OSTERØY KOMMUNE Møteprotokoll for Formannskapet Møtedato: 18.06.2014 Møtestad: Osterøy rådhus -Heradsstyresalen Møtetid: kl. 14:00 kl. 15:00 Møtedeltakarar Parti Rolle Kari Foseid Aakre AP Ordførar Jørgen Martin Sandal SP Medlem Ingemar Tepstad H Medlem Berit Moslett Borge H Medlem Ragnar Tyssebotn FRP Medlem Øyvind Litland AP Varamedlem Fredrik Bakke SP Varamedlem Knut Riple FRP Varamedlem (møtte for R. J. Tyssebotn i sak 057) Forfall meldt frå følgjande medl. Eli Hole Jarle Skeidsvoll, varaordførar Parti AP KRF Følgende fra administrasjonen møtte: Rådmannen og utvalssekretæren Frammøte: 7 medlemmer/varamedlemmer av 7. Saknr Tittel 054/14 Godkjenning av innkalling og sakliste Sakliste
055/14 Godkjenning av møtebok 056/14 Referatsaker og meldingar 057/14 Alternative løysingar for lokale til Familiens hus 058/14 Tariffrevisjonen pr.01.05.2014 - Meklaren sitt forslag til løysing sendast med dette til medlemmene til uravstemming. ( A-rundskriv nr.: 1-214
054/14: Godkjenning av innkalling og sakliste Det var ikkje merknader til innkalling og saksliste. Innkalling og sakliste vert godkjent. 055/14: Godkjenning av møtebok Det var ikkje merknader til utsend møtebok. Møtebok frå 04.06.14 vert godkjend. 056/14: Referatsaker og meldingar AVRØYSTING Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Referatsakene vert tekne til vitande.
057/14: Alternative løysingar for lokale til Familiens hus Ragnar J. Tyssebotn, FRP vart som styremedlem i Osterøy utbygging AS i medhald av fvl. 6, 1. l., bokstav e, pkt. 2 kjend ugild i saka og tok ikkje del i møtet ved utvalet si behandling - Knut Riple, FRP, møtte som vara - 7 medlemmer/varamedlemmer til stades. ----------------------------- Knut Riple, FRP, gjorde slikt framlegg: "Rådmannen i Osterøy kommune får i oppdrag å selja Coopbygget til høgstbydande, slik som tidlegare fleirtal i heradsstyret har bestemt." ------------------------------ Det vart halde pause i drøftingane frå kl. 14.35 - kl. 14.40 med gruppemøte for AP og SP. Øyvind Litland, AP, gjorde slikt framlegg om tillegg i framlegg til vedtak: "Rådmannen må koma attende til formannskapet med utkast til intensjonsavtale. Prosjektet må igangsetjast snarast med ei øvre ramme på kr 30 mill." ------------------------------ AVRØYSTING Alternativ avrøysting Rådmannen sitt framlegg med slikt tillegg som foreslått av Ø. Litland - 4 røyster (2AP,2SP) K. Riple sitt framlegg - 3 røyster (2H,1FRP) «Osterøy formannskap vedtek å selje Coopbygget til Osterøy utbygging AS. Det vert stilt som føresetnad at det skal vere rett til å kjøpe bygget attende. Rådmannen må koma attende til formannskapet med utkast til intensjonsavtale. Prosjektet må igangsetjast snarast med ei øvre ramme på kr 30 mill. Osterøy formannskap bed rådmannen tinge fram leigeavtale med Osterøy Utbygging AS for bruk av lokala til dei tenestene rådmannen finn mest tenleg og økonomisk forsvarleg.»
058/14: Tariffrevisjonen pr.01.05.2014 - Meklaren sitt forslag til løysing sendast med dette til medlemmene til uravstemming. ( A-rundskriv nr.: 1-214 Ordføraren gjorde slikt framlegg: "Osterøy kommune stemmer ja til meklaren sitt forslag til løysing." AVRØYSTING Framlegget vart samrøystes vedteke. "Osterøy kommune stemmer ja til meklaren sitt forslag til løysing." Andre saker/spørsmål Samfunnsdelen til kommuneplanen Rådmannen viste til innspel om meir politisk deltaking i strategiske prosessar og overordna styring. I arbeidet med Samfunnsdelen oppfordrar rådmannen om at formannskapet vel ei arbeidsgruppe som planavdelinga kan ha dialog med undervegs, jfr. tilsvarande arbeidsmåte med Områdeplan Valestrand. ----------------------------------------------- Formannskapet slutta seg til rådmannen sitt forslag og vil koma tilbake til val av medlemmer i arbeidsgruppa etter ferien. ---------------------------------------------- Strategi i h.t. vidare handtering av festeavtalar for eigedomar i kommunen Møtet vart i medhald av kommunelova 31.3 lukka i samband med denne saka. Rådmannen viste til at vilkåra for feste av areal er endra i samband med lovendringar på dette området, og at ein difor bør ta stilling til kva strategi kommunen skal leggja til grunn for desse eigedomane. ------------------------------------------------ Formannskapet slutta seg samrøystes til rådmannen sine vurderingar i saka, og at rådmannen fekk støtte til å gå vidare med saka slik som skissert i møtet. ------------------------------------------------ Til å skriva under møteboka saman med ordføraren vart desse valde: Jørgen Martin Sandal og Berit Moslett Borge.
Lonevåg, 19.06.14 Bente Skjerping utvalssekretær ----------------------------------------- ------------------------------------------ --------------------------------------- Kari Foseid Aakre Jørgen Martin Sandal Berit Moslett Borge ordførar