Eit ord - ein stein i ei kald elv. Ein stein til eg må ha fleire steinar skal eg koma over. Olav H. Hauge



Like dokumenter
Politisk program for Jølster KrF

Program for Masfjorden Venstre

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Program for. Årdal Venstre

Ulvik Arbeiderparti Program

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Hemsedal KRF Program

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Til veljarane i Tysnes

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Kommunedelplan for oppvekst

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Ny utdanning i Norge! ARBORIST. Fagskulane i Hordaland. avdeling Hjeltnes

Program OSTERØY HØGRE

Tilgangskontroll i arbeidslivet

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Arbeidsprogram

framtida. På lag med Tysvær Venstre

Program for. Sykkylven Venstre

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Kommunevalprogram. Vik Senterparti

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Program for. Seljord Venstre

Meland Senterparti. - eit klokt val. senterpartiet.no/meland. Arbeidsprogram

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Ei samla bygd. Sogndal Arbeidarparti sitt kommuneprogram

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Vågsøy Arbeidarparti Program

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Samnanger. der du vil leva og bu Kommuneplan

Frivilligpolitisk plattform

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

kommunevalprogram for nesset venstre i perioden Venstre setter deg og dine behov i sentrum. Sammen bygger vi Nesset.

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

Ål Venstre. Ål Venstre

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

Kommunen sin rolle i bygde- og næringsutvikling

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum

Os KrF INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug

BRUK AV KONSESJONSKRAFTMIDLAR TIL REGIONAL UTVIKLING - SØKNAD FRÅ ULVIK HERAD OM FORLENGING AV TILSEGN TIL GNIST HARDANGER

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

SOGN driftig raus ekte

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Skule i samarbeid med private gjev leksehjelp slik at leksene delvis vert gjort på skulen

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

Program for Bømlo Venstre

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Miljø, Mangfold, Menneskeleg medverknad. - eit friskt pust. mdg.no/meland

Barnehageplan for Vinje kommune

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.

Sogndal Arbeidarparti. Valprogram

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Program for Hå Venstre 2011.

1. Kommentarar til møtereferat : 2. Prosjektstilling til system for kvalitetssikring

Transkript:

Eit ord - ein stein i ei kald elv. Ein stein til eg må ha fleire steinar skal eg koma over. Olav H. Hauge PROGRAM ULVIK VENSTRE Valbolken 2007-2011

INNHALD Fleire folk til Ulvik... 3 Arbeidsplassar og utvikling... 4 Sosialt ansvar... 5 Miljø... 6 Skule og oppvekst... 7 Venstre er det sosialliberale partiet i Noreg. Politikken vår sameinar personleg fridom med ansvar for fellesskapet og kvarandre. Me legg særleg vekt på fire politiske hovudområde: Skule, småverksemder, sosialt ansvar og miljø. Venstre tek utgangspunkt i kvart menneske. Fridomen gjeld alle uavhengig av sosial status, nasjonalitet, bustad, hudfarge eller legning. Skal fridomen vera reell for alle, må ein og vera fri frå fattigdom, nød og ulikskap. Me ønskjer eit mangfaldig samfunn der tilhøva mellom menneske byggjer på toleranse og respekt. Ulvik Venstre juli 2007 Trykk: Sats: Thomas Hansen

Fleire folk til Ulvik! Den største utfordringa til Ulvik framover, er folketalsutviklinga. Den må me snu. Det viktigaste for å klara det, er å legga tilrette for at me som bur her vert verande. Arbeidsplassar og trivnad er sentrale stikkord. Det er ein trend i tida at fleire og fleire ønskjer seg ein heim nummer to. Å gjera det vakkert og tillokkande mellom anna i sentrum, med lett tilgang til sjøen og båtplassar, vil få fleire til å vurdera Ulvik som tilflyttings- og fritidskommune. Prioritera etablering av Hardanger rehabiliteringssenter AS. Ha nye og sentrumsnære buområde. Prioritera vidareutvikling av Tyssevikje som maritimt miljø. Leggja til rette for nye og tenelege næringsområde. Etablera eit lokalt næringsutviklingsselskap. Bidra til vidareutvikling av landbruket i Ulvik.

Arbeidsplassar og utvikling For å vidareutvikla og leggja til rette for gode arbeidsplassar, må Ulvik vera ein attraktiv plass å bu og arbeide i. Som landbrukskommune har det avgjerande innverknad å oppretthalda drift på flest mogleg gardsbruk. Landbruket må få råmer som sikrar rekruttering. Realisera Hardanger rehabiliteringssenter. Etablera eit lokalt næringsutviklingsselskap. Selskapet skal mellom anna arbeida aktivt for etablering av nye verksemder, rettleiing og støtte til eksisterande verksemder. Setja i gang utviklingsprosessar for landbruket i samarbeid med dei lokale landbruksorganisasjonane. Etablera gode attraktive sentrumsnære buområde, både for einebustadar og mindre bustadar. Etablera fleire sosiale møteplassar i sentrum, både for tilreisande og innbyggjarar i alle aldersgrupper. Sikra god infrastruktur. Vegnettet lokalt og regionalt må utbetrast og då særleg i høve til rassikring. Etablera næringsareal for ulike typar verksemder. Ulvik har i dag lite tilgjengeleg næringsareal for nye etablerarar. Utvikla eit godt samarbeid med grannekommunane, særleg i indre Hardanger, slik at me saman kan skapa ein livskraftig region. Oppretthalda betjent stasjon på Finse for å ivareta lokalsamfunnet og verksemdene på Finse.

SOSIALT ANSVAR Ei god eldreomsorg, ansvar for svake grupper og førebyggjande arbeid, er viktige stikkord for Venstre. Støtta det viktige arbeidet dei frivillige organisasjonane gjer lokalt. Bygda er avhengig av frivillig innsats og heradet må framleis ha eit sterkt engasjement i høve lag og organisasjonar. Ta ansvar for dei som treng ekstra støtte i vanskelege livssituasjonar. Me ynskjer at ein så langt som mogleg skal få hjelp lokalt. At Ulvik skal framstå som ei tilrettelagt bygd med omsyn til universell utforming. Bruka eldrerådet aktivt. Kunnskap og livsrøynsle er viktig for bygda å dra vekslar på. Vera positive til å ta i mot fleire flyktningar om storsamfunnet har trong for det.

MILJØ Miljøansvar er å ta vår del av nasjonale og globale tiltak, og ta vare på lokale miljøverdiar. 15% av Noreg sine klimagassutslepp kan kuttast gjennom lokale tiltak. Miljøpolitikk er politikk for barna og barnebarna våre. Etablera miljøvennleg, utsleppsnøytrale varmeanlegg som kan nyttast både i offentlege og private bygg. Gje støtte til ENØK-tiltak i private bustader. Ta initiativ til å få utarbeida ein tiltaksplan for å minimalisera utslepp av klimagassar, og få til energiøkonomisering. At Ulvik herad vert ein «Fair trade»-kommune (rettvis handel). Kjempa for at ny høgspentline i Hardanger vert lagt i kabel.

SKULE OG OPPVEKST Skulen er ein av våre viktigaste allmenndannande og sosialt utjamnande samfunnsinstitusjonar. Alle skal ha høve til å utnytta eigne evner og skaparkrefter. Skulen har og viktige funksjonar som demokratibyggjar, kunnskaps- og kulturberar. At Brakanes skule skal vera ein fulldelt skule sjølv om elevgrunnlaget dei næraste åra skulle verta noko mindre. Sikra at Brakanes skule har rammer som gjev høg kvalitet på undervisninga i alle fag. Leggja til rette for at kulturskulen kan utvikla større breidde i tilbodet til innbyggjarane i Ulvik. Oppretthalde det lokale biblioteket med minst like høgt tenestenivå som i dag. At Ulvik skal ha tilbod om barnehageplass til ei kvar tid. Arbeida for å sikra at Hjeltnes gartnarskule får dei rammene lokalt som gjer skulen konkurransedyktig i høve skular i meir sentrale strøk. Hjeltnes gartnarskule er ei viktig verksemd i Ulvik og eit kompetansesenter for heile regionen. Leggja til rette for fleire lærlingplassar i Ulvik, både i offentleg og privat sektor. Etablera fleirbrukshall, enten i samband med Hardanger rehabiliteringssenter, eller i nærområdet til Brakanes skule.

ORDFØRARKANDIDAT 1. Mona Hellesnes Eg er 40 år, oppvaksen på Askøy, men har vore busett i Ulvik dei siste 15 åra. Av utdanning har eg 3-årig studie i reiseliv på Høgskolen i Lillehammer, og seinare har eg arbeida med mellom anna bygdeturisme, som lærar i vidaregåande skule, som rettleiar i næringspark for etablerarar, og i breibandsselskap. Eg er i dag tilsett som marknadssjef på Rica Brakanes Hotel. Mi politiske røynsle har eg frå to periodar i Heradsstyret (1995 2003), som gruppeleiar for Venstre. Eg har tru på ei positiv og god framtid for Ulvik, og ynskjer å arbeide for samarbeid og fellesskap både i bygda og med grannane våre. 2. HÅKON GJERDE Eg er 37 år og oppvaksen i Ulvik. Eg er utdanna på Norges Landbrukshøgskule og arbeidar i dag på Hjeltnes gartnarskule som elevinspektør og lærar. Tidligare har eg arbeidd innan kommunal og statleg landbruksforvaltning. Eg har sete ein valperiode i heradsstyret (2003-2007) og ynskjer framleis å vere med å påverke korleis lokalsamfunnet vårt skal formast. Ulvik har mange viktige utfordringar og store prosjekt framføre seg. Eg ynskjer å arbeide for at Ulvik skal vere ei god bygd både for innbyggjarane og tilreisande. 3. TORBJØRG AUSTRUD Eg er 51 år, oppvaksen i Oslo og på Ås, men har budd i Ulvik dei siste 23 åra. Utdanna naturforvaltar frå Norges Landbrukshøgskule. Arbeider i dag hjå Statens vegvesen, region vest, på Voss, men har vore tilsett i Ulvik herad i 18 år. I tillegg driv me fruktdyrking på Hakestad. Eg har ingen politisk erfaring. Fleire folk til Ulvik er den viktigste oppgåva vår den neste valbolken. Her er det viktig at me dreg saman og nyttar ressursane våre best mogleg. Ulvik skal bli eit samfunn bygd på gjensidig toleranse og respekt der alle skal kunna utfalda seg til beste for fellesskapen! 4. kandidat Kyrre Manger, lærar og bonde 5. kandidat Oddmund Jordal, IT-ansvarleg i Sparebanken Hardanger 6. kandidat Theresia A. Gerla, medarbeidar Ulvik bensin og service Bruk røysteretten røyst Venstre Godt val!