Heterogene og tverrfaglege omgrep i akvakultur: eit forsøk på omgrepsstruktur



Like dokumenter
Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Omgrep og omgrepssystem

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Om læring Frontane i diskusjonar omkring læringsforsking. Ingrid Fossøy Fagdag, 19. september 2008 Høgskulen i Sogn og Fjordane

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Til deg som bur i fosterheim år

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.


Samansette tekster og Sjanger og stil

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Informasjon til elevane

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Team Hareid Trygg Heime

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Brukarrettleiing. epolitiker

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Lotteri- og stiftingstilsynet

Terminologi den tradisjonelle tilnærminga. Trondheim Johan Myking

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Psykologisk førstehjelp i skulen

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Med god informasjon i bagasjen

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse

ROS-analyse i kommuneplan

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

P4: Korleis få til fagleg snakk? Idar Mestad, stipendiat Stein Dankert Kolstø, Professor Universitetet i Bergen

Brødsbrytelsen - Nattverden

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Lønnsundersøkinga for 2014

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Styresak. Helga Stautland Onarheim Tilsetteskader og HMS-hendingar. Årsrapport Styresak 14/14 O Styremøte

Ny strategiplan for Høgskulen

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

ÅRSPLAN 2013/2014 FAG: Samfunnsfag TRINN: 10.trinn

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Nytt HFK Intranett

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Tiltaksforum. - Etablerartilskot

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK

ehandel og lokalt næringsliv

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

mmm...med SMAK på timeplanen

Brukarrettleiing E-post lesar

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

DB

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

leggjande elementa i IKT-utviklinga på plass. No står hovudsakleg implementering og tilrettelegging att. Nokon ny revolusjon kan ikkje forventast.

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Geitekontrollen på internet- hva betyr det for meg?

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

De Bonos tenkehattar. Slik arbeider de i Luster Tipset er laget av Ragnhild Sviggum. Til bruk i samtalegruppene og i klassemøtene

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

Årsplan Samfunnsfag Årstrinn: 8. årstrinn Lærer: Vidar Apalset/Ulla Heli

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Transkript:

100 OLE VÅGE SPRÅKRÅDET I NOREG Heterogene og tverrfaglege omgrep i akvakultur: eit forsøk på omgrepsstruktur 1 Introduksjon Utgangspunktet for denne presentasjonen er doktorgradsarbeidet mitt om terminologi i domenet akvakultur. Her ville eg opphavleg gjennomføre ei omgrepsanalyse av domenet og samanlikne omgrep på norsk og spansk. Likevel dukka eit metodologisk og teoretisk problem opp allereie i den innleiande fasen: Omgrepa som blei nytta i tekstar om akvakultur hadde sitt opphav i mange ulike disiplinar. I mange tekstar om akvakultur finn vi omgrep frå ei rekkje ulike fagfelt, som plommesekkyngel` frå biologien, profylakse` frå farmasien, estradiol` frå genetikken, torsjon` frå fysikken, H 2 O` frå kjemien, konsesjon` frå juss, kostnad` frå rekneskapslære, politisk sektor` frå statsvitskap, osv. I og for seg er dette inga overrasking om vi ser nærmare på definisjonen av akvakultur`: Oppdrett av akvatiske organismer i ferksvann og kystområder, som involverer inngrep I dyrkingsprosessen for å øke produksjonen, og der den kultiverte bestanden eies av rettighetshavere (www.fao.org/fi/glossary). Denne definisjonen inneheld på den eine sida omgrep knytte til menneskelege aktivitetar ( opprett`, inngrep`, dyrkingsprosess`, produksjon, rettighetshaver`. På den andre sida finn vi omgrep frå naturen ( organisme`, ferskvann`, kystområde`, bestand`). Med andre ord kan vi lokalisere akvakultur i skjeringspunktet mellom kultur og natur, noko termen akvakultur også indikerer. Det metodologiske problemet melder seg umiddelbart: korleis skal tverrfaglege omgrep med eit heterogent opphav organiserast og strukturerast i eitt og same omgrepssystem eller omgrepsfelt? Vidare impliserer denne observasjonen eit problem av meir teoretisk art. Utgangspunktet for eit terminologisk arbeid er jo eit avgrensa fagfelt, altså subject field (Felber 1994, 1), Fachgebiet

Heterogene og tverrfaglege omgrep i akvakultur: eit forsøk på omgrepsstruktur 101 (DIN 2342, 1986), subject area (Sager 1990, 16), subject field knowledge (Nuopponen 1998, 1), osv. Sjå elles Kristiansen (2007) for ei nærmare utgreiing. Den grunnleggjande ideen er med andre ord at kunnskap vert oppdelt og inndelt i seksjoner, eller disiplinar. I kva grad bryt akvakultur som eit tverrfagleg felt ned dette utgangspunktet? For å ta for meg desse to problemstillingane vil eg først besøke vitskapsfilosofien for å sjå nærmare på korleis tverrfaglegheit vert behandla der. Vi vil hente nokre analytiske verkty derifrå for å hjelpe oss på vegen. 2 Tverrfaglegheit Inndelinga av kunnskap i ulike disiplinar eller fagfelt har kome under sterk kritikk dei siste åra, og ei særskild retning innfor vitskapsfilosofien har problematisert dette (Klein 1990, 1996, 2000, 2004; Moran 2002). Men tverrfaglegheit som fenomen er langt ifrå ein einsarta kategori. Ulike drivkrefter og prosessar står bak møtet og samspelet mellom ulike disiplinar med det resultat at tverrfaglegheit tek ulike former. I litteraturen om tverrfaglegheit er det vanleg å skilje mellom tre hovudkategoriar: multidisiplinaritet, interdisiplinaritet og transdisiplinaritet. Merk her at denne typologien skil seg frå tidlegare terminologiske arbeid om tverrfaglegheit (Dahlgren 1994, Kristiansen 2000). 2.1 Multidisiplinaritet Multidisiplinaritet er den forma for tverrfaglegheit som i minst grad syntetiserer kunnskap frå fleire disiplinar. Vi har med multidisiplinaritet å gjere når fleire ulike disiplinar analyserer eit felles tema utan at det føregår interaksjon mellom desse disiplinane. Med andre ord representerer disiplinane ulike perspektiv på det felles studieobjektet, men grensene mellom disiplinane blir halde ved lag. På denne måten er multidisiplinaritet epistemologisk additiv, men ikkje integrativ (Klein 1990, 56). Eit eksempel kan vere når ulike disipliner som økonomi, psykologi, sosiologi analyserer temaet arbeidsløyse med kvar sine omgrepsapparat, men utan at dei låner omgrep frå kvarandre, og langt mindre for å løyse problemet arbeidsløyse. 2.2. Interdisiplinaritet Interdisiplinaritet er ein tverrfagleg kategori med eit radikalt annleis epistemologisk grunnlag enn multidisiplinaritet. Interdisiplinaritet inneber at kunnskap frå ulike disiplinar møtast for å løyse praktiske problem. I dette samarbeidet blir det danna ny kunnskap som ikkje kan kanaliserast tilbake til dei tradisjonelle disiplinane. Erkjenninga av at verkelegheita ikkje er

102 oppdelt i disiplinære blokkar gjer det nødvendig at ulike disiplinar samarbeider for å ta høgde for naturens kompleksitet. Sidan interdisiplinær kunnskapsproduksjon søker å løyse praktiske og komplekse problem, vil ikkje tradisjonelle kvalitetsparametrar som sann usann vere funksjonelle. Interdisiplinær kunnskapsproduksjon vil heller vurderast opp mot i kor stor grad eit problem blir løyst. Som ein konsekvens snakkar vi dermed ikkje om universelle sanningar, men heller kontekstualisert, praktisk og dynamisk kunnskap. Dette har terminologiske implikasjonar. Interdisiplinært samarbeid medfører at nye omgrep blir skapt utan at desse kan bli kanalisert tilbake til dei tradisjonelle disiplinane. Kanskje oppstår det eit nytt domene med sin eigen autonome omgrepsstruktur. Vidare er desse omgrepa dynamiske, dvs. dei har ein avgrensa livssyklus. Dette kan forklarast med at teknologiske løysingar vert etter kvart erstatta av nyare og meir effektive teknologiske artefaktar. Dette skjer relativt hyppig, og såleis skil denne dynamikken seg frå dei kuhnianske, vitskaplege revolusjonane. Eit anna trekk ved interdisiplinære omgrep er at intensjonane til definisjonane ofte indikerar at vi snakkar om problemløysingar. Med andre ord finn vi karaktertrekk som peikar på formål, hensikt og funksjon i definisjonane til desse artefaktane og prosessane. 2.3 Transdisiplinaritet Til slutt finn vi kategorien transdisiplinaritet, som er ei utviding av interdisiplinaritet. Med andre ord dreier det seg framleis om problemløysing, men dei sosiale, etiske og juridiske dimensjonane blir også inkludert i den komplekse konteksten og ikkje berre den naturvitskaplege-teknologiske. Spørsmål om matvaresikkerheit, forureining, etikk og dyrevelferd er av nyare dato og illustrerer dette utvida nedslagsfeltet. Dei terminologiske implikasjonane her er dei same som i tilfellet interdisiplinaritet, men i tillegg vil også omgrep av sosial, etisk og juridisk art bli integrert i fagfeltet Eg vil no diskutere omgrep i akvakultur i lys av denne typologien. Denne diskusjonen vil munne ut i eit forslag til strukturering av akvakulturens omgrep i eit funksjonelt omgrepssystem. 3 Akvakulturens omgrep Den stadig større kunnskapsproduksjonen i akvakultur har blitt komplimentert med ein rikare litteratur av ulike sjangrar, særleg vitskaplege rapportar og artiklar i tillegg til lærebøker og standardar. Ein gjennomgang av denne litteraturen viser at akvakultur er eit praktisk orientert fagfelt som først og fremst har vakse fram som svar på industrielle produksjonsproblem.

Heterogene og tverrfaglege omgrep i akvakultur: eit forsøk på omgrepsstruktur 103 Ulike produksjonskriser har skapt eit behov for ny kunnskap for å finne nye løysingar på produksjonsproblema. Vi snakkar då først og fremst om problem og deira respektive løysingar innafor teknologi, sjukdom, ernæring, slakting, produktutvikling, forureining, fiskeetikk, organisk produksjon osv. (Våge 2008). For å løyse desse problema bidreg ei rekkje tradisjonelle disiplinar med sin kunnskap. Dette gjeld ikkje berre naturvitskaplege disiplinar som biologi, fysikk, kjemi, medisin, farmakologi og andre teknologiske felt, men også disiplinar som økonomi, rekneskapslære, etikk, juss osv. Når desse disiplinane møtast for å løyse produksjonsproblem, vert den nye kunnskapen kodifisert i nye omgrep. Desse nye omgrepa kan ikkje kanaliserast tilbake til dei tradisjonelle disiplinane og blir dimed eksklusive omgrep tilhøyrande eit nytt domene, akvakultur. Eit sentralt poeng er også at nye og uventa problem dukkar opp, noko som gjer at fagfeltet stadig utvidar seg. For eksempel er omgrep som smerte`, stress` og organisk produksjon` av nyare dato. Vidare har eit eige lovverk gjort det nødvendig med nye, juridiske omgrep, som konsesjon` og lokalitet`. Ny kunnskap komplementarar eller erstattar gammal kunnskap, og vi kan difor observere ein dynamikk der mange omgrep i akvakultur har ein relativt kort livssyklus. For eksempel har omgrep som våtfôr` og ekstensiv oppdrett` erstatta tørrfôr` og intensiv oppdrett` innafor oppdrett av laks. Med andre ord blir akvakultur konstituert som eit heterogent og dynamisk domene basert på problemløysingskunnskap. Mykje tyder difor også på at akvakultur er eit domene med transdisiplinære trekk. Ei utfordring blir såleis å strukturere omgrepa i dette domenet. 4 Forslag til løysing: Nuopponens satelittmodell For å strukturere akvakulturens begrep i ein begrepsstruktur har eg nytta Nuopponens (1998) satelittmodell. Dette er ein modell som er hensiktsmessig å nytte for å få oversikt over eit domene frå eit makroperspektiv. I tilegg byggjer han ikkje berre på ontologiske og logiske omgrepsrelasjonar, men også på pragmatiske/assosiative relasjonar. Dette gjev ein fleksibel modell som har potensiale til å strukturere eit heterogent domene som akvakultur. Grunnlaget for satelittmodellen er ein sentralnode og kringliggjande satelittnodar. Med utgangspunkt i den tidlegare drøftinga kan desse satelittnodane representere dei eksplisitte problema som er utganspunkt for kunnskapsproduksjonen i akvakultur. Vidare kan dei respektive løysingane knytast til desse problemnodane, gjerne i partitive, logiske eller andre relasjonar. Eit forslag til omgrepsstrukturering i akvakultur ser vi i figur 1.

104 Figur 1: Satelittsystem av eit fagfelt med transdisiplinære trekk. Basert på Nuopponen (1998) Dette fleksible forslaget er gjer det stadig muleg å integrere nye problem og løysingar og dermed også nye omgrep i akvakultur. Desse løysingane kan ta form av artefaktar og dermed strukturerast i partitive relasjonar med problemnoden som overomgrep, som for eksempel relasjonen mellom ernæring og tørrfôr, som i figur 2. Det same gjeld også dei andre problemnodane som teknologi, reproduksjon, organisk akvakultur, osv., anten det gjeld artefaktar, prosessar eller andre former for løysingar. 5 Avsluttande kommentarar Terminologien i et fagfelt speglar fagets natur. Dette gjeld også fagfelt med transdisiplinære trekk. Ved hjelp av Nuopponens satelittmodell kan vi strukturere omgrep med eit tilsynelatande kaotisk opphav. Sjølv om omgrepa i akvakultur har ein heterogen utspring, kan vi ta utgangspunkt i eksplisitte problem som satelittnodar i eit omgrepssystem. Vi kan lett leggje til eller ta vekk nodar eller omgrep i takt med fagfeltets dynamikk. Såleis er denne modellen høveleg som utgangspunkt for terminologisk arbeid i akvakultur.

Heterogene og tverrfaglege omgrep i akvakultur: eit forsøk på omgrepsstruktur 105 Figur 2: Satelittsystem av akvakultur. 6 Bibliografi Dahlberg, Ingetraut. 1994. Domain Interaction: Theory and Practice. H. Albrechtsen og S. Oemager [red.]. Knowledge Organization and Quality Management. Proceedings of The Third International ISKO Conference. Frankfurt: Indeks Verlag. DIN. 1986. Begriffe der Terminologielehre. DIN 2342. Berlin, Köln: Beuth. FAO. 2011. Aquaculture Glossary [Internett]. Tilgjengeleg frå <www.fao.org/fi/glossary>. [Lasta ned 23. februar 2011] Felber, Helmut. 1984. Terminology Manual. Paris: UNESCO. Klein, Julie Thompson. 1990. Interdisciplinarity: history, theory and practice. Detroit: Wayne State University Press. Klein, Julie Thompson. 1996. Crossing boundaries: knowledge, disciplinarities and interdisciplinarities. Charlottesville: University Press of Virginia.

106 Klein, Julie Thompson. 2000. A Conceptual Vocabulary of Interdiscipline Science. P. Weingart og N. Stehr (red.). Practising Interdisciplinarity. Toronto: University of Toronto Press. Klein, Julie Thompson. 2004. Prospects of transdisciplinarity. Futures 36, 515-526. Kristiansen, Marita. 2004. The Multi-Disciplinary Nature of the Social Sciences. Investigating Disciplinary Autonomy in Organisational Behaviour by means of Terminological Analysis. Dr. art.-avhandling. Bergen: Universitetet i Bergen. Kristiansen, Marita. 2007. Unravelling concept relation tangles The presentation of interdisciplinary domains in knowledge bases. Paper presentert på konferansen LSP 2007. Hamburg. Moran. Joe. 2002. Interdisciplinarity. London: Routledge. Nuopponen, Anita. 1998. A model for systematic terminological analysis. L. Lindquist, H. Pict og J. Qvistgaard (red.). LSP Identity and Interface Research, Knowledge and Society. København: Copenhagen Business School, 363-372. Sager, Juan. 1990. A practical course in terminology processing. Amsterdam: John Benjamins. Våge, Ole Kristian. 2008. Kryssande grenser og nye kunnskapsfrontar: tverrfaglegheit i akvakultur i SYNAPS (22), 55-68.