassar og tal elevar. Det er stor søknad på desse plassane, og næringslivet i regionen er særs opptekne av at ein har gode og adekvate tilbod her som er tilpassa arbeidsmarknaden. Restaurant- og matfag Med unnatak av Måløy og Øyrane vidaregåande skule, så er søkjartala til dette utdanningsprogramment svært ustabilt. For skuleåret 2013-2014 foreslår fylkesdirektøren å redusere gruppetalet med ei gruppe ved Stryn vidaregåande skule og ei gruppe ved Luster vidaregåande skule. Spørsmålet er om det i dag samla sett er ein overkapasitet på utdanningstilbodet sett i forhold til elevane sine ynskjer. I fylgje rapport frå Sintef er det forventa ein reduksjon i tal sysselsette i Hotell- og restaurantbransjen i Sogn og Fjordane (Skulebruksplanen), men samstundes vert det grunna alder varsla behov for utskifting i forpleiingsyrka i Nordsjøen. Med bakgrunn i dette foreslår SiS at utdanningsprogrammet vert lagt til to skular, Øyrane vidaregåande skule og Måløy vidaregåande skule også med tanke på å skape føreseielege og robuste fagmiljø. Sal, service og tryggleik Historiske tal syner at nær alle som startar VG1 Service og samferdsle i Sunnfjord ønskjer å gå vidare innanfor VG2 Sal Service og tryggleik. Det er i hovudsak òg jenter som søkjer dette tilbodet. I framlegget frå Norconsult ligg dette tilbodet i Nordfjord og Sogn. Vi trur i svært liten grad at elevar i Sunnfjord vil velje VG1 Service og samferdsle i ein struktur som krev at dei må til Eid vgs eller Årdal vgs for å gå det vanlegaste VG2 kurset innan programområdet. Difor bør det eit VG2 kurs i Sal, service og tryggleik inn i tilbodet i Sunnfjord. Samferdsle I samsvar med dei utfordringar og muligheiter nærings- og samfunnsliv i Sunnfjord står overfor, må vi sikre ein best mogeleg breidde i programfaga. Det er avgjerande at denne breidda samsvarer med dei fagbehova vi i dag ser i regionen. Transport og logistikk er ein del av programområde for service og samferdsle. Tilbodet i regionen ligg i dag på Øyrane vidaregåande skule, medan det i Norconsult sitt framlegg er gjort framlegg om å legge det til Florø vidaregåande skule. Med utgangspunkt i næringa sitt samla omfang i regionen og lokalt næringsliv sin eigenart i indre og ytre Sunnfjord, er det m.a. ønskjeleg at eit tilbod om transport og logistikk spissa mot terminalarbeid og logistikk, vert lagt til Flora vidaregåande skule. Medan same faget, retta mot landevegstransport, vert lagt til Øyrane vidaregande skule. Helse- og oppvekstfag

Rapporten frå Sintef (skulebruksplanen) varslar ein auke i behovet for fagarbeidarar i helseog oppvekstfag fram mot 2030. 1. Ei styrking av helse- og oppvekstfag er derfor viktig for Sunnfjord. Anleggsteknikk Anleggsteknikk er eit fylkesdekkande tilbod i Sunnfjord og Sogndal. Det er gode søknad til elevplassane. I samsvar med ønskje frå næringslivet og modell 7 i skulebruksplanen, bør dette tilbodet samlast som eit fylkesdekkande tilbod i Sunnfjord. Håkon Myrvang Mathias Råheim /s/ Olve Grotle /s/ Ordførar Naustdal kommune Ordførar Gaular kommune Ordførar Førde kommune Leiar i SIS Bengt Solheim Olsen /s/ Ordførar Flora kommune Oddmund Klakegg /s/ Ordførar Jølster kommune