Protokoll frå styremøte i Telemark Bondelag onsdag 22. april 2009

Like dokumenter
Møtedato Vår dato: Møtetid 10:00 Utvalgssekretær Telemark Bondelag Møtestad Søve, Ulefoss Telefon

Styret godkjenner innkalling og saksliste. Vedtak: Styret godkjenner protokoll frå styremøtet

Møtedato Vår dato: Møtetid 10:00 Utvalgssekretær Telemark Bondelag Møtestad Søve vgs, Ulefoss Telefon

Protokoll frå styremøte i Telemark Bondelag 10. mars 2010

Hvem gjør hva og Årshjulet i Telemark Bondelag

Protokoll frå styremøte i Telemark Bondelag 21. april 2010

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Telefon. Som medlemmer møtte: Kjell A. Sølverød (leiar), Ann Kristin Teksle, Morten Rogn, Lars Vassend, Mathias Kleppen.

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Samnanger kommune Møteprotokoll

Desse møtte: Kjell A. Sølverød (leiar), Olav S. Nordbø, Synne Vahl Rogn, Jon Midtbø, Borghild Hardang-Hanto (TBK), Tove B.B. Hoppestad (1.

Møtedato Vår dato: Møtetid 9:30 Utvalgssekretær Telemark Bondelag Møtestad Landbrukets hus, Gvarv Telefon

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

Protokoll frå styremøte i Telemark Bondelag 20. januar 2010

Fitjar kommune Møteprotokoll

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Telefon. Årsmøteutsendingene møtte også på styremøte (Sivert Moen, Kristine Ek Brattset, Helge Idar Bjerkset, Stein Outzen)

Protokoll styremøte Telemark Bondelag 17. november 2010

Vedtekter for Vestland SV

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

Tone Edland, Tove B. B. Hoppestad (TBK). 2. og 3. vararepresentant var innkalla, men kunne ikkje møte.

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Samnanger kommune Møteprotokoll

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

11/12 Kontrollrapport 2011 vedr. skatteoppkrevjarfunksjonen i Kvinnherad kommune.

Tysnes kommune Møteprotokoll

Utvalg: Kontrollutvalet Møtestad: Kommunestyresalen, Rådhuset i Austevoll Dato: Tidspunkt: 09:30-12:30

ARBEIDSPLAN

Kontrollutvalet Møteprotokoll

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet SAMNANGER KOMMUNE. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.

Før møtestart vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad for kontrollutvalet.

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsrommet Saknr.: 08/12 16/12

Møtedato Vår dato: Møtetid 10:00 Utvalgssekretær Telemark Bondelag Møtestad Landbrukets hus, Gvarv Telefon

Fitjar kommune Møteprotokoll

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Møtedato Vår dato: Møtetid 10:00 til 16:15 Utvalgssekretær Telemark Bondelag Møtestad Landbrukets hus, Gvarv Telefon

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

MØTEPROTOKOLL. Erik Vangsnes leia møtet under sak 50 og 52. Vegard Fosså leia møte etter konstitueringa i sak 52.

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Møterom 2. høgda i rådhuset Saknr.: 01/11 07/11

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Austevoll kommune Møteprotokoll

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Kvinnherad kommune Møteprotokoll

Tysnes kommune Møteprotokoll

Tysnes kommune Møteprotokoll

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Samnanger kommune Møteprotokoll

INNKALLING TIL STYREMØTE nr 3/18 i 4H Hordaland

Samnanger kommune Møteprotokoll

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

SULDAL KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Torsdag 16. februar 2017 blei det halde møte i Suldal kontrollutval under leiing av leiar Vanja Ignjatic. Ingen.

BOKN KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Torsdag 4 september 2014 blei det halde møte i Bokn kontrollutval under leiing av utvalsleiar Daghild G. Alvestad.

MØTEBOK. Møtebok Hovudutval for næring og kultur Hovudutval for næring og kultur. Møtedato Kl. 08:00 08:15

Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne

Tysnes kommune Møteprotokoll

Austevoll kommune Møteprotokoll

MØTEPROTOKOLL VOLDA KOMMUNE HORNINDAL KOMMUNE

Protokoll frå styremøte torsdag 13. november 2008

Møtedato Vår dato: Møtetid 10:00-12:00 Utvalgssekretær Nord-Trøndelag Bondelag Møtested Stjørdal Telefon

26/10 Godkjenning av protokoll frå møte og telefonmøter og

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

Handsaming i Kommunestyret :

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Tysnes kommune Møteprotokoll

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Møterom Folgefonna Saknr.: 38/10 45/10. MØTELEIAR Leiv Guddal (SP)

Årsmøte Telemark Bondelag 2010

Onsdag kl i kommunestyresalen

Fitjar kommune Møteprotokoll

Vedtaksprotokoll styremøte II

Saksnr Emne Ansvarleg Godkjenning av protokoll

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapssalen Saknr.: 01/12 06/12

Tysnes kommune Møteprotokoll

MØTEPROTOKOLL. Forfall Parti Møtande varamedlemmer Parti Anne-Grete Gjerdevik Ap Ingen

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Samnanger kommune Møteprotokoll

Fitjar kommune Møteprotokoll

frå møte i gjetarhundnemnda til Nsg tysdag 6. desember 1994 på lagskontoret i Parkveien 71.

Studenttinget 2016/2017

SVEIO KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Tysdag 23. september 2014 blei det halde møte i Sveio kontrollutval under leiing av utvalsleiar Håkon J. Skimmeland.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 17/11 25/11. MØTELEIAR Toralf Røen(Ap)

Sund kommune Møteprotokoll

Samnanger kommune Møteprotokoll

Samnanger kommune Møteprotokoll

Nye kommunar i Møre og Romsdal

STYREPROTOKOLL. Onsdag 6. april 2016 holdt styret for Haugaland Kontrollutvalgssekretariat IKS styremøte. Møtet blei leia av styreleiar Arne Gjerde.

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Styremøte 5-6. desember Thon Hotel Opera - Oslo

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 003/14 14/122 Faste saker 004/14 13/849 Oppfølging rapport barnevern

VEDTEKTER FOR HARDANGERAKADEMIET FOR FRED, UTVIKLING OG MILJØ

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Sognekraft, Vik Møtedato: Tid: 09:30-13:45. A.

BYGLAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET MØTEBOK

Referat frå styremøte i NJFF - Sogn og Fjordane

VEDTEKTER FOR VESTLAND ARBEIDARPARTI

Transkript:

Telemark Bondelag Protokoll Vår dato Revisjon Vår referanse 2009-04-28 2009/00035/009 Utarbeidd av Arkiv: 022 Amund Johnsrud Til Kopi til Styret m. 1. vara 2. vara og 3. vara Protokoll frå styremøte i Telemark Bondelag onsdag 22. april 2009 Tid: Onsdag 22. april 2009, kl.10.00. Stad: Landbrukets hus, Gvarv Desse møtte: Kjell A. Sølverød (leiar), Tone Edland (frå kl. 12.00, deltok ved sakene 3, 4, 20 pkt. 3, 21 og 23 og Ymse), Olav S. Nordbø (frå kl. 12.00, deltok ved sak 3, 4, 20 pkt. 3, 21 og 23 og Ymse), Synne Vahl Rogn, Jon Midtbø, Borghild Hardang-Hanto (TBK), Tove B.B. Hoppestad (1. vara). Forfall: Saker: Kjell ønskte Borghild Hardang-Hanto velkomen som ny styremedlem og leiar i TBK. Ho presenterte seg sjølv og sin bakgrunn. Dei andre rundt styrebordet presenterte seg også. 01/09 Godkjenning av innkalling og sakliste. Styret godkjenner innkalling og saksliste. 02/09 Godkjenning av protokoll frå førre styremøte Styret godkjenner protokoll frå styremøtet 11.03.2009. 03/09 Referatsaker 1. Aksjonsdag 21. april Bra oppslutning frå lokallaga, 12 lag var engasjert. Stands i Kviteseid, Heddal, Lunde, Holla og på Down Town i Porsgrunn. I Drangedal hadde lokallaget bede med formannskapet i kommunen på besøk i fjøset hos Steinar Straume. Fylkeslaget arrangerte aksjonen i Porsgrunn saman med lokallaga i Grenland. Gikk greitt med planlegging og gjennomføring der, men vi opplevde at det var lite folk å møte i området på det aktuelle tidspunktet. Tysdag er truleg den dårlegast besøkte handledagen på senter som Down Town. Truleg mest folk der i, eller rett etter helga. NB må framover sterkt vurdere andre vekedagar enn tysdag for slike aksjonar. 1

Appellar ved Jan Thorsen, SP, Elisabeth Nilsen, AP og Halvor Ringhus, SV. Vi såg det som riktig å utfordre regjeringspartia spesielt, nå framfor starten på forhandlingane. 2. Samling for rovviltkontaktar i NB 13.03/Tildeling av midlar til førebyggande tiltak Telemark har fått god utteljing ved tildeling av førebyggande midlar i år, m.a. til prosjekt i Vingeråsheii i Vinje, og til Scan-lynx-prosjektet. Kjell deltok på møtet i NB 13. mars. NB har m.a. bede DN trekkje tilbake framlegg til nye og innskjerpa dokumentasjonskrav ved erstatning. Øvrige referatsaker vart utsett pga lite tid i møtet. Styret merka seg dei framlagde referatsakene. 04/09 Orienteringssaker 1. Representantskapsmøte i Telemark Landbruksselskap, 24.04 Kjell og Amund representerer TB på møtet. Viktigaste sak er behandling av vedtektsendringar. TB uttala seg om saka på styremøtet i januar. På møtet vert det også ei orientering om forvaltninga av Bitdalseigedommane. 2. Dyrsku n 2009 2. april var det planleggingsmøte for Bondens møteplass, på Dyrsku -plassen. Referat frå møtet låg ved styrepapira. 2. etg. i Husdyrhallen er nå innreidd mtp. å kunne vere ny arena for BM. Også plass for andre utstillarar m.a. aktuelt for Norges Bondelags stand saman med Gjensidige og Landkreditt 3. Endra restriksjonssoner for Blåtunge Vedlagt sakspapira låg høyringsnotat frå Mattilsynet om endra restriksjonssoner for Blåtunge. Høyringsfrist var 14. april, svært kort frist pga. at den såkalla vektorperioden står for døra (smittefare pga. insekt). Det endelege vedtaket i Mattilsynet følgjer jamt over framlegget som var sendt ut, Forslaget inneber at dei to tidlegare ytre sonene (risiko- og observasjonssoner) vert slått saman til éin og utvida. Heile Telemark vert med i sona. Forslaget bør vere til fordel for Telemark og forenklar dyretransport internt i fylket mtp. flytting til sommarbeite o.l. Forslaget ser ikkje ut til å skape spesielle problem for husdyrprodusentar i vårt fylke, og det er difor ikkje prioritert skrive eiga høyringsfråsegn frå TB, Ifølgje fylkessekretæren har heller ikkje TSG kome med spesielle merknader til forslaget. Dyrsku n har merka seg at det er forbod mot å stille ut storfe, geit og sau. Det vil vere spørsmål om å lage ein disposisjonssøknad. TB bør vurdere å følgje opp den, hvis Dyrsku n har ønske om det. Kjell undersøkjer kva Dyrsku n gjer vidare i saka 4. Endringar i landbrukslovane. Landbruks- og matdepartementet har nå kome med framlegg til endringar i odels-, konsesjons- og jordlov. M.a. er reglar knytt til eigedomsstorleik og definisjonar samordna mellom odels- og konsesjonslov. Forslaget om buplikt på utmarkseigedommar er ikkje tatt opp av departementet. Telemark Bondelag hadde saka til høyring i februar 2008. Notat med oversikt over dei framlagde endringane låg ved styrepapira. 2

Styret merkar seg dei framlagde orienteringssakene. 20/09: Organisering av arbeidet i fylkesstyret 1. Instruks for styrearbeidet i Telemark Bondelag Vedlagt styrepapira låg eit framlegg til instruks for styrearbeidet i fylkeslaget. Som bakgrunn for saka låg også Norges Bondelags instruks for fylkeskontora, samt TBs mandat for arbeidsutvalet. Instruksen for styrearbeidet vart første gang drøfta på styremøte i oktober 2008. Ein var da samd om å utsetje saka, m.a. for å avvente tilsvarande arbeid sentralt i NB. Frå NB kjem nå signal om at ein vil avvente at den nytilsette generalsekretæren er kome i gang, før ein førebur ein slik instruks. Dette vil ta noko tid, og vi ser det difor som riktig å få gjort eit vedtak i saka for TB sin del, for å få instruksen på plass. Så får den heller bli justert på eit seinare tidspunkt. I forhold til forslaget frå i haust, er organisasjonssjefens rolle og ansvar i saksbehandlinga meir konkretisert. Det er også skrive inn ei omtale av rutine for godkjenning av protokoll. Den er i samsvar med dagens praksis. På møtet var styret samde om å endre forslaget slik at Open post vert lagt saman med post Evaluering av møtet. Styret vedtar instruks for styrearbeidet i Telemark Bondelag, med justering gjort i møtet. Framover skal instruksen takast opp med styret på første møte etter fylkesårsmøtet. Vedtatt instruks er lagt ved protokollen (Dokulive 2009/00315/001) 2. Temadebattar/-notat for styret Til saka følgde arbeidsplanen som vart vedtatt på fylkesårsmøtet i mars. Styret ønskjer å følgje opp det som er sagt tidlegare om å ha temadebattar i styret, Det er nærliggande å velje mjølk og mjølkeproduksjon som eit slikt tema nå først. Dette fordi situasjonen for denne produksjonen gjer det nødvendig å ta tak i den nå og ikkje vente, og mjølk er prioritert satsingsområde for tildeling av investeringsmidlane frå IN og Fylkesmannen i 2009. Fylkesmannen skal vidare følgje opp den gjennomførte spørjeundersøkinga blant produsentane nå i 2009. Det er stadfesta i eit møtet Kjell har hatt med Fylkesmannen. Mjølk vert også ein prioritert produksjon ved årets jordbruksforhandlingar. Styret drøfta dette og har ønske om å leggje opp til temadebatt om mjølk på styremøtet i juni. Det er ønskeleg om dette kan skje kombinert med besøk ut til produsentar. Det er aktuelt å leggje dette til Tinn, evt. kombinert med besøk i Heddal på vegen. Tove tilbyr overnatting på si hytte i Skirvedalen. Styret ønskjer å gjennomføre ein temadebatt om mjølkeproduksjon på styremøtet i juni. AU førebur opplegg med gardsbesøk i Tinn og evt. Heddal, Det er aktuelt å starte møtet den 2. juni med overnatting til dagen etter. 3

3. Kontakt med lokallaga Fylkesstyret har tidvis hatt rutine på å fordele kontakten til lokallaga mellom seg. Dei siste åra har dette ikkje gått etter noka fast mønster. Forslaget nå er at ein set dette opp med ei bestemt fordeling for 2009, slik at alle i styret vert involverte i kontakten med lokallaga. Her legg ein opp til at kvart styremedlem skal ha kontakt med andre enn sitt eige lag, får å få meir kjennskap til lagsdrifta i nye område i fylket. Ein legg til grunn at det uansett er ein viss kontakt mellom styremedlemmane og deira eigne lag. Der det er fleire lag i kommunen har same styremedlem fått begge laga, mtp. evt. samordning og felles aktivitetar. Det er også tatt litt hensyn til korleis enkelte nabolag har tradisjon for å samarbeide Kjell Tone Jon Olav Synne Tove Tinn, Saude & Nes, Seljord, Nissedal Lunde & Flåbygd, Holla, Bø, Hjartdal Gjerpen, Solum, Siljan, Fyresdal, Tokke, Vinje, Sannidal & Skåtøy, Drangedal & Tørdal, Heddal, Gransherad Bamble, Eidanger, Kviteseid, Morgedal, Styremedlemmane merkar seg lista med fordeling av kontaktar til lokallaga for 2009. Styret ser det som viktig at det vert gitt nokolunde lik informasjon ut til alle laga, styret må difor vere samkøyrde mtp. tidspunkt for og innhald i dei meldingane som vert sendt ut. Som eit minimum bør alle ha kontakt med sine lag 2 gonger i løpet av arbeidsåret. AU lagar stikkordsmanus framfor desse kontaktrundane. 21/09: Oppnemningar 1. TBK TB sin representant til styret i Telemark Bygdekvinnelag har vore Olav S. Nordbø, med Kjell A. Sølverød som vararepresentant. Olav S. Nordbø vert oppnemnt til styret i TBK 2009/10 med Synne Vahl Rogn som vararepresentant. 2. L-HMS. Representant til fylkesstyret TB har tre representantar i fylkesstyret for L-HMS i Telemark. Neri V. Hestetun, Bø og Ove Kringlegarden, Vinje, vart oppnemnt på styremøte 22. okt. 2008, for perioden 2009 2010, med Jon Midtbø som vararepresentant. Kjell Sølverød er leiar av styret, han var også med i den tidlegare regiongruppa og har vore oppnemnt som ein av TB sine representantar sidan juni 2006. Han er på val nå i 2009, Ein av dei tre representantane for TB bør vere frå fylkesstyret i Bondelaget. Jon Midtbø vert oppnemnt som representant til styret for Landbrukets HMS-teneste i Telemark for perioden 2010-2011. 4

3. Grøntutvalet i TB Val av nytt grøntutval skjedde på årsmøte i utvalet 17. mars. Oppnemninga skal godkjennast av fylkesstyret. Årsmøtet gjennomførde alle vala ved akklamasjon. I 2008-09 har Gunnar H. Li vore styrets representant i utvalet. Her er utdrag frå protokollen frå årsmøtet som viser vala som vart gjort: Valgkomiteen har i 2009 vært sammensatt av Øyvind Barland, Sannidal, Auver Minnesjord, Skien, Anders T. Høibø, Gvarv. Leder i valgkomitéen presenterte innstillingen for årsmøtet. Thomas Timland og Morten Rogn fortsetter som utvalgsmedlem og Per Arne Hoppestad fortsetter som leder for Grøntutvalget. Gunnar H. Li ble valgt som utvalgsmedlem. Valgkomiteens innstilling Leder : Per Arne Hoppestad velges som leder for Grøntutvalget, 1 år, gjenvalg Utvalgsmedlemmer: Morten Rogn, Stathelle, 2 år, gjenvalg Thomas Timland, 2 år, gjenvalg Gunnar H. Li, 2 år, ny Varamedlemmer: Harald Myrene, Bø. 1 år, gjenvalg Roar Meen, Skien, 1 år, gjenvalg Alle blei valgt med akklamasjon Ikke på valg i 2009 : Marit Nordhov, Skien Erik Aarnes, Gvarv Kjetil Nyhus, Gvarv Valgkomiteen Øyvind Barland er på valg, i hans sted foreslås: Ivar Gulseth, Skien 2010 2012. Han blei valgt Tidligere valgt til valgkomiteen Auver Minnesjord, Skien 2008 2010 Anders T. Høibø, Gvarv 2009 2011 Styret i Telemark Bondelag godkjenner val til grøntutval som vart gjort på utvalets årsmøte 17.03. Ved ein feil er leiar av utvalet vald i tillegg til dei ordinære utvalsmedlemmane, slik at utvalet i 2009/10 vert samansett av 7 og ikkje som normalt 6 personar. Det bør takast omsyn til dette ved neste val, slik at samansetjinga av utvalet kjem i samsvar med mandat for utvalet. Pga denne overtalligheiten i utvalet vert det ikkje oppnemnt 5

representant til frå fylkesstyret til utvalet dette arbeidsåret. Organisasjonssjef vil normalt delta på møta i utvalet. 4. Kontakt, rovviltsaker Kjell har sidan 2006 vore rovviltkontakt i fylkesstyret. Det har medført deltaking i kontaktmøte i regi av NB, samt deltaking og kontakt til ulike forvaltingsorgan for rovvilt i fylket og innanfor Region 2 (fylka Buskerud, Vestfold, Telemark og Aust- Agder). Tone Edland vert kontakt for rovviltsaker i fylkesstyret. 22/09: Jordbruksforhandlingane 2009 o Oppsummering etter representantskapsmøtet i TB 26-27/03 Ved styrepapira låg dei fråsegnene som var vedtatt på møtet. Styret drøfta utviklinga i etterkant av møtet, m.a. omkring innfasing av ny marknadsordning, spesielt i lys av Norturas økonomiske situasjon slik den er omtalt i referat frå årsmøtet i Nortura. o Tids- og infoplan Lokallagsbrev datert 25. mars (2009/007/001) låg ved styrepapira, I brevet er det m.a. skissert ein tidsplan for jordbruksforhandlingane. Dei siste åra har det vore telefonmøte med lokallaga undervegs i forhandlingane. Fleire gonger har desse vore skjemma av støy på lina, slik at det har vore vanskeleg for deltakarane å følgje med. Det er òg ganske varierande kor nyttig desse møta er oppfatta. Det kan verke som om lokallaga er mest nøgde med oppdatering på sms og nett, og at det ikkje er så viktig med samla telefonkontakt. Men situasjonen er annleis ved eit mogleg brot, da er det viktig å ha ein felles info-kanal der lokallaga også kan kome med direkte tilbakemeldingar til oss. Styret ønskjer at det vert lagt og sendt ut kjøreplan/saksliste framfor eit evt. telefonmøte, slik at desse vert mest mogleg strukturerte i gjennomføringa. Fylkesstyret vurdere eit telefonmøte for seg, etter at tilbodet lagt fram. Styret merkar seg tidsplanen for jordbruksforhandlingane. Lokallaga vert oppdaterte via sms og e-post/internett. Leiar og organisasjonssjef vurderer behov for telefonmøte med lokallaga undervegs i forhandlingane. Det vert også vurdert å ha telefonmøte med styret når tilbodet er gjort kjent. o Politisk arbeid føre forhandlingane Det er/vil bli tatt kontakt med SV, SP og AP i samband med landsmøta. Venstre har landsmøte 24-26. april og KrF 30. april til 3. mai. Det er aktuelt å gi innspel til deira lokale landsmøteutsendingar, også, om saker i jordbruksforhandlingane. Fram mot, og i løpet av forhandlingsprosessen vil Kjell og Amund vurdere kontakt mot mogleg sentrale personar i regjeringspartia, som har bakgrunn frå Telemark. 6

Vidare er det positivt om landbruket kan få støtteerklæringar frå ulike miljø i dagane framover, slik som kommunar, lokalparti, andre organisasjonar. Styremedlemmane vert oppmoda til å tenkje igjennom om dei har forslag til slike, som vi kan kontakte. I vår kontakt ut, bør TB fokusere på kva som er viktigaste sak i oppgjeret i år, jf. våre prioriteringar i fråsegna til NB om forhandlingane. Blant desse ser vilkåra for mjølkeproduksjonen ut til å bli den mest sentrale. Tilsvarande signal om mjølk kjem nå også frå resten av organisasjonen. Styret drøfta moglegheit for å få fram støtteerklæringar frå folk og miljø utanfor landbruket i løpet av forhandlingsprosessen. Det vert undersøkt vidare om moglegheit til å få representantar frå AP i Grenland til å kome med slik fråsegn. Tove arbeidar vidare med saka. Kva med Finanskomiteen på Stortinget, og Finansdepartementet? Amund undersøkjer her. o Aksjonsførebuingar Ikkje offentleg. Skrive i eigen protokoll. 23/09: Høyring om forslag til nytt prinsipp-program Framlegg til høyringsfråsegn var ettersendt styret på e-post. Det var kome inn eitt skrifteleg innspel frå lokallag, frå Siljan. Det var lagt inn i forslaget framfor styremøtet. På møtet vart det referert synspunkt frå enkelte andre lag som har drøfta saka utan å sende inn noko skrifteleg til fylkeslaget. Organisasjonssjef skriv ut justert forslag til fråsegn etter debatten i styret. Dette vert sendt styremedlemmane pr e-post med kommentarfrist, før innsending til Norges Bondelag. Endeleg fråsegn er lagt ved protokollen (Dokulive 2007/00779/025) 24/09: Landbruk på dagsorden o Tiltak fram mot Stortingsvalet Busstur for stortingskandidatane Styret har drøfta saka tidlegare, på styremøtet den 24. februar. Da sa ein at AU, evt. supplert med andre frå styret, skal arbeide med å førebu tiltak i valkampen. Ulike framlegg vart drøfta, og ein fall ned på å prioritere eit opplegg i form av ein busstur for sentrale stortingskandidatar, der ein besøker gardsbruk, og landbruksrelatert verksemd. Det vart m.a. peika på Dyrsku -plassen som eitt av alternativa. Styret drøfta dette og ser veke 33 eller 34 (10-23. august) som mest aktuelt tidspunkt for å gjennomføre dette turopplegget Her er det nødvendig med avklaring i forhold til andre arrangement, både i regi av partia eller andre. Det er ønskeleg å få ein variert presentasjon av landbruket, men som er mogleg å få til i løpet av ein dag. Eit alternativ kan vere å lage ein tur rundt Lifjell, der ein vitjar gardsbruk med svin/korn, mjølk/sau og frukt, saman med ein stopp på Dyrsku - plassen. 7

Det er viktig å få med media på turen, truleg nødvendig får å få stortingskandidatane til å prioritere opplegget. Frp sin valgcamp i Bø På styremøtet 11. mars kom det fram ein ide om at TB skal markere seg på Framstegspartiets valgcamp i Bø. Den vert arrangert 23-28. juni, og er ei nasjonal stormønstring som FrP gjennomførar som opptakt til sin valkamp. Målet er å skulere og motivere eigne tillitsvalde og medlemmar framfor valkampen. Arrangementet er ei blanding av politisk skulering, underhaldning og familieferie for Frp~arane som deltar. For meir info gå inn på www.valgcamp2009.no/ Styret drøfta om vi kan få til ei markering - eit stunt - som kan gi positiv merksemd til Bondelagets saker og standpunkt mens valgcampen pågår. Ei slik markering bør helst ha ein spissa bodskap og blir best hvis dei som deltar frå Bondelaget tør møte diskusjonane som truleg kjem opp, når vi presenterer oss for Frp sine folk. Er vi klare for det? Kanskje tenleg med eit internt miniseminar om Frp sin landbrukspolitikk før vi gjennomførar markeringa? TB inviterer sentrale stortingskandidatar i Telemark til ein rundtur med buss over éin dag, med eit program som presenterer sider ved landbruket og landbrukstilknytt verksemd i fylket. AU jobbar vidare med saka og trekkjer inn andre frå styret/lokallaga etter behov. Det vert arbeidd vidare med å gjennomføre ei markering under Frp sin valgcamp i Bø 23-28. juni. Ansvar: Jon, Synne og Amund Ymse 1. Kandidat til Askeladdprisen Pris for unge etablerarar, som vert gitt av Norges Bondelag og Landkreditt Frist for å foreslå kandidatar er 11. mai 2. Bygdevis, I møtet kom det opp spørsmål om framdrifta når det gjeld å få bemanning til oppgåvene i Bygdevis. Semje om at det vert tatt kontakt med Norsk Landbruksrådgiving Østafjells, for å avklare om dei er aktuelle for å ta på seg ein slik jobb 3. NBs årsmøte 10-12. juni Dei som er valde som delegatar for Telemark er Tone, Olav og Synne. Nødvendig å får avklart tidspunkt for av- og heimreise til møtet. Amund/Bergit sjekkar opp dette og gir dei tre beskjed. Møtet heva kl 16.20. Ved protokollen Amund Johnsrud 8

Telemark Bondelag Instruks Vår dato Revisjon Vår referanse 2009-03-31 2009/00315/001 Utarbeidet av Arkiv: 150 Amund Johnsrud Til Kopi til Fylkesstyret/-kontoret, Telemark Bondelag Instruks for gjennomføring av styremøta 1. Møtene begynner presis dersom styret er vedtaksført ved fastsatt tidspunkt. 2. Tidsramme kan fastsettes for gjennomføring av styremøtet. 3. Saker vil bli lagt fram av møteleder og kort presentert av saksbehandler i møtet. Sakspapirer sendes fortrinnsvis ut 5-6 dager før møtet pr. post/e-post. Evt. ettersending av saker må det opplyses om på sakslista. Styret må melde saker seinest 10 dager før møtet, dersom de skal bli sendt ut med innkallinga. 4. Sekretariatet forbereder sakene, og normalt med forslag til vedtak. Organisasjonssjef er ansvarlig for de vedtaksforslag som blir presentert for styret. 5. Styremøtet godkjenner saklistas innhold og rekkefølge. Deretter følger godkjenning av protokoll fra siste møte. Protokollen kan bli foreløpig godkjent tidligere ved at det blir satt en merknadsfrist for styremedlemmene. Protokollen blir offentliggjort når den er godkjent uten merknader. Den kan bli offentliggjort med mindre merknader, etter samråd med fylkesleder. 6. For å gi nødvendig plass til behandling av de viktigste sakene, bør disse tas først på møtet. Referat- og orienteringssaker tas vanligvis etter vedtakssakene. Til slutt i møtet vil det normalt være satt opp en Åpen post, der styremedlemmene blant annet kan ta opp aktuelle saker og tema til drøfting rundt bordet. Styret bør sette av tid til ei kort evaluering av møtet, som en del av Åpen post. 7. Saker som er kommet inn etter at saklista er sendt ut, utsettes til neste styremøte dersom saken trenger utredning og dette ikke er mulig pga. tidsfaktoren. Saker til behandling skal som hovedregel være forberedt, og Ymse -posten skal brukes i minst mulig grad. 8. På noen av styremøta ønsker styret å sette av tid til emnediskusjon, disse kan gjennomføres med eller uten vedtak til slutt. Også styremedlemmene kan bli pålagt å forberede slik diskusjon. 9. Terminlista for styrets møter og andre aktuelle tiltak i regi av TB, behandles vanligvis på styremøte i juni og desember, for minst et halvår framover. 10. Det forutsettes at alle utad i media opptrer lojalt i forhold til flertallsavgjørelsene. Mindretallet kan presentere sitt syn som privatpersoner ved eventuell offentliggjøring av sitt standpunkt. Instruks for gjennomføring av styremøta er vedtatt på styremøtet den 22. april 2009. (Sak 20/09-1). 9

Norges Bondelag v/harald Velsand Vår saksbehandler Vår dato Vår referanse 2007/00779/025 Amund Johnsrud 2009-04-27 Arkiv: 031 35 95 90 32 Deres dato Deres referanse Prinsipp-program for NB 2009-2013. Uttalelse fra Telemark Bondelag Forslaget til nytt prinsipprogram blei presentert på regionmøta i januar og på fylkesårsmøtet. Lokallaga har hatt frist til 1. april med å komme med innspill til fylkeslaget. Det er mottatt ett skriftlig innspill, fra Siljan Bondelag. Fylkesstyret behandla saken på sitt møte 22. april, og nedenfor følger våre kommentarer/endringsforslag. Endringer/tillegg til NBs framlegg er skrevet i kursiv. I tillegg har vi utforma egne kommentarer til enkelte av punktene. 2.2.1 Inntekt og sosiale forhold Linje 14 side 6 ( ), er avgjørende for å sikre matproduksjon, rekrutteringen til yrket, og den framtidige produksjonen av fellesgoder, som levedyktige bygdesamfunn, trygg mat/matsikkerhet og et vakkert kulturlandskap. ( ) Kommentar: NB bør konkretisere hva slags fellesgoder vi snakker om. Gjennom mange år har landbruket opplevd at staten henter gevinsten ved rasjonaliseringa i landbruket. NB må arbeide for at gevinsten som oppstår når landbruket øker effektiviteten, blir værende igjen i næringa Et bidrag her vil være å få en større del av inntektsdannelsen i landbruket i form av produksjonsnøytrale tilskudd, slik som driftstilskudd. Vi foreslår derfor følgende lagt til, etter linje 24 side 6: Det bør åpnes for å gi produksjonstilskudd innenfor flere produksjoner enn i dag, og for ulike kombinasjoner av produksjoner. Linje 27 side 6 Det økonomiske virkemiddelsystemet må ( ) -sikre dagens geografiske produksjonsfordeling, minst på fylkesnivå. Kommentar: Nå er det nødvendig å styrke produksjonen i de utsatte fylka som har mista forholdsvis mest de siste åra. Det er ikke tilstrekkelig å bare snakke om fordeling mellom landsdelene. Linje 28 side 6 10

- utformes slik at både heltids- og deltidsbruk sikres Kommentar: Telemark Bondelag ser det som viktig at ulike brukstyper er innenfor virkeområdet for jordbruksavtalen slik det påpekes her. Det vil være feil å avgrense støtta til bare heltidsbruk. 2.2.2 Skatter og avgifter rammevilkår Linje 41 side 6 Skatte- og avgiftspolitikken må brukes aktivt som politisk virkemiddel, både fordelings-, distrikts- og næringspolitisk. Det er særlig viktig å få redusert avgiftsnivået. Linje 7 side 7 Kommentar: Ulike former for fondsavsetninger med skattefordel vil være gode virkemidler for å styrke investeringsevnen på gardsbruka. 2.3 Verdiskaping næringsutvikling Innspill fra Siljan Bondelag Siljan Bondelag savner mer fokus og oppmerksomhet rundt nisjeproduksjon i landbruket. Dette bør understrekes både i kapittel 2.3 og 2.4. 2.3 Maten som produseres via nisjeproduksjoner i Norge er tuftet på nettopp norske forbrukeres etterspørsel, videre så er den kortreist og derved klima og miljømessig riktig. 2.4 Verdiskapning og næringsutvikling på mange bygder kan ivaretas gjennom stimulering til nytenking og nisjeproduksjon. Dette kan innebære satsing på nye dyreslag. 2.5.1 Grunneierrettigheter Linje 22 side 9 Det er viktig å få aksept i lovverket for et utvidet landbruksbegrep som omfatter ulike tilleggssnæringer. Dette er spesielt viktig for utmarksnæringene. 2.5.4 Jordvern Linje 3 side 11 Kommentar: Det er svært viktig for landbruket å bygge allianser i jordvernarbeidet. Videre må det lønne seg bedre enn i dag å få fram alternativ til dyrka mark til å bygge på, f. eks gjennom ei høg omdisponeringsavgift. Vi innser at økonomien i jordbruket aldri kan konkurrere med gevinsten ved salg for nedbygging. Derfor må det til sterke juridiske og økonomiske virkemidler for å hindre nedbygging. Linje 6 side 11 Den nye Plan og bygningsloven må styrkes som verktøy i vern av matjord. Det bør også innføres ei rikspolitisk retningslinje for vern av dyrka jord. 2.6.3 Utdanning, kompetanseheving og forsking Linje 32 side 13 Det bør arbeides for ei samordning og effektivisering av rådgivingstjenesten i landbruket. En bør legge opp til mer kontakt og samarbeid mellom Norges Bondelag og Norsk landbruksrådgiving. Ny linje 33 side 13 Det er også behov for å utvikle rådgivingstjenesten i landbruket, slik at den kan fylle funksjonen som støttespiller, mentor og motivator for enkeltbonden. Rådgivingstjenesten bør i stor grad beholdes som fellestiltak i landbruket, gjerne i regi av Norsk Landbruksrådgiving. NL må få styrka sin økonomi for å kunne ivareta denne funksjonen. 11

3 Kommunikasjon og omdømme Side 14 Mål for kommunikasjonsarbeidet: Nytt kulepunkt: Styrke lokallagas kompetanse og rolle i bondelagets kommunikasjonsarbeid Kommentar: Begrep som for eksempel årsverk og forholdet mellom bondens inntektsmuligheter vs. en arbeidstakers lønn, er vanskelig å forklare på en meningsfull måte ut mot publikum. Det er nødvendig å fornye den måten vi kommuniserer økonomien i landbruket på, ut til omverdenen. 4.1 Aktiv organisasjon Linje 12 side 16 Det må arbeides for å forbedre arbeidsvilkåra for lokallaga, gjerne i et samarbeid med andre, lokale landbruksorganisasjoner. 4.1.4 Opplæring av tillitsvalgte Kommentar: Det bør bli mer felles opplæring av tillitsvalgte i landbruket, på tvers av organisasjonene. Viktig at tillitsvalgte i de ulike organisasjonene er kjente med hverandre og de saker/problemstillinger man står overfor. Med hilsen Kjell A. Sølverød/s Amund Johnsrud 12