HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Utviklingsseksjonen Arkivsak 201103152-3 Arkivnr. 400 Saksh. Torgersen, Matti, Henriksen, Sigun G. Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 31.05.2011 07.06.2011 HELSE2020 - STRATEGI FOR HELSEREGIONEN - HØYRINGSFRÅSEGN SAMANDRAG Helse Vest gjennomførte i 2007 eit større strategiarbeid der dei såg nærare på dei utfordringane og moglegheitene Helse Vest stod ovanfor i eit 2020-perspektiv. Som eit ledd i dette strategiarbeidet vart det også laga handlingsplanar som har vore rullert årleg. Helse Vest har no gjort ein noko grundigare revidering av strategiplanen. Denne er på høyring med frist 1. juni. Helse Vest hadde ei orientering m.a. om dette arbeidet i fylkesutvalet 19. mai. Ved ein inkurie blei det ikkje lagt fram sak til dette møtet, og høyringsfråsegn blir difor handsama i fylkesutvalet under tingsetet. Helse Vest sin visjon er å fremje helse og livskvalitet. Det er sett opp mål under 3 overskrifter: Trygge og nære helsetenester Heilskapleg behandling og effektiv ressursbruk Ein framtidsretta kompetanseorganisasjon Helse2020 gir etter fylkesrådmannen sitt syn eit godt oversyn over viktige utfordringar for helseføretaka i år frametter. Dokumentet er overordna i sin karakter, og gir i første rekkje eit oversyn over viktige tiltak som helseføretaket skal arbeide med i dei kommande åra. Det fokuserer særleg på føretaksinterne forhold innan spesialisthelsetenesta. Fylkesrådmannen vil særleg kommentere det som særleg er knytt til fylkeskommunen sine oppgåver innan folkehelse og innan regional utvikling generelt.
FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Fylkesutvalet meiner Helse2020 gir eit godt oversyn over viktige utfordringar for helseføretaka i år frametter, og har gode strategiar for å møte desse utfordringane. 2. I samband med Samhandlingsreforma er det viktig at kommunane utviklar gode behandlingstilbod, samstundes som fokuset på førebyggjande og helsefremjande arbeid må styrkjast. Både helseføretaka og fylkeskommunen har eit sentralt ansvar for å understøtte kommunane sitt folkehelsearbeid. Det er viktig å utvikle gode samarbeidsformar i dette arbeidet. Fylkesutvalet saknar ein meir tydelig avklaring av Helseføretaka si rolle i folkehelsearbeidet. Vidare har Helseføretaka og Fylkeskommunen eit felles ansvar for å inneha den nødvendig oversyn over befolkningas helsetilstand. Dette er eit samarbeidsområde som bør framhevast i dokumentet. 4. Helseføretaka er viktig for samfunnsutviklinga i sine lokalområde både gjennom å sikre tryggleik for befolkninga og ved å vere sentrale kompetansearbeidsplassar i distrikta. Begge desse forholda er viktige for å sikre busetnad og ei god samfunnsutvikling i heile fylket. Dette perspektivet må vere med i arbeidet med funksjons- og oppgåvefordeling mellom sjukehusa. 5. Fylkesutvalet saknar ein strategi for korleis ein skal sikre tilstrekkeleg med kvalifisert personell spesielt til dei mindre helseføretaka. Det bør samarbeidast med kommunane og relevante utdanningsmiljø om fjernundervisning. 6. Fylkesutvalet har registert at det er ønskje om endringar i lokalsjukehusområda frå fleire kommunar, og vil peike på betydinga av gode prosessar med dei relevante kommunane. Samstundes må det takast omsyn til kva for konsekvensar dette vil få for dei respektive sjukehusa. 7. Fylkesutvalet meiner det er positivt at planen har tiltaksområde som innovasjon og utvikling. Det er særleg viktig at helseføretaka vidareutviklar samarbeidet med lokale bedrifter og næringsliv. 8. Klimaplan for Hordaland har eit tiltak som går på miljøsertifisering av offentleg verksemd, og Helse 2020 sitt tiltaksområde Miljø- og klimasatsing er i tråd med dette. Paul M. Nilsen Jan Per Styve Uprenta vedlegg: Helse2020 - Strategi for helseregionen 2
FYLKESRÅDMANNEN, 23.05.2011: Bakgrunn Helse Vest gjennomførte i 2007 eit større strategiarbeid der dei så nærare på dei utfordringane og moglegheitane Helse Vest stod ovanfor i eit 2020-perspektiv. Som eit ledd i dette strategiarbeidet vart det også laga handlingsplanar som har vore rullert årleg. Helse Vest har no gjort ein noko grundigare revidering av strategiplanen. Denne er på høyring med frist 1. juni. Helse Vest hadde ei orientering m.a. om dette arbeidet i fylkesutvalet 19. mai. Ved ein inkurie blei det ikkje lagt fram sak til dette møtet, og høyringsfråsegn blir difor handsama i fylkesutvalet under tingsetet. Kort om innhaldet i høyringsdokumentet I utgreiinga vart det vist til at den forventa levealderen i Noreg aukar. Samstundes gir den demografiske utviklinga og endringar i sjukdomsbiletet utfordringar i høve til økonomiske ressursar og kyndig personell. Det blir vist til at det er ei utfordring at tenestene og informasjonssystema som skal støtte dei, ikkje er samanhengande. Ein av intensjonane bak samhandlingsreforma er å tilpasse behandlingskjede slik at fleire pasientar får eit godt tilbod innanfor eit vidareutvikla kommunale omsorgsnivå, og at ein i endå større grad sikrar at sjukehuskapasiteten blir brukt for pasientar med behov for avanserte spesialisthelsetenester. Det er eit siktemål å utvikle proaktive løysingar i samarbeid med kommunane. Helse Vest sin visjon er å fremje helse og livskvalitet. Det er sett opp mål under 3 overskrifter: Trygge og nære helsetenester Heilskapleg behandling og effektiv ressursbruk Ein framtidsretta kompetanseorganisasjon Nærare om visjon, mål og verdiar er i kapittel 4 i høyringsutkastet. Når det gjeld førebyggjande arbeid, seier ein primærførebygging (dvs. før sjukdom oppstår), må i hovudsak gå føre seg andre stader enn i spesialisthelsetenesta, men spesialisthelsetenesta må likevel delta, primært som ein viktig kunnskapsbase, en og ved å delta med kompetanse med målretta tiltak i samfunnet elles. Sjukehusa har derimot eit delansvar for sekundær- (når sjukdom/problem oppstår), og tertiærførebygging (etter at sjukdom/problem har oppstått). Helse 2020 har ein tiltaksplan med 35 oppfølgingspunkt. Fylkesrådmannen vil her særleg vise til følgjande punkt som sentrale i høve ein høyringsfråsegn: Praktiske konsekvensar av samhandlingsreforma (tiltak 4) Funksjons- og oppgåvefordeling i regionen (tiltak 10) Sekundær- og tertiærførebyggjande aktivitetar (tiltak 11) Unngå fristbrot og redusere ventetider (tiltak 12) Unngå korridorpasientar (tiltak 13) Revisjon av plan for rusområdet (tiltak 14) Satsing på barn og unge (tiltak 15) Samla plan for kirurgi (tiltak 18) Utarbeiding av regional arealplan (tiltak 24) Forsking (tiltak 32) Innovasjon og utvikling (tiltak 33) Miljø- og klimasatsing (tiltak 35) Eit fullstendig oversyn over tiltaka i kan finnast på side 37 i høyringsdokumentet. Fylkesrådmannen sine kommentarar Helse2020 gir etter fylkesrådmannen sitt syn eit godt oversyn over viktige utfordringar for 3
helseføretaka i år frametter. Dokumentet er overordna i sin karakter, og gir i første rekkje eit oversyn over viktige tiltak som helseføretaket skal arbeide med i dei kommande åra. Høyringsdokumentet fokuserer særleg på føretaksinterne forhold innan spesialisthelsetenesta. Fylkesrådmannen vil særleg kommentere det som særleg er knytt til fylkeskommunen sine oppgåver innan folkehelse og innan regional utvikling generelt. Samhandlingsreforma vil bli ei sentral utfordring både for kommunane og helseføretaka og også for fylkeskommunen dei komande åra. Reforma har som mål både å flytte meir av behandlinga over på kommunehelsetenesta, og å flytte fokus meir på helsefremjande og førebyggjande arbeid i staden for behandling. Reforma vil føre til store utfordringar for kommunane, og krevje at kommunane samarbeider om løysing av oppgåver. Ikkje minst vil dette gjelde i Hordaland, der vi har mange små kommunar med avgrensa mulegheiter for spesialisering. Lokale behov må vere styrande for prioritering av fagleg samhandling mellom kommunane og helseføretaka. Vi ser at fleire av kommunane, særleg gjennom regionråda, er i ferd med å etablere samarbeid. Fylkesrådmannen vil peike på at det er viktig at kommunane utviklar gode behandlingstilbod, men at det også er viktig å ha fokus på førebyggjande og helsefremjande arbeid. Her har både spesialisthelsetenesta og fylkeskommunen eit særleg ansvar for å understøtte kommunane sitt folkehelsearbeid. Det er viktig å utvikle gode samarbeidsformar i dette arbeidet. Fylkeskommunen har saman med Fylkesmannen i Hordaland inngått partnarskapsavtale med Helse-Bergen om å fremja folkehelsa i Hordaland. Avtalen inneber mellom anna samarbeid omkring forankring og fremjing av folkehelse, styrking av kunnskapsgrunnlaget for førebyggjande og helsefremjande arbeid og samordning av folkehelsetiltak og tilbod i eiga organisasjon. Det bør i Helse2020 framhevast at helseføretaka skal inngå i slikt samarbeid. Lærings- og meistringssentra kan saman med kommunane understøtte nokon av kommunane sine primærførebyggjande oppgåvene særleg knytt til livsstilsjukdomar kronsike lidingar. Sjukehusa er viktig for samfunnsutviklinga i sine lokalområde. Dette både ved at befolkninga kan føle tryggleik ved sjukdom og skade. Og ved at dei er viktige som kompetansearbeidsplassar i distrikta. Begge desse forholda er sentrale for å sikre busetnad og ei god samfunnsutvikling i heile fylket. Etter fylkesrådmannen si meining vil det kontinuerleg skje endringar i oppgåvefordelinga mellom sjukehusa som følgje av endringar i sjukdomsbilete og medisinsk-teknisk utvikling. Hordaland har fleire sjukehus med akuttfunksjonar. Det vil heile tida vere naudsynt å vurdere kritisk kva lokalsjukehusa kan tilby av akuttfunksjonar og andre tilbod. Samstundes er det viktig at befolkninga føler tryggleik for at dei får ein forsvarleg behandling i nærleiken av der dei bur. Eit av tiltaka i planen er ein samla plan for kirurgi, og det vil her bli vesentleg å sjå på kva behandlingar som bør sentraliserast, og kva behandlingar som kan desentraliserast. Kompetansearbeidsplassutvalet si innstilling (NOU 2011:3) dokumenterer at veksten i nye arbeidsplassar primært har kome innan kompetansearbeidsplassane, og at denne veksten primært har kome i dei større byane. Utvalet meiner det er behov for ei jamnare geografisk fordeling av slike arbeidsplassar, då det kan gje høgare samfunnsøkonomisk gevinst ved auka ressursutnytting og høgare verdiskaping. Dette gir stabilitet, større mangfald og bredde i lokale arbeidsmarknader. Dei peiker spesielt på behovet for å styrkje dei regionale sentra som sentralt for å få til ein slik utvikling. Spesialisthelsetenesta er heilt sentrale kompetansearbeidsplassar. Spesielt i mindre byar og tettstader er sjukehusa grunnleggjande som hjørnesteinsbedrifter, og er også spesielt viktige som sentrale kvinnearbeidsplassar. Det er viktig at Helse Vest ser den sentrale funksjonen spesialisthelsetenesta har for å ivareta kompetansearbeidsplassar i regionale sentra. Samhandlingsreforma vil kunne føre til at kommunane bygger opp større og meir fagleg attraktive miljø i sine lokalsamfunn. Dette er positivt i høve til å spreie t kompetansearbeidsplassar. Dette perspektivet må vere med i arbeidet med funksjons- og oppgåvefordeling mellom sjukehusa, og ein må ikkje berre sjå på effektiv ressursbruk i helseføretaka. 4
Fylkesrådmannen saknar ein strategi for korleis ein skal sikre tilstrekkeleg med kvalifisert personell til helseføretaka. Dette er særleg ei utfordring for kommunane og for dei mindre sjukehusa. Det er med m.a. eit stort behov for desentralisert utdanningstilbod og fjernundervising for å dekkje opp behovet for kompetanse. Her bør både kommunane og helseføretaka kunne samarbeide om å utvikle tilbod. Fylkesrådmannen registrerer at det er ønskje om endringar i lokalsjukehusområda frå fleire kommunar, særleg i Sunnhordland. Det er viktig med ein god prosess der kommunane sine synspunkt vert høyrde. Samstundes må det takast omsyn til kva for konsekvensar dette vil få for dei respektive sjukehusa. Vi vil ikkje vere tent med at presset på noen sjukehus aukar, mens det vert lågare kapasitetsutnytting ved andre sjukehus. Fylkesrådmannen meiner det er positivt at planen har eit tiltaksområde knytt til innovasjon og utvikling. Det ligg eit stort og dels uutnytta potensiale til innovasjon og næringsutvikling ved spesielt universitetssjukehusa. Det er særleg sentralt å utvikle vidare samarbeidet Helse Bergen har med lokale bedrifter og næringsliv. Vidare er Sarsia- systemet og Bergen Teknologioverføring sentrale aktørar i Bergen. I tiltaksområde 35 vert det vist til at spesialisthelsetenesta har monaleg verknad på det ytre miljø, og at det må setjast inn tiltak som på ein effektiv måte reduserer miljøpåverknaden. Målet er at alle helseføretak skal bli miljøsertifiserte innan 2014. Dette er i tråd med Klimaplan for Hordaland. 5