Sakshandsamar, innvalstelefon Håvard Rød, 5557 2143 Vår dato 04.06.2013 Dykkar dato 08.05.2013 Vår referanse 2013/6446 331.1 Dykkar referanse Odda kommune Opheimgata 31 5750 Odda ODDA KOMMUNE - BUDSJETT OG ØKONOMIPLAN Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2012. Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60. Etter 15 i forskrifter om årsbudsjettet skal årsbudsjettet, slik det er vedteke av kommunestyret, liggja føre som eige dokument innan 15. januar. Økonomiske oversyn må vera utarbeidd innan 1. mars i budsjettåret. Etter kommunelova 45 tredje punkt skal innstillinga til årsbudsjett ha vore lagt ut til offentleg gjennomsyn i minst 14 dagar før handsaming i kommunestyret. Det er lagt opp til uendra skatteøyre for kommunane frå 2012, 11,6 prosent, også for 2013. Frie inntekter Kommunen har budsjettert med kr. 182,9 mill. i skatt på eige og inntekt for 2013. I dette beløpet er naturressursskatten rekna med. Naturressursskatten er budsjettert til kr. 36,0 mill. I 2012 var det ein samla skatteauke for kommunane i landet på 6,8 %. Det er no rekna med ein skatteauke for kommunane frå 2012 til 2013 med 5,0 %. Kommunen sitt skattenivå i 2012 var 106,9 % av landsgjennomsnittet. I rammeoverføring til kommunane er det symmetrisk inntektsutjamning. Kommunar med skattenivå over landsgjennomsnittet får eit trekk i 2013 tilsvarande 60 % av differansen mellom eige skattenivå og landsgjennomsnittet. Kommunar med skattenivå under landsgjennomsnittet får kompensasjon i 2013 tilsvarande 60 % av differansen mellom landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunar med skattenivå under 90 % av landsgjennomsnittet får også tilleggskompensasjon tilsvarande 35 % av differansen mellom 90 % av landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunen sine frie inntekter består av ordinær skatt og statleg rammeoverføring med fråtrekk for inntektsutjamning. Sum frie inntekter er budsjettert til kr.363,1 mill. I den ordinære skatten er naturressursskatten medrekna. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 25 81 Kommunal- og samfunnsplanavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Inntektsprognosen for 2013 er no oppdatert med endelege innbyggjartal pr. 01.01.2013 og innkomen skatt i 2012. Grunnlaget for inntektsutjamninga vil vere innbyggjartal pr. 01.01. 2013. For innbyggjartilskot og aldersfordelinga i utgiftsutjamninga er grunnlaget innbyggjartal pr. 01.07.2012. Naturressursskatten utgjer ein viktig del av kommunen sine skatteinntekter. Naturressursskatten er relativt stabil og den er budsjettert på eit forsiktig nivå. Det er grunn til å pårekna at dei frie inntektene er budsjettert realistisk. Eigedomsskatt Det er budsjettert med om lag kr. 75,6 mill. i eigedomsskatt for 2013. Innkomen eigedomskatt i 2012 var om lag kr. 62,4 mill. Lågare eigedomsskatt i 2012 skuldast tilbakebetaling av skatt frå kommunen. Budsjettert eigedomsskatt for i år blir vurdert å vere realistisk. Eigedomsskatten for 2013 er sju promille av takstgrunnlaget for verk og bruk i heile kommunen. Kommunen har ikkje eigedomsskatt i område som er utbygd på byvis. Løns- og prisauke Prisindikatoren for kommunesektoren for 2013 er i statsbudsjettet 3,3 %. Denne består av pårekna lønsvekst med 4,0 % (vekt 0,635) og varekjøp med 2,1 % (vekt 0,365 ). Avdrag I økonomireglane er det gitt minimumskrav for storleiken på årlege avdrag. Etter kommunelova 50 sjuande ledd kan attståande løpetid for kommunen si samla gjeldsbyrde ikkje overstiga den vegde levetida for kommunen sine anleggsmidlar ved det siste årsskiftet. Kommunelova set eit minstekrav til totale låneavdrag for kommunen. Ein hovudregel vil vere at årlege låneavdrag som eit minimum må utgjere om lag 3 ½ - 4 % av lånegjelda (når formidlingslån og avdrag på slike lån ikkje er rekna med). Det er budsjettert med kr.17.570.000,- i ordinære avdrag (utanom avdrag på formidlingslån). Dette utgjer om lag 3,5 prosent av kommunen si netto lånegjeld ved siste årsskiftet. Netto lånegjeld er brutto langsiktig gjeld etter fråtrekk for formidlings-/startlån. Det ordinære avdragsnivået i kommunen har tidlegare år lagt høgare, i høve til storleiken på gjelda. Fylkesmannen tilrår kommunen å auka dei ordinære avdraga opp igjen til eit høgare nivå i høve til storleiken på netto lånegjeld. Driftsresultat Kommunelova 46 punkt 6 legg til grunn at det blir budsjettert med eit driftsresultat som minst er tilstrekkeleg til å dekka renter, ordinære avdrag og nødvendige avsetjingar ( inkl. inndekning av underskot ). Paragraf 3 i forskriftene om årsrekneskapen presiserer nærare det driftsrekneskapen og investeringsrekneskapen skal omfatta. Som hovudregel må til dømes ei inntekt og innbetaling som ikkje er ordinær bli ført i investeringsrekneskapen. Frå og med 2010 har det vore endring i korleis kommunane kan disponera momsrefusjon frå investeringar. Det er ein overgangsperiode frå 2010 og fram til 2014. For budsjettåret 2013 skal minimum 80 % av meirverdiavgiftskompensasjonen frå investeringar bli overført til in- 2
vesteringsrekneskapen. Budsjettforskrifta 5 og rekneskapsforskrifta 3 er endra i samsvar med dette. Denne overføringa til investeringsrekneskapen må bli gjennomført sjølv om ein kommune eventuelt har meirforbruk i årsrekneskapen for det same året eller frå tidlegare år. Det er budsjettert med kr.11.475.000,- i driftsfinansiering av investeringar. Budsjettet oppfyller minstekravet om å tilbakeføra 80 prosent av investeringsdelen av momskompensasjonen til investeringar i 2013. Det er tilrådd generelt at kommunane bør ha eit netto driftsoverskot i rekneskapen på minimum 3 % av driftsinntektene. Dette er viktig for å kunne setje av midlar til å møta ei mellombels ubalanse på drifta og til finansiering av investeringar no eller seinare. Netto driftsoverskot i budsjettet er kr. 16,8 mill. Dette er planlagt nytta til driftsfinansiering av investeringar med kr. 11 ½ mill. og netto avsetjing til fond med kr. 5,3 mill. Kommunen hadde eit netto driftsunderskot i rekneskapen for 2012 med om lag kr. 17,6 mill. Etter inntektsføring av bruk av fond er det eit rekneskapsunderskot for 2012 med kr. 1,9 mill. Dette er planlagt dekka inn i år. Driftsunderskotet i 2012 skuldast svikt i høve til budsjetterte kraftinntekter. Netto driftsunderskot i 2012, kr. 17,6 mill., har bidrege til at disposisjonsfondet er blitt vesentleg redusert, frå kr. 18,1 mill. ved utgangen av 2011 til kr. 6,1 mill. ved utgangen av 2012. Fylkesmannen har tidlegare påpeika at kommunen bør opparbeide eit større disposisjonsfond. Dette er enda viktigare no etter at inntektssvikten i 2012 har redusert disposisjonsfondet. Kommunen bør gjennomføra innsparingstiltak som kan frigjere meir driftsmidlar til å bygga opp disposisjonsfondet. For å oppretthalde økonomisk handlefridom over tid, må kommunen opparbeide eit betydeleg større disposisjonsfond - samtidig som lånegjelda blir halden på eit forsvarleg nivå. Det er framlegg om innsparingstiltak for perioden 2013-2016 med til saman kr. 50 mill. Av dette er det lagt opp til innsparing i år med kr. 5 mill. og årleg kr. 15 mill. kvart av åra 2014-2016. Det er viktig at det reelt blir gjennomført innsparing, slik at disposisjonsfondet kan bli bygd opp til eit betydeleg høgare nivå enn no. Investering, lånegjeld og kapitalutgifter I 2013 er det planlagt brutto investeringar for til saman kr. 46,9 mill. Dei største investeringane i år er innan vatn og avlaup. Andre investeringar er bl.a. Nye Skare barnehage og Fjellsikring Eidesåsen. Investeringane er planlagt finansierte med bruk av lånemidlar (kr. 37,0 mill.) og driftsfinansiering. Vi har rekna ordinær langsiktig gjeld pr. 31.12.2011 pr. innbyggjar for kommunane i fylket utanom Bergen til kr. 58.416,-. (kommunekassa - ikkje konsern). I dette talet er ikkje pensjonsforplikting medrekna. Det tilsvarande talet for kommunen er kr. 66.778,-. 3
Det generelle gjeldsnivået for kommunane i landet har auka vesentleg, og nivået må bli vurdert som høgt. Kommunane samla i fylket utanom Bergen har eit gjeldsnivå som ligg i overkant av åtte prosent høgare enn landsgjennomsnittet (utanom Oslo). Kommunen si brutto lånegjeld ved utgangen av 2012 er rekna til om lag kr. 503,7 mill., eller kr. 72.076,- pr. innbyggjar. Kommunen si netto lånegjeld var ved årsskiftet om lag kr. 493,2 mill., eller kr. 70.574,- pr. innbyggjar. Kommunen har eit relativt høgt gjeldsnivå. Det er difor viktig å avgrensa låneopptak til VARinvesteringar og halde låneopptaka låge. Kommunen sine planlagde låneopptak i år, kr. 37,0 mill., vil i hovudsak bli nytta til sjølvfinansierande føremål innan vatn- og avlaupssektoren: Vatn Avlaup Nye Skare barnehage kr. 9,0 mill. kr. 25,0 mill. kr. 3,0 mill. Kr. 37,0 mill. Fylkesmannen tilrår kommunen å avgrensa låneopptak til avgiftsfinansierte VAR-investeringar. Andre investeringar bør bli finansierte utan låneopptak, det vil seie frå netto driftsoverskot og eventuelt med bruk av fond. Oppsummering Fylkesmannen tilrår kommunen å auka dei ordinære avdraga igjen til eit høgare nivå i høve til storleiken på netto lånegjeld. Kommunen har eit høgt inntektsnivå samanlikna med dei fleste andre kommunane. Det høge inntektsnivået er knytt til vasskraft. Kommunen bør ikkje nytta ein så stor del av desse inntektene til driftsføremål som no. Ein større del av inntektene bør nyttast til å bygga opp disposisjonsfondet og til finansiering av framtidige investeringar. Det er nødvendig å gjennomføra innsparingstiltak for å få frigjort driftsmidlar til å bygge opp eit betydeleg større disposisjonsfond - samtidig som kommunen må halde gjeldsnivået på eit forsvarleg nivå over tid. Med helsing Lars Sponheim Rune Fjeld ass. fylkesmann 4
Brevet er godkjent elektronisk og har difor inga underskrift Gjenpart: Indre Hordaland revisjonsdistrikt, Postboks 274, 5702 Voss Hordaland fylkeskommune, Sekretariat for kontrollutval, Postboks 7900, 5020 Bergen 5