Regional bibliotekplan for Rogaland - høyringsutkast til planprogram Høyringsfrist: 1. november 2012
Innleiing I fylkestingssak 73/11 vedtok fylkestinget Regionalplan for museum 2011-2014. I utgangspunktet skulle dette vera ein plan for ABM-feltet (arkiv, bibliotek og museum), men etter ei nærmare vurdering vart det gjort om til ein museumsplan. I museumsplanen vart det vedteke eit tiltak om å lage ein plan for utvikling av biblioteka i fylket. Bakgrunn Dei siste ti åra har fylkesbiblioteket og biblioteksektoren elles gått gjennom store endringar utan at dette har vore forankra i ein regional strategi. I St.meld. 23 (2008-2009): Bibliotek : kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid (Bibliotekmeldinga), blir det lagt vekt på at det kjem til å bli store endringar i korleis biblioteka arbeider frametter, både for seg sjølve og i nettverk med kvarandre. Difor trengst det både regionale og kommunale planar for å få utvikle gode bibliotek for framtida. Organisering av arbeidet Styringsgruppe Ny politisk styringsgruppe blei vald i FU-sak 107/12. Styringsgruppa er sett saman av medlemer i Regional- og kulturutvalet: Helene Barkved, H leiar Inge Håvard Aarskog, FrP Simon Næsse, AP Vara: Peter André Schwarz, H Vara: Wenche Haffnes Andersen, FrP Vara: Bjarne Kvadsheim, SP Prosjektgruppe/administrativ arbeidsgruppe Vidar Lund Stig Beite Løken Hilde Berg Nesse Kate Irene Jellestad Syversen Konsultative medlemer i prosjektgruppa: Representasjon frå Planseksjonen Representasjon frå Opplæringsavdelinga Plantype - planperiode - evaluering - revisjon Plandokumentet bør utarbeidast som ein regional plan etter retningslinjer frå 8 i Plan- og bygningsloven. Planperioden setjast til 2014-17.
Evaluering blir gjort årleg og fyrste gong i byrjinga av 2015 og spørsmålet om revisjon bør reisast seinast ved utgangen av 2017 Ideelt sett skulle bibliotekplanen vore bygd på Regionale Planstrategiar (fylkesplan). Sidan dette arbeidet ikkje er avslutta enno, vil arbeidet delvis skje parallelt, og ein vil arbeida for å samkøyra dette i størst mogeleg grad. Det blir avklara med dei som er ansvarleg for arbeidet med regional planstrategi på kva plannivå desse innspela skal liggje - dvs. visjon, hovudmål, delmål og/eller strategiar. Plangrunnlag Lovpålagde oppgåver Oppgåvene til Rogaland fylkeskommune innan bibliotekfeltet er definerte gjennom lover, politiske vedtak og avtalar med statlege styresmakter, kommunar og institusjonar. Omfanget til oppgåvene blir avklara gjennom skjøn og innarbeidd praksis. Dei viktigaste lovene som regulerer ansvaret til fylkeskommunen innan bibliotekfeltet er: Lov om folkebibliotek (Folkebiblioteklova) Lov om opplæring i grunnskolen og den vidaregåande skolen (Opplæringslova) Lov om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd (Kulturlova). Lov om planlegging og byggesaksbehandling (Plan- og bygningslova) Lov om pengespill m.v. (Pengespellova) (Fylkeskommunen er med heimel i kgl.res. av 3. april 1987 delegert å gjennomføre fordeling av dei spelemidlane som kvart år blir stilt til disposisjon for bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet og lokale og regionale kulturbygg) Andre lover som vil leggja føringar for planarbeidet: Folkehelselova Diskriminerings- og tilgjengelegheitslova Sentrale føringar Gjennom stortingsmeldingar og andre offentlege utgreiingar har dei statlege ambisjonane og forventingane til fylkeskommunane og biblioteksektoren blitt presisert innan ulike meldingar. Dei viktigaste av desse er Kulturpolitikk fram mot 2014 - St.meld. nr. 48 (2002-2003) Kulturell skulesekk for framtida - St.meld. nr. 8 (2007-2008) Nasjonal strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv - St.meld. nr. 24 (2008-09) Bibliotek - St.meld. nr. 23 (2008-2009) Frivillighet for alle - St.meld. nr. 39 (2006-2007) Kultur, inkludering og deltaking - St. meld. nr. 10 (2011-2012)
I tillegg kjem andre statlege meldingar ( tematiske ), planar og rapportar innan det kulturpolitiske feltet, samt årlege løyvings- og forventingsbrev frå staten. Regionale føringar Det er vidare utarbeidd eit sett av plandokument for Rogaland fylkeskommune som i større eller mindre grad legg føringar for arbeidet med regional bibliotekplan. Fleire av desse planane er under revisjon. Fylkesplan for Rogaland 2006-2009 Regionalplan for museum (strategiar inn i regional kulturplan) Les for livet - Strategisk plan for lesing i Rogaland 2005-2009 (Vil inngå i ny kulturplan) Fylkesdelplan for Universell utforming Regionalplan for eit inkluderande samfunn Utviklingsplan for Den Kulturelle Skolesekken (vil inngå i ny kulturplan?) Regional kulturplan Planprogram Plan- og bygningsloven (Pbl) føreset at det blir utarbeidt eit planprogram for alle regionale planar. Dette skjer som ledd i varsling av planoppstart og programmet gjev grunnlaget for arbeidet med sjølve planen. Planlova gjev ikkje nærmare reglar for korleis dette arbeidet skal organiserast. Her står fylkeskommunen fritt, men det er føresetnaden at kommunar, statlege styresmakter, organisasjonar og institusjonar deltek. Det er opp til fylkeskommunen å finne fram til eigna samarbeidsformer. Planprogrammet er eit fleksibelt verktøy for den tidlege fasen av planarbeidet og er utarbeidt etter retningslinjene i Plan- og bygningsloven (Pbl) 4-1. Planprogrammet skal gjera greie for føremålet med planarbeidet planprosessen med fristar og deltakarar opplegget for medverknad, spesielt i høve til grupper som ein reknar med vil ha særlege interesser i planen. kva alternativ som vil bli vurderte behovet for utgreiingar Framlegg til planprogram blir utarbeidt i samarbeid med aktuelle samhandlingsaktørar, kommunar og statlege styresmakter. Framlegg til planprogram blir sendt på høyring og blir ut lagt til offentleg ettersyn med minimum seks veker frist. Ordinært blir det fastsett av den regionale planstyresmakta som etter Plan- og bygningsloven er Fylkestinget. Fylkesutvalet delegerte fullmakt til den politiske styringsgruppa for å leggje framlegg til planprogram ut på høyring.
Føremål Føremålet med å utarbeide ein regional bibliotekplan for Rogaland er å få danna seg eit bilete av kva utfordringar me står overfor i fylket på bibliotekområdet og korleis fylkeskommunen, i samarbeid med forskjellige aktørar og samarbeidspartnarar, skal møte desse utfordringane. Fyrste fase i planprosessen blir å skaffe seg eit bilete av nosituasjonen i fylket på bibliotekområdet og å få identifisert kva utfordringar me står overfor. Målet er å koma fram til ein strategisk plan med forslag til handlingar. Det vil seia at det må leggjast eit grunnlag basert på ein visjon for biblioteksektoren. Ut frå visjonen blir hovudmål og delmål formulert som blir fylgde opp med strategiar; det vil seia kva vegar me skal gå for å nå måla. Planprosessen Ein planprosess bør bestå av fylgjande fasar: 1. Ei situasjonsskildring som endar opp med ei identifisering av utfordringar 2. Utvikling av ein visjon og hovudmål 3. Delmål og strategiar 4. Handlingsdel Situasjonsskildring Planen vil ta utgangspunkt i verksemda og ansvarsområdet til fylkeskommunen. Ein slik plan vil naturlegvis innehalde utfordringar og problemstillingar som vil involvera aktørar og institusjonar utanfor fylkeskommunen. Det vil vera avgjerande for kvaliteten av sluttproduktet, at eksterne aktørar blir trekte aktivt med og blir involvert i planprosessen. Utfordringar Det er ikkje uvanleg å leige inn ekstern fagkompetanse i arbeidet med å koma fram til ei situasjonsforklaring og utfordringar. Alt etter type plan og fagmiljø, så er det ulike måtar å byggje opp eit slikt dokument. SWOT-analyse blir mykje brukt. Statistikk- og indikatorverktøy kan òg vera aktuelle. Slik me ser det så vil det vera vanskeleg å finne eit fagmiljø som aleine kan hjelpe oss til å finne fram til dei utfordringane biblioteksektoren i Rogaland står overfor dei komande åra. På denne bakgrunnen blir det lagt opp til å samle representantar frå alle delar av biblioteksektoren som planen dekkjer til ein felles konferanse, med idédugnad (workshops) for dei ulike felta, for derigjennom å identifisere utfordringar. Det kan vera aktuelt å søkja samarbeid med m.a. miljø på UiS eller HiOA (Høgskolen i Oslo og Akershus) for å identifisera utfordringane me står overfor på bibliotekfeltet. I tillegg vil me be om skriftlege innspel frå viktige aktørar i fylket og biblioteksjefane i kommunane om korleis dei opplever dagens situasjon og kva utfordringar me står overfor på biblioteksektoren dei nærmaste åra.
Resultatet av idédugnaden og hovudpunkta i dei skriftlege tilbakemeldingane vil vera med å danna grunnlaget for den vidare framdrifta. Studietur Val av stad skjer i samarbeid med den politiske styringsgruppa. Me freistar å finna fram til ein region der problemstillingane til ei viss grad kan overførast til tilhøva våre og der språket ikkje er eit vesentleg problem. Det blir ei utfordring å koma fram til eit område/ein region som kan visa til nokre spennande grep, helst på fleire område, som me kan læra av og som kan gje oss inspirasjon til nytenking. Hovudtema i planen Regional bibliotekplan søkjer å dekkja heile bibliotekfeltet der fylkeskommunen har eit ansvar. Sett i lys av at utfordringane innan dei felta som planen skal dekkja er ulike, vil òg planarbeidet variera mellom felta. Regional bibliotekplan vil ha fylgjande tema med fokus på fylkeskommunen si rolle: Utvikling Rådgjeving Nettverk Kompetanse Digital formidling Møtestad Samspel mellom fylkeskommune, stat og andre aktørar på bibliotekfeltet Det vil vera eit sentralt poeng å prioritera kva ein skal satsa på innan dei ulike temaa i planen. Opplegg for medverknad Arbeidssamlingar Me ser for oss tre regionale samlingar med inviterte aktørar til å utarbeida visjon/hovudmål, delmål/strategiar og handlingsdel til planen. Desse overskriftene på samlingane avgrensar dei ikkje til berre å innehalda det overskriftene tilseier. Det vil til dømes vera naturleg at det blir diskutert delmål/strategiar på den fyrste samlinga og handlingar på nr. 2. Mellom samlingane vil det trengst omarbeiding og systematisering av materialet, noko som kan vera ei utfordring. Det er derfor viktig at dei som får ansvar for å notera ned innkomne synspunkt på samlingane er koordinerte og arbeider etter same mal.
Det skal opprettast ein blogg med høve til innspel og tilbakemeldingar. Arbeidet mellom samlingane vil i stor grad måtte gjerast av administrasjonen og av eventuell innleidd fagkompetanse. Fagmiljø som bør trekkjast inn i den totale planprosessen Kva fagmiljø som skal trekkjast inn i planprosessen blir ut avgjort frå dei einskilde hovudtemaa. Ein ser det som naturleg å skilja mellom overgripande og spesifikke tema, og dette vil òg leggja føringar på kva fagmiljø som blir trekte inn og på kva tidspunkt. Intern organisering av planarbeidet Fylkesbiblioteksjefen og dei to andre rådgjevarane på bibliotek vil fordele ulike ansvarsområde mellom seg, og vil ha ansvar for ulike delar av det administrative arbeidet med planen i samarbeid med ABM-leiar. Høyringsutkast På bakgrunn av innspel frå samlingane blir det utarbeidd framlegg til høyringsutkast som blir fram lagt for den politiske styringsgruppa til handsaming og justering. Deretter blir framlegget til regionalplan lagt ut til offentleg ettersyn. I den grad ein finn det rett blir høyringsfråsegnene innarbeidde i planen, så vedtek styringsgruppa framlegget sitt til Regional bibliotekplan som blir sendt vidare til handsaming i fylkeskommunale utval og til endeleg vedtak i Fylkestinget. Tidsplan - framdrift i planprosessen Veke 38: Kunngjering av planoppstart og planprogram Veke 48: Høyringsfrist for planprogram Veke 5: Møte i politisk styringsgruppe med innstilling til planprogram Veke 8 og 9: Vedtak av planprogram i fylkesutvalet og fylkestinget Veke 10-26: Medverknadsprosess med samlingar Veke 31: Utkast til regionalplan på høyring Veke 39: Høyringsfrist på utkast til regionalplan Veke 45: Møte i politisk styringsgruppe med innstilling til regionalplan Veke 48 og 50: Vedtak om regionalplan i fylkesutvalet og fylkestinget Politisk styringsgruppe for regional bibliotekplan Helene Barkved leiar Vidar Lund fylkesbiblioteksjef Dette dokumentet er godkjent elektronisk og har derfor ingen signatur.
Postboks 130, 4001 Stavanger Besøksadr. Arkitekt Eckhoffs gate 1, 4010 Stavanger rogfk.no