Øystre Slidre kommune TRAFIKKSIKRINGSPLAN Godkjent i kommunestyret 20.03.03 Tiltaksdel rev A. nov 03 Tiltaksdel rev B. febr.06 Tiltaksdel rev C. mars 06
2 INNHALD INNHALD 2 INNLEIING. 3 KVIFOR KOMMUNAL TRAFIKKSIKRINGSPLAN?.. 3 VISJON OG MÅLSETTING 3 PLANPROSESSEN. 3 DAGENS SITUASJON I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE 4 DESSE VEGANE FINST I ØYSTRE SLIDRE 4 OVERSIKT OVER BARNEHAGAR OG SKULAR 4 GANGAVSTAND FRÅ SKULANE. 4 PRAKTISERING AV FRI SKULESKYSS 5 FRITIDSAKTIVITETAR 5 ULUKKESREGISTRERING. 6 HALDNINGSSKAPANDE TRAFIKKOPPLÆRING. 7 EKSISTERANDE TILTAK 7 TILTAKSDEL. 8 KOSTNADER FOR NOKON AV TILTAKA.. 8 PRIORITERING AV TILTAK 8 VEDLEGG 1 INNSPEL TIL TRAFIKKSIKRINGSPLANA 10
3 INNLEIING Kvifor kommunal trafikksikringsplan? Målet med trafikksikringsplanen er å auke det offentlege sin innsats innan trafikksikringsarbeid, både førebyggjande tiltak og oppfylgjing av fysiske tiltak. Frå 2001 er ei slik plan ein føresetnad for å få statleg stønad til planlegging og gjennomføring av tiltak for å sikre skulevegar for born. Ansvarleg forvaltningsorgan. Etter 20 i Veglova er det staten som er ansvarleg for utgifter til planlegging og eigedomsinngrep, utbetring, vedlikehald og drift av riksvegar, inkl. gang- og sykkelvegar og gateljos langs riksvegar. Fylkeskommunen har tilsvarande ansvar for fylkesvegar, og kommunen for kommunale vegar. VISJON OG MÅLSETTING Visjon: Ingen drepne eller alvorleg skadde trafikantar i Øystre Slidre kommune. Alle skuleungar kan gå trygt til skulen. Auke tryggleik i trafikken for alle trafikantar. Gang- og sykkelveg på strekninga Beitostølen - Nord Aurdal grense. Mål: 1. Prioritere førebyggjande trafikkopplæring ved tverrfagleg samarbeid. 2. Byggje gang- og sykkelvegar langs riks-, fylkes- og kommunale vegar etter prioritert plan. 3. Byggje busslommer der dette manglar. Dette må prioriterast langs riksveg 51. 4. Betre vegstandarden, t.d. utbetre farlege parti og svingar, gjera tiltak for betre sikt. 5. Få minska fart ved å setja ned fartsgrensa på farlege strekningar. 6. Kommunen må prioritere reguleringsplaner i samsvar med prioriterte tiltak. PLANPROSESSEN Før planarbeidet starta, vart dette kunngjort ved annonsering i avisa Valdres. I samband med oppstart av arbeidet med trafikksikringsplana, vart det sendt ut oppmoding om å koma med innspel/forslag til tiltak for å betra tryggleiken langs vegane. Oppmodinga vart sendt til alle skular og barnehagar samt friviljuge lag og foreiningar. Dei fleste forslag til tiltak skriv seg frå desse innspela. Ut frå den interessa som vart vist, er det klårt at både born og foreldre er samde om at tryggleik i trafikken er særs viktig. Dei ulike tiltaka må drøftast nøye slik at ein er viss på at dette vil gje betre og tryggare trafikktilhøve. Trafikksikringsplanen skal vera godt forankra politisk og administrativt slik at den vert eit godt hjelpemiddel i planlegging av framtidig trafikksikringsarbeid.
4 Det vil vera trong for revisjonar av tiltaksdelen i plana, og den rullerast årleg i samsvar med godkjend økonomiplan. DAGENS SITUASJON I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE Desse vegane finn vi i Øystre Slidre: Rv 51 går gjennom heile kommunen Fv 269 V.Slidre gr.- Storefoss m/ arm Røe Velta Fv 270 N.Aurdal gr Melbybråten Fv 284 Rogne Rognli - Moane Fv 285 Melbybråten Eikra Rogne S.lag Fv 287 Heggenes Robølsbygda - Sælid Fv 288 Mørken Beito - Skredbergo Fv 289 Skammestein Røyne V.Slidre gr Kommunale vegar Private vegar Barnehagar og skular: Skule Elevtal vår 2002 Elevtal 1.10.2002 Rogne skule 110 115 Volbu Skule 26 27 Ø.Slidre barne og ungdomskule 170 183 Heggebø skule 20 18 Midtre Hegge skule 38 33 Beito skule 46 45 Barnehagar i Ø.Slidre Rogne barnehage Tingvang barnehage Heggebø barnehage Midtre Hegge barnehage Beito barnehage Gangavstand frå skulane: Opplæringslova frå 1998 7 bestemmer at elevar frå 2.- 10 klasse som bur meir enn fire kilometer frå skulen har rett til gratis skyss. For elevar i 1. klasse er skyssgrensa to kilometer. Skulereforma i 1997 førte til at ungar må ut i trafikken eit år tidlegare, det vil seie at 6- åringar skal gå til skulen.
5 Kartet viser skular med avstandar: Heil strek = 2 km, stipla strek = 4 km Praktisering av fri skuleskyss I Øystre Slidre kommune er det i tillegg til den lovbestemte skyssen innført praksis, etter klagesaker i SU, der born med farleg skuleveg får fri skyss. Etter kommunal vurdering er det avklara at alle 1.klassingar får fri skyss. Midtre Hegge skule: Elevar i 1. 4.klasse med Smådalssvingen som del av skulevegen, skal ha fri skuleskyss. Elevar i 1. og 2.klasse med Jøranlisvingen som del av skulevegen, skal ha fri skuleskyss. Rogne skule: Elevar i 1. og 2.klasse frå nord skal ha fri skuleskyss Fritidsaktivitetar: Dei fleste fritidsaktivitetar går føre seg på skulane, men og ein stor del på idrettsanlegga ved Storefoss og Solhaug.
6 ULUKKESREGISTRERING Statens vegvesen har gjort registreringar av politirapporterte personskadeulukker i Øystre Slidre i perioda 1997 2001. Antall ulukker Antall drepne og skadde Øystre Slidre Antall ulukker 1997 7 1998 7 1999 7 2000 9 2001 10 Sum 40 Kilde: statens vegvesen, Oppland Øystre Slidre Drepne Skadde 1997 0 9 1998 0 10 1999 1 8 2000 1 11 2001 0 12 Sum 2 50 Kilde: statens vegvesen, Oppland Ulukkestyper ANTALL PERSONSKADEULUKKER FORDELT PÅ ULUKKESTYPER 1997-2001 1997 1998 1999 2000 2001 Sum Parallell kjøreretning 1 2 0 0 1 4 Møteulukker 0 1 1 3 2 7 Kjt. m/kryss.kjøreretn 3 1 2 3 2 11 Ulukker med gåande 0 1 2 0 0 3 Utforkøyring 3 2 1 3 4 13 Andre ulukker 0 0 1 0 1 2 Sum 7 7 7 9 10 40 Kilde: statens vegvesen, Opplan Vegar ANTALL PERSONSKADER FORDELT PÅ VEGAR Øystre Slidre 1997 1998 1999 2000 2001 Sum RV 51 4 7 6 7 9 33 FV 269 1 0 0 2 0 3 Andre vegar 2 0 1 0 1 4 Kilde: statens vegvesen, Oppland
7 Vegkategori ANTALL PERSONSKADER FORDELT PÅ VEGKATEGORI 1997-2001 Øystre Slidre 1997 1998 1999 2000 2001 Sum Europavegar 0 0 0 0 0 0 Riksvegar 4 7 6 7 9 33 Fylkesvegar 1 0 0 2 0 3 Kommunale vegar 2 0 0 0 1 3 Private vegar 0 0 1 0 0 1 Uoppgitt 0 0 0 0 0 0 Sum 7 7 7 9 10 Kilde: statens vegvesen, Oppland 40 Øystre Slidre kommune har hatt ein jamn auke i trafikken i samband med utbygging av fritidsbustader i kommunen. Det har vore ein auke i gjennomgangstrafikken over Valdresflya med om lag 10 % siste året og ein kan rekna med trafikkauke som verknad av Lærdalstunnelen. Statistikk frå Statens vegvesen syner at dei fleste ulukkene er i perioden juni september med ein auke frå 1999 til 2001. I løpet av døgnet er det timen frå 16 til 17 som har dei langt fleste ulukkene. For vekedagane er det måndag som har høgast antal ulukker medan laurdag er nest høgast. HALDNINGSSKAPANDE TRAFIKKOPPLÆRING. Dei fleste tiltaka for å betre trafikktryggleiken er oftast av fysisk art. Desse er klårt viktige men det er og særs viktig å påverka haldningar hjå både vaksne og ungar. Haldningsskapande arbeid bør drivast aktivt i heimen, barnehagen og i skulen. Trafikksikring er eit spørsmål om opplæring og haldningar: haldningar til fart, til å sikra seg sjølv med sykkelhjelm/bilbelte, til alkohol og andre rusmidler, til politi og lover, til medtrafikantar og dei konsekvensane som ulukker fører med seg for ein sjølv, familie og samfunn. Dei vaksne må gå føre med gode eksempel slik at ungane får med seg dei rette haldningane heilt frå barneåra og inn i ungdomsåra. Offentlege etatar og frivillige organisasjonar som idrettslag, ungdomslag, hjelpeorganisasjonar m.fl. har stor påverknad på unge og bør vera medspelarar i trafikksikringsarbeidet. Eksisterande tiltak: 1. Barnehagar og skular skal javnleg drive haldningsskapande arbeid og trafikkopplæring. Samarbeid med politi/lensmannskontor er det mogeleg å få til. 2. Rutiner med utdeling av refleksvestar/belter til alle fyrsteklassingar ved skulestart.
8 TILTAKSDEL Rev C, mars.06 KOSTNADSOVERSLAG FOR NOKON AV TILTAKA: Gang og sykkelveg Fartsdemparar Gangbru ved Løken bru Fotgjengerundergangar, Rv 51 Rundkjøring ved Melbybråten Veglys på gangvegar 3,5 4 000 kr / meter 8 10 000 kr / stk 350-400 000 kroner 1,5 2 000 000 kr / undergang 12 15.000 kr / lyspunkt Generelt for gang og sykkelvegar. Ein bør prioritere kortare viktige strekningar ved skulane og kommunen må følgje opp med reguleringsplaner slik at desse kan realiserast raskare. VEDTAK I KOMMUNESTYRET 20.03.03 Når det gjeld tiltak etter riks- og fylkesvegar, har sikring av skulevegen mellom Rogne samvirkelag og Rogne skule høgast prioritet. Dette må gjerast saman med opprusting av Fylkesveg 285, der strekninga frå Rogne samvirkelag til Høvshaugen må takast fyrst. VIDARE PRIORITERING AV TILTAK: A. Riksvegar statleg ansvar 1. Gang- og sykkelveg, Skammestein-Midtre Hegge skule, med utbetring av sikttilhøva i vegkryss mellom Rv 51 og Fv 289 i Skammestein 2. Betre sikttilhøva i krysset mellom Rv 51 og Fv 269 ved Storefoss, med forbikjøringsfelt ved avkjøring frå nord, til Sebu Bensin/Løkjiskogen 3. Utbetring av kryss Rv 51/Vinstervegen (sikttilhøve) 4. Oppretting av Smådalssvingen 5. Veglys ved Rogne skule, og M. Hegge skule 6. Gang- og sykkelveg, Sjukeheimen Heggenes Motell 7. Gang- og sykkelveg, Rogne skule Eriksen saga 8. Gang- og sykkelveg, Moane Skattebukrysset 9. Vurdere nærare behovet for busslommer langs rv 51 gjennom kommunen og utarbeide prioritert liste for desse. Trafikkregulering: 1. Gangfelt ved Rogne S-lag 2. Gangfelt ved Moane 3. Gangfelt ved Solhaug B. Fylkesvegar fylkeskommunalt ansvar 1. Gang- og sykkelveg Storefoss (Løken bru) Volbu 2. Gang- og sykkelveg Beito skule Beito 3. Gang- og sykkelveg Sælid x Rv 51 Heggebø 4. Forlenge strekningen med veglys på fv 270 frå Ygna elv avkjøring Liekren/ Hovi
9 Trafikkregulering: 1. Fartsgrense på fylkesvegar skal generelt reduserast til 60 km/t C. Kommunale vegar kommunalt ansvar 1. Veglys gangveg Høvshaugen Rogne barnehage (prioritert tiltak i 2006) 2. Fartsdemparar kombinert med nedsett fartsgrense til 40 km/t for Beitestølsvegen frå Rv 51 til P-plass ved Menkelie. Reisten av vegen ned til Beito får redusert fartsgrense 60 km/t. 3. Fartsdemparar i kommunale bustadfelt med fartsgrense 30 km/t Generelt: Utvida skuleskyssordning.
10 VEDLEGG 1 INNSPEL TIL TRAFIKKSIKRINGSPLANA. Riksvegar Rv51: Samanhangande sykkelsti frå Beitostølen til Rogne. Oppretting av Smådalssvingen. Gang og sykkelveg frå Mørken til Varpet. Utvide særskilt fartsgrense i Skammestein, 60 km, frå Mørken til Varpet. (avgrensa i tid mellom kl 7 9 og 14-17) Gang og sykkelveg frå Tingvang til Heggenes. (vert byggjestart i 2003?) Gang og sykkelveg frå Moane til Skattebukrysset. Gang og sykkelveg frå Sjukeheimen Heggenes Motell Samanhengande vegbelysning frå Sebu til Skattebukrysset. Gangfelt ved busslommene ved Moane og Skattebukrysset. Gangfelt ved busslomme Beitostølen Camping. (vert bygd i år) Gang og sykkelveg frå Rogne skule til Rogne kyrkje Veglys ved Rogne skule Særskilt fartsgrense,60 km, forbi Rogne skule (kom i år) Flytte utkjøring nord for Rogne skule til avkjøring mot Tunstad Gang og sykkelveg frå Kollstad til Moane Gangfelt ved Solhaug Gangfelt ved Rogne S-lag Undergang nord for Solhaug Undergang ved Furustrand Utbetre vegen frå Heggenes og nordover Fylkesvegar Fv269: Gang og sykkelveg frå Løken bru til Volbu skule. Vegbelysning frå Løken bru til Volbu skule. Gangbru ved sida av Løken bru Gangfelt ved torget i Volbu Utbetre krysset ved Torget i Volbu Fv270: Veglys frå Ygna bru til kryss mot Liekren Fv284: Gang og sykkelveg frå Rv51 (avkøyring Moane) til Onstadlia. Fv285: Utbetre vegen frå Rogne S-lag mot Skiferbruddet. Stenge vegen frå Rogne s-lag mot Skiferbruddet for gjennomkjøring. (Må sjåast i samanhang med rundkjøring ved Melbybråten og utbetring av Kolstadsvingen ) Særskilt fartsgrense, 50 km, ved Høvshaugen bustadfelt Fv285: Utbetre Kolstadsvingen til trailerstandard Fv288: Særskilt fartsgrense, 50 km, ved Beito skule Fv270/285 (kryss Melbybråten): Bygge om krysset til rundkjøring Kommunale vegar Utbetre krysset ved Torget i Volbu. Utbetre svingen nederst i Eikregoto i Volbu Fartsdemparar i Tingvangfeltet Stenge kommunal veg for gjennomkjøring nord for oppkjøring til Krøsshaugen. (Må sjåast i samanhang med rundkjøring ved Melbybråten. Ein kan med det få tryggare skuleveg for ungane frå Krøsshaugen og lenger sørover) Andre vegar Veglys langs gang og sykkelveg frå Høvshaugen til Rogne barnehage. Stenge gamle stølsvegen for bilar frå Milobakken til ned for S. Ringåne Andre tiltak Fleire fartskontrollar Forsterke skuleskyssordning (særskilt M. Hegge skule).